Vil ha fleire forskarar i toppklasse

– Noreg har eigeninteresse av å ha verdsleiande fagmiljø, og no skal vi intensivere arbeidet med å få fram fleire unge talent og framifrå forskings- og utdanningsmiljø, seier statsminister Erna Solberg.

På eit toppmøte om forsking i dag fekk statsministeren innspel frå norske toppforskarar, institusjonsleiarar og næringslivrepresentantar til korleis Noreg kan få fleire framifrå fagmiljø.

I haust la regjeringa fram langstidsplanen for forsking og høgare utdanning, der verdsleiande fagmiljø er ei viktig prioritering. Derfor var talentutvikling på agendaen på dagens møte.

Les statsministerens innlegg her.

Til toppen