Utdrag frå olje- og energiminister Marte Mjøs Persens kalender for veke 45

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 8. november
Kl. 11.00: Olje- og energiministeren møter ConocoPhillips og partnerane Vår Energi, PGNIG og Total for å ta imot plan for utbygging og drift (PUD) av Tommeliten A i Nordsjøen. Det er mogleg å fotografere i møtet og deltakarane er tilgjengelege for kommentarar. Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet, i Akersgata 59.

Presse som ønskjer å dekke møtet kan melde seg på til kommunikasjonsrådgivar Peder Qvale, telefon 97 04 77 45, e-post pq@oed.dep.no.

Tysdag 9. november
Kl: 20.00: Olje- og energiministeren deltek på middag på Slottet i samband med at Nederlands kongepar er på statsbesøk til Noreg.

Onsdag 10. november
Kl. 12:30: Olje- og energiministeren deltek i den ordinære spørjetimen i Stortinget.

Kl. 19.15: Olje- og energiministeren deltek på konsert og mottaking på Munch-museet, i samband med statsbesøket frå Nederland.

Torsdag 11. november
Olje- og energiministeren er i Trondheim.

Kl. 10.00 besøkjer statsråden Equinor, der ho blant anna får ei orientering arbeidet med hydrogen og offshore flytande vind. Adresse: Arkitekt Ebbelsvei 10, Rotvoll. 

Om ettermiddagen er olje- og energiministeren til stades på det nederlandske kongeparets besøk til Trondheim. Ho deltek på lunsj i Stiftsgården, energiseminar på NTNU og konsert i Nidarosdomen.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.

Fredag 12. november
Olje- og energiministeren er på Fosen, der ho skal møte dei to driftsgruppene i Fosen reinbeitedistrikt og besøkje vindkraftparkane på Storheia og Roan. Me kjem tilbake til eit detaljert program for besøket.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.