Historisk arkiv

Vidarefører kongekrabbeordning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet held fast på at berre fiskarar frå Aust-Finnmark kan fange kongekrabbe i det kvoteregulerte området.

Departementet har vedteke forskrift om regulering av fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område aust for 26 grader aust i 2018. Fartøy med høve til å fiske i det kvoteregulerte området kan fange og lande 1750 tonn hannkrabbar og 100 tonn hokrabbar. Av totalkvote hannkrabbar er 175 tonn avsett til skadde hannkrabbar i det kvoteregulerte området i 2018. Det er avsett 16 tonn hannkrabbar til turistfiske, 1 tonn hannkrabbar til fritidsfiske og 1 tonn til forskingsføremål.  

Spørsmålet om fartøy frå Vest-Finnmark skal få delta har vore på høyring.

- Dei fleste høyringsintansane er negative til å la fleire få delta i dette fisket. Dersom vi eventuelt skal gå vidare med forslaget må vi gjere ei grundig vurdering av konsekvensane, seier statssekretær Veronica Pedersen Åsheim (Frp).  

Fiskarar som vil ha full kongekrabbekvote må fiske andre fiskeslag for over 100 000 kroner. Dette aktivitetskravet blir endra til 200 000 kroner i 2019.

- Vi ventar med å endre dette kravet til 2019, slik at fiskarane kan innrette seg etter dette, seier statssekretæren.