Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

138 000 kroner i bulystmidlar til omdømmekurs for politikarar i Finnmark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eit av desse prosjekta kjem frå Høgskulen i Finnmark, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eit av desse prosjekta kjem frå Høgskulen i Finnmark, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Finnmark fylkeskommune skal samarbeide med Høgskulen i Finnmark om eit spennande omdømmeprosjekt. Gjennom sitt arbeid har forskaren Mai Camilla Munkejord utvida vår forståing av kva som kan liggje i det gode liv i nord. Ho har funne ut at ulike lokalsamfunn i Finnmark har særeigne kvalitetar som tilflyttarar set pris på. 

- Det er derfor ein god ide å dele denne kunnskapen med lokale og regionale folkevalde som skal bidra til bulyst rundt om i dei ulike lokalsamfunna i Finnmark frå hausten av. Eg har sjølv hatt gleda av å møte Mai Camilla Munkejord. Eg trur alle som får høve til å vere med på dette prosjektet berre kan byrje å glede seg, avsluttar statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen