Erklæring frå EU-formannskapet i høve rettssaka mot medlemmer av partiet Sam Rainsy i Kambodsja (19.08.05)

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar:

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen i høve rettssaka mot medlemmer av partiet Sam Rainsy i Kambodsja (19.08.05)

Den europeiske unionen seier seg lei for den måten rettssaka mot medlemmene av opposisjons­partiet Sam Rainsy, Cheam Channy og Khom Piseth, vart gjennomført på, og for dommen som vart avsagt over dei av ein militærdomstol i Phnom Penh 9. august, etter skuldingar om organisert kriminalitet (verving til ein illegal militær styrke) og bedrageri.

Dommen er lite tillitvekkjande ettersom militærdomstolen ikkje har teke omsyn til ei rekkje av dei juridiske rettane til dei tiltalte. Den europeiske unionen er også uroa over mangelen på eit effektivt fungerande rettsvesen i Kambodsja og politiseringa av dei væpna styrkane. Unionen legg vekt på ei klar maktfordeling og uavhengige domstolar, og at domstolane og dei væpna styrkane ikkje vert nytta for politiske føremål.

Vi merkjer oss at Cheam Channy og Khom Piseth kan anke dommen til den sivile appelldomstolen og be Hans Majestet Kongen og statsoverhovudet om ettergjeving av straffa.

Den europeiske unionen rettar ei inntrengjande oppmoding til den politiske leiarskapen i Kambodsja om å tillate alle politiske parti å operere utan hindringar eller trugsmål. Unionen uttrykkjer håp om at alle politiske leiarar vil erkjenne si plikt til å utøve sine respektive funksjonar i samsvar med lov og rett og på ein konstruktiv måte, for å skape ei harmonisk nasjonal utvikling.

Den europeiske unionen vil halde fram med å følgje nøye med på det som skjer i Kambodsja.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.