Historisk arkiv

Unnatak for lasteskip frå reglane om lokal forureining i verdsarvfjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Sjøfartsdirektoratet vil foreslå unnatak frå utsleppskrava til NOx for lasteskip fram til 2030 i verdsarvfjordane.

- Vi er kjent med at det er utfordrande for lasteskip å oppfylle krava. Samtidig står desse skipa for ein veldig liten del av utsleppa. Vi vil derfor at lasteskip skal få litt lengre tid på omstillinga, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Noreg har eit særleg ansvar for å forvalte verdsarvfjordane. Økt cruiseturisme i verdsarvfjordane  har også ført til økt lokal forureining. Regjeringa innførte derfor i 2019 skjerpa krav til lokale utslepp frå større skip i verdsarvfjordane. Utsleppskrava til NOx skal fases trinnvis inn fram mot 2025, og gjeld for alle skip over 1000 bruttotonn i verdsarvfjorden. 

Hensikta med krava er å minske belastninga av utslepp i verdsarvfjorden på liv og helse. Ein rapport frå Sjøfartsdirektoratet viser at lasteskip står for ein svært avgrensa del av forureininga i verdsarvfjordane. Samtidig kan alternative løysingar, ved for eksempel landtransport, føre til økte utslepp. Det er få lasteskip som opererer i verdsarvfjordane, og omstillinga for å møte NOx-krava vil ta lenger tid for dette skipssegmentet. 

På bakgrunn av dette har Klima- og miljødepartementet sendt eit oppdrag til Sjøfartsdirektoratet om å foreslå ei forskriftsendring som gjer unntak frå utsleppskrava til NOx for lasteskip i verdsarvfjordane fram til 2030. Ei slik endring vil føre til at lasteskipssegmentet får betre tid til omstilling, men at også lasteskip i verdsarvfjordane må oppfylle dei strengaste NOx-krava i 2030.