Erklæring frå EU-formannskapet om ytringsfridomen i Den demokratiske republikken Kongo (DRC)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om ytringsfridomen i Den demokratiske republikken Kongo (DRC)

Den europeiske unionen er uroa over ytringsfridomens kår i Den demokratiske republikken Kongo. Mellom januar og august 2005 rapporterte Journalistes En Danger (JED) om 37 tilfelle der journalistar var fengsla, mot 23 slike tilfelle i heile 2004.

Retten til å uttrykkje seg fritt er grunnleggjande for demokratiet og ein fundamental rett som er nedfelt i Den internasjonale menneskerettserklæringa, Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar og i Den afrikanske pakta om menneskerettar og folka sine rettar, som Den demokratiske republikken Kongo som stat er part i. Ytringsfridom er òg ein føre­setnad for verkeleggjeringa av utviklingsmåla frå Tusenårserklæringa.

EU støttar prinsippa i FNs erklæring om enkeltmenneske, grupper og samfunnsinstitusjonars rett til og ansvar for å fremje og verne om universelt godkjende menneskerettar og grunnleggjande fridomar, som FNs generalforsamling vedtok i 1999.

Vern av ytringsfridomen vil vere svært viktig under førebuinga av valet i Den demokratiske republikken Kongo. Den europeiske unionen støttar arbeidet til Haute Autorité des Medias (HAM). HAM spelar ei nøkkelrolle, og EU oppmodar HAM til å overvake media på ein objektiv og upartisk måte under førebuinga til valet, for å sikre at alle partia har same tilgang til sendetid, og for å forhindre at det vert spreidd hat gjennom media. HAM spelar ei særleg viktig rolle i overvakinga av sendingane til det statseigde Radio Television Nationale Congolaise (RTNC), for å sikre at ikkje noko einskilt parti får privilegert tilgang til sendingane, til skade for andre parti. EU oppmodar difor HAM om å sørgje for at vilkåra for tilgang til og deltaking i RTNC sine sendingar respekterer prinsippa om upartisk og lik behandling. Vidare rettar unionen ei inntrengjande oppmoding til HAM og alle partia om å gjere alt dei kan for å forhindre at språkbruk som kan provosere fram etnisk og annan uro, vert brukt under sendingane i dei ulike mediekanalane.

EU merkjer seg med uro konfliktane den siste tida mellom HAM og informasjons­departementet. EU vil gjerne understreke at det er viktig at begge organa samarbeider på ein positiv måte og respekterer sine eigne og motpartens roller og grenser. EU merkjer seg vidare den viktige rolla til andre kongolesiske organisasjonar når det gjeld regulering, organisering og vern av media og av journalistar. Det gjeld Observatoire des Medias Congolais (OMEC), L'Union Nationale de Presse Congolaise (UNPC) og Journalistes en Danger.

EU oppmuntrar til og støttar innsats frå alle delar av media og frå regjeringa for å sikre ytringsfridomen og forhindre at journalistar vert forfølgde.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.