Erklæring frå EU-formannskapet om kunngjeringa av dei endelege resultata frå valet i Irak 15. desember 2005 (15.12.05)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om kunngjeringa av dei endelege resultata frå valet i Irak 15. desember 2005

Den europeiske unionen seier seg glad for kunngjeringa frå Den uavhengige valkommisjonen i Irak med dei endelege resultata frå valet 15. desember 2005.

Den europeiske unionen rosar folket i Irak for motet og viljestyrken dei har vist ved å møte fram og delta i valet. Den europeiske unionen erkjenner den viktige rolla som Iraks uavhengige valkommisjon og FNs bistandssendelag for Irak har spela i arbeidet med å leggje til rette for ei effektiv gjennomføring av dette valet.

Den europeiske unionen ber om at det snarast råd og på konstitusjonelt grunnlag vert utnemnt ei fullt ut representativ regjering, og at det i denne prosessen vert teke omsyn til behovet for at alle relevante politiske grupperingar som arbeider for å nå sine mål med fredelege og demokratiske middel, vert inkluderte og får ta del i arbeidet.

Den europeiske unionen stadfester på nytt at unionen, slik det går fram av Rådets konklusjonar frå 30. - 31. januar 2006, er reie til å støtte det irakiske folket i arbeidet for å få til ei enda breiare semje om framtida til landet, m.a. gjennom ein grundig og open gjennomgang av forfatninga. EU oppmodar det internasjonale samfunnet om å støtte den nye irakiske regjeringa og representant­rådet. Rådet gir derfor si fulle støtte til Den arabiske liga sitt arbeid for å kalle saman til ein konferanse om nasjonal einskap i byrjinga av 2006. Rådet er framleis fast bestemt på å støtte den politiske overgangen i Irak og den økonomiske og sosiale gjenreisinga av landet. Rådet minner om den støtta som allereie vert gitt gjennom EUs samordna prosjekt for ein rettsstat i Irak (EUJUST LEX), og gjennom støtte til den politiske prosessen og til arbeidet for å betre tilgangen på grunn­leggjande tenester. Rådet ønskjer òg framleis å ha ein regelmessig politisk dialog gåande med Irak, i samsvar med den felles erklæringa frå EU og Irak, og å opprette eit samkvem med Irak som er basert på avtalar med landet.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.