Erklæring frå EU-formannskapet om presidentvalet i Kviterussland (22.03.06)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar:

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om presidentvalet i Kviterussland

Den europeiske unionen har notert seg dei førebelse konklusjonane frå OSSE/ODIHR sitt internasjonale valobservatørsendelag, som slår fast at presidentvalet i Kviterussland ikkje har vore i samsvar med retningslinjene for demokratiske val som landet har forplikta seg til å følgje innanfor ramma av OSSE.

Den europeiske unionen seier seg samd i denne vurderinga. Særleg seier unionen seg lei for det OSSE-observatørane ser på som vilkårleg bruk av makt frå staten si side, mangelen på like vilkår for aktørane, den systematiske trakasseringa, undertrykkinga av uavhengige røyster og problema med førehands­røystinga, oppteljinga av røystene og offentleggjeringa av valresultatet. Unionen seier seg òg lei for at førehandsmeldte og registrerte observatørar frå OSSE og EU, blant dei medlemmer av Europaparlamentet, ikkje fekk tilgang.

Ut i frå dette vurderer Den europeiske unionen det slik at det var fundamentale manglar ved presidentvalet i Kviterussland.

På denne bakgrunnen vil Den europeiske unionen vurdere restriktive tiltak overfor dei som var ansvarlege for brota på internasjonale normer for gjennomføring av val, i samsvar med konklusjonane frå Rådet 30. januar 2006 og 7. november 2005. Vi vil gjere dette i nært samarbeid med våre internasjonale partnarar, særleg USA.

Den europeiske unionen er interessert i å utvikle nærare band til folket i Kviterussland, og unionen seier seg derfor lei for at dei kviterussiske styresmaktene fører ein politikk som isolerer landet. Unionen er særleg skuffa over at framferda til dei kviterussiske styresmaktene hindrar at folket i Kviterussland kan nyte godt av den europeiske naboskapspolitikken.

Under denne valkampen har Den europeiske unionen vore vitne til at det har dukka opp pluralistiske krefter, og at det har utvikla seg ein reell kviterussisk opposisjon og eit politisk aktivt sivilsamfunn. Opposisjonskandidatane og tilhengjarane deira har, under svært vanskelege tilhøve og med stor risiko for seg sjølve, gitt folket i Kviterussland eit demokratisk alternativ. Deira innsats fortener vår ros og vår støtte. Den europeiske unionen lovar å auke støtta til sivilsamfunnet i Kviterussland og demokratiseringa av landet.

Den europeiske unionen ber innstendig styresmaktene i Kviterussland om å la folket i landet få nyte godt av retten til forsamlings- og ytringsfridom, i tråd med det landet har forplikta seg til innanfor ramma av OSSE. Unionen er svært uroa over at den kviterussiske regjeringa held fram med å true og internere dei som gjer bruk av sine politiske rettar. Vi oppmodar dei kviterussiske styresmaktene til straks å setje fri alle dei som alt er internerte. Unionen oppmodar òg sine internasjonale partnarar, og særleg dei andre grannelanda til Kviterussland, om å følgje same linje overfor landet.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.