Historisk arkiv

Ufortent applaus?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Østlandets Blad - 22. januar 2015

Etter regjeringsskiftet har budsjettet til Jernbaneverket auka med om lag 50 prosent. Ein del representantar frå Arbeidarpartiet misliker så gode tal frå regjeringa, og vil helst gi æra til den førre regjeringa.

Det er eit teikn på at budsjettet er godt når opposisjonen prøver å ta æra for det, men argumenta som Arvid Herland frå Ap kjem med i Østlandets Blad 13. januar blir overflatiske. La meg klargjere nokre openberre misforståingar.

Regjeringa har dobla talet på avgangar på Sørlandsbanen, forlengt rutetilbodet på Trønderbanen, og skal auke kapasiteten på Saltenpendelen. Herland lèt som om dette var vedteke av den raudgrøne regjeringa. Det er feil. Desse tiltaka kjem mange jobbpendlarar til gode, og kom i tillegg til dei planlagde ruteendringane under dei raudgrøne. Tilsvarande vedtok stortingsfleirtalet i budsjettet for 2015 å kjøpe inn dobbelt så mange nye togsett samanlika med kor mange dei raudgrøne planla. Mange av desse togsetta skal til Austlandet. Herland har rett i at nokre av endringane i rutetabellen har vore planlagt ei stund, men mykje skjer som følgje av ekstra løyvingar frå H/Frp-regjeringa.

I tillegg lèt Herland som om regjeringa ikkje vil ha meir gods over på jernbanen. Det er òg feil. Eit slik mål har mange regjeringar delt. Likevel har konkurranseevna til jernbanen på godssida falle, mellom anna på grunn av stadig aukande vedlikehaldsetterslep. Det klarte ikkje Ap å endre på. Stortingsfleirtalet i dag satsar derimot kraftig på vedlikehald. Å styrkje dette for å sikre ein driftssikker jernbane er det tiltaket som godstransportørane er mest opptekne av. I 2015 blir det eit ekstraordinært kraftig løft for vedlikehald. Saman med Krf og Venstre har regjeringa sikra at vedlikehaldsetterslepet på jernbanen blir redusert for fyrste gong på tiår. I 2013 løyvde den raudgrøne regjeringa 0,9 milliardar kroner til fornying av jernbanen. I 2015 syt H, FrP, V og KrF for 2,3 milliardar kroner til dette føremålet. Under dei raudgrøne auka vedlikehaldsetterslepet på jernbanen med om lag 1 milliard kroner kvart einaste år.

Eg er samd med Herland i at ny infrastruktur blir bygd for stykkevis og delt. Nett difor arbeider regjeringa med ei jernbanereform og ei vegreform, der vi skal bøte på dette. Men det er verdt å merke seg at partiet til Herland stoppa slike reformer i dei åtte åra dei raudgrøne styrte.

Herland nøyer seg i innlegget sitt med å gi H/Frp-regjeringa sparsam applaus. Eg merker meg derimot at næringslivet og dei fleste pendlarane helser forbetringane velkomne.