NOU 2017: 17

På ein søndag? — Reglane om søndagshandel og konsekvensane av endringar

Til innhaldsliste

6 Reguleringar og erfaringar i andre land

6.1 Overblikk over Norden og Europa

Våre nordiske naboland har liberalisert reglane om handel på søndagar tidlegare og meir enn oss. Svenskane liberaliserte fullstendig i 1972. Danskane liberaliserte gradvis fram mot frie opningstider på vanlege søndagar i 2012. Finnane liberaliserte også gradvis fram mot fullstendig liberalisering frå 2016. Det er no frie opningstider i Finland og Sverige, medan Danmark framleis har eit omfattande regelverk for dei tolv heilagdagane og dei to aftnane i året då nokre butikkar skal halde stengt. Tabell 6.1 gir ei oversikt over høgtidsdagane i Norden.

Tabell 6.1 Høgtidsdagane i Norden

Danmark1

Finland2

Island

Noreg

Sverige

nyttårsdag

nyttårsdag

nyttårsdag

nyttårsdag

nyttårsdag

trettande dag jul

trettande dag jul

skjærtorsdag

skjærtorsdag

skjærtorsdag

langfredag

langfredag

langfredag

langfredag

langfredag

første påskedag

første påskedag

første påskedag

første påskedag

første påskedag

andre påskedag

andre påskedag

andre påskedag

andre påskedag

andre påskedag

første sommardag

1. mai

1. mai

1. mai

1. mai

store bededag

nasjonaldag (17. mai)

Kristi himmelfartsdag

Kristi himmelfartsdag

Kristi himmelfartsdag

Kristi himmelfartsdag

Kristi himmelfartsdag

første pinsedag

første pinsedag

første pinsedag

første pinsedag

første pinsedag

andre pinsedag

andre pinsedag

andre pinsedag

nasjonaldag (5. juni)

republikkens dag

nasjonaldag (6. juni)

midtsommardag

midtsommardag

allehelgensdag

allehelgensdag

nasjonaldag

(6. desember)

julaftan frå kl. 18

første juledag

første juledag

første juledag

første juledag

første juledag

andre juledag

andre juledag

andre juledag

andre juledag

andre juledag

nyttårsaftan

Sum: 12

Sum: 13

Sum: 15

Sum: 12

Sum: 13

1 I Danmark skal butikkane som hovudregel vere stengde julaftan, medan dei i Noreg skal stengje kl. 16. Store bededag er ein offisiell dansk heilagdag, som fell på fjerde fredag etter påske og dermed tre veker før pinse.

2 Mellom 2009 og 2016 kravde lova at butikkane var stengde også på morsdagen og farsdagen. Sjå proposisjonen om oppheving av opningstidsreguleringa RP 88/2015 rd side 2.

Kjelde: Nettsida www.timeanddate.no og andre dokument som er brukte i dette kapittelet.

EuroCommerce er ein europeisk paraplyorganisasjon for varehandelen som lagar oversikter over opningstidsreglane i Europa.1 Dersom ein ser bort frå sal av alkohol, kan ein skilje mellom nokre hovudkategoriar av regulering på søndagar, sjå tabell 6.2. Dersom ein reknar Storbritannia som tre land (England og Wales, Nord-Irland og Skottland) er det heilt frie opningstider alle søndagar i 13 av 33 europeiske land. Dersom ein legg til dei fire landa der butikkane må vere stengde inntil 13 heilagdagar i året, men elles har frie opningstider på søndagar, har halvparten av dei europeiske landa (17 av 33) frie opningstider på søndagar.

Tabell 6.2 Oversikt over reguleringa av opningstider på søndagar i Europa

Regulering av opningstider på søndagar1

Land

Ingen offentlege reguleringar av opningstidene på søndagar

Bulgaria, Estland, Finland, Irland, Italia, Kroatia, Latvia, Litauen, Portugal, Skottland, Slovenia, Sverige, Tyrkia

Ingen offentlege reguleringar av opningstidene på vanlege søndagar, men butikkane må vere stengde på visse offentlege høgtidsdagar

Danmark, Polen, Romania, Slovakia

Opningstidene på søndagar er nærare regulerte i nasjonal lov (meir eller mindre omfattande unntak frå påbod om å halde stengt)

Belgia, England og Wales, Frankrike, Hellas, Island, Kypros, Luxemburg, Malta, Nord-Irland, Noreg, Tsjekkia, Ungarn

Opningstidene på søndagar er i hovudsak opp til lokale eller regionale styresmakter

Nederland, Spania, Tyskland (nokre unntak går fram av nasjonal lov)

Butikkane kan vere opne på søndagar i turistområde, anten generelt eller etter vedtak

Austerrike

1 Sjølv om det er lov å halde opent, kan det vere vanleg praksis å halde stengt.

Kjelde: EuroCommerce.

Vilkåra i dei europeiske landa som har nasjonal regulering av opningstider på søndagar, går fram av tabell 6.3.

Tabell 6.3 Vilkåra i dei europeiske landa som har nasjonal regulering av opningstider på søndagar

Belgia

England og Wales

Frankrike

Hellas

Island

Kypros

Luxemburg

Malta

Nord-Irland

Noreg

Tsjekkia

Ungarn

Små butikkar kan halde opent (m2)

X

X

X

X

Store butikkar kan halde opent i visse tidsrom (m2)

X

Lovregulering av tillegg for søndagsarbeid

X

Butikkeigaren kan sjølv bestemme om butikken skal vere open.

X

Daglegvarebutikkar kan halde opent søndag formiddag

X

X

X1

Butikkar kan halde opent på søndagar om dei stengjer ein annan dag

X

X

Det er mogleg å halde opent nokre søndagar i året

X

Butikkar som sel blomar og planter, kan halde opent

X

X

X

X

X

Bensinstasjonar kan halde opent

X

X

X

X

X

Bakeri kan halde opent

X

X

X2

Apotek kan halde opent

X

X

X

DIY-butikkar kan halde opent

X

Kioskar kan halde opent

X

X

X

X

X

X

Det er eigne reglar for turistområde

X

X

X

X

X

Butikkar kan ha søndagsopent før jul

X

X

Lokale styresmakter kan vedta at det kan vere opent nokre søndagar

X

X

1 Alle butikkar kan halde opent kl. 06–13 på søndagar, ikkje berre daglegvarebutikkar.

2 Som serveringsstad.

Kjelde: EuroCommerce.

I Danmark og Finland kan butikkar stengje éin dag i veka sjølv om husleigekontrakten i kjøpesenteret seier noko anna, sjå kapittel 5.10.

6.2 Danmark – Frie opningstider på vanlege søndagar

6.2.1 Gjeldande rett

Debatten om søndagshandel ser ut til å vere over i Danmark.2 Fram til 2012 hadde det skjedd ei gradvis liberalisering av opningstidene, mellom anna ei større liberalisering i 2009 basert på ein politisk avtale mellom regjeringa og Dansk Folkeparti.

Sidan 1. oktober 2012 har alle butikkar i Danmark hatt høve til å halde opent på vanlege søndagar. Hovudregelen er at utsalsstader skal vere stengde på heilagdagane, nasjonaldagen, heile julaftan og etter kl. 15 på nyttårsaftan. I Noreg er alle søndagar heilagdagar. I Danmark er heilagdagane berre dei tolv særskilde dagane då butikkane som hovudregel skal vere stengde. Ei rekkje typar butikkar kan halde opent også desse dagane.3 Fleksibilitet for butikkane og forbrukarane var det sentrale argumentet ved liberaliseringa i Danmark, og ein la vekt på omsynet til travle barnefamiliar.4 Dei danske reglane er i tråd med eit forslag frå varehandelen sjølv.5

Lova blir forvalta av Erhvervsstyrelsen.

6.2.1.1 Visse varer kan seljast på heilagdagar

Desse vareslaga er etter lov om detailsalg fra butikker m.v. unnateke forbodet mot sal på heilagdagar:

  • «1. Brændsel.

  • 2. Motorkøretøjer, traktorer, landbrugs- og entreprenørmaskiner, skibe og luftfartøjer samt brændstof og tilbehør hertil.

  • 3. Lystbåde og tilbehør hertil, campingvogne, telte og andet lejrudstyr.

  • 4. Planter, blomster, kranse og tilbehør hertil samt havebrugsvarer.

  • 5. Husdyr.

  • 6. Løsøre, der afhændes ved tvangsauktion eller er indleveret fra et bo og afhændes ved frivillig offentlig auktion.

  • 7. Brugte genstande, der sælges fra en butik, hvis indehaver har bevilling til handel med brugte genstande, jf. lov om handel med brugte genstande samt pantelånervirksomhed.

  • 8. Brød, mejeriprodukter og aviser.

  • 9. Fødevarer og husflidsprodukter, der sælges ved torvehandel.»

Ordet «havebrugsvarer» i nr. 4 skal ifølgje Erhvervsstyrelsen tolkast som ting som krukker, plantejord og mindre hagereiskapar. Byggjemarknader kan også vere opne på søndagar, sjå nedanfor, i motsetning til i Noreg.

Bilforretningane har eit unntak som går tilbake til i alle fall 1990-talet, og kan selje bilar på søndagar, medan verkstadene må halde stengt.

6.2.1.2 Visse butikkar kan vere opne på heilagdagar

Forbodet mot å selje varer på heilagdagane osv. gjeld ikkje for apotek eller automatar. Enkelte typar butikkar er unnatekne forbodet mot sal på heilagdagar:

  • «1. Butikker i udstillingslokaler, forlystelseshaver, dyreparker og lign.

  • 2. Serviceanlæg beliggende på motorvejsnettet.

  • 3. Butikker beliggende i passagerskibe, fly og tog til betjening af de rejsende.

  • 4. Butikker beliggende i lufthavne, hvorved forstås butikker i samme bygning som lufthavnens egne faciliteter til betjening af de rejsende.

  • 5. Butikker beliggende på lejrpladser for den tid af året, hvor lejrpladsen er åben for lejrgæster.

  • 6. Butikker beliggende i jernbanestationer og rutebilstationer, hvorved forstås butikker i samme bygning som stationens egne faciliteter til betjening af de rejsende. Omsætningen må dog ikke overstige den i henhold til § 5, stk. 1, jf. stk. 8, fastsatte beløbsgrænse.

  • 7. Bagerbutikker.

  • 8. Byggemarkeder.6

  • 9. Butikker, hvis omsætning hovedsagelig stammer frå salg af udvalgsvarer, der hører til hus og have. Den enkelte butiks samlede omsætning må dog ikke overstige den fastsatte beløbsgrænse i § 5, stk. 1.

  • 10. Markeder, udstillinger, messer, dyrskuer, homeparties og lign.»

I tillegg til dette kan Erhvervsstyrelsen gi butikkar i distrikta («landområde») unntak frå forbodet mot å halde opent på heilagdagar, jf. § 6. Praksis for Erhvervstyrelsen er at det er over fire kilometer til neste daglegvarebutikk, og at butikken betyr mykje for lokalsamfunnet, den såkalla siste butikken.7

6.2.1.3 Nærare om byggjevaremarknader og hus- og hagebutikkar

Byggjevaremarknader og butikkar som sel varer til hus og hage, kan halde opent på heilagdagane. For dei siste gjeld ei omsetningsgrense som blir justert årleg, og som per 2017 er på om lag 45 millionar norske kroner inkludert mva. Erhvervstyrelsen har ikkje hatt tolkingssaker om forskjellen mellom byggjevaremarknader og butikkar som sel varer til hus og hage, dvs. mellom nr. 8 og 9 i lista ovanfor. Det kan vere fordi rammene for desse kategoriane er vide. For det første er det tilstrekkeleg for å bli rekna som byggjevaremarknad at butikken kan dokumentere at over 50 prosent av omsetninga kjem frå sal av materiale til bygging og vedlikehald av fast eigedom og produkt til bruk i hagen, mellom anna måling og verktøy.8 For å vere omfatta av nr. 9 gjeld det same, jf. kravet om «hovudsakleg». For det andre omfattar både nr. 8 og nr. 9 eit breitt spekter av varer. Døme på varer i «byggemarkeder» er: «bygge- og vedligeholdelsesmaterialer til hus, sommerhus og lignende, såsom brædder, maling, sanitet og værktøj. Også artikler til brug i haven vil være omfattet.»9 Hus- og hagebutikkar kan ha dei same produkta som byggjevaremarknadene, men vil typisk ha spesialisert seg på enkelte typar varer.10 Føresegna omfattar vidare inventar som til dømes «møbler, udsmykning, lamper, musik- og tv-udstyr, hårde hvidevarer og udstyr til køkken, badeværelse og soveværelse».11 Døme på butikkar som ikkje er omfatta, er IKEA, Illum og Elgiganten, på grunn av vareutvalet og/eller omsetninga.12 Døme på varetypar som ikkje er omfatta, er klede, sko, leiker, telefonar og sportsutstyr. Desse varene kan ikkje utgjere meir enn halvparten av omsetninga.

6.2.1.4 Daglegvarebutikkar med låg omsetning kan halde opent på heilagdagar

Daglegvarebutikkar kan halde opent på heilagdagar dersom omsetninga er lågare enn 33,9 millionar DKK inkludert mva., dvs. om lag 45 millionar norske kroner inkludert mva. Beløpet blir justert kvart år av Erhvervsstyrelsen for ikkje å hindre gode butikkar i å vekse.13 Unntaket er ei intendert konkurransevriding i favør av små butikkar. Vilkåret er at det blir sendt inn ei erklæring frå revisor som stadfestar omsetninga.14 Unntaket gjeld ikkje butikkar som berre eller hovudsakleg sel såkalla utvalsvarer, dvs. varer som til dømes interiør og klede, som ikkje blir borte ved forbruk. Det inneber at unntaket hovudsakleg gjeld daglegvarer, dvs. varer som blir borte ved forbruk, som mat.

Det same omsetningsvilkåret gjeld for hus- og hagebutikkar. Omsetninga må altså ikkje vere større enn om lag 45 millionar kroner per år om butikken skal kunne halde opent på heilagdagane, men desse butikkane treng ikkje dokumentere omsetninga.

Berre daglegvarebutikkar med ei omsetning under terskelen kan halde opent på heilagdagar og julaftan. Dermed kan ein fullt lovleg handle verktøy i ein byggjevaremarknad på julaftan, men ikkje den siste delen av julemiddagen i ein større daglegvarebutikk.

Erhvervstyrelsen har fleire tilsette som arbeider med lukkelova, og dei bruker til saman mellom eit halvt og eit heilt årsverk på lova. Det er ikkje noko omfattande arbeid å behandle revisorerklæringane.

Boks 6.1 Reguleringa av omsetningsgrensa i lov om detailsalg fra butikker m.v. § 5

Mindre dagligvarebutikker

§ 5. Undtaget fra § 2, stk. 1, er eksisterende butikker, hvis realiserede omsætning for seneste regnskabsperiode ikke overstiger 30,5 mio. kr. inkl. moms, samt nye butikker, hvis budgetterede omsætning for første regnskabsperiode ikke overstiger 30,5 mio. kr. inkl. moms. Omsætningen skal omregnes til helårstal og opgøres inkl. punktafgifter. Butikker, der udelukkende eller hovedsagelig sælger udvalgsvarer, er ikke omfattet af undtagelsen.

Stk. 2. Eksisterende butikker skal for at kunne gøre brug af undtagelsen i stk. 1 inden 3 måneder efter seneste regnskabsperiodes udløb indsende en erklæring til Erhvervs- og Selskabsstyrelsen om, at den bogførte omsætning inkl. moms og punktafgifter for seneste regnskabsperiode ikke overskrider grænsen i stk. 1. Butikker, der har en regnskabsperiode på mere end 12 måneder, skal dog tillige inden 3 måneder efter udløbet af de første 12 måneder i regnskabsperioden indsende en tilsvarende erklæring som nævnt i 1. pkt. for de første 12 måneder. Indsendes erklæringen ikke inden indsendelsesfristens udløb, kan butikken først gøre brug af undtagelsen i stk. 1 fra det tidspunkt, erklæringen er modtaget i Erhvervs- og Selskabsstyrelsen.

Stk. 3. Nye butikker skal for at kunne gøre brug af undtagelsen i stk. 1 indsende en erklæring til Erhvervs- og Selskabsstyrelsen om, at den budgetterede omsætning inkl. moms og punktafgifter for første regnskabsperiode ikke overskrider grænsen i stk. 1. Butikken kan først gøre brug af undtagelsen i stk. 1 fra det tidspunkt, erklæringen er modtaget i Erhvervs- og Selskabsstyrelsen.

Stk. 4. Eksisterende butikker er ikke omfattet af indsendelseskravet i stk. 2, og nye butikker er ikke omfattet af indsendelseskravet i stk. 3, hvis den realiserede omsætning for seneste regnskabsperiode henholdsvis den budgetterede omsætning for første regnskabsperiode inkl. moms og opgjort efter stk. 1, 2. pkt., ikke overstiger 13,2 mio. kr. Disse butikker skal dog til enhver tid kunne dokumentere, at omsætningen ligger under denne grænse. Erhvervs- og Selskabsstyrelsen fastsætter nærmere regler herom.

Stk. 5. De i stk. 2 og 3 nævnte erklæringer skal være underskrevet af en godkendt revisor. Erhvervs- og Selskabsstyrelsen fastsætter nærmere regler for erklæringernes indhold samt for indsendelse og offentliggørelse heraf.

Stk. 6. De i stk. 1 nævnte butikker skal til enhver tid kunne dokumentere, at omsætningen ikke udelukkende eller hovedsagelig består af udvalgsvarer. Erhvervs- og Selskabsstyrelsen fastsætter nærmere regler herom.

Stk. 7. De i stk. 1 nævnte butikker må ikke stå i indvendig forbindelse,herunder med andre butikker.

Stk. 8. De i stk. 1 og 4 nævnte beløbsgrænser reguleres årligt i overensstemmelse med stigningen i Danmarks Statistiks forbrugerprisindeks respektive detailomsætningsindeks. Erhvervs- og Selskabsstyrelsen bekendtgør hvert år beløbene efter den stedfundne regulering.

6.2.1.5 Handheving

Lovbrot blir straffa med bøter. Både fysiske og juridiske personar kan straffast. Erhvervsstyrelsen fører ikkje aktivt tilsyn med butikkane. Dersom nokon tek kontakt om ein butikk som dei meiner bryt opningstidsreglane, blir dei viste til politiet. Fordi det er svært få som tek kontakt med Erhvervsstyrelsen om butikkar som ikkje følgjer lukketidene, legg Erhvervsstyrelsen til grunn at reglane generelt blir følgde.

6.2.1.6 Andre føresegner om ro på søndagar

Sportsarrangement og liknande er ikkje forbode i Danmark i kyrkjetida. Straffelova og heilagdagslova vernar gudstenesta, men dette omsynet blir ikkje trekt fram i samband med butikkar og opningstider.15

6.2.2 Erfaringane

6.2.2.1 Inga evaluering

Fleire høyringsinstansar ønskte at styresmaktene skulle setje ned ei følgjegruppe for å sjå på verknadene av liberaliseringa. Ministeriet avviste dette:16

Det er svært at isolere effekten af en liberalisering af loven, da der er mange forhold, der har betydning for udviklingen af butiksstrukturen i Danmark, herunder ændring af forbrugsmønstre, e-handel, finanskrisen m.v.

Erhvervsstyrelsen har ikkje planar om å evaluere dei danske reglane.17 Konkurrence- og Forbrugerstyrelsen har ikkje evaluert liberaliseringa av opningstidsreglane.18

6.2.2.2 Opningstidene

Lågpriskjedene i daglegvarehandelen har typisk opent frå kl. 08 til kl. 20 (Aldi), kl. 21 (Rema 1000, Fakta og Lidl) eller kl. 22 (Netto). Det finst òg Netto-butikkar som er døgnopne. Store supermarknader (MENY og Føtex) er typisk opne til kl. 20 og 21, medan Bilka har opent til kl. 23 i dei fleste butikkane.19

Ifølgje De Samvirkende Købmænd gjekk måndag og tysdag noko tilbake som handledagar for daglegvarer frå 2013 til 2014, medan søndag har gått fram som handledag. Seinare har det skjedd ei viss utjamning.20 Søndagen er blitt ein handledag for familiar. Måndagen er blitt likare tysdagen fordi folk handlar på søndag.21

Den danske planlova set grenser for kvar større butikkar kan lokaliserast. Lokaliseringa er mykje strengare regulert enn i Noreg. Handelen kan dermed ikkje like enkelt flytte seg til bilbaserte senter utanfor byane.

6.2.2.3 Kven vel å halde stengt på søndagar sjølv om dei kan halde opent?

Sjølv om butikkar fritt kan halde opent heile døgnet heile veka utanom heilagdagane, er det ikkje alle som har opent kvar søndag. Dei fleste daglegvarebutikkar held opent på søndagar, medan faghandelen i mindre grad har søndagsopent.22

Dei generelle opningstidene på Strøget i København er kl. 12–16 på søndagar, men opningstidene elles varierer. Utanfor København held færre butikkar opent kvar søndag. I den sentrale handlegata i Aarhus held butikkane opent første og siste søndag i månaden kl. 11–16. I dei sentralte gatene i Odense og Aalborg held butikkane opent den første søndagen i månaden kl. 10–16. Desse byane har om lag 260 000, 200 000 og 110 000 innbyggjarar.

Dei største kjøpesentera held opent kvar søndag dei har lov, heile året, medan mange av dei mindre held opent éin søndag i månaden og i desember.23 Det siste gjeld òg for sentrum på litt større stader.

6.2.2.4 Vekst i kjøpesentera

I Danmark skjer om lag ein firedel av varehandelen i kjøpesenter, ifølgje konsulentselskapet COWI.24 Dei peiker på at kjøpesentera har utnytta liberaliseringa av opningstidsreglane ved hjelp av felles opningstider, søndagsopent, felles marknadsføring og solid kapital i ryggen. Dei små butikkane som inntil 2012 var åleine om å halde opent på søndagane, har merka konkurransen.

6.2.2.5 Vekst for lågprisbutikkane i daglegvarehandelen. Konsolidering. Tungt for små faghandlarar

De samvirkende købmænd seier at omsetninga av daglegvarer ikkje har auka.25

Det har lenge vore ein trend at dei store kjedene veks, medan dei små faghandlarane slit. Endringa i opningstidsreguleringa har ikkje endra på retninga, men kanskje auka farten.26 Lågprisbutikkane som tidlegare måtte halde stengt på søndag, har teke marknadsdelar frå andre daglegvarebutikkar.27 Det skjer vidare ei konsolidering i daglegvarehandelen, med ein nedgang i talet på butikkar under 400 m2 og ein auke i talet på butikkar på opp mot 1000 m2.28

6.2.2.6 Meir deltid. Ikkje fleire årsverk

Sjølv om søndagsopent gir fleire opningstimar og i utgangspunktet fleire arbeidstimar, har Dansk Erhverv inntrykk av at det er ein tendens til færre medarbeidarar per vakt og at fleire opningstimar blir dekte utan fleire medarbeidarar. Dei meiner at betre produktivitet og meir effektive arbeidsprosessar er med på å redusere behovet for arbeidskraft. Det har over tid blitt fleire deltidsstillingar, ikkje heiltidsstillingar.29

Arbeidstakarorganisasjonen HK Handel registrerer at unge menneske får tilbod om stillingsbrøkar dei ikkje kan leve av, og at butikkane tek inn færre lærlingar fordi læringskrava gjer dei mindre fleksible enn deltidstilsette.30

Fafo har sett på sysselsetjinga i dansk varehandel etter liberaliseringa.31 Talet på sysselsette fall etter finanskrisa og tok seg ikkje opp etter lovendringane i 2012. Det taler for at liberalisering og lengre opningstider i seg sjølv ikkje fører til fleire sysselsette.

6.2.2.7 Konsekvensar for offentlege tenester

København kommune har to døgnopne barnehagar, men det ser ut til at grunngivinga var behovet hos yrkesgrupper som sjukepleiarar, pilotar og politibetjentar, ikkje butikktilsette. Liberaliseringa av opningstidene i butikkane har ikkje aktualisert utvida opningstider i barnehagane.32

6.2.2.8 Eit kyrkjeleg perspektiv

Inntrykket er at det ikkje har gått ut over Folkekirken eller gudstenestene at butikkane er opne på søndagar, men det er ikkje forska på dei kyrkjelege konsekvensane av endringane i lukkelova.33 Debatten i Danmark dreidde seg ikkje om kva som var bra for kyrkja, men om søndagsopne butikkar ville dra det danske samfunnet i ønskjeleg retning.

6.2.3 Arbeidsrettsleg regulering av arbeidstid og avtalar om tillegg

6.2.3.1 Arbeidstid

Den danske arbeidsmiljølova seier at det skal vere minst 11 timar kvile i døgnet og minst eitt fridøgn i veka. Dette fridøgnet skal «så vidt muligt falde på søndage og så vidt muligt samtidig for alle, der er ansat i virksomheden». Nattarbeid vil i Danmark seie arbeid mellom kl. 22 og kl. 05 dersom ikkje noko anna er avtalt.

Arbeidsplanar for danske butikktilsette blir gjerne laga for 16 veker om gongen fordi fulltidstilsette ifølgje lova skal arbeide eit vekegjennomsnitt på 37 timar over 16 veker. Mindre vesentlege endringar skal varslast fire veker før. EU-reglar seier at i løpet av fire veker skal den gjennomsnittlege arbeidstida ikkje vere over 48 timar per veke.

Den som arbeider i ein søndagslukka butikk, har etter tariffavtalen rett på 8 frihelger i løpet av desse 16 vekene: frå fredag ettermiddag til måndag morgon.34 Dersom butikken er søndagsopen, kan arbeidsgivaren fråvike regelen om 8 frihelger for å få butikken til å fungere,35 men det skal vere grunngitt i konkrete forhold i verksemda. Tilsette i søndagsopne butikkar arbeider typisk annakvar helg, og nokre gonger ekstra i periodar med sal (til dømes i januar).

I varehandelen er den viktigaste tariffavtalen landsovereinskomsten mellom Dansk Erhverv og HK Handel. Tariffavtalen har føresegner om kor ofte ein tilsett kan arbeide på søndag, plassering av fridøgnet (når ein kan påleggjast å arbeide) og tillegg for arbeid på kveldar og søndagar. Etter avtalen kan dei tilsette ikkje påleggjast å arbeide meir enn

  • fem dagar i veka

  • to kveldar i veka etter kl. 17.45

  • annankvar laurdag ettermiddag etter kl. 14.15

  • to påfølgjande søndagar

Desse reglane gjeld ikkje før jul og på påske- og pinseaftan. Ei rekkje typar utsalsstader er unnatekne.

6.2.3.2 Tillegg

Satsane nedanfor er henta frå avtalen mellom Dansk Erhverv og HK Handel for butikktilsette (2017/2020):

  • Tillegg for ulagleg arbeidstid:

    • Kvardagar kl. 18–23: 25,60 kr/t36

    • Kvardagar kl. 23–08: 34,20 kr/t

    • Laurdagar kl. 15–24: 45,10 kr/t

    • Søn- og heilagdagar: 50,60 kr/t

  • Overtidstillegg:

    • 50 prosent for dei første tre timane per dag, deretter 100 prosent

    • 100 prosent for alt overtidsarbeid på søn- og heilagdagar mellom kl. 24 og kl. 06

    • Tillegg for den niande søndagsvakta innanfor 16 veker: 1/3 av timelønna

Det er lågare tillegg for tilsette under 18 og 25 år.

6.2.3.3 Mindre medverknad enn i Noreg

Det er butikkane som fastset opningstida innanfor lova. Butikkar i kjøpesenter er typisk underlagde avtalar om opningstidene, sjå kapittel 5.10. Medarbeidarane kan ikkje påverke opningstidene.

6.2.3.4 Kven arbeider på søndagar?

Det er primært ufaglærte og studentar som arbeider på søndagar, men i daglegvarebutikkar også faglærte i nokon grad. I faghandelen er det truleg fleire faglærte som arbeider på søndagar.

Dei unge ufaglærte medarbeidarane og studentane trivst med søndagsarbeid, mellom anna fordi betalinga gjer det attraktivt. Lønna er også attraktiv for faglærte tilsette. Medlemmene i Dansk Erhverv opplever ikkje at det er vanskeleg å fylle vaktene på søndagar.

6.2.3.5 Konsekvensar for helse og velferd av søndagsarbeid?

Dansk Erhverv kjenner ikkje til at det er utfordringar for helse og velferd ved søndagsarbeid. Ein del butikkar som har opent på natta, til dømes i helga, har tilsett vaktpersonale for mellom anna å gjere det trygt for medarbeidarane. I forhandlingane i 2017 avtalte Dansk Erhverv med HK Handel å følgje utviklinga særleg for nattarbeid.37

6.2.4 Eldre dansk rett

Lukkelova av 1950 fastsette uttømmande opningstider for butikkane.38 Reglane gjaldt heile landet, og det var avgrensa høve til dispensasjon. Den vanlege tillatne opningstida var kl. 06.00–17.30 måndag til torsdag, til kl. 20 på fredag og kl. 14 på laurdag. Lova gjaldt ikkje apotek, aviskioskar, kioskar på jernbanestasjonar og bensinstasjonar.39

Lov om butikstid frå 1976 fastsette alminneleg butikktid til kl. 06.00–17.30 på kvardagar og kl. 06–12 på laurdagar. Resultatet av behandlinga i Folketinget av innstillinga frå Lukkelovkommisjonen var altså i utgangspunktet kortare opningstid fredag og laurdag. Feriestadene fekk likevel unntak, og butikkane kunne supplere desse rammene med seks timar fordelte på inntil tre dagar i veka, men ikkje utover kl. 14 på laurdagar. I tillegg kunne butikkane halde opent til kl. 20 på påske- og pinseaftan og dei seks siste kvardagane før jul. Kommunestyra kunne gi dispensasjon.40 I 1989 fekk butikkane til saman ti supplerande timar.

I 1994 kom lov om butikstid (nr. 169 datert 16. mars 1994). Den alminnelege butikktida var kl. 06–20 på kvardagar og kl. 06–14 på laurdagar, med høve til å halde opent til kl. 17 den første og siste laurdagen i månaden. Siste søndag før julaftan kunne butikkane vere opne kl. 10–20. Kundar kunne ekspederast inntil eitt kvarter etter stengjetid. Lova lista opp fleire butikktypar og varetypar som ikkje var omfatta av opningstidene, mellom anna:41

  • «Salg fra udstillinger, forlystelseshaver, dyreparker og lign.»

  • «Butikker, hvorfra der på hverdage sælges aviser eller mejeriprodukter, må på søn- og helligdage holdes åbne fra kl. 7 til kl. 11 for salg af brød, mejeriprodukter og aviser.»

  • «Motorkøretøjer, traktorer, landbrugs- og entreprenørmaskiner, skibe og luftfartøjer samt brændstof og tilbehør hertil.»

  • «Havebrugsvarer fra gartnerier og planteskoler.»

Eit praktisk viktig unntak var frie opningstider for butikkar med avgrensa vareutval. Lova gav Erhvervs- og Selskabsstyrelsen fullmakt til å fastsetje den uttømmande lista over varer desse butikkane kunne selje. Føresetnaden for å halde opent på søndagar var at butikken heldt seg til desse varene heile veka. Intensjonen med endringa var å skjerme dei små daglegvarebutikkane frå konkurransen frå bensinstasjonane som hadde begynt å selje daglegvarer.42

Boks 6.2 Bekendtgørelse (7. juli 1994 nr. 642) om begrænset varesortiment efter lov om butikstid1

I medfør af § 3, stk. 1, i lov nr. 169 af 16. marts 1994 om butikstid fastsættes:

§ 1. Det i lovens § 3, stk. 1, nævnte begrænsede varesortiment omfatter alene følgende varer:

  1. Aviser, programmer, magasiner og grundbøger fra radio og TV samt trykte skrifter i øvrigt, hvis pris ikke overstiger den mellem Den danske Forlæggerforening og Den danske Boghandlerforening aftalte frisalgsgrænse.

  2. Turistkort, frimærker, papirvarer, spillekort, skrivematerialer, lim, tape og bogomslag.

  3. Tændstikker, lightere og tilbehør til sådanne, tobaksvarer, piber og rygeartikler.

  4. Cykel- og lommelygter, batterier, elektriske pærer, sikringer og stearinlys.

  5. Trækul og briketter.

  6. Engangsservice, servietter, smørrebrødspapir, affaldsposer, ueksponerede film, blitzpærer, slides, kassette- og videobånd, kamme, solbriller, strømper, snørebånd, plastikregnhætter og -frakker.

  7. Håndsæbe, shampoo, vaske- og opvaskemidler, køkkenruller, barbersager, tandbørster, tandpasta, solcreme, deodoranter, myggestifter, artikler til babypleje, toiletpapir, vat, førstehjælpsartikler, kondomer, trusseindlæg, hygiejnebind og tamponer.

  8. Legetøj, hvis pris ikke overstiger 75 kr. inkl. moms og souvenirgenstande.

  9. Chokolade- og sukkervarer, is, frugt, herunder dybfrossen frugt og frugtkonserves, grøntsager, herunder dybfrosne grøntsager og grøntkonserves, marmelade, kødkonserves, ost i originalindpakninger, honning, smør, margarine, fedt, æg, sukker, salt, peber, mel, gær, buddingpulver, brød, kager, snackvarer, færdigretter, der kan spises uden yderligere tilberedning i form af f.eks. opvarmning, smørrebrød, mælk, fløde, mælkevarer, ymerdrys og lignende produkter, havregryn, øllebrødspulver, cornflakes og dermed ligestillede produkter, kaffe, te, kakaopulver, mineralvand, most, juice og øl med under 2,8 pct. vol. alkohol.

  10. Kranse, blomster, planter og genstande, der har karakter af naturligt tilbehør hertil.

  11. Benzin, olie, petroleum, gas og lignende, reservedele, tilbehør til motorkøretøjer og andre varer, der har en naturlig forbindelse med motorkøretøjers anvendelse eller vedligeholdelse.

§ 2. Bekendtgørelsen træder i kraft den 1. oktober 1994.

Erhvervs- og Selskabsstyrelsen, den 7. juli 1994

1 https://www.retsinformation.dk/Forms/R0710.aspx?id=64911

I rettleiinga presiserer Erhvervs- og Selskabsstyrelsen at ein slik butikk ikkje kan utvide vareutvalet ved å setje opp automatar på utsida, men ein butikk kunne delast i to på søndagar dersom butikkdelen med det avgrensa vareutvalet var skild frå resten av butikken med låste dører, vegger, gitter eller «anden effektiv adskillelse».43

I 1995 blei ny lovgiving vedteken fordi folk flest ikkje kunne forstå at ein til dømes kunne kjøpe kaffi, men ikkje kaffifilter utanom alminneleg opningstid.44 Lov om butikstid m.v. av 14. juni 1995 fastsette at utsalsstader som hovudregel skulle vere lukka frå laurdag kl. 17 til måndag kl. 06.

Utsalsstader med ei forventa årleg omsetning på under 12,7 millionar danske kroner, eksklusiv moms og tobakksavgifter, kunne halde opent . Ei undersøking frå Erhvervs- og Selskabsstyrelsen i 1996 viste at 83 prosent av utsalsstadene hadde ei omsetning under grensa og dermed var unnatekne frå lukketida, sjå Ot.prp. nr. 75 (1996–97) punkt 2.6. Dette omfatta alle kioskar og nesten alle «kolonialbutikkane», men få supermarknader og ingen varehus. På kvardagar kunne dermed dei små daglegvarebutikkane halde døgnopent, men det var først ved liberaliseringa i 2012 daglegvarekjedene for alvor utvida opningstida om kvelden på kvardagane.45

Opningstidene i Danmark blei seinare regulerte av lov om butikstid av 20. desember 2000. Utsalsstader skulle som hovudregel halde stengt frå laurdag kl. 17 til måndag kl. 06. Butikkar kunne opphavleg halde opent fire søndagar i året, men søndagane måtte ikkje vere plasserte på heilagdagar, julaftan eller grunnlovsdagen. I 2003 blei talet dobla, slik at ei forretning kunne halde opent åtte søndagar i året. Fire av desse dagane måtte vere i juli og august.

Med lov om detailsalg fra butikker m.v. av 24. juni 2005 kunne alle butikkar halde opent den første søndagen i kvar månad og alle søndagar i desember før julaftan.46 I tillegg kunne butikkane halde opent seks andre søndagar i året som ikkje var heilagdagar.

I høyringa i 2009 om liberaliseringa av opningstidsreglane som tok til å gjelde i 2012, var arbeidstakarorganisasjonen HK Handel negativ. Dei viste til at liberaliseringa ville

  • vere ei klar svekking av vilkåra til dei tilsette i butikkane

  • ha verknader for tilgrensande bransjar som reinhald, logistikk og produksjon

  • krevje ei utviding av kollektivtilbod og barnepass

  • føre til at små butikkar, særleg på landet, måtte stengje, noko som igjen ville gjere det vanskelegare for eldre som ikkje kunne køyre bil, å handle

  • vere ein fordel for dei store daglegvare- og faghandelaktørane, altså ei sentralisering av handelen

  • føre til større klimautslepp

  • gjere det tyngre å rekruttere fagutdanna personale

  • ikkje vere eit svar på noko befolkninga ønskte seg

Folkekirken hadde ikkje ei eiga høyringsfråsegn, men fleire av dei ti biskopane uttalte seg. I ei fråsegn frå seks av biskopane blei det lagt vekt på at den kristne arven blei gjord synleg ved at butikkane som hovudregel skulle vere stengde på heilagdagane. Dei peikte på at forskjellen mellom søndag og kvardag ville bli viska ut, og meinte det var behov for ein grundig debatt om lovendringa. Dei peikte òg på at tilsette i varehandelen ikkje kunne delta i gudstenesta.

I Folketinget møtte liberaliseringa motstand frå medlemmene av Socialdemokratiet og Socialistisk Folkeparti:47

«Lukkeloven har gennem årene tjent flere formål, bl.a. at afstemme de mange aktørers interesser i at have overskuelige og håndterlige åbningstider, at sikre udbredelsen af detailhandel i hele landet, at sikre liv i de traditionelle detailhandelsområder i større byer, at tilgodese, at der er en blanding af special- og dagligvareforretninger, at sikre, at offentlig service og handel supplerer hinanden og at sikre plads til, at samfundets udbud af kultur og fritidstilbud kan indpasses i handelslivet. Der har udviklet sig en tradition for, at interessenterne i fællesskab formulerer hensigtsmæssige ændringer i loven, således at loven er i overensstemmelse med den samtid og det samfund, den skal fungere i.
Med denne lovændring brydes denne tradition for, at alle interessenters synspunkter afstemmes i loven. L 96 tilgodeser primært de store dagligvarebutikkers interesser med risiko for at tilsidesætte hensyn, der hidtil har kunnet sikre Danmark et differentieret handelsliv og afpasset storbyens behov over for behovene i mindre bysamfund, sikret specialforretninger og dagligvareforretninger og sikret handelsliv i historiske bycentre og mulighed for generationsskifte som en del af strukturudviklingen i handelslivet. Socialdemokraterne og Socialistisk Folkeparti beklager flertallets brud med disse traditioner.»

6.3 Finland – Full liberalisering i 2016

6.3.1 Gjeldande rett

Frå 1. januar 2016 oppheva finnane all opningstidsregulering. Lagen om öppettider för detaljhandeln och frisersalonger var frå 2009 og bygde på hovudlinjer som partane i arbeidslivet innanfor varehandelen var samde om.48

Liberaliseringa var varsla i regjeringsplattforma.49 Dei næringsdrivande bestemmer sjølve når dei vil halde opent, og treng ikkje søkje om dispensasjon. Butikkane kan halde opent på nasjonaldagen 6. desember og døgnet rundt om dei vil. I den økonomiske krisa Finland var oppe i, tilrådde OECD og IMF ei slik liberalisering.

Finland har ikkje føresegner om heilagdagsfred eller mot mot å forstyrre gudstenesta.

6.3.2 Rapporten frå det finske arbeids- og næringsministeriet til Riksdagen 22. juni 2017

6.3.2.1 Riksdagen ville ha ei evaluering

Økonomikomiteen i Riksdagen bad ministeriet gjere greie for konsekvensane av liberaliseringa av opningstidene og om små butikkar kunne halde stengt éin dag i veka. I rapporten frå juni 2017 presiserer ministeriet at dei har brukt statistisk informasjon frå om lag eitt år etter at lovendringa tok til å gjelde. Eitt år er ganske kort tid, og det er mogleg at ein no ikkje var i stand til å sjå alle konsekvensane.50 Det blei vidare vist til at konjunkturane påverkar varehandelen i stor grad.51 Dessutan var ikkje rekneskapane for 2016 ferdige då rapporten blei skriven, så ein hadde ikkje tal frå verksemdene sjølve.52 Riksdagen har ikkje behandla rapporten enno (oktober 2017).

Også i 2009 vedtok parlamentet liberaliserte opningstidsreglar under føresetnad av at det skulle gjerast ei evaluering. I 2012 gjorde regjeringa greie for effektane av liberaliseringa.53 Spørsmålet som blei stilt i evalueringa, var: Korleis verkar opningstidene inn på den arbeidsrelaterte helsa til dei næringsdrivande og personalet, tryggleiken til personalet, balansen mellom arbeids- og privatlivet og utviklinga i sysselsetjinga i varehandelen? Funna blei behandla i to komitear i parlamentet som begge hadde metodiske innvendingar.54 Også i 2012 var oppfatninga at dei nye reglane hadde verka i for kort tid til at ein kunne trekkje konklusjonar, men den gongen dreidde det seg om tre heile år.55 Nedanfor gjer vi greie for erfaringane i 2012-evalueringa der det er relevant.

6.3.2.2 Auka omsetning i dei større butikkane

Generelt har det etter liberaliseringa ikkje vore store endringar når det gjeld sal, lønnsemd eller likviditet i butikkar av ulik type og storleik. I kioskane har salet, som venta, gått noko ned.56 Det gjeld òg mindre daglegvarebutikkar, medan større butikkar har auka salet i same periode. Salet av sko og klede gjekk tilbake i 2016. Talet på store daglegvarebutikkar gjekk opp og talet på små ned. Også talet på spesialbutikkar gjekk ned.

Med liberaliseringa i 2009 kunne daglegvarebutikkar på inntil 400 m2 halde opent på vanlege søndagar. Evalueringa i 2012 viste at omsetninga i desse butikkane hadde gått tilbake.57 Utvida opningstider var dermed ikkje tilstrekkeleg til å vinne konkurransen med dei større butikkane.

6.3.2.3 E-handel

Ei av grunngivingane for dei frie finske opningstidene var at dei fysiske butikkane skulle kunne svare på konkurransen frå døgnopne nettbutikkar.58 Netthandelen aukar også i Finland, men det blir ikkje vist til tal som kan seie om finsk netthandel frå utanlandske aktørar har gått opp eller ned som følgje av frie opningstider.

6.3.2.4 Lønnsemd

Over halvparten av respondentane i spørjeundersøkinga til bransjeorganisasjonen Företagarna i Finland meiner at lønnsemda er den same eller betre, medan to femdelar meiner at lønnsemda er dårlegare.59 80 prosent av dei som svarte, hadde ikkje endra opningstidene sine.60 Av dei som hadde utvida opningstidene, meinte om lag 40 prosent at lønnsemda blei redusert som følgje av dette, og berre 20 prosent meinte at lønnsemda blei betre av lengre opningstider. Om lag halvparten var nøgde med korleis dei klarte seg. Dei som hadde utvida opningstidene, var litt mindre nøgde, men dette byggjer på svært få svar.61

I 2012-evalueringa viste ei undersøking blant medlemmene i ein næringsorganisasjon at det i hovudsak var ulønnsamt å ha søndagsopent for to tredelar av butikkane i kjøpesenter og for over halvparten av alle butikkar.62 Om erfaringane med at små butikkar i kjøpesenter har rett til å halde stengt éin dag i veka, sjå kapittel 5.10.

6.3.2.5 Korleis konkurransen blir opplevd

Suomen Yrittäjät (Företagarna i Finland) spurde medlemmene sine korleis dei opplevde konkurransen etter at ein fekk frie opningstider.63 Om lag halvparten meiner at konkurransen er blitt hardare, og ein tredel meiner at han er uendra. Nesten alle respondentane som driv bensinstasjonar og kioskar, opplever at konkurransen er hardare. Om lag to tredelar av dei som driv daglegvarebutikkar, og om lag ein firedel av dei som driv frisørsalong, meiner det same.

Ei spørjeundersøking gjord av Finsk Handel i oktober 2016 viste at 80 prosent av daglegvarebutikkane og halvparten av faghandlarane meinte at konkurransen var blitt hardare. Bransjeorganisasjonen såg auka konkurranse som eit gode.64

6.3.2.6 Sysselsetjing

Dei frie opningstidene har ikkje auka den totale sysselsetjinga i handelsbransjen.65 Utviklinga i sysselsetjinga i butikkar (detaljhandel) har følgt utviklinga i engroshandelen. Sysselsetjinga i varehandelen er flytta frå små butikkar (kioskar og små daglegvarebutikkar) til mellomstore og store butikkar (over 400 m2). Dette var trenden også før opningstidreguleringa blei oppheva.66

6.3.2.7 Mellombelse stillingar

Det har vore ein tydeleg vekst i talet på mellombelse arbeidsplassar i varehandelen i 2016, men denne trenden starta allereie i 2015.67 Omfanget av leigd arbeidskraft har auka i varehandelen som i andre tenestebransjar i 2016.68

6.3.2.8 Deltid

Talet på deltidstilsette i varehandelen har følgt trenden i tenestebransjen generelt.69 Talet på arbeidstimar har auka for dei deltidstilsette i varehandelen, men det gjeld også andre tenestebransjar. Fordelinga mellom menn og kvinner når det gjeld deltidsstillingar og mellombelse stillingar, har ikkje endra seg.

2012-evalueringa viste at talet på deltidsstillingar i varehandelen hadde auka. Det same gjaldt ikkje for heiltidsstillingar.70 Til denne evalueringa uttalte arbetslivs- och jämställdhetsutskottet at dei tilsette bør få medverke når arbeidstidsskjema skal setjast opp, at skifta må ordnast fornuftig, og at dei tilsette må få kvile etter kveldsarbeid og arbeid tidleg om morgonen. Ekonomiutskottet viste til at punkta i tariffavtalen om medverknad ved fastsetjing av vakter ikkje hadde gitt det resultatet ein ønskte.

6.3.2.9 Ulagleg arbeidstid

Frie opningstider har ført til meir kvelds- og helgearbeid i varehandelen, men mest for menn.71 Kvelds- og helgearbeid har ikkje auka for kvinner eller for dei næringsdrivande sjølve.

Talet på overtidstimar i varehandelen auka vesentleg mot slutten av 2016, hovudsakleg for menn.72 Fordi ein ikkje finn tilsvarande endringar i andre servicebransjar, kan auken i overtidstimar i varehandelen knytast til dei frie opningstidene.

Medlemsundersøkinga til Företagarna i Finland tyder på at om lag halvparten av dei næringsdrivande er nøgde med lengda på fritida dei har per veke.73 Dei som har forlengt opningstida, er litt mindre nøgde.

6.3.2.10 Vald

Ei medlemsundersøking i arbeidstakarorganisasjonen PAM tyder på at fleirtalet av butikktilsette ikkje opplever meir vald eller fleire trugsmål frå kundar.74 Til dømes opplever 19 prosent av dei som arbeider i hypermarknader, meir vald, medan 5 prosent opplever mindre vald, samanlikna med to år tidlegare. Fysisk vald eller trugsmål med reiskapar ser ikkje ut til å ha blitt meir vanleg, men det er litt færre som i 2017 svarer at dei aldri opplever vald, enn i 2012 og 2016.

61 prosent av dei tillitsvalde i arbeidstakarorganisasjonen PAM svarte at liberaliseringa av opningstidene hadde ført til at dei tilsette arbeidde meir åleine. 44 prosent av dei tillitsvalde opplever at trugsmål om vald frå kundar har auka etter liberaliseringa av opningstidene, medan 39 prosent opplever at talet på trugsmål ikkje har auka.

Centralkriminalpolisen rapporterte i 2012 om ein markant auke i valdeleg og forstyrrande åtferd i varehandelen.75 Dei fleste rana ramma kioskar, daglegvarebutikkar og gatekjøkken, og offera er ofte kvinner som jobbar åleine. Arbetslivs- och jämställdhetsutskottet meinte at rapporten frå regjeringa ikkje var god nok på dette punktet. Ekonomiutskottet viste til at lokaliseringa hadde meir å seie for tryggleiken enn opningstidene. Fordi det er vanskeleg å auke tryggleiken gjennom å regulere opningstidene i varehandelen, peikte komiteen på at det er behov for vidare forsking.

6.3.2.11 Utfordringar med pass av barn

Ei undersøking i regi av arbeidstakarorganisasjonen PAM i 2017 viser at liberaliseringa til ein viss grad har påverka korleis dei tilsette organiserer barnepass.76 Eit lite fleirtal opplevde at dei frie opningstidene hadde endra arbeidstidene, og at både kvelds-, natt- og helgearbeid hadde auka i omfang. Undersøkinga tyder på at det har blitt vanskelegare å samkøyre arbeid og familieliv, spesielt for einslege forsørgjarar og foreldre med delt omsorg. Av dei som hadde omsorg for barn under 12 år, svarte om lag ein firedel at dei måtte organisere omsorga for barna på ein ny måte på grunn av endra opningstider. Fire femdelar av respondentane kunne få døgnopen omsorgsplass i kommunen.

Liberaliseringa i 2009 førte ikkje til særleg større behov for barnehage og liknande til ulaglege tider.77 Om lag 7 prosent av barna i kommunale barnehagar hadde opphaldstid kveld, natt og helg, ifølgje svara frå kommunane, og talet hadde heller gått ned enn opp sidan liberaliseringa. Derimot meinte dei tillitsvalde at det var blitt vanskelegare å ordne med barnepass. Arbetslivs- och jämställdhetsutskottet meinte at rapporten frå regjeringa ikkje var god nok på dette punktet, og såg behovet for barnepass i samanheng med at tida familien hadde saman, var blitt kortare fordi foreldra delte på å vere heime i helgene. Ekonomiutskottet viste til at det var vanskeleg å kartleggje behovet for barnepass ved ulagleg arbeidstid, at mange foreldre ordna dette uformelt, og at få barnehagar hadde eit slikt tilbod.

6.3.2.12 Er forbrukarane nøgde?

Finsk Handel undersøkte, saman med andre organisasjonar, tidleg på hausten 2016, altså etter eit drygt halvår, kva erfaringar forbrukarane hadde med frie opningstider.78 Om lag 60 prosent svarte at dei frie opningstidene hadde endra tida då dei handla. Søndagsopne butikkar hadde gjort kvardagen lettare og meir fleksibel for 54 prosent av respondentane, medan liberaliseringa ikkje hadde påverka kvardagen til 42 prosent av respondentane.

Evalueringa i 2012 viste at eit fleirtal av forbrukarane, særleg barnefamiliar og unge vaksne, var nøgde med søndagsopne butikkar.79 Eit fleirtal meinte at søndagsopne butikkar gjorde kvardagen lettare.

6.3.3 Arbeidsrettsleg regulering av arbeidstid på kveldar og søndagar

70 prosent av arbeidsgivarane i Finland er bundne gjennom medlemskap i ein arbeidsgivarorganisasjon, medan dei siste 30 prosent er bundne gjennom allmenngjering.80 Tariffavtalen fastset at dei tilsette skal ha fri minst 17 helger i året med to samanhengande dagar: fredag og laurdag, laurdag og søndag eller søndag og måndag. Arbeidstakarane får eit fast beløp i tillegg for arbeid etter kl. 18 på kvardagar, kl. 13 på laurdagar og heile søndag.

6.3.4 Finsk rett før liberaliseringa

Ifølgje ei lov frå 1919 kunne butikkane halde opent på kvardagar kl. 08–18 og på laurdagar kl. 08–17.81 Kommunen avgjorde opningstidene for butikkar med mjølk, brød og blomar, men på søndagar kunne slike butikkar berre halde opent i to timar.82

Liberaliseringa av opningstidsreguleringa i Finland starta på 1960-talet. I 1967 var hovudregelen opningstid kl. 08–18.83 I 1984 kunne finske butikkar halde opent kl. 08–20 på kvardagar, kl. 08–18 på laurdagar og kl. 08–12 på andredagar. Departementet kunne gi dispensasjon.84

Det blei lov å halde butikkane i distrikta («glesbygdene») opne på søndagar i 1989. Det gjekk fram av plandokument kva for område som blei rekna som distrikt. Frå 1994 kunne butikkane vere opne på søndagar også i sentrale strøk («bosättningscentrum»), men berre i desember og seks andre søndagar i året.85 Også dette området var definert i plandokument og kunne omfatte ein by eller sentrum i ein kommune eller tettstad. Frå då av kunne butikkane òg opne kl. 07 på kvardagar. På Åland har det vore frie opningstider sidan 1992.

I 1997 var hovudregelen opningstid kl. 07–21 på kvardagar, og kl. 07–18 på laurdagar. Det var høve til å halde opent mellom kl. 12 og kl. 21 på søndagar i juni, juli, august og desember og fem andre søndagar i løpet av året. Daglegvarebutikkar kunne halde opent delar av religiøse høgtidsdagar, på 1. mai og på frigjeringsdagen. Kioskar og bensinstasjonar var ikkje omfatta av lova, dvs. at dei hadde frie opningstider. Politiet handheva lova.86

Frå 2009 tok ei ny lov til å gjelde. Med lagen om öppettider för detaljhandeln och frisersalonger var det frie opningstider for daglegvarebutikkar på maksimum 400 m2 på kvardagar og søndagar som ikkje var heilagdagar.87 Fram til 2009 gjaldt dette berre for kioskar på inntil 100 m2. For annan varehandel og frisørsalongar var opningstidene frå 2009 kl. 07–21 måndag til fredag, kl. 07–18 på laurdag, kl. 12–18 på søndagar som ikkje var heilagdagar, og kl. 12–21 på søndagar mellom farsdag og julaftan.88 Daglegvarebutikkar på inntil 400 m2 kunne halde opent inntil fire timar mellom kl. 08 og kl.18 på den andre av to påfølgjande kyrkjelege heilagdagar.89 Departementet og seinare regional stat kunne gi dispensasjon.90Avgrensingane i opningstider gjaldt ikkje for:91

  • apotek

  • sal til reisande på flyplassar og hamner med utanriksfart

  • sal ombord i transportmiddel

  • kioskhandel (med unntak for gullsmedprodukt, klokker, tekstilar, vesker, klede, sko, fotoutstyr, hushaldsmaskiner, heimeelektronikk, kontormaskiner og jord- og skogbruksmaskinar om dei kosta meir enn 200 euro)92

  • automatar

  • marknads- og torghandel

  • sal i samband med innkvartering

  • sal på sjukehus og liknande

  • sal av bensin osv. på bensinstasjonar

  • bilhandel

  • sal av blomar

  • hagesenter

  • auksjonar

  • sal av antikvitetar

  • kunsthandel

  • husflids- og handverksprodukt

  • sal frå bilar (fiskebil osv.)

  • butikkar i distrikta (likevel ikkje store varehus)

Innanfor tenester var det berre frisørsalongar som hadde avgrensa opningstider. Alle andre serviceverksemder kunne halde opent når det passa dei.

Eit stort fleirtal av kioskane og daglegvarebutikkane hadde søndagsopent i 2012, medan dei fleste faghandlarane heldt stengt.93 Liberaliseringa førte altså ikkje til at alle som hadde lov, hadde opent. Leiinga i kjøpesenter blei i 2011 rapportert å meine at det ikkje var nødvendig med meir liberale opningstidsreglar.94 Butikksjefane var i hovudsak nøgde med reguleringa, men 40 prosent ønskte kortare opningstider.

6.4 Island – Frie opningstider på vanlege søndagar

På Island deler lovgivinga høgtidsdagane i tre klassar:

  1. høgtidsdagar då ingenting er forbode: vanlege søndagar, nyttårsdag, skjærtorsdag, andre påskedag, Kristi himmelfartsdag, andre pinsedag og andre juledag

  2. høgtidsdagar då tilstellingar og handel i utgangspunktet er forbode med visse unntak langfredag, første påskedag og første pinsedag

  3. høgtidsdagar då tilstellingar og handel er forbode med berre nokre få unntak: frå kl. 18 på julaftan til kl. 06 andre juledag

På langfredag, første påskedag og første pinsedag er i utgangspunktet all handel og forretningsverksemd forbode, dvs. både varehandel og serviceverksemd (tenester). Unntaka er omfattande:

  • overnatting og tilgrensande tenester

  • apotek

  • bensinstasjonar

  • drosjar

  • utsalsstader på flyplassar

  • blomehandlarar

  • kioskar

  • daglegvarebutikkar under 600 m2 dersom minst to tredelar av omsetninga kjem frå sal av matvarer, drikkevarer og tobakk

Sjølv om opningstidsreguleringa på Island er relativt liberal, nyttar butikkane ikkje høvet til å halde opent så lenge dei kan. Sjølv om lovgivinga tillèt butikkane å halde opent på vanlege søndagar, er det stort sett berre daglegvarebutikkar som har opent, og då ofte berre kl. 13–17.95

Boks 6.3 Uoffisiell omsetjing av den islandske lov om helligdagsfred av 14. mai 1997

I. kapittel. Lovens formål

1. artikkel. Det som sies om helligdagsfred i denne loven, har til hensikt å verne om fred på helligdager og å sikre allmennheten fred, ro, hvile og rekreasjon på statskirkens helligdager innenfor de grensene som omtales i loven.

II. kapittel. Om helligdagsfred og statskirkens helligdager

2. artikkel. Statskirkens helligdager er de som fremgår nedenfor:

  • 1. Søndager, annen juledag, nyttårsdag, skjærtorsdag, annen påskedag, Kristi himmelfartsdag og annen pinsedag.

  • 2. Langfredag, første påskedag og pinsesøndag.

  • 3. Julaften fra kl. 18.00 og første juledag til kl. 6.00 neste morgen

III. kapittel. Om helligdagsfred

3. artikkel. Det er forbudt å forstyrre gudstjeneste, kirkelig seremoni eller andre hellige handlinger med bråk eller annet som er i motstrid med den angjeldende seremonien.

4. artikkel. Om virksomhet på statskirkens helligdager gjelder følgende regler:

  • 1. På helligdager iht. 1. ledd 2. artikkel er all virksomhet tillatt.

  • 2. På helligdager iht. 2. og 3. ledd 2. artikkel er følgende virksomhet ikke tillatt:

    • a. Underholdningsarrangementer som dansetilstelninger eller private arrangementer på offentlige restauranter eller andre steder allmennheten har adgang. Det samme gjelder offentlige forestillinger og underholdningsarrangementer der lotteri, bingo eller annet lignende spill foregår.

    • b. Markeder og handelsvirksomhet og annen forretningsvirksomhet.

5. artikkel. På helligdager iht. 2. ledd 2. artikkel er følgende virksomhet unntatt fra forbudet som fremgår av 4. artikkel:

  • 1. Overnattingsvirksomhet og relaterte tjenester, virksomhet ved apotek, bensinstasjoner, drosjeholdeplasser, forretninger på flyplasser og frihavnsområder, blomsterforretninger, kiosker og videoutleie, og også virksomhet ved matvareforretning med salgsflate på under 600 m2. og der minst 2/3-deler av omsetningen er salg av matvarer, drikkevarer og tobakk.

  • 2. Idretts- og utendørsvirksomhet

  • 3. Kunstutstillinger, konserter, teaterforestillinger og filmfremvisninger eller lignende forestillinger. Det kan også holdes og gi adgang til utstillinger som gjelder vitenskap, eller som er ment å være til allmenn opplysning, og også å ha åpent museum og bibliotek. Denne virksomheten må ikke begynne før kl. 15.00.

  • 4. Det kan gis tillatelse til dansearrangementer som begynner lørdag kveld før påske eller pinse og foregår natt til første påskedag og pinsesøndag i henhold til alminnelige regler, men ikke lenger enn til kl. 3.00.

På helligdager iht. 3. ledd 2. artikkel er virksomhet ved apotek, drosjeholdeplasser, overnattings- og restaurantvirksomhet unntatt fra forbudet som fremgår av 4. artikkel.

IV. kapittel. Forskjellige bestemmelser

6. artikkel. Politimester kan, når særlige forhold tilsier det, gi tillatelse til at det blir holdt sammenkomster og utstillinger eller arrangert lignende virksomhet som fremgår av 5. artikkel, på den tiden helligdagsfred skal gjelde i henhold til 5. artikkel. Til tross for bestemmelse i ledd 2a i 4. artikkel har politimester rett til å gi tillatelse til private arrangementer ved særlige anledninger.

7. artikkel. Brudd på denne loven straffes med bøter.

Dersom innehaveren av offentlig løyve bryter denne loven, kan vedkommende fratas løyvet midlertidig eller for godt ved gjentatte brudd.

8. artikkel. [Minister] fastsetter nærmere regler om iverksettelsen av denne loven.

9. artikkel. Denne loven trer umiddelbart i kraft.

6.5 Sverige – Full liberalisering i 1972

6.5.1 Gjeldande rett

Sverige har ikkje hatt ei særskild lovregulering av opningstidene for varehandelen sidan 1. januar 1972, då affärstidslagen blei oppheva.96 Det skjedde under Olof Palmes første regjering, og innebar at butikkane sjølve fastsette opningstidene. Liberaliseringa skjedde på grunnlag av SOU 1971: 33 Fri affärstid. Omsynet til forbrukarane og konkurransen vog tyngst. Sverige var svært tidleg ute med liberaliserte opningstider i europeisk samanheng. No har som vist ovanfor, halvparten av dei europeiske landa frie opningstider på vanlege søndagar.

I Sverige set ikkje lovgivinga tak på kor mange søndagar folk kan arbeide per år, men det vanlege er å arbeide kvar andre eller kvar tredje helg. Det er heller ingen regel om at leigetakarar i kjøpesenter har rett til å halde stengt på søndagar eller éin dag i veka, slik som i Finland og Danmark. Svensk rett har ikkje føresegner om ro på søndagar eller mot å forstyrre gudstenesta.

6.5.2 Svensk varehandel i dag

6.5.2.1 Debatten i Sverige hadde stilna

I åra 1979–89 arbeidde Handelsanställdas förbund (Handels) for å få ei ny opningstidslov. Ei ny lovregulering av opningstidene blei diskutert, men utan resultat. Etter evalueringa i SOU 1991: 10 stilna debatten, sjølv om Handels heldt fast på kravet om søndagsstengde butikkar til 2003.97 I oktober 2006 foreslo ein riksdagsmedlem søndagsstengde butikkar. Ho viste til at folk har behov for å hente seg inn igjen i ein stressa kvardag, men forslaget blei ikkje vedteke.98

Kongressen i Handels vedtok i 2016 ein resolusjon om opningstidsregulering i overeinskomstar og lov, sjå tekstboks 6.4. Dette viser at dei tilsette opplever dei lange opningstidene som ei ulempe i kvardagen.

6.5.2.2 Eit kyrkjeleg perspektiv

Utvalet møtte ein representant for Svenska kyrkan, Kristin Molander, som er stiftskapellan Stockholm. Ho kjende ikkje til at Svenske kyrkan hadde meint noko om opningstider. Teologisk meiner ho det ikkje er mogleg å argumentere for regulering av opningstidene, og vidare at det ville vere umogleg for kyrkja å skulle skilje mellom ulike typar konsum: kino, restaurant, daglegvarer osv.

Molander viste til erfaringar med å bu i Frankrike: Frankrike er offisielt sekulært, men held søndagsstengt. Eit fleirtal av alle svenskar er medlemmer i Svenska Kyrkan, men Sverige held søndagsopent. Hennar personlege erfaring var at det var krevjande å få familielivet med små barn til å gå opp i Frankrike med butikkstengde søndagar og travle laurdagar. I eit slikt perspektiv blir søndagsopne butikkar eit spørsmål om likestilling, og to handeledagar blir ein føresetnad for ei god helg.

Svenska kyrkan tilbyr ein plass for fred og ro i samfunnet. Det er helga som er annleis, ikkje søndagen, meiner Molander: Helga finst fordi skular og offentlege kontor er stengde. Kviledagen er ikkje felles lenger, men helga har dei fleste felles. Tanken om søndagen som annleisdag kan ut frå svenske erfaringar verke som ein idealisert eller romantisert lengt om å ta søndagen tilbake. Folk vil velje sjølve. Opningstider og kvile kan ikkje styrast ovanfrå: «No skal du kjenne på fred og ro.» Frå ein kyrkjeleg ståstad er det likevel ønskjeleg at butikkane er stengde på langfredag.

6.5.2.3 Ein politikk for effektivisering av varehandelen

Svensk varehandel har om lag like mange tilsette som den norske trass i at Sverige har dobbelt så mange innbyggjarar. Årsaka er truleg ikkje fråværet av ei opningstidsregulering, men er i alle fall delvis eit resultat av ei medviten satsing på produktivitet i varehandelen. Mangelen på arbeidskraft i industrien etter krigen var ein del av bakgrunnen for SOU 1955: 16 Pris och Prestation i handeln – varudistributionsutredningens betänkande.99 I møtet med utvalet framheva Jan V. Bergqvist at utgreiinga var med på å forme synet på konkurranse i alle ledd i varehandelen. Som i Noreg har talet på daglegvarebutikkar gått ned, men utviklinga i Sverige har nok gått lenger i retning av store butikkar. Også i Sverige har kjedene teke over og talet på sjølvstendige butikkar gått ned. I underkant av 40 prosent av varehandelen skjer i kjøpesenter i Sverige.100

6.5.2.4 Lønnsemd og handlevanar

Arbeidsgivarorganisasjonen Svensk Handel gjorde i møtet med utvalet greie for at det er vekst i omsetninga, men ikkje i lønnsemda. Verksemdene konsoliderer seg til større einingar.

E-handelen veks, og utvida opningstider har vore sett på som eit verkemiddel i konkurransen. Tal frå PostNord viser at éi av fem sendingar no kjem frå utlandet, mot tidlegare éi av tjue. Svensk varehandel konkurrerer med varer frå Kina, som ikkje treng å følgje miljø- og kvalitetskrava i EU.

Folk endrar innkjøpsvanar: Dei handlar i mindre grad i store butikkar utanfor byane og i større grad i sentrum. Folk handlar nærare, oftare og mindre.

6.5.2.5 Kven held stengt sjølv om dei har lov til å halde opent?

I møte med utvalet gjorde HUI Research greie for kven som nyttar seg av høvet til å halde opent: Mindre, sjølvstendige butikkar og butikkar på landet har oftare søndagsstengt. Dei store kjedene har drive opp opningstidene, særleg daglegvarekjeder og kjøpesenter.101 Årsaka er truleg ganske enkel: Det er marknad for søndagshandel i dei bransjane og på dei stadene butikkane er søndagsopne. Samtidig er det erkjent i bransjen at den siste timen før stengjetid er mindre lønnsam enn timen før.102

Omsetninga i fysiske butikkar i Sverige er størst mot slutten av veka i dei fleste bransjar, truleg fordi det er då folk har tid til å handle. Søndag er den handledagen i veka som har minst omsetning, med 11 prosent av vekeomsetninga, mot 19 prosent på fredag, 15 prosent på laurdag og 13 prosent på måndag. Elles skil handelen på søndag seg ikkje frå laurdagshandelen, og søndagshandelen har ikkje preg av å vere såkalla suppleringshandel.103

Opningstidene på søndagar i byane er i hovudtrekk kl. 11–17 i kjøpesenter, kl. 12–16 i sjølvstendige butikkar i byar og i faghandel utanom kjøpesenter, kl. 07–22 i store daglegvarebutikkar og kl. 08–22 i nærbutikkar. Daglegvarebutikkane har stort sett same opningstid heile veka. Butikkane på mindre stader stengjer litt tidlegare søndag kveld.

Boks 6.4 Inflytande över den egna tiden

Vedteke på kongressen til arbeidstakarorganisasjonen Handels i 2016:1

Handels anser att alla arbetstagare ska ha inflytande över sin egen arbetstid. Det är nödvändigt för att kunna påverka sin egen livssituation. I vissa yrken är det en självklarhet att ha en egen kontrollerad men flexibel arbetstid, att kunna uträtta ärenden på arbetstid eller att ta ut semester när man själv önskar. Men det gäller inte alla yrken. Vi vill att alla ska kunna planera sitt eget liv och ha arbetstider som ger utrymme för såväl sociala aktiviteter som rekreation och återhämtning. En ökad möjlighet att kunna påverka sin arbetstid är en central del av den individuella friheten. Även om det finns löntagare som har sökt sig till våra områden för att handelns arbetstider passar deras liv ska alla Handels medlemmar, oavsett var i livet de befinner sig, kunna kombinera arbetsliv och privatliv.

Möjlighet till återhämtning är viktigt för löntagarna. Enligt arbetstidslagen ska löntagare ha minst 36 timmars sammanhängande ledighet per sjudagarsperiod. Handels anser att denna veckovila ska öka till 48 timmar. Frågor som handlar om antal dagar i sträck man kan arbeta, eller arbetsdagens längd, skiljer sig mellan olika branscher och avtalsområden. Dessa frågor regleras därför bäst i kollektivavtal.

Det finns ett samband mellan humana arbetstider och rimliga öppettider. Handels ska arbeta efter vår förbundsgemensamma strategi för affärstiderna, med en ram för öppettider som fastslagits i en väl förankrad policy. Öppettiderna ska ligga inom en ram på 08 till 21 på vardagar respektive 09 till 21 på lördagar och söndagar, samt stängt påsk-, midsommar-, jul-, nyårsdagen, nationaldagen samt första maj. Arbetet för att förverkliga detta innebär att förbundet arbetar med förhandlingar om öppettider. Detta är också nödvändigt för att kunna skapa opinion för att begränsa öppettiderna även för butiker som ligger i köpcentra och gallerior där ofta fastighetsägare sätter krav på utökade öppettider. Affärstidsfrågan handlar till stor del om att förstärka inflytandet över arbetstidens längd och förläggning. Handels ska verka för ett minskat öppethållande. Det arbetet ska ske genom att utveckla våra överenskommelser på både lokal och central nivå. Handelsanställdas förbund verkar för att införa en lag som reglerar öppettiderna i butikerna.

1 Side 20–21 https://www.handels.se/globalassets/kongress2016/dokument/kongressens-beslut-2016.pdf

6.5.2.6 Arbeidsrettsleg regulering av arbeidstida på kveldar og søndagar

Dei tilsette får formelt medverke når opningstider og arbeidsordningar blir endra, men arbeidsgivaren bestemmer. Før affärstidslagen blei oppheva i 1972, blei partane i arbeidslivet samde om tillegg for ulagleg arbeidstid, som framleis gjeld:

  • måndag–fredag kl. 18.15–20.00: 50 prosent

  • måndag–fredag etter kl. 20.00: 70 prosent

  • laurdagar etter kl. 12.00: 100 prosent

  • søndagar og høgtidsdagar: 100 prosent

Tillegga gjorde det dyrare å utvide opningstidene, men etter kvart blei opningstidene likevel utvida kraftig. Dei høge tillegga for ulagleg arbeidstid har ikkje halde opningstidene tilbake. Det er forbod mot nattarbeid mellom midnatt og kl. 05.

6.5.2.7 Deltid osv.

Sysselsetjinga i svensk varehandel har i stor grad vore på deltid. 60 prosent av dei tilsette i varehandelen er kvinner, og det er meir deltid i dei kvinnedominerte delane av varehandelen. I den seinare tida har det vore ei utvikling der heiltidsstillingar blir endra til deltidsstillingar for å auke fleksibiliteten, såkalla hyvling («høvling»).

Tilsette i varehandelen som ikkje får full stilling og dermed må jakte på vakter for å tene nok, har problem med å planleggje fritida si. Arbeidstakarorganisasjonen Handels framheva i møtet med utvalet at dette er ei gruppe tilsette som ikkje får livet til å «gå rundt».

6.5.3 Erfaringane etter liberaliseringa i 1972

Verknadene av liberaliseringa i 1972 blei følgde av ei nemnd som gav ein rapport i 1975.104 Seinare følgde SOU 1977: 72. Begge rapportane inneheldt forslag om å lovregulere opningstidene igjen. NOU 1984: 13 oppsummerte funna slik (side 12–13):105

«To komiteer har vurdert virkningen av opphevingen av lukkelovgivningen i Sverige. Den siste av disse som avga sin innstilling i 1977, konkluderte bl.a. med at det bare hadde vært små endringer i retning av lengre åpningstider, men det var i boligområder blitt flere såkalte servicebutikker med lang åpningstid og forholdsvis snevert vareutvalg. Mens det var en tendens til lavere priser i søndagsåpne butikker enn i andre, var visse varer dyrere i servicebutikker og kiosker enn i dagligvarebutikker. Både økning i antallet store butikker og nedgangen i antallet små butikker hadde bremset opp i perioden 1972–77. Andelen fast heltidsansatte i varehusene var uforandret, og disse hadde mindre overtid enn tidligere. Det var ingen vansker med å rekruttere personale til søndagsarbeid, men det var registrert problemer med arbeid utenom vanlig tid i form av mindre tid til samvær med familie og venner og til kulturaktiviteter. Det var i særlig grad foreldre i toinntektsfamilier med barn som utnyttet de søndagsåpne butikkene.»

I SOU 1991: 10 Affärstiderna, gjorde det breitt samansette utvalet ein gjennomgang av dei frie opningstidene i varehandelen. Utvalet såg på utviklinga i varehandelen og haldningane blant forbrukarar, tilsette og leiarar.106

I forordet konstaterte utvalsleiaren at vurderinga av om opningstidene skulle vere frie eller regulerte, ikkje berre gjaldt objektive eller logiske storleikar. Oppfatningar om kven som burde ha mest å seie når opningstidene skulle fastsetjast, ville spele ei stor rolle for tolkinga av dataa utvalet la fram, sjå SOU 1991: 10 side 9–10:

«Anser man att öppettider och öppethållande bestäms i samspel mellan konsumenter och producenter – varvid öppethållandet både är en fråga om service och ett konkurrensmedel för butiksägare – finns det inget stöd för att inte låta frågan om öppethållandet bestämmas av marknaden. Inom ramen för ett sådant synsätt är bl.a. konsumenternas efterfrågan styrande för öppethållandet.
Med ett synsätt, som inte sätter konsumenterna i centrum utan förespråkar ett regleringsinriktat synsätt, blir självfallet andra värden viktigare än konsumenternas nytta.
Dessa olika synsätt har från tid till annan kommit i dagen då vi inom utredningen diskuterat och tolkat olika resultat av genomförda undersökningar.
För min personliga del är det självklart att konsumenternas inflytande är det viktigaste. Företag i detaljhandeln måste ha full frihet att med egna idéer och utifrån egna förutsättningar tillgodose konsumenternas varierande önskemål. I ett sådant samspel nås en positiv utveckling för både konsumenter och handel.
Vi har inom utredningen enats om att utredningens betänkande inte skall innehålla några särskilda yttranden. Det behöver inte betyda att alla sakkunniga och experter till alla delar ställer upp på utredningens sammanfattningar och sammanfattande slutsatser. De som skulle vilja sammanfatta utredningens resultat på annat sätt än vad som gjorts i föreliggande betänkande, har alla möjligheter och självfallet rättigheter att göra så.»

Auken i talet på søndagsopne butikkar etter frisleppet først på 1970-talet blir i SOU 1991: 10 omtalt som markant. Utgreiinga såg på butikkstruktur, kva for kjeder som auka og minka i omfang, kjønn og sysselsetjing generelt, fordelinga av omsetninga på kvardagar (i daglegvarer og faghandel), lønnskostnadar og prisar. Lønnskostnadene i søndagsopne butikkar var berre marginalt høgare per time enn i søndagsstengde, sjå SOU 1991: 10 side 12. At det ikkje var større forskjell, kjem av samansetjinga av arbeidsstokken på ulaglege arbeidstider – meir billig arbeidskraft på dyre tidspunkt.

SOU 1991: 10 konstaterte at ingen land i EF hadde like frie opningstidsreglar som Sverige, men viste også at det framleis var motstand mot søndagsopne butikkar. 63 prosent av forbrukarane meinte at butikkane burde kunne bestemme opningstidene sjølve. Det same sa 54 prosent av dei tilsette i varehandelen og 70 prosent av butikksjefane. 36 prosent av forbrukarane meinte at butikkane alltid skulle vere stengde på søndagar. Det same sa 60 prosent av dei tilsette i varehandelen som var organiserte, og 40 prosent av dei som ikkje var organiserte.

I eit hefte frå 2013 gjorde Svensk Handel greie for effektane av frie opningstider i Sverige.107 Det blir vist til positive effektar på sysselsetjing av ungdom i Sverige med referanse til eit OECD-dokument.108 Samtalane i møta med partane i arbeidslivet i Sverige gir grunn til å streke under at frie opningstider ikkje skaper fleire jobbar, berre meir deltid. I heftet blir det vidare hevda at lengre opningstid aukar det samla salet i varehandelen, og at regulerte opningstider kan flytte omsetninga vekk frå varehandelen og over på anna forbruk. Det blir endeleg hevda at regulerte opningstider gir fysiske butikkar ei konkurranseulempe i forhold til e-handelen. Også desse påstandane i heftet er svakt funderte. Om prisutviklinga i Sverige, sjå kapittel 7.3.3.

6.5.4 Svensk rett før 1972

Butikstängningslagen av 21. juli 1948 fastsette normal opningstid til kl. 08–19 på kvardagar, éin dag i veka til kl. 20.109 Kommunane kunne fastsetje opningstida inntil to timar på søndagar og heilagdagar, men ikkje under gudstenesta. Dei kommunale vedtektene måtte stadfestast av Länsstyrelsen. Lova gjaldt ikkje apotekutsal, sal av bensin, kiosksal på kinoar og utsalsstader som heldt opent for å demonstrere varer.110 Talet på dispensasjonar var høgt. Mellom anna måtte kioskar og pølsebuer ha dispensasjon for å halde opent til kl. 22.

I lova som tok til å gjelde 1. januar 1967, blei den vanlege opningstida sett til kl. 06–20. Kongen fekk fullmakt til å gjere unntak for visse varer.111

6.6 Nederland – Kommunane kan tillate søndagsopent

6.6.1 Gjeldande rett

Det er i utgangspunktet forbode for butikkar å halde opent på søndagar og offentlege høgtidsdagar i Nederland, men kommunane kan tillate dei å halde opent alle dagar og heile døgnet. Kommunane kan ikkje krevje at butikkar skal vere stengde mellom kl. 06–22 på virkedagar. Lova stiller ikkje vilkår for den kommunale avgjerda, men erfaringa er at kommunane ofte vurderer mange ulike omsyn.112 Kommunane kan stille vilkår til løyvet. Desse reglane tok til å gjelde 1. juli 2013. Før det hadde kommunane høve til å tillate søndagsopent inntil 12 søndagar i året og gi unntak for turist- og grenseområde.

Også direktesal til forbrukarar utanom butikk, til dømes frå isbilen, er forbode om natta og på søndagar og høgtidsdagar på dei tidene butikkane må halde stengt. På dei tidene kommunane tillèt butikkane å halde opent, er direktesal også tillate.

Opningstidslova gir nasjonale styresmakter heimel til å gjere unntak frå forboda mot å halde opent, mellom anna i folkehelseinstitusjonar, for trafikknutepunkt og for sal av aviser og tidsskrift. Ifølgje det nederlandske finansdepartementet har dei nasjonale styresmaktene overlate alt til kommunane og ikkje gitt slike nasjonale unntak.

Ei eiga søndagslov, zondagswet, gir reglar som vernar gudstenestestader mot å bli forstyrra på søndagar og andre kyrkjelege høgtidsdagar.113 Formålet er ifølgje fortalen å fjerne hindringar for feiringa av søndagen og å sikre ro og orden på søndagar og ein del kyrkjelege heilagdagar. Lydar som kan høyrast på lengre avstand enn 200 meter, er forbodne på søndagar, men kommunen kan gi dispensasjon etter kl. 13. Det er forbode å forstyrre søndagsfreden gjennom arbeid eller næringsverksemd utan god grunn. Offentlege underhaldningstilstellingar er forbodne før kl. 13, og kommunen kan utvide forbodet til å gjelde også etter kl. 13. Opptog og offentlege arrangement er heller ikkje lov før kl. 13.

Boks 6.5 Opningstidslova (Winkeltijdenwet)1

Paragraf 1

I denne loven og bestemmelsene som er basert på den forstås med:

varer: rørlige, fysiske saker, med unntak av innenlandske og utenlandske lovlige betalingsmidler;

privatperson: den som kjøper en vare annet enn gjennom utøvelsen av et yrke eller næringsvirksomhet;

butikk: et avgrenset lokale som er tilgjengelig for publikum der varer pleier å bli solgt til privatpersoner.

Paragraf 2

  • 1 Det er forbudt å holde en butikk åpent for publikum:

    • a. på søndag;

    • b. på 1. nyttårsdag, på langfredag etter kl. 19, på 2. påskedag, på Kristi himmelsfartsdag, på 2. pinsedag, på julaften etter kl. 19, på 1. og 2. juledag og på 4. mai [nasjonal minnedag etter 2. verdenskrig] etter kl. 19;

    • c. på virkedager før kl. 6 og etter kl. 22.

  • 2 Videre er det forbudt å tilby eller selge varer til eller i direkte kontakt med privatpersoner gjennom en form for næringsvirksomhet annet enn en butikk på dagene som er nevnt i første ledd.

Paragraf 3

  • 1 Kommunestyret kan gjennom en forordning gi dispensasjon fra forbudene som er nevnt i paragraf 2.

  • 2 Kommunestyret kan gjennom en forordning gi formannskapet myndighet til å innvilge søknader om dispensasjon fra forbudene som er nevnt i første ledd under hensyntagen til reglene i forordningen.

  • 3 Dispensasjonene og fritakene kan gis med visse begrensninger. Det kan knyttes forskrifter til en eventuell dispensasjon.

Paragraf 6

  • 1 Dersom eieren eller bestyreren av en butikk er medlem av et kirkesamfunn som har sin ukentlige hviledag på en annen dag enn søndag, eller som i god tro erklærer at han er tilhenger av en religion eller et livssyn som krever at den ukentlige hviledagen holdes på en annen dag enn søndag, gir formannskapet etter søknad dispensasjon fra forbudet i paragraf 2, 1. ledd, under a.

  • 2 Dispensasjonen innebærer at butikken må holdes stengt på vedkommende dag.

Paragraf 8

  • 1 Gjennom en regjeringsforordning kan det gis dispensasjon fra forbudene i paragraf 2 når det gjelder:

    • a. folkehelseinstitusjoner,

    • b. trafikk og transport og

    • c. salget av aviser og tidsskrifter.

  • 2 Dispensasjonene kan gis med visse begrensninger. Det kan knyttes forskrifter til dispensasjoner.

Paragraf 9

Kommunale forordninger kan ikke omfatte butikkåpningstider på virkedager mellom kl. 6 og kl. 22.

1 Paragraf 4 og 5 er opphevet.

6.6.2 Nederlandsk arbeidsrett

Rettsleg er arbeidstid og opningstid ikkje kopla saman.114 Søndagsarbeid er ikkje frivillig i Nederland dersom det inngår i jobben («arbeidets art») eller følgjer av arbeidskontrakten.115 Formelt inngår ikkje søndagsarbeid i jobb i varehandelen, men tariffavtalane hindrar ikkje søndagsarbeid. Søndagsarbeid krev samtykke frå eit arbeidstakarråd (Employees Council) og for kvar enkelt søndag samtykke frå den enkelte medarbeidaren.

I praksis er det ikkje vanskeleg for arbeidsgivarar å finne tilsette til å ta vaktene på søndagar. Det gjeld i alle fall der arbeidsgivaren har fleire tilsette. Formelt er det ikkje oppseiingsgrunn å nekte å arbeide på søndagar. Usemje om søndagsarbeid kjem sjeldan for retten.116 Normalt finn arbeidsgivaren ein tilsett som tek vakta.

Dersom ein arbeidstakar arbeider på søndagar, skal ho eller han ha fri minst 13 søndagar per år. Dette kan fråvikast ved tariffavtale, men arbeidstakaren kan ikkje gi samtykke til å arbeide meir enn 40 søndagar på rad i løpet av 52 veker.

I Nederland er tariffavtalane allmenngjorde. Grensene for lengda på arbeidstida er regulerte i tariffavtalane sentralt, medan arbeidsplanane blir forhandla lokalt. Tariffavtalane kan opne for søndagsarbeid. Tillegga i daglegvarebutikkar for ulagleg arbeidstid er:

  • Før kl. 06 og etter kl. 21 på kvardagar: 50 prosent

  • Kl. 20–21 på kvardagar: 33,3 prosent

  • Kl. 18–24 på laurdagar: 50 prosent

  • Søndagar: 100 prosent

6.6.3 Finansdepartementets evaluering i 2016

6.6.3.1 Om rapporten

Finansdepartementet i Nederland fekk ei evaluering av opningstidslova frå eit konsulentfirma i november 2016 som var grunnlag for ei orientering til parlamentet. Utvalet har fått evalueringa omsett til norsk.117 Evalueringa byggjer på spørjeundersøkingar og intervju som konsulentfirmaet har gjennomført. Rapporten gir ikkje nye statistiske data eller analysar av rekneskapstal eller liknande, men eit situasjonsbilete ut frå svara, og går ikkje inn på kva konsekvensar opningstidsreglane har for samfunnet generelt eller for prisutviklinga.

6.6.3.2 Omfattande liberalisering, men vern om enkelte høgtidsdagar

69 prosent av kommunane har vedteke vidare opningstider enn det som gjaldt før 2013.118 13 prosent av kommunane har inga opningstidsregulering, medan 47 prosent har vedteke ei omfattande liberalisering og 9 prosent har vedteke mindre utvidingar av opningstidene. Kommunane kan stille vilkår om kva dagar, i kva bransjar eller i kva delar av kommunen butikkar kan halde opent på søndagar. Visse regionar er meir liberale enn andre, og butikkane er oftare søndagsstengde i det såkalla bibelbeltet.

Sjølv med desse liberaliserande lokale vedtaka gjeld avgrensingar på særlege høgtidsdagar.119 Under 25 prosent av dei næringsdrivande svarer at dei kan halde opent langfredag etter kl. 19, 4. mai etter kl. 19 og julaftan etter kl. 19. Mellom 60 og 70 prosent av dei næringsdrivande svarer at dei kan halde opent andre påskedag, Kristi himmelfartsdag, andre pinsedag og andre juledag. 61 prosent av dei næringsdrivande ønskjer ikkje å halde opent på dei særlege høgtidsdagane.120 Dei minste verksemdene ønskjer i større grad å halde stengt desse dagane, medan daglegvareverksemdene ønskjer å halde opent.

6.6.3.3 Kven held stengt sjølv om dei kan halde opent?

Evalueringa viser at ein god del butikkar vel å halde stengt sjølv om dei kan halde opent. Halvparten av dei næringsdrivande svarar at dei ikkje held butikken sin open på søndagar.121 21 prosent av dei som heldt opent, ville helst halde stengt.122 Det er særleg daglegvarebutikkar og verksemder med mange tilsette som held opent kvar søndag, sjå figur 6.1.123

Figur 6.1 Omfang søndagsopent i Nederland etter bransje (2016)1

Figur 6.1 Omfang søndagsopent i Nederland etter bransje (2016)1

1 Den opphavlege figuren mangla nokon av dei minste summane.

Kjelde: Evaluering av åpningstidsloven side 48.

6.6.3.4 Konsekvensar for næringslivet

Evalueringa opna for fleire svar frå dei næringsdrivande på spørsmålet om kvifor dei held opent på søndagar.124 Ønskje frå kundane, utsikt til ekstra omsetning og at konkurrentane held opent, var det dei fleste nemnde.

På den andre sida av skalaen kryssa 26 prosent av for at dei held opent på grunn av kontrakt med handelsforeininga, 4 prosent på grunn av avtale med butikkjeda og 4 prosent på grunn av kontrakt med utleigaren (truleg kjøpesenter). 93 prosent hadde ikkje avtale om at dei kunne få bot (såkalla konvensjonalbot) om dei ikkje heldt opent på søndagar, og ein del kontraktar opna for dialog med utleigaren om å kunne halde stengt på søndagar. Det har likevel vore omfattande merksemd om butikkar som har fått bot på grunnlag av ein avtale om opningstid, og som dermed blei tvungne til å halde opent på søndagar.125

30 prosent av dei næringsdrivande som svarte, opplevde ingen utfordringar ved å halde opent på søndagar.126 Fleire svar var moglege, og som utfordringar opplevde 44 prosent kostnader, 33 prosent personalsituasjonen, 29 prosent eiga kvile på søndagar, 28 prosent eigne sosiale aktivitetar på søndagar, 11 prosent omsetning og 8 prosent distribusjon.

Av dei som heldt stengt på søndagar, hadde 43 prosent ikkje redusert omsetning, medan 32 prosent hadde fått redusert omsetning.127 Av dei som heldt opent på søndagar, hadde 59 prosent fått ein auke i omsetninga, medan 28 prosent ikkje merka nokon forskjell.128

6.6.3.5 Konsekvensar for arbeidstakarane

Evalueringa konkluderer med at søndagsopent «generelt sett» ikkje har negative konsekvensar for arbeidstakarane.129 Eit fleirtal av dei næringsdrivande rapporterte ikkje om utfordringar knytte til personale i samband med søndagsopent, til dømes mangel på folk, innvendingar frå dei tilsette eller problem med å rekruttere.130 I samband med liberaliseringa av opningstidsreguleringa hadde 40 prosent av dei næringsdrivande rekruttert nye folk, 31 prosent hadde auka timetalet til dei tilsette og 18 prosent hadde berre flytta på vaktene.131

To tredelar av arbeidstakarane svarte at dei ikkje likte å arbeide på søndagar.132 Omsynet til det sosiale og søndagen som kviledag var dei viktigaste grunnane.133 Jo eldre arbeidstakaren er, desto sjeldnare arbeider ho eller han på søndagar.134

76 prosent av arbeidstakarane svarer at dei ikkje blir pressa til å arbeide på søndagar.135 For dei som kjenner seg pressa, er det i hovudsak eit mildt press. Dei vanlegaste formene for press er at søndagsarbeid følgjer av arbeidskontrakten, at ein blir sett opp på vakt utan å bli spurd først, at ein tek omsyn til kollegaene ved å ta sin del av søndagsvaktene, at det er ein del av stillinga som leiar og forståinga for kor viktig søndagsomsetninga er for arbeidsgivaren. Presset er ikkje alltid like mildt, i enkelte tilfelle førekjem trugsmål om oppseiing.

Fagrørsla blir sitert på at butikkane er underbemanna på søndagar, og at utvida opningstider ikkje er følgt opp med fleire tilsette.136 Evalueringa dokumenterer ikkje dette.

6.6.4 Vurderingar frå arbeidstakarsida

Arbeidstakarorganisasjonen FNV meiner at evalueringa i hovudsak er dekkjande, men dei er ikkje heilt samde i alle konklusjonar og oppfattar evalueringa som litt overflatisk.137 At fleire må jobbe på søndagar, er ein av mange endringsprosessar. FNV er bekymra for utviklinga og vil nyansere konklusjonen i evalueringa om at liberaliseringa ikkje har hatt negative konsekvensar for dei tilsette. Meir søndagsarbeid skjer samtidig med at fleire får mindre sikre arbeidskontraktar («precarious jobs») og låg lønn. Liberaliseringa har auka presset på å redusere tillegga på søndagar. I delar av varehandelen er det press på erfarne medarbeidarar som kjenner produkta, til å arbeide på søndagar.

6.6.5 Eldre nederlandsk rett

Ei opningstidslov gav i 1976 butikkane høve til å halde opent kl. 05–18 måndag til fredag og kl. 05–17 laurdagar, men ikkje søndagar.138 Anten torsdagar eller fredagar kunne butikkane halde opent til kl. 21. Kva dag var opp til kommunen. Kommunen kunne også bestemme at butikkane skulle halde stengt måndag formiddag til kl. 13 eller etter kl. 13 måndag, tysdag eller onsdag ettermiddag. Apotek, bensinstasjonar og aviskioskar var ikkje omfatta av opningstidene i lova. Det var også høve til å gi dispensasjon, til dømes på turiststader.

6.7 Belgia

Opningstidsreglane står i loi relative aux heures d’ouverture dans le commerce, l’artisanat et les services av 10. november 2006.139 Utsalsstader skal vere stengde 24 timar samanhengande kvar veke.140 Hovudregelen er at vanlege butikkar ikkje skal opne før kl. 05 og stengje seinast kl. 20, sjå artikkel 6. Butikkane kan stengje litt seinare på fredagar og dagar før lovfesta fridagar, dvs. kl. 21. Desse reglane har gjeldt lenge, og ifølgje det belgiske direktoratet er dei næringsdrivande stort sett nøgde med systemet.141

Lova gjeld berre utsalsstader der både kunden og seljaren er fysisk til stades (retail). Tenester, engros og e-handel er ikkje regulerte.

Belgiske næringsdrivande som sel varer frå utsalsstad til forbrukar, kan velje om deira 24 timar med kvile og stengd butikk kvar veke skal starte kl. 05 eller kl. 13. Hovudregelen er at kviledagen er søndag, men den næringsdrivande kan velje ein annan dag. Kviledagen skal vere den same seks månader i strekk, sjå artikkel 12. Det mest vanlege er at butikkar er stengde på søndagar, men møbelbutikkar kan typisk vere opne på søndagar og stengje ein annan dag i veka, medan daglegvarebutikkar gjerne er stengde frå søndag kl. 13 til måndag kl. 13.

I dei 24 timane med kvile og stengd butikk kvar veke kan verksemda ikkje levere varer heim til kundane, sjå artikkel 8. Dette gjeld ikkje reine e-handelsføretak.

Lova seier at belgiske forbrukarar skal forlate utsalsstaden innan 15 minutt etter stengjetid, sjå artikkel 7.

Det er unntaksføresegner for turiststader, homeparties og nattopne butikkar. Dessutan kan kommunestyra tillate handel utan 24 timars kvile inntil 15 veker i året, til dømes i samband med jul, tilbod, morsdag osv.

6.8 Frankrike – Ei viss liberalisering i 2015

Det er inga generell opning for søndagsarbeid i Frankrike, men ei lovendring i 2015 («Loi Macron») utvida eksisterande unntak. Hovudregelen er fem–tolv opne søndagar i året. Talet på søndagsopne helger for kvar enkelt bedrift er regulert av kommunen. Paris har lagt seg på tolv søndagar. Store varehus som hagesenter, byggjevarebutikkar og møbelutsal kan halde opent på søndagar, og dei kan også påleggje dei tilsette å arbeide på søndagar.

Det er etablert 21 internasjonale turistsoner (Zone touristique international) der det alltid kan vere søndagsopent; tolv i Paris, ni i andre delar av Frankrike.142 Det finst òg visse andre unntak frå forbodet mot handel på søndagar.

6.9 Storbritannia

I Skottland er det ingen restriksjonar på opningstidene.143 I England og Wales kan butikkar på meir enn 280 m2 berre halde opent inntil seks timar på søndagar kl. 10–18, men på første påskedag og første juledag må dei halde stengt. Det er unntak frå forbodet mot handel på søndagar på til dømes flyplassar og jernbanestasjonar. Opningstidsreglane er tolka slik at opningstida blir rekna frå kassa blir teken i bruk. Det vil seie at kundane kan opphalde seg i butikken og sjå seg om, såkalla browsing time, inntil 30 minutt før «opningstida».

Dei sentrale styresmaktene i England vurderte å gi lokale styresmakter myndigheit til å fastsetje opningstider, men landa på ikkje å gjennomføre ei slik reform.144

6.10 Tyskland

Tyskland har tradisjonelt ført ein restriktiv opningstidspolitikk. Tyskland viser at det går fint an å vere ein avansert og veksande økonomi med stort sett stengde butikkar på søndagar. Etter ei omfattande reform av kompetansefordelinga mellom føderale styresmakter og delstatane i 2006 blei kompetansen til å fastsetje opningstidsreglar for varehandelen i all hovudsak overført til delstatane.145 Dei lokale variasjonane er derfor store:

  • I åtte delstatar er det ingen restriksjonar i opningstidene på verkedagar inkl. laurdagar. (Baden-Württemberg, Berlin, Brandenburg, Bremen, Hamburg, Hessen, Niedersachsen, Schleswig-Holstein).

  • I delstatane Sachsen-Anhalt, Nordrhein-Westfalen, Thüringen og Mecklenburg-Vorpommern er det avgrensa opningstider berre på laurdagar.

  • Lovfesta stengjetider på måndag til fredag finst i Bayern, Saarland (mellom kl. 20 og kl. 06), Rheinland-Pfalz og Sachsen (mellom kl. 22 og kl. 06).

Eit landsdekkjande unntak gjeld for søndagshandel på tidspunkt som blir nærare fastsette av lokale styresmakter. I Brandenburg er til dømes varehandelen open inntil seks søndagar i året, i Berlin er talet ti. München har ikkje søndagshandel i det heile, trass i at lovgivinga i delstaten Bayern opnar for søndagsopne butikkar fire gonger i året.

Visse typar utsalsstader er ikkje omfatta av salsforbodet på søn- og heilagdagar: apotek, bensinstasjonar, kioskar og utsalsstader knytte til turistattraksjonar, jernbanestasjonar, hamner, flyplassar og rasteplassar langs motorvegane. Sal av enkelte typar varer er også unnatekne, til dømes blomar, planter, bakar- og konditorvarer og landbruksprodukt.

Debatten om opningstider i varehandelen går tidvis høgt på delstats- og lokalplan, og minner om den norske. På den eine sida står handelsnæringa, særleg dei store varehuskjedene Karstadt, Kaufhof og KaDeWe-Gruppe. Dei ønskjer ein såkalla sjølvbestemt søndag som motvekt til den stadig aukande netthandelen, og argumenterer med at shopping er blitt ein viktig fritidssyssel for folk flest. På den andre sida står fagforeiningane og kyrkjelege organisasjonar, som meiner at fri på søndag er viktig for at arbeidstakarane skal få tid og ro saman med familien. Til dømes fekk Frankfurt by ikkje ha søndagsopne butikkar under bokmessa sist haust etter at arbeidstakarorganisasjonen Verdi og Den katolske arbeidstakarrørsla hadde klaga byen inn for forvaltningsdomstolen. Internt i handelsnæringa er det også usemje. Kritiske røyster seier at det berre er dei store kjedene som vil tene på søndagshandel, medan mindre butikkar og butikkar med låg omsetning ikkje vil kunne dekkje inn auken i lønnsutgifter som følgjer med utvida opningstider.

Ei eventuell oppheving av det generelle forbodet mot søndagshandel vil uansett krevje ei grunnlovsendring. Den tyske grunnlova slår fast at søndagar og statleg fastsette heilagdagar er dagar til ro og sjeleleg oppbygging.146 Utsalsstader over heile landet må derfor som hovudregel halde stengt på søndagar og heilagdagar. I 2010 kjende den tyske forfatningsdomstolen Berlins opningstidslov grunnlovsstridig, mellom anna fordi ho tillèt butikkar å halde opent alle fire søndagane i advent.147

Fotnotar

1.

EuroCommerce: Overview. Legislation regarding shop opening hours in Europe. Sist oppdatert i mars 2017.

2.

Diskusjonen no dreier seg om at større daglegvarebutikkar ønskjer å halde opent dei tolv heilagdagane på same måte som mindre butikkar. Personleg informasjon frå Jytte Tandrup i De Samvirkende Købmænd.

3.

Det vil seie 1. og 2. juledag, 1. nyttårsdag, skjærtorsdag, langfredag, 1. og 2. påskedag, store bededag, Kristi himmelfartsdag, grunnlovsdagen og 1. og 2. pinsedag.

4.

Erhvervudvalget 2009-10–2010, L 96 Bilag 1.

5.

Dansk Erhverv og fleire. Løysinga blir omtalt som eit kompromissforslag mellom ulike delar av varehandelen, og noko av tanken bak var at ingen delar av varehandelen skulle oppleve ei tilstramming av opningstidene.

6.

Allereie frå 2010 kunne byggjevaremarknader, hagesenter osv. halde opent på søndagar.

7.

Personleg informasjon frå Anna Holtt Langlet i Erhvervsstyrelsen.

8.

Erhvervsstyrelsen og Karnov-kommentaren.

9.

Karnov-kommentaren.

10.

Karnov-kommentaren nemner: «VVS-forretninger, maler- og tapetforretninger, farvehandlere, tømrer- og trælastudsalg, havecentre, køkken- og badeværelsesforretninger og lignende».

11.

Karnov-kommentaren.

12.

IKEA i Danmark ser ikkje på den danske opningstidsreguleringa som noko problem. Personleg informasjon frå Jan Christian Thommesen, Kommunikasjonssjef i IKEA Norge. Elgiganten i Danmark ser ikkje på den danske opningstidsreguleringa som noko problem. Personleg informasjon frå Jaan Ivar Semlitsch, konsernsjef i Elkjøp Nordic.

13.

Personleg informasjon frå Victor Kjær i Erhvervsstyrelsen.

14.

Daglegvarebutikkar med lågare omsetning enn 14,6 millionar DKK, dvs. om lag 20 millionar norske kroner, treng ikkje sende inn erklæring. Daglegvarer er avgrensa slik: «Dagligvarer er varer, der ophører med at eksistere ved forbrug, som f.eks. fødevarer. Modsætningen hertil er udvalgsvarer, der bliver ved med at eksistere samtidig med brugen, som f.eks. tøj.»

15.

Personleg informasjon frå Jytte Tandrup i De Samvirkende Købmænd

16.

Erhvervsudvalget 2009-10–2010. L 96 Bilag 1 Offentligt.

17.

Personleg opplysning frå Anna Holtt Langlet i Erhvervsstyrelsen.

18.

Personleg informasjon frå Joan Frederiksen i Konkurrence- og Forbrugerstyrelsen.

19.

Avsnittet baserer seg på personleg informasjon frå Jytte Tandrup i De Samvirkende Købmænd og Anna Holtt Langlet i Erhvervsstyrelsen.

20.

Personleg informasjon frå Jytte Tandrup i De Samvirkende Købmænd

21.

Personleg informasjon frå Henrik Hyltoft i Dansk Erhverv.

22.

Personleg informasjon frå Henrik Hyltoft i Dansk Erhverv.

23.

Personleg informasjon frå Per Nyborg i Institut for Center-Planlægning.

24.

COWI: Detailhandlen i provinsbyerne. Tal, tendenser og erfaringer (september 2014) side 4.

25.

Personleg informasjon frå Jytte Tandrup i De Samvirkende Købmænd, som viste til ein artikkel i Dansk Handelsblad 1. mars 2013. Utvalet har òg fått eit notat frå DSK datert 23.09.13. Den store auken i opningstimar var ikkje berre søndagstimar, men også lengre opningstider andre dagar. Danmarks statistiks Detailomsætningsindeks for åra 2012–2016 viser at omsetninga av mat og daglegvarer heller har gått ned etter finanskrisa og no er lågare enn i 2000.

26.

Henrik Hyltoft i Dansk Erhverv i møtet med utvalet.

27.

Sjå Dansk erhverv: Detailhandlen – fra varer til vækst (maj 2014) side 61.

28.

Sjå COWI: Detailhandlen i provinsbyerne. Tal, tendenser og erfaringer (september 2014) side 61 og 67.

29.

Henrik Hyltoft i Dansk Erhverv i møtet med utvalet. Han viste til tal frå 2003, 2007 og 2012.

30.

Nils Rasmussen i HK Handel i møtet med utvalet.

31.

Jordfald og Mühlbradt: Arbeidskraftbehov ved søndagsåpne butikker, Fafo-notat 2015: 03 side 56–58.

32.

Personleg informasjon frå Anna Holtt Langlet i Erhvervsstyrelsen og Henrik Hyltoft i Dansk Erhverv. Børne- og socialministeriet varslet i september 2017 Folketinget om at det ville fremme et lovforslag som gav kommunane plikt til å sørgje for eit tilbod om barnepass for «forældre med et dokumenteret arbejdsbetinget pasningsbehov, der ligger uden for dagtilbuddenes almindelige åbningstid». Sjå http://www.ft.dk/samling/20161/almdel/SOU/bilag/363/1791341.pdf besøkt 7. november 2017. Behov hos tilsette i varehandelen ser ikkje ut til å vere omtalt særskilt i proposisjonen.

33.

Lektor cand.theol. Hans Raun Iversen ved Københavns Universitet og sokneprest Kaj Bollmann i møtet med utvalet. E-post frå professor Niels Henrik Gregersen.

34.

Før avtalerevisjonen i mars 2017 hadde dei tilsette krav på ni frihelger.

35.

Dansk Erhverv bruker formuleringa at arbeidsgivaren i søndagsopne butikkar kan påleggje helgearbeid oftare, medan ein i andre butikkar kan gjere avtale om det.

36.

Før avtalerevisjonen i mars 2017 var det same tillegg for heile perioden frå kl. 18 til kl. 06. Nattillegget er no høgare.

37.

«Parterne er opmærksomme på, at udviklingstendenser inden for overenskomstens område kan indebære en øget forekomst af natarbejde. Parterne vil derfor i perioden nøje følge og drøfte udviklingen af natarbejde på overenskomstområdet og herunder tilrettelæggelsen af natarbejde.

Parterne er enige om, at det kan være hensigtsmæssigt at afholde drøftelser med tillidsrepræsentanten, og hvor en sådan ikke findes, med medarbejderne, eventuelt i SU, forinden virksomheden indfører natarbejde.»

38.

Side 12 i det trykte vedlegg til Ot.prp. nr. 43 (1964–65). Generelt om eldre dansk rett, sjå NOU 1984: 13 side 107–108. Eldre nordisk rett er mellom anna framstilt i SOU 1977: 72 kapittel 3.

39.

Ifølgje Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 12 kunne utsalsstader som berre selde mjølk, fløyte, brød, kaker, konfekt, iskrem og sjokolade, halde opent kl. 06–21.

40.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 6.

41.

Kommunane kunne òg fastsetje enkelte unntak, mellom anna «for områder, der i det væsentlige benyttes til sommer- og weekendophold».

42.

Personleg informasjon frå Victor Kjær i Erhvervsstyrelsen.

43.

Sjå Vejledning om §§ 2 og 3 i lov om butikstid (nr. 178) datert 29. september 1994. Det same spørsmålet kom opp i Noreg då arealavgrensinga vart innført i 1999.

44.

Sjå Ot.prp. nr. 75 (1996–97) punkt 3.5.1.3. Victor Kjær i Erhvervsstyrelsen omtalte i møtet med utvalet denne lista som eit uhell.

45.

Personleg informasjon frå Jytte Tandrup i De Samvirkende Købmænd.

46.

Sjå Økonomi- og Erhvervsministeriet sin «Analyse af detailhandlen» frå oktober 2009 side 49ff. Til grunn for delar av denne rapporten låg Retail Institute Scandinavia sin analyse «af henholdsvis butikkernes og forbrugernes anvendelse af lukkeloven»», som er oppsummert på side 50–72.

47.

Sjå Betænkning afgivet af Erhvervsudvalget den 6. maj 2010 Til lovforslag nr. L 96. Folketinget 2009–2010 side 2. Betænkning over Forslag til lov om ændring af lov om detailsalg fra butikker m.v. (Liberalisering af reglerne om åbningstid).

48.

Förbundet för Finsk Handel og Servicefacket PAM.

49.

I den finske regjeringsplattforma er det eit mål at «Konkurrenskraften stärks genom förbättrade förutsättningar för näringsliv och företagande», sjå Lösningar för Finland. Strategiskt program för statsminister Juha Sipiläs regering 29.5.2015 (side 14–15). Friare opningstider for butikkar var ein del av den varsla dereguleringa.

50.

Bransjeorganisasjonen Finsk Handel undersøkte erfaringane per oktober 2016. Svara, som baserer seg på erfaringane frå eit drygt halvår, peiker i same retning som undersøkinga som er gjord av ministeriet.

51.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum til utredning om konsekvenser av å frigjøre butikkers åpningstider samt situasjonen for små foretak i kjøpesentre (juni 2017) side 2–3.

52.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 6. Dei økonomiske nøkkeltala som finst for 2016, baserer seg på langt færre føretak enn tala for 2014 og 2015.

53.

Statsrådets redogörelse för inverkningarna av liberaliseringen av butikernas öppettider, RSk 4/2013 rd – SRR 5/2012 rd.

54.

Arbetslivs- och Jämställdhetsutskottet meinte at spørjeundersøkingar i regi av medlemsorganisasjonane ikkje gav tilstrekkelege svar: «Utskottet anser att utredningen därför delvis blir ytlig och tunn och inte ger någon grund för långtgående slutsatser om lagens verkningar», sjå side 2 i AjUU 2/2013 rd – SRR 5/2012 rd. Ekonomiutskottet peiker på at det hadde gått kort tid, og at det derfor ikkje låg føre forsking om verknadene av lova: «Redogörelsen bygger i hög grad på statistik som tagits fram av olika intressentgrupper. Det ger ett besvärligt utgångsläge för en analys av nuläget.» Sjå side 4 i EkUB 7/2013 rd – SRR 5/2012 rd.

55.

Statsrådets redogörelse RSk 4/2013 rd – SRR 5/2012 rd side 3.

56.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 3–5. Dette er basert på tal frå Statistikcentralen (tilsvarer norsk SSB).

57.

Statsrådets redogörelse RSk 4/2013 rd – SRR 5/2012 rd side 9.

58.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 5. Ei anna forventning til reforma var at avviklinga av reguleringa truleg ville «göra det lättare för nya aktörer att komma in i branschen», sjå proposisjonen RP 88/2015 rd.

59.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 7–5.

60.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 15–16. Tala byggjer på 850 svar.

61.

Dei mest negative var kioskar og bensinstasjonar, som jo hadde fått endra konkurransesituasjonen som følgje av liberaliseringa.

62.

Statsrådets redogörelse RSk 4/2013 rd – SRR 5/2012 rd side 36.

63.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 8. Tala byggjer på 850 svar.

64.

Sjå pressemeldinga http://kauppa.fi/swe/pressmeddelande/de_fria_oeppettiderna_har_oekat_konkurrensen_och_underlaettat_konsumenternas_vardag_25884 besøkt 6. oktober 2017. «I början av året avvecklades den finska detaljhandelns överdrivna reglering när öppettiderna inom handeln blev fria. Bland annat OECD har flera gånger anmärkt att regleringen begränsar konkurrensen inom handeln i Finland. Nu har konkurrensen äntligen ökat, visar Finsk Handels utredning. Drygt 80 procent av dagligvarubutikerna (inkl. varuhus och kiosker) och nästan hälften av fackbutikerna tycker att konkurrensen har blivit hårdare på grund av öppettiderna.

Den ökade konkurrensen gläder naturligtvis inte alla företag inom handeln, speciellt eftersom de små dagligvarubutikernas och kioskernas försäljning har minskat. 56 procent av dagligvarubutikerna tycker att de fria öppettiderna är ett sämre alternativ än den tidigare regleringen. När fördelningen av de företag som motsätter sig och de som stöder fria öppettider viktas med antalet anställda, ändras bilden emellertid helt och hållet. De dagligvarubutiker som stöder fria öppettider sysselsätter 94 procent av arbetstagarna i branschen.»

65.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 8–11. I rapporten blir det peikt på at fråværet av endringar i sysselsetjinga kan komme av at butikkane ikkje fullt ut har nytta høvet til å utvide opningstidene, men det blir ikkje vist til nokon dokumentasjon av dette. Dei endringane som har vore, kan komme av konjunkturoppgang.

66.

Sjå òg oversendinga av Utredning om konsekvenser av å frigjøre butikkers åpningstider samt situasjonen for små foretak i kjøpesentre side 3.

67.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 10. Dette kan komme av at butikkane ikkje fullt ut har nytta høvet til å utvide opningstidene.

68.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 13.

69.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 10–11.

70.

Statsrådets redogörelse RSk 4/2013 rd – SRR 5/2012 rd side 25–27. Sjå òg proposisjonen RP 88/2015 rd side 7.

71.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 12–13.

72.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 11–12.

73.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 15–16. Tala byggjer på 850 svar. Fordi over 80 prosent ikkje hadde utvida opningstidene, er det få svar bak prosentane til dei resterande.

74.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 13–14. Tala er baserte på 409 svar.

75.

Statsrådets redogörelse RSk 4/2013 rd – SRR 5/2012 rd side 27–28.

76.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 14–15. Tala byggjer på 2300 svar.

77.

Statsrådets redogörelse RSk 4/2013 rd – SRR 5/2012 rd side 28–30. Det blir vist til dette i proposisjonen RP 88/2015 rd side 8.

78.

Arbeids- og næringsministeriet: Bakgrunnsmemorandum (juni 2017) side 17–18. Tala byggjer på 2004 svar.

79.

Statsrådets redogörelse RSk 4/2013 rd – SRR 5/2012 rd side 34–35. Tala baserer seg på svar frå 2000 personar over 15 år.

80.

Sjå side 51–53 i Alsos og Olberg: Åpningstider og arbeidstider i varehandelen (Fafo-notat 2012: 10) Rapporten er skriven før liberaliseringa i 2016. Allmenngjering vil seie at heile eller delar av ein tariffavtale gjeld for alle som utfører den typen arbeid som avtalen regulerer. https://snl.no/allmenngj%C3%B8ring, besøkt 3. oktober 2017.

81.

På 1700-, 1800- og 1900-talet var opningstidsreguleringa å finne i straffelova. Forboda gjaldt sabbaten, ikkje kvardagane, sjå Statsrådets redogörelse RSk 4/2013 rd – SRR 5/2012 rd side 2.

82.

Sjå Detaljhandelns utveckling. Statsrådets redogörelse för strukturen hos och förändringarna inom detaljhandeln samt specialfrågorna kring handeln (2006) side 41.

83.

Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 12.

84.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 6.

85.

Sjå side 51–53 i Alsos og Olberg: Åpningstider og arbeidstider i varehandelen (Fafo-notat 2012: 10)

86.

Ot.prp. nr. 75 (1996–97) punkt 2.6.

87.

Sjå proposisjonen RP 88/2015 rd side 2. Om finsk rett, sjå Kulturdepartementets høyringsnotat frå mars 2015 side 6. Sjå også side 52 i Alsos og Olberg: Åpningstider og arbeidstider i varehandelen (Fafo-notat 2012: 10).

88.

Sjå proposisjonen RP 88/2015 rd side 2.

89.

Ifølgje det finske finansdepartementet fungerte 400 m²-regelen greitt, men ein såg at næringsdrivande bygde lokale som var mindre enn dei elles ville gjort, for å komme inn under unntaket. I proposisjonen om liberalisering blei det framheva at liberaliseringa ville føre til at storleiken på lokala i framtida ville bli basert på kommersielle og ikkje juridiske vurderingar: «I och med reformen kommer företagen också att kunna välja storleken på sin affärslokal endast utifrån affärsverksamhetsmässiga kriterier samt välja sina öppettider utifrån kundernas behov och förutsättningarna för affärsverksamhet och på detta sätt bättre påverka sin konkurrensposition.» Sjå proposisjonen RP 88/2015 rd side 12.

90.

Dispensasjonane gjaldt både enkeltsaker, turiststader og lufthamner, sjå Statsrådets redogörelse RSk 4/2013 rd – SRR 5/2012 rd side30–32.

91.

Sjå proposisjonen RP 88/2015 rd side 3.

92.

Sjå proposisjonen RP 88/2015 rd side 4.

93.

Statsrådets redogörelse RSk 4/2013 rd – SRR 5/2012 rd side 13 og 36.

94.

Statsrådets redogörelse RSk 4/2013 rd – SRR 5/2012 rd side 19.

95.

UDs reiseinformasjon om Island, besøkt 25. august 2017.

96.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 6.

97.

Inger Jonsson: Deltidsarbete inom svensk Detaljhandel: en genuskritisk studie av arbetstidsmönster – Uppsala papers in economic history Research report no 51, 2004. I realiteten døydde nok saka på partikongressen til det sosialdemokratiske partiet i 1989.

98.

Motion 2004/05:A237 http://www.riksdagen.se/sv/dokument-lagar/dokument/motion/affarstider-och-folkhalsa_GU02A305 besøkt 29. november 2017

99.

Utvalet foreslo meir distribusjonsøkonomisk forsking, meir forbrukaropplysning, utdanning for butikktilsette, oppheving av reglane som gjorde at kommunane kunne hindre butikkane i å halde opent til kl. 21 éin kveld i veka, og oppheving av reguleringa av sal frå automat. Utvalet peikte vidare på at bransjen kunne gi kundane lågare prisar som følgje av effektiviseringa med sjølvbetente butikkar, og opne for kvantumsrabattar.

100.

Jan V. Bergqvist i møtet med utvalet. I Sverige har dei to omgrep som vi ikkje har i norsk: Köpcentrum vil seie einingar som er eigde og forvalta samla, ofte utforma som eit galleri eller såkalla mall. Døme: Kista, Täby C og Mall of Scandinavia. Døme i Noreg: Oslo City. Handelsområden vil seie samanhengande område for storhandel. HUIs definisjon krev minst fem butikkeiningar og 5000 m2 detaljhandel. Døme i Sverige: Barkarby og Kungens Kurva. Døme i Noreg: Alnabru.

101.

Eldre kjelder peiker på at varehus og enkelte daglegvarebutikkar heldt opent på søndagar. Sjå Innst. O. nr. 46 (1997–98) punkt 2.12. SOU 1991: 10 side 27 viste ein stor auke i søndagsopent frå 1974 til 1989, særleg for varehus og daglegvarebutikkar.

102.

Jan V. Bergqvist i møte med utvalet.

103.

Tal frå 1989 tyder på at søndagshandel den gongen var suppleringshandel, sjå SOU 1991: 10 side 117–118. Dette har endra seg.

104.

SOU 1977: 72 side 9.

105.

Sjå NOU 1984: 13 side 105–107 om svensk rett i 1984.

106.

Rapporten er oppsummert til Stortinget i Ot.prp. nr. 75 (1996–97) punkt 2.6. SIFO sin oppsummering står i SIFO 1997 side 97-103.

107.

Svensk Handel: Deregulated shop opening hours: the Swedish experience (2013)

108.

OECD-rapport Pilat, D (1997) side 39: «the employment effects of longer opening hours are unequivocally positive.»

109.

Sjå SOU 1977: 72 kapittel 2 for ein grundig gjennomgang. Sjå SOU 1991: 10 side 23–24 om perioden rundt opphevinga og fram til utgreiinga og Ot.prp. nr. 9 (1984–85) side 14–15 om svenske erfaringar frå denne perioden. Sjå side 11–13 i det trykte vedlegget til Ot.prp. nr. 43 (1964–65).

110.

Ot.prp. nr. 43. (1964–65) side 11.

111.

Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 12.

112.

Evaluering av opningstidslova side 3–4 og 16. Lova lista tidlegare opp moment som måtte vurderast, men no er det det generelle kravet til utgreiing i forvaltningslova som gjeld. Kommunane sin organisasjon VNG (som KS i Noreg) har utarbeidd ei rettleiing til slike drøftingar og ein mal for lokale vedtekter. Det ser ut til at dei tilsette i mykje mindre grad enn butikkeigarar blir involverte i dei lokale vurderingane, sjå Evaluering av åpningstidsloven side 33–35.

113.

Ifølgje det nederlandske finansdepartementet vil lova bli oppheva. Sjå Evaluering av åpningstidsloven side 17–19.

114.

Utvalet har hatt nytte av ein Fafo-rapport om nederlandsk opningstidsregulering og arbeidsrett, sjå Kristin Alsos og Dag Olberg: Åpningstider og arbeidstid i varehandelen (Fafo-notat 2012: 10). Lovreguleringa er endra etter 2012. Fafo nytta eit underlag om nederlandsk arbeidsrett av Robert van het Kaar ved Amsterdam University.

Utvalet har også konsultert nederlandske styresmakter, særleg Sosial- og sysselsetjingsministeriet, Ministerie van Sociale Zaken en Werkgelegenheid (Ministry of Social Affairs and Employment), og kan mellom anna vise til e-postar frå medarbeidaren Karel Stoker 7. august 2017. Ministeriet har nyansert noko av det som går fram av underlagsrapporten, sjølv om rettstilstanden ikkje er vesentleg endra sidan 2012.

115.

Sjå Evaluering av åpningstidsloven side 19–22.

116.

Utvalet stilte spørsmålet: «How can one explain the finding on page 83 and figure 80 of Evaluatie Winkeltijdenwet that 24 percent (N = 1558) feel pressured to working on Sundays?» I e-posten frå ministeriet blir dette forklart slik: «In particular in the smaller businesses, with only a few employees, especially when they are older and not used to work on Sundays, this may be the case. Although they are protected by the law and although they may refuse and although they may not be fired because of their refusal, in practice it will be seen as a lack of solidarity and may have negative consequences for their job and carrier. If go to court they will ‘win’, but the relation with the employer will be disturbed. So in general they don’t.»

117.

Evaluering av åpningstidsloven (2017). Opphavleg tittel: Evaluatie Winkeltijdenwet av BMC onderzoek, november 2016. Rapporten har eit visst konsulentpreg (som motsetning til forskarpreg) ved at han inneheld ei mengd diagram og teksten gjentek det som kan lesast ut av kakene og søylene. Mykje av dei 109 sidene går med til dette. Til lesinga av den norske omsetninga av evalueringsrapporten:

Side 18: Det er tale om bedriftsutval, sjå https://snl.no/bedriftsutval, ikkje arbeidsmiljøutval.

Side 101 og andre stader: 'Horeca' står for hotell-, restaurant- og cateringbransjen. Vi har ikkje eit norsk ord som er dekkjande.

Side 102. Å gi dei besøkjande tryggleik ('sikkerhet') dreier seg om at dei skal kunne vite når butikkane er opne og ikkje.

118.

Evaluering av åpningstidsloven side 29–33.

119.

Evaluering av åpningstidsloven side 44.

120.

Evaluering av åpningstidsloven side 50.

121.

Evaluering av åpningstidsloven side 46. Tala byggjer på 497 svar.

122.

Evaluering av åpningstidsloven side 4 og 50. Tala byggjer på 240 svar.

123.

Evaluering av åpningstidsloven side 48. Tala byggjer på 246 svar.

124.

Evaluering av åpningstidsloven side 49. Tala byggjer på 243 svar.

125.

Per mai 2017 er saka stilna i media, ifølgje det nederlandske finansministeriet. Det kristelegdemokratiske partiet er oppteke av saka, medan den liberale statsråden ikkje ønskjer at staten skal blande seg opp i kontraktar mellom næringsdrivande.

126.

Evaluering av åpningstidsloven side 53. Tala byggjer på 240 svar.

127.

Evaluering av åpningstidsloven side 54.

128.

Evaluering av åpningstidsloven side 56.

129.

Evaluering av åpningstidsloven side 2.

130.

Evaluering av åpningstidsloven side 57–58

131.

Evaluering av åpningstidsloven side 58–59. Tala byggjer på 238 svar.

132.

Evaluering av åpningstidsloven side 70. I undersøkinga (sjå spørjeskjemaet side 130) blei folk spurde om dei liker å arbeide søndagar, medan det i brødteksten (sjå side 70) står at to tredelar av respondentane ikkje synest det er greitt å arbeide på søndagar. Den nederlandske teksten på side 70 nyttar eit ord som er nærare 'ubehagelig' (bokmål), 'ikkje hyggjeleg' eller 'unpleasant' (engelsk). Med andre ord har valet vore mellom anten å like søndagsarbeid eller å mislike det.

133.

Evaluering av åpningstidsloven side 75. Fleire svar var moglege. Religion og livssyn blei nemnd av 12 og 9 prosent av dei spurde. 1560 svar.

134.

Evaluering av åpningstidsloven side 69.

135.

Evaluering av åpningstidsloven side 82. Presset er mindre i daglegvarebutikkar enn i andre butikkar, sjå side 89.

136.

Evaluering av åpningstidsloven side 83.

137.

E-post 24. november 2017 frå Sam Groen i FNV.

138.

SOU 1977: 72.

139.

Lova blir handheva av Algemene Directie Economische Inspectie. (Directorate-General Economic Inspection). Hit viser det lokale politiet gjerne saker, sjølv om dei har fullmakter til sjølve å følgje opp. Publikum kan melde saker til meldpunt.belgië.be.

140.

«Art. 8. L'accès du consommateur à l'unité d'établissement, la vente directe de produits ou de services au consommateur et les livraisons à domicile sont interdits pendant une période ininterrompue de vingt-quatre heures commençant le dimanche à 5 heures ou à 13 heures et se terminant le lendemain à la même heure.»

141.

E-post frå Marita Windmolders i direktoratet FPS Economy, S.M.E.s, Self-employed and Energy.

142.

Cannes, Deauville, Nice, Saint-laurent-du-Var, Cagnes-sur-mer, Serris («Val d’Europe») Antibes, Dijon og La Baule-Escoublac.

143.

I England og USA blir opningstidsregulering på søndagar omtale som «blue laws». I USA har religion vore ein sentral faktor i diskusjonane om handel på søndagar, sjå til dømes Shulevitz 2010 side 189–194.

144.

Personleg informasjon (e-post) frå Graham Wynn i British Retail Consortium.

145.

Høyringsnotat frå Kulturdepartementet 27. mars 2015.

146.

Retten til «søndagsro» står ikkje eksplisitt i grunnlova, men kjem frå artikkel 139 i Weimar-forfatninga frå 1919, som i sin tur er ført vidare (inkorporert) i den noverande tyske grunnlova, jf. artikkel 140. Dermed er søndagsro rettsleg verna også i dag.

147.

Avgjerda blir oppfatta som spektakulær av to grunnar. For det første går ho mot den allmenne rettsvitskaplege oppfatninga om at vernet av søndagsroa berre er «forfatningslyrikk». Forfatningsdomstolen har tvert imot komme til at søndagsroa byggjer på ein så inngrodd historisk og forfatningsrettsleg tradisjon at ho ikkje kan skuvast til side av ei opningstidslov. For det andre knyter dommarane vernet av søndagen til to andre grunnlovsartiklar: vernet av arbeidstakarane og vernet av familien. Altså dreier det seg om ein grunnrett i heile samfunnet til ein roleg søndag. Til dømes kristne som føler seg forstyrra i trusutøvinga, eller arbeidstakarar som blir tvungne til å arbeide på søndag, har dermed rett til å klage dersom dei føler at søndagsroa blir krenkt.

Til forsida av dokumentet