Historisk arkiv

Etnedal kommune får 600 000 kroner til spanande integreringsprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse prosjekta kom frå Etnedal kommune, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse prosjekta kom frå Etnedal kommune, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Variasjonen på både tema og geografi har vore stor. Tema som omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling samt prosjekt for å skaffe bustader har det vore særleg stor interesse for. I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar.

Integrering av innvandrar og flyktningar er eit høgt prioritert innsatsområde i bulystsatsinga. Om lag 70% av folketilveksten i Noreg kjem frå innvandring frå utlandet. Gode strategiar for å integrere flyktningar og innvandrar i norske lokalsamfunn er derfor ein viktig strateg i distriktspolitikken. Arbeid er den viktigaste faktoren for å få tilknyting til ein stad.

Etnedal vil gå ut med ei målretta og direkte rekruttering av folk som kan gå inn i yrke det er stor etterspurnad etter lokalt. - Det er ein god ide i område der arbeidsmarknaden er avgrensa, med sikte på å lette moglegheitene for flyktningar å kome inn på den lokale arbeidsmarknaden, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.