10,2 millionar kroner til 15 lokale og regionale parkprosjekt i 2013

2013

Søknadane til Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar er no vurdert. 15 lokale og regionale parkprosjekt får til saman 10,2 millionar kroner i støtte i 2013.

Søknadane til Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar er no vurdert. 15 lokale og regionale parkprosjekt får til saman 10,2 millionar kroner i støtte.

Hovudmålet med tilskotsordninga er å auke verdiskaping og næringsutvikling i avgrensa landskapsområde med særskilde natur- og kulturverdiar. Parkane skal fremje heilskapleg stad- og næringsutvikling, og levande bygdesamfunn i område med slike verdiar.

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) ynskjer å stø opp om initiativ som tek sikte på å etablere og vidareutvikle parkar som strategi for lokal mobilisering. I arbeidet med parkar er det viktig med eit langsiktig og forpliktande samarbeid mellom regionale styresmakter, næringsliv, interessegrupper og menneskje som bur og lever i slike landskapsområde.

I utveljinga av prosjekt har KRD lagt vekt på fleire forhold. Kvalitet i søknaden og gjennomføringsevne står sentralt. Vi har lagt stor vekt på god lokal forankring og samarbeid om parkkonseptet. Vi ynskjer også at verdiskapingsprogrammet skal ha overføringsverdi til andre, og legg vekt på kommunikasjon og erfaringsutveksling. Dette gjeld både mellom parkar som er godt etablerte, men også for parkar som er under etablering. Mange av prosjekta som får støtte no er ei vidareføring av prosjekt som starta opp i fjor.

Dei prosjekta som får støtte i 2013 er:

Prosjekttittel

Søker

Støttebeløp

Fjordfolk under Møysalen - Regionalpark i Vesterålen

Bygd for livet

1 000 000

Tjøtta-Alstahaug landskapspark (hovedprosjekt 2014-2015)

Alstahaug kommune

700 000

Okstindan natur- og kulturpark - forstudie og forprosjekt

Hemnes Kommune

350 000

Grøn Fjord 2020 - vår regionale parkmodell

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv

1 500 000

Kystparken

Norsk kystkulturakademi AS

1 000 000

Nærøyfjorden Verdsarvpark - verdiskaping i møtet

Nærøyfjorden Verdsarvpark

900 000

Søknad  Åkrafjorden Landskapspark

Åkrafjorden Landskapspark

50 000

Utvikling av "Frå frø til øl og brød"

Stalheim Landskapspark

150 000

Lister Regionalpark: Fra Hav til Hei

Lister Friluftsråd

800 000

Sammen om vertskapet i Telemarkskanalen!

Telemarkskanalen regionalpark

1 000 000

Norefjell regionalpark- fra fjord til fjell

Krødsherad kommune

450 000

Digital formidling av konseptet park, med Valdres Natur- og Kulturpark som pilot

Valdres Natur- og Kulturpark

500 000

Videreutvikle "Valdresmodellen"

Valdres Natur og Kulturpark

425 000

REGIONPARK Dokka-Etna-Randsfjorden

Dokkadeltaet nasjonale våtmarkssenter

400 000

VÅRT LANDSKAP. VÅRE FORTELLINGER.

Grue kommune

950 000

   

10 175 000