Historisk arkiv

Svar på spørsmål om eit norsk Tisa-mandat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Skriftleg spørsmål nr. 998 (2014-205)

Utanriksminister Børge Brendes svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om det finnes eit norsk mandat for Tisa-forhandlingane, og når dette dokumentet er skriven.

Skriftleg spørsmål nr. 998 (2014-205).
Datert 20.05.2015

Fra representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren:
Kan utanriksministeren svare ja eller nei på om det finnes eit norsk mandat for Tisa-forhandlingane, og fortelje når dette dokumentet er skriven?

Utanriksministerens svar:
Ja, det finnast eit norsk mandat for Tisa-forhandlingane. Det vart skrive i november 2013 då regjeringa stadfesta mandatet til å ta del i forhandlingane, i samband med at vi la fram vårt opningstilbod. Grunnlaget for denne avgjerda, og regjeringa sine overordna posisjonar i forhandlingane, blei offentleggjorde 17. mars 2015 på regjeringa si nettside. Dette er det gjeldande norske mandatet i forhandlingane.

Det norske opningstilbodet blei også offentleggjort like etter at det blei lagt fram i november 2013.

Avgjerda om at Noreg skulle ta del i Tisa-forhandlingane då dei tok til våren 2013, blei fatta av Stoltenberg II-regjeringa.