Historisk arkiv

Julehelsing frå statsråden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunesektoren står framfor mange omfattande utfordringar i framtida. Dei omskiftelege tidene me lever i krev at ein evnar å tenkje nytt kring strukturar og måten vi gjer ting på. Det er difor viktig å jobba med utvikling på ein god måte og heile tida vere merksam på korleis ein kan løyse oppgåver på ein enklare og betre måte.

Liv Signe Navarsete
Liv Signe Navarsete (foto: KRD/Torbjørn Tandberg).

Kommunesektoren står framfor mange omfattande utfordringar i framtida. Dei omskiftelege tidene me lever i krev at ein evnar å tenkje nytt kring strukturar og måten vi gjer ting på.

Det er difor viktig å jobba med utvikling på ein god måte og heile tida vere merksam på korleis ein kan løyse oppgåver på ein enklare og betre måte.

Eg har stor tru på at kommunane klarar å løyse mange av desse utfordringane gjennom samarbeid på lokalt plan. Eg har også stor tru på at dei som handsamar utfordringar lokalt best veit kor skoen trykkjer. Det er dei som er best eigna til å finna løysingar. Dette gjeld både politikarar, administrasjonen og dei tilsette og tillitsvalde.

Dei tre partane har vanlegvis sine definerte roller. Men utviklingsarbeid, innovasjon og omstilling er noko anna enn den daglege drifta. Her handlar det om å samarbeide om å løyse eit problem på tvers av organisasjonar og roller. Partane bringar med seg ulik kunnskap og syn inn i eit felles prosjekt med eit definert, felles mål.

Erfaringa frå Saman om ein betre kommune er at prosjekta er mykje betre forankra i kommunar der alle partar er sterkt involverte. God forankring inneber at kommunen oppnår meir fordi alle kjenner eigarskap til mål og tiltak. Dette gjer det lettare å realisere dei gevinstane prosjektet gjer inn i den ordinære drifta. Meir forankring gjev mindre motstand og betre gjennomføring.

Saman om ein betre kommune tel no 109 deltakarkommunar. Me kan sjå tilbake på eit år kor kommunane i fyrste pulje har kome godt i gong med utviklingsarbeidet. I Molde brukar dei metodikken i Saman om ein betre kommune som verkty innan ei rekkje ulike prosjekt, til dømes innovasjon. I kommunen har tillitsvalde, leiinga og politikarar i ei årrekkje jobba med utviklingsprosjekt. Resultatet av tilliten mellom dei tilsette og leiinga er ein svært utviklingsorientert kommune som får til mykje nyskapande arbeid.

Mandal  kommune har gode resultat i sitt innovative arbeid med sjukefråvere. Kommunen har i nær ti år hatt kontinuerleg merksemd på arbeidsmiljø, førebygging og helsefremmande aktivitetar. Suksessen deira er eit prov på at utviklingsarbeid handlar om langsiktig jobbing og eit godt samarbeid. Introduksjonen av 365 dagar med eigenmelding for dei tilsette vitnar ikkje minst om ein imponerande tillit mellom partane. Det håpar eg andre kommunar vil la seg inspirere av.

Med dette vil eg ynskje dykk alle ei fin og fredfull høgtid og eit godt nytt år!

 

Med dei beste helsingar,

Liv Signe Navarsete