Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

NTP: Farleier for sikker og effektiv sjøtransport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

- Regjeringa satsar på sikker og effektiv sjøtransport og styrkjer derfor løyvingane til farleiutbetringar langs kysten kraftig. I Nasjonal transportplan 2010-2019 blir det sett av gjennomsnittleg 286 mill. kr årleg til tiltak som skal gjere det tryggare og raskare å ferdast sjøvegen, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

I første del av tiårsperioden blir det planlagt større tiltak i tilknyting til Lepsøyrevet nord for Ålesund der farleia skal utdjupast og innseglinga til Borg havn ved Fredrikstad/Sarpsborg skal gjerast djupare og breiare. Regjeringa ønskjer også å sjå fjerning av farleihindringar i samanheng, slik at lengre strekningar kan opnast for trafikk av større fartøy. Regjeringa foreslår derfor fleire tiltak i farleia i Karmsund, og i stamleia på innsida av Senja til Tromsø.  Det er også foreslått tiltak som vil leggje til rette for meir effektiv hurtigbåttrafikk.

Første del av planperioden 2010 – 2013

Prosjekt

Omtale

Fylke

Gisundet/Rystraumen

Lei

Troms

Salttønna, Svolvær

Innsegling

Nordland

Måløysundet (Trollebøflua)

Hovudlei

Sogn & Fjordane

Måløysundet (under Måløybrua)

Hovudlei

Sogn & Fjordane

Vatlestraumen

Hovudlei

Hordaland

Harstadbotn, Harstad

Innsegling til fiskerihamn

Troms

Karmsundet/Husøy/ Melandsflua

Innsegling

Rogaland (Igangsetjing)

Karmsundet / Nord om Karmsund bru

Innsegling

Rogaland

Karmsund (V. Storesundflu)

Hovudlei

Rogaland

Åramsundet del 1

Hovudlei

Møre & Romsdal

Skatestraumen/Hornellflua

Hovudlei

Sogn & Fjordane

Flora/Leiskjærgrunnen

Hovudlei

Sogn & Fjordane

Lepsøyrevet

Hovudlei

Møre & Romsdal

Torgværleia

Hovudlei

Nordland

Sandnessundet

Hovudlei

Troms

Finnsnesrenna

Hovudlei og bilei

Troms

Borg havn, Røsvikrenna, del 1

Hovudlei/ innsegling

Østfold

 

Andre del av planperioden 2014 - 2019

Prosjekt

Omtale

Fylke

Karmsundet/Husøy/ Melandsflua

Innsegling

Rogaland (Ferdigstilling)

Honningsvåg havn

Utdjuping i hamn

Finnmark

Borg havn Videgrunnen/Røsvikrenna,del 2

Hovudlei/innsegling

Østfold

Innsegling til Oslo - Gåsøyrenna

Hovudlei/innsegling

Akershus

Innsegling Farsund

Hovudlei/innsegling

Vest-Agder

Innsegling Bodø havn

Hovudlei/innsegling

Nordland

Innsegling Ålesund

Utdjuping i havn

Møre & Romsdal

Tana

Bilei/ innsegling

Finnmark

Tjeldsundet nord, Harstad

Hovudlei

Troms

Leiskjærgrunnen, Åfjord del 1

Hovudlei

Sør Trøndelag

Risværflua, Nærøy

Hovudlei

Nord-Trøndelag

Ytre Steinsund, Solund

Hovudlei

Sogn & Fjordane

Skatestraumen (Skaten), Bremanger

Hovudlei

Sogn & Fjordane

Djupflua, Giske

Hovudlei

Møre og Romsdal

Olstokvær, Meløy

Hovudlei

Nordland

Ringholmen, Aure

Bilei, hurtigbåtlei

Møre & Romsdal

Grøtøyleia, Steigen

Bilei/ hurtigbåtlei

Nordland

Vaulane, Herøy

Bilei

Møre og Romsdal

Haverskjærgrunnen/Humulråsa

Hovudlei

Nord-Trøndelag

Raftsundet, Hadsel/Vågan

Hovudlei

Nordland

Innsegling til Grenland

Hovudlei/innsegling

Telemark

Innsegling til Stavanger havn Risavika

Hovudlei/innsegling

Rogaland

Innsegling til Bergen (Færøyfluene)

Hovudlei

Hordaland

Utdyping i Bodø havn

I havn

Nordland

Stad skipstunnel

Hovudlei

Sogn & Fjordane

 

Til toppen