NOU 2017: 17

På ein søndag? — Reglane om søndagshandel og konsekvensane av endringar

Til innhaldsliste

2 Historia om opningstidsreglane

2.1 1000-talet – Gulatingslova

Gulatingslova er samlinga av reglane som gjaldt for dette området fram til 1274. Nedskrivinga tok truleg til i siste halvdel av 1000-talet.1 Lova hadde eit eige kapittel «um sundagshald».2

«Det er no dinæst at kvar sjuande dag er heilag, og den dagen kallar me sundag. 2. Men laurdagen fyre skal vera heilag frå non [dvs. kl. 15], når ein tridjepart av dagen er att, og måndagsnatti til hane-otta; so ein ikkje skal arbeida, fanga korkje fisk eller fugl og arbeide korkje på åker eller eng, anna enn dette som er gjort til undantak: um folk ror si leid og har snøre utanbords eller ror med farm som er lasta på ein vyrkedag. 3. Men um dei kjem heim medan det er helg og der er hamnlaus stad, då skal dei kasta farmen upp or flodmålet og berga skipet sitt; eller folk fer si leid landvegen og driv hest med kløv som er bundi på ein vyrkedag. 4. Den som vert sannskyldig i det at han arbeider på sundag, han skal bøta 6 øyrar for det og gå til skrifte og bøta til Krist. 5. Men um ein manns utanlandske træl arbeider utan at drotten vil det, då skal han slå hudi av han eller bøta 3 øyrer til biskopen.»

Ein skulle ikkje arbeide på søndagar.

2.2 1687/1735 – Norske Lov / Sabbatsforordninga

I dag er vi vane med at gudstenesta tek til kl. 11 og varer i inntil halvannan time. På 1600-talet begynte den store gudstenesta (høgmessa) kl. 09, i alle fall i byane.3 På 1800-talet begynte gudstenesta ein time seinare om vinteren. På landet varierte når gudstenesta begynte frå kl. 09 til kl. 11. Gudstenestene varte mykje lenger enn i dag fordi dåp, vigsel og gravferd skulle skje under høgmessa. Dessutan blei det gjerne preika ein time eller meir.

Etter Norske Lov 6-3-1 og sabbatsforordninga av 12. mars 1735 hadde alle plikt til å gå i kyrkja på søndagar og heilagdagar. Kyrkja var staten sin reiskap for ro og orden. Lova innebar den gongen som i dag forbod mot utilbørleg støy, særleg når det forstyrra gudstenesta.4 Å forstyrre eller ikkje møte opp til gudstenesta var straffbart. Komedie, skodespel, ball, maskerade «og slig Leeg og Tidsfordriv» var forbode på søn- og heilagdagar og aftnane før.5 Først kl. 17 kunne vertskapet på «Viin-, Thee-, Caffe-, Brændeviins- og Øl-huse» servere gjestane sine på søn- og heilagdagar – og då til «Maadelighed, men ei til Drukkenskab».

Sabbatsforordninga blei etter kvart tolka slik at utsalsstader måtte halde stengt kl. 10–13 på søn- og heilagdagar.6 Det var forbode med kjøp og sal i næring før «Aftensang er ude».7 Tidleg på 1900-talet definerte Absalon Taranger at aftansongen var over kl. 17 eller 18.8 I hundreåra før kom aftansongen tidlegare på søndagen og var over ein gong mellom kl. 14 og kl. 15.9 Utover på 1800-talet blei det færre gudstenester utanom høgmessa. Høgsterett avklarte i 1883 at der det ikkje blei halde aftansong, gjaldt forbodet til høgmessegudstenesta var over, sjå Rt. 1883 side 513.10 Dette innebar at handel var lov på søndagar etter omkring kl. 13.

2.3 1897 – Forbod mot å arbeide på julaftan

Handel og næringsverksemd blei med denne lova i hovudsak forbode etter kl. 18 på julaftan. Formålet var å hindre «overbebyrdelse» og «overanstrængelse», sjå Ot.prp. nr. 23 (1897) og Innst. O. nr. 62 (1897). Proposisjonen peiker på at alle næringsdrivande blir underlagde dei same grensene.

Tidleg på 1800-talet budde dei som arbeidde i handelen, gjerne hos eigaren og hjelpte til i butikken. Ein del av mennene førebudde seg på ein karriere som sjølvstendige næringsdrivande, men det var ikkje mogleg for kvinnene. Dette er blitt omtalt som patriarkalske forhold.11 I løpet av siste halvdel av 1800-talet blei det klarare at dei som arbeidde i varehandelen, måtte reknast som tilsette, og mange arbeidde som underordna butikktilsette heile yrkeslivet.

Butikkane hadde lange opningstider og dei tilsette tilsvarande lange dagar. Før hundreårskiftet var vanleg stengjetid kl. 20 måndag til fredag og kl. 22 på laurdagar.12 Den Kvinnelige Handelsstands Forening i Oslo (stifta 1890) arbeidde for at Stortinget skulle fastsetje 68 timar per veke som øvre grense for arbeidstida for å unngå arbeidsveker på opptil 102 timar.13 Krav om lønn var den gongen ikkje noko denne delen av fagrørsla arbeidde med.14 Også nokre av kjøpmennene arbeidde i 1885 for kortare opningstider, i alle fall i Trondheim.15 Etter at dei tilsette engasjerte seg, kunngjorde ei rekkje verksemder i 1894 i avisa at dei ville stengje butikkane kl. 19, med unntak av marknads- og juleveka.

2.4 1900 – Opningstidene kunne regulerast av kommunane med kongeleg stadfesting. Næringsdrivande hadde vetorett

Fram til lov om lukningstid for utsalgssteder av 31. mai 1900 nr. 7 var det ingen andre grenser for opningstidene enn dei som følgde av sabbatsforordninga.16 Kravet i sabbatsforordninga om å halde stengt kl. 10–13 på søndagar gjaldt formelt fram til 1965. Det var heller ingen føresegner om arbeidstida for vaksne arbeidarar i lov av 27. juni 1892 om Tilsyn med Arbeide i Fabriker m.v. Søndags- og overtidsarbeid blant butikk- og kontortilsette var utbreidd, og departementet uttalte at:

«(…) en begrænsning ma antages at være paakrævet. Af de indkomne erklæringer fremgaar nemlig, at den ugentlige arbeidstid kan gaa op til over 100 timer, og at der paa enkelte dage arbeides indtil 18 timer uden anden afbrydelse end den fornødne spisetid.»17

Ei høyring viste at både tilsette og dei som dreiv utsalsstadene, ønskte ei regulering av arbeidstida. Det blei vist til at dei urimeleg lange arbeidsøktene var eit resultat av skarp konkurranse, og at ei regulering også ville vere ein fordel for «principalerne selv».18 Det som vog tyngst for departementet mot regulering, var omsynet til publikum, særleg dei som ikkje hadde råd til å halde tenestefolk, men departementet slo seg til ro med at det knapt kunne bli tale om å stengje utsalsstadene før éin til to timar etter at fabrikkdagen var over – kl. 18 eller 19.19

Departementet viste til problem med å handheve reglane som grunngiving for at berre utsalsstader og ikkje andre arbeidsplassar med tilsvarande lange arbeidstider blei regulerte i lova. Som argument for reguleringa blei det vist til at det ikkje ville vere til skade for konkurransen at dei same rammene for opningstidene skulle gjelde for alle.20

Hovudgrepet i lova var at kommunane kunne fastsetje stengjetidene for utsalsstadene. Desse kommunale vedtektene måtte stadfestast av Kongen. Kommunane hadde likevel ikkje fullmakt til å fastsetje ei vedtekt om lukketider dersom ein tredel av dei fastbuande næringsdrivande som ville bli omfatta av vedtekta, erklærte seg imot. Med andre ord hadde eit mindretal i den lokale handelsstanden vetorett.21

Stortingskomiteen viste til at ein i andre land hadde sett spørsmålet om opningstider i samanheng med arbeidstidsordningar. Sjølv om komiteen fann at reglar om slike spørsmål burde vurderast her heime, slutta komiteen seg til proposisjonen («for tiden»).22

Boks 2.1 1900-lova lydde slik då ho blei vedteken:

§ 1 Vedtægt om lukningstid for udsalgssteder1 inden en kommunes ommraade kan fastsættes av kommnestyret med stadfæstelse af kongen. Vedtægten kan omfatte alle eller visse slags af de udsalgssteder, som findes inden kommunen, i landdistriktene enten inden hele herredet eller inden dele af dette.

Saadan vedtægt kan ikke fastseættes, ifald en tredjedel af de fastboende næringsdrivende, hvis bedrift vilde omfattes af vedtægten, paa forhaand erklærer sig derimod.

Regler om maaden, hvorpaa disse erklæringer skal indhentes, gives af vedkommende regjeringsdepartement. De med indhentelsen forbundne omkostninger utredes af kommunekassen.

Forandring i gjældende vedtekt maa for at blive gyldig fastsættes af kongen.

§ 2 Vedtægten kan fastsætte de klokkeslet, indenfor hvilke vedkommende udsalgssteder skal holdes lukkede, samt forbud mod at holde udsalgsssteder aabne paa visse dage i aaret eller mellem visse klokkeslet på disse dage.

Aabnings- og lukningstiden kan fastsættes forskjellig for de forskjellige forretningsgrene, for de forskjellige aarstider og for de forskjellige dage i ugen. Inden samme forretningsgren skal dog reglerne altid omfatte og være ens for samtlige handlende.2

Dispensation fra regler i vedtægten kan for kortere tidsrum meddeles af amtmanden, for enkelt leilighed paa landet af lensmanden og i byerne af politimesteren.

§ 3 Overtrædelse af vedtægten straffes med bøder og paatales efter de for politisager gjældende regler.

1 I merknadene slo departementet fast at utsalsstad skulle forståast i vidaste betydning, «forat ikke en uberettiget konkurrance skal oppstaa». Dette innebar at også såkalla omførsel (mellombelse telt osv.) og «selvvirkende apparater» skulle vere omfatta, sjå Ot.prp. nr. 16. (1899/1900) side 12–13. Det blei vist til at sal frå automatar kunne skape «uberettiget konkurrance». (I Rt. 1931 side 380 var eit spørsmål om eit apparat som trong tilsyn i driftstida, var å rekne for ein automat som ikkje blei regulert av opningstidsreglane.) Det var ikkje behov for å gjere unntak for billettutsal på teater og jernbane, for apotek, restaurantar osv. fordi departementet kunne gjere unntak (dersom kommunane gløymde det) for utsal som ikkje burde omfattast av påbodet om å halde stengt.

2 I merknadene slo departementet fast at det ikkje skulle vere unntak for nokon verksemder, heller ikkje butikkar som eigaren dreiv utan tilsette. Det skulle vere «absolut lighed», sjå Ot.prp. nr. 16. (1899/1900) side 15.

Den Underordnede Handelsstands Landsforbund (seinare Handel og Kontor) arbeidde for at kommunane skulle vedta at butikkane skulle stengje kl. 19. Dette blei vedteke ein del stader for kvardagane, men på laurdagar var butikkane opne til både kl. 21 og kl. 22.23 Lukkingsvedtektene for Oslo frå 1902 slo fast at butikkane skulle halde stengt frå kl. 20 til kl. 07, men i sommarmånadene frå kl. 19 til kl. 07. Laurdagar skulle butikkane i Oslo halde stengt frå kl. 22 til kl. 07. Lukketidene gjaldt ikkje for mjølkebutikkar, frukt- og tobakksbutikkar og bakeriutsal. For dei gjaldt berre at dei skulle stengje under preiketida på søn- og heilagdagar.24

2.5 1913 – Bykommunane skulle fastsetje opningstidene for utsalsstader med kongeleg stadfesting (lukkelova)

I 1913 hadde 30 bykommunar og 69 landkommunar vedtekter om opningstider etter 1900-lova.

Johan Castberg (V) blei handelsminister i 1913 og lytta til Den Underordnede Handelsstands Landsforening.25 Framlegget til lov 25. juli 1913 nr. 5 om lukningstid for utsalgssteder førte vidare hovudreglane frå 1900-lova og regulerte saman med kommunale vedtekter opningstidene i varehandelen fram til opningstidslova av 1985.26 I kjøpstader og ladestader skulle kommunestyret fastsetje lukkevedtekter, medan det skulle vere frivillig i landdistrikta. At byane hadde plikt til å fastsetje vedtekter, ville sørgje for at arbeidstakarane faktisk fekk det vernet Stortinget ønskte.27 Vedtektene måtte stadfestast av Kongen (frå 1978 av fylkesmannen) og handelsstanden hadde ikkje lenger vetorett.

Som ein del av bakgrunnen for framlegget til ny lov viste departementet til ei fråsegn frå Den Underordnede Handelsstands Landsforbund om at opningstidene til ei lang rekkje verksemder ikkje blei regulerte i vedtektene, til dømes sigarbutikkar, mjølkebutikkar og mindre verksemder.28 Forbundet såg dette i samanheng med at mindretalet blant dei næringsdrivande lokalt hadde vetorett – dersom kommunen prøvde å regulere opningstidene til dei små verksemdene, ville meir enn ein tredel gå imot og kommunen ikkje ha fullmakt til å vedta forskrifta. Forbundet gjekk ikkje inn for nasjonale opningstidsreglar, mellom anna på grunn av storleiken på landet, i motsetning til Danmark, som hadde nasjonale reglar. Derimot rådde forbundet til å oppheve vetoretten i lova.

Også Norges Detaljkjøbmænds Landsforening hadde skrive til departementet og teke til orde for ei ny lov. Foreininga viste til at formålet med lova var å halde arbeidstida innanfor «rimelighetens grænse», og at dette kunne «store kredse blandt cheferne» også slutte seg til. Framlegget gjekk ut på at lova skulle fastsetje maksimal lengde på arbeidsdagen for dei tilsette, medan opningstidene innanfor denne grensa skulle fastsetjast ved avrøysting av dei næringsdrivande i kommunen.29

Kristiania Politikammer hadde via Justisdepartementet teke til orde for at alle utsalsstader måtte vere stengde frå midnatt til kl. 05. Særleg var fruktbutikkane i sentrum blitt tilhaldsstad for «flokker av de værste og brysomste elementer» utover natta.30

Departementet hadde fått innspel om å leggje avgjerda om opningstidene til kommunestyret eller til dei næringsdrivande. I Ot.prp. nr. 32 (1913) peikte departementet på at det var behov for å avgrense arbeidstida for tilsette i butikkar, slik ein tidlegare hadde gjort i industrien.31 Fordi det var vanskeleg å treffe rett overalt, ville departementet ikkje gjere framlegg om nasjonale reglar om maksimalarbeidstid i varehandelen. Departementet gjekk inn for at bykommunane (kjøps- og ladestadene) måtte fastsetje lukkingsvedtekter, medan det skulle vere frivillig i landkommunane. Vetoretten som ein tredel av dei næringsdrivande hadde, blei omtalt som lite rimeleg og blei ikkje ført vidare i landkommunane. Kommunestyret hadde dei beste føresetnadene for å kunne avvege dei ulike omsyna mot kvarandre når opningstidene skulle fastsetjast. Kravet om kongeleg stadfesting blei ført vidare.

Departementet ville ikkje gjere framlegg om at dei såkalla frihandlarane og handverkarbutikkane skulle vere omfatta av opningstidsreglane. Derimot kunne kommunane bestemme det i dei lokale vedtektene.32 Departementet meinte at nasjonale reglar om at alle handelsverksemder måtte følgje dei kommunale vedtektene, ville vere «for rigorøs i sine virkninger». Det ville ikkje vere tilrådeleg å vedta ei lov som hindra sal av mjølk og brød etter kl. 19 eller kl. 20, som var tidspunktet dei kommunale lukkingsreglane normalt påbaud stenging.33 Ei føresegn i den nye straffelova gjorde at ein ikkje trong eit særskilt straffebod i lukkelova.

Det var ikkje nokon stad behov for å halde butikkar opne mellom midnatt og kl. 05, meinte departementet,34 men Stortinget slutta seg ikkje til framlegget frå departementet om at utsalsstader skulle vere stengde mellom midnatt og kl. 05. Komiteen viste til at kommunane kunne fastsetje lukketider for fruktbutikkar om det var behov for slike.35

Det tok tid før kommunane fastsette vedtekter, og i den perioden var opningstidene heilt frie, også på søndagar:36

  • I 1930 hadde 300 kommunar ikkje lukkingsvedtekt, og departementet følgde opp saka.37

  • I 1943 hadde 125 kommunar ikkje lukkingsvedtekt.38

  • I 1967 hadde 33 kommunar ikkje lukkingsvedtekt.39

  • I 1984 var det 70 landkommunar med til saman 160 000 innbyggjarar som ikkje hadde fastsett slike vedtekter.40

Det var opp til kommunane om dei ville setje vide eller snevre rammer for opningstidene. Lova sette ikkje rammer for tidsrommet kommunane kunne påby at butikkane var stengde.41 Søndagsopne butikkar var ikkje ukjent, men heller ikkje vanleg.42

Den lokale fridommen førte til ulik regulering rundt om i landet.43 Lova opna for ulik opningstid for butikkar med ulike vareslag.44 Vedtektene kunne dermed romme lister over varetypar. Eit døme er vedtekta for Narvik, som sa at:45

«(…) utsalgssteder som bare selger tillaget mat, melk, fløte, brød og konditorvarer, friske frukter, blomster, dadler, spisesjokolade, konfekt, sukkertøy, mineralvann, vørterøl, sigarer, sigaretter, tobakk og artikler for tobakksrøking, toalettsåpe, spillkort, spaserstokker, dag- og ukeblad, frimerker, brevkort, skrivepapir og konvolutter skal på hverdager (…) holdes lukket fra kl. 21.00 til kl. 8.00.»

Ein utsalsstad som selde fleire typar varer, måtte stengje på den tidlegaste lukketida for dei aktuelle vareslaga. Det hjelpte ikkje å gøyme vekk varene som ikkje lenger kunne seljast.46 Det kunne vere tvil om det dreidde seg om éin eller to utsalsstader.47 Bransjegliding førte til problem med å handheve dei lokale vedtektene.48

Seinare lovendringar opna for at vedtektene også kunne gjelde for meir enn faste utsalsstader, som «utsalgssteder i portrum eller på andre steder i fri luft». Departementet fekk vidare kompetanse til å fastsetje opningstider på jernbane-, sporvegs- og rutebilstasjonar, ved brygger, svevebanar og på lufthamner.

I Oslo blei sommarlukkinga skjerpa i 1924. Frå 21. juni til 20. august skulle butikkane stengje kl. 17, fredagar kl. 18. Tobakksbutikkar skulle stengje kl. 19 og på søndagar i dette tidsrommet. I 1929 kom det nye generelle lukkingsvedtekter for Oslo som fastsette at butikkane skulle vere stengde kl. 18–0730 og heile dagen søn- og heilagdagar og 1. og 17. mai. Påskeaftan, pinseaftan, julaftan og nyttårsaftan skulle butikkane stengje kl. 17.49

Utover 1960- og 1970-talet blei så mange kvinner yrkesaktive at det blei eit problem med lukkingsvedtekter som kravde at butikkane stengde kl. 17 på kvardagar. I enkelte kommunar var det også praksis å stengje tidlegare enn vedtektene kravde.50

Boks 2.2 1931-lova lydde slik då ho blei vedteken:

§ 1 I kjøpestæder og ladesteder, hvor der ikke er vedtat vedtægt om lukningstid for utsalgssteder inden kommunens omraade, skal saadan vedtægt fastsættes av kommunestyret innen 1 aar fra denne lovs ikrafttræden. I landdistriktene kan herredsstyret fastsette saadan vedtægt.

Vedtægterne, som skal stadfæstes av Kongen, kan omfatte alle eller visse slags av de utsalgssteder, som findes i kommunen, i landdistrikterne enten inden hele herredet eller inden dele av dette.1

Forandring i gjældende vedtægt maa for at bli gyldig stadfæstes av Kongen.

§ 2 Vedtægten skal som regel fastsætte de klokkeslet, indenfor hvilke vedkommende utsalgssteder skal holdes lukket, og kan fastsætte forbud mot at holde utsalgssteder aapne paa visse dage i aaret eller mellem visse klokkeslet på disse dage.

Aapnings- og lukningstiden kan fastsættes forskjellig for de forskjellige forretningsgrener, for de forskjellige aarstider og for de forskjellige dage i uken. Inden samme forretningsgren skal dog reglerne altid omfatte og være ens for alle handlende.

§ 3 Dispensation fra de i henhold til lovens § 1 og lov av 31 mai 1900 utfærdigede vedtægter kan for kortere tidsrum meddeles av amtmanden, for enkelt leilighet, paa landet av lensmanden, i byerne av politimesteren.

1 Høgsterett slo i Rt. 1926 side 631 fast at automatar ikkje var utsalsstader etter lova.

2.6 1914 – Høgsterett kjem til at heilagdagsforordninga ikkje var falle (heilt) bort

Etter jubileumsutstillinga i Frognerparken i 1914 blei direktør Benno Singer dømd for at aktivitetar51 var opne pinseaftan 1914 frå kl. 17 til midnatt og første pinsedag frå kl. 17 til midnatt, sjå Rt. 1915 side 81. Saka seier noko om rettskjeldebiletet i 1914. Den tiltalte hevda at forbodet i heilagdagsforordninga var falle bort. Høgsterett meinte forboda i heilagdagsforordninga «kun gjælder i den utstrækning, som det med sikkerhet kan konstateres, at den i sin almindelighet har været respektert», og fann grunnlag for å dømme Singer til bøter.

2.7 1919 – Åttetimarsdagen

Åttetimarsdagen var eit hovudmål for arbeidsrørsla. I Noreg blei åttetimarsdagen innført i 1919 saman med ei maksimal arbeidstid per veke på 48 timar.52 Dermed var det ikkje lenger lukkelova som sette grensa for kor lenge tilsette i varehandelen arbeidde per dag.

2.8 1919 – Stortingsmelding om revisjon av heilagdagslovgivinga

I stortingssesjonen 1900/1901 blei regjeringa bedt om å vurdere heilagdagslovgivinga. Siktemålet, som kom fram i stortingsdebatten, var å avløyse dei eldre reglane og innskrenke søndagsarbeidet mest mogleg.53

I 1919 la Departementet for Sociale saker og statsråd Paal Berg (V) fram St.med. nr. 13 (1919) om revisjon av heilagdagslovgivinga. Hovudbodskapen til Stortinget var at sosiale omsyn talte for arbeidsfri på søndagar ettersom dei kyrkjelege omsyna etter kvart var blitt mindre viktige som grunngiving. Departementet formulerte dei sentrale avvegingane slik:

«(…) det gjælder, om fornødent ved lovgivningens hjælp, at sikre den, som er i avhængig stilling, en regelmessig og tilstrækkelig ukentlig hviletid – saavidt gjørlig paa den almindelige fridag, søndagen – naar ikke vigtigere samfundsinteresser eller den rene nødvendighet er til hinder for det, og hvis samfundet er nødt til at berøve nogen hans helligdagshvile, maa det ske saa sjelden som mulig og tapet erstattes ham ved et tilsvarende antal fridage utenfor helligdagene.
Ved siden herav vil som almindelig synspunkt – og det uten at dertil behøves nogen uttrykkelig lovbestemmelse – gjøre sig gjældende den regel, at søn- og helligdagene maa vernes som saadanne i den utstrækning, som det tilsiges av den til enhver tid inden samfundet raadende religiøse opfatning.»54

Departementet såg klart verdien av fritak frå søndagsarbeid:

«Overfor betraktninger av denne art, som søker at retfærdiggjøre søndagsarbeidet, maa det erindres, at vedvarende arbeide, som helt maa savne søndagens forfriskende og helsebringende regelmæssige avbrydelser, er et natur- og kulturstridig forhold, som det er ønskelig at saavidt gjørlig at bringe ut av verden. Om helligdagshvilen end ikke opfattes som bare beroende paa et guddommelig bud, som det er statens pligt at paase overholdt, og selv om der sees bort fra søndagens betydning for en gudsdyrkelse viet dag, er der andre og sterke grunde at anføre til fordel for søndagens fredning.»55

Departementet nemner helse, sjølvrespekt (at industriarbeidaren slepp å arbeide når borgarskapen har fri), familieliv og usikkerheit om søndagsarbeid er lønnsamt. Det var likevel ikkje utan betydning korleis folk nytta søndagen:

«Hvad angaar hviledagenes anvendelse, kan de som bekjendt brukes paa forskjellig maate og med forskjellig resultat. Fritiden anvendes av nogen til kostbare, sundhetsskadelige og svækkende fornøielser (utsvævelser, overdreven sport o.lign.), i hvilket tilfælde hviledagen medfører tap av penge og arbeidskraft. Den kan tilbringes i ren uvirksomhet, hvilket – undtagen for den helt overanstrengte – er til liten eller ingen gavn. Paa den anden side kan hviledagen nyttes til idræt og uteliv, som styrker helbreden, eller til hvile i kirke og hjem, med det utbytte, at sindet falder til ro, karakteren fæstnes og energien gjenvindes. En søndag, som bærer disse frugter, er også i økonomisk henseende den bedste hviledag.»56

Departementet meinte det var for krevjande å lage ei samla lov om arbeidsfri på søndagar («for det arbeidende folk») som tok opp i seg alle særlovsføresegnene som da gjaldt for dei ulike bransjane.57 Det mest tenlege meinte departementet ville vere om søndagsfri blei regulert i lovene for dei ulike bransjane, og Stortinget blei bedt om å ta avgjerda om ein (likevel) skulle setje i gang arbeidet med ein «almindelig helligdagslov», som ikkje skulle erstatte særlovene, berre heilagdagsforordninga og anna eldre regelverk.58 I Indst. S. nr. 250 (1920) slutta komiteen seg til å «se tiden an, før man forsøker at gi nye almindelige lovregler i et saa omfattende emne».59

2.9 1925 – Reglar om opningstid for visse tenester

Lov om søndagslukning af barber- og frisørforretninger av 17. mai 1897 gav i motsetning til for faste utsalsstader, påbod om å halde stengt på søndagar. Lova kravde lukking frå midnatt før søn- og heilagdagar til neste kvardagsmorgon kl. 07.60 Kommunestyra kunne fastsetje vedtekt om lukketid utanom den lukketida som var påbode, men vedtekta måtte stadfestast av departementet.61

Lov av 29. mai 1925 nr. 1 om lukningstid for barber- og frisørsalonger erstatta lov om søndagslukning av barber- og frisørforretninger av 17. mai 1897. Bakgrunnen for den nye lova var at Norges Barberer- og Frisørforbund frykta at den skjerpa konkurransen i nedgangstidene ville gjere det vanskeleg for forbundet å oppretthalde lukketidene det hadde klart å gjennomføre. Forbundet gjekk derfor inn for offentleg regulering.62

Boks 2.3 1925-lova lydde slik:

§ 1 Barber- og frisørforretninger skal holdes lukket i tiden fra kl. 12 natt før søn- og helligdager til næste hverdags morgen kl. 7.

§ 2 Når to eller tre helligdager følger på hverandre, er det tillatt å holde forretningene åpne den annen av disse inntil kl. 10 formiddag, dog så at der kan holdes åpent skjærtorsdag morgen, ikke langfredag.

§ 3 Kommunestyrene kan fastsette vedtekt om lukningstid for forretningene utenfor den lukningstid som er påbudt i §§ 1 og 2.

Vedtekten fastsetter de klokkeslett, mellem hvilke forretningene skal holdes lukket. Den kan påby, at de holdes lukket visse dager eller mellem visse klokkeslett på bestemte dager. Lukningstiden kan settes forskjellig for de forskjellige årstider og for de forskjellige dager i uken.

Vedtekten og senere endringer i den må, for å bli gyldig, stadfestes av vedkommende departement.

§ 4 Lov om søndagslukning av barber- og frisørforretninger av 17 mai 1897 opheves.

2.10 1926 – Dei kommunale vedtektene kunne regulere opningstida for såkalla porthandel

Departementet viste i Ot.prp. nr. 51 (1926) til at handel frå opne telt, frittståande buer, bord, kasser, kjerrer osv. i portrom eller i friluft (porthandel) ikkje var regulert av opningstidsreglane som var heimla i lukkelova, og at slik handel var aukande. Til forskjell frå torghandel gjekk porthandel føre seg på privat grunn.

Formålet med lukkelova var ifølgje departementet å «skaffe den underordnede butikkbetjening en rimelig hvile- og fritid», sjå Ot.prp. nr. 51 (1926) side 2. Sidan porthandlarar i liten grad nytta leigd hjelp, var det ikkje same grunn til å la denne handelen vere omfatta av lukkelova. Departementet såg behov for å regulere denne forma for handel, og gjorde framlegg om at kommunestyra kunne gi opningstidsreglar også for porthandel. Departementet streka under at det ikkje utan vidare var slik at porthandelen skulle stengje når vanlege utsalsstader stengde, og viste mellom anna til omsynet til dei arbeidslause som dreiv porthandel. Dermed var det ikkje noko krav at kommunane fastsette same stengjetider for til dømes handel med frukt i vanlege utsalsstader som for porthandel. Dei to nye ledda i § 1 var:

«Det kan i vedtekten bestemmes, at den også skal gjælde for utsalgssteder i portrum eller på andre steder i fri luft.
Departementet avgjør i tvilstilfelle med bindende virkning, om et utsalgssted kommer inn under vedtekten og i tilfelle til hvilken gruppe av handlende innehaveren skal henregnes.»

Socialdepartementet fekk fullmakt til å avgjere om ei verksemd var å rekne for ein utsalsstad som var regulert av opningstidsreglane, også i dei tilfella kommunane ikkje hadde gitt vedtekter om utsalsstader i friluft.63

2.11 1938 – Utval vurderte reglane for sal på torg, i portrom og i friluft. Utkastet til ny lukkelov blei ikkje følgt opp

Fordi det det var ulik regulering av torghandel og porthandel i politivedtektene og i handelslova, var det uklart kva som gjaldt. Dette var ein av grunnane til at Socialdepartementet sette ned utvalet.64

Utvalet skulle greie ut spørsmålet om regulering av forholdet mellom føresegnene om lukking for portrom og andre stader i friluft osv. i lov om handelsnæring og lukkelova.65 Det blei vist til «en betenkelig uklarhet med hensyn til de to lovgivningers virkefelt». Mandatet blei seinare utvida til å omfatte lukkingsføresegnene for bensinstasjonar og konditori og dispensasjon om sommaren av omsyn til turistane. Utvalet kom fram til så mange og omfattande lovendringar at dei utarbeidde eit utkast til ei ny lov, men dei la seg så tett som mogleg opp til den gjeldande lova. Utvalet gjorde i rapporten frå 13. februar 1938 framlegg om at

  • bensinstasjonar ikkje skulle regulerast av lukkelova eller av dei kommunale vedtektene66

  • konditori skulle få halde opent utover lukketidene dersom dei berre selde bakar- og konditorvarer og sjokolade

  • dispensasjon av omsyn til turistar kunne gjelde enkelte faste utsalsstader som var namngitt i vedtektene

Resultatet av utvalsarbeidet blei ikkje fremma for Stortinget, men i tiåra som følgde, fekk dei fleire gjensyn med spørsmål kring bensinstasjonar, serveringsstader og turistar.

Boks 2.4 1938-utkastet til «lov om lukningstid for faste utsalgssteder»:

§ 1

I kjöpsteder og i ladesteder med eget kommunestyre skal vedtekt om lukningstid for faste utsalgssteder (jfr. lov om handelsnæring av 8. mars 1935 § 2, förste og siste ledd) innen kommunens område fastsettes av kommunestyret. I landdistriktene kan herredstyret fastsette sådan vedtekt.

Vedtekten som skal stadfestes av vedkommende departement, skal omfatte alle faste utsalgssteder som ikke ifölge lov er undtatt eller undergitt særskilte bestemmelser.

I landdistriktene kan herredstyret bestemme at vedtekten kun skal gjelde for nærmere bestemte deler av herredet, eller at vedtektens bestemmelser skal være forskjellige for de forskjellige deler av herredet.

De enkelte lukningsbestemmelser skal omfatte alle faste utsalgssteder som selger de samme varer og være ens for disse. Vedtektsbestemmelser som gjör undtagelser herfra skal dog kunne stadfestes når stedlige eller andre særlige hensyn gjör sådanne bestemmelser hensiktsmessige.

§ 2

Vedtekten skal som regel fastsette de klokkeslett innenfor hvilke vedkommende utsalgssteder skal holdes lukket og kan fastsette forbud mot å holde utsalgssteder åpne på visse dager i året eller mellem visse klokkeslett på disse dager. Lukningstiden kan fastsettes forskjellig for de forskjellige årstider og dager i uken.

Faste utsalgssteder som forhandler varer for hvilke det i vedtekt er fastsatt forskjellige lukningsbestemmelser, skal holdes lukket innenfor de klokkeslett og til de tider som er bestemt for hver enkelt av de varer forretningen förer.

§ 3

Dispensasjon fra lukningsvedtektens bestemmelser kan for kortere tidsrum meddeles av fylkesmannen. For en enkelt leilighet kan dispensasjon meddeles i byene av politimesteren og på landet av lensmannen.

Sådan dispensasjon skal omfatte alle de faste utsalgssteder som selger de samme varer og være ens for disse. I landdistriktene kan dispensasjon gjelde hele kommunen eller nærmere bestemte deler av denne.

Uten hensyn til bestemmelser i annet ledd kan dispensasjonen gis nærmere angitte (navngitte) faste utsalgssteder som forhandler varer som turister særlig kjöper i den utstrekning det ansees nödvendig for å gi turistene anledning til å gjöre sine innkjöp.

§ 4

Lukningsbestemmelser utferdiget i medhold av denne lov får ikke anvendelse på bensinstasjoner for salg av smöre- og brenselolje samt reservedeler og materiell til reparasjon og vedlikehold av motorvogner og motorbåter.

Faste utsalgssteder for salg av baker- og konditorvarer samt sjokolade, hvor det også foregår bevertning, er å anse som lukket efter denne lovs bestemmelser når alt salg av varer som ikke skal fortæres på stedet er ophört.

§ 5

Lukningsvedtekter stadfestet i medhold av lov av 31. mai 1900 og lov av 25. juli 1913 med tilleggslov av 1. juli 1926 skal vedbli å gjelde inntil de avlöses av vedtekter stadfestet i henhold til denne lov, eller forsåvidt angår lukningsbestemmelser som gjelder omförselshandel fra utsalgssteder i portrum eller på andre steder i friluft og inntatt i lukningsvedtekt som foran nevnt, inntil de opheves eller avlöses av vedtektsbestemmelser stadfestet i henhold til lov om handelsnæring av 8. mars 1935 § 90, jfr. § 109.

Fra ikrafttredelsen av denne lov opheves lov om lukningstid for utsalgssteder av 25. juli 1913 med tilleggslov av 1. juli 1926.

2.12 1963 – Utgreiing med utkast til ny lov førte til berre mindre justeringar i 1913-lova

Ein komité fekk 11. desember 1959 i oppdrag av Einar Gerhardsens tredje regjering å vurdere alle sider ved lukkingsføresegnene i både lukkelova av 1913 og lova frå 1925 om lukketid for barber- og frisørsalongar. Utvalet skulle vurdere behovet for slike reglar og kva form dei eventuelt skulle ha. Statsrådsforedraget før oppnemninga streka under at utvalet skulle vere heilt ubunde av gjeldande rett.67 Komiteen la fram rapporten sin i februar 1963.68

2.12.1 Bakgrunnen for at komiteen blei oppnemnd

I mandatet frå Kommunal- og arbeidsdepartementet heiter det at lukkelova nærmar seg 50 år, og at det er ei rekkje utfordringar med lukketidene:69

«I årene etter krigen viste deg seg at kommunene hadde en tendens til å fastsette så snevre rammer for den tid forretningene kunne holdes åpne, at publikum i stor utstrekning ble tvunget til å gjøre sine innkjøp i arbeidstiden. Spørsmålet ble av den grunn tatt opp av Effektiviseringsutvalget av 1951, som bl.a. uttalte at lukningsvedtektene som alminnelig regel ikke burde påby stengning før kl. 19.00 og at det i visse tilfelle burde være adgang til å holde åpent til kl. 20.00. I Stortingsmelding nr. 30 for 1951 om kommunenes økonomiske stilling ble spørsmålet også berørt, og dette departement uttalte bl.a. at påbudet om stengning kl. 17.00 på vanlige virkedager ikke var tilfredsstillende. Dette fikk Stortingets tilslutning. I et rundskriv til fylkesmennene av 27. desember 1951 viste departementet til disse uttalelser, og henstilte til de kommunale myndigheter ikke å fastsette så snevre rammer for åpningstiden at arbeidslivet kunne lide skade. Departementet har siden for fastsettelse av lukningsvedtekt vanligvis holdt på kl. 18.00 som tidligste lukning på vanlige virkedager og kl. 16.00 på lørdager.
Norges Handels- og Kontorfunksjonærers forbund har ved et par anledninger protestert mot departementets praksis på dette området og forlangt at den må bli omlagt.»70

Fagrørsla var ikkje einsidig imot lengre opningstider. I 1948 hadde LOs kvinnenemnd teke initiativ til å få utvida opningstidene mellom anna fordi fråvær frå arbeidet på grunn av at innkjøp måtte gjerast i arbeidstida, var eit argument for å gi kvinner lågare lønn enn menn. Handel og Kontor gjekk etter initiativet inn for forsøk med lengre opningstid éin dag i veka.71

2.12.2 Opningstidene i 1963. Situasjonsforståinga til komiteen

Komiteen kartla opningstidene i byane. Trass i mange atterhald konkluderte komiteen slik:72

  • Dei vide rammene for opningstidene kommunane hadde fastsett, blei ikkje utnytta.

  • Opningstid kl. 0830–17 var mest vanleg på kvardagar i byane.

  • Opningstid kl. 0830–15 var mest vanleg på laurdagar i byane.

  • Variasjonen i faktiske opningstider var mindre enn variasjonen i rammene som kommunane fastsette i vedtektene. Dette talte for at behovet for lokal variasjon «ikke er så stort som man tidligere har gått ut fra».

  • Opningstidene varierte lite gjennom året.

Opningstidene var blitt innskrenka, konstaterte utvalet, og meinte at forklaringa låg i kortare arbeidstid. Mange kommunar hadde ikkje ønskt å følgje føringa frå departementet om å setje rammene for opningstida slik at utsalsstadene kunne halde opent til kl. 18 på kvardagar og kl. 16 på laurdagar. Når departementet ikkje stadfesta den kommunale vedtekta, vekte det irritasjon i kommunen, og saksbehandlinga i departementet og kommunen blei «særdeles tungvint og tidkrevende».73 Også elles var det problem med lova. Nokre døme:

  • Når det gjaldt butikkar på campingplassar og sal til turistar, var det av omsyn til reiselivsnæringa behov for unntak utover dei snevre rammene lova gav for å gi dispensasjon.74

  • Kombinerte utsals- og serveringsstader måtte stengje heilt for den eine delen av verksemda, medan det var lovleg å halde fram med serveringa. Omsynet både til publikum og til handhevinga kunne tale for meir lempelege reglar.

  • Utsalsstader med to lokale kunne stengje butikken og halde fram som kiosk. Krava til sjølvstendig utsalsstad hadde vore oppe for domstolane fleire gonger. Mellom anna var det ikkje tilstrekkeleg å låse dørene mellom lokala.

  • Departementet hadde hatt vanskelege tolkingssaker knytte til utstillingar med sal av varer.

  • Bensinstasjonane hadde utvikla seg frå frittståande utandørs bensinpumper til å likne utsalsstader, men var likevel ikkje omfatta av lova.

  • Forholdet mellom vedtekter etter lukkelova og vedtekter for utandørs sal osv. etter handelslova utgjorde eit problem som måtte løysast.

2.12.3 Tilrådingane frå komiteen

Det var semje i komiteen om at verneomsyna og dei konkurranseregulerande momenta som ein gong var grunngivinga for lukkelova, ikkje hadde same aktualitet og vekt som før, men ingen av fraksjonane gjorde framlegg om å oppheve lova.75

Det var semje i komiteen òg når det gjaldt netter og søn- og heilagdagar: Av omsyn til ro, orden og heilagdagsfred burde kommunestyra påby stenging om natta og på søn- og heilagdagar. Bensinstasjonane burde få halde opent også i lukketida dersom dei då berre selde drivstoff, smørjeolje osv. Derimot delte komiteen seg i tre fraksjonar i spørsmålet om kor lenge butikkane skulle kunne vere opne på kvardagar.

Tabell 2.1 Fraksjonane i Aarsund-komiteen om lukketider på kvardagar1

Fraksjonane sorterte etter storleik

Framlegg til reglar for stengjetid på kvardagar

Grunngiving

Forbrukarrådet, Familie- og forbrukardepartementet, Politiet, Herreds- og Byforbundet, Handelsdepartementet og Kommunaldepartementet.

Støtta av Justisdepartementet, Samferdselsdepartementet, Den Norske Turistforening, Landslaget for Reiselivet i Norge, Norges Automobilforbund, Norges Husmorforbund og Norges Kooperative Landsforening

Kommunane skulle berre kunne påby stenging om natta, dvs. mellom kl. 23 og kl. 07.2

Arbeidarvernlova og tariffavtalar gav arbeidstakarane tilstrekkeleg vern.

Det var ikkje ønskjeleg å regulere lukketider med offentlege reglar.

Om dei får bestemme sjølve, vil dei som driv butikk, ta omsyn til behovet til forbrukarane.

Like reglar for bensinstasjonar og annan handel. Ikkje behov for særreglar, unntak og dispensasjonar. Mindre variasjon mellom kommunar.

Norges Handelsstands Forbund, Norsk Arbeidsgiverforening, Handelens arbeidsgiverforening.

Støtta av Norges Yrkeskvinners Landsforening

Kommunane skulle kunne påby stenging mellom kl. 20–07. Kommunane skulle kunne tillate butikkar å halde opent lenger enn til kl. 20.

Vanskar med å skaffe skiftarbeidarar ville gjere varene dyrare.

Fare for uheldig konkurranse frå utanlandske varehus dersom Noreg blei med i den europeiske fellesmarknaden.

Norges Handels- og Kontorfunksjonærers Forbund og Landsorganisasjonen i Norge. Støtta av Direktoratet for arbeidstilsynet.

Føre vidare gjeldande lov, dvs. utan å avgrense dei opningstidsrammene kommunane kunne vedta.

Fare for stigande vareprisar og kamp om arbeidskrafta ved utviding av opningstida.

Opningstidene har funne sitt «naturlige leie og sin naturlige tilpasning til det praktiske liv». Opningstidsrammene blir i dag ikkje utnytta fullt ut.

1 Kjelde: Side 16–24 i det trykte vedlegget til Ot.prp. nr. 43 (1964–1965). Sjå òg Ot.prp. nr. 43 (1964–1965) side 4–5 og Ot.prp. nr. 50 (1966–1967) side 10–11.

2 I lovframlegget nytta fraksjonen omgrepet «fast utsalsstad» for å skilje ut sal frå bilar, buer osv., som følgde reglane i handelslova.

Direktoratet for arbeidstilsynet uttalte til rapporten at vanleg dagtid i arbeidslivet normalt skulle vere mellom kl. 06 og kl. 21, laurdagar kl. 06–18. Ut frå det peikte direktoratet på at å utvide handelen utover kvelden kunne innebere eit tilbakeskritt for arbeidstakarane i handelsyrket.76

2.12.4 Proposisjonen og lovendringane

Rapporten blei følgd opp av Einar Gerhardsens fjerde regjering med Ot.prp. nr. 43 (1964–65), der Kommunal- og arbeidsdepartementet gjorde framlegg til to mindre endringar i lukkelova. For det første skulle bykommunane som landkommunane kunne fastsetje ulike vedtekter for ulike delar av kommunen. Dette var særleg viktig fordi det på denne tida var ei rekkje samanslåingar av kommunar (Schei-kommisjonen). For det andre blei føresegna som kravde like reglar for alle utsalsstader innan same «forretningsgren», lempa med atterhaldet «med mindre allmenne hensyn tilsier noe annet». Det opna for at kommunane kunne fastsetje lengre opningstider for utsalsstader på campingplassar, ferjeleie, jernbarnestasjonar osv.

Departementet vidareførte lukkelova av 1913 – med ein argumentasjon som låg nær den minste fraksjonen i Aarsund-komiteen og Arbeidstilsynet. Lukkelova lét kommunane bestemme lukketidene (også til å la butikkane vere opne til kl. 23). Departementet meinte det var kommunane som i første rekkje ville føle eit eventuelt press på seg til å ha utvida opningstider, men ingen kommunar hadde vedteke opningstidsrammer som var så vide som dei den største fraksjonen gjorde framlegg om. Departementet viste vidare til motstanden frå arbeidstakarorganisasjonane og til fråsegna frå Direktoratet for arbeidstilsynet om at å utvide handelen utover kvelden kunne innebere eit tilbakeskritt for arbeidstakarane i handelsyrket.77

I sosialkomiteen på Stortinget gjorde eit mindretal (Høgre, Senterpartiet og Venstre) framlegg om at dei kommunale vedtektene ikkje skulle kunne påby stenging mellom kl. 07–21 på kvardagar og mellom kl. 07–15 på laurdagar, men det blei ikkje vedteke.78

2.13 1965 – Heilagdagsfred fram til kl. 13 på søndagar

Lov 4. juni 1965 nr. 1 om helligdagsfreden avløyste føresegnene i Norske Lov og i Sabbatsforordninga av 1735.79 Lova førte vidare forbodet mot offentlege arrangement i Sabbatsforordninga av 1735, mot utilbørleg larm og spesielt mot forstyrring av gudstenesta. Den nye lova slo fast at heilagdagsfreden varte frå kl. 06–13 på vanlege søndagar, nyttårsdag, skjærtorsdag, Kristi himmelfartsdag, andre påskedag, andre pinsedag og andre juledag. På førstedagane i jula, påska og pinsa og på langfredag varte heilagdagsfreden heile døgnet, og på påske-, pinse- og julaftan kl. 21–24.80

Så lenge det var heilagdagsfred, kunne det etter § 4 ikkje arrangerast offentlege framsyningar osv., men det som seinare blei problematisert i sterkast grad, var forbodet mot dans på hotell på påskeaftan. Føresegna lydde:81

«§ 4. Med de unntak som går fram av §§ 5 og 6 er det mens helligdagsfreden varer ikke tillatt å arrangere eller holde:
  • 1. Offentlige forestillinger eller tilstelninger.

En forestilling eller tilstelning regnes i denne lov for offentlig når den er tilgjengelig for alle, eller for en ubestemt krets av personer eller for medlemmer med bekjente av en forening eller lignende sammenslutning, uansett om det betales entré eller ikke og uansett hvor forestillingen eller tilstelningen holdes.
Som forestilling eller tilstelning regnes bl.a.:
  1. Forlystelser, herunder revy-, kabaret- og varietéforestillinger, tivoli, sirkus og dansetilstelninger.

  2. Markeder, utstillinger og oppvisninger.

  3. Ballett- og teaterforestillinger, konserter, sangerstevner og filmfremvisninger.

  • 2. Basar, lotteri, lykkespill, ferdighetsspill eller fiskekonkurranser som kommer inn under lotteriloven.

  • 3. Opptog eller oppmarsj som ikke står i sammenheng med gudstjeneste.82

  • 4. Underholdning på offentlige bevertningssteder eller på andre offentlige steder.

  • 5. Sportskonkurranser og sportsstevner som er beregnet på å samle tilskuere eller er tillyst åpne for alminnelig deltagelse av publikum.»

Samtidig var det etter § 5 ei rekkje unntak for visse typar arrangement som kunne haldast medan det var heilagdagsfred:

  • «Utstillinger av kunstnerisk, vitenskapelig, belærende eller opplysende art»

  • «Kunstneriske tilstelninger hvis karakter og formål kan anses forenlig med høytidens innhold»

  • «Seriøs sang og musikk på kaféer og restauranter»

  • Sportskonkurransar som var tidkrevjande, eller som ikkje trekte til seg publikum.

Handel blei ikkje regulert i heilagdagslova av 1965, men blei no fullt ut regulert i lukkelova av 1913 med opphevinga av sabbatsforordninga av 1735, som blei tolka som forbod mot sal mellom kl. 10–13 på søn- og heilagdagar. Heilagdagslova av 1965 hadde berre forbod mot å halde utsalsstader som kunne forstyrre gudstenesta, opne.83 Lukkelova av 1913 var ikkje til hinder for å halde utsalsstader opne søndag formiddag, men lova gav kommunen heimel til å forby det.

2.14 1967 – Proposisjon om utvida opningstider blei trekt av regjeringa

I Ot.prp. nr. 50 (1966–67) gjorde Borten-regjeringa framlegg om ei ny lukketidslov for faste utsalsstader.84 Lova skulle erstatte både lukkelova frå 1913 og lova frå 1925 om lukketid for barber- og frisørsalongar. Forvaltningsansvaret for dei to lovene var frå 1. januar 1966 flytta frå Kommunal- og arbeidsdepartementet til Familie- og forbrukardepartementet. Det blei i grunngivinga lagt vekt på at lovene hadde fått «mindre betydning som arbeidervern enn før, mens forbrukerinteressen er blitt mer fremtredende».85

I proposisjonen blei det konstatert at sjølv om det var reglar for når ein utsalsstad heldt opent for kundane, var det ikkje forbode å arbeide i lokalet utanom opningstidene. Det blei vidare konstatert at det ikkje var reglar for når ein kunne tilby tenester som vask, reparasjon, banktenester, reisebyråtenester osv.

2.14.1 Praksis i departementet i saker om stadfesting av kommunale lukkingsvedtekter

Etter krigen var det ein tendens til at kommunane snevra inn opningstidene for utsalsstadene:

«Etter initiativ fra et spesielt effektiviseringsutvalg, som bl.a. drøftet skoftproblemene i næringslivet, henstilte departementet i 1951 til kommunestyrene om ikke å fastsette så snevre rammer for forretningstiden at arbeidslivet kunne lide skade.»86

Departementet stadfesta etter det helst ikkje vedtekter med tidlegare stengjetid enn kl. 18 på kvardagar og kl. 16 på laurdagar.87 Vedtekter med snevrare rammer blei gjerne sende tilbake til kommunen. I enkelte tilfelle hadde korrespondansen mellom kommunen og departementet vart i «årevis» før vedtekta blei stadfesta.

2.14.2 Framlegget

Framlegget i proposisjonen var at kommunane ikkje kunne bestemme at butikkane skulle vere stengde mellom kl. 06–21 på kvardagar.88 Desse tidene var i samsvar med definisjonen av «dagtid» i arbeidarvernlova. Kommunane kunne vidare ikkje bestemme at butikkane skulle vere stengde mellom kl. 06–15 på nyttårs-, påske-, pinse- og julaftan. På søn- og heilagdagar skulle faste utsalsstader vere stengde mellom kl. 10–13 dersom ikkje kommunale vedtekter fastsette noko anna. Vedtektene måtte stadfestast av departementet, medan fylkesmannen kunne dispensere for kortare tidsrom og politiet for enkelttilfelle. Departementet ville berre godkjenne vedtekter med søndagsopent mellom kl. 10–13 på trafikknutepunkt som ikkje forstyrra heilagdagsfreden.89

Dei kommunale lukkingsvedtektene skulle gjelde alle utsalsstader i kommunen, men det kunne vere eigne opningstider for campingplassar, ferjeleie, jernbanestasjonar osv. Kommunen kunne bestemme at det skulle vere ulike opningstider på ulike dagar eller årstider. Opningstidene etter lova og dei kommunale vedtektene skulle ikkje gjelde for apotekutsal, sal av drivstoff og sal av proviant, brensel osv. til skip og fly.

Ein serveringsstad eller andre tenesteytande verksemder kunne utan hinder av vedtekter etter lova selje varer som blei brukte opp eller etne/drukne på staden.

Dei kommunale vedtektene skulle òg regulere tidene for tenesteytinga på barber- og frisørsalongar. Kongen skulle få fullmakt til å bestemme at kommunane skulle få høve til å fastsetje lukketider for anna privat tenesteyting frå fast utsalsstad, som personleg pleie, vask, reinsing, reparasjonar, bank-, forsikrings- og reisebyråtenester.90

2.14.3 Grunngivinga til departementet

Familie- og forbrukardepartementet meinte det var behov for lovendringar allereie kort tid etter at Stortinget hadde teke stilling til lukkelova:

  • For praktiseringa av lova lokalt og nasjonalt var det nødvendig å få presisert dei formåla kommunestyra kunne leggje til grunn for dei lokale vedtektene, og kva omsyn departementet kunne leggje til grunn ved stadfestinga av dei.

  • Problem i handhevinga av lova måtte løysast.

  • Dei omsyna som låg til grunn for lovføresegnene som gjaldt, var i hovudsak ikkje lenger til stades.

  • Enkelte lokale vedtekter hadde ført til ulike konkurransevilkår.

  • Lokale vedtekter og lukkingspraksis hadde gjort det vanskelegare for butikkane å tilfredsstille behovet for utvida opningstid hos enkelte grupper av forbrukarar .91

Departementet drøfta omsynet til arbeidarvern når det gjaldt reglane om lukketider. Behovet for å verne arbeidstakarane burde eventuelt føre til reglar i ei generell lov for heile landet «som direkte regulerer arbeidstiden og dens plassering innen døgnet». Departementet meinte det var lite tenleg

«(…) å fremme arbeidervernhensyn ved en lov som gir kommunene adgang til fritt å fastsette lukningsvedtekter. Vedtakelsen av lov om lukningstid for utsalgssteder synes for så vidt å ha vært en nødutvei en ved begynnelsen av århundret grep til for å forsøke å redusere arbeidstiden i handelen.»

Departementet såg lite behov for å verne dei som dreiv butikk åleine, mot lange opningstider hos konkurrentane, slik forarbeida til lukkelova la opp til – konkurranse på pris, opningstid og service burde ikkje regulerast i kommunale vedtekter.

Departementet viste til at marginen mellom arbeidstida i industri og handverk og opningstida i butikkane hadde skrumpa inn. Det blei vist til ei undersøking der halvparten av hovudforsørgjarane ikkje rakk å handle i ordinær opningstid, men departementet rekna likevel med at eit fleirtal var nøgde med opningstidene slik dei var. Departementet rekna med at 10 til 20 prosent var misnøgde med opningstidene, og viste til einslege og yrkeskvinner. Offentlege myndigheiter burde ikkje hindre kjøpmenn i å innrette opningstida etter behovet desse forbrukarane hadde.

Omsynet til nattero og heilagdagsfred meinte departementet at kommunane kunne sørgje for ved å påby stenging mellom kl. 21–06. Departementet viste her til reglane om natt i arbeidarvernlova av 1956. Fordi ein del kommunar ikkje hadde fastsett lukkingsvedtekter, gjorde departementet framlegg om at lukkelova skulle påby utsalsstader å stenge kl. 10–13 på søn- og heilagdagar.

Faren for ulike konkurransevilkår sette grenser for i kor stor grad kommunane kunne fastsetje differensierte vedtekter etter bransje, men ikkje etter vekedag, årstid eller geografisk område. Departementet gjorde framlegg om ikkje å føre vidare regelen om at rammene for opningstida «kan fastsettes forskjellig for de forskjellige forretningsgrener», jf. lukkelova av 1913 § 2 andre ledd.92 Også dispensasjonar måtte gjelde alle typar utsalsstader, ikkje berre visse bransjar. Departementet la vekt på å unngå opplisting av varetypar fordi det var vanskelegare å kontrollere kva varer ein selde, enn om utsalsstaden var open. Eit anna handhevingsproblem viste seg i at domstolane allereie hadde måtta ta stilling til om «spisesjokolade også omfatter kokesjokolade, marsipan og boller med sjokoladetrekk». Departementet viste vidare til at det var pussig at tobakk og sjokolade kunne seljast utover kvelden og på søndagar, medan det var forbode å selje mjølk og brød. Den aukande bransjeblandinga gjorde at ein utsalsstad kunne få valet mellom å selje det kundane ønskte, og å utvide opningstidene. Framlegget gjekk dermed ut på at kommunane kunne bestemme når salet skulle gå føre seg, medan marknaden ville avgjere vareutvalet.

Departementet aksepterte at utvida opningstider kunne føre til at prisane steig, men peikte samtidig på at meir effektiv bruk av lokale og personale kunne trekkje i motsett retning. Uansett var det ikkje ei kommunal oppgåve å regulere kor mykje av den framtidige velstandsauken forbrukarane skulle kunne ta ut i form av meir passande opningstider.

2.14.4 Trekt tilbake

Proposisjonen blei fremma 31. mars 1967 og trekt tilbake 2. juni 1967 ved Ot.meld. nr. 4 (1966–67).93 Grunngivinga i den korte meldinga var at «det innen bestemte interesserte grupper rår en viss motstand mot forslaget». I Innst. O. nr. 77 (1966–67) viste sosialkomiteen til at det under behandlinga av proposisjonen hadde komme inn protestar mot lovframlegget, mellom anna frå

  • Norges Kolonial- og Landhandlerforbund (5074 underskrifter). Berre fem av medlemmene var samde i lovforslaget.

  • Norges Handels- og Kontorfunksjonærers Forbund (seinare Handel og Kontor)94

Medlemmene frå regjeringspartia nøgde seg med å gå ut frå at departementet ville følgje utviklinga på området. Representantane frå Arbeidarpartiet viste i innstillinga til at det hadde gått mindre enn to år sidan dei siste endringane i lukkelova av 1913 blei drøfta i Stortinget og tok til å gjelde, dvs. Ot.prp.nr. 43 (1964–65). Departementet hadde på denne tida ikkje hatt høve til å samle erfaringar som viste at lovendringane Stortinget hadde vedteke, ikkje verka i tråd med intensjonen. Mindretalet var ikkje samd i at dei lokale forskriftene og lukkingspraksisen gjorde det vanskeleg for forbrukarane å handle, og viste vidare til at det ikkje var gjort noka undersøking av om folk ønskte seg utvida opningstider.

2.15 1972 – NOU rett i skuffen

2.15.1 Mandatet

15. desember 1972 fekk Forbrukar- og administrasjonsdepartementet overlevert NOU 1973: 7 Salgstider for utsalgssteder. Lars Korvald (Kristeleg Folkeparti) var statsminister. Eva Kolstad (Venstre) var forbrukar- og administrasjonsminister.

Utvalet blei oppnemnt av Borten-regjeringa 22. mai 1970, dvs. tre år etter at Ot.prp. nr. 50 (1966–67) blei trekt tilbake.95 I mandatet heitte det at det ikkje var praktisk mogleg å leggje ei så omfattande oppmjuking av reglane til grunn for ein lovrevisjon som det var foreslått i denne proposisjonen. Utvalet skulle derfor føre vidare vide rammer for kompetansen til kommunestyret til å fastsetje lukketidene. Avgrensingar kunne tenkjast ut frå «vesentlige samfunnsmessige interesser, f.eks. trafikksikkerhet, turisttrafikk, like konkurransevilkår, håndhevingsforhold, rettsbevissthet m.v.».

Det blei i mandatet vist til at heilagdagslova av 1965 ikkje regulerte salsverksemd, fordi ein hadde lagt til grunn at dette blei regulert i lukkelova og i dei kommunale vedtektene: «På denne bakgrunn er salgsvirksomhet forsåvidt utilsiktet gitt større frihet enn den som gjelder for forestillinger, forlystelser, markeder, utstillinger og oppvisninger.»

I mandatet blei det vist til bakgrunnen for oppnemninga av Aarsund-komiteen i 1959: bransjeblanding og handhevingsproblem. Det var særleg handhevingsproblema kring bensinstasjonane som var bakgrunnen for at utvalet blei sett ned i 1970, mellom anna etter at statsadvokaten i Eidsivating hadde bedt departementa løyse handhevingsspørsmåla på landsbasis. Dette ville krevje ei lovendring, og då ville departementet at ei rekkje andre spørsmål også skulle avklarast. Mandatet nemner fire punkt:

  • avgrensing av omgrepet «utsalsstad» mot mellom anna utstillingar

  • praktiske reglar som tek omsyn til behovet til «et trafikerende publikum», dvs. rammer for dei kommunale lukkingsvedtektene. Det blei vist til bensinstasjonar, campingplassar, utfartsstader, hurtigrutekaier, jernbanestasjonar, flyplassar osv.

  • drøfting av om kommunane gjennom lukkingsvedtektene (reglar om geografisk område, varetypar og bransjar) skulle kunne påverke konkurransen i marknaden og utviklinga i handelen

  • forholdet til anna regelverk

2.15.2 Framlegget

Utvalet gjorde utan dissensar framlegg om at kommunane framleis skulle gi lokale forskrifter om lukketider, men at kommunane ikkje kunne vedta at butikkane skulle vere stengde mellom kl. 07–18 på kvardagar og mellom kl. 07–14 på laurdagar.96 Butikkane skulle vidare kunne halde opent til kl. 20 éin dag i veka. Dersom kommunen opna for sal på søn- og heilagdagar, kunne dei ikkje tillate sal mellom kl. 10–13 med unntak av på jernbane-, sporvegs- og rutebilstasjonar, flyplassar, ferjeleie, ved svevebanar, sports- og idrettsanlegg, utfartsstader og offentleg godkjende leirplassar. Lovforslaget kravde at kommunane skulle ta omsyn til «offentlighetens behov for hensiktsmessig vareomsetning» når dei fastsette vedtekta.

Dei rettslege hovudgrepa til utvalet var elles:

  • Spegelvending av hovudregelen: Det var påbode å halde stengt så lenge den kommunale vedtekta ikkje gav lov til å halde opent. Resultatet ville bli det same, men den rettslege norma klarare. Tittelen på framlegget var dermed: «Lov om salgstider».97

  • Eit kommunestyre som ikkje ønskte å fastsetje lukkingsvedtekt (for heile eller delar av kommunen), måtte få også dette stadfesta av departementet. Dersom kommunen fekk lov til ikkje å fastsetje vedtekt, ville det også vere høve for butikkane til å halde opent mellom kl. 10–13 på søndagar.98

  • Lukkelova gjaldt for sal og bestilling frå utsalsstad til forbrukarar som ledd i næringsverksemd. Meininga var å omfatte alt sal til forbrukarar, også sal frå bilar, portrom og utstillingar, men ikkje sal på dørene til folk.99 Unntak måtte følgje av lov eller kommunal vedtekt.100

  • Kommunestyret kunne utvide opningstidene for visse varetypar, men ikkje gi eigne reglar om visse salsformer, som til dømes kiosk- eller torghandel, eller bransjar (forretningsgreiner). Salsformene blei behandla likt i heile kommunen.101 Kommunane kunne sjølve bestemme dei ulike varetypane og var ikkje bundne til å skilje ut til dømes kioskvarer eller halde seg til tradisjonelle bransjeinndelingar.102 Kommunane kunne bestemme at opningstidsreglane ikkje skulle gjelde for visse varer, til dømes aviser og blomar. Slike varer kunne då seljast når som helst. Utvalet ønskte å forenkle systemet og unngå ei lang rekkje ulike opningstider i same kommune.

  • Opningstida for butikkar på til dømes jernbanestasjonar og flyplassar skulle følgje av kommunal vedtekt og ikkje av nasjonalt regelverk.103

  • Ein butikk eller kombinerte verksemder måtte sperre av delar av lokalet når det blei lukketid for dei aktuelle varetypane. Det var krav om ei særskild avdeling som skulle stengjast av, og at publikum ikkje kunne bevege seg mellom avdelingane.104 Det var heimel til å gi forskrift om ei slik avsperring.

  • Varer kunne køyrast ut etter stengjetid.105

  • Kommunen kunne bestemme at dei lokale vedtektene også skulle gjelde for frisørar. Kongen kunne bestemme at lova også skulle gjelde for tenesteyting som til dømes banktenester.106

  • Lova og vedtektene skulle ikkje gjelde

    • sal av bensin, olje og andre varer som var nødvendige for drift av bilar og motorbåtar107

    • sal av proviant til store båtar

    • sal til publikum på teater, kino og friluftsarrangement

    • sal på transportmiddel til passasjerar

    • sal frå automat

    • sal på auksjon

  • Lova og vedtektene skulle heller ikkje gjelde for verksemder som var regulerte av andre lover, som apotek og vinmonopol.

Lovframlegget førte vidare og utvida den kommunale retten til å fastsetje vedtektene om opningstider. Denne retten blei formelt snevra inn ved at lova sette grenser for når kommunane kunne påby butikkane å stengje, men dette innebar ikkje nokon reell reduksjon i den kommunale fridommen.108 Innsnevringa i det kommunale sjølvstyret ville med lovframlegget til utvalet få heimel i lov og ikkje berre i godkjenningspraksisen til departementet.

2.15.3 Behandlinga i departementet

Regjeringa følgde ikkje opp utgreiinga med lovframlegg.109 Utgreiinga blei overlevert i desember 1972.110 I september 1973 var det stortingsval, og Arbeidarpartiet overtok regjeringsmakta åleine.

2.16 1970-talet – Fagrørsla vil ha laurdagsfri i varehandelen

Omsynet til dei tilsette stod sterkt på 1970-talet.111 Fagrørsla arbeidde for redusert arbeidstid, til dømes i form av å kunne ta fri på laurdagar. Ønsket var at dei tilsette i varehandelen skulle få del i det same godet som dei tilsette i industrien, i bankar og offentlege kontor hadde. Kontrasten til tidlegare tider er slåande: I 1913 var opningstidene i byane konsekvent lengre på laurdagar enn på kvardagar.112

På 1970-talet kom kravet om laurdagsstengde butikkar opp, med landsmøtet i Handel og Kontor i 1976 som klimaks.113 Ved tarifforhandlingane i 1977 kom laurdagsfri ikkje med i det tilrådde framlegget frå Riksmeklaren, og framlegget blei vedteke med knapp margin i uravstemminga. I Trondheim stemte over 80 prosent av medlemmene mot framlegget fordi det ikkje gav laurdagsfri i varehandelen.114

2.17 1977 – Utval ville styrkje nærbutikkane

Utvalet som var sett ned for å greie ut konsekvensane av konsentrasjonen i varehandelen, vurderte kort opningstidsreguleringa, sjå NOU 1977: 9 side 154–155.115 Utvalet meinte at opningstidene kunne påverke butikkstrukturen. Utvalet peikte på:

  • Snevre opningstider fører til at yrkesaktive handlar i sentrum (i arbeidstida) eller ved trafikknutepunkt (på veg heim), fordi butikkane i bustadområda er stengde når dei kjem heim.

  • Utsalsstader med usunne produkt og næringsmiddel har lengre opningstider enn utsalsstader som sel daglegvarer.

  • Snevre opningstider gir dårleg utnytting av kapasiteten i bygningar, utstyr osv.

Utvalet gjorde framlegg om at daglegvarebutikkar i bustadområde skulle få utvida opningstider fordi det ville gi ein butikkstruktur som var god for samfunnet. Medlemmen Guro Eilefsen meinte at utvida opningstider ikkje ville betre økonomien til nærbutikkane, og viste til meirkostnadene ved å halde opent. I tillegg peikte ho på at særreglar for nærbutikkar kunne skape avgrensingsproblem og ulike konkurransevilkår, sjå NOU 1977: 9 side 173–174.

2.18 1978 – Rettleiar frå departementet om lukkelova

Departementet delegerte stadfesting av lokale opningstidsforskrifter til fylkesmennene i 1978, og utarbeidde ein rettleiar til lukkelova, der det mellom anna heiter:116

«Forskriftene om lukningstid for utsalgssteder kan etter den nåværende lov differensieres etter ukedag, årstid, geografisk område og forretningsgren. Innen samme forretningsgren skal reglene omfatte og være ens for alle handlende med mindre allmenne hensyn tilsier noe annet.
Ved fastsettelse av kommunale forskrifter om lukningstid for utsalgssteder mener departementet det bør legges særlig vekt på at en ikke skaper ulike konkurransevilkår for de handlende, og at en ikke bør foreta større differensiering enn det som kan forsvares ut fra de formål loven bør tjene, dvs. hensynet til at handelsnæringen gis muligheter til å fastsette en utsalgstid som forbrukerne kan være tjent med, hensynet til nattero og helligdagsro og feiring av offentlige høytidsdager. Hensynet til de ansatte i handelsnæringen blir ivaretatt gjennom tariffavtalene og arbeidervernlovgivningen, og bør ikke søkes ivaretatt ved fastsettelse av snevre rammer for utsalgsstedenes åpningstider.»117

2.19 1980 – Vidareføring av reglar om sal på trafikknutepunkt. Oppheving av liste over vareslag

Ved innføringa av ny handelslov såg dei ansvarlege departementa at sal på trafikknutepunkt heller burde regulerast i lukkelova, sjå Ot.prp. nr. 49 (1979–80). Handelslova regulerte at Jernbanestyret (NSBs hovudstyre) kunne gi løyve til sal på stasjonane av «billeder, festtegn, ubrukte frimerker, brevkort, prospektkort og andre småting» utan omsyn til dei lokale opningstidsforskriftene. Vidare kunne Jernbanestyret gi løyve til sal av «tobakksvarer, frukt og bær i naturlig tilstand, blomster, spisesjokolade, drops, iskrem, mjølk og mineralvann i smått – dog ikke fra automat».

Endringa i lukkelova skulle føre vidare gjeldande rett med nokre redaksjonelle endringar. Varene skulle etter lovendringa vere «beregnet på de reisendes behov», og departementet kunne gi føresegner om kva for varer som kunne seljast. Salet skulle som før skje i tida då toga kom og gjekk. Ny § 4 i lukkelova lydde:

«Uten hinder av kommunal bestemmelse kan departementet tillate salg av varer beregnet på de reisendes behov på følgende steder: Jernbane, sporveis- og rutebilstasjon, ved brygge, svevebaner og på lufthavner. Salget kan foregå i tiden omkring kommunikasjonsmidlenes ankomst og avgang.
Departementet kan gi nærmere bestemmelser om hvilke varer som kan selges.
Departementet kan delegere myndighet til å gi slik tillatelse som nevnt i første ledd.»

2.20 1981 – Utval sett ned for å sjå på «hvordan tidsrammene i ulike virksomheter kan oppmykes»

2.20.1 Mandat

Utvalet på 15 medlemmer blei sett ned 21. august 1981, tre veker før stortingsvalet, av den første regjeringa til Gro Harlem Brundtland.118 Det var Finansdepartementet som sette ned utvalet. I den kongelege resolusjonen heitte det om bakgrunnen for oppnemninga:

«Ut fra mange arbeidstakeres interesser kan det være ønskelig med en standardisering av arbeidstiden. Derfor er også arbeidslivet de senere år i stor grad bli innordnet med arbeid mellom kl 0700 og 1600, med fri i helgene. Dette passer imidlertid ikke alle grupper. (…)
Lik arbeidstid og fritid for alle, kan også ut fra andre hensyn by på ulemper. Det bidrar bl.a. til å skille yrkesaktive og andre grupper fra hverandre. Som forbrukere får man begrenset mulighet til å benytte seg av de tilbud som de ulike tjenesteytende sektorer tilbyr. Samtidig som en skal arbeide, må en handle, sette bilen på verksted, gå i banken, oppsøke offentlige kontorer osv. (…)
Mye taler for at arbeidstidene generelt bør bli mer varierte, og at åpningstidene ved serviceinstitusjonene bør bli mer fleksible. Derved vil oppfatningen om hva som er normalt kunne forandres. De som i dag har arbeidstider som regnes for å være ubekvemme, vil på denne måten kanskje komme mindre i utakt med tidsmønstre i samfunnet forøvrig. En slik utvikling vil imidlertid også kunne innebære ulemper for endel arbeidstakergrupper.»119

Det konkrete mandatet til utvalet var formulert nokså overordna og peikte ikkje ut varehandel, offentlege kontor, offentlege tenester eller private tenester som hovudtema. Utvalet skulle kartleggje dei dåverande opningstidene og arbeidstidsordningane og vurdere dei økonomiske og sosiale fordelane og ulempene. Utvalet skulle vidare

«avveie interessekonflikter og eventuelt komme med forslag om
  • a. hvordan tidsrammene i ulike virksomheter kan oppmykes

  • b. hvordan økt individuell frihet i valg av arbeidstid kan kombineres med fortsatt satsing på lovregulering og kollektive avtaler»120

Utvalet valde å konsentrere seg om varehandelen og offentleg og privat tenesteyting frå kontor med fastsett opningstid.121

2.20.2 Funna i NOU 1984: 13

  • Trass i store reduksjonar i arbeidstida opplevde mange aukande tidspress.122

  • Berre 31 kommunar hadde forskrifter som kravde at butikkane skulle stengje kl. 13 på laurdagar, medan 59 kommunar tillét å ha opent til kl. 20 eller seinare på laurdagar.123

  • Det var ingen direkte samanheng mellom dei kommunale lukketidsvedtektene og opningstidene i varehandelen; butikkane nytta ikkje høvet dei hadde til å halde opent.124

  • Slik lukkelova var utforma, fanst det ingen garanti for at kommunestyra kjende til eller tok omsyn til forbrukarinteressene når dei skulle fastsetje dei lokale opningstidsforskriftene.125

  • Innanfor rammene som dei kommunale opningstidsforskriftene sette, peikte utvalet på at dei faktiske opningstidene i stor grad blei sette ut frå råda som handelsstandsforeiningane gav til medlemmene om opningstidene.126

  • Større fridom i plassering av arbeidstid og opningstid kunne gjere det viktigare å skjerme det som var igjen av felles fritid.127

2.20.3 Vurderingane til utvalet

Utgangspunktet for vurderingane til utvalet var at tidsmønstera i samfunnet ideelt sett burde vere regulerte ut frå omsynet til128

  • økonomisk og administrativ effektivitet

  • sosial og økonomisk rettferd

  • fleksibilitet i tid og rom

Måla for den samla opningstidspolitikken var129

  • at tenesteverksemder skulle vere tilgjengelege («oppfylle krav til minimumstilgjengelighet»)

  • at arbeidstidsordningar skulle vere smidigare og gi større individuell valfridom130

  • eit laurdagsopent samfunn

  • at ferie og langfri skulle spreiast på ein betre måte

  • tidsorganisering for høgare livskvalitet

2.20.4 Tilrådingane

Utvalet delte seg i tre fraksjonar:131

  • Fleirtalet gjekk inn for å føre vidare kommunale lukketider, men no slik at butikkar skulle få halde opent kl. 06–21 på kvardagar og kl. 06–18 på laurdagar.132 Fleirtalet gjekk ikkje inn for rett til å halde opent på søndagar. Kommunane kunne fastsetje vidare (ikkje snevrare) rammer for opningstida. Desse vedtektene trong ikkje statleg stadfesting, men ei føresegn om formålet med lova skulle gi retning på dei kommunale forskriftene.133 Som grunnlag for behovet for endra reglar viste fleirtalet til konkurransevriding og forbrukarinteresser. I tillegg viste dei til omsynet til å forenkle regelverket og forvaltningsapparatet. Fleirtalet ville at sal på jernbanestasjonar og lufthamner ikkje skulle følgje dei kommunale vedtektene (som før).

  • Utvalsmedlemmene som var oppnemnde av Finansdepartementet og Sosialdepartementet, gjekk inn for å oppheve lukkelova. Arbeidstakarane måtte få same vern mot natt-, søn- og heilagdagsarbeid som andre. Det innebar endring av arbeidsmiljølova og opning for lokal dispensasjon for lengre arbeidstid for særskilde varetypar og ut frå særskilde vilkår.

  • Utvalsmedlemmene som var oppnemnde av LO, gjekk inn for å føre vidare kommunale lukketider, men slik at butikkar skulle få halde opent kl. 06–19 på kvardagar og kl. 06–14 på laurdagar.134 Kommunane kunne forlengje opningstida til kl. 21 på kvardagar (ikkje berre éin langdag). Fraksjonen ville oppheve høvet til å dispensere frå lova. Vidare ville denne fraksjonen oppheve føresegnene i arbeidsmiljølova som gjorde at tilsette i butikkar ikkje var verna av forbodet mot søn-, natt- og heilagdagsarbeid.135 Fraksjonen gjekk inn for å oppheve unntaket for utsalsstader i arbeidstidsreglane i arbeidsmiljølova og kravet om statleg stadfesting av dei kommunale vedtektene. Dei gjekk òg inn for å føre vidare unntaka for jernbanestasjonar og lufthamner, men ville oppheve høvet til å dispensere.136

2.21 1985 – Kommunane kunne tillate søndagshandel mellom kl. 14–19

2.21.1 Innleiing

Etter gjeldande rett i 1984 kunne kommunane regulere opningstidene i varehandelen på søndagar i lokale forskrifter. Heimelen var lukkelova av 1913.137 Heilagdagslova hadde ikkje reglar om opningstider, berre om ikkje å forstyrre gudstenesta.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85), Om lov om åpningstid for utsalgssteder, blei fremma for Stortinget 5. oktober 1984. Regjeringa Willoch var då ei fleirtalsregjering med Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Astrid Gjertsen var forbrukar- og administrasjonsminister, og hadde tidleg i regjeringsperioden signalisert ein ambisjon om å oppheve lukkelova.138

2.21.2 Høyringa

Forbrukar- og administrasjonsdepartementet sende 13. januar 1984 på høyring eit framlegg til ny lov om opningstider for utsalsstader. Høyringsfristen var 27. februar 1984, med andre ord var det ein høyringsperiode på seks veker. Framlegget var delvis basert på tilrådingane frå Opningstidsutvalet, som det heiter i høyringsbrevet. Tilrådingane låg ved høyringsnotatet, sjølv om NOU 1984: 13 Åpningstider og tilgjengelighet først blei overlevert til Finansdepartementet i april 1984.139 I den seinare komitéinnstillinga kritiserte medlemmene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti regjeringa for at lovframlegget blei sendt på høyring før den fullstendige innstillinga til Opningstidsutvalet var lagd fram.140 Proposisjonen blei lagd fram for Stortinget eit halvt år etter at NOU-en var overlevert.

Departementet sende på høyring eit lovframlegg som sette rammer for dei kommunale vedtektene om lukketider:141

  • Det skulle ikkje vere høve til å avgrense opningstida mellom kl. 06–21 måndag til fredag. Dette blei i høyringsnotatet omtalt som ein rett til å halde opent.

  • Det skulle ikkje vere høve til å avgrense opningstida mellom kl. 06–18 på laurdagar.

  • Det skulle ikkje vere høve til å avgrense opningstida mellom kl. 06–15 påske-, pinse-, jul- og nyttårsaftan.

  • Kommunane kunne fastsetje vidare rammer for opningstidene.

  • På søndagar mellom kl. 10–13 skulle utsalsstader vere stengde dersom kommunen ikkje bestemte noko anna. Det var ikkje sett vilkår for kommunane når det gjaldt høvet til å bestemme at butikkane kunne vere opne på søndagar.

  • Lovframlegget ville gi departementet fullmakt til å gi reglar om opningstider for sal av varer for å dekkje behovet til dei reisande på jernbanestasjonar, lufthamner osv. Desse reglane kunne avvike frå dei kommunale vedtektene.

Departementet følgde i høyringsnotatet ikkje framlegget til fleirtalet i Opningstidsutvalet fullt ut fordi departementet ønskte eit så enkelt og lite arbeidskrevjande regelverk som mogleg. Hovudskilnaden var at utvalet ville gi kommunane høve til å utvide opningstidene utover rammene i lova, medan departementet ville at opningstidene skulle vere frie, og at det var opp til kommunane å eventuelt snevre inn opningstidsrammene fram til dei lovfesta rammene for retten til å halde opent. Konkret dreidde dette seg om at kommunar som etter den dågjeldande lova hadde forskrifter som tillét bensinstasjonar å halde opent etter kl. 21, med framlegget til departementet ikkje trong å utarbeide nye lokale forskrifter. Framlegget til fleirtalet i NOU-utvalet ville kravd at kommunane utarbeidde lokale forskrifter for at bensinstasjonar skulle kunne halde opent etter kl. 21. Departementet ville ikkje at kommunane skulle tvingast til å utarbeide forskrifter for å unngå ei innstramming av opningstidene som dei ikkje ønskte, men føydde til at det i praksis nok ikkje var særleg store forskjellar mellom dei to framlegga for handlande, arbeidstakarar og forbrukarar.142

2.21.3 Ot.prp. nr. 9 (1984–85)

Willoch-regjeringa sende 5. oktober 1984 Stortinget eit framlegg om rett for butikkane til å halde opent:143

  • kl. 06–20 på kvardagar (ein time kortare enn høyringsnotatet og fleirtalet i utvalet)

  • kl. 06–18 på dagar før søn- og heilagdagar (mellom anna laurdagar)

  • kl. 06–15 påske-, pinse-, jul- og nyttårsaftan.

Utover dette var opningstidene frie så lenge kommunane ikkje fastsette forskrifter som avgrensa opningstidene. Det innebar at ein butikk fritt kunne halde opent mellom kl. 18 på laurdag og kl. 06 på måndag dersom kommunen ikkje ved forskrift hadde fastsett avgrensingar i høvet til å halde opent. Proposisjonen gjekk dermed vidare enn høyringsnotatet i å opne for søndagshandel. Departementet viste til at «vernet om søn- og helligdager bedre kan ivaretas av den enkelte kommune i henhold til lokal tradisjon og forholdene for øvrig. Dette er i samsvar med dagens lov.»144

Den lovtekniske løysinga departementet valde, gjorde det mogleg for kommunane ikkje å gi forskrifter om opningstider. På den måten kunne kommunane framover sleppe å gi særlege reglar for bestemte typar utsalsstader og liste opp varetypane dei kunne selje – med dei handhevingsutfordringane som følgde.

Hovudomsyna departementet viste til i proposisjonen, var behovet hos forbrukarane for meir fleksible opningstider, omsynet til forenkling av reglar og konkurranseomsyn.145

Departementet rekna ikkje med ei rask endring av opningstidene:

«I likhet med Arbeidstilsynet antar departementet at forretningene i liten grad vil holde åpent etter kl. 21.00, selv om de har adgang til dette. Dette bygger på erfaringer fra de 70 kommunene uten vedtekter samt kommuner med tillatt åpningstid frem til kl. 23.00.»146

Departementet viste vidare til at butikkane i Oslo kunne halde opent til kl. 19, medan dei faktisk stengde kl. 17.147

2.21.4 Innstillinga og behandlinga i Stortinget

Den vedtekne lovteksten blei i stor utstrekning utforma i Stortinget. Innst. O. nr. 48 (1984–85) blei lagd fram 28. mars 1985.148 Det var harde forhandlingar mellom regjeringspartia på Stortinget, fordi Kristeleg Folkeparti tok ein annan posisjon på Stortinget enn i regjeringa.149 Hovudendringa gjaldt søndagen, der innstillinga opna for at kommunane kunne tillate opningstider mellom kl. 14–19 på vanlege søndagar, medan proposisjonen la opp til frie opningstider også i helga, så lenge kommunane ikkje fastsette grenser. Første juledag, første påskedag, første pinsedag og langfredag skulle butikkane uansett vere lukka. Forhandlingane på Stortinget enda i tråd med proposisjonen med at retten til å halde opent skulle gjelde til kl. 20 på kvardagar og kl. 18 på laurdagar, og at kommunane kunne utvide opningstidene.

Fordi opningstidene blei avgrensa på søn- og heilagdagar, blei det nødvendig med unntak, mellom anna for bensinstasjonar og kioskar. Unntaket for blomar kom etter ønske frå Kristeleg Folkeparti for at folk skulle kunne få med seg blomar når dei gjekk på gravplassen, medan unntaket for suvenirar kom etter ønske frå Senterpartiet. Det blei gjort unntak for visse andre utsalstypar.

Fleirtalet (Høgre, Kristeleg Folkeparti «med tilslutning» frå Senterpartiet, som ikkje sat i komiteen) førte inn i lovforslaget sitt ein hovudregel om stengde butikkar på søn- og heilagdagar «i forståelse med departementet».150 Kommunestyret kunne når spesielle forhold tilsa det, tillate at utsalsstader kunne halde opent kl. 14–19 på søndagar. Fleirtalet gav ikkje stramme føringar for korleis kommunestyret skulle bruke denne fullmakta. Det blei vist til151

  • «spesielle lokale forhold»

  • «som ellers kunne bli skadelidende»

  • at kommunane sjølve måtte vurdere kva for særlege forhold dei kunne leggje til grunn for unntak

  • at kommunane kunne gjere unntak for å møte behov hos turistar for å handle lokalt eller varige eller regelmessig tilbakevendande situasjonar

Dette innebar at søndagsopne butikkar var lov mellom kl. 14–19 frå 1985, men berre dersom kommunane fastsette forskrift om det. Samanlikna med lukkelova var dette ei tilstramming.152

Fleirtalet valde vidare å liste opp i § 5 dei utsalsstadene som skulle vere unnatekne frå lova. Lista var meint å dekkje gjeldande praksis.153 Dette grepet innebar å flytte avgjerdsmyndigheit frå kommunane til Stortinget ved at det i langt mindre grad ville vere behov for å fastsetje lokale lukketider for at kioskar, bensinstasjonar osv. kunne halde opent. I merknadene til føresegna lista komiteen opp døme på kioskvarer:154

«(…) typiske ‘kioskvarer’ som tobakk- og røykeartikler, aviser, blader og tidsskrifter, bøker, skrivesaker, toalettartikler, hygieniske artikler, sukker- eller sjokoladeprodukter, bakeri- og konditorvarer, frimerker, innspilte og uinnspilte lyd- og billedkassetter, film, mineralvann, frukt, souvenirer, husflidvarer o.l. Under «kiosk» henregnes også utsalgssteder som hovedsakelig selger typiske ‘pølsebod- eller gatekjøkkenvarer’ som pølser, hamburgere, kylling, pommes frites eller andre varer som er beregnet på å fortæres på stedet.»

Medlemmene frå Arbeidarpartiet la vekt på at kioskar skulle vere mindre utsalsstader, og at det i tilfelle av tvil var omfanget av verksemda og ikkje vareutvalet som skulle vere avgjerande for om det dreidde seg om ein kiosk.155

I komitéinnstillinga la Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti stor vekt på konsekvensane for arbeidstakarane «idet en ny gruppe arbeidstakere i realiteten gjøres til skiftarbeidere». Dei to partia ville i utgangspunktet sende proposisjonen tilbake.

Arbeidarpartiet sitt subsidiære, alternative framlegg til opningstidslov fastsette opningstidene til kl. 06–19 måndag til fredag og kl. 14 på laurdagar. Kommunane kunne i forskrift fastsetje kortare opningstider og når særlege forhold tilsa det, gi høve til å halde opent til kl. 21.156

Sosialistisk Venstreparti ville ikkje ha noka ny lov. I komitéinnstillinga peikte Sosialistisk Venstreparti på at den dågjeldande lukkelova var ei av dei mest liberale i Europa. Dei næringsdrivande i 70 kommunar kunne halde opent når dei ville. I resten av kommunane var det lokalt fastsette opningstidsrammer som gjaldt:

«Men det betyr slett ikke at de muligheter som er gitt gjennom vedtektene blir utnyttet. De reelle åpningstidene blir ofte fastlagt gjennom uformelle avtaler innenfor og mellom handelens egne organisasjoner.
Med andre ord så fungerer i dag dette smidig og greitt. Det er et fornuftig og effektivt samspill mellom kommunenes folkevalgte organer og de interessertes organisasjoner. (…)
Resultatet av Regjeringens forsøk på lovgivning innenfor dette området har altså så langt ført til mindre oversikt, omfattende lovteknisk rot, mer sentral dirigering og svekket kommunalt selvstyre.»157

Boks 2.5 Lova lydde slik ved kunngjeringa 15. mai 1985:

§ 1. Kommunestyret kan ved forskrift bestemme lukningstider for utsalgssteder.

Lukningstidene kan fastsettes forskjellig for de forskjellige varegrupper, forretningsgrener, årstider og dager i uken.

§ 2. I forskriftene kan det ikke bestemmes at utsalgssteder skal holdes lukket på vanlige hverdager mellom kl. 06.00 og kl. 20.00, dager før søn- og helligdager mellom kl. 06.00 og kl. 18.00 og på påske-, pinse-, jul- og nyttårsaften mellom kl. 06.00 og kl. 15.00.

§ 3. På søn- og helligdager skal utsalgssteder være lukket.

Kommunestyret kan når spesielle forhold tilsier det ved forskrift tillate at utsalgssteder kan holde åpent mellom kl. 14.00 og kl. 19.00. På 1. juledag, 1. påskedag, 1. pinsedag og langfredag skal det være lukket. 

§ 4. Forskrifter gitt i medhold av §§ 1 og 3 skal stadfestes av fylkesmannen.

§ 5. Denne lov omfatter ikke:

  1. Kiosker

  2. Salg av bensin, olje og andre varer som er nødvendig for drift eller vedlikehold av motorkjøretøyer og motorbåter

  3. Utsalgssteder på campingplasser

  4. Utsalgssteder tilknyttet jernbane-, sporveis- og rutebilstasjoner, ved brygge, svevebaner og lufthavner og som selger varer beregnet på de reisendes behov1

  5. Salg fra serveringssted

  6. Salg ved auksjon

  7. Salg av utstilte gjenstander fra kunstgallerier o.l.

  8. Salg fra utstillinger eller varemesser

  9. Salg av blomster og planter

  10. Utsalgssteder som i hovedsak selger lokale husflids- og souvenirvarer.

Kommunen avgjør i tvilstilfelle om en virksomhet omfattes av unntakene i første ledd.

Avgjørelse etter annet ledd kan påklages til fylkesmannen.

§ 6. Det kan i forbindelse med spesielle anledninger og arrangementer dispenseres fra denne lovs § 3 eller forskrifter gitt i medhold av denne lov. Dispensasjonsspørsmålet avgjøres av kommunen.

Avgjørelse fattet etter første ledd kan påklages til fylkesmannen.

§ 7. Den som forsettlig overtrer denne lov, eller bestemmelser gitt i medhold av loven, straffes med bøter.

§ 8. Denne lov trer i kraft fra det tidspunkt Kongen bestemmer.

Fra samme tidspunkt oppheves lov av 25. juni 1913 nr. 5 om lukningstid for utsalgssteder og kommunale vedtekter gitt i medhold av loven. Det samme gjelder lov av 29. mai 1925 nr. 1 om lukningstid for barber- og frisørsalonger og kommunale vedtekter gitt i medhold av loven.

1 Lova regulerte dermed to typar kioskar: I nr. 1 ut frå areal og varetype og i nr. 4 ut frå kvar kiosken ligg, og ei anna avgrensing av varetype.

2.21.5 Henning Holstads storkiosk

I 1981 stengde dei fleste butikkar i Oslo kl. 17 på kvardagar og kl. 13 eller 14 på laurdagar. Lukkingsvedtektene frå 1970 gjaldt framleis:158

  • Kolonial-, manufaktur- og blomebutikkar kunne halde opent kl. 07–19 på kvardagar og til kl. 16 på laurdagar. På søn- og heilagdagar skulle dei halde stengt.

  • Bakar- og konditorbutikkar og tobakks- og sjokoladebutikkar kunne halde opent kl. 6–22 alle kvardagar, det vil truleg også seie laurdagar. Søndagar, andredagar, skjærtorsdag og Kristi himmelfartsdag kunne dei halde opent kl. 07–10 og kl. 13–22. Mjølk og brød kunne dermed seljast søndag kl. 07–10.

  • Butikkar på T-banen kunne halde opent utover kvelden, men berre tobakks- og konditorbutikkar på T-banen kunne halde opent på søn- og heilagdagar.

  • Påske-, pinse-, jul- og nyttårsaftan måtte alle butikkar stengje kl. 16.

Henning Holstad dreiv bensinstasjon på Thune i Oslo.159 Då trikkelinja skulle flyttast, mista han pumpene og valde å byggje om til storkiosken Tiny 1023, som var open alle dagar. Til då var det berre butikkar på T-banestasjonane Grønland og Carl Berner som var opne etter kl. 17 på laurdagar og på søn- og heilagdagar med grunnlag i ein særregel i lukkingsvedtektene.160 Det gjekk bra for Tiny heilt til skjærtorsdag 1985. Då blei verksemda meld til politiet av Oslo Handelsstands Forening. Straffa blei hausten 1985 ei bot på 20 000 kroner.161

2.21.6 Rettspraksis om grensa mellom kioskvarer og daglegvarer162

Bensinstasjonane tok til å selje daglegvarer på slutten av 1980-talet.163 Opningstidslova gjaldt ikkje for kioskar, for sal av bensin osv. Det innebar at lova skilde mellom kioskvarer og daglegvarer. I saka i Rt. 1989 side 309 dreiv domfelte ein såkalla servicestasjon:

«Det er opplyst at av den samlede omsetning utgjør bensin med tilhørende produkter ca 57 prosent, kioskvarer ca 31 prosent og dagligvarer ca 12 prosent. Og dagligvarene beslaglegger en mindre del – anslagsvis litt over en tiendedel – av det samlede hylleareal i lokalene. Imidlertid er det tale om et omfattende varespekter av slike varer som ikke kan anses som kioskvarer, men som selges i vanlige dagligvareforretninger.»

Høgsterett meinte at det ikkje var fritt fram for å selje eit breitt spekter av daglegvarer sjølv om det meste av omsetninga var knytt til varetypar som var unnatekne frå lova:

«En slik adgang ville i forhold til dagligvareforretningene innebære en forskjellsbehandling som jeg må gå ut fra at lovgiveren ikke har tilsiktet. Det ville også skapes mer uklare grenser som ville vanskeliggjøre praktiseringen av loven.
Etter det som er opplyst for Høyesterett, synes håndhevelsen av åpningstidsloven å ha vært mindre effektiv, blant annet som følge av manglende håndhevelseskapasitet. Jeg kan imidlertid ikke se at dette forhold kan få noen innvirkning på forståelsen av loven.»

Dommen var ei bot på kr 10 000. Den sistvoterande dommaren, som slutta seg til fleirtalet, peikte på at «nåværende regelverk synes å ha medført til dels nokså subtile sondringer mellom kioskvarer og dagligvarer». Skiljet mellom kioskvarer og daglegvarer blei ståande heilt til 100 m2-regelen tok til å gjelde i 1999.

I Rt. 1987 side 515 slo Høgsterett fast at vareutvalet i forretninga Cash Pink (Sørkedalsveien 3, Oslo) ikkje kunne kallast kioskvarer:

«Den forretning hvor tiltalte var styreformann, har ifølge byrettens dom hatt et vareutvalg som omfattet: ‘Brød, melk, smør, hermetikk, dypfrosne kjøtt- og fiskevarer fra forskjellige selskaper, kjøttpålegg i vakumpakning, kaffe, mineralvann, husholdningspapir, strømper, truser, vaskemiddel- og toalettartikler, poteter, frukt og grønnsaker, is, hamburgere samt en rekke forskjellige vanlige kioskartikler.’»

Det var teke ut tiltale på bakgrunn av at forretninga heldt opent «mandag til og med fredag fra kl 2000 – kl 2300, lørdager fra kl 1800 – kl 2300 til tross for at forretningen hadde et vareutvalg som bl a omfattet diverse kolonialvarer». Høgsterett oppheva frifinninga i byretten.

2.21.7 Kampanje for strenge kommunale forskrifter

Handel og Kontor arbeidde etter stortingsvedtaket for at kommunane skulle vedta så strenge forskrifter som mogleg. Arbeidet kasta av seg, og i 1990 viste ei undersøking forbundet gjorde, at tre av fire kommunar hadde vedteke den mest avgrensa opningstidsramma.164

2.22 Utviklinga i opningstidene på søndagar etter 1985

1985-lova gav kommunen heimel til å vedta at butikkane kunne halde opent på søndagar mellom kl. 14–19, men så langt utvalet kjenner til, var det ikkje vanleg å opne for handel på søndagar. I denne perioden tok bensinstasjonane til å selje daglegvarer, også på søndagar.

Statens institutt for forbruksforsking gjorde greie for opningstidene til daglegvarebutikkane i rapporten Bekvem dagligvarehandel (1997).165 Hovudobservasjonen var at opningstidene blei utvida mellom 1985 og 1990 og i mindre grad mellom 1990 og 1996. Daglegvareprisane steig ikkje etter at butikkane utvida opningstidene etter lovendringa i 1985, trass i frykt for høgare kostnader og dermed høgare priser.166

I 1996 hadde 57 prosent av kommunane vedtekter i tråd med rammene i lova, medan 12 prosent hadde fastsett vidare rammer frå måndag til laurdag.167 31 prosent av kommunane hadde ikkje rammer for opningstidene. I 40 prosent av kommunane kunne butikkane halde opent på søndagar i ei eller anna form. I praksis innebar det stort sett å halde opent éin eller fleire søndagar i desember. I om lag 5 prosent av kommunane kunne butikkane halde opent kvar søndag heile året.168

Om lag 5 prosent av daglegvarebutikkane var opne på søndagar i 1996.169 Nesten alle bensinstasjonar og over 80 prosent av storkioskane heldt opent på søndagar. Det var mogleg å kjøpe daglegvarer i over 80 prosent av bensinstasjonane, over 50 prosent av storkioskane og 12 prosent av kioskane. Det var liten forskjell på by og land når det gjaldt å få tak i daglegvarer på søndag.

2.23 1990 – Næringslovutvalet gjer framlegg om å oppheve opningstidslova

Næringslovutvalet blei sett ned ved kongeleg resolusjon 2. februar 1990 og hadde som mandat å komme med framlegg til forenklingar i næringslovgivinga.170 Næringslovutvalet leverte ei utgreiing med framlegg til endringar i opningstidslova 17. oktober 1990.171 Etter ei høyring av notatet drøfta utvalet i eit seinare, udatert notat opningstidslova som regulator av arbeidstida i varehandelen.

Næringslovutvalet omtaler opningstidslova i 1985 som ei «sterk liberalisering», men finn likevel grunn til å ta opp spørsmålet om lova bør opphevast allereie etter fem år. Om formålet med lova, uttalte dei, sjå side 2:

«Det er vanskelig ut fra lovens ordlyd og dens forarbeider å finne noe klart formål loven er satt til å ivareta. Det ser mer ut som loven er blitt til etter en interesseavveining hvor bl.a. hensynene til de næringsdrivende selv, forbrukerne og de ansatte er viktige bestanddeler.»

Næringslovutvalet retta spørsmål til dei to organisasjonane som i 1985 var mest kritiske til liberaliseringa, for å høyre kva dei meinte fem år etterpå. HSH (seinare Virke) ønskte frie opningstider på kvardagar og at den eventuelle resterande opningstidsreguleringa skulle liggje i heilagdagslova. HSH peikte òg på tolkingsproblem knytte til § 5 i lova (unntaksføresegna). Handel og Kontor i Norge gjekk inn for å føre vidare opningstidslova. At kommunane, etter Handel og Kontor si eiga undersøking, i hovudsak hadde vedteke forskrifter i tråd med minimumsreglane i lova, var eit signal om behovet for vern mot urimelege arbeidstider og om at det ikkje er eit stort behov for å handle utover desse tidene. Handel og Kontor peikte vidare på problem knytte til utviklinga av såkalla storkioskar.

I drøftinga la Næringslovutvalet vekt på desse punkta:

  • Erfaringane frå Sverige var at nærbutikkane ikkje blei svekte av frie opningstider. Utvalet viser til ei fråsegn frå det norske Handelsdepartementet.

  • Fordi svært mange butikkar heldt opent så lenge dei kunne, innebar reglane som gjaldt då, at butikkane hadde avgrensa høve til å tilpasse seg marknaden.

  • Det skjedde ei bransjegliding frå daglegvare til bensinstasjonar og kioskar.

  • Det var semje i utvalet om at omsynet til konkurransen talte for å oppheve opningstidslova.

  • Opningstidslova hadde ført til utvida opningstider som var meir tilpassa behova til forbrukarane. Prisane hadde ikkje stige.

  • Omsynet til forbrukarane talte ikkje for å føre vidare opningstidslova, men eitt medlem meinte dei gjeldande opningstidene var vide nok for forbrukarane.

  • Omsynet til nattero og det å unngå støy talte ikkje for å føre vidare opningstidslova.

  • Utvalet meinte det var behov for reglar som hindra handel i kyrkjetida, og meinte at slike reglar kunne liggje i heilagdagslova. Utvalet ville vidare samle reglane om heilagdagar og reglane om 1. og 17. mai.

  • Opningstidsreglane hadde fungert som eit vern mot urimeleg arbeidstid i varehandelen, men fleirtalet meinte at vernet burde følgje av arbeidsmiljølova, ikkje av opningstidsreglar eller kommunale forskrifter. Dette fleirtalet ville oppheve opningstidslova først etter at det offentlege Arbeidsmiljølovutvalet hadde vurdert behovet for arbeidstidsvern. Eitt mindretal ville oppheve opningstidslova utan å vente på Arbeidsmiljølovutvalet, medan eit anna mindretal ville halde på opningstidslova fordi oppheving ville gi dei tilsette ei endå dårlegare rettsstilling.

I høyringa av notatet frå Næringslovutvalet datert 17. oktober 1990 uttalte Finansdepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet og Kommunaldepartementet at arbeidstida for tilsette i varehandelen burde vere regulert i arbeidsmiljølova, ikkje av opningstidsreglar. Næringsdepartementet meinte det var uheldig at arbeidstidsreglane varierte frå kommune til kommune. Handel og Kontor i Norge meinte, med tilslutning frå LO, at det ville vere grovt urimeleg å fjerne den siste resten av vern mot natt- og helgearbeid for å oppnå marginale gevinstar på andre felt.

Tilrådinga frå fleirtalet i Næringslovutvalet var å oppheve opningstidslova etter at Arbeidsmiljølovutvalet hadde vurdert behovet for endringar i arbeidsmiljølova. Næringslovutvalet drøfta i eit udatert notat, der høyringsfråsegnene ovanfor er henta frå, andre måtar å regulere arbeidstida i varehandelen på. Konkret dreidde det seg om å oppheve unntaksreglane om utsalsstader i arbeidsmiljølova av 1977 (§ 42 bokstav l og § 44 bokstav k). Konsekvensen ville vere at arbeid i butikk mellom kl. 21–06 var forbode. Det same ville gjelde frå laurdag kl. 18 til søndag kl. 22 (i praksis måndag kl. 06). Kombinert med oppheving av opningstidslova ville alle butikkar måtte halde stengt i desse tidsromma. Utvida opningstid for til dømes bensinstasjonar kunne komme i stand gjennom forhandlingar med tillitsvalde og/eller løyve frå Arbeidstilsynet.

Næringslovutvalet rådde ikkje til å gjere slike endringar i arbeidsmiljølova. For det første ville det innskrenke opningstidene i dei kommunane som hadde frie opningstider, dvs. der det ikkje var gitt lokale forskrifter om opningstider. For det andre måtte bensinstasjonar og kioskar som utgangspunkt halde stengt etter kl. 21 på kvardagar og på søn- og heilagdagar. Dette var lite ønskjeleg. For det tredje ville ei slik endring ikkje vere ei forenkling for dei næringsdrivande. Fleirtalet i Næringslovutvalet heldt dermed fast på tilrådinga om å oppheve opningstidslova etter at Arbeidsmiljølovutvalet hadde vurdert behovet for endringar i arbeidsmiljølova.

2.24 1991 – Unntak for typiske turiststader

I Ot.prp. nr. 59 (1990–91) foreslo Barne- og familiedepartementet å utvide unntaket for utsalsstader på campingplassar til også å omfatte utsalsstader på typiske turiststader. Lova hadde ikkje reglar om utvida opningstider for sal til turistar, sjølv om problemstillinga hadde vore oppe ei rekkje gonger etter at ho stod i mandatet til utvalet som var sett ned 17. desember 1936. Sjølv om det ikkje var ei eksplisitt føresegn om sal til turistar, var føresetnaden (frå fleirtalet i stortingskomiteen) at opningstidslova av 1985 opna for kommunale vedtekter om å halde opent kl. 14–19 på søndagar, mellom anna ut frå behovet til turistane.172 I Ot.prp. nr. 59 (1990–91) skreiv departementet:

«Endringen vil åpne for større fleksibilitet i åpningstidene og muligheter for turiststeder til å yte bedre service overfor publikum. Endringen vil videre hindre konkurransevridning til fordel for kiosker og bensinstasjoner på typiske turiststeder på søndager. På et lite sted hvor befolkningen i perioder øker vesentlig, er det viktig av konkurransemessige hensyn at de næringsdrivende kan drive handel på like vilkår.»

Det blei vist til erfaringane med opningstidslova frå 1985:

«En uheldig side ved loven er de problemer utsalgssteder på typiske turiststeder kan få på søn- og helligdager. I henhold til loven skal utsalgssteder som hovedregel være lukket på søn- og helligdager. Kommunestyret kan imidlertid når spesielle forhold tilsier det, ved forskrift tillate at utsalgssteder kan holde åpent mellom kl. 14.00 og kl. 19.00, jfr. § 3.
I praksis forekommer det tilfeller hvor et turiststeds butikk må holde stengt på søn- og helligdager frem til kl. 14.00, mens stedets bensinstasjon og kiosk kan holde åpent hele søn- og helligdagen, da disse er unntatt fra åpningstidsloven. Dette kan føre til en uheldig konkurransevridning, fordi kiosker og bensinstasjoner også kan selge en del dagligvarer så lenge kioskvarer o.l. er hovedsaken. Reglene hindrer således utsalgssteder i å imøtekomme forbrukernes behov for fleksible åpningstider, især i forbindelse med dagligvareinnkjøp ved ankomst på søn- og helligdager.»

Om det var ein typisk turiststad, ville unntaket gjelde for heile året.173 Det var kommunane som skulle fastsetje kva som var ein typisk turiststad.174 Med tida dukka det opp tolkingsproblem, og departementet gav i 1995 ut ein rettleiar.175

I stortingskomiteen gjorde Framstegspartiet og Høgre framlegg om at opningstidslova skulle opphevast, men det blei ikkje vedteke, sjå Innst. O. nr. 62 (1990–91).

2.25 1992 – Framlegg om å tilpasse arbeidsmiljølova i fall opningstidslova blei oppheva

Arbeidsmiljølovutvalet drøfta arbeidstidsreguleringa i varehandelen særskilt i NOU 1992: 20 på bakgrunn av utgreiinga frå Næringslovutvalet, jf. ovanfor. Synspunktet til Næringslovutvalet var at arbeidstida i varehandelen burde regulerast i arbeidsmiljølova og ikkje i ei opningstidslov.

Når det gjaldt nattarbeid, var rettstilstanden at opningstidslova gav eit vern mot nattarbeid, medan arbeidsmiljølova gjorde eit generelt unntak frå forbodet mot nattarbeid på utsalsstader. Arbeidsmiljølovutvalet delte seg i to når det gjaldt spørsmålet om arbeidstakarar ved utsalsstader burde vere unnatekne frå forbodet mot nattarbeid i arbeidsmiljølova § 42. Den eine halvparten foreslo at konsekvensane av ei oppheving av opningstidslova måtte greiast ut vidare. Den andre halvparten meinte at arbeidsmiljølova burde ha eit generelt forbod mot nattarbeid ved utsalsstader mellom kl. 21–06 under føresetnad av unntak for kioskar, bensinstasjonar osv.176

Arbeidsmiljølovutvalet viste til at verneomsyn ikkje hadde same vekt for søn- og helgedagsarbeid som for nattarbeid, men at vernet mot arbeid på søn- og heilagdagar var viktig av sosiale omsyn og av velferdsomsyn, sjå NOU 1992: 20 side 155. Søn- og helgedagsarbeid burde derfor framleis vere avgrensa. For å oppretthalde arbeidarvernet dersom opningstidslova skulle bli oppheva, meinte Arbeidsmiljølovutvalet at § 44 bokstav k burde liste opp utsalsstadene der søn- og helgedagsarbeid skulle vere lovleg. Tanken var å oppretthalde rettstilstanden når det gjaldt opningstider, dersom opningstidslova blei oppheva. Lista i arbeidsmiljølova skulle vere den same som i opningstidslova § 5,177 men utvalet gjorde framlegg om å endre plasseringa av unntaka i arbeidsmiljølova, mellom anna som ein fortløpande lovtekst utan nummererte punkt.178

Fleirtalet i Arbeidslovmiljøutvalet gjorde vidare framlegg om at utsalsstader som ikkje hadde unntak frå forbodet mot arbeid på søn- og heilagdagar, kunne nytte seg av søn- og heilagdagsarbeid inntil fire gonger per år. Mindretalet gjekk imot fordi unntak kunne avtalast.

2.26 1993 – Framlegg om å gjere andre pinsedag til arbeidsdag fall i Stortinget

I Ot.prp. nr. 101 (1992–93) gjorde Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet framlegg om ei endring i heilagdagslova for å gjere andre pinsedag til arbeidsdag for «å øke driftstiden i norsk næringsliv». Departementet ville ikkje gjere framlegg om at Kristi himmelfartsdag eller skjærtorsdag skulle bli arbeidsdag, sjå Ot.prp. nr. 101 (1992–93) punkt 4. Framlegget gjekk vidare ut på å samle dei spreidde føresegnene om heilagdagar i éi lov. Stortingskomiteen gjekk imot framlegget, sjå Innst. O. nr.140 (1992–93). Fraksjonane hadde ulike grunngivingar, mellom anna at ein heller burde fjerne Gro-dagen, skjærtorsdag, Kristi himmelfartsdag eller 1. mai som fridag. Heilagdagane blei dei same som før, men samla i éi lov.

2.27 1995 – Heilagdagsfred heile søndagen

Ot.prp. nr. 84 (1993–94), Innst. O. nr. 27 (1994–95) låg til grunn for lov 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred. Bakgrunnen for lova var mellom anna reaksjonane på at det ikkje var lov å arrangere dans og filmframsyningar i påske- og pinsehøgtida.179

Lova utvida heilagdagsfreden, som etter lova frå 1965 berre gjaldt fram til kl. 13 på søndagar.180 På heilagdagar skulle det heile døgnet «være helligdagsfred som ingen noe sted må forstyrre med utilbørlig larm». Det blei vist til at heilagdagsfreden dermed ville gjelde også ved kveldsgudstenester på vanlege søndagar.

Brundtland-regjeringa sende opphavleg på høyring eit framlegg om at heilagdagsfreden skulle ta til på aftnane, men til ulik tid. Julaftan skulle heilagdagsfreden ta til kl. 16, og på påskeaftan og pinseaftan kl. 21. Det blei peikt på at dei tidlege timane på julaftan hadde fått eit sterkare preg av høgtid, som for svært mange blei innleia med gudsteneste. Desse gudstenestene var ikkje verna etter tidlegare lov. I proposisjonen blei det kort vist til at heilagdagsfred frå kl. 16 alle tre aftnane ville vere ei «ryddig og god regulering».

Innhaldet i heilagdagsfreden var meir avgrensa i høyringsnotatet: «Ved kirke eller gudstjenestested er det mens helligdagsfreden varer ikke tillatt å forstyrre gudstjenesten med unødig larm eller annen forstyrrende virksomhet.»181 Dette var i samsvar med formålsføresegna i høyringsnotatet, som ikkje nemnde omsynet til «den alminnelige fred», men nøgde seg med å verne «det gudstjenestelige liv på helligdagene». Høyringsnotatet inneheldt ikkje noko forbod mot sportskonkurransar, framsyningar eller anna så lenge heilagdagsfreden varte, berre forbod mot å forstyrre gudstenesta. I proposisjonen var formålsføresegna utvida til å omfatte «den alminnelige fred» og forbodet mot arrangement mellom kl. 06–13 på heilagdagar ført vidare frå 1965-lova. I grunngivinga for forbodet blei det peikt på at det framleis gjaldt ein utprega grad av pietet for høgmessa, og at eit forbod mot konkurrerande aktivitetar i «kyrkjetida» var i samsvar med folks rettskjensle.182 Etter kl. 13 ville likevel eit forbod kunne innebere ei «ikke uvesentlig begrensning» for kvar enkelt til å utøve og delta i elles lovlege aktivitetar. Fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, bortsett frå representanten frå Framstegspartiet, slutta seg til «at det i føremålsparagrafen er slege fast at det skal vernast om ‘den alminnelige fred på helligdager for å gi høytiden ro og verdighet’ og ikkje berre det gudstenestelege liv».183

Salsverksemd var ikkje direkte omfatta av lova, men forbodet mot å arrangere offentlege tilstellingar på heilagdagar mellom kl. 06–13 omfatta til dømes det å arrangere ein marknad.

Medlemmene frå Høgre i komiteen viste i Innst. O. nr. 27 (1994–95) til forslaget om å oppheve lova, jf. Dok.nr. 8:16 og Innst. S. nr. 100 (1993–94):

«En opphevelse av loven vil innebære at den enkelte næringsdrivende selv tilpasser åpningstidene til sine ønsker og behov. En slik liberalisering vil dermed medføre en mer kundetilpasset varehandel med et høyere servicenivå.»

Medlemmen Ellen Chr. Christiansen frå Framstegspartiet uttalte:

«Dette medlem vil minne om at søndager for mange mennesker er hellig som fridag, og mener at også disse har et krav på å få bruke dagen på den måten de selv ønsker innenfor de regler for hensyn som også gjelder ellers. Dette medlem reagerer på at proposisjonen tar sikte på å hindre enkeltmenneskets muligheter til aktivitet generelt sett på helligdager og bl.a. åpner for at folk skal kunne forbys å bruke gressklipper i bolig- og hyttestrøk. Dette synes slik dette medlem ser det, som en uakseptabel innstramning. Dette medlem vil derfor fremme forslag om en endret § 3 med den intensjon at det kun er larm som reelt forstyrrer gudstjenestedeltagerne under gudstjenesten som bør komme inn under loven.»184

2.28 1999 – Regelen om ≤ 100 m2. Like opningstidsreglar i heile landet, mindre makt til kommunane

2.28.1 Innleiing

Ny lov om åpningstider for utsalgssteder tok til å gjelde 1. januar 1999. Arbeidarparti-regjeringa la fram ein proposisjon til ny opningstidslov 23. mai 1997, sjå Ot.prp. nr. 75 (1996–97).185 På grunn av ny valperiode hausten 1997 blei den same proposisjonen fremma på ny av den same regjeringa 10. oktober 1997 (Ot.prp. nr. 14 (1997–98). Det var Kjell Magne Bondeviks første regjering som sat medan lovframlegget gjekk igjennom i Stortinget. Formålet med den nye lova går fram av punkt 1 i proposisjonen:

  • sikre forbrukernes interesser gjennom romslige åpningstidsrammer generelt samt sikre frie åpningstider for nærmere bestemte handelsaktiviteter

  • få klarere og mer entydige regler om hvilke utsalgssteder som kan holde åpent utenom de alminnelige tillatte åpningstidene

  • bidra til like konkurransevilkår for mindre utsalgssteder som selger samme type varer186

  • innføre ensartede åpningstidsrammer over hele landet

  • sikre arbeidstakerne ved utsalgssteder et bedre vern enn i dag mot ubekvem arbeidstid.

  • forenkle håndhevingen av regelverket

Kva omsyn lova byggjer på, blei formulert slik i ein seinare proposisjon om endringar i lova, sjå Ot.prp. nr. 72 (1998–99):

«Loven skal ivareta 3 hovedhensyn – hensynet til forbrukerne som skal ha rimelig tilgjengelighet til dagligvarer, hensynet til arbeidstakerne som skal ha rett til beskyttelse mot natt- og helligdagsarbeid og til slutt ønsket om at søndagen skal fremstå som en annerledes dag med begrenset kommersiell aktivitet.»

2.28.2 Opningstidene – tidlegare stenging på kveldane

Ordninga med lokale føresegner om opningstider blei oppheva. Det blei dermed like opningstider i heile landet. Måndag til fredag skulle utsalsstader vere stengde frå kl. 21–06 neste dag. På dagar før søndagar og helgedagar skulle utsalsstader vere stengde frå kl. 18. På søndagar, helgedagar og 1. og 17. mai skulle utsalsstader vere stengde. På jul-, påske- og pinseaftan skulle utsalsstader vere stengde frå kl. 15. Utsalsstader kunne halde opent mellom kl. 14–20 dei tre siste søndagane før julaftan.

I 1996 stengde over 6 prosent av butikkane kl. 22 eller seinare på torsdag og fredag på landsbasis. I Bergen, Oslo og Trondheim stengde om lag 16 prosent av butikkane kl. 22 eller seinare. SIFO har observert at daglegvarebutikkane på 1990-talet ikkje nytta høvet til å halde opent til langt ut på kvelden.187 Opningstidslova av 1998 førte til at desse butikkane måtte stengje kl. 21, altså reduserte opningstider i alminnelege daglegvarebutikkar. På laurdagar var det 7 prosent av butikkane på landsbasis som stengde etter kl. 18, som var den nasjonale stengjetida etter opningstidslova av 1998, medan talet for dei tre storbyane var over 20 prosent. Også på laurdagar reduserte opningstidslova av 1998 opningstidene.

2.28.3 Frå særlege reglar om kioskvarer til arealkrav

Unntaket for kioskar blei endra til å gjelde for utsalsstader som selde kiosk- eller daglegvarer, og som hadde ei samla salsflate som ikkje oversteig 100 m2. Dei kunne halde opent heile døgnet alle dagar. Det same gjaldt bensinstasjonar med ei samla salsflate som ikkje oversteig 150 m2.188

Lovgivinga legg ikkje lenger hovudvekta på reglar om vareslag for å skilje mellom butikkar med ulik opningstid. Lova nyttar likevel formuleringa «som i det vesentlige selger kiosk- eller dagligvarer» for å skilje ut dei verksemdene på 100 m2 eller mindre som kunne halde opent på søndagar. Proposisjonen viser til eldre lovgiving og forarbeid for å kaste lys over kva som gjeld:

«Begrepene ‘kioskvarer’ og ‘dagligvarer’ har ingen entydig definisjon. En indikasjon på begrepet kioskvarer fremgår av forarbeidene til dagens åpningstidslov, jf Innst O nr 48-1984–85, som på side 11 angir:
‘tobakk- og røykartikler, aviser, blader og tidsskrifter, bøker, skrivesaker, toalettartikler, hygieniske artikler, sukker- og sjokoladeprodukter, bakeri- og konditorvarer, frimerker, innspilte og uinnspilte lyd- og billedkassetter, film, mineralvann, frukt, souvenirer, husflidvarer o.l. Videre menes pølsebod- eller gatekjøkkenvarer som pølser, hamburgere, kylling, pommes frites eller andre varer som er beregnet på å fortæres på stedet’.
I lov 6 juni 1980 nr 21 om handelsvirksomhet § 1-4 annet ledd er gitt følgende definisjon av ‘dagligvarer’:
‘Som dagligvarer regnes matvarer og andre nærings- og nytelsesmidler, dyremat, vaske- og rengjøringsmidler, toalettartikler, husholdningsvarer av papir og plast, bone-, rense- og pussemidler.’
Disse definisjonene må ikke sees som uttømmende, og heller ikke være til hinder for at begrepene kan omfatte nye varer som den raske produktutviklingen bringer på markedet. Erfaringene med håndhevingen av dagens lov tilsier at en ikke skal binde seg til rigide definisjoner. Bl a av denne grunn er uttrykket ‘i det vesentlige ... kiosk eller dagligvarer’ tatt inn i lovteksten for å gjøre det klart at et begrenset innslag av andre varer tillates solgt sammen med kiosk- og dagligvarer.»189

2.28.4 Arbeidstid

I proposisjonen blei det òg gjort framlegg om endringar i arbeidsmiljølova. Utsalsstader blei omfatta av reglane i arbeidsmiljølova om natt-, søn- og helgearbeid. Alminneleg opningstid blei sett lik alminneleg arbeidstid. Om helsedimensjonen ved arbeidstida skreiv departementet:

«Når det gjelder arbeid på søn- og helgedager er det ikke holdepunkter for å hevde at dette er direkte helseskadelig. Formålet med arbeidstidsbestemmelsene omfatter imidlertid også hensynet til arbeidstakernes sosiale velvære. Dette tilsier at arbeidstiden blir lagt på slike tider av døgnet at arbeidstakeren får anledning til samvær med familie, venner, og til fritidsaktiviteter av forskjellig slag, jf Ot prp nr 41 (1975–76) side 36. For at fridagene skal kunne utnyttes på best mulig måte er det etter departementets vurdering også nødvendig at arbeidet dagen før en søn- eller helgedag avsluttes tidligere enn på vanlige hverdager.»190

2.28.5 Mindre makt til kommunane. Kommunen kunne ikkje lenger gi dispensasjon

Opningstidene skulle følgje av lova, og kommunane ville ikkje lenger kunne fastsetje forskrifter om opningstider i kommunen. Kommunane kunne heller ikkje lenger avgjere om ei verksemd fall inn under unntaka i lova, og ikkje avgjere dispensasjonssaker.

Ingen i komiteen tok til orde mot reduksjonen i det kommunale sjølvstyret, men representantane frå Kristeleg Folkeparti ønskte å føre vidare føresegnene i opningstidslova om kommunale lukkingsvedtekter og kommunal dispensasjon for å unngå innstramming i opningstidene på kvardagar.191

Fylkesmannen kunne etter søknad frå kommunen fastsetje forskrift om at eit område skulle reknast som typisk turiststad for heile eller delar av året, i staden for at kommunane sjølve tok denne avgjerda, slik det var før lovendringa. Kommunane mista òg høvet til å gi dispensasjon frå lova. Frå og med 1999 var det berre fylkesmannen som kunne gi dispensasjon, og grunnlaget for å gi dispensasjon var sterkare ramma inn enn før. I Innst. O. nr. 48 (1984–85), som låg til grunn for opningstidslova av 1985, var det få føringar for korleis kommunane skulle nytte høvet til å dispensere «i forbindelse med spesielle anledninger og arrangementer». Det blei lagt til grunn at praksis ville variere, og det blei peikt på døme som idrettsmeisterskapar, jubileum, stemner og marknader. Ein særleg grunn var vilkåret for at fylkesmannen kunne dispensere etter opningstidslova av 1998, men Ot.prp. nr. 75 (1996–97) gav i tillegg ei rekkje føringar for korleis kompetansen skulle nyttast. I og med at avgjerda no var lagd til staten, var det truleg ei forventning om at praksis ikkje skulle variere utover i landet eller avvike vesentleg frå føringane som var gitt i proposisjonen. Barne- og familiedepartementet behandla klagene. Ein gjennomgang som utvalet har gjort av nokre klagesaker, tyder på at fylkesmennene og departementet avslo søknadar som tidlegare ville blitt godkjende av kommunen.192 Barne- og familiedepartementet sende kopi av avgjerdene sine til alle fylkesmenn. Det kan ha bidrege til likare praksis mellom embeta.193 I dei endelege breva i klagesakene siterer Barne- og familiedepartementet mykje frå Ot.prp. nr. 75 (1996–97), og det går fram at fylkesmannen har gjort det same i det opphavlege vedtaket. Føringane i proposisjonen har blitt tekne på alvor som retningsgivande i dispensasjonssakene.

Nokre døme frå klagesakene i Barne- og familiedepartementet på tiltak som ikkje var grunnlag for dispensasjon etter den nye lova:

  • Første søndag i advent ønskte dei vanlege butikkane på Bærums verk å halde opent som tidlegare år når julegata i den søndagsopne Verksgata blei opna. Sak 99/04843

  • Ein søndag i oktober ville Rugset Møbler AS halde opent i fabrikken, som dei siste ti åra, for å vise fram nye produkt for lokalsamfunnet og gi folk høve til å kjøpe møblar som ville kunne leverast før jul. Sak 99/03982

  • Notodden Bilbransjeforening ville halde fram med ein årleg «Bilens Dag» ein søndag. Sak 99/02593

2.29 1999 – Opprydding i tvil om tolkinga av lova

Ot.prp. nr. 72 (1998–99) og Innst. O. nr. 90 (1998–99) låg til grunn for lovendringane som tok til å gjelde 1. juli og 1. november 1999.

Barne- og familiedepartementet gjorde framlegg om å oppheve unntaket i § 3 første ledd nr. 5 for «utsalgssteder tilknyttet jernbane-, sporveis-, og rutebilstasjoner, ved brygge, svevebaner og lufthavner og som selger varer beregnet på de reisendes behov». Det var tvil om tolkinga av føresegna, både om kva som var eit trafikknutepunkt, og om vareutvalet dei reisande hadde behov for. Opphavleg skulle føresegna sikre passasjerane eit enklare varetilbod til sjølve reisa. Departementet meinte i proposisjonen at unntaket for utsalsstader «på under 100» m2 var tilstrekkeleg også i denne samanhengen.

Departementet gjorde også framlegg om å innføre eit nytt unntak for utsalsstader på lufthamner når unntaket for trafikknutepunkt blei oppheva. Over tid hadde det utvikla seg ein praksis med sal av spesielle varer på lufthamner. Salet fann normalt stad til alle dei tidene flya gjekk, dvs. også utover opningstidene i opningstidslova. Departementet ville at denne praksisen skulle halde fram.

Føresegna om utsalsstader på campingplassar var så vid at ho opna for tolkingar og tilpassingar som gjekk utover intensjonen. I høyringsnotatet meinte departementet at 100 m2-regelen burde vere tilstrekkeleg, men etter høyringa gjekk departementet i staden inn for å avgrense unntaket til å gjelde i campingsesongen. Justisdepartementet meinte i høyringa at å oppheve unntaket for butikkar på campingplassar måtte føre til at ein måtte sjå nærare på unntaket for typiske turiststader.

Til sist gjorde departementet framlegg om å endre regelen om typiske turiststader slik at fylkesmannen kunne fastsetje at staden berre var typisk turiststad visse periodar av året. Framlegget skulle gi fylkesmennene større fleksibilitet, og endringa var ikkje meint som ei liberalisering som skulle føre til meir søndagshandel.

I Innst. O. nr. 90 (1998–99) viste fleirtalet frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti til at opningstidslova var behandla eitt år tidlegare, og til det som der var sagt om å behalde søndagen som ein annleis dag med avgrensa kommersiell aktivitet. Fleirtalet merka seg at framlegga ikkje innebar store realitetsendringar, men ei presisering av innhaldet og intensjonane. Medlemmene frå Høgre og Framstegspartiet gjorde framlegg om at opningstidslova skulle opphevast.

2.29.1 Inga evaluering

I Ot.prp. nr. 72 (1998–99) punkt 5 varsla Barne- og familiedepartementet at dei «vil etter noen år foreta en evaluering av loven og dens virkninger». Departementet peikte mellom anna på verknadene av å ha to ulike arealgrenser, som nokre av høyringssvara problematiserte.194 Dette følgjer opp Ot.prp. nr. 75 (1996–97), der same departement i punkt 3.10 varsla ei evaluering for å sjå «nøye» på om 100 m2-regelen ville føre til «vesentlig oppblomstring av dagligvarehandel på søndager». I punkt 3.7 blei det varsla evaluering av mellom anna «arealstørrelse og eventuelle tilpasninger til regelverket».

Det blei inga evaluering etter at føresegnene blei flytta over til heilagdagslova.

2.30 2003 – Frie opningstider på kvardagar. Forbrukarane i sentrum og tillit til marknaden

2.30.1 Regjeringserklæringa og proposisjonen

Bondevik II-regjeringa hadde eit punkt i Sem-erklæringa om å oppheve opningstidslova og overføre reguleringa på søn- og heilagdagar til heilagdagslova.195

Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) og Innst. O. nr. 56 (2002–2003) låg til grunn for lovendringane, som tok til å gjelde 1. april 2003. Grunngivinga for lovendringa er formulert slik:

«Bakgrunnen for forslaget er at departementet ser det som viktig å kunne tilpasse opningstidene til dei behov brukarane har – deira behov skal stå i sentrum. Tilbod og etterspørsel eignar seg betre enn lovverket til å regulere opningstidene. Det vil gi meir fleksible tilpassingar, som naturleg vil variere med bransjetype, stad, lokale forhold osv. Ved å oppheve restriksjonar fjernar ein også konkurransevridingar som følgjer av at enkelte typar utsal er unnatekne frå føresegnene.
Samtidig ser departementet det som viktig å verne om den alminnelege fred på søndagar og andre helgedagar ved å setje grenser for den kommersielle aktiviteten på desse dagane. På denne bakgrunn er det foreslått at faste utsalsstader som sel varer til forbrukar, i utgangspunktet skal halde stengt på helgedagar, men at unntaka i den gjeldande opningstidslova skal førast vidare. Ved å halde oppe dei unntak vi i dag har for sal på helgedagar, vil departementet sikre forbrukarane tilgjenge til varer som det er særlege grunnar for å tillate. Å oppheve restriksjonane på kvardagar vil i seg sjølv redusere behovet for å handle på helgedagar.
Dei omsyn som tilseier at det bør setjast grenser for å halde utsalsstader opne på helgedagar, gjer seg i hovudsak gjeldande for høgtidsdagane 1. og 17. mai.»

Overføringa til heilagdagslova var ei vidareføring av gjeldande rett og ei stadfesting av unntaka for kiosk- og daglegvarer og arealgrensa. I proposisjonen gjorde departementet framlegg om to små endringar:

  • Unntaket for varemesser blei snevra inn slik at lokalet ikkje elles kunne nyttast til salsverksemd.

  • Eit nytt unntak opna for sal på produksjonsstader som var lagde til rette for turisme.

Arbeidsmiljølova blei foreslått endra ved at arbeid ved utsalsstader blei tillate som kvelds- og nattarbeid (§ 42 andre ledd bokstav l). Arbeid på søn- og heilagdagar var tillate innanfor dei opningstidsrammene som var fastsette i eller med heimel i anna lovgiving (§ 44 andre ledd bokstav k).

Departementet rekna med at frie opningstider på kvardagar «neppe» ville føre til at utsalsstader heldt opent etter kl. 21 i vesentleg større omfang.196

2.30.2 Behandlinga i Stortinget

I innstillinga frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen opna medlemmene frå Arbeidarpartiet for å «revurdere systemet med arealbegrensning», sjå Innst. O. nr. 56 (2002–2003) side 2. Senterpartiet heldt fast ved kritikken av kvadratmeter-reguleringa.

I innstillinga peikte medlemmene frå Arbeidarpartiet på arbeidsmiljølova: «(…) en grundigere drøfting av arbeidsmiljølovas bestemmelser kunne gjort at også helligdager kunne vært regulert gjennom disse bestemmelsene.» Dei fremma i tråd med det dette forslaget:

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endring av arbeidsmiljøloven slik at arbeidstakernes rettigheter og beskyttelse i forhold til arbeid i natt- og søndagsåpne virksomheter i varehandelen ivaretas gjennom denne loven.»

Fleirtalet i komiteen (Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti) la til grunn at opphevinga av grensene for opningstidene på kvardagar ikkje ville få store konsekvensar, sjå Innst. O. nr. 56 (2002–2003) side 4:

«Antagelig vil bare et fåtall utsalgssteder finne det fornuftig å forlenge åpningstiden utover det som man har i dag.»

Fleirtalet viste til dei generelle reglane i arbeidsmiljølova:

«Flertallet legger til grunn at Regjeringen vil følge utviklingen i kjølvannet av denne endringen, og at de ansatte i handelsnæringen vil få ivaretatt sine behov for helse, miljø og sikkerhet innenfor de alminnelige regler som gjelder i arbeidsforhold i henhold til arbeidsmiljøloven.»

2.31 2007 – Representantforslag om andre hageartiklar. Inga endring

I Dokument nr. 8:43 (2006–2007) skreiv tre stortingsrepresentantar frå KrF:197

«De siste årene har enkelte kjeder og butikker holdt sine mange og store utsalgssteder åpent syv dager i uken året rundt – bortsett fra fire helligdager i året (1. nyttårsdag, 17. mai, 1. og 2. juledag). Disse aktørene definerer sine utsalgssteder som plantevarehus, og likestiller seg med hensyn til åpningstider med gartnerier og hagesentre som selger blomster, planter og andre hageartikler – og som således er unntatt fra åpningstidsbestemmelsene.
I realiteten har disse utsalgsstedene et vareutvalg som går langt utover det å selge planter og blomster. De fleste av disse varehusene og butikkene konkurrerer med jernvarebutikker, byggevareutsalg, gaveutsalg, vanlige blomsterhandlere og andre tradisjonelle gartnerier. De har til og med et utvalg av elektronikkvarer. (…)
Utviklingen av de nye ‘hagesentrene’ har ført til en bransjeglidning. De store varehusene, for eksempel Plantasjen, fremstår som små kjøpesentre og har et vareutvalg som strekker seg svært vidt, eksempelvis fra hytter til gaveartikler. Denne utviklingen har ført til at slike utsalgssteder ikke bare konkurrerer med de tradisjonelle gartneriene, men også med butikker som selger gaveartikler, møbler, byggevarer, elektrovarer og jernvarer. Utsalgssteder i disse bransjene har ikke mulighet til å ha åpent på søndager, noe som dermed fører til en skjev konkurranse. De utsalgsstedene som på bakgrunn av hagesenterdefinisjonen holder åpent på søndager og helligdager, får dermed et konkurransefortrinn som gjør at utsalgssteder som de konkurrerer med, taper markedsandeler.»

I Innst. S. nr. 129 (2007–2008) blir det vist til ei undersøking i regi av Kultur- og kyrkjedepartementet:198

«Undersøkelsen har blant annet vist at den prosentvise fordelingen mellom de ulike varekategoriene i forhold til årlig omsetningstall varierer fra 52 prosent til 70 prosent når det gjelder blomster og planter. Den prosentvise fordelingen i forhold til hageartikler utenom blomster og planter varierer fra 23 prosent til 39 prosent. Den prosentvise fordelingen i forhold til andre vareartikler varierer fra 7 prosent til 11 prosent. Dette er butikkenes egne opplysninger og kan være usikre.»199

Dei tre Kristeleg Folkeparti-representantane gjorde framlegg om at Stortinget skulle be regjeringa «gjennom forskrift hindre omgåelse av åpningstidsbestemmelsene i lov om helligdager og helligdagsfred». Dette blei ikkje vedteke, sjå Innst. S. nr. 129 (2007–2008).

2.32 2015 – Høyring av frie opningstider på vanlege søndagar

2.32.1 Framlegget

I den politiske plattforma si ville regjeringa Solberg

«tillate butikker å holde åpent på søndager. Regjeringen vil sammen med partene i arbeidslivet vurdere hvordan de butikkansatte kan bli omfattet av et godt lovverk når det gjelder arbeidstid og medbestemmelse.»200

Kulturdepartementet sende 27. mars 2015 på høyring forslag om endringar i heilagdagsfredlova § 5 om sal frå faste utsalsstader. Utgangspunktet for departementet var at tilbod og etterspørsel er betre eigna enn lovverket til å regulere opningstidene. Framlegget i høyringsnotatet gjekk ut på at butikkar skulle få høve til å halde opent alle vanlege søndagar.201 Ein kunne dermed oppheve føresegna som i dag tillèt butikkar å halde opent kl. 14–20 dei tre siste søndagane før jul. Forslaget om frie opningstider på vanlege søndagar ville føre til at butikkane sjølve kunne ta stilling til når dei vil halde opent. Dette ville innebere både større grad av likebehandling mellom butikkar og bransjar og ei regelforenkling. Liberaliseringa var mindre omfattande enn i Danmark, der ei rekkje mindre og større butikkar kan halde opent også på dei særskilde heilagdagane.202

Departementet heldt fast på påbodet om stengde butikkar på dei ti særskilde heilagdagane nyttårsdag, skjærtorsdag, langfredag, første påskedag, andre påskedag, Kristi Himmelfartsdag, første pinsedag, andre pinsedag, første juledag og andre juledag. Departementet førte vidare påbodet om butikkstengt på dei særskilde høgtidsdagane 1. og 17. mai og om å halde stengt frå kl. 16 på jul-, påske- og pinseaftan.

Dei gjeldande unntaka frå påbodet om stengde butikkar på heilagdagar for visse butikkar (mellom anna mindre daglegvarebutikkar, bensinstasjonar, hagesenter og utsalsstader på typiske turiststader), blei førte vidare for dei særskilde heilagdagane, høgtidsdagane og høgtidsaftnane. Unntaka ville bli mindre viktige i praksis dersom talet på dagar som skulle skjermast, blei redusert.

Departementet sende òg på høyring eit alternativ der avgjerda blei lagd til den enkelte kommunen. Med denne løysinga kunne dei lokalt folkevalde ta stilling til om høvet til søndagsopent skulle utvidast i eigen kommune eller ikkje.

2.32.2 Høyringa

Innan 30. juni 2015 hadde det komme inn nærare 7000 svar til Kulturdepartementet frå høyringsinstansane og andre, mellom anna frå om lag 6500 privatpersonar. Blant dei som fekk høyringa direkte (høyringsinstansane) var om lag 3 prosent positive til hovudframlegget og 2 prosent positive til kommune-alternativet. Enkelte hadde ikkje merknader. 93 prosent var negative til begge framlegga. Blant alle som sende inn høyringssvar, var om lag 5 prosent positive til hovudframlegget og 94 prosent negative til begge framlegga.

Omsynet til søndagen som annleisdag, arbeidstakarane ved utsalsstadene, næringa sjølv, behovet for utgreiing av konsekvensane, osv. blei teke fram som argument mot å endre dagens ordning.

Næringslivet går i stor grad imot framlegget. NorgesGruppen etterlyser ei brei konsekvensutgreiing og er særleg oppteken av bygdebutikkane, produktiviteten i næringa, miljøet og dei tilsette. Dei peiker mellom anna på at konkurransesituasjonen vil gi eit press om å halde opent dersom det blir lov. Coop Norge etterlyser også ei grundigare utgreiing i dialog med viktige interessentar som næringslivet og partane i arbeidslivet. Dei viser mellom anna til at store delar av marknaden vil vere utsette dersom det blir opna for søndagshandel. Rema 1000 Norge AS støttar intensjonen i framlegget og viser til at det er 528 søndagsopne daglegvarebutikkar i Noreg i dag.

Frå faghandelen kjem det nesten berre negative fråsegner, til dømes frå Eurosko og Norges Farmaceutiske Forening. Norges Urmakerforbund gjer greie for sitt syn på denne måten:

«For en liten og fra før presset fagbransje, vil det bety høyere personalkostnader som bedriftene ikke har mulighet for å tjene inn ved å holde søndagsåpent. I en faghandel som en urmakerforretning må man ha fagutdannet arbeidskraft og bransjen har ingen tro på at det blir solgt og reparert flere ur ved å ha butikkene åpne på søndager. For urmaker-forretningene stilles det i tillegg svært høye krav til sikkerhet og sikring av personell og butikk, som også vil bety langt høyere driftskostnader.
Urbransjen består for det meste av små enheter og det betyr at urmakeren må jobbe sju dager i uka. Mange urmakerforretninger ligger i senter og senterledelsen kan kreve at butikken holdes åpen på søndag. Valgfriheten som regjeringen peker på, stemmer ikke med det virkelige liv. Holder en butikk åpen vil de andre butikker bli tvunget til å følge etter for ikke å miste markedsandeler.
Vi tror heller ikke kundegrunnlaget og befolkningens kjøpekraft er stor nok i bransjen til å holde åpent sju dager i uka, og vi er redd dette vil få store økonomiske konsekvenser for mange av våre medlemmer. For noen kan det også bety ‘kroken på døra’.»

Mester Grønn AS, som har 118 blomsterbutikkar i Noreg, går imot søndagsopne butikkar:

«Som representanter for hver vår interessegruppe i Mester Grønn AS; Erling Ølstad som grunder og eier, Sunniva Aasgaard som butikkleder i over 15 år, og Henrik Jagland som hovedverneombud og representant for alle våre 1300 ansatte, har vi sammen forent oss om et klart standpunkt; ingen av oss vil åpne kjeden på søndager.»

Fleirtalet av dei store aktørane innan faghandelen gav ikkje fråsegn, til dømes Skeidar, Steen & Strøm, Bohus, Jernia, Norli, Tanum, Olav Thon, Elkjøp, Plantasjen, Expert, Clas Ohlson, Living, Biltema, Maxbo, Byggmax og IKEA.

Sportsbransjen AS er ein interesseorganisasjon som representerer sportskjeder (XXL, G-sport/G-max, Intersport, Sport1, MX-sport, Stadion og Coop Sport) og leverandørar (Bergans, Norrøna, Swix, Helly Hansen, Adidas, Nike osv.). Sportsbransjen AS gjekk imot søndagsopne butikkar:

«Hele bransjen står samlet, når vi er sterke motstandere mot innføring av søndagsåpne butikker. Bransjen ønsker at dagens regelverk skal videreføres på dette området.
Det er flere grunner til at bransjen ønsker søndagsstengt:
  • Folk får ikke mer penger å handle for selv om det åpnes for søndagshandel. Vi tror derfor ikke at omsetningen i butikkene vil øke.

  • Butikkenes kostnader vil øke. Det må ansattes mennesker også på søndager.

  • Økte kostnader vil medføre økte priser i butikkene. Dette er ikke et gode for forbrukere.

  • Søndag er den viktigste dagen for nordmenn å trene og være ute i naturen. Bransjen er redd for at nordmenn vil bytte ut treningsdagen med nok en shoppingdag.

  • I et folkehelseperspektiv trenger nordmenn sårt å beholde tur- og treningsdagen vår. Stadig flere får livsstilssykdommer – og vi trenger ikke politiske vedtak som bygger opp under mindre trening.»

Ei rekkje mindre verksemder har uttalt seg mot liberalisering av opningstidene, mellom anna leikebutikkar, musikkhandlarar, optikarar, apotekarar, urmakarar, verksemder som gir IKT-støtte til næringslivet (og som må halde opent når kundane held opent), skobutikkar, sportsbutikkar, baderomsbutikkar, møbelhandlarar og sjølvstendige klesforretningar.

Norsk Petroleumsinstitutt er positive til forslaget, men peiker på at forbodet mot å selje alkohol på bensinstasjonar skaper ulike konkurransevilkår, og at det kan føre til at fleire bensinstasjonar må leggje ned.

Arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane er nærmast samstemte i motstanden både mot hovudforslaget og mot kommune-alternativet. Virke, NHO og Handel og Kontor peiker på behovet for utgreiing av konsekvensar på ei rekkje område innan nærings- og samfunnsliv. Det blir mellom anna vist til at produktiviteten i norsk varehandel på kort sikt vil gå ned. Vidare blir det vist til at om lag 200 000 fleire tilsette i varehandelen vil vere aktuelle for søndagsarbeid dersom alle butikkar får halde opent – fem gonger fleire enn i dag. Når det gjeld miljøkonsekvensar, blir det vist til at utsleppa av klimagassar vil auke. Bygdebutikkane ønskjer heller ikkje endra opningstider.

NHO er delt i synet. NHO Reiseliv støttar framlegget om søndagsopne butikkar, medan NHO Handel etterlyser ei utgreiing av konsekvensar. Samtidig peiker NHO på at lovverket i dag er utdatert, komplisert og vanskeleg å praktisere. Særleg blir unntaket for typiske turiststader praktisert for strengt.

Handel og Kontor peiker på at punktet i regjeringserklæringa om samarbeid med partane i arbeidslivet for å vurdere korleis dei tilsette kan omfattast av eit godt lovverk når det gjeld arbeidstid og medverknad, ikkje har blitt følgt opp på ein god måte. YS støttar ikkje nokon av dei to alternative framlegga. Unio ser at dagens unntaksreglar kan verke urettferdige, og at det kan vere behov for revisjon av lova.

260 kommunar har sendt inn høyringssvar. Dei aller fleste går imot søndagsopne butikkar. Alternativet med å legge avgjerda til den enkelte kommunen får heller ikkje tilslutning. Også grensekommunar mot Sverige, slik som Halden kommune og Åsnes kommune, seier nei til søndagsopne butikkar. Enkelte kommunar støttar forslaget frå regjeringa.

Blant dei statlege direktorata peiker Politidirektoratet på at søndagsopne butikkar kan føre til større ordens- og trafikkutfordringar for politiet. Fylkesmannen i Rogaland viser til at det ikkje finst forskrifter om typiske turiststader i fylket, og at ei generell søndagsopning vil vere ei stor endring. SIFO, Statens institutt for forbruksforsking, viser til undersøkingar om folks haldningar til søndagsopne butikkar: I 2015 seier vel 60 prosent av forbrukarane nei til søndagsopne daglegvarebutikkar, medan om lag 30 prosent seier ja. Forbrukarrådet støttar forslaget om å tillate søndagsopne butikkar og peiker på at det dreier seg om å oppheve eit generelt påbod om å halde stengt.

Kyrkjerådet, bispedømmeråda/biskopane og Kyrkjemøtet uttaler seg negativt til å tillate søndagsopne butikkar. Dei peiker på at søndagen er eit viktig element i samfunnskonstruksjonen, og at annleisdagen gir rom for rekreasjon og kvile.

Ei rekkje organisasjonar og foreiningar har uttalt seg om framlegget, og dei er i stor grad negative.

2.32.3 Ressursbruk på høyringa

Talet på høyringssvar var ei utfordring. Talet vitnar om eit folkeleg engasjement for saka, men mange av svara frå private er standardiserte i forma og gir inntrykk av eit organisert initiativ. Den nettbaserte høyringsmodulen på regjeringa.no krev oppfølging frå saksbehandlarar og arkiv. Avdeling for tru, livssyn og kulturvern i Kulturdepartementet måtte bruke 94 dagsverk på å publisere høyringssvara og lese, samanstille og oppsummere dei. Hjelpa frå IKT-folk for å få til publiseringa er ikkje teken med. Arkivet i Kulturdepartementet måtte bruke over 60 dagsverk på sjølve journalføringa. Arbeidet med dagleg kontroll, publisering i offentleg journal og handtering av krav om innsyn, er ikkje teke med.

2.32.4 Oppfølging

Høyringa er ferdigbehandla. Kulturdepartementet sette ned dette utvalet til å greie ut konsekvensane av endringar i opningstidsreglane.

Fotnotar

1.

https://snl.no/Gulatingsloven besøkt 24. juli 2017. Talfestinga i overskrifta til dette avsnittet er med andre ord langt frå presis. Opphavleg omfatta Gulating midtre del av Vestlandet (Firðafylki, Sygnafylki og Horðafylki), men frå 1100-talet omfatta rettsområdet også Sunnmørafylki (Sunnmøre), Rygjafylki (Rogaland) og Egðafylki (Vest- og Aust-Agder), seinare også Valdres og Hallingdal, sjå https://snl.no/Gulating besøkt 24. juli 2017.

2.

Kapittel 16. Henta frå Omsetjinga til Knut Robberstad: Gulatingslovi, Norrøne bokverk 33, Det norske samlaget, 1937.

3.

Helge Fæhn: Gudstjenestelivet i Den norske kirke, 1994, særleg side 99, 200, 215, 299 og 343.

4.

Forordninga konstaterer at «mange have i steden for at søge Kirken og der opbygges, deels anvendt Søn- og helligdagene til forfængeligt Arbeide og ufornødne Forretninger, deels misbrugt den til værdslig Fornøielse, Vellyst og andre Laster». Ifølgje Dag Kullerud dreidde utilbørlig larm seg om noko ganske anna på 1700-talet enn i dag. Det var vanleg at bryllaup og gravferder blei haldne i samband med gudstenesta på søndagen. Det hende at brurefølgjet kom støyande og ropande til kyrkja med trommer og fyrverkeri. Mange hadde forsynt seg godt med drikke og entra Guds hus godt drukne. På same vis kunne gravferder vere prega av lystig liv og drikking, både heime og ved likferda til kyrkja. Sjå tidsskriftet Kirke og Kultur 02/2015 «Lag en ny søndagslov».

5.

I 1897 oppheva Stortinget forbodet mot handel etter kl. 18 dagen før den såkalla bededagen om hausten, sjå Innst. O. nr. 105 (1896).

6.

Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 18. Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 6. Forordning om Sabbathens og andre Hellige-Dages tilbørlige helligholdelse, og den hidtil derved foreløbne Misbrugs Afskaffelse er henta frå serien Schous forordninger. Heilagdagane gjekk fram av Norske Lov av 1687 2-4-5.

7.

Forordninga er sitert som gjeldande rett i boka Norsk kirkeret av S. Broch frå 1904 side 120.

8.

Absalon Taranger: Norsk kirkeret side 129. Framsida daterer boka til 1910, men i teksten refererer Taranger til Retstidende frå 1915. Taranger konstaterer at lukkingsvedtektene etter lukkelova av 1913 krev at utsalsstader er lukka på søndagar, sjå side 1913. Sjå òg Kristian Hansson: Norsk kirkerett, 1957, side 98.

9.

Aftansongen fann gjerne stad kl. 14, sjå Helge Fæhn: Gudstjenestelivet i Den norske kirke, 1994, side 82 og 99. Sjå òg Ordbog over det danske sprog. Historisk ordbok 1700–1950 på http://ordnet.dk/ods/ordbog?query=aftensang besøkt 15. desember 16.

10.

Saka dreidde seg om ein kjøpmann i nærleiken av Tjøttø kyrkje som hadde opna butikken etter preika, men før gudstenesta var over. Dommen drøftar på side 514 ei fråsegn frå Justisdepartementet om kl. 17 som ei grense for heilagdagsfreden, men retten følgjer ikkje departementet i den konkrete saka. Dommen gir ikkje referansen til fråsegna frå departementet.

11.

Ingeborg Bakken: Oslo Handel og Kontor 75 år, 1907–82. En beretning (1982) side 9–10.

12.

Sjå NOU 1984: 13 side 49. I 1910 fann SSB at arbeidstida i varehandelen i halvparten av verksemdene var under 10 timar per dag. Om lag 10 prosent hadde mindre enn 8 timar per dag. Om lag 5 prosent hadde meir enn 12 timars arbeidsdag når middagspausen var trekt ifrå.

13.

At Kristiania Kvindelige Handelsstands Forening i 1894 hadde bedt Odelstinget om å utarbeide ei lov om maksimalarbeidstid for underordna butikk- og kontortilsette, blei omtalt som ein bakgrunn for lovframlegget i Ot.prp. nr. 16. (1899/1900). Departementet følgde opp i november 1894 med å be amtmennene (fylkesmennene) hente inn synspunkt frå kommunestyra og handelsorganisasjonane i fylket på om det var behov for å regulere arbeidstida til butikk- og kontortilsette, og informasjon om vanleg arbeidstid, mellom anna for tilsette under 18 år og på søn- og helgedagar. Ein tabell med dei 595 svara er å finne i Ot.prp. nr. 16. (1899/1900) side 19–105.

14.

Einar Fjellvik: HK 100 år. (Handel og Kontors jubileumsbok frå 2008) side 10–16. Ei framstilling av den tidlege fagrørsla innan varehandelen finst på side 142–150 i Christian Larssen: Trondheim Handel og Kontor 100 år. 1879–1979.

15.

Christian Larssen: Trondheim Handel og Kontor 100 år. 1879–1979 side 142. Kapittelet Hundre års strid om lukkingsvedtekter (side 142–164) gir mellom anna ei framstilling av den tidlege fagrørsla innan varehandelen.

16.

Ot.prp. nr. 16. (1899/1900). Angaaende udfærdigelse af en lov om lukningstid for udsalgssteder. At det tidlegare ikkje gjaldt lukkingsreglar, er omtalt på side 5 i det trykte vedlegget til Ot.prp. nr. 43 (1964–65) og Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 15–16.

17.

Ot.prp. nr. 16. (1899/1900) side 9. Departementet hadde grunnlag for kommentaren i tabellen i Ot.prp. nr. 16. (1899/1900) side 19–105.

18.

Ot.prp. nr. 16. (1899/1900) side 10.

19.

Ot.prp. nr. 16. (1899/1900) side 11.

20.

Departementet valde å ikkje gå vidare med eit framlegg om å regulere tidsrommet mellom arbeidsstart og arbeidsslutt («at betjeningen efter endt daglig arbeidstid skal have en bestemt sammenhængende hviletid – f.eks. 10 eller 11 timer – i døgnet»), fordi mindre verksemder ikkje ville kunne bere kostnadene ved fleire skift og dermed tape i konkurransen, sjå Ot.prp. nr. 16. (1899/1900) side 9–10.

21.

Kristiania kommunestyre hadde i 1897 vedteke ei fråsegn der ein føresetnad for regulerte opningstider lokalt var at to tredelar av dei næringsdrivande hadde bedt om det, sjå Ot.prp. nr. 16. (1899/1900) side 3. Departementet hadde vurdert om dei tilsette, som «de i sagen mest interesserede», skulle få uttale seg, men fann at dette ville føre til «saadanne forviklinger», mellom anna om stemmerett og tilknyting til butikkeigaren, at departementet lét det vere, sjå Ot.prp. nr. 16. (1899/1900) side 14.

22.

Sjå Indst. O. XII. (1899/1900) side 4.

23.

Einar Fjellvik: HK 100 år. (Handel og Kontors jubileumsbok frå 2008) Side 25–26.

24.

Ingeborg Bakken: Oslo Handel og Kontor 75 år, 1907–82. En beretning (1982) side 104.

25.

Einar Fjellvik: HK 100 år. (Handel og Kontors jubileumsbok frå 2008) Side 26–27.

26.

Forarbeid: Ot.prp. nr. 32. (1913) Endringslover: 1. juli 1926, 25. juni 1965 og 6. juni 1980. Formålet med lova var «å skaffe den underordnede butikkbetjening en rimelig hvile- og fritid», sitert etter innstillinga frå 1937-utvalet, som siterer frå Ot.prp. nr. 51 (1926).

27.

Side 7 i det trykte vedlegget til Ot.prp. nr. 43 (1964–65).

28.

Ot.prp. nr. 32. (1913) side 2. At vedtektene som blei stadfesta av departementet, gjorde forskjell på ulike næringsdrivande, harmonerer dårleg med departementet sine merknader til 1900-lova, sjå notane ovanfor, men departementet er i Ot.prp. nr. 32. (1913) side 7 tydeleg på at vedtekter etter 1900-lova ikkje utan vidare gjeld for alle utsalsstadene i kommunen.

29.

Ot.prp. nr. 32. (1913) side 3–4. Foreininga la vekt på at den som hadde ansvaret for ei verksemd, måtte kunne velje dei opningstidene «som er mest formaalstjenlig for forretningens trivsel».

30.

Ot.prp. nr. 32. (1913) side 5–6.

31.

Ot.prp. nr. 32. (1913) side 8.

32.

Dette kunne føre til rettsleg tvil. I Rt. 1931 side 27 tok Høgsterett stilling til om det at «at bodens tak og vegger, som tidligere var fast forbundet med hjørnestolpene nu bare er festet til disse med kroker», var tilstrekkeleg til at ei verksemd i Stavanger kunne halde opent til midnatt etter dei lokale vedtektene. Høgsterett kom til at det ikkje hadde noko å seie for opningstidsreglane om «utsalgsbodens tak og vegger er forbundet paa en mere eller mindre fast maate». I Rt. 1957 side 775 var Høgsterett ikkje i tvil om at dei lokale opningstidsreglane gjaldt for «Paa hjul anbragt utsalgsbod, ca. 1 meter bred og 2 meter lang, dækket med tak og forsynet med laasbar dør til bruk for betjening, og med lukbar luke for varernes ekspedition, som under salg anbringes ved fortaug og efter salgets ophør skyves ind i gaarden». Høgsterett hadde tidlegare avklart at ei kjerre ikkje var ein utsalsstad, sjå Rt. 1916 side 271. I Rt. 1925 side 486 avklarte Høgsterett at heller ikkje eit bord var ein utsalsstad.

33.

Ot.prp. nr. 32. (1913) side 11.

34.

Ot.prp. nr. 32. (1913) side 11. Forbodet mot nattopent blei § 1 i lovutkastet.

35.

Sjå Indst. O. nr. 84 (1913) side 4 (side 137 i den trykte versjonen).

Også omtalt på side 7 i det trykte vedlegget til Ot.prp. nr. 43 (1964–65)

36.

I Ot.prp. nr. 16. (1899/1900) side 12 var departementet optimistisk når det gjaldt at kommunen ville vedta lukkereglar fordi «den mening snart vil trænge igjennem hos de handlende, at en bestemt regel om butikers lukning vil være til gavn for alle – principaler saavel som betjening – naar blot ligheden for alle umuliggjør skadelig konkurrance».

37.

Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 7.

38.

Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 7.

39.

Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 8.

40.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 16.

41.

Innst. O. nr. 48 (1984–85) side 1.

42.

SIFO: Lavik, Randi og Marit M. Strand: Bekvem dagligvarehandel. Åpningstider, forbrukerne og markedet. Rapport nr. 3/1997 side 24–25 og 31–32. Steinkjer kommune fastsette i 1996 opningstidsrammene til kl. 07–22 på kvardagar og kl. 08–10 og 16–22 på søndagar. Sjå NOU 1984: 13 side 58–60 for ei samanlikning av opningstidene i daglegvarebutikkane i Steinkjer og Tinn kommunar i 1983.

43.

Sjå Ot.prp. nr. 75 (1996–97) punkt 2.2.1.

44.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 3.

45.

Sitert etter Rt. 1953 side 1217. Vedtekta blei vedteken av kommunestyret 4. juni 1945 og stadfesta av Sosialdepartementet 14. juni 1945.

46.

Utgangspunktet for høgsterettssaka i Rt. 1935 side 42 var at det gjaldt ulike opningstider for såkalla kortevarebutikkar og tobakksbutikkar. Ulike opningstidsreglar var tema i Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 6. Før 1960-talet hadde dette ført til etablering av åtskilde avdelingar innan same verksemd: Kolonial: mjølk og brød; tobakk, sjokolade og frukt. Høgsterett slo fast at avdelingane måtte vere sjølvstendige og utan dører mellom; det hjelpte ikkje at ei foldedør kunne låsast, sjå proposisjonen side 7.

47.

Sjå til dømes Rt. 1936 side 403.

48.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 6.

49.

Ingeborg Bakken: Oslo Handel og Kontor 75 år, 1907–82. En beretning (1982) side 105–106.

50.

Sjå Ot.prp. nr. 75 (1996–97) punkt 2.2.1. For rammene for opningstidene i dei kommunale vedtektene, sjå NOU 1984: 13 side 81 ff. Om faktiske opningstider i varehandelen, sjå punkt 5.2 i NOU-en. I 1978 sende Forbrukar- og administrasjonsdepartementet ut ein rettleiar om lukkelova til kommunane.

51.

Samandraget i Rt: «Spørsmaal om og i hvilken utstrækning helligdagsforordningen 12 mars 1735 maa ansees gjældende. Dens § 8 antages ikke ophævet, forsaavidt offentlige forlystelser angaar, men dens bestemmelser er omdannet og modificert ved retsopfatningen og kan alene gjøres gjældende i den utstrækning, som det med sikkerhet kan konstateres, at de har været almindelig respektert. I henhold hertil ansees det utilladelig at holde offentlige forlystelser pinseaften efter kl. 9 og hele 1ste pinsedag, derimot tilladelig 2den pinsedag (= alm. søndage) efter kl. 2 eftm.» – Dei aktuelle aktivitetane på utstillinga var: «1. Bjergbanen, 2. Lilleputbanen, 3. Morskapshjulet, 4. Huset med forhindringer, 5. De rullende rør, 6. Vandkarusellen, 7. Det russiske hjul, 8. Den almindelige karusel, 9. Tanagrateatret, 10. Ringkastningen, 11. Dansegulvet, 12. Hatkastningen, 13. Kinematografskytningen, 14. Kraftprøven, 15. Kongolandsbyen og 16. Et Blik i Paradis (Den forkjerte verden)».

52.

Sjå https://snl.no/%C3%A5ttetimersdag og https://snl.no/arbeidstid#-Historikk besøkt 30. oktober 2017.

53.

St.med. nr. 13 (1919) side 28. Det vi i dag kallar stortingsmelding, blei den gongen kalla stortingsmeddelelse. Derfor kortforma St.med.

54.

Sitert i Indst. S. nr. 250 (1920).

55.

St.med. nr. 13 (1919) side 9–10.

56.

St.med. nr. 13 (1919) side 10–11.

57.

Døme på bransjar med eigen regulering som blei drøfta i meldinga: lasting og lossing av dampskip, fotografering, fiske, sporvegar, offentlege tenestemenn og avisbod.

58.

St.med. nr. 13 (1919) side 46–55. Her drøftar departementet føresegnene i framlegget frå sokneprest J. Schiørn på Kråkerøy og elleve andre til ei lov om «søndagens fredning», sjå side 40–41. Framlegget opna for sal av mjølk og bakarvarer søndag morgon, men forbaud sport, lystjakt og foreiningsliv fram til kl. 14. Departementet viste berre til føresegnene i lukkelova av 1913.

59.

Utgreiinga i forkant av heilagdagslova av 1965 tyder ikkje på at saka kom opp igjen i åra etter 1920.

60.

Det gjaldt ein særregel når fleire heilagdagar kom etter kvarandre: «§ 2. Når to eller tre helligdager følger på hverandre, er det tillatt å holde forretningene åpne den annen av disse inntil kl. 10 formiddag, dog så at der kan holdes åpent skjærtorsdag morgen, ikke langfredag.»

61.

I 1984 var det 60 kommunar som hadde fastsett ei slik vedtekt, dei fleste på 1930-talet, sjå Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 4.

62.

Ot.prp. nr. 43 (1964–65) side 2.

63.

Rt. 1929 side 152.

64.

Omtalt på side 8–9 i det trykte vedlegget til Ot.prp. nr. 43 (1964–65).

65.

Dokumenta ligg i Riksarkivet og er ikkje publiserte på nett. Dokumenta etter utvalet som blei sett ned av Sosialdepartementet 17.12.1936, og som arbeidde med endringar i lukkelova, finst i arkiv S-1436 Kommunaldepartementet, Arbeidsavdelingen: serie Fb, eske 41. Riksarkivet har undersøkt for utvalet om det finst saker om oppfølging av innstillinga frå utvalet, men dei fann ikkje noko.

66.

Gjeldande rett i 1938 var at bensinstasjonar som berre selde drivstoff og smørjeolje, ikkje var å rekne for utsalsstader og dermed ikkje omfatta av kommunale lukkevedtekter. Dersom bensinstasjonen selde utstyr og materiell til reparasjonar, var det ein utsalsstad, men i praksis følgde mange bensinstasjonar ikkje lukkevedtektene, sjå innstillinga side 20–23.

67.

Ot.prp. nr. 43 (1964–65) side 1. Leiaren av komiteen var rådmann Arnljot Aarsund. Det kan vere greitt å merke seg at det var meir vanleg med representantar frå departementa i komitear på denne tida. Då som no var dei departementstilsette i denne rolla ikkje bundne av kva den politiske leiinga i departementet meinte om saka.

68.

Rapporten blei formidla til Stortinget som trykt vedlegg til Ot.prp. nr. 43 (1964–65).

69.

Side 4 i det trykte vedlegget til Ot.prp. nr. 43 (1964–65). Mandatet er her det same som foredraget til departementet.

70.

Den minste fraksjonen i komiteen (medlemmene frå Norges Handels- og Kontorfunksjonærers Forbund og Landsorganisasjonen i Norge) meinte at det ikkje var nokon sterk samanheng mellom opningstidene i butikkane og skoft i arbeidslivet. Dei registrerte at diskusjonen hadde stilna i tida etter 1950. Sjå side 23 i det trykte vedlegget til Ot.prp. nr. 43 (1964–65).

71.

Einar Fjellvik: HK 100 år. (Handel og Kontors jubileumsbok frå 2008) Side 93–94. Fagrørsla arbeidde for redusert arbeidstid, i form av til dømes fri på laurdagar. Ønsket var at dei tilsette i varehandelen skulle få del i det same godet som tilsette i industrien, bankar og offentlege kontor hadde. På 1970-talet kom kravet om laurdagsstengde butikkar opp, med landsmøtet i Handel og Kontor i 1976 som klimaks. Sjå Einar Fjellvik: HK 100 år. (Handel og Kontors jubileumsbok frå 2008) Side 94, 108–109 og 114–117.

72.

Side 10 i det trykte vedlegget til Ot.prp. nr. 43 (1964–65).

73.

Side 13 i det trykte vedlegg til Ot.prp. nr. 43 (1964-65).

74.

I tiåra før krigen var det i Trondheim fleire rundar der dei tilsette og delar av handelsnæringa blei samde om laurdagsstenging kl. 15, men enkelte bransjar heldt opent lenger av omsyn til turistane, mellom anna på grunnlag av dispensasjon frå fylkesmannen. Sjå Christian Larssen: Trondheim Handel og Kontor 100 år. 1879–1979 side 147–150.

75.

Side 23 i det trykte vedlegget til Ot.prp. nr. 43 (1964–65).

76.

Innst. O. nr. 131 (1964–65) side 231 (samlehefte). Formuleringa er tona noko ned i Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 11. Her seier Arbeidstilsynet at forslaget «ikke synes å være ubetinget fordelaktig fra arbeidervernhensyn».

77.

Ot.prp. nr. 43 (1964–65) side 5.

78.

Innst. O. nr. 131 (1964–65) side 232 (samlehefte).

79.

Sjå Ot.prp. nr. 30 (1964–65). Nokre år tidlegare fell 17. mai på første pinsedag, og Kyrkje- og undervisningsdepartementet måtte finne ut korleis ein kunne feire 17. mai utan å bryte forboda i heilagdagsforordninga. I Ot.prp. nr. 11 (1959) løyste departementet saka slik at dagen i slike tilfelle skulle reknast som ein vanleg søndag – eller laurdag om 17. mai skulle falle på pinseaftan. Samferdselsdepartementet råda i høyringa (sitert i Ot.prp. nr. 11 (1959) side 3) Kyrkje- og undervisningsdepartementet til ein fullstendig revisjon av forordninga. Allmenta fekk vite meir om dialogen mellom departementa då enn no.

Dagen før Ot.prp. nr. 11 (1959) blei lagd fram, trykte Aftenposten (på side 2 med omtale på framsida) ein kronikk signert «førstesekretær, cand.jur. Bjørn Haug, Justisdepartementets lovavdeling», som argumenterte mot at det var behov for den lovendringa det ansvarlege departementet la fram dagen etter; 17. mai kunne feirast på vanleg måte første pinsedag om ein berre stod over russetog, kino, teater og offentleg dans. Forståinga av kva saksbehandlarar uttalte seg om, med opplysning om tittel og arbeidsgivar, var mindre restriktiv den gongen.

80.

Ot.prp. nr. 30 (1964–65). Innstillinga frå utvalet som greidde ut saka, ligg som vedlegg til proposisjonen.

81.

Besl. O. nr. 80 (1964–65).

82.

Barnetog og andre prosesjonar var tillate 1. og 17. mai.

83.

Sjå NOU 1984: 13 side 86, som siterer ein rettleiar frå departementet i 1978. Det var ikkje behov for at dei lokale opningstidsforskriftene påbaud stenging i kyrkjetida av omsyn til ro under gudstenesta. Det var allereie forbode etter heilagdagslova.

84.

Borten-regjeringa tiltredde 12. oktober 1965. Proposisjonen blei lagd fram 31. mars 1967.

85.

Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 13.

86.

Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 7. Sjå Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 8 ff. for ei oversikt over gjeldande opningstidstidsrammer.

87.

Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 7: «Norges Handels- og Kontorfunksjonærers Forbund har protestert mot departementets praksis, mens derimot Norges Byforbund og Norges Herredsforbund har gitt den sin tilslutning.»

88.

Sjå utkastet til § 1. Kvardagar ville truleg seie måndag til laurdag. Spørsmålet om laurdagar er ikkje drøfta i Ot.prp. nr. 50 (1966–67) eller i Aarsund-komiteen, men ut frå at lovframlegget berre regulerte kvardagar og søn- og heilagdagar, kan ein slutte at laurdagane var kvardagar.

89.

Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 19.

90.

Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 19–20.

91.

Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 13.

92.

Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 16.

93.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 6–7.

94.

Motstanden frå Handel og Kontor hadde mykje å seie for utfallet, sjå Ingeborg Bakken: Oslo Handel og Kontor 75 år, 1907–82. En beretning (1982) side 107–108.

95.

Dei tre i utvalet var byrettsdommar Aksel H. Hillestad, sosialrådmann i Trondheim Reidar Lyseth og avdelingssjef ved Norsk Produktivitetsinstitutt Bjørn Vidar. Utvalet sende eit førebels framlegg på høyring og gjorde deretter nokre endringar, sjå NOU 1973: 7 side 6.

96.

Desse tidene var stort sett i tråd med praksisen til departementet i saker om godkjenning av kommunale vedtekter, sjå NOU 1973: 7 side 9. I høyringa som utvalet gjennomførte, ønskte Norges Handels- og Kontorfunksjonærers Forbund snevrare rammer for opningstida: til kl. 17 på kvardagar, kl. 13 på laurdagar og inga utviding av søndagshandelen, sjå NOU 1973: 7 side 12 og 31. Norges Husmorforbund, Handelens Arbeidsgiverforening og Industriforbundet ønskte utvida opningstid, sjå. NOU 1973: 7 side 12. Utvalet viste til «den klare tendens til nedsatt aktivitet på lørdager» som grunngiving for å tillate kommunane å påby stenging frå kl. 14 på laurdagar, trass i at departementet hadde lagt seg på kl. 15 i praksis, og trass i protest frå Norges Husmorforbund.

Fleirtalet i Forbrukarrådet uttalte i høyringa: «Når forholdet i dag er at de fleste forretninger først åpner etter at arbeidstiden i samfunnet forøvrig er påbegynt, og lukker umiddelbart etter – eller på flere steder også før arbeidstakerne slutter, synes det klart at dette ikke er tilfredsstillende sett fra et forbrukersynspunkt.» Fleirtalet i Forbrukarrådet tok til orde for å oppheve lukkelova, slik Sverige hadde gjort frå 1. januar 1972, sjå NOU 1973: 7 side 29.

Narvesen hadde same syn på lukkelova som fleirtalet i Forbrukarrådet, sjå NOU 1973: 7 side 31–32. Narvesen ønskte ikkje ei ytterlegare desentralisering av avgjerder om opningstidene, derimot at avgjerdene blei tekne av sentrale statlege organ: «Avgjørelser i lokale kommunestyrer vil ofte vært preget av sterkt press fra interessegrupper i retning av begrensede åpningstider ut fra helt spesielle interesser. Det er en kjensgjerning at disse interesser vanligvis ikke faller sammen med f.eks. forbrukernes interesser.»

97.

NOU 1973: 7 side 9.

98.

NOU 1973: 7 side 13. Det var eventuelt vedtekta, ikkje lova, som forbaud å halde opent på søndag formiddag. I høyringa kommenterte politimeisteren i Oslo: «Det er i denne forbindelse nærliggende å stille spørsmålet om hvorfor hensynet til helligdagsfreden skal ha så stor virkning i de kommuner som har forskrifter om salgstid, mens man i de andre kan handle så meget man vil i kirketiden bare man ikke støter an mot § 3 i helligdagsloven.» Sjå NOU 1973: 7 side 26.

99.

NOU 1973: 7 side 11.

100.

NOU 1973: 7 side 9.

101.

NOU 1973: 7 side 11. Utvalet la til grunn at behovet til publikum ville vere grunngivinga for utvida salstider, og då ville det riktige vere at alle butikkar som førte varene publikum hadde behov for, kunne halde opent. Framlegget frå utvalet innebar vidare at geografisk differensiering ikkje var mogleg. Alle utsalsstader i ein kommune fekk same høve til å selje same vare til same tid. Kommunen kunne likevel bestemme at opningstidsreglane ikkje skulle gjelde for ein del av kommunen, sjå NOU 1973: 7 side 14.

102.

NOU 1973: 7 side 13.

103.

Narvesen, NSB og andre gjekk inn for nasjonale reglar om opningstid på slike stader, sjå NOU 1973: 7 side 9 og 38.

104.

NOU 1973: 7 side 12. I det førebelse utkastet nytta utvalet formuleringa «klar markering», men dette fekk motstand i høyringa og utvalet fann «å måtte bøye seg for de fremkomne innvendinger». Utvalet peikte på at høvet til å stengje av ei avdeling med visse varer kunne vere til nytte for bensinstasjonar.

105.

NOU 1973: 7 side 11.

106.

NOU 1973: 7 side 14.

107.

Bensinhandlernes Landsforbund uttalte i høyringa at unntaket burde ut av lova. Det blei vist til at salet av drivstoff utanfor vanlege opningstider gjekk ned. Utvalet førte vidare unntaket fordi det kunne skape problem for dei vegfarande om bensinstasjonar blei pålagde av det offentlege å stengje i tråd med vanlege opningstider, sjå NOU 1973: 7 side 15 og 28.

108.

Vedtekter med kortare opningstid blei ikkje stadfesta av departementet, sjå NOU 1973: 7 side 12.

109.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 7. I NOU 1984: 13 blir det på side 80 vist til eit utkast til ein proposisjon som ikkje blei fremma for Stortinget. I dette utkastet skisserte departementet ifølgje NOU 1984: 13 at kommunane ikkje kunne påby stenging før kl. 17 på kvardagar, men heller ikkje tillate opent etter kl. 19. Éin kvardag i veka skulle kommunane tillate opent fram til kl. 20. Laurdagar skulle kommunane ikkje kunne påby stenging før kl. 13.

110.

I høyringa som utvalet gjennomførte, argumenterte politimeisteren i Drammen mot lovframlegget og meinte at det ikkje burde fremmast for Stortinget. Det blei lagt vekt på at gjeldande lov var grei å tolke med dei avklaringane som hadde komme, sjå NOU 1973: 7 side 22–23. Politimeistrane i Arendal og i Kristiansand meinte at det ikkje var behov for opningstidsreglar. Politimeisteren i Kristiansand meinte det ville vere tilstrekkeleg med eit krav om stengde utsalsstader nyttårsdag, langfredag og første påske-, pinse- og juledag, sjå NOU 1973: 7 side 24.

111.

Randi Lavik: Døgnåpen handel – konsekvenser for de ansatte. En arbeidsmiljøundersøkelse. SIFO-rapport 3/1998 side 32: «Endringene i åpningstidene har imidlertid ikke skjedd uten debatt. På 70-tallet hadde vi debatten om lørdagsåpent eller ikke, på 80-tallet var det debatten om utvidede åpningstider, og på 90-tallet har søndagsåpent stått i fokus.» Sjå òg Alsos, Kristin og Dag Olberg: Åpningstider og arbeidstid i varehandelen (Fafo-notat 2012:10) side 6. Allereie i 1922 gjorde fagrørsla i Trondheim forsøk på å forhandle fram laurdagsfri heile året. Det gjekk ikkje. Sjå Christian Larssen: Trondheim Handel og Kontor 100 år. 1879–1979 side 147.

112.

Tabellen i Innst. O. nr. 84 (1913) side 3 (side 135 i den trykte versjonen).

113.

Einar Fjellvik: HK 100 år. (Handel og Kontors jubileumsbok frå 2008) Side 93–94, 108–109 og 114–117.

114.

Christian Larssen: Trondheim Handel og Kontor 100 år. 1879–1979.

115.

Utvalet viser på side 154 til dei tre utgreiings- og lovprosessane i 1963, 1967 og 1973 som ikkje førte fram, og konstaterte at det var «vanskelig å forene interessene til de ulike partene: forbrukerne, de ansatte og innehaverne».

116.

NOU 1984: 13 side 81. Sitatet er henta frå NOU-en. Oddvar Nordli (Arbeidarpartiet) var statsminister.

117.

Desse formuleringane blei sidan viste til av det borgarlege fleirtalet i stortingskomiteen, sjå Innst. O. nr. 48 (1984–85) side 8.

118.

Statsminister Gro Harlem Brundtland var oppteken av å setje kvardagsproblem på dagsordenen, sjå Gro Harlem Brundtland: Mitt liv 1939–86 (1997) side 378–379. Ho nemner ikkje sjølv dette utvalet i boka si, men kommenterer: «Sosialdemokratiet og fagbevegelsen var nok for konservative og tradisjonelle, og greide ikke å reformere egen tenkning i tide. (…) Tidlig i 1980-årene kom vi likevel i den sitasjonen at Willoch-regjeringen tok initiativ og gjennomførte reformer som ble populære. Astrid Gjertsen ble dagens helt. Jeg kan bare ergre meg grønn for at tiden ikke hadde vært moden så vi selv kunne ha gjort ting på vår måte og på våre premisser.» I bind 2 av sjølvbiografien, Dramatiske år, 1986–96, skriv ho på side 430: «På et område hadde den borgerlige regjeringen ført en framsynt politikk som bedret forholdene i mange familiers hverdag. Det var gjennomført reformer når det gjelder reglene om åpningstid i varehandelen.»

119.

NOU 1984: 13 side 26–27. Det blei vist til St.meld. nr. 79 (1980–81) punkt 14.1, som peikte overordna på problemstillingane.

120.

NOU 1984: 13 side 27.

121.

NOU 1984: 13 side 27. Opningstidene i varehandelen ser ut til å ha fått mest plass i utgreiinga.

122.

NOU 1984: 13 side 8. Er dette historisk eller kulturelt? Sjå side 29, der utvalet skriv: «Karakteristisk for tidsoppfatningen i moderne, vestlige samfunn som det norske i dag er troen på at all tid kan utnyttes produktivt; at ‘tid er penger’.»

123.

NOU 1984: 13 side 11.

124.

NOU 1984: 13 side 11.

125.

NOU 1984: 13 side 153 og side 158 (og side 15 i samandraget): «Er det rimelig med så stor grad av styring gjennom forhandlingssystemet [mellom arbeidslivets parter] når forbrukerne ikke har noe ord med i laget?» Side 161: «For at folk skal få mer innflytelse over egen tidsbruk, må det skapes et system som sikrer en balanse mellom forbrukerinteresser og arbeidstakerinteresser.»

126.

NOU 1984: 13 side 157 og 94. Randi Lavik og Marit M. Strand skreiv i 1997: «Når åpningstidene mange steder var mer begrenset enn det vedtektene ga anledning til, er det grunn til å anta at næringen selv var blitt enige om praktiseringen av åpningstidene ettersom de fleste stengte samtidig innen samme kommune. Det var også diskusjon på den tiden (begynnelsen av 1980-tallet) om dette var lovstridig i henhold til konkurranselovgivningen, etter som slike avtaler kunne virke konkurransehemmende. Prisdirektoratet bestemte seg imidlertid for ikke å gripe inn.» Sjå SIFO: Lavik, Randi og Marit M. Strand: Bekvem dagligvarehandel. Åpningstider, forbrukerne og markedet. Rapport nr. 3/1997 side 44–45.

127.

NOU 1984: 13 side 15.

128.

NOU 1984: 13 side 122. Desse omsyna knytte utvalet til sosiale mål om likskap og samhald i samfunnet, økonomisk velstand og tryggleik, handlefridom og sjølvråderett.

129.

NOU 1984: 13 side 168–169.

130.

NOU 1984: 13 side 128–130. Utvalet vurderte korleis ein kunne få størst mogleg handlefridom og tilgjenge. Ytterpunkta var fleksibel samordning av tid (variasjon i opningstider og i plassering av arbeidstid) vs. standardisering av arbeids- og opningstider. Utvalet drøfta vidare på side 137–139 kor store ulempene var ved såkalla avvikande arbeidstider, dvs. variasjon og mangfald i arbeidstidene vs. den såkalla normalarbeidsdagen.

131.

NOU 1984: 13 side 176–179. Det er gjort greie for økonomiske og administrative konsekvensar på side 191–193. Framlegga er samanfatta på side 21–22 og i Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 8–9.

132.

Fleirtalet meinte at deira framlegg til endringar ville ta vare på arbeidstakarinteressene like godt som ei oppheving av lukkelova med tilhøyrande endringar i arbeidsmiljølova, men er ikkje konkrete på kva for endringar i arbeidsmiljølova dei såg føre seg, sjå NOU 1984: 13 side 176.

133.

NOU 1984: 13 side 176: «Formålsbestemmelsen bør inneholde formuleringer om at regulering av åpningstidene ved utsalgssteder skal skje ut fra:

– Hensyn til ulike forbrukergruppers krav på god tilgjengelighet til varer

– En avveining av ulike berørte interesser som forbrukerinteresser, arbeidstakerinteresser og de næringsdrivendes interesser,

– Hensyn til allmenne interesser som f.eks. effektiv ressursutnytting og behov for stabile rytmer i det sosiale liv og et godt sosialt miljø,

– Hensyn til behovet for fleksible ordninger tilpasset lokale tradisjoner og geografiske, næringsmessige og sosiale variasjoner.»

134.

Dette blir kalla ei maksimumsramme for lukketida vedtektene kan fastsetje, sjå NOU 1984: 13 side 22. Omvendt blir dette den kortaste opningstida vedtektene kan tillate.

135.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) formulerer posisjonen slik: «De kommunale vedtektene og de praktiserte åpningstidene har hittil vært ansett som en beskyttelse for de ansatte i varehandelen. Imidlertid har, etter fraksjonens mening, de senere år vist en økning av kommuner som utvider vedtektenes rammer, en større utnyttelse av de rammene som settes, samt en økende grad av dispensasjoner fra lukkeloven.» (Dissensen frå fraksjonen står i NOU 1984: 13 side 177–179.)

136.

Å oppheve kravet om stadfesting ville redusere makta til departementet. Det vil seie at departementet ikkje ville kunne halde fram med å nekte å stadfeste lokale vedtekter som departementet fann for strenge, jf. ovanfor. Fraksjonen viste til at det ikkje hadde lykkast å få semje om plassering av arbeidstida i tariffavtalane, med referanse til rettleiaren frå departementet til fylkesmennene i 1978, sjå NOU 1984: 13 side 177. Derfor var rammene dei kommunale vedtektene sette for opningstidene, viktige for dei tilsette i varehandelen. Fordi mange kommunar ikkje hadde fastsett vedtekter og opningstidene dermed var frie, var det viktig at lova sette rammer for opningstida som kommunane kunne utvide. Dessutan var opningstidsrammene enkelte stader så vide at det var behov for at dei tilsette i varehandelen var omfatta av reglane om plassering av arbeidstida i arbeidsmiljølova.

137.

Lova slik ho lydde i 1984, er sitert på side 4 i Ot.prp. nr. 9 (1984–85).

138.

Sjå kapittelet Den åpne dørs politikk (side 122–128) i Hallvard Notaker: Høyres historie 1975–2005. Opprør og moderasjon. 2012. Her gjer Notaker greie for prosessen og spenningane mellom regjeringspartia.

139.

På vedlegget med tilrådingane som følgde høyringsnotatet, stod det at utgreiinga frå Opningstidsutvalet ville komme i mars 1984.

140.

Innst. O. nr. 48 (1984–85) side 12: «Disse medlemmer vil peke på at det i dag kan fastslås at dette hastverk var helt unødvendig.»

141.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 9. I høyringa gjekk Norges Handelsstands Forbund og Detaljistforbundet inn for same alternativ som Handel og Kontor i Norge og LO om ei kjerneopningstid mellom kl. 06–19, men dei to førstnemnde ønskte å kunne halde opent til kl. 20 éin dag i veka, og stilte visse vilkår.

142.

Høyringsnotatet side 28.

143.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 3–6 gjer greie for gjeldande rett i Noreg og Norden.

144.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 11. På side 17 heiter det: «Etter departementets oppfatning bør vernet av søn- og helligdager fortsatt ivaretas av kommunene selv.»

145.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 13. I innleiinga til Innst. O. nr. 48 (1984–85) blir det gjort greie for at departementet med framlegget meiner å ta omsyn til forbrukarar, deregulering, konkurranse, nattero og heilagdagsro og arbeidstakarane, sjå Innst. O. nr. 48 (1984–85) side 1. I Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 16 viser departementet til handelslekkasje over landegrensene og varelekkasjar av kolonialvarer over til kioskar og bensinstasjonar. «Lukkeloven var aldri ment å skulle være konkurranseregulerende, men har altså i praksis vist seg å bli det.»

146.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 16.

147.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 18. Departementet varslar på side 19 ei oppsummering av verknadene av lova etter 3–5 år.

148.

Forhandl. i Odelst. for 1984–85 side 458–510. Forhandl. i Lagt. for 1984–85 side 38–49.

149.

Hallvard Notaker: Høyres historie 1975–2005. Opprør og moderasjon. 2012, side 126–127. Sjå òg kapittelet «Rusk i maskineriet» i Kjell Magne Bondevik: Et liv i spenning (2006) side 195.

150.

Fleirtalet viste til at det under regjeringa Nordli (Arbeidarpartiet) i 1978 blei sendt ut ein rettleiar til fylkesmennene der det stod: «Hensynet til de ansatte i handelsnæringen blir ivaretatt gjennom tariffavtalene og arbeidervernlovgivningen, og bør ikke søkes ivaretatt ved fastsettelse av snevre rammer for utsalgsstedenes åpningstider.» Innst. O. nr. 48 (1984–85) side 8.

151.

Innst. O. nr. 48 (1984–85) side 11.

152.

Hallvard Notaker kommenterer: «Slik gikk det til at Høyres store åpningstidsreform faktisk representerte en tilstramming av de statlige reguleringene for søndagshandel», sjå Høyres historie 1975–2005. Opprør og moderasjon. 2012, side 127. Høvet til å gi lokale forskrifter om at butikkane kunne halde opent på søndagar, blei ikkje nytta i stor grad, truleg heller ikkje i Oslo.

153.

Innst. O. nr. 48 (1984–85) side 11.

154.

Innst. O. nr. 48 (1984–85) side 11. Komiteen fekk hjelp til å utarbeide denne lista med varetypar av fagavdelinga i departementet. Det er vanleg at ei avdeling gir den politiske leiinga i departementet faglege underlag til drøftingane i komiteane på Stortinget. I dette tilfellet var det ein saksbehandlar som hjelpte den politiske leiinga i departementet direkte fordi avdelingsleiaren fann det under sin «juristverdighet» å hjelpe komiteen til å gjere noko så dumt som å liste opp lovlege varetypar.

155.

Innst. O. nr. 48 (1984–85) side 15. Dette kan ha vore opptakten til at areal blei sett som ein betre måte å regulere opningstider på.

156.

Arbeidarpartiet sine merknader til føresegna tyder på at kommunane måtte fastsetje unntak i forskrift. Det ser ikkje ut til at høvet til å gjere unntak var avgrensa til måndag–fredag.

157.

Innst. O. nr. 48 (1984–85) side 16–17.

158.

Ingeborg Bakken: Oslo Handel og Kontor 75 år, 1907–1982. En beretning (1982) side 108–109: «Oslo Handel og Kontor følger årvåkent med i Lukningsvedtektenes skjebne, og er rede til å sette kampen inn mot ethvert forsøk på endringer som vil bevirke dårligere arbeidsforhold for de handelsansatte.» Sjå også NOU 1984: 13 side 62 og 83 (tabell utarbeidd av Oslo politikammer).

159.

Stasjonen låg i krysset mellom Drammensveien og Gustav Vigelandsvei (Thune). Utvalet har fått eit notat med avisutklipp frå Henning Holstad datert 23. april 2017. Holstad reknar seg som opphavsmann til ordet «storkiosk».

160.

NOU 1977: 9 side 154.

161.

Thomas Hylland Eriksen har skreve om hendinga som eit teikn i tida, sjå Typisk norsk, Essays om kulturen i Norge, Oslo: Huitfeldt 1993: 4: Norway went crazy: Åttitallets kulturrevolusjon, http://hyllanderiksen.net/Typisk4.html besøkt 12. august 2017: «Samtidig som de nye kaféene ble startet, begynte også en debatt – først i Oslo, senere utover i landet – om åpningstider. Entreprenøren Henning ‘Sortebill’ Holstad startet ‘Folkeaksjonen for melk og brød’, og påsken 1983 solgte han et begrenset utvalg dagligvarer fra sin storkiosk på Skøyen i Oslo. Protestene var mange og alvorlige, ikke minst fordi Holstad gjorde dette uten løyve. Det var nemlig typisk unorsk å selge matvarer utenfor vanlige åpningstider. På denne tiden stengte jo forretningene i det meste av landet klokken fire eller fem, og få butikker hadde åpent senere enn til klokken ett på lørdager.

Fire-fem små år etter Holstads lille privatkapitalistisk finansierte kulturrevolusjon, får man kjøpt alt fra ferske solskinnsboller, melk og ferskt brød til deodoranter og vaskepulver, når på døgnet det skulle være. Om jeg skulle ha et påtrengende behov for et barberblad, en pose kaffe eller en pakke knekkebrød klokken fire om morgenen første juledag, finnes redningen fem minutters gange hjemmefra. 7-Eleven-kjeden, som Steinar Bryn merkelig nok unnlater å nevne i sin bok om norske Amerikabilder, dukket opp i Norge nærmest over natten rundt 1987 og etablerte seg i løpet av noen måneder som et selvfølgelig og ikke minst nyttig tilbud til byfolk.»

162.

Saka i Rt. 1986 side 524 gjaldt grensa mellom kiosk og serveringsstad, ikkje mellom kiosk- og daglegvarer.

163.

SIFO: Lavik, Randi og Marit M. Strand: Bekvem dagligvarehandel. Åpningstider, forbrukerne og markedet. Rapport nr. 3/1997 side 23–24.

164.

Einar Fjellvik: HK 100 år. (Handel og Kontors jubileumsbok frå 2008) Side 131.

165.

SIFO: Lavik, Randi og Marit M. Strand: Bekvem dagligvarehandel. Åpningstider, forbrukerne og markedet. Rapport nr. 3/1997 kapittel 3. I førebuinga av opningstidslova som tok til å gjelde i 1999, kartla Barne- og familiedepartementet i desember 1996 kommunale forskrifter om opningstider gitt med heimel i lova frå 1985. Desse tala er med i SIFOs rapport, og ei oversikt over opningstidene på landsbasis 1990 og 1996 står i vedlegg 5 side 5. Om opningstidene i 1982 og seinare utvikling, sjå NOU 1984: 13 side 81–86 og samandraget side 10–11. Om opningstidene i 1963, sjå Ot.prp. nr. 43 (1964–65) side 10–11. Om endringane i opningstidene generelt, sjå SIFO: Endringer i åpningstider i dagligvaremarkedet, januar 2016. Prosjektnotat nr. 2 - 2016. SIFO: Endringer i butikkstruktur og handlemønster i norsk dagligvarehandel. Prosjektnotat nr. 1-2012.

166.

SIFO: Lavik, Randi og Marit M. Strand: Bekvem dagligvarehandel. Åpningstider, forbrukerne og markedet. Rapport nr. 3/1997 side 294.

167.

SIFO: Lavik, Randi og Marit M. Strand: Bekvem dagligvarehandel. Åpningstider, forbrukerne og markedet. Rapport nr. 3/1997 side 45–46.

168.

Ot.prp. nr. 75 (1996–97) punkt 2.2.3. Sjå òg SIFO: Lavik, Randi og Marit M. Strand: Bekvem dagligvarehandel. Åpningstider, forbrukerne og markedet. Rapport nr. 3/1997 side 46, som gir døme på kommunar med søndagsopent året rundt: Egersund, Eidsberg, Gol, Lerdal, Måsøy, Oppdal, Sandnes, Sirdal, Steinkjer, Stor-Elvdal, Stryn, Ulstein, Vardø og Våler. For desse kommunane var 1999-lova ei tilstramming.

169.

SIFO: Lavik, Randi og Marit M. Strand: Bekvem dagligvarehandel. Åpningstider, forbrukerne og markedet. Rapport nr. 3/1997 side 70–72, 76–77 og 79–81.

170.

Sjå Ot.prp.nr.59 (1990–91) romartal III.

171.

Notata finst i Riksarkivet.

172.

Innst. O. nr. 48 (1984–85) side 11.

173.

I proposisjonen heiter det: «Unntaket for utsalgssteder på campingplasser gjelder hele året, uavhengig av turistsesonger. Unntaket for utsalgssteder på typiske turiststeder følger de samme regler.»

174.

I proposisjonen heiter det: «Departementets forslag til endring av lovens § 5 nr 3 innebærer forøvrig ingen endringer mht. saksbehandlingsreglene. I henhold til § 5, annet ledd vil kommunen i tvilstilfelle avgjøre om en virksomhet omfattes av unntakene i § 5, første ledd, herunder konkret avgjøre om et bestemt sted omfattes av begrepet ‘typisk turiststed’. En slik avgjørelse kan påklages til fylkesmannen.»

175.

SIFO: Lavik, Randi og Marit M. Strand: Bekvem dagligvarehandel. Åpningstider, forbrukerne og markedet. Rapport nr. 3/1997 side 27, men utvalet har ikkje funne fram til han.

176.

Sjå NOU 1992: 20 side 155 og omtale i Ot.prp. nr. 75 (1996–97) punkt 2.2.1.

177.

Hovudregelen i arbeidsmiljølova § 44 skulle vere forbod mot arbeid på søn- og heilagdagar, men desse formene for sal kunne unntakast, jf. opningstidslova § 5: 1 Kiosker, 2 Salg av bensin, olje og andre varer som er nødvendig for drift eller vedlikehold av motorkjøretøyer og motorbåter, 3 Utsalgssteder på campingplasser og utsalgssteder på typiske turiststeder der salget i perioder hovedsakelig skjer til turister, 4 Utsalgssteder tilknyttet jernbane-, sporveis- og rutebilstasjoner, ved brygge, svevebaner og lufthavner og som selger varer beregnet på de reisendes behov, 5 Salg fra serveringssted, 6 Salg ved auksjon, 7 Salg av utstilte gjenstander fra kunstgallerier o.l., 8 Salg fra utstillinger eller varemesser, 9 Salg av blomster og planter, 10 Utsalgssteder som i hovedsak selger lokale husflids- og souvenirvarer.

178.

Om varehandelen og tilvisinga frå næringslovutvalet, sjå NOU 1992: 20 side 147.

179.

Høyringa var i 1989. Norsk Hotell- og restaurantforbund håpte i høyringa at opphevinga av forbodet mot dans kunne ta til å gjelde før påska 1990, sjå Ot.prp. nr. 84 (1993–94) side 4. Endringar i lova om heilagdagsfred frå 1965 blei varsla i statsbudsjettet for 1989 som ein del av arbeidet for eit enklare regelverk og eit opnare og meir fleksibelt samfunn, sjå St.prp. nr. 1 (1988–89). Der blei det sagt: «Helligdagsloven forbyr offentlige filmfremvisninger, basarer, dansetilstelninger osv. mens helligdagsfreden varer. Forbudene kan lett virke byråkratiske og til dels komiske når aktiviteten ikke konkurrerer med eller forstyrrer gudstjenester. Lova foreslås endret slik at den ikke skal hindre aktivitet som ikke virker forstyrrende på religiøs aktivitet. Forbudet mot å forstyrre gudstjenester foreslås derimot opprettholdt.»

180.

Sjå omtale i Ot.prp. nr. 75 (1996-97) punkt 2.5.6 .

181.

Lovutkastet som var på høyring, står i Ot.prp. nr. 84 (1993–94) på side 2.

182.

Ot.prp nr. 84 1993–94 side 4.

183.

Sjå Innst. O. nr. 27 (1994–95) punkt 2.

184.

Dette er same innhald som det som låg i høyringsnotatet.

185.

Om opptakten til lovframlegget i Arbeidarpartiet, sjå Einar Fjellvik: HK 100 år. (Handel og Kontors jubileumsbok frå 2008) side 131–132. Sjå òg Stein Aabø: Sylvia Brustad. I partiets tjeneste. 2012 side 72–78. Om diskusjonen i 1996 mellom Lykke og Hagen, sjå SIFO: Lavik, Randi og Marit M. Strand: Bekvem dagligvarehandel. Åpningstider, forbrukerne og markedet. Rapport nr. 3/1997 side 245–247. Her gjer SIFO greie for moment som taler for og imot søndagsopne daglegvarebutikkar, sett frå butikkeigaren sin ståstad.

186.

Ikkje alle var overtydde om at lovendringa ville føre til likare konkurransevilkår, sjå oppsummeringa av høyringa i Ot.prp. nr. 75 (1996–97) punkt 2.7:

«Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) går mot forslaget med den begrunnelse at forslaget ikke gir like konkurransevilkår for alle utsalgssteder. Forslaget vil forsterke og sementere ulike konkurransevilkår.»

«Planleggings- og samordningsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet er enig i at det konkurransemessig sett er riktig å innføre like åpningstidsbestemmelser over hele landet. På den annen side påpekes at forslaget vil opprettholde og forsterke konkurransevridningen både mellom utsalgssteder innen samme bransje, og mellom ulike bransjer.»

187.

SIFO: Endringer i åpningstider i dagligvaremarkedet, januar 2016. Prosjektnotat nr. 2 - 2016 punkt 4.9.

188.

Berre 4 prosent av bensinstasjonane var større enn 150 m2 i 1999, sjå Randi Lavik: Søndagshandel og åpningstider - synspunkter og holdninger i endring? SIFO-arbeidsnotat nr. 7/1999 (1998) side 17.

189.

Ot.prp. nr. 75 (1996–97) særmerknadene til § 3 nr. 1.

190.

Ot.prp. nr. 75 (1996–97) punkt 3.1.3.

191.

Innst. O. nr. 46 (1997–98) punkt 4.1.

192.

Utvalet har lese igjennom 50 vedtak frå Barne- og familiedepartementet frå 1999 til 2002 (hovudsakleg frå 1999) i saker der det har komme klage på fylkesmannens vedtak etter heilagdagslova.

193.

I samband med sanksjonen av den nye lova skreiv Barne- og familiedepartementet at dei seinare ville ta stilling til om dei skulle lage eit rundskriv (rettleiing) om lova, sjå brev av 9. juli 1998. Det blei ikkje skrive noko rundskriv. Personleg opplysning frå Petter Gluva i Barne- og likestillingsdepartementet.

194.

Ot.prp. nr. 72 (1998–99) side 1.

195.

Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) punkt 1.2. – Mellom 1913 og 2003 blei opningstidene til utsalsstader regulert av ei sekulær (ikkje-religiøs) lov, sjølv om forbodet i heilagdagsforordninga av 1735 avgrensa søndagshandel mellom kl. 10-13. Frå heilagdagslova av 1965 var lukketidene berre regulert i lukkelova, seinare opningstidslovene. I 2003 blei føresegnene flytta til heilagdagslova av 1995, som er ei lov med ei delvis religiøs overbygning.

196.

Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) punkt 3.1.

197.

Det har komme fleire representantforslag frå FrP om å oppheve heilagdagslova § 5, sjå til dømes Dokument nr. 8:09 (1996–97), Dokument nr. 8:125 (2007–2008), Dokument 8:46 L (2010–2011) og Dokument 8:36 L (2011–2012). Høgre-representantar fremma Dok.nr. 8:16 (1993–94) om å oppheve opningstidslova. Det blir ikkje gjort greie for desse framlegga her.

198.

Handel og Kontor, Jernia, Mester Grønn, Optimera, Løvenskiold Handel og Norgros kritiserte i eit brev 11. mai 2007 måten undersøkinga blei gjord på.

199.

I ein e-post til dåverande kulturminister Trond Giske 14. februar 2008 fortalde Plantasjen ASA at dei selde meir blomar og planter på søndagar: Kvardagar: 60,3 prosent blomar og planter, 29,2 prosent andre hageartiklar og 10,5 prosent anna. Søndagar: 62,5 prosent blomar og planter, 25,3 prosent andre hageartiklar og 12,2 prosent anna.

200.

Politisk plattform for ei regjering utgått av Høgre og Framstegspartiet. Sundvolden, 7. oktober 2013.

201.

§ 5 første ledd første punktum skulle lyde: «På helligdager som ikke er vanlige søndager, skal faste utsalgssteder som selger varer til forbrukere, holde stengt.»

202.

Sjå kapittel 6.2.

Til forsida