Historisk arkiv

Sterk tru på Norden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Innlegg i VG, 7. juni 2016

Det nordiske samarbeidet kviler på ei djup folkeleg forankring, stor tverrpolitisk vilje og eit udiskutabelt interessefellesskap, skriv EØS- og EU-minister Elisabeth Aspaker.

Det er liv i debatten om nordisk samarbeid. Forretningsmann Petter Stordalen drøymer stort om nordisk økonomi og identitet. Redaktør Hilde Sandvik spør om ikkje eit nytt nordisk fellesskap kan vera løysinga på dei sosiale, økonomiske og politiske utfordringane som pregar Europa. Leiar ved Nupi Ulf Sverdrup meiner at geopolitikken peikar i retning av ein nordisk renessanse i utanrikspolitikken.

Stordalen, Sandvik og Sverdrup har rett i at vi lever i ei tid med store utfordringar. Vi skal lukkast med eit grønt skifte og sikre global konkurransekraft i overgangen til lavkarbonsamfunnet. Vi treng eit Europa som har stål i ryggraden og vilje til samarbeid når fellesskap og verdiar vert utfordra. Og vi skal sikre stabilitet og tryggleik i ei tid der globaliseringa medfører at verda kjem raskare til våre kystar enn før.

Som statsråd for nordisk samarbeid og EU- og EØS-saker ynskjer eg desse perspektiva svært velkomne. Dei er i tråd med mine ambisjonar. Dei reflekterer også tilslaget i det nordiske samarbeidet i dag.

Dei nordiske landa er dei viktigaste handelspartnarane og strategiske investorar for kvarandre. Grensekryssande innovasjons- og kompetansemiljø har stort potensiale for vidare utvikling. Difor arbeider vi systematisk for å fjerne hinder for vekst. Vi møter dei sosiale utfordringane gjennom ei storstila nordisk satsing på samarbeid om integrering og inkludering. Det europapolitiske samarbeidet er styrka, nettopp fordi Europa sine utfordringar også er Norden sine utfordringar. Det var på grunn av den sterke nordiske røysta internasjonalt at president Obama gav ein av sine sjeldne statsmiddagar i Det kvite hus til dei nordiske statsministrane.

Det nordiske samarbeidet kviler på ei djup folkeleg forankring, stor tverrpolitisk vilje og eit udiskutabelt interessefellesskap. Ja, det er skilnader mellom landa. Det skal det vera, det reflekterer at det er tale om fem demokrati som tar sine suverene val. Desse skilnadane fører oss ikkje frå kvarandre, men dei føreset at vi utviklar samarbeidet kontinuerleg. Nordisk ministerråd er navet i samarbeidet. Generalsekretær Dagfinn Høybråten gjer ein framifrå innsats for å sikre at nordiske løysingar også i framhaldet tener til ein betre nordisk kvardag og til inspirasjon for andre.

Til neste år overtar Noreg formannskapet i det nordiske samarbeidet etter Finland. Vi vil bruke dette til å gjere dei nordiske svara på våre sams utfordringar endå tydelegare, til å gjere den nordiske røysta endå klarare. Eg ser fram til fleire bidrag frå Stordalen, Sandvik, og Sverdrup og frå mange andre til det nordiske ordskiftet. Samla sett bidreg dette til å gjere den nordiske identiteten sterkare.