Historisk arkiv

Regjeringa gjeninnfører forenkla førelegg for brot på fartsgrenser til sjøs

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Ved innføringa av ny havne- og farvannslov kunne brot på fartsgrenser til sjøs ikkje straffast med forenkla førelegg. No føreslår Samferdselsdepartementet igjen å innføre denne moglegheita for politiet.

- Trafikktryggleik til sjøs er like viktig som til lands. Difor har vi no jobba for igjen å innføre forenkla førelegg for brot på fartsgrenser til sjøs. Det gjer det enklare å handheve brota for politiet, og bidreg forhåpentlegvis til at fleire held fartsgrensa, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Samferdselsdepartementet fremjar i dag fleire føreslag til endringar i havne- og farvannsloven. Å gjeninnføre forenkla førelegg for brot på fartsgrenser er eitt av dei. I tillegg er det ønskeleg å klargjere heimelen for statleg tilsyn med kommunen sin innkrevjing av farvassavgift og å gje departementet heimel til å gi føresegn om vrakfjerning. Det er òg føreslag om enkelte mindre endringar samt språklege justeringar i nokre føresegner.

For meir informasjon, sjå:

- Prop. 30 L (2020-2021) Endringer i havne- og farvannsloven mv. (håndheving av fartsovertredelser mv.)