Vebjørn Rodal oppnemnd til nytt styremedlem i stiftinga Antidoping Norge

Kulturdepartementet har oppnemnt Vebjørn Rodal til nytt styremedlem i stiftinga Antidoping Norge. Rodal etterfølgjer professor Inggard Lereim som trer ut av styret etter åtte år.

- Vebjørn Rodal har ein unik idrettsbakgrunn mellom anna som gullmedaljevinnar på 800-meter i OL i 1996. Hans engasjement for ein rein idrett nasjonalt og internasjonalt vil vere ein styrke for arbeidet i Antidoping Norge, seier kulturminister Widvey.

Med denne oppnemninga er dette styret i Antidoping Norge:

Valgerd Svarstad Haugland, styreleiar
Randi Gustad
Knut-Marius Sture
Vibecke Sørensen
Bjørn Christensen
Vebjørn Rodal