Erklæring frå EU-formannskapet etter tropestormen Stan

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar:

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen etter tropestormen Stan

Den europeiske unionen ønskjer å gje uttrykk for si djupe medkjensle med og støtte til ofra for den tropiske stormen Stan og sin solidaritet med folket og regjeringane i dei landa som er råka. Vår medkjensle går til familiane og venene til dei som miste livet som følgje av stormen, og til dei mange tusen som har fått heimane sine og levebrødet sitt øydelagde av denne katastrofen. Kommisjonen og ei rekkje av medlemsstatane har allereie stilt til rådvelde økonomiske midlar og anna støtte. EU er parat til å vurdere å gje meir hjelp dersom unionen vert oppmoda om det, ut i frå ei vurdering av hjelpebehovet.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.