Udir går vidare med forslag til friare skuleval

Regjeringa bestemde i fjor at det skal bli friare skuleval i heile landet. Fylkeskommunen skal kunne velje mellom fritt skuleval i heile fylket eller innanfor ulike inntaksområde. Utdanningsdirektoratet har vurdert ulike kriterium for inntaksområda, og no har Kunnskapsdepartementet landa på to forslag som Udir skal gå vidare med.

– Elevar skal ha større moglegheit til å velje kva vidaregåande skule dei skal starte på enn det mange har i dag, samstundes som ein ivaretek omsyn til reisevegen for elevane og eit visst handlingsrom for fylkeskommunane, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Departementet har no sendt brev med dei to forslaga Udir skal jobbe vidare med.

Det eine forslaget går ut på å sette krav til eit visst tall skuler med studiespesialiserande innanfor kvart inntaksområde, det andre på å sette ei øvre grense for kor mange inntaksområde fylkeskommunane kan ha.

Udir skal levere si endelege tilråding 15. mai.