Statsministerens program veke 49

Denne veka vil statsminister Erna Solberg, saman med klima- og miljøminister Tine Sundtoft og utanriksminister Børge Brende, representere den norske regjeringa under klimaforhandlingane i Paris.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Søndag 29. november – måndag 30. desember
Statsminister Erna Solberg vil, saman med klima- og miljøminister Tine Sundtoft og utanriksminister Børge Brende, representere den norske regjeringa under klimaforhandlingane i Paris.

Måndag 30. november skal statsminister Solberg delta på den offisielle opninga av forhandlingane. Frankrikes president François Hollande er vertskap. Under opninga vil statsministeren halde Noreg sitt hovudinnlegg under partsmøtet (COP21).

Same dag skal Solberg møte statsleiarar frå andre land som er viktige i det internasjonale skogsamarbeidet, mellom anna Brasil, Colombia, Storbritannia og Tyskland. Ho skal òg delta på lanseringa av ei kunngjering frå ei gruppe land som arbeider for reform av subsidier til fossile drivstoff ("Friends of Fosil Fuels Subsidy Reform").

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft vil vere til stades 30. november og 1. desember, samt frå 4. desember til forhandlingane er ferdige. Utanriksminister Børge Brende vil vere til stades i perioden 4. til 7. desember. Meir informasjon om programmet til dei to statsrådane kjem seinare.

Pressekontakt for statsministeren: Trude Måseide, telefon 957 26 510.
Pressekontakt for klima- og miljøministeren: Erik Aasheim, telefon 402 24 747.
Pressekontakt for utanriksministeren: Veslemøy Lothe Salvesen, telefon 99 56 85 84.

Fredag 4. desember
Kl. 15.45: Statsministeren deltek på LOs dialogkonferanse. Stad: Oslo Kongresssenter, Youngstorget.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Tysdag 8. og onsdag 9. desember
Statsminister Erna Solberg besøkjer Haag og Rotterdam, i samband med at Nederland tek over EU-formannskapen frå nyttår. Statsministeren skal ha politiske samtalar med både statsministeren og finansministeren. Det er også lagt opp til besøk til Europol, Den internasjonale straffedomstolen (ICC) og Organisasjonen for forbud mot kjemiske våpen (OPCW). I tillegg besøkjer statsministeren Rotterdam havn, der ho møter norsk næringsliv i Nederland.

Presse må akkreditera seg til smkinfo@smk.dep.no innan torsdag 3. desember.

For meir detaljar om programmet kan kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland kontaktast, telefon 930 51 458.

Torsdag 17. desember
Kl. 11.00: Statsministeren inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringas representasjonsanlegg. Fleire detaljar kjem seinare.

Onsdag 20. januar – laurdag 23. januar
Statsministeren deltek på delar av World Economic Forum 2016 i Davos.

Pressefolk som ønskjer å akkreditere seg må ta kontakt med smkinfo@smk.dep.no innan utgangen av 3. desember 2015.