Historisk arkiv

5 Kapittel 5 Utviklinga...

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

5 Kapittel 5 Utviklinga i tenestetilbodet og tilskottsomfanget 1995-2000

5.1 5.1 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen

5.1.1 5.1.1 Tenestetilbodet

Det er eit retningsgivande prinsipp i opplæringslova at elevar som har behov for det, skal ha tilpassa opplæring. Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har ofte behov for tilpassing, sidan dei ikkje meistrar norsk godt nok til å ha utbytte av undervisninga. Det er behovet til den enkelte eleven som avgjer kva innhald og omfang den tilpassa opplæringa skal ha 9Jf. opplæringslova § 2-8 og forskriftene § 24-1..

Det kan vere vanskeleg å gi ei god framstilling av samanhengen mellom behovet for tenesta og det tilbodet som blir gitt. Variasjonar i talet på elevar som får særskild norskopplæring eller morsmålsopplæring, heng saman med variasjonar i det behovet elevane har. Kven kommunane registerer som elevar med anna morsmål enn norsk og samisk, varierer også.

Ut frå det datamaterialet som ligg føre, har vi valt å la følgjande indikatorar vise behovet og tenestetilbodet:

  • talet på elevar med anna morsmål enn norsk og samisk i grunnskolen
  • talet på elevar og kva del av elevane som får særskild norskopplæring og morsmålsopplæring
  • talet på timar til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring og timar per elev
  • talet på språk som er representerte i kommunane
  • talet på og kor stor del av språka det blir gitt morsmålsopplæring i.

Tilskottsordninga er inndelt slik at tildeling til og rapportering av morsmålsopplæring og tospråkleg undervisning skjer samla. I materialet i denne rapporten inngår derfor tospråkleg opplæring i omtalen av morsmålsopplæring.

Datamaterialet er henta frå to kjelder: Statens utdanningskontor (SU) og Grunnskolens informasjonssystem (GSI). Det er til dels store skilnader i materialet frå dei to kjeldene. Dette kan i hovudsak forklarast ut frå at GSI-tala er plantal som kommunane rapporterer om hausten, medan SU-tala reflekterer grunnlaget for utbetalingane til kommunane. SU-tala skal byggje på faktisk aktivitet 10Det er forholdsvis stor uvisse i begge kjeldene. I SU-tala er ikkje teke med talet på elevar som fekk morsmålsopplæring i Oslo i 1998 og 1999. I GSI-tala finst det ikkje tal for talet på elevar med særskild norskundervisning i 1996. Enkelte kommunar har i GSI-tala berre rapportert talet på elevar som får særskild norskundervisning, og ikkje timetalet for denne undervisninga..

I store delar av analysen er tal frå Oslo ikkje tekne med, da kommunen har gitt ufullstendige rapportar til Statens utdanningskontor både i 1998 og 1999. Oslo kommune er den klart største tilskottsmottakaren under ordninga. 11For 1998 har Oslo kommune ikkje rapportert om talet på elevar med anna morsmål enn norsk og samisk. For 1999 har kommunen verken rapportert om talet på elevar med anna morsmål enn norsk og samisk, eller talet på elevar med særskild norskundervisning.

Tabell 5.1. Talet på elevar med anna morsmål enn norsk og samisk i grunnskolen. Del av alle elevar i grunnskolen.

Tal

(inkl. Oslo)

Prosentdel
(inkl. Oslo)

Tal

(eksl. Oslo)

Prosentdel
(ekskl. Oslo)

1995/96

26 010

5,5

16 065

3,7

1996/97

28 281

5,8

17 543

3,9

1997/98

33.104

5,9

20 498

4,0

1998/99

35 945

6,3

22 561

4,3

1999/00

38 500

6,6

24 409

4,6

Kjelde: SSB

Tabell 5.1 viser at det har vore ein auke i talet på minoritetsspråklege elevar på om lag
12 500 frå skoleåret 1995/96 til 1999/2000, det vil seie ein auke på om lag 48 prosent. For kommunane utanom Oslo er auken 52 prosent. Den store auken i talet på elevar med anna morsmål enn norsk og samisk frå skoleåret 1996/97 til 1997/98 kjem i stor grad av at seksåringane kom inn i skolen i 1997/98. Delen av minoritetsspråklege elevar i grunnskolen har auka frå 5,5 i 1995/96 til 6,6 prosent i 1999/2000. Noko av endringa kan komme av at registreringa av elevar med anna morsmål enn norsk og samisk er blitt endra over tid.

Tabell 5.2. Talet på elevar med morsmålsopplæring og særskild norskopplæring i grunnskolen utanom Oslo

Tal på elevar med
morsmålsopplæring

Tal på elevar med
særskild norskopplæring

1995/96

13.007

17.138

1996/97

14.972

18.498

1997/98

17.315

20.886

1998/99

17.239

23.436

Kjelde: Statens utdanningskontor

Note: Morsmålsopplæring omfattar tospråkleg opplæring

Det er fleire elevar som får særskild norskopplæring enn morsmålsopplæring. Tabell 5.2 viser at det har vore ein auke i talet på elevar som får morsmålsopplæring på 32,5 pst. i perioden 1996-99. Også for særskild norskopplæring har talet på elevar stige i heile perioden. Auken utgjer 36,7 pst. frå 1996 til 1999. Talet på elevar som får særskild norskopplæring har altså auka meir enn talet på elevar som får morsmålsopplæring.

Tabell 5.3 Timar til morsmålsopplæring og særskild norskopplæring

Timar morsmålsopplæring

Timar
særskild norskopplæring

Del av morsmåls-timar av samla timetal

Del særskilde norsktimar av samla timetal

1995/96

591.184

1 229.479

0,32

0,68

1996/97

675.437

1 382.619

0,33

0,67

1997/98

743.379

1 749.444

0,30

0,70

1998/99

800.520

1 787.351

0,31

0,69

Kjelde: Statens utdanningskontor.

Note: Morsmålsopplæring omfattar tospråkleg opplæring

Tabellen ovanfor viser at det blir gitt om lag dobbelt så mange timar til særskild norskopplæring som til morsmålsopplæring. Frå 1996 til 1999 har det vore ein auke i talet på timar til morsmålsopplæring på nærmare 40 prosent. Timar til særskild norskopplæring stig med om lag 46 prosent i den same perioden.

Tabell 5.4 Timar per elev som får tilbod om morsmålsopplæring eller særskild norskopplæring

Timar
morsmåls-opplæring per elev

Timar
særskild norsk- opplæring per elev

1996

37,6

53,2

1997

39,8

60,0

1998

36,7

62,8

1999

40,3

58,8

Kjelde: SU. Oslo er ikkje inkludert i talmaterialet, da Oslo ikkje har oppgitt elevtal

Note: Morsmålsopplæring omfattar tospråkleg opplæring

Tabellen viser at elevane i gjennomsnitt får færre timar undervisning i morsmål enn i særskild norsk. Medan elevane i 1999 i gjennomsnitt fekk 40,3 timar morsmålsopplæring, fekk dei 58,8 timar særskild norskopplæring. Timetalet per elev har stige frå 1996 til 1999 for både morsmåls- og særskild norskopplæring. Morsmålsopplæring har i denne perioden hatt ein auke på 7,2 prosent, medan særskild norskopplæring har hatt ein auke på 10,5 prosent.

Tabell 5.5 Tal på kommunar fordelte på kor mange språk i kommunen det blir

gitt morsmålsopplæring i

1996

1997

1998

1999

0 språk

120

120

106

101

1-4 språk

199

190

197

199

5-9 språk

66

70

70

64

10-14 språk

24

26

28

39

15 eller fleire språk

26

29

34

32

Gj.snittleg tal på språk det blir gitt morsmålsopplæring i

4,0

4,3

4,6

4,6

Kjelde: GSI. Tabellen inkluderer kommunar som ikkje har minoritetselevar

Note: Morsmålsopplæring omfattar tospråkleg opplæring

Tabellen viser at det har vore ein auke i talet på språk det blir gitt morsmålsopplæring i frå gjennomsnittleg 4,0 til 4,6 språk i perioden 1996-99. Samtidig har det vore ein klar auke i talet på minoritetsspråk som er representerte i kommunane. Medan det i 1996 i gjennomsnitt var elevar frå 6,7 ulike språkkulturar i kvar kommune, var det i 1999 elevar frå gjennomsnittleg 8,7 språk i kvar kommune. Dette tyder at trass i at det har vore auke i talet på språk det blir gitt opplæring i, har auken ikkje vore så stor som auken i talet på språk totalt i kommunane.

Den gjennomsnittlege delen av språka det blir gitt morsmålsopplæring i, har falle frå 60 prosent i 1996 til 53 prosent i 1999. Oslo, som har elevar frå svært mange språkkulturar, gir opplæring i ein relativt låg del av desse, og gjennomsnittstalet ville derfor vore litt høgare dersom Oslo var halden utanfor.

Talet på kommunar som har minoritetspråklege elevar, men ikkje tilbyr morsmålsopplæring, har vore relativt stabilt i perioden. Talet på kommunar som gir morsmålsopplæring til inntil 50 prosent av minoritetselevane, har auka. Talet på kommunar som gir morsmålsopplæring i meir enn halvparten av språka har gått ned. 12Kjelde: GSI. Kommunar som ikkje har elevar med anna morsmål enn norsk og samisk er da haldne utanfor materialet. Dei kommunane som gir opplæring i alle språka, har i hovudsak relativt få språkkulturar.

Tabell 5.6 Tilskott til barn i asylmottak. Utbetalt beløp (i 1000 kr) og tal på elevveker

Utbetalt beløp

elevveker

1995/96

15282

11978

1996/97

5272

4132

1997/98

11680

9155

1998/99

45384

35573

Kjelde: Statens Utdanningskontor.

Note: Elevveker er det talet på veker elevar har vore i asylmottak i løpet av eit skoleår, det vil seie elevar multiplisert med veker.

Barn i asylmottak får normalt undervisning i den vanlege grunnskolen, anten i vanlege klassar eller i eigne klassar for språklege minoritetar. Det finst derfor ingen særskild informasjon om opplæringstilbodet til denne gruppa. Det er store variasjonar over tid i elevveker og dermed utbetalte beløp i tilskott til barn i asylmottak. Dette kjem av at talet på barn i asylmottak og lengda på opphalda varierer over tid.

Tabell 5.7 Tilskott til barn som er omfatta av integreringstilskottet.
Utbetalt beløp (i 1000 kr) og elevtal

Utbetalt beløp

Elevtal

1996

39627

5180

1997

39081

5450

1998

41172

5390

1999

34976

4572

Kjelde: UDI

Tilskottet til barn som er omfatta av integreringstilskottet er ikkje meint å skulle dekkje ei teneste, men dei kommunale eigendelane som er knytte til elevar som er omfatta av integreringstilskottet. Tal frå UDI for perioden 1996-1999 viser utbetalt beløp og talet på elevar som det utbetalt tilskott for. Både talet på elevar og utbetalt beløp har vore relativt stabile i åra 1996 til 1999.

5.1.2 5.1.2 Utviklinga i tilskottsomfanget i perioden 1995-2000


Tabell 5.8: Utbetalt tilskott til opplæring for språklege minoritetar over statsbudsjettet 132000-tala av summane frå saldert budsjett er baserte på deflator for kommunane sine kjøp av varer og tenester som Teknisk berekningsutval nyttar i sitt arbeid. I 2000 er det pårekna tal, jf. Revidert nasjonalbudsjett. For 2000 er det inkludert 31,5 mill. kroner over KRD sitt budsjett som gjeld forsøk med rammefinansiering for 20 kommunar.</P> <P>

Note: år 2000 viser budsjett-tal

Det har vore jamn auke i løyvingane over statsbudsjettet til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen frå 1996 til 2000. For perioden 1995 til 2000 har det vore ein realauke på 14 prosent. Frå 1997 til 1998 var det ein særskilt stor auke i løyvinga. I budsjettproposisjonen vart dette grunngitt både med at talet på grunnskoleelevar frå språklege minoritetar hadde stige og med at talet på elevar som fekk denne undervisninga, ville stige som følgje av Reform 97.

5.1.3 5.1.3 Utviklinga i tilskottssatsane i perioden 1995-2000

Hovudtrekka i tilskottssystemet for morsmåls- og særskild norskopplæring har vore stabile i 1990-åra. Timesatsen for 2000 er 218,70 kroner og har vore nominelt uendra sidan 1995. Dette vil seie at tilskottssatsane har hatt ein realnedgang på om lag 17 prosent frå 1995 til 2000.

Tilskottet til opplæring for barn i asylmottak blir gitt som ein fast sats per månad per barn i grunnskolealder som får opplæring i asylmottak. Satsen er 48 480 kroner per barn per år, og har vore nominelt uendra sidan 1995, dvs. at det har vore ein realnedgang på om lag 17 prosent frå 1995 til 2000.

Tilskottet til opplæring av barn som er omfatta av integreringstilskottet, blir gitt som ein sats per barn per år. Tilskottet skal ikkje dekkje ei teneste, men dei kommunale eigendelane knytte til elevar som er omfatta av integreringstilskottet. Satsen er 7 650 kroner per år og har vore nominelt uendra sidan 1995, dvs. at det har vore ein realnedgang på om lag 17 prosent frå 1995 til 2000.

5.1.4 Oppsummering

  • Talet på elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk steig med nærare 40 prosent frå skoleåret 1996/97 til 1999/2000.
  • Ein lågare del av dei minoritetsspråklege elevane får morsmålsopplæring enn særskild norskopplæring.
  • Det blir gitt om lag dobbelt så mange timar i særskild norskopplæring som i morsmålsopplæring.
  • Talet på timar elevane i gjennomsnitt får i morsmålsopplæring og særskild norskopplæring har stige noko gjennom perioden. Særskild norskopplæring har hatt den største auken.
  • Talet på språk det blir gitt morsmålsoppæring i har stige over tid. Den delen av språka det blir gitt morsmålsopplæring i, sett i høve til talet på språk som er representerte i kommunane, er derimot redusert.
  • Talet på kommunar som har elevar frå språklege minoritetar, men ikkje tilbyr morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring, har vore relativt stabilt i perioden.
  • Omfanget av opplæring av barn i asylmottak varierer over tid.
  • Omfanget av tilskottet til barn som blir omfatta av integreringstilskottet (skoletillegget) har vore relativt stabilt i perioden 1995 til 1998.
  • Satsane for tilskotta under post 65 har ikkje vore justerte sidan 1995, dvs. at det har vore ein realnedgang på om lag 17 prosent rekna etter same deflator som for rekneskapstala.

5.2 5.2 Tilskott til leirskoleopplæring

5.2.1 5.2.1 Tenestetilbodet

Det er i dag om lag 70 leirskolar i Noreg 14Det er 63 medlemsbedrifter med kommunalt tilsett personale i Norsk leirskoleforening, som etter eige utsegn organiserer dei fleste leirskolane.. Kvart år tek i overkant av 50 000 elevar del i leirskoleopplæringa. Målsetjinga er at alle klassar skal ha eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Dette vil seie, etter innføringa av 10-årig grunnskole i 1997, at ein tidel av alle klassar årleg bør ha eit opphald for å nå målsetjinga.

Tabell 5.9 Klassar med leirskoleopphald

Klassar med leirskoleopp-hald

Tal på klassar i grunnskolen

Årleg del av klassane på leirskole 15Talet på klassar omfattar kommunale, interkommunale og statlege vanlege grunnskolar og spesialskolar.

1997/98

2 675

27 962

9,6 pst

1998/99

2 707

28 359

9,5 pst

1999/00

2 844

28 679

9,9 pst

Kjelde: GSI

Talet på klassar på leirskole har vore nokså stabilt i perioden 1997-1999 og ligg om lag på måltalet om at ein tidel av alle klassar skal ha eit opphald årleg. Det er som regel klassar på mellom- og ungdomstrinnet som drar på leirskole. Den delen som dreg på leirskole kvart år, vil derfor variere som følgje av at samansetninga av elevmassen varierer. I periodar med vekst i elevtalet, dvs. at det begynner fleire elevar i 1. klasse enn det er elevar i avgangsklassane (slik som i perioden 1995-1999), vil den delen som dreg på leirskole kunne vere lågare enn 10 prosent.

5.2.2 5.2.2 Utviklinga i tilskottsomfanget i perioden 1995-2000

Tabell 5.10 Utbetalt tilskott til leirskoleopplæring over statsbudsjettet i perioden 1995-2000 16Summen for 2000 er basert på vedtatt budsjett og inkluderer 1 mill. kroner over KRD sitt budsjett til forsøk med rammefinansiering i 20 kommunar.

Rekneskapstal

1995

1996

1997

1998

1999

2000

Sum, løpande kroner

21 812

21 063

21 638

22 056

23 722

21 700

Sum, faste 2000-kroner

26 225

24 445

24 429

23 558

24 386

21 700

Note: år 2000 viser budsjett-tal

I budsjettet for 2000 er det løyvd 21,7 mill. kroner over statsbudsjettet til tilskott til leirskoleopplæring. Nominelt sett har løyvinga vore relativt stabil i perioden 1995-2000, men med nedgang frå utbetalt tilskott i 1999 til løyving for 2000. Når ein tek omsyn til prisstiginga, har det vore ein realnedgang i tilskottsomfanget til leirskoleopplæring på om lag 17 prosent i perioden 1995 til 2000. 17Det er ein realnedgang frå 1999 til 2000 aleine på 11 prosent, men sidan talet for 2000 er eit budsjettal og ikkje eit utbetalt beløp, er dette ikkje eit uttrykk for at færre klassar dreg på leirskole i 2000.</P> <P>

5.2.3 5.2.3 Utviklinga i tilskottssatsane i perioden 1995-2000

Tabell 5.11 Tilskottsats per klasse for leirskoleopphald

Tilskottssats

1995

1996

1997

1998

1999

2000

Beløp, løpande kroner

8 843

8 843

8 843

8 843

8 843

8 843

Beløp, faste 2000-kroner

10 633

10 263

9 984

9 445

9 091

8 843

Tilskotta til leirskoleopphald blir i praksis utbetalte som ei støtte per klasse som reiser på leirskole. Støtta per klasse har vore nominelt uendra sidan 1994 og utgjer 8 843 kroner. For perioden 1995 til 2000 vil dette seie ein realnedgang på om lag 17 prosent, når same deflator som for tilskottsomfanget blir lagd til grunn for tilskottssatsen.

5.2.4 5.2.4 Oppsummering

  1. Den delen av grunnskoleelevane som deltek på leirskolar, har halde seg stabil på rundt 10 prosent, som er målsettinga med ordninga.
  2. Det har vore ein realnedgang i tilskottsomfanget til leirskoleopplæring på 17,3 pst. i perioden 1995-2000. Tilskottssatsen har hatt ein realnedgang på om lag 17 prosent i den same perioden.

5.3 5.3 Tilskott til musikk og kulturskolar

5.3.1 5.3.1 Tenestetilbodet

Talet på kommunar som tilbyr undervisning ved musikk- og kulturskolar, har stige dei siste åra. Hausten 1999 var det berre tre av kommunane i landet som ikkje hadde eit musikk- og kulturskoletilbod åleine eller i samarbeid med andre kommunar. Til samanlikning var det 87 kommunar hausten 1996 som ikkje hadde eit slikt tilbod. Denne auken må ein sjå i samanheng med at alle kommunar per 1. juli 1998 vart pålagde gjennom lov, aleine eller i samarbeid med andre kommunar, å ha eit tilbod til barn og unge om musikk- og kulturskole.

Tabell 5.12 Elevar og undervisningstimar ved musikk- og kulturskolar

Tal på grunnskole-elevar ved musikk- og kulturskolen 18Elevtala i tabellen viser talet på grunnskoleelevar som deltek i musikk- og kulturskoleopplæring. Musikk- og kulturskolane har også tilbod til barn under grunnskolealder og unge over grunnskolealder.</P> <P>

Prosentvis deltaking av alle elevar i grunnskolen

Tal på undervisnings-timar i musikk- og kulturskolen

Undervisnings-timar per elev i musikk- og kulturskolen 19I denne berekninga er talet på alle elevar i musikk- og kulturskolen, ikkje berre elevar i grunnskolealder, lagt til grunn.

1994/95

59 094

12.6

1 141 137

15.7

1995/96

61 454

12.9

1 073 253

14.2

1996/97

56 394

11.6

1 104 659

16.0

1997/98

59 331

10.6

1 128 789

15.8

1998/99

65 862

11.5

1 211 282

15.3

Endr. 95-99

11.5%

-8.7%

6.1%

-2.5%

Kjelde: SU Sør-Trøndelag, NMOK

Frå skoleåret 1994/95 til skoleåret 1998/99 har det vore ein auke på 11,5 prosent i talet på grunnskoleelevar i musikk- og kulturskolen. Auken har ikkje vore like stor som auken i elevtalet i grunnskolen i den same perioden, slik at den delen av alle grunnskoleelevar som deltek i musikk- og kulturskolane, er noko redusert. Reduksjonen i prosentvis deltaking fell saman med innføringa av Reform 97, og kan derfor komme av at det stort sett er eldre barn som deltek i musikk- og kulturskoleundervisninga. Samla sett kan ein derfor seie at den delen av grunnskoleelevane som går i musikk- og kulturskolane har vore stabil dei siste åra. I 1999 deltok nærmare 65.900 elevar i musikk- og kulturskoletilboda, dette utgjorde 11,5 prosent av alle elevane i grunnskolen.

Aktiviteten ved andre uttrykksformer enn musikk (dans, drama, osb.) har stige markert dei siste åra. I skoleåret 1998-99 fekk 13 700 elevar slik opplæring, medan talet året før var
10 500.

Talet på undervisningstimar som dannar grunnlaget for utbetaling av tilskott til musikk- og kulturskolar, gir eit bilete på den totale aktiviteten på området. Det samla talet på undervisningstimar steig med 6,1 prosent frå skoleåret 1994/95 til 1998/99. Dette er likevel ein mindre auke enn auken i elevtalet ved musikk- og kulturskolane. Det samla talet på timar per elev i musikk- og kulturskolen er dermed redusert med 2,5 prosent frå skoleåret 1994/95 til 1998/99.

5.3.2 5.3.2 Utvikling i tilskottsomfanget i perioden 1995-2000

Musikk- og kulturskolane blir i dag finansiert med om lag 15 prosent i øyremerka tilskott frå staten, 65 prosent frå kommunane og 20 prosent frå brukarbetaling, når salsinntekter og andre tilskott ikkje blir rekna med 20Når ein ser på dei totale driftsutgiftene ved musikk- og kulturskolane, dvs. både utgifter knytte til ordinær drift og utgifter knytte til sal av tenester, er fordelinga av finansieringa slik: om lag 13 prosent øyremerkt statstilskott, 56 prosent frå kommunane, 15 prosent brukarbetaling, 11 prosent salsinntekter og 5 prosent andre tilskott..

Tabell 5.13 Utbetalt tilskott til musikk- og kulturskolar over statsbudsjettet 21I 2000 er talet basert på vedteke budsjett, og inkluderer 4,6 mill. kroner over KRD sitt budsjett til forsøk med rammefinansiering i 20 kommunar.

Rekneskapstal

1995

1996

1997

1998

1999

2000

Sum, løpande kroner

79 829 000

83 572 893

83 727 150

85 559 403

84 228 024

88 100 000

Sum, omrekna til 2000-kr

95 983 638

96 993 404

94 525 712

91 385 314

86 586 409

88 100 000

Note: År 2000 viser budsjett-tal

Tilskottet er ei regelstyrt ordning, der auka aktivitet medfører auka løyvingar over statsbudsjettet. Trass i ein nominell auke på 10 millionar kroner har det vore ein realnedgang i tilskottet over statsbudsjettet til musikk- og kulturskolar på om lag 8,2 prosent frå 1995 til 2000.

5.3.3 5.3.3 Utviklinga i tilskottssatsane

Tabell 5.14: Tilskottssats pr. time til musikk- og kulturskolar

Tilskottsats per time

1995

1996

1997

1998

1999

2000

Beløp, løpande kroner

69,30

69,30

69,30

69,30

69,30

69,30

Beløp, omrekna til 2000-kr

83,32

80,43

78,24

74,02

71,24

69,30

Tilskottssatsen er 69,30 kroner per time i budsjettet for 2000 og har vore uendra frå 1995. Dette gir ein realnedgang på om lag 17 prosent. frå 1995 til 2000. 22Fram til og med 1997 vart timesatsen fastsett som ein prosentdel av ein generell timesats som vart brukt på alle øremerka tilskott på grunnskoleområdet. Timesatsen, 239 kroner, har vore uforandra sidan 1994. Prosentdelen, 29 prosent, har vore konstant sidan 1995. Frå og med 1998 er det lagt til grunn ein timesats på 69,30 kroner - denne svarer til den timesatsen som har vore nytta sidan 1995 (29 pst. av 239 kroner er lik 69,30 kroner). </P> <P>

5.3.4 5.3.4 Oppsummering

  1. Det er berre tre av landets kommunar som ikkje har eit musikk- og kulturskoletilbod.
  2. Den delen av grunnskoleelevane som går i musikk- og kulturskolane ligg på om lag 11,5 prosent og har vore forholdsvis stabil dei siste åra.
  • Det har vore ein realnedgang i tilskottet over statsbudsjettet til musikk- og kulturskolar på om lag 8 prosent frå 1995 til 2000.
  1. Tilskottssatsen har hatt ein realnedgang på om lag 17 prosent i perioden 1995-2000.

5.4 5.4 Tilskott til opplæring innan kriminalomsorga

5.4.1 5.4.1 Tenestetilbodet

Det blir i dag gitt opplæring i 35 av de 43 anstaltane i landet. I tillegg er det etablert oppfølgingsklassar på 11 stader.

Tabell 5.15 Tal på elevplassar og kapasitetsutnytting

Tal på
elevplassar

Kapasitets-
utnytting

1996

810

78.7

1997

807

74.4

1998

795

72.8

1999

811

75,5

Kjelde: Statens utdanningskontor i Hordaland.

Talet på elevplassar innanfor kriminalomsorga har vore forholdsvis stabilt dei siste åra; det gjekk ned 1,8 prosent frå 1996 til 1998, men opp til same nivå igjen i 1999. 23Skoleverksemda ved Ringerike kretsfengsel kom i gang med 27 elevplassar i 1997. Dersom ein ser bort frå dette, blir nedgangen i talet på elevplassar i 1997 på 30. Talet på elevplassar steig frå 1998 til 1999. Denne auken kan i hovudsak førast tilbake til at det er etablert skoletilbod ved den nye varetektsavdelinga i Bergen landsfengsel

Frå 1996 til 1998 vart kapasitetsutnyttinga redusert med om lag 6 prosentpoeng; dette kan ein sjå av at talet på elevar som fekk opplæring, også vart redusert i samme perioden. I 1999 steig kapasitetsutnyttinga igjen. Kapasitetsutnyttinga har særleg hatt positiv utvikling i oppfølgingsklassane – ei betring på 10 prosentpoeng frå 1998 til 1999, men det har også vore positiv utvikling i fengsla. Kapasitetsutnyttinga varierer mykje frå skole til skole. Det kan vere ulike forklaringar på at variasjonane er så store. Frigiving, fengselsfaglege disposisjonar som overføring til annan anstalt, disiplinærtiltak og små undervisningslokale verkar inn. Ei anna forklaring kan vere at undervisningstilboda ikkje interesserer dei innsette.

Tabell 5.16 Talet på elevar som fikk opplæring i perioden 1996 – 1999, fordelt på skoleslag

I anstalt

I oppfølgingsklasse

Elevar i alt

1996

1997

1998

1999

1996

1997

1998

1999

1996

1997

1998

1999

Grunnskole

646

539

455

431

127

112

101

97

773

651

556

528

Vidaregåande

1203

1232

1311

1444

372

156

188

237

1575

1388

1499

1681

Andre kurs

994

1184

984

1287

74

177

135

132

1068

1361

1119

1419

Totalt

2843

2955

2750

3162

573

445

424

466

3416

3400

3174

3628

Kjelde: Statens utdanningskontor i Hordaland.

Samla tok 3 628 elevar del i opplæringstilbodet i fengsla i 1999, dette er ein auke på 6,2 prosent sidan 1996. Det er klart flest elevar i anstaltane. Det er også her talet på elevar har stige i perioden, medan talet på elevar i oppfølgingsklassene har gått ned.

I overkant av 45 prosent av dei som tek del i tilbodet får vidaregåande opplæring, 15 prosent får grunnskoleopplæring og i underkant av 40 prosent får andre typar kurs.

I underkant av 280 lærarar er engasjerte på heil- og deltid i opplæring innanfor kriminalomsorga. Talet på tilsette lærarar har vore stabilt gjennom perioden.

Tabell 5.17 Bestådde eksamenar per elev

I anstalt

I oppfølgingsklasse

Sum

1996

1997

1998

1999

1996

1997

1998

1999

1996

1997

1998

1999

Grunnskole

0,1

0,2

0,2

0,2

0,6

0,3

0,9

0,5

0,2

0,2

0,3

0,3

Vidaregåande

0,3

0,4

0,4

0,3

0,6

1,2

0,9

0,6

0,4

0,5

0,4

0,4

Totalt

0,2

0,2

0,2

0,2

0,5

0,5

0,6

0,4

0,2

0,2

0,3

0,2

Kjelde: Statens utdanningskontor i Hordaland.

Talet på bestådde eksamenar per elev for åra 1996-99 har vore stabilt lågt i perioden, og lege på om lag 0,2 eksamenar per elev. I 1999 tok 460 elevar eksamen, dette er ein auke på nærmare 14 prosent sidan 1996, men ein reduksjon på om lag 9 prosent frå 1998.

Tabell 5.18 Fordeling av elevar på studieretningar i vidaregåande skole, med tilsvarande fordeling i fengsel og oppfølgingsklassane. I prosent.

Studieretning

Fengsel

Oppfølgingsklasse

1996

1997

1998

1999

1996

1997

1998

1999

Allmenne, økonomiske og administrative fag

48

49

50

50

88

93

90

89

Studieretning for mekaniske fag og andre retningar som gir studiekompetanse

52

51

50

50

12

7

10

11

SUM

100

100

100

100

100

100

100

100

Kjelde: Statens utdanningskontor i Hordaland

Tabell 5.18 viser at den vidaregåande opplæringa i fengsla er konsentrert rundt studieretningane mekaniske fag og allmenne, økonomiske og administrative fag. I oppfølgingsklassane ligg hovudvekta på studieretningar innanfor allmenne, økonomiske og administrative fag. Samanlikna med tilboda i det vanlege skoleverket er tilboda i fengsla mangelfulle.

5.4.2 5.4.2 Utviklinga i tilskottsomfanget i perioden 1995-2000

Tabell 5.19 Utviklinga i tilskottet til opplæring innanfor kriminalomsorga

Note: År 2000 viser budsjett-tal

Det blir løyvd i overkant av 85 mill. kroner til opplæring innanfor kriminalomsorga i 2000. Tabellen viser ein reell nedgang i løyvingane frå 1995 til 2000 på om lag 2,6 prosent. 24Frå 1996 til 1997 var det ein realvekst i løyvingane på i underkant av 2 mill. 2000-kroner. Denne auken skriv seg frå utgiftene til undervisning ved Ringerike kretsfengsel, som stod ferdig hausten 1996. Sjølv om løyvingane har vore auka jamt år for år, har dette altså ikkje vore tilstrekkeleg til å dekkje prisveksten over heile perioden. Løyvinga vart prisjustert i 1999 og 2000.

5.4.3 5.4.3 Utviklinga i tilskottssatsane i perioden 1995-2000

Det er ingen tilskottssatsar i for denne ordninga. Tilskottet skal gi 100 prosent finansiering av tilbodet. Dette inneber at aktivitetsnivået må tilpassast storleiken på tilskottet.

Tabell 5.20 Budsjett per heildagselev. 1999.

Kostnad per elev

Tal på skolar

<50.000

1

50-100.000

7

100-150.000

16

150-200.000

9

>200.000

2

Kjelde: Statens utdanningskontor i Hordaland.

Kostnaden for opplæringsplassar varierer relativt mykje mellom anstaltane og var gjennomsnittleg 131 000 kroner per heildagselev 25Kostanden tilsvarer her budsjettert kostnad. i 1999. Av dei 35 skolane som driv opplæring innanfor kriminalomsorga, har om lag halvparten ein kostnad per heildagselev på mellom 100.000 og 150.000 kroner.

5.4.4 5.4.4 Oppsummering

  1. Talet på elevplassar har vore forholdsvis stabilt i perioden 1996-99.
  1. Talet på elevar som tek del i opplæring innanfor kriminalomsorga, har auka med 6,2 prosent i perioden 1996-99.
  2. Talet på lærarar har vore stabilt gjennom perioden.
  3. Talet på elevar som tek eksamen har stige dei siste åra, medan bestådde eksamenar per elev har vore stabilt lågt i perioden.
  4. Det har vore ein realnedgang i løyvingane frå 1995 til 2000 på om lag 2,6 prosent.
  5. Kostnaden per elevplass varierer relativt mykje mellom anstaltane, men var gjennomsnittleg 131 000 kroner per heildagselev i 1999.