Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

11 månaders utdanningsstøtte og 1300 nye studentbustader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa vil innføre 11 månaders utdanningsstøtte. Det vil gjere det enklare å studere på heiltid. I tillegg foreslår regjeringa å løyve pengar til om lag 1300 nye studentbustader i 2014.

Regjeringa vil innføre 11 månaders utdanningsstøtte. Det vil gjere det enklare å studere på heiltid. I tillegg foreslår regjeringa å løyve pengar til om lag 1300 nye studentbustader i 2014.

– 11 månaders utdanningsstøtte er noko studentane har ønskt i lang tid. Innføringa betyr at det vil kome ei ekstra utbetaling av studiestøtte i juni på toppen av det studentane får i dag, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Regjeringa foreslår òg å prisjustere utdanningsstøtta for å halde oppe kjøpekrafta til studentane. Prisjusteringa og utvidinga til 11 månader fører til at basisstøtta aukar med over 11 000 kroner til 105 600 kroner i året i 2014–2015.

Regjeringa vil satse vidare på studentbustader ved å auke finansieringa for 2014 med 100 millionar kroner i forhold til budsjettet som blei vedteke i fjor. Budsjettramma blir dermed på 359 millionar kroner, noko som vil gi om lag 1300 nye studentbustader. 

– Med dette har vi overoppfylt Soria Moria II ved å gi tilsegn om tilskot til over 1000 studentbustader kvart år sidan 2008, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

På grunn av høgare byggjekostnader foreslår regjeringa å auke dagens kostnadsrammer for oppføring av studentbustader med 100 000 kroner per hybeleining. Regjeringa vil dessutan auke statstilskotet per hybeleining med 20 prosent. Det vil sikre studentane ei rimeleg husleige vidare òg.

Studentar med barn har spesielle behov, og regjeringa er oppteken av at det skal bli lagt godt til rette for dei som får barn i studietida. Regjeringa vil utvide perioden med foreldrestipend gjennom Lånekassen med fem veker, frå 44 til 49 veker. Dette gjeld elevar og studentar som får barn frå hausten 2014.

Regjeringa foreslår å innføre støtte til det første året (freshman) av bachelorutdanning av høg kvalitet i USA. Talet på universitet og høgskolar der norske studentar kan få støtte til freshman-året, kjem til å auke betydeleg: frå 60 til opp mot 400. Regjeringa foreslår å løyve 14,8 millionar kroner til tiltaket i 2014.

Til toppen