Historisk arkiv

D@mer og d@ta 1999

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

D@mer og d@ta 1999

Åpningsforedrag ved statsråd Jon Lilletun

Utdanning og samfunn
Utdanning er eit av dei viktigaste midla for å skaffe arbeid til alle og sikre kompetansen i samfunnet. Difor er satsing på utdanningspolitikken eit sentralt område for regjeringa – både for å sikre Noreg sin plass blant dei fremste landa internasjonalt og for å sikre tryggleik og velstand i vårt eige samfunn. Regjeringa har seinest i St. meld. nr. 28 (1998-99) Mot rikare mål lagt grunnlaget for ein fornya innsats i forhold til innhald og organisering i skolen. Satsinga skal mellom anna betre tilpasse innhald, arbeids- og vurderingsformer til utviklinga i arbeids- og samfunnsliv og samstundes styrkje sambandet mellom skole, arbeidsliv og samfunnet.

Utdanning skal på den eine sida drive fram fagleg kvalitet på alle nivå. På den andre sida må vi heller ikkje gløyme at utdanning har ein eigenverdi. Nytteperspektivet må ikkje få drepe gleda ved å lære eller kreativitet skapt gjennom kunnskap.

Likestilling i utdanninga
Å fremme likestilling i opplæring og utdanning er eit overordna utdannings- og forskingspolitisk mål. Dette inneber at utdanningsinstitusjonane må tydeleggjere både kvinner og menn sine rettar og pliktar til å delta i utforminga av samfunnsutviklinga og til å ta ansvar for avgjersla. Opplæringa må og leggje til rette for at både jenter og gutar til ein kvar tid får like moglegheiter til å ta del i nye utviklingsområder. Skolen har og eit overordna ansvar for å leggje til rette for at gutar og jenter vert stimulert for val av vidare opplæring som legg grunnlaget for økt likestilling i yrkesval.

Likestilling på utdanningsområdet har kome eit godt stykkje på veg. Blant dei nye studentane på universiteta finn vi ei overvekt av kvinner, og kvinner og menn har i dag tilnærma likt utdanningsnivå. Kjønnsskilnaden i val av utdanning og yrke har likevel vore relativt stabil i fleire år og dette medføre at vi i Noreg framleis finn ein tradisjonelt kjønnsdelt arbeidsmarknad.

Vi ser at jenter velje andre, og samla sett færre utdanningsretningar enn gutar. Jentene er blant anna i fleirtal i estetiske fag, lærerutdanning, helseutdanning, jus og samfunnsfag, mens dei er i klart mindretal innan teknologi og realfag.

Styrke einskapsskolen
Skolen si rolle som felles læringsarena blir stadig viktigare. Skolen blir i større og større grad det limet som held oss saman – som sikre felles plattform og like moglegheiter. Skolen skal være ein stad for alle, både for dei som er skoleflinke og skolemotiverte og for dei som ikkje er fullt så flinke.

Utfordringane er å styrkje einskapsskolen og sikre eit offentleg skoletilbod på høgt nivå. Elevane møter skolen med ulike føresetnader og interesser. Og skolen må i aukande grad ivareta ulike behov innafor ei felles ramme. Dette krev tilpassing av undervisninga. IKT er eit av fleire hjelpemiddel til å differensiere og gjere undervisninga variert og tilpassa ulike behov.

Når det gjeld IKT ser det ut til at jenter er opptekne av andre sider av teknologien og har eit noko anna bruksmønster enn gutar. Både når det gjeld teknologi og realfag elles er det difor viktig å legge til rette for tilbod som er tilpassa både jentene og gutane sine ulike behov og interesser. Dette slik at vi ikkje skaper nye kunnskapskløfter eller opprettheld uønskte skilnader i utdannings- og yrkesval. Læreplanen seier det slik: "Det er derfor viktig at alle grupper får del i (..….)den nye teknologiske kunnskapen, slik at det ikkje blir skapt store skilnader i føresetnadene for deltaking. Og det er viktig at formidlinga skjer slik at ho ikkje styrkjer tradisjonelle kjønnskilje ved at jenter blir oppseda til at `kvinner ikkje forstår` naturvitskap og teknikk."

En meir moderne skole
Informasjonssamfunnet og ikkje minst informasjons – og kommunikasjonsteknologien (IKT) inneber store utfordringar for skolen, og vi står i dag overfor ein enorm moderniseringsprosess innan utdanningssektoren.

Skolen kan ikkje stå utanfor den utviklinga vi ser elles i samfunnet der IKT er eit nødvendig og naturleg verktøy. Skolen som arbeidsmiljø for elever og lærarar må ha ein kvalitet og ei form som matcher det som ein forventar frå heim og arbeidsliv. Mange unge er van med å bruke og omgje seg med data og Internett på fritida, og dette er en arbeidsform som skolen også må kunne tilby. Dessutan må skolen styrkje sitt tilbod til dei mange som ennå ikkje har datautstyr i heimen.

Sidan IKT for alvor ble lansert som eit viktig hjelpemiddel på starten av 80-talet, har eit stadig tilbakevendande spørsmål vore kva for plass teknologien skal ha i utdanningssektoren. I Stortingsmelding nr. 24 (1993-94) ”Om informasjonsteknologi i utdanningen” vert det sagt i innleiinga at: ”Uten noe kunnskap om informasjonsteknologi, vil en kunne bli hjelpeløs og uforstående i stadig flere situasjoner. Med kunnskap får en utvidete ferdigheter, sanser og evner: til å handle, styre, skrive, regne, organisere, hente informasjon og til å kommunisere.” Det handler mykje om å vere med. Det blir difor viktig at flest mogleg kan få del i den påverknad som kunnskap om IKT gjev. Stortingsmeldinga blei etterfølgt av ”IT i norsk utdanning – plan for 1996-99”. Planen innehar ei godt grunna satsing spesielt på jenter og IKT.

IKT bidreg til økt kvalitet i skolen
IKT er ikkje noko tryllemiddel som skal forvandle og løyse alle problema i skolen, men eit viktig verktøy for å utvikle den. Gjennom forsking vet vi noko om at rett bruk av IKT kan bidra til økt læringskvalitet. Teknologien gir moglegheiter for å variere og differensiere undervisninga ut frå elevane sine ulike behov og opne skolen meir mot omverda. Her ligg det eit potensiale for å betre og vidareutvikle, og dermed auke kvaliteten i skolen.

Einskapsskolen
Vi ønskjer at einskapsskolen skal vere møteplass for menneskeleg kontakt og læring gjennom erfaring og kreativ utfalding. IKT skal ikkje erstatte denne menneskelege kontakten eller stimulering til kreative prosesser hos barn og unge. IKT handler i første rekkje om menneske, kommunikasjon, kunnskapsutvikling og samhandling.

Maktstrukturar – elev og lærarrolle
Økt bruk av IKT utfordrar oss til å drøfte maktstrukturane og elev- og lærarrolla i skolen. Ein datamaskin kan ikkje erstatte læraren og heller ikkje sette ein stopper for samhandlinga i klasserommet. Men opplæringa og rollene blir annleis. Læraren får ei rolle som i langt større grad har hovudvekt som veileder, koordinator, rådgivar og verdiskaper i elevane sine individuelle og sjølvstendige læringsprosessar. Eleven må ta meir ansvar for eigen læring, og må stimulerast til å være forskar i eigen læringsprosess. Vi må alle møte barn- og unges nyfikne og ønskje om å lære meir om IKT med ei open haldning. Vi må vidare ha kunnskap og evne til å veilede elevane ut frå deira eigne val.

I denne samanheng er det viktig at alle elevgrupper blir trekte med uavhengig av kjønn, bustad og sosial tilhøyring. Det er store skilnader på kor fortrulege elevane er med teknologi og det blir difor skolens oppgåve og satse slik at alle elevar blir i stand til å tileigne seg kunnskap om den nye teknologien.

Framleis eit mannsdomene
I dag er IKT på mange måtar framleis eit mannsdomene. Menn dominerer i IT-bransjen, dei er programutviklarar, datalærarar og bruker i langt større grad ny teknologi i fritida, både til leik og til nytte. Denne situasjonen har vi hatt i mange år, men den har blitt spesielt markant i løpet av dei siste åra. Statistikk underbygger disse erfaringane.


På den andre sida viser forsking at både unge jenter og gutar har ein nysgjerrig og søkjande haldning til IKT, og at jenter og gutar, når dei bruker teknologien, har ein ulik tilnærming til data.

Jentene sin interesse for IKT
Jenter liker å bruke IKT til å kommunisere på likeverdige vilkår og til å byggje sosiale nettverk. Og IKT gjer skolearbeidet meir variert og virkelighetsnært, noko som særleg er motiverande for jenter.

Ein rekkje skolar, både grunnskolar og vidaregåande skolar, har fokusert nettopp på likestilling i sin IKT- satsing. Dei har sagt ”jentene først”, noko som igjen har gitt positive ringverknader på heile opplæringsmiljøet. Erfaring viser at når jentene lærer først blir også gutane sin bruk annleis.

Prosjekter ved Tjøme og Åmot ungdomsskolar har dei seinare åra gitt gode eksemplar på kva verknad ein ekstra satsing på jentene har hatt. Både for deira kunnskapsnivå i forhold til IKT og også verknaden dette har fått på IKT- undervisninga på skolane generelt.

Inspirasjonsbrosjyre
Disse erfaringane har departementet samla i brosjyren ”Ett klikk og du er hekta”, som er eit inspirasjonshefte om jenter og IKT for lærarar i grunnskolen. Departementet ser det som heilt vesentleg at lokale tiltak får nasjonal verknad. Vi er opptekne av at skoleutvikling byggjer på lokale lærar- og elevkrefter, samstundes som ein vidareformidling av tiltak er særleg verdfull.

Val av høgare utdanning
Vi veit at grunnlaget for val av vidare utdanning legges i tidleg alder. Difor er det viktig at både jenter og gutar får allsidig erfaring med teknologien så tidleg som på grunnskolenivå.

Jenter har i stor grad vore fråverande på de høgare IT- studiane, men vi veit at rekrutteringstiltak, mellom anna i den vidaregåande skolen, og eigne jente-kvotar fungerer. Ved NTNU har prosjektet Jenter og data, som mellom anna har nytta kvotering, vist seg å bli eit av universitetet sitt mest vellykka rekrutteringsprosjekt. Frå å vere eit fagområde som jenter styrte unna, har linjen for Datateknikk i løpet av nokre år blitt svært populær. Sivilingeniørstudiene generelt tykkjer også å ha nytt godt av dette. Den totale jenteandelen ved sivilingeniørstudiene har nemleg og hatt en tydeleg auking i den same perioden.

Regjeringa vil at fleire jenter skal studere ved dei høgare IT- studiene og vil mellom anna nytte kvotering for å rekruttere fleire kvinner til IT- studiene ved universitet og høgskolar.

Auke farten på IKT- utviklinga
Noreg ligg ikkje dårleg an når det gjelder IKT i internasjonal samanheng. Og vi har ikkje sett noko land som har eit så klart jenteperspektiv innebygd i satsingane som Noreg har. Vi treng likevel å sette opp farta og kome vidare, slik vi ser ein del andre land nå gjør.

Kompetanse
I dei snart fire åra vi har hatt handlingsplanen er det sett i gang mykje aktivitet både innan satsingsområdet Jenter og IKT og på andre områder. Det er gjeve midlar til kompetanseutvikling, forsøks- og utviklingsarbeid både i samanheng med handlingsplanen og som ledd i gjennomføringa av reformene.

Rapporter og tilbakemeldingar syner at dei sentrale planane og tiltaka har hatt verknad på lokal aktivitet. Mange skolar har teke del i utviklingsarbeid og mange lærarar har fått tilbod om opplæring.

Ei undersøking gjennomført av Fafo hausten 1998 viser likevel at vi langt frå er i mål. Fire av fem lærarar gir uttrykk for at dei treng vidare opplæring i bruk av IKT som pedagogisk hjelpemiddel. Kvinner nemner noko oftare enn menn behovet for generell dataopplæring.

Ei anna undersøking viser at 76 % av lærarane i 1.-10. klasse oppgir at dei har tilgang til datamaskin heime, medan nesten 60 % seier at dei sjeldan eller aldri bruker Internett i samband med eigen undervisning.

Lærarane i grunn- og vidaregåande skole treng difor sjølv auka kompetanse innan IKT. I grunnskolen er det eit stort fleirtal kvinnelege lærarar, og det blir difor viktig at lærarutdanning og etterutdanning tar høgde for kvinnene sine erfaringar og kvinnenes tenkjemåte i forhold til teknologi. Skal jenter bli fortrulege med og vise interesse for IKT er det og viktig at dei kvinnelege lærarane makter å framstå som positive rollemodellar også på dette feltet.

Lærarane treng med andre ord fornying og påfyll og ikkje minst tryggleik til å utforske moglegheitene slik læreplanen legg opp til.

Utstyr
Mange er opptekne av utstyr, drift og tilgang til Internett. Dette er viktig, men ikkje tilstrekkeleg. Skal datamaskinen bli noko meir enn ein avansert skrivemaskin, eit leiketøy eller eit oppslagsverk, må pedagogikk og IKT sjåast i ein samanheng.

“Skolepakka” og ekstra satsing på IKT i utdanninga
Regjeringa vil gjere eit lyft for å styrkje kvaliteten i skolen og går inn for å bruke 225 millioner kroner ekstra kvart år i fire år framover. Denne ekstra satsinga inneber mellom anna ein styrking av IKT med 150 mill kroner per år. I tillegg til disse 150 mill per år vil regjeringa gje 50 mill til etterutdanning på områder der skolane sjølve ser at det trengst eit ekstra lyft. Midlane vil mellom anna kunne brukast til å dekkje vikar slik at læraren kan gis fri til å skaffe seg kompetanse.

Vidareutvikling og styrking av lærarrolla er det tredje viktige element i regjeringa si skolepakke. Regjeringa går inn for å sette av 25 mill kroner til forsøk rundt utvikling av lærarrolla, (og oppfordrar i den samanheng også til bruk av forsøksheimelen i opplæringslova dersom ein treng å gå utover regelverket for å skaffe nyttig erfaring).

Ny plan for IKT i utdanninga
Vi har dei siste åra hatt ein IKT- satsing på ca 50 mill per år. Regjeringa foreslår å firedoble staten sin innsats ved å leggje inn 150 mill per år i friske midlar.

Når vi ser på dei satsingar dei har i for eksempel Sverige, Danmark og England og ser disse i forhold til folketalet, kjem vi på høgde med dei satsingane vi ser der.

Gjeldande plan for IKT i utdanninga utløpar i år og ny plan er under utvikling. Det vil bli lagt fram ein ny plan seinare i haust. Planen skal byggje vidare på det som allereie er sat i gang - men vil også innehalde nye elementer.

Den nye planen skal som tidlegare omfatte heile utdanningssektoren - frå grunnskolen til høgare utdanning.

IKT- tiltak som kan bidra til å få jenter til å velje datafag og tiltak som kan bidra til å gjere opplæringa meir tilpassa jentene sine behov og ønskjer, vil framleis bli prioritert. Erfaringane frå dei særskilde jentetiltaka er positive og vil bli følgt opp vidare. Og vi treng det potensiale som jenter utgjer.

På Høgskolen i Oslo, Avdeling for allmennlærarutdanning har departementet over fleire år finansiert eit utdannings- og etterutdanningstilbod i IKT berre for kvinner. Tilbodet skal nå evaluerast, men har så langt vist seg å vere ettertrakta. Vi har og andre undersøkingar, mellom anna frå Finnmark, som viser at det er viktig å satse på kvinnelege lærarar, spesielt når det gjeld IKT.

I den nye IKT- planen vil kompetanseheving for lærarar bli særleg prioritert. Det vil bli satsa både på å sikre IKT i grunnutdanninga for alle nye lærarar og på å styrkje arbeidet med IKT i etter- og vidareutdanninga for lærarar som er i arbeid.

Det legges opp til økt innsats når det gjeld forsking, forsøk og utvikling for å sikre at vi får kunnskap om nye moglegheiter. Mellom anna skal prosjektet PILOT styrkjast. Dette er eit forsøks- og utviklingsprosjekt for bruk av IKT i grunnskole og vidaregåande skole. Prosjektet har både ein pedagogisk profil og ein distriktspolitisk profil. Utvikling av nettbaserte tilbod som kan medverke til at jenter i distrikta får eit meir variert tilbod er ein av fleire problemstillingar som ligg inne i prosjektet.

Nettbaserte læremidlar og nye elektroniske læringsmiljø er noko det vil bli satsa ekstra på. Også elektroniske støtte- og rettleiingstenester. Eksemplar på slike tenester som vil bli utvikla vidare er:


På utstyrssida og når det gjeld infrastruktur så ønskjer vi ikkje å endre den grunnleggjande arbeids- og ansvarsdeling frå St. meld. nr. 24 (1993-94) i forhold til korleis utstyr skal finansierast. Regjeringa foreslår likevel å gje 20 mill til å styrkje Internett-tilgangen. Mange skolar er redde for å sleppe bruken av Internett laus. Dei er redde for tele-rekningane. Dette gjer vi noko med: Vi gjev alle skolar på ungdomstrinnet 10 000 kr til dekning av telekommunikasjonsutgifter. Vi har snakka med Telenor. Dei lover å gi alle skolar eit tilbod om ordningar med ein maksimalpris på tellerskritt - utgiftene.

Regjeringa vil og i løpet av hausten sette i verk ein landsomfattande ordning med overføring av nyare brukte datamaskiner frå næringslivet og det offentlege til skolane. Brukt-pc- ordninga er ein del av regjeringa si satsing på IKT i skolen, men kjem i tillegg til den fireårige tiltakspakka som fyrst og fremst inneheld tiltak for å heve lærarane sin kompetanse på området.

Det er regjeringa si meining at disse tiltaka til saman vil vere med på å styrkje lærarane sin IKT- kompetanse og slik vil gjere skolen betre rusta for å møte dei krav dagen og framtida stiller. Vi har ein utfordring om å nyttiggjere oss den teknologisk kunnskap og kompetanse. Om vi skal lukkast i dette arbeidet må kvinnelege så vel som mannlege lærarar vere med.