Uendra mandat

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

-Fram til ein nasjonal helse- og sjukehusplan er iverksett, er det viktig for meg å understreke at det ikkje er endringar i mandatet til dei regionale helseføretaka. Dei har regjeringa sin fulle tillit. Det sa helse- og omsorgsminister Bent Høie då han tysdag 22.10. møtte styreleiarar og administrerande direktørar ved dei fire regionale helseføretaka.

-Fram til ein nasjonal helse- og sjukehusplan er iverksett, er det viktig for meg å understreke at det ikkje er endringar i mandatet til dei regionale helseføretaka. Dei har regjeringa sin fulle tillit. Det sa helse- og omsorgsminister Bent Høie då han tysdag 22.10. møtte styreleiarar og administrerande direktørar ved dei fire regionale helseføretaka.

Føremålet med møtet var å diskutere regjeringa sine politiske mål for sektoren og dei regionale helseføretaka si rolle fram til ein ny nasjonal helse- og sjukehusplan er vedteken og sett i verk. Det var første gong Høie møtte leiinga ved føretaka etter at han vart statsråd.

- Dette var eit godt møte. Det er viktig for meg å møte leiinga i helseføretaka og diskutere hovudlinene framover og det faktiske innhaldet i plattforma. Som eigar er eg spesielt oppteken av to forhold; at helseregionane opprettheld styringsevna og at vi tryggjer forholda for dei dyktige tilsette i det viktige arbeidet dei gjer, sa Høie.

I dag har dei regionale helseføretaka ei sentral koordinerings- og styringsrolle mellom det nasjonale politiske nivået og sjukehusa. Regjeringa ønskjer å leggje ned dei regionale helseføretaka og innføre ein nasjonal helse- og sjukehusplan. Denne prosessen må vere grundig og vil ta tid, sa statsråden.

-Regjeringa vil ta initiativ til å sjå på framtidig organisering og styring av spesialisthelsetenesta, men dette vil ligge fram i tid. Vi skal ha ein brei prosess og arbeide grundig med nasjonal helse- og sjukehusplan, sa Høie.

Regjeringsplattforma inneheld fleire satsingar på spesialisthelsetenesteområdet som krev stor grad av styringskraft for å gjennomføre. Dette krev tydelege roller og ansvar.  Inntil den nasjonale helse- og sjukehusplanen er iverksett, skal dei regionale helseføretaka ha det same ansvaret som dei har hatt til nå for å implementere regjeringa sin politikk i spesialisthelsetenesta, og til å drive aktiv oppfølging og kontroll med at vilkåra for løyvingane vert overhaldne.