Erklæring frå EU-formannskapet om fengslinga av demonstrantar på Maldivane (26.05.06)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar:

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om fengslinga av demonstrantar på Maldivane

06.06.06

I løpet av dei siste månadene har dei maldiviske tryggingsstyrkane fleire gonger slått ned på fredelege samkomer i Malé. EU er svært uroa over dei mange arrestasjonane av fredelege demonstrantar som tryggings­styrkane har gjennomført den siste tida. Desse arrestasjonane skaper ein atmosfære av frykt og redsle blant sivilbefolkninga, og dei er i strid med ånda i regjeringas køyreplan for reformagendaen som vart offentleggjort i mars 2006.

EU ser på ytringsfridomen og forsamlingsfridomen som grunnleggjande demokratiske rettar som berre har meining dersom folk kan gjere bruk av desse rettane utan frykt og redsle. Tryggingsstyrkane til den maldiviske regjeringa reiser med sine handlingar alvorleg tvil om regjeringa verkeleg meiner noko med reformprosessen.

EU oppmodar den maldiviske regjeringa til å handle i samsvar med ånda i regjeringas køyreplan for reformagendaen, og skape ein gunstig atmosfære for dei politiske reformene som regjeringa har forplikta seg til å gjennomføre.

EU vurderer det som viktig at regjeringa på dette stadiet viser folket på Maldivane ei klart meir imøtekomande haldning til politisk opposisjon. Det er også viktig at opposisjonen på si side viser eit konstruktivt engasjement.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosierings­prosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.