NOU 2017: 17

På ein søndag? — Reglane om søndagshandel og konsekvensane av endringar

Til innhaldsliste

4 Gjeldande rett om kjøp og sal på søn- og høgtidsdagar (heilagdagslova)

4.1 Opptakt

Opningstidsreglane spring ut av særstillinga søndagen har som religiøst definert kviledag.1 Kvile er ein verdi, slik også fridom er ein verdi. Ei lov som seier kva innbyggjarane ikkje kan bruke tida si til, grip inn i liva våre. Ei god lov kan leggje gode rammer for eit godt liv, men det skal mykje til at ikkje folk sjølv best finn ut av kunsten å leve eit godt og meiningsfullt liv. Eit menneske er verdt meir enn det ho eller han produserer eller rekk å gjere. Stadig å skulle oppleve, gjere og kommunisere kan svekkje kontakten både med oss sjølve og med våre næraste. Spørsmålet er om ei lov kan hjelpe oss med å halde på denne kontakten.

I tillegg til å setje rammer for kva vi kan kjøpe til ulike tider, fordeler heilagdagslova § 5 mange millionar kroner i omsetning mellom aktørane i varehandelen.

4.2 Lovgrunnlaget for kjøp og sal av varer på søn- og høgtidsdagar

4.2.1 Hovudregelen

Lov 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred § 5 regulerer sal frå faste utsalsstader på heilagdagar. Hovudregelen er:

«På helligdager skal faste utsalgssteder som selger varer til forbrukere, holde stengt. På jul-, påske- og pinseaften skal de stenge kl. 16.»

Etter at butikken er stengd for kundar, kan dei tilsette gjere opp kassa, fylle på varer, osv.2

4.2.2 Arbeidsmiljølova

Lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova) regulerer i kapittel 10 både lengda på og plasseringa av arbeidstida. Nattarbeid vil seie arbeid mellom kl. 21–06. Det skal også vere arbeidsfri frå kl. 18 laurdag kveld, sjå nærare aml. § 10-10.

4.2.3 Heilagdagsfreden

Når det er heilagdagsfred, har styresmaktene heimel å gripe inn mot utilbørleg larm, jf. § 3. Forbodet mot utilbørleg larm gjeld overalt og så lenge heilagdagsfreden varer. Heilagdagsfreden varer heile døgnet alle søndagar og ti namngitte dagar og tek til kl. 16 på påskeaftan, pinseaftan og julaftan sjølv om dette ikkje er heilagdagar.

Vernet om heilagdagsfreden er særleg sterkt nær ei kyrkje eller tilsvarande. I tillegg til å unngå unødig larm skal ein ikkje drive forstyrrande arbeid eller unødig verksemd nær ei kyrkje på heilagdagar. Typiske døme på støy er motorgrasklippar, høgtrykksspylar og motorsag i bustad- og hytteområde, jf. særmerknadene i Ot.prp. nr. 84 (1993–94). Heilagdagsfreden er eit vern mot støy og ikkje til hinder for fysisk aktivitet som å slå på tv-en, vaske vindauga eller mosjonere, eller aktivitet som fører med seg lys eller lukt. Normal ferdsel og å utføre arbeid som ikkje kan utsetjast, er heller ikkje brot på heilagdagsfreden.

Hovudregelen er at offentlege arrangement er forbode mellom kl. 06–13, men det er omfattande unntak frå dette forbodet, sjå § 4.3 Heilagdagslova § 4 ligg utanfor mandatet til utvalet.

4.2.4 EØS-avtalen

EU-domstolen har slått fast at eit nasjonalt regelverk om opningstider høyrer inn under nasjonal kompetanse og derfor ikkje blir påverka av fellesskapsretten. Reguleringa av opningstidene til butikkar vil derfor truleg ikkje vere problematisk ut frå dei pliktene Noreg har etter EØS-avtalen.4 Dette blei òg lagt til grunn då Danmark endra opningstidsreglane sine.5

Derimot kan det vere problematisk om norsk rett set grenser for å bestille eller få levert varer frå EU-land.6 Europaparlamentet vedtok i april 2017 eit utkast til reglar mot såkalla Geo-blocking. Reglane skal sikre at dei som kjøper varer og tenester frå eit anna EU-land, blir behandla som lokale kundar.7

4.2.5 Andre rettskjelder

Det er relativt få rettskjelder utanom lover, proposisjonar og innstillingar til Stortinget på dette rettsområdet. Det finst nokre få, eldre dommar. Departementet og lovavdelinga har uttalt seg om lova, sjå fortløpande nedanfor. Sivilombodsmannen har ikkje uttalt seg i saker om heilagdagslova av 1995 eller opningstidslova av 1999.8

4.3 Dei kyrkjelege høgtidsdagane (heilagdagane)

Heilagdagslova fastset i § 2 bokstav a til k kva som er heilagdagar i Noreg:

  1. vanlige søndager,

  2. nyttårsdag (1. januar),

  3. skjærtorsdag (siste torsdag før første påskedag),

  4. langfredag (siste fredag før første påskedag),

  5. første påskedag (første søndag etter første fullmåne som inntreffer på eller etter 21. mars),

  6. annen påskedag (første mandag etter første påskedag),

  7. Kristi Himmelfartsdag (sjette torsdag etter første påskedag),

  8. første pinsedag (sjuende søndag etter første påskedag),

  9. annen pinsedag (første mandag etter første pinsedag),

  10. første juledag (25. desember),

  11. annen juledag (26. desember).

På heilagdagar skal det vere ro med unntak som følgjer av lova. Talet på, plasseringa av og namnet på heilagdagane er ikkje omfatta av mandatet til utvalet. Om ord og omgrep, sjå vedlegg 1.

4.4 Dei særskilde heilagdagane

Vanlege søndagar er å rekne som heilagdagar. Dei særskilde heilagdagane er dei ti som berre kjem éin gong i året: nyttårsdag, skjærtorsdag, langfredag, første påskedag, andre påskedag, Kristi Himmelfartsdag, første pinsedag, andre pinsedag, første juledag og andre juledag.

4.5 Første og syttande mai

Første og syttande mai er regulerte i ei eiga lov: lov 26. april 1947 nr. 1 om 1. og 17. mai som høgtidsdager. Lova høyrer inn under Arbeids- og sosialdepartementet.

Det er ikkje heilagdagsfred på desse to dagane, men reglane om sal frå fast utsalsstad gjeld tilsvarande, sjå § 1 andre ledd. For faste utsalsstader er dagen før 1. og 17. mai å rekne som vanleg dag med dei reglane som gjeld den aktuelle vekedagen, sjå § 2. Fordi heilagdagslova § 4 ikkje gjeld for 1. og 17. mai, kan det lovleg arrangerast veddeløp, sportsstemne osv. heile 1. og 17. mai. Til dømes er Teknisk museum i Oslo opent på 1. mai.

4.6 Påskeaftan, pinseaftan og julaftan

Julaftan, påskeaftan og pinseaftan er ikkje heilagdagar, men heilagdagsfreden tek likevel til å gjelde klokka 16 desse dagane, sjå heilagdagslova § 3 og nærare nedanfor. Butikkar skal stengje klokka 16, sjå § 5 første ledd, med unntaka som følgjer av andre ledd.

4.7 Dei tre siste søndagane før jul

Alle butikkar kan halde opent dei tre siste søndagane før julaftan mellom kl. 14–20. Dersom julaftan fell på ein søndag, er det ikkje høve til å halde opent julaftan, men derimot første søndag i advent.

Tabell 4.1 Oversikt over gjeldande rett etter heilagdagslova § 4 og 5

Dei tre aftnane

Vanlege søndagar

Førstedagar og særlege dagar

Andredagar

Tre siste søndagar før jul

Heilagdagsfred

Kl. 16–24

Heile døgnet. Særlege forbod kl. 06–13

Heile døgnet. Særlege forbod kl. 06–13

Heile døgnet. Særlege forbod kl. 06–13

Heile døgnet. Særlege forbod kl. 06–13

Påbod om å halde stengt

Etter kl. 16

Heile døgnet

Heile døgnet

Heile døgnet

Før kl. 14 og etter kl. 20

Unntaka som tillèt butikkane å halde opent

Kiosk- og daglegvare ≤ 100 m2, bensinstasjonar ≤ 150 m2, turiststader, hagesenter, campingplassar, lufthamner, varemesser, kunstgalleri, husflid og suvenirar osv.

Kiosk- og daglegvare ≤ 100 m2, bensinstasjonar ≤ 150 m2, turiststader, hagesenter, campingplassar, lufthamner, varemesser, kunstgalleri, husflid og suvenirar osv.

Kiosk- og daglegvare ≤ 100 m2, bensinstasjonar ≤ 150 m2, turiststader, hagesenter, campingplassar, lufthamner, varemesser, kunstgalleri, husflid og suvenirar osv.

Kiosk- og daglegvare ≤ 100 m2, bensinstasjonar ≤ 150 m2, turiststader, hagesenter, campingplassar, lufthamner, varemesser, kunstgalleri, husflid og suvenirar osv.

Kiosk- og daglegvare ≤ 100 m2, bensinstasjonar ≤ 150 m2, turiststader, hagesenter, campingplassar, lufthamner, varemesser, kunstgalleri, husflid og suvenirar osv.

4.8 Fast utsalsstad

Faste utsalsstader som sel varer til forbrukarar, skal halde stengt på heilagdagar etter § 5 første ledd. Omgrepet «fast utsalsstad» går tilbake til lov om lukningstid for utsalgssteder frå 1913 og er sentralt når det gjeld å fastsetje rekkjevidda av forbodet mot kjøp og sal på søn- og høgtidsdagar.

Påbodet om å halde stengt omfattar ikkje sal til næringsdrivande og heller ikkje sal av tenester. Det er med andre ord ikkje noko forbod mot å få klipt håret på søndag formiddag, bli tatovert på langfredag, få kjolen reinsa på andre pinsedag eller ta imot råd på eit advokatkontor på søndag kveld.

4.8.1 Utsalsstader som klart er omfatta av omgrepet «fast utsalsstad»

Sentrale døme på faste utsalsstader som er omfatta av forbodet, er:

  • Butikkar med fire vegger, dør, lås, tak og golv.9 Ein fast utsalsstad må framstå som ei sjølvstendig eining.

  • Utsalsstader der kunden sjølv hentar varer som er bestilt frå butikken per telefon eller nett. Er lokalet først ein fast utsalsstad, kan det ikkje gå over til å vere ein hentestad etter stengjetid.

  • Såkalla klikk og hent. Det er sal frå fast utsalsstad dersom kunden går inn på nettstaden og reserverer vara, men først forpliktar seg til kjøpet i butikken og betalinga og overleveringa skjer der.10

  • Telt eller liknande på ein parkeringsplass eller liknande knytt til butikk (med butikken som varelager og personalrom) som har sal av dei same varene til forbrukarar som si alminnelege verksemd.

Det speler inga rolle om verksemda på søn- og høgtidsdagar ikkje lèt kundane kjøpe eller bestille varer og avgrensar seg til å sleppe kundane inn for å demonstrere varer i såkalla visingsrom («show rooms»).11 Sjølv om det ikkje blir selt eller bestilt varer der, kan ei verksemd med andre ord vere omfatta av omgrepet «fast utsalsstad». Lovavdelinga viser til at omsynet til arbeidarvern «taler for at bestemmelsene om åpningstid gjelder for alle utsalgssteder, uavhengig av hva slags virksomhet som drives der, i den grad virksomheten krever at de ansatte ved utsalgsstedet er til stede».12

Er det først ein fast utsalsstad, skal han vere stengd i tråd med § 5. Ei verksemd kan ikkje gå over frå sal til servering eller utleige når påbodet om å stengje i § 5 tek til å gjelde.13

4.8.2 Utsalsstader som klart ikkje er omfatta av omgrepet «fast utsalsstad»

  • Sal frå handkjerre, kasse og koffert, med andre ord varer som blir frakta rundt.14

  • Sal frå bil som køyrer rundt, som fiskebil og isbil.

  • Utandørs julemarknader, som til dømes på Folkemuseet, er ikkje faste utsalsstader, sjølv om ein finn dei same seljarane kvar jul og på fleire julemarknader.

  • Utlevering og heimkøyring av (betalte) varer som er bestilt per post, telefon eller nett. Utleveringa kan ikkje finne stad i utsalsstaden på søn- og høgtidsdagar.

  • Utandørs automat.15 Automatar som står under tak på eit offentleg område (t.d. jernbanestasjon) eller inne i eit transportmiddel (t.d. tog), er unnatekne frå kravet om å halde stengt på søn- og høgtidsdagar. Automatar som står inne i ein utsalsstad som er omfatta av påbodet om å halde stengt, vil folk derimot ikkje ha tilgang til på søn- og høgtidsdagar.

  • Sal av tenester.

  • Sal til næringsdrivande.

  • Serveringsstader har lov til å selje ei avgrensa mengd varer, til dømes kaffikverner og kokebøker.

  • Hentepunkt som ikkje sel eller viser fram varer, men berre leverer ut varer som er bestilt og betalte (til dømes e-handel), er ikkje faste utsalsstader etter heilagdagslova.

4.8.3 Ikkje nok å låse døra til kvardagsbutikken for at han skal bli søndagsbutikk

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet slo i i brev 26. juni 2012 om eit byggjevarehus og hagesenter (Maxbo på Hvam) fast at det ikkje er ei tilstrekkeleg avgrensing av salsflata å låse dørene til dei delane av butikken som er opne resten av veka, sjå sak 12/229:

«Mellom hagesenterets og byggvarehusets lokaler vil det på enkelte steder være dører som vil være låst på søn- og helligdager. På hverdager vil dørene være ulåst, slik at man kan gå gjennom dørene fra den ene butikken til den andre. Dette innebærer, slik departementet ser det, at hagesenteret og byggvarehuset neppe kan anses som selvstendige salgslokaler. Tidligere høyesterettspraksis slår fast at lokale som er avdelt med vegg med avlåst dør, anses som ett utsalgssted, jf. Retstidende 1932 på side 293. Her henvises det også til tidligere avgjørelser som bygger opp under at avlåsing av en dør mellom to lokaler ikke er tilstrekkelig for at lokalene skal anses som to utsalgssteder.»

Det var særleg omsynet til å kunne føre kontroll med opningstida som historisk var grunngivinga for å krevje fysisk skilje mellom lokala. Styresmaktene kunne då utføre kontroll berre ved å sjå på lokalet og vareutvalet, og det var ingen risiko for at dei tilsette henta varer frå nabolokalet. Det måtte derfor vere faste vegger mellom utsalsstader, og dei måtte ha kvar sin inngang.16

4.8.4 Butikkar kan ikkje krympe natt til søndag

Forarbeida gir føringar om at ein utsalsstad må ha eigen inngang og fastmonterte vegger for å kunne halde opent på søn- og høgtidsdagar, sjå Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) punkt 6.1. Kravet om eigen inngang inneber at den faste utsalsstaden som skal halde opent på søn- og høgtidsdagar, ikkje kan bruke den vanlege inngangen til eit større butikklokale. Søndagsbutikken på ≤100 m2 må ha sin eigen, åtskilde inngang. Det hindrar at ein ein større butikk etter stengjetid på laurdag kan byggjast om til ein butikk som kan halde opent på søndagar.17 Det er ikkje tilstrekkeleg å gjere om delar av ein butikk etter stengjetid ved å bruke rørlege skiljevegger eller liknande. Formuleringa «rørlege skiljevegger» er ein illustrasjon på kva som er forbode, ikkje ei avgrensing av forbodet. Ein kan ikkje trekkje ned eit gitter som er fastmontert i taket, for å avgrense salsflata. Likeeins kan ikkje sperreband brukast. Med ei slik mellombels avgrensing av salsflata vil det vere vanskeleg å dokumentere at verksemda held seg innanfor lova. Det følgjer av heilagdagslova § 5 fjerde ledd siste punktum at ei verksemd som ikkje kan dokumentere at arealkravet er oppfylt, ikkje er omfatta av unntaket.

Brev 26. juni 2012 frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet gjaldt Maxbo på Hvam:

«Forskjellig vareutvalg, eget navn for hagesenteret samt adskilt salgs- og bokføringsmessig registrering er momenter som vil kunne peke i retning av at en har å gjøre med to individuelle enheter under samme tak. Slik departementet ser det, vil en ombygging av byggvarehuset som skissert, på den andre siden kunne ha et visst preg av å være en tilpasning til regelverket. Vareutvalget i byggvarebutikker og i hagesentre kan også i noen grad overlappe hverandre. Dette kan bidra til å svekke inntrykket av to individuelle enheter under samme tak.»

Departementet tok ikkje stilling til kva handlingsrom Maxbo på Hvam hadde til å etablere eit hagesenter i delar av lokalet som kunne ha lovleg opent på søn- og høgtidsdagar.

Fylkesmannen i Oslo og Akershus gjekk inn i saka i brev 15.11.2012 til advokatfirmaet BAHR, som representerte Maxbo. Fylkesmannen viste til brevet frå departementet, gjorde greie for rettskjeldene over fleire sider og skreiv:

«Fylkesmannen på sin side oppfatter den konkrete løsningen som fremgår i søknaden som en selvstendig enhet som kan være åpen når resten av byggevarehuset er stengt. (…) Vi ser på den skisserte konkrete løsningen som en tilpasning til dagens gjeldende regelverk hvor unntak fra søndagsstengte butikker, er regulert i 2. ledd nr. 9.»

Fylkesmannen la vekt på at det var mogleg å kontrollere kva som blei omsett, ved at det søndagsopne hagesenteret hadde eiga kasse, at kundane på søn- og høgtidsdagar oppfatta hagesenteret som noko anna enn byggjevarehuset, at kundane ikkje kunne sjå vareutvalet i byggjevarehuset frå hagesenteret på søn- og høgtidsdagar, at dei to einingane hadde kvar si bokføring, og at hagesenteret hadde eiga skilting. Fylkesmannen ser ut til å meine at løysinga Maxbo skisserte, var ei akseptabel tilpassing til regelverket.18

4.8.5 Ikkje like strenge krav til søndagsopen butikk i eit søndagsstengt kjøpesenter

Eit kjøpesenter har hovudinngangar til senteret og dører eller opningar inn til kvar av butikkane. Dei interne veggane i eit kjøpesenter er gjerne meir flyttbare og fleksible enn yttervegger og går ikkje alltid frå golv til tak. Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) omtaler kva som gjeld i kjøpesenter, sjå punkt 6.1:19

«Utsalsstader som ligg i butikksenter/kjøpesenter, skal i forhold til lova betraktast som individuelle einingar. Kioskar og daglegvareforretningar i butikksenter/kjøpesenter som ikkje har eigen inngang eller fast monterte vegger, kan halde ope utanom dei alminnelege opningstidene i lova under føresetnad av at dei tilfredsstiller arealkravet og i forhold til andre utsalsstader står som ei naturleg eining.»

Unntaket inneber at hovudinngangen til senteret kan vere open på søn- og høgtidsdagar, men at berre butikkar som er omfatta av unntaka i § 5, kan halde opent. Departementet legg her opp til ei konkret vurdering.

4.8.6 Sal frå automatiserte utsalsstader

Ein automatisert utsalsstad er til dømes eit lokale utan tilsette der kunden låser seg inn via innsjekking på mobil, kort eller kode, sjølv registrerer varene og betaler med kort eller mobil. Det som skil dette frå hentepunkt utan tilsette, er at kjøpet skjer på utsalsstaden (ikkje på nettet) og at kunden plukkar, pakkar og tek med seg varene sjølv.

Dersom utsalsstaden er open og har tilsette i kassa måndag til laurdag, er det etter heilagdagslova ein utsalsstad som må halde stengt på søn- og høgtidsdagar. Dersom dei tilsette aldri ekspederer eller hjelper kundar på vanleg måte, kan det argumenterast for at det er tale om ein automat og ikkje ein utsalsstad som er omfatta av heilagdagslova § 5.20 Dei tilsette har her ei rolle som liknar den å fylle på ein brusautomat, og for dei som gjer denne jobben, gjeld dei vanlege arbeidstidsreglane i arbeidsmiljølova, ikkje unntaket for utsalsstader.21

4.9 Visingsrom, hentepunkt, utlevering og heimkøyring

4.9.1 Kva gjer e-handel annleis enn sal frå fast utsalsstad?

Heilagdagslova § 5 regulerer sal frå fast utsalsstad, den dominerande forma for sal i varehandelen. Postordresal har eksistert i mange år, men det har ikkje vore vanleg med levering av varer på søndagar. Med nettbutikkane er det no meir vanleg å få til dømes matvarer direkte leverte på døra også på søndagar.

Utlevering eller henting av varer som er bestilt på nettet, utfordrar reguleringa i heilagdagslova § 5. Reguleringa er knytt til eit lokale som lèt seg avgrense fysisk. Ein kan dermed bestemme når det skal vere opent for publikum, og når det skal vere stengt. Heile kjøpet har til no fysisk skjedd inne i lokalet. Ved e-handel kan alle delane av eit kjøp gjerast utanfor utsalsstaden og utan å vere omfatta av forboda i heilagdagslova, sjå tabell 4.2. Spørsmålet er om ein kan regulere opningstidene på same måte som før og forvente effekt av eller respekt for reglane.

Tabell 4.2 Samanlikning av prosessen med kjøpsavtalen og overlevering av varene ved sal frå fast utsalsstad og netthandel

Kva

Kvar

Når

SAL FRÅ FAST UTSALSSTAD

Eksponering for varene

I butikken

Medan ein er i butikken, eller utanom opningstida gjennom vindauget

Avgjerd om å kjøpe (ta med varene til kassa)

I butikken

Medan ein er i butikken

Betaling

I butikken

Medan ein er i butikken

Overlevering av varene

I butikken

Medan ein er i butikken

NETTHANDEL

Eksponering for varene

Kvar som helst: Internett (også på mobil), utstilling, butikk, hos vener, blad

Når som helst

Avgjerd om å kjøpe (bestilling)

På nettet1

Når som helst

Betaling

Mobilbetaling, kort eller faktura, alt etter vilkåra i nettbutikken

Når som helst, normalt før ordren blir send til ekspedering

Overlevering av varene (kjøparen tek over risikoen)

Tilkøyring (levering) eller henting på avtalt stad

Når som helst, til tida som blir avtalt

1 Ein kan òg sjå for seg at bestillinga skjer i noko som liknar ein utsalsstad, med bilete av produkta, men der varene blir leverte ut nærare heimen, til dømes på jernbanestasjonen etter heimreisa.

4.9.2 Tidspunkt for bestilling, plukking, pakking og levering/henting

Kundar som var inne i utsalsstaden på tidspunktet for stenging, kan få handle ferdig og betale, sjå Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 7:

Boks 4.1 Utfordring nr. 1 ved gjeldande rett:

Varer som ikkje kan kjøpast i butikk på søn- og høgtidsdagar, kan e-handlast og leverast ut på søn- og høgtidsdagar. Sjå nærare kapittel 5.1.

«Det er antatt at kunder som er inne i en forretning når lukketiden inntrer kan betjenes. Utenom den tillatte åpningstid kan det utføres annet arbeid i lokalene og det kan tas imot telefonbestillinger, men varer etter disse telefonbestillinger kan ikke utleveres før neste tillatte åpningstid. Telefonbestillinger som er mottatt i den tillatte åpningstid, kan derimot effektueres etter at butikken er lukket.»

At butikken kunne «effektuere» bestillinga, inneber truleg at dersom dei tilsette hadde teke imot ordren i ordinær opningstid, kunne varene blitt plukka, pakka og levert til kunden utanom opningstida.22 Med formuleringa «etter at butikken er lukket» meinte departementet truleg etter stengjetid, ikkje søn- og heilagdagar.23

Heilagdagslova regulerer når ein butikk kan vere open for kundar. E-handel med daglegvarer inneber at nokon plukkar fram varene og legg dei i poser eller esker, og at andre køyrer varene til kunden eller plasserer dei klare til henting på ein stad med tilsette (til dømes ein bensinstasjon) eller automatiske lokale (konteinarar eller hengjarar som kan opnast med kode).24

I ein daglegvarebutikk som har lov til å halde opent på søn- og høgtidsdagar, kan dei tilsette plukke, pakke og distribuere kiosk- og daglegvarer. Spørsmålet er om dei tilsette ved ein utsalsstad som må halde stengt på søn- og høgtidsdagar, kan plukke, pakke og distribuere kiosk- og daglegvarer på søndagar. Arbeidsmiljølova § 10-10 seier: «Arbeid på søn- og helgedager er ikke tillatt med mindre arbeidets art gjør det nødvendig.» Samanhengen mellom opningstidsreglane i heilagdagslova og arbeidsmiljølova taler for at det ikkje er «nødvendig» at ein utsalsstad som har påbod om å halde stengt på søn- og høgtidsdagar, er varelager eller distributør av kiosk- og daglegvarer (eller andre varer) på søn- og høgtidsdagar. Konklusjonen må bli at ein utsalsstad som ikkje har lov til å halde opent for kundar på søn- og høgtidsdagar, ikkje kan vere lager for e-handel på søn- og høgtidsdagar.25

4.9.3 Hentepunkt i fast utsalsstad

4.9.3.1 Henting i utsalsstaden som har selt varene

Dersom ein kunde oppsøkjer ein fast utsalsstad og hentar varer som er bestilt per telefon eller nett, gjeld opningstidsreglane. Med andre ord kan ein utsalsstad ikkje opne på søn- og høgtidsdagar for å levere ut varer som ein kunde har kjøpt på nettet, bestilt over telefon eller kjøpt tidlegare i veka. Ot.prp. nr. 75 (1996–97) var inne på desse spørsmåla i punkt 5 (merknadene til § 1):26

«Bestilling av varer over telefon, internett eller pr post faller utenfor åpningstidslovens virkeområde dersom varene sendes eller bringes til en kunde. Skal kunden selv hente varene på et utsalgssted, må tidspunktet hvor varene hentes ligge innenfor åpningstidsrammene etter loven.»

Heilagdagslova set ei grense for verksemda i ein fast utsalsstad. Ein fast utalsstad vil etter lova alltid vere ein fast utsalsstad, og kan ikkje gå over til å bli tenesteytar etter stengjetida for butikken.

4.9.3.2 Henting av vare i utsalsstad som lovleg kan selje ho

Heilagdagslova stiller krav til storleik og vareslag. Lova bruker verbet «selger». Utlevering av varer som er handla hos andre, vil vere ei tilleggsverksemd. Spørsmålet er om slik tenesteyting kan bli så omfattande at det bryt med påbod eller vilkår i heilagdagslova.

Dersom ein bensinstasjon leverer ut daglegvarer som er bestilt på nettet, vil varene falle inn under avgrensinga kiosk- og daglegvarer. NorgesGruppen eig både Deli de Luca, som sel Esso-bensin, og mange ordinære daglegvarebutikkar. Heilagdagslova er ikkje til hinder for at kundar kan hente ut Meny-varer dei har kjøpt på nettet, på Esso-stasjonar.

4.9.3.3 Henting av vare i utsalsstad som ikkje lovleg kan selje ho

Ein søndagsopen butikk kan levere ut pakkar eller andre sendinga på vegner av ei verksemd som er registrert som tilbydar av posttenester etter postlova, sjå lov 4. september 2015 nr. 91. Både daglegvarebutikkar og Plantasjen driv Post i Butikk for Posten Norge AS.27 Også PostNord AS er registrert tilbydar etter postlova. Posten Norge AS har om lag 1400 postkontor og Post i Butikk i Noreg. PostNord AS har om lag like mange utleveringsstader i Noreg.28

Det er ikkje tvil om at ein søndagsopen butikk kan vere hentepunkt for varer dei sjølve ikkje kunne ha selt, dersom pakkane kjem som postsending. Kva gjeld for varer som ikkje blir sende som postsending? Kan ein lovleg søndagsopen bensinstasjon levere ut varer frå leverandørar som ikkje har lov til å halde opent på søn- og høgtidsdagar, til dømes møblar og elektronikk?

Heilagdagslova § 5 regulerer om utsalsstader kan halde opent på søn- og høgtidsdagar, og avgrensar kva typar varer dei eventuelt kan selje. Lova regulerer ikkje tenester og anna verksemd som kjem i tillegg til det å selje varer. Så lenge varene ikkje blir leverte ut på eit tidspunkt då utsalsstaden skal halde stengt, kan pakken dermed innehalde alle varetypar. Til dømes vil ein bokhandel kunne plassere betalte varer til utlevering hos Narvesen ved sida av, slik at kundane kan hente dei medan bokhandelen er stengd.

4.9.3.4 Er det ei grense for kor dominerande utleveringsverksemda i ein utsalsstad kan bli?

I ein sjølvbetent butikk omfattar kjøpsprosessen plukking, pakking, betaling og transport av varene. Kunden gjer jobben. Kjøpet er avslutta idet kunden tek med seg varene. Leveringa av varene kan òg vere ei sjølvstendig teneste som ikkje er integrert i kjøpsprosessen til kunden. Slik levering kan vere ein del av verksemda til utsalsstaden eller ei sjølvstendig verksemd.29

Når ein utsalsstad utfører distribusjonstenester som utlevering av betalte varer, er det som tillegg til den ordinære verksemda. For å kunne halde opent på søn- og høgtidsdagar kan ei mogleg rettsleg grense vere at distribusjonen ikkje blir ein så dominerande del av verksemda at utsalsstaden mistar sin opphavlege karakter. Dersom ein kjem til at det ikkje er ein fast utsalsstad, må det finnast eit anna rettsgrunnlag enn (unntaka i) heilagdagslova § 5 for at dei tilsette skal arbeide på søn- og høgtidsdagar. Vurderinga av kvar denne grensa går, blir sjølvsagt konkret (og vanskeleg). Arealgrensa som gjeld for ein del av utsalsstadene som held opent på søn- og høgtidsdagar, set visse grenser for kor omfattande utleveringsverksemda kan bli i ein kiosk eller ein bensinstasjon.

4.9.4 Hentepunkt i lokale som ikkje er fast utsalsstad

Frå ei bu som blir sett opp, eller frå ein bil som blir køyrd fram, kan det i utgangspunktet seljast varer heile døgnet og heile veka. Verksemda i bua eller bilen må vere sjølvstendig og ikkje direkte knytt til ein utsalsstad som må halde stengt.30 Det er ikkje lov å stille opp ein bil der ein på søndag leverer ut varer, dersom varene i realiteten blir henta frå ein fast utsalsstad som ikkje har lov til å halde opent. Det må bli tale om ei konkret vurdering, seier lovavdelinga i Justisdepartementet:

«I en slik vurdering vil det være naturlig å se på i hvilken grad driften av salgsboden er avhengig av det faste utsalgsstedet For eksempel i hvilken grad personalet i salgsboden er det samme som i det faste utsalgsstedet, i hvilken grad det faste utsalgsstedet fungerer som lager for salgsboden, i hvilken grad personalet i salgsboden henter vekslepenger og annet som er nødvendig for driften av salgsboden i det faste utsalgsstedet mv.»31

Ein kan levere ut varer heile døgnet og heile veka. Inntektsgrunnlaget for eit slikt hentepunkt vil vere betaling frå leverandørane for sjølve utleveringstenesta.32 Det kan vere tale om til dømes

  • konteinar, hengjar osv.

  • ei sjølvstendig verksemd med eigne lokale som opnar når folk kjem for å hente varene sine

  • ei sjølvstendig verksemd med eigne lokale og faste opningstider

  • ein serveringsstad, eit advokatkontor eller ein frisørsalong som ikkje er omfatta av heilagdagslova

  • ei verksemd eigd av IKEA eller Meny som held opent i sjølvstendige lokale på søn- og høgtidsdagar og berre leverer ut varer for eigaren

4.10 Unntaka frå påbodet om at faste utsalsstader skal halde stengt

4.10.1 Skal unntaka tolkast strengt?

Formålet med heilagdagslova er å «verne om det gudstjenestelige liv og den alminnelige fred på helligdager». Ei føresegn skal normalt tolkast slik at ho ikkje bryt med det som er formålet med lova. Også omsynet til arbeidarvern kan tilseie at unntaka ikkje blir tolka slik at folk må arbeide på søn- og høgtidsdagar.33 Likevel er utgangspunktet for tolkinga av lova som elles dei orda Stortinget har valt, og grunngivinga frå stortingskomiteen og departementet (forarbeida). Det er ikkje grunnlag for å gå ut frå som ei generell norm at unntaka i heilagdagslova § 5 skal tolkast slik at ein vel det alternativet som i størst mogleg grad avgrensar høvet til å halde opent på søn- og høgtidsdagar. Departementet har ved fleire høve slått fast at regelverket ikkje skal tøyast.

4.10.2 Kioskar og små daglegvarebutikkar

Kioskar og daglegvarebutikkar på 100 m2 eller mindre er unnatekne frå forbodet mot å halde stengt på søn- og høgtidsdagar, sjå § 5 andre ledd nr. 1. Fjerde og femte ledd gir reglar om kva for små butikkar som kan halde opent trass i forbodet i første ledd. Arealgrensa er ≤ 100 m2. Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) punkt 6.1 gjer kort greie for at lager, kontor og opphaldsrom for personale ikkje inngår i salsflata. Proposisjonen er klar på at salsareal utandørs ikkje skal reknast med, men det har vore ein viss usemje om kor langt ut på fortauet ein søndagsopen butikk kan plassere varene sine.

Ein butikk kan etablere ein fast og fullt utrusta kiosk og daglegvarebutikk ≤ 100 m2 ved sida av den ordinære butikken. Butikken må i så fall ha eigen inngang og kunne operere sjølvstendig. Butikken kan då vere open på søndagar, høgtidsdagar og alle andre dagar. Utvalet har ikkje funne ut kor mange slike søndagsbutikkar som er stengde resten av veka.

I tidlegare reguleringar av opningstidene var problema knytte til skiljet mellom kiosk- og daglegvarer. Etter gjeldande rett er det éin kategori. Likevel er det nødvendig å sjå på kva som er kiosk- og daglegvarer. Det finst ei yttergrense for kva som kan reknast som kiosk- og daglegvarer. Lova definerer ikkje kva for varetypar som er omfatta av omgrepet, men forarbeida siterer historiske rettskjelder, sjå Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) punkt 6.1:

«Omgrepa kioskvarer og daglegvarer har ingen eintydig definisjon. Ein indikasjon på omgrepet kioskvarer går fram av forarbeida til opningstidslova av 1985, jf. Innst. O. nr. 48 (1984–85), der det står på side 11:
«... tobakk- og røykartikler, aviser, blader og tidsskrifter, bøker, skrivesaker, toalettartikler, hygieniske artikler, sukker- og sjokoladeprodukter, bakeri- og konditorvarer, frimerker, innspilte og uinnspilte lyd- og billedkassetter, film, mineralvann, frukt, souvenirer, husflidsvarer o.l. Videre menes pølsebod- eller gatekjøkkenvarer som pølser, hamburgere, kylling, pommes frites, eller andre varer som er beregnet på å fortæres på stedet».
I lov 6. juni 1980 nr. 21 om handelsverksemd § 1-4 andre ledd er det gitt følgjande definisjon på dagligvarer:
«Som dagligvarer regnes matvarer og andre nærings- og nytelsesmidler, dyremat, vaske- og rengjøringsmidler, toalettartikler, husholdningsvarer av papir og plast, bone-, rense- og pussemidler.»
Desse definisjonane må ikkje betraktast som uttømmande og vil heller ikkje vere til hinder for at omgrepa kan omfatte nye varer som den raske produktutviklinga bringar på marknaden. Erfaringane med handhevinga av opningstidslova tilseier at ein ikkje skal binde seg til rigide definisjonar. M.a. av denne grunn er uttrykket i det vesentlige ... kiosk eller dagligvarer teke inn i lovteksten for å gjere det klart at eit avgrensa innslag av andre varer er tillate saman med kiosk- og daglegvarer.»

Utvalet stilte daglegvarekjedene nokre spørsmål i forkant av møtet med utvalet 13. januar 2017. Kva som ligg i omgrepet «kiosk- og daglegvarer», blir stort sett oppfatta som klart. Kjedene peikte på at det knappe arealet i seg sjølv fører til at ein ikkje har plass til mange varer frå faghandelen. Som døme på varer som har glidd frå faghandel til daglegvarehandel, blir blomar, spylevæske og bakerivarer nemnde. Bladcentralen distribuerer bøker også til daglegvarebutikkar.34 Dette er ikkje såkalla kiosklitteratur, men bestseljarar, innbundne bøker, ferske utgivingar, faktabøker og barnebøker.

Boks 4.2 Utfordring nr. 2 ved gjeldande rett:

Nye varetypar blir selde som kiosk- og daglegvarer. Sjå nærare kapittel 5.2.

Kva som er kioskvarer, endrar seg med forbruket. Det blir selt mindre av skråtobakk og sigarar enn før, medan salet av interiørblad og kontantkort har auka. Det går ei grense mellom kioskar og faghandel med småelektronikk og telekom, men det er ikkje opplagt kvar denne grensa går. I 1983 selde Narvesen datamaskina Sinclair ZX i nokre av utsala sine.35 Nærare vår tid har ein del kioskar selt mobiltelefonar.

4.10.2.1 «Søndagsplakaten»

Ein kunne tenkje seg at det å vere omfatta av eit unntak frå stengingspåbodet i heilagdagslova § 5 inspirerte til ein viss disiplin hos verksemdene. I april 2016 lanserte Handel og Kontor, Virke og eit utval daglegvarekjeder «Søndagsplakaten», som forklarte korleis dei var samde om å forstå reglane.36 Denne forståinga er ikkje stadfesta av departementet, og kan derfor tenkjast å vere meir eller mindre streng enn lova.

Boks 4.3 «Søndagsplakaten»

RETNINGSLINJER

  1. Om antall kvadratmeter

    • Antall kvadratmeter for salg er maks 100 og inkluderer kjøleskap/kjølerom som brukes av kunden og kassaområdet.

    • Bruk av vindfang etc. for å få salgsflaten større kan ikke benyttes.

    • Heller ikke korridorer o.l. fram til butikken kan benyttes som salgsflate.

    • Lager og pauserom omfattes ikke.

  2. Om bruk av vegger

    • Søndagsbutikken må være et selvstendig butikklokale med fast monterte vegger og egen inngang.

    • Lokalet skal være fysisk atskilt fra den øvrige butikken, om denne er på mer enn 100 kvm.

    • Det er ikke adgang til å gjøre om deler av en butikk til søndagsbutikk ved å bruke rørlige og flyttbare skillevegger eller andre sperringer.

    • Dette betyr at kunder ikke skal ha adgang til butikken som brukes på hverdager – den skal være helt avlåst.

  3. Om henting av varer

    • Varer som fra før selges i søndagsbutikken kan hentes i øvrig areal/lager. Det er ikke tillatt med plakater etc der kunder oppfordres til å be personalet hente varer som ikke er utstilt i søndagsbutikken.

  4. Om utendørs eksponering

    • Det tillates en moderat utendørs eksponering. Dette kan være frukt og grønt, aviser, ved, sesongvarer som blomster o.l.

  5. Om andre tjenester

    • Tilknyttede arealer hvor det ikke skjer varesalg, men for eksempel tilbud om bank/posttjenester eller utleie, skal i utgangspunktet holdes utenfor når arealet skal beregnes. Forutsetningen er imidlertid at denne delen av arealet kan identifiseres særskilt og at det ikke skjer noe eksponering av varer i denne delen av arealet.

4.10.3 Bensinstasjonar

Ein bensinstasjon som skal halde opent på søn- og høgtidsdagar, kan ikkje vere større enn 150 m2. Det følgjer av forarbeida at ordet «bensinstasjon» skal tolkast på same måte som etter den oppheva opningstidslova frå 1998.37

Bensinstasjonar kan i tillegg til bilprodukt selje kiosk- og daglegvarer. Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) punkt 6.1 strekar under at ein utsalsstad må selje meir enn bensin og olje for å komme inn under unntaket. Som for dei andre unntaka blir det vidare sagt at det «i det vesentlige» inneber at det er tillate å selje eit avgrensa utval andre varer saman med bensin- og bilprodukt og varer nemnde i nr. 1. Barne- og familiedepartementet meinte i 1999 at bilrelaterte varer måtte stå for «mer enn 50 % av den totale omsetningen ved utsalgsstedet».38 Det er ikkje regulert om dei ekstra 50 m2 samanlikna med utsalsstadene som er regulerte i nr. 1, skal nyttast til bilrelaterte produkt.

Boks 4.4 Utfordring nr. 3 ved gjeldande rett:

Bensinstasjonar kan vere større enn kioskar og daglegvarebutikkar, men har same opningstidsregulering. Sjå nærare kapittel 5.3.

4.10.4 Butikkar på campingplassar

Så lenge campingplassen er open og har eit minimum av gjester, kan ein seie at det er sesong. Då kan butikkar som ligg på campingplassen, halde opent. Butikkar som er omfatta av unntaket, kan selje alle typar varer, og det er ikkje sett grenser for kor stor butikken kan vere. Grunngivinga for unntaket for utsalsstadar på campingplassar er «dei behov gjestene har, og det skal gi gjestene høve til å kjøpe nødvendige varer utover dei alminnelege opningstidsføresegnene», sjå Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) punkt 6.1. Departementet presiserer intensjonen med unntaket: «Føresegna tek ikkje sikte på å gi unntak for utsalsstader med tilbod og vareutval som openbert er meir tilpassa allmenta enn campinggjestene.» Føresegna stiller ikkje vilkår som gjer at utsalsstader på campingplassar likevel ikkje kan halde opent, til dømes fordi dei har same vareutval som KIWI-butikkar.

Boks 4.5 Utfordring nr. 4 ved gjeldande rett:

Daglegvarebutikkar over 100 m2 på campingplassar held opent på søn- og høgtidsdagar og sel varer til fastbuande. Sjå nærare kapittel 5.4.

4.10.5 Typiske turiststader

Fylkesmannen kan etter søknad frå kommunen ved forskrift bestemme at eit område skal reknast som typisk turiststad heile eller delar av året. Ein typisk turiststad er eit område der salet i den aktuelle perioden hovudsakleg skjer til turistar. Om omsetninga i hovudsak går til turistar, er opp til skjønnet til fylkesmannen, sjå § 5 sjette ledd. Forarbeida gjer nærare greie for føresegna i særmerknadene i Ot.prp. nr. 75 (1996–97):

«Med typiske turiststeder menes i første rekke mindre steder hvor salget i perioder hovedsakelig skjer til turister. En tenker her på steder hvor antall faste innbyggere er lite i forhold til antall tilreisende/besøkende i løpet av året, eksempelvis steder som Beitostølen, Geiranger, Geilo og Lyngør. Et typisk turiststed behøver ikke å omfatte hele kommunen. Et typisk turiststed kjennetegnes videre ved at de næringsdrivende ofte er avhengig av en turistsesong, da kundegrunnlaget er for lite til at man kan overleve på salg til fastboende. Mange utsalgssteder i byer og på større steder kan også oppleve omsetningsøkning i turistsesongen, men denne økningen kan neppe sies å være så vesentlig at det begrunner adgang til søn- og helgedagsåpent.»

Butikkar som er omfatta av unntaket, kan selje alle typar varer innanfor dei tidsromma som følgjer av forskrifta, til dømes sommarmånadene.

Det er ikkje høve til å klage på ei forskrift som er fastsett av fylkesmannen.39

Boks 4.6 Utfordring nr. 5 ved gjeldande rett:

Praktiseringa av unntaksregelen for typiske turiststader varierer mellom fylkesmannsembeta. Sjå nærare kapittel 5.5.

4.10.6 Serveringsstader

Påbodet om å halde stengt på heilagdagar gjeld ikkje «salg fra serveringssted». Dersom ei verksemd blir rekna som serveringsstad, kan ho vere open på søn- og høgtidsdagar og selje varer. Unntaket byggjer på at lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet uttømmande regulerer opningstida for serveringsstader.40 For å drive serveringsstad må ein ha løyve frå kommunen etter serveringslova § 3. I Ot.prp. nr. 55 (1996–97) er kriteria for å falle inn under lova definerte slik i særmerknadene til § 2:

«Kriteriene for at serveringen skal falle inn under lovens virkeområde er at det drives servering av mat og/eller drikke og salget skjer under forhold som innbyr til fortæring på stedet. Som eksempler på serveringssteder er restauranter, kafeer, kafeteriar, puber og gatekjøkken. Betegnelsen på stedet er likevel ikke avgjørende for om det omfattes av lovens virkeområde. Skillet mellom bevillingsfri kioskvirksomhet og bevillingspliktige gatekjøkken opprettholdes. Grensen trekkes ved alminnelige, tradisjonelle kioskvarer. Det anses som serveringssted i lovens forstand der det i tillegg til kioskvarer selges annen «gatekjøkkenmat» enn pølser og brød.»

Ein treng ikkje løyve etter serveringslova for å drive kiosk (fast utsalsstad), det treng ein derimot for å drive gatekjøkken. Det er ikkje eit vilkår at det finst sitjeplassar, men servise og bestikk peiker normalt i retning av at verksemda er ein serveringsstad. Ein kiosk kan selje pølser med brød eller lompe og til dømes bagettar og bollar.41 Sal av ferskt brød og mjølkekartongar fell ikkje inn under omgrepet «servering». Ein serveringsstad kan drive med sal av andre varer, men så lenge verksemda er omfatta av serveringslova, gjeld ikkje heilagdagslova § 5.42 Til dømes kan ein liten kafé selje daglegvarer som mjølk, jogurt, pålegg osv.

Nærings- og fiskeridepartementet høyrde i 2015 eit forslag om å oppheve serveringslova og kravet om løyve. Framlegget gjekk ut på å føre vidare føresegnene om opningstider som eiga lov. Denne lova vil i så fall identifisere serveringsstadene som er omfatta, og som dermed vil vere unnatekne frå heilagdagslova § 5.

Den lågare momsen på mat og drikke (15 prosent, ikkje 25 prosent) gjer at serveringsstader og bensinstasjonar må skilje mellom dei som set seg ned med maten (inne), og dei som tek med seg maten ut. Dei to momsnivåa krev at serveringsstader må registrere momssatsen i kassa, sjølv om nokre verksemder tek same pris og då tener mindre på serveringa enn på utsalet.

4.10.7 Auksjon

For å vere omfatta av unntaket må auksjonsverksemda ikkje vere kombinert med sal som ikkje er omfatta av unntaket.

4.10.8 Kunstgalleri osv.

Eit kunstgalleri kan halde opent på heilagdagar, på høgtidsdagane 1. og 17 mai, julaftan, påskeaftan og pinseaftan. Ein kan selje bilete frå vegg, andre typar kunstverk, postkort, plakatar, katalogar, suvenirar osv. «som er knytte til utstillingsverksemd», sjå Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) punkt 6.1.

Eit vanleg tilbod på museum er ein museumsbutikk med postkort og katalogar knytte til samlinga og utstillingane, men ein finn gjerne òg designvarer og ordinære suvenirar. Lova har ikkje eige unntak for museumsbutikkar eller butikkar i aktivitetsparkar.43 Unntaket i nr. 7 for «utstilte gjenstander i kunstgallerier og lignende» omfattar i alle fall postkort, bøker osv. knytte til samlinga og utstillingane. Andre varer må eventuelt seljast under unntaket i nr. 10 for «lokale husflids- og suvenirvarer».

4.10.9 Tidsavgrensa utstillingar, varemesser osv.

Vilkåra for å halde opent på søn- og høgtidsdagar er at salsverksemda er tidsavgrensa, slik ei utstilling eller varemesse gjerne er, og at lokala ikkje til vanleg er butikk. Det er ikkje høve til å ha eit lokale på permanent basis som ein kallar utstilling, men der ein tek imot tingingar for seinare levering.44

4.10.10 Blomar, planter og hageartiklar

Blomehandlarar og hagesenter kan halde opent på søn- og høgtidsdagar og dei tre aftnane. Reglane stiller tre vilkår: at dei sel blomar, planter og andre hageartiklar, at dei ikkje sel mykje av andre vareslag, og at butikken ikkje har karakter av å vere ein annan type utsalsstad. Unntaket gjeld både store og små butikkar.

Lukkelova av 1913 gav kommunane ansvaret for å skilje mellom ulike bransjar og varetypar i lukkingsvedtektene sine. Med opningstidslova av 1985 og dei nasjonale unntaka frå dei kommunale påboda om lukking blei enkelte bransjar og varetypar skilde ut i lova, mellom anna «blomster og planter». Opningstidslova av 1985 var eit resultat av forhandlingar på Stortinget. Ot.prp. nr. 9 (1984–85) la ikkje opp til å skilje ut enkelte bransjar eller varetypar i nasjonale reglar. I Innst. O. nr. 48 (1984–85) gjorde både fleirtalet (Høgre og Kristeleg Folkeparti) og det største mindretalet (Arbeidarpartiet) framlegg om eit unntak for sal av blomar og planter.45

Då opningstidslova av 1985 blei avløyst av opningstidslova av 1998, blei ordlyden i unntaket endra frå «salg av blomster og planter» til «utsalgssteder som i det vesentlige selger blomster, planter og andre hageartikler».46 Dei nye orda «andre hageartikler» innebar ei utviding av kva næringsdrivande kan selje på søn- og høgtidsdagar.47 I Ot.prp. nr. 75 (1996–97) punkt 5 heiter det:

«Bestemmelsen unntar utsalgssteder som i det vesentlige selger blomster, planter og andre hageartikler, og er en videreføring av unntaket fra någjeldende åpningstidslov. Ordlyden er endret i forhold til gjeldende åpningstidslov for å få bedre samsvar med det praktiske behovet. Unntaket er begrunnet i at salg av artikler til hagebruk mv ofte foregår på tidspunkt hvor folk flest har fri, f eks i helgene når folk gjerne holder på med hagearbeid. Uttrykket «i det vesentlige» gjør det klart at et utsalgssted kan selge et begrenset antall andre produkter i tillegg til blomster, planter og andre hageartikler.»48

Proposisjonen seier ikkje meir om kva det praktiske behovet er, eller korleis ein definerer «hageartikler». Unntaket er ikkje omtalt i Innst. O. nr. 46 (1997–98). I Dokument nr. 8:43 (2006–2007) konstaterer forslagsstillarane:

«Dagens lovtekst har skapt usikkerhet om hvilke åpningstidsbestemmelser som gjelder. I lovteksten brukes formuleringen «utsalgssteder som i det vesentlige selger blomster, planter og andre hageartikler». Hva som menes med «i det vesentlige», tolkes ulikt av ulike aktører i markedet. Det er også uklart hva som er «grensen» for andre hageartikler.»

Stortingskomiteen valde å ikkje følgje opp framlegget om ei forskrift som presiserte kva som var omfatta av unntaket, sjå Innst. S. nr. 129 (2007–2008).

4.10.10.1 «blomster, planter og andre hageartikler»

Blomar og planter er lett å avgrense, men det kan vere vanskeleg å avgrense klart kva som kan kallast ein hageartikkel. Det er få rettskjelder å byggje tolkinga på, men at lova nyttar ordet «artikkel» og ikkje til dømes «produkt» eller «utstyr», kan tilseie at det er tale om mindre varer.

Ei snever tolking av unntaket kan ein finne grunnlag for i samanheng med orda blomar og planter i føresegna og i omgrepa hagebruk og hagearbeid som er nytta i forarbeida. Hagebruk er ikkje det same som hageaktivitet. Hagebruk vil seie å dyrke frukt, bær, grønsaker og blomar for sal eller privat bruk.49 Dette taler for at lova krev ein samanheng mellom varene og det direkte arbeidet med blomar og planter for at butikken skal kunne halde opent på søn- og høgtidsdagar. I så fall kan hagesenter ikkje selje varer som blir brukte til å pynte ein utandørs terrasse eller til å lage ein grillmiddag. Med ei snever tolking av lova vil unntaket omfatte varer som er knytte til jord og vatn, og som blir nytta i hagen. Barne- og familiedepartementet meinte at omgrepet hageartikkel «må gjelde alle produkter som kan brukes til hagebruk, for eksempel gressklippere, hagesakser, hyssing, søppelsekker mv.», sjå brev 12. februar 2001 til Handel og Kontor i Norge. Døma viser klart at departementet ikkje såg ordet «hageartikler» som ei avgrensing av storleiken på varene. Med ei snever tolking vil det ikkje vere høve til å halde opent på søn- og høgtidsdagar for å selje til dømes

  • grillar og grillkol

  • hagemøblar, puter og andre tekstilvarer

  • pynt

  • byggjevarer, måling og reiskapar til bygging av terrasse, sandkasse osv.

  • hundemat

  • leiker, trampolinar, slackline, utstyr til trening, osv.

  • utstyr og produkt til bil, bilpleie, carport osv.

Ordet «hageartikkel» er ikkje presist. Ei vid tolking av unntaket kan ein finne grunnlag for ved å sjå hageartiklar som eit sjølvstendig tillegg til blomar og planter. Lova har utvikla seg frå å nemne berre blomar og planter til ordlyden som gjeld i dag. Endringane var grunngitt med omsynet til «det praktiske behovet» knytt til det folk driv på med utandørs kring huset sitt i helgene. Ein hageartikkel kan vere ei vare som kan brukast eller plasserast i ein hage eller eit anna uteområde kring ein bustad, til dømes på balkongen, på terrassen, langs vegen fram til døra, osv. Varene kan ha som formål å gjere hagen grøn og grøda stor, gjere det pent og leggje til rette for leik, rekreasjon, måltid, gjestebod, familieliv og utandørs aktivitetar generelt. Grillar og hagemøblar vil vere omfatta av ei vid tolking.

4.10.10.2 «utsalgssteder som i det vesentlige selger»

Det er ifølgje forarbeida høve til å selje ei avgrensa mengd andre typar varer enn blomar, planter og andre hageartiklar og likevel halde opent på søn- og høgtidsdagar og dei tre aftnane etter kl. 16. Formuleringa «i det vesentlige» har blitt tolka slik at det må vere overvekt av dei nemnde varetypane. Barne- og familiedepartementet la til grunn at dersom om lag halvparten av omsetninga var blomar, planter og andre hageartiklar, var utsalsstaden ikkje omfatta av unntaket, sjå brev 12. februar 2001 til Handel og Kontor i Norge. I slike tilfelle meinte departementet at det ikkje var tale om ei avgrensa mengd andre typar varer.50 Ved at departementet valde å slå fast ei så opplagd grense og ikkje presisere nærare, har aktørane i marknaden fått stort spelerom.

I lova blir verbet selje brukt («selger»). Det er altså omsetninga som er avgjerande, ikkje kvadratmeter golvareal, talet på hyllemeter i reolane eller talet på varer i dei ulike kategoriane (varelinjer).

Boks 4.7 Utfordring nr. 6 ved gjeldande rett:

Ulike konkurransevilkår for store hagesenter og byggjevareutsal. Sjå nærare kapittel 5.6.

4.10.10.3 Kva karakter utsalsstaden har

Lova skil ikkje mellom omsetninga på søn- og høgtidsdagar og andre dagar. Ein må derfor leggje til grunn at butikken må halde seg innanfor unntaket på årsbasis, dvs. ikkje selje for mykje av andre typar varer gjennom heile året. At utsalsstaden må ha karakter av å selje blomar, planter og andre hageartiklar, vil vere eit tredje vilkår i tillegg til varetypane og avgrensinga av andre varer. Vilkåret opnar sjølvsagt for skjønn. Ein utsalsstad som tilbyr eit svært breitt vareutval, vil truleg ha ein annan karakter enn ein blomebutikk sjølv om han ikkje sel meir enn 20 prosent andre varer enn blomar, planter og hageartiklar. Med andre ord vil ikkje omsetninga alltid vere avgjerande. Sagt biletleg: Dersom butikken ser ut som eit byggjevareutsal og sel byggjevarer, er det ikkje eit hagesenter.

4.10.11 Lokale husflids- og suvenirvarer

Unntaket er knytt til éin type varer, nemleg «lokale husflids- og suvenirvarer». Det går klart fram av forarbeida at det skal vere varer som er produserte lokalt.51 Det vil seie at ordet «lokalt» refererer både til husflidsvarene og til suvenirane. Suvenirar som ikkje blir produserte lokalt, er ikkje omfatta av unntaket. Vilkåret om lokal produksjon inneber at verksemder som sel lokale (dvs. norske) varer, har vidare opningstidsreglar enn verksemder som sel importerte varer. For ein utsalsstad er høve til å halde opent ein fordel og påbod om å halde stengt ei ulempe i konkurransen. Ei slik ulempe kan falle inn under det ein i EU-retten kallar ein restriksjon på det frie varebytet i EØS.52

Formuleringa «i det vesentlige» inneber at ein kan selje ei avgrensa mengd andre produkt og suvenirprodukt som ikkje er framstilte lokalt.

Utvalet har ikkje undersøkt i kva grad denne føresegna blir følgd, men som turist i eige land kan ein sjå suvenirbutikkar som nok ikkje har ei overvekt av lokalt produserte varer. Nokre stader sel suvenirbutikkar kaffi og is og kan dermed kanskje reknast for å vere serveringsstader. Om det er tilstrekkeleg til å halde lovleg opent på søn- og høgtidsdagar, vil vere avhengig av ei konkret vurdering.

Forarbeida omtaler ikkje kva som blir rekna som husflid eller suvenirar.53 Språkleg sett er varetypen suvenir ein gjenstand som minner om staden han er kjøpt på, altså eit ferdaminne. Produkt med kommunevåpen eller namn på staden eller regionen, kan vere suvenirar. Det same gjeld til dømes kosedyr, matboksar, koppar, pennar og T-skjorter som har samanheng med utstillinga eller attraksjonen, til dømes i butikkane på Akvariet i Bergen og Dyreparken i Kristiansand. Eit kosedyr som ein får kjøpt i vanlege leikebutikkar, er ikkje ein suvenir. Kosedyr og klede med troll- eller Norway-trykk er ikkje knytte til staden der vara er kjøpt. Eit varemerke med norsk flagg gjer ikkje produktet til ein suvenir som tilseier at butikken kan halde opent på søn- og høgtidsdagar, som til dømes det norske flagget på varemerket til klesmerket Napapijri eller ein handkrem med norsk oppskrift. Forarbeida gir ikkje haldepunkt for at slike produkt kan seljast på søn- og høgtidsdagar.54 Sjølv om praksis truleg er nokså varierande, kan ein ikkje sjå vekk frå vilkåret om lokal produksjon då Stortinget flytta opningstidsreglane til heilagdagslova i 2003.

«Husflid» er eit ord som peiker i retning av tradisjonell produksjon i heimen, primært til bruk heime eller på garden, men òg til sal.55 Omgrepa «husflid» og «handverk» kan gå om kvarandre; handverk skil seg ut når det gjeld yrkesutdanning og laugstradisjonar. Fordi dei fleste gardar hadde ei esse, kan ein seie at smijern er husflid, medan glasblåsing og keramikk krev utstyr og fagkunnskap som går utover husflid. Ein kan også tale om lokal matproduksjon og ølbrygging som husflid. Forarbeida gir ikkje haldepunkt for å trekkje ei rettsleg grense kring omgrepet husflid, men eit tradisjonelt husflidsprodukt som blir produsert industrielt eller utanfor bygda, vil ikkje falle inn under kategorien «lokale husflids- og suvenirvarer». Truleg held mange suvenirbutikkar opent ulovleg.

Boks 4.8 Utfordring nr. 7 ved gjeldande rett:

Den snevre avgrensinga av kva som er «lokale husflids- og suvenirvarer», gjer at mange utsalsstader held opent ulovleg. Konkurransevriding mellom lokale (norske) og importerte varer. Sjå nærare kapittel 5.7.

4.10.12 Flyplassar

Vilkåra for å halde opent på heilagdagar og dei tre nemnde aftnane er at utsalsstaden ligg i ein bygning for innsjekking av flypassasjerar, og at flyplassen har løyve til avgiftsfritt sal, dvs. taxfree-sal.56 Det inneber at butikkar på flyplassar utan løyve til taxfree-sal eventuelt må ha falle inn under dei andre føresegnene i § 5 for å halde opent på søn- og høgtidsdagar. Lova stiller ikkje krav til kvar på flyplassen utsalsstadene kan liggje. Dei kan liggje utanfor sikkerheitskontrollen og dermed vere tilgjengelege for både reisande og fastbuande. Taxfree-varer kan berre reisande kjøpe.

Boks 4.9 Utfordring nr. 8 ved gjeldande rett:

Butikkar på flyplassar som har taxfree-sal, kan selje alle typar varer til både reisande og til fastbuande på søn- og heilagdagar. Sjå nærare kapittel 5.8.

4.10.13 Produksjonsstader osv. som er tilrettelagde for turisme

Vilkåret om tilrettelegging for turistar inneber at formålet med anlegget må vere noko meir enn berre sal. Også nedlagde produksjonsanlegg som er tilrettelagde for turistar, fell inn under unntaket. Formuleringa «salg av varer i tilknytning til produksjonssteder» peiker i to retningar. For det første treng utsalsstaden ikkje liggje i sjølve produksjonsanlegget, det er nok at det er knytt til det. For det andre kan formuleringa seie noko om vareslaga som blir selde, at varene må ha samanheng med produksjonen som finn eller fann stad der. Det treng ikkje vere same design, kvalitet eller produksjonsmåte, men det bør kunne krevjast ein samanheng. Dette blir dermed òg ei avgrensing mot andre typar varer. Skal ein selje vanlege bøker og kosedyr, må utsalsstaden falle inn under eit anna unntak.

4.10.14 Dispensasjon av særlege grunnar

Fylkesmannen har etter sjuande ledd fullmakt til å gi dispensasjon: «Fylkesmannen kan etter søknad gi dispensasjon fra paragrafen her når det foreligger særlige grunner. Avgjørelsen kan påklages til departementet.»57 Dispensasjonen skal gjelde ei avgrensa tid.58 Døme på arrangement som kan utløyse dispensasjon:

  • idrettsmeisterskapar, jubileum, stemne, marknader og liknande, som gjeld heile eller store delar av ein kommune eller eit distrikt

  • periodisk tilbakevendande hendingar som er viktige for næringslivet i ein kommune eller eit distrikt, til dømes at turistskip kjem til kai, og årlege fiskeri

  • mindre arrangement, som markering av ei spesiell hending for ein utsalsstad, til dømes 5-, 10- eller 25-årsjubileum og liknande, men det må vere tale om noko meir enn rein handelsverksemd, og for kjøpesenter må det liggje føre ei særskild storhending

  • Forarbeida slår fast at konkurranseforhold ikkje er grunnlag for dispensasjon. I vurderinga må det gjerast ei heilskapsvurdering der alle aktuelle interesser blir trekte inn, også omsyn til arbeidstakarane ved utsalsstadene.

4.10.15 Heilagdagslova gjeld ikkje apotek og alkohol

Heilagdagslova vik for føresegnene om opningstid i apoteklova § 5-2. Apotek kan ha opent når dei vil. Grunngivinga for det er:

«Samfunnet har en interesse i at befolkningen får best mulig tilgang til legemidler. Den enkeltes behov for legemidler kan oppstå akutt og kan vanskelig planlegges. Departementet vurderer det som fornuftig å åpne for en generell adgang til søndagsåpne apotek i apotekloven, uten at dette nødvendigvis er en del av pålagte vaktapotekoppgaver. Dersom det oppstår behov for å begrense denne adgangen, ivaretas det gjennom hjemmel til å forskriftsfeste lukningstider på søndager.»59

Apoteklova § 4-3 krev at det skal vere farmasøytisk personale til stades i heile opningstida. Det har samanheng med at apoteket etter § 5-2 skal vere opent for «ekspedisjon og utlevering», inkl. farmasøytisk kontroll, av legemiddel til publikum i opningstida.

Hovudregelen er at alkoholhaldige drikkar berre kan seljast kl. 0830–1800, jf. alkohollova § 3-4 a. På dagar før søn- og høgtidsdagar (bortsett frå Kristi Himmelfartsdag) stengjer salet kl.15. Kvelden før 1. og 17. mai kan alkoholhaldige drikkar seljast på vanleg måte. Kommunane kan utvide og innskrenke desse tidene, men ikkje til etter kl. 20 på kvardagar og kl. 18 før søn- og høgtidsdagar.60 Alkoholhaldige drikkar kan ikkje seljast på søndagar, heilagdagar og høgtidsdagar (1. og 17. mai). Opningstidene for Vinmonopolet blir fastsette av departementet.

4.11 Forskriftsheimel som ikkje er brukt

Departementet har ikkje gitt forskrifter til utfylling av § 5, jf. åttande ledd.

I 2005 og 2016 fall andre pinsedag på 16. mai. Forskrift 18. mars 2005 nr. 240 tillét butikkane å halde opent kl. 14–20 på andre pinsedag fordi 17. mai var dagen etter. Departementet ville på denne måten unngå tre butikkstengde dagar i strekk. Det var HSH (seinare Virke) som hadde teke initiativ til forskrifta. Handel og Kontor tok saka til namsretten med påstand om at forskrifta var ugyldig fordi ho sakna heimel i lova. Departementet oppheva forskrifta før ho fekk verke. Ei slik forskrift blei ikkje gitt i 2016.61 I 2021, 2027 og i 2032 vil andre pinsedag falle på 17. mai.62 Andre pinsedag fell ikkje på 16. mai i overskodeleg framtid.

4.12 Handheving

Brot på reglane i §§ 3 til 5 i heilagdagslova kan straffast med bøter.63

Arbeidstilsynet har heimel til å føre tilsyn med om ei verksemd følgjer reglane om arbeidstid i arbeidsmiljølova. Søndagsarbeid kan vere éi av fleire årsaker til at tilsynet ber ei verksemd vurdere om arbeidstidsordningane er fullt ut forsvarlege, jf. arbeidsmiljølova § 3-1. Søndagsarbeid kan ha vore vurdert i enkelttilsyn i varehandelen, men det er ikkje eit tema Arbeidstilsynet prioriterer. Det er ikkje mogleg å slå fast i kor mange saker kontroll av søndagsarbeid har vore tema i tilsyn, eller kor mange tips Arbeidstilsynet har fått om søndagsarbeid. Statistikken Arbeidstilsynet fører internt, er ikkje så detaljert når det gjeld temaet arbeidstid.64

Boks 4.10 Utfordring nr. 9 ved gjeldande rett:

Brot på påbodet om å halde stengt, mellom anna små faghandlar i aktive bygater i dei store byane. Sjå nærare kapittel 5.9.

4.13 Kontraktar som bind arbeidsgivaren til å halde opent

4.13.1 Medlemskap i sentrumsforeiningar

Ei sentrumsforeining kan ønskje å få medlemmene med på felles opningstider, men kan ikkje binde medlemmene rettsleg.65 Formålet kan til dømes vere at sentrum skal kunne hevde seg i konkurransen mot bilbaserte kjøpesenter utanfor sentrum. Ein avtale mellom butikkar om opningstid kan sjåast som ein avtale som fjernar ein konkurranseparameter.66

4.13.2 Leigekontrakt i kjøpesenter

I høyringa i 2015 var fleire næringsdrivande opptekne av at dei ikkje får bestemme opningstidene sine sjølve. Oppfatninga var at eigaren av kjøpesenteret fastset opningstidene i senteret, og at leigetakarane må følgje opp.67

I norsk rett har vi ei felles lov for leige av lokale til privat bustad og til næringsforhold. Etter husleigelova § 5-1 fjerde ledd har leigetakaren plikt til å halde verksemda open:

«Leier av lokale for butikk eller serveringssted plikter å holde virksomheten åpen og i vanlig daglig drift unntatt når midlertidig stenging er nødvendig.»

Utvalet eller departementet gjekk ikkje nærare inn på spørsmålet om husleigeavtalar og opningstider.68 Stortingskomiteen hadde ikkje merknader, og det var ikkje nokon større debatt i samband med vedtaket av husleigelova om kva makt utleigaren har i kjøpesenter. I juridisk teori er det lagt til grunn at leigetakaren må følgje opningstidene til senteret fullt ut.69 Dersom ei verksemd er forplikta etter husleigekontrakten til å halde opent på søndagar, blir det mindre realitet i drøftinga som arbeidsmiljølova § 10-10 nr. 3 føreset at arbeidsgivaren skal ha med dei tilsette om arbeid på søn- og høgtidsdagar.

4.13.3 Franchisekontraktar

Franchise kan definerast slik:70

«Franchise, eller franchising, er et samarbeid mellom to selvstendige parter hvor franchisegiver har utviklet og eier et konsept for etablering av en lokal enhet som han har testet og dokumentert lønnsomt.
Franchisegiveren gir en franchisetaker en rettighet til å etablere og drive konseptet gjennom en franchiseavtale og setter franchisetaker i stand til å benytte konseptet gjennom dokumentasjon, franchisepakken og gjennom opplæring og trening.
Franchisegiver skal løpende støtte franchisetakeren i avtaleperioden. Franchisetaker betaler en løpende avgift, vanligvis en prosentandel av omsetningen, for denne rettigheten.»

Franchiseavtalar gir franchisegivaren stor styringsrett, men franchisegivaren vil vere interessert i lønnsam drift hos franchisetakaren fordi det over tid kan gi høgast avgiftsinntekt. Dermed har franchisegivaren og franchisetakaren ikkje nødvendigvis motstridande interesser. Ikkje alle franchisegivarar er opptekne av at franchisetakarane skal ha dei same opningstidene. Eit sentralt moment i ein franchiseavtale i varehandelen er å følgje konseptet. I nokre franchiseavtalar kan opningstider vere definert som ein del av konseptet. Hovudinntrykket er at opningstider blir regulerte av leigekontrakten til lokalet, men det kan òg vere franchiseavtalane som fastset opningstidene.71 Lovgivinga elles, som heilagdagslova § 5, er ramma for franchiseavtalen.

Boks 4.11 Utfordring nr. 10 ved gjeldande rett:

Utsalsstader i kjøpesenter fastset ikkje opningstidene sine sjølve. Sjå nærare kapittel 5.10.

Fotnotar

1.

Om norske heilagdagar, sjå NOU 2013: 1 Det livssynsåpne samfunn – En helhetlig tros- og livssynspolitikk, punkt 16.3.1

2.

Ot.prp. nr. 75 (1996–97) punkt 5 og Innst. O. nr. 46 (1997–98) punkt 4.1. I Ot.prp. nr. 75 (1996–97) er dette forklart i detalj: «Forslaget tar ikke sikte på å gjøre innskrenkninger når det gjelder adgangen til å utføre natt-, søn- og helgedagsarbeid etter andre bestemmelser i arbeidsmiljøloven, etter at utsalgsstedet er stengt. For å kunne ivareta visse arbeidsoppgaver i tilknytning til utsalgsstedenes virksomhet som kasseoppgjør, lagerfunksjoner etc, vil det også ved mange utsalgssteder være nødvendig å kunne utføre arbeid etter kl 21.00 på hverdager og etter kl 18.00 på dager før søn- og helgedager. Det er flere bestemmelser i arbeidsmiljøloven som åpner for dette. Kasseoppgjør kan f eks finne sted med hjemmel i § 42 annet ledd a) og § 44 annet ledd a), siden dette er arbeidsoppgaver som vanskelig kan drives «uten at annet arbeid på arbeidsstedet avbrytes» og som på grunn av «driftstiden» (åpningstiden) må utføres om natten. Tilsvarende må gjelde for enkle etterfyllingsoppgaver av hyller o l.»

3.

Tusenfryd opnar kl. 10.30 på søndagar, sjå http://tusenfryd.no/no/parkinformasjon/apningstider. Dyreparken i Kristiansand opnar kl. 10 på søndagar. Leos lekeland opnar kl. 10 alle søn- og høgtidsdagar med unntak av første juledag, nyttårsdag og 17. mai, då opnar dei kl. 12, sjå https://www.leoslekeland.no/priser-apningstider/ ?city=baerum. Klatreparken i Tryvann opnar kl. 10 på søndagar, sjå http://www.oslosommerpark.no/%C3%A5pningstider-i-klatreparken-oslo-sommerpark-2#.WY2_ejqpV9A Tusenfryd er eit tivoli og skal ikkje opne før kl. 13, jf. Ot. prp. nr. 84 (1993–94) side 6.

4.

I høyringsnotatet frå Kulturdepartementet 27. mars 2015 blir det vist til sak C-145/88 Torfaen Borough Council, avsnitt 2 og sak C-483/12 Pelckmans Turnhout NV, avsnitt 24, med vidare referansar.

5.

Lovforslag nr. L 96 Folketinget 2009–2010 side 4 og 5.

6.

Tenestelova 19. juni 2009 nr. 103 har som formål å «gjøre det enklere å etablere tjenestevirksomhet og yte grenseoverskridende tjenester, samtidig som et høyt kvalitetsnivå på tjenester og tvingende allmenne hensyn ivaretas». Føresegna her er uttrykk for målet om å leggje til rette for handel over grensene i EU.

7.

Utkastet definerer situasjonar der geo-blokkering ikkje vil vere tillate. I slike situasjonar kan nettbaserte seljarar ikkje diskriminere forbrukarar andre stader i EU når det gjeld generelle vilkår, inkludert prisar, på grunnlag av nasjonalitet, bustad eller mellombels opphaldsstad. Til dømes vil kjøparar frå eit anna EU-land enn tilbydaren kunne

– kjøpe varer sjølv om den næringsdrivande ikkje leverer dei i heimlandet til forbrukaren, dersom det er mogleg å hente varene på avtalt stad i eit anna EU-land. Forslaget innfører ikkje ei plikt til å levere over heile EU

– ta imot nettbaserte tenester som ikkje er verna av opphavsrett, til dømes skylagringstenester, brannmurar, datalagring, web hosting

– kjøpe e-bøker, e-musikk, spel eller programvare (dvs. ikkje-audiovisuelt opphavsrettsleg innhald)

– bestille billettar og tenester på andre stader enn bustaden, til dømes hotellrom, sportsarrangement, bilutleige, musikkfestivalar

Automatisk omdirigering til ein annan nettstad utan godkjenning frå forbrukaren vil også vere forbode, bortsett frå dersom ei føresegn i EU eller nasjonalstaten, til dømes av omsyn til mindreårige, gjer det nødvendig.

8.

Brev frå Sivilombodsmannen til utvalet 10.01.2017.

9.

Om låsbare lokale, sjå Rt. 1953 side 1217. I handelslova av 8. mars 1935 § 2 var ein fast utsalsstad definert som: «Det sted hvorfra vedkommende næringsdrivende med eller uten avbrytelse driver salgsvirksomhet som ikke er beregnet på flytning.» Sitert etter Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 6. Såkalla omførselshandel var noko anna enn sal frå fast utsalsstad.

10.

Vara blir sett attende i hylla dersom kunden ikkje kjem for å hente ho. Klikket inneber ikkje ein kjøpsavtale.

11.

Eit visingsrom er eit fast lokale som ikkje fell inn under unntaket i heilagdagslova § 5 nr. 8 for «salg fra tidsbegrensede utstillinger og varemesser som finner sted i lokaler som normalt ikke blir brukt til salgsvirksomhet».

12.

Tolkingsfråsegn frå lovavdelinga 16.12.2003, saksnummer: 200307504. Lovavdelinga var ikkje i tvil om at heilagdagslova er «til hinder for at utsalgssteder som har som sin alminnelige virksomhet å selge varer til forbrukere, holdes åpent på helligdager, selv om det verken selges varer eller tas inn bestillinger». Lovavdelinga viste til at Barne- og familiedepartementet hadde skrive at «[v]irksomheter som har visninger (demonstrasjoner) i et utsalgssteds lokaler av produkter som omsettes eller skal omsettes fra lokalene må […] forholde seg til de alminnelige åpningstidene i loven».

13.

Til dømes kan ei verksemd som berre driv med utleige av handverksutstyr, halde opent heile tida fordi det er ei teneste. Dersom det til dømes er ein eigen disk for utleige av handverksutstyr på eit byggjevareutsal, er dette ein del av butikken og må følgje § 5. Ein kan ikkje drive utleigeverksemda på søn- og høgtidsdagar sjølv om det blir sett inn ei ekstra inngangsdør rett frå parkeringsplassen.

14.

Som såkalla omførselshandel blei i Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 6 rekna sal frå salshallar, torg, gater, brygger eller andre offentlege stader og portrom, buer og telt som er mellombelse og lett kan flyttast.

15.

Ot.prp. nr. 75 (1996–97) særmerknaden til § 1.

16.

Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 6–7.

17.

Dette har ført til etablering av ein del små daglegvarebutikkar som berre er opne på søndagar, dvs. butikkar som det svarer seg økonomisk å halde stengt seks dagar i veka.

18.

Maxbo vedtok i mai 2012 ei bot på 250 000 kroner og inndraging av 4 millionar kroner for ulovleg søndagsopent på Hvam. I brevet der Maxbo ved advokat Lars G. Norheim vedtek bota, konstaterer dei at påtalemakta ikkje har opplyst kor stor del hageartiklar lova krev at ein utsalsstad skal ha for å vere innanfor unntaket for hagesenter, eller kor stor del Maxbo blei rekna for å ha.

19.

Dei same formuleringane står i Ot.prp. nr. 75 (1996–97) punkt 5.

20.

Ifølgje Ot.prp. nr. 16 (1899–1900) side 8 foreslo ein kommisjon i Tyskland i 1892 at «selvvirkende salgsapparater» skulle vere stansa når utsalsstadene var påbodne å halde stengt. Dette var også lovframlegget frå departementet, sjå proposisjonen side 13. I Rt. 1926 side 631 var det ingen rettsleg tvil: automatar var ikkje utsalsstader etter lukkelova av 1913.

21.

I ei tolkingsfråsegn (datert 16.12.2003, sak 200307504) meiner lovavdelinga at omsynet til arbeidarvern «taler for at bestemmelsene om åpningstid gjelder for alle utsalgssteder, uavhengig av hva slags virksomhet som drives der, i den grad virksomheten krever at de ansatte ved utsalgsstedet er til stede». I automatiserte utsalsstader er det ikkje nødvendig at dei tilsette er til stades i heile opningstida. Det kan likevel hende at tilsette i slike automatiserte lokale er omfatta av ein tariffavtale som gjer unntak frå arbeidstidsreglane etter arbeidsmiljølova § 10-12 (4).

22.

Departementet snevra her inn kva som kunne gå føre seg i stengde lokale samanlikna med Ot.prp. nr. 50 (1966–67), som på side 5 konstaterte at lukkingsføresegnene heimla i 1913-lova ikkje regulerte når folk kunne arbeide i lokala, berre når lokala kunne vere opne for kundar.

23.

Arbeidsmiljølova var utforma på ein annan måte den gongen. Unntak frå dei generelle arbeidstidsrammene gjaldt berre for utsalsstader «innenfor de åpningstidsrammer som er fastsatt i eller i medhold av annen lovgivning»». Arbeid utanom opningstidene som dei lokale forskriftene fastsette, måtte halde seg innanfor rammene i arbeidsmiljølova; kl. 06–21 på kvardagar og kl. 06–18 på laurdagar, sjå NOU 1984: 13 side 78. Om eldre rett når det gjaldt salstida for porthandel og utstillingar, sjå NOU 1973: 7 side 11 (som ikkje blei følgd opp.).

24.

Desse operasjonane krev ein arbeidsinnsats som kundane står for sjølve i vanlege butikkar. E-handel er dermed truleg meir arbeidskraftintensiv enn handel i fysiske butikkar, i alle fall fram til plukking og pakking blir automatisert.

25.

Også med tanke på omgåing av reglane må dette bli løysinga. Ein vanleg utsalsstad har påbod om å halde stengt éin dag per vanlege veke. Dersom ein skulle opne for at butikkar var varelager i helgene, ville arbeidstidsvernet bli svekt.

26.

Den same formuleringa står i Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) punkt 6.1 på nynorsk.

27.

Den som leverer ut sendingar som Post i Butikk, får til dømes betalt ein sum alt etter kva slags sending eller handling det er tale om.

28.

Personleg opplysning frå Randi Hovde i Samferdselsdepartementet.

29.

Det heiter i Ot.prp. nr. 11 (2003–2003) punkt 6.1: «Sameleis som med den tidlegare lova vil den nye føresegna berre regulere opningstida for utsalsstader der det blir selt varer. Dette inneber at reine tenesteytingar som f.eks. utleige av bil eller video, reinsing og vask, bank, forsikring og eigedomsmekling ikkje er omfatta av lova. Sjå dei spesielle merknadene til § 5 fjerde ledd når det gjeld verksemder som kombinerer tenesteyting med sal av varer som er unnatekne etter arealgrense.»

30.

IKEAs hentepunkt kombinerer utlevering av betalte varer med utstilling av møblar og hjelp til å teikne nytt kjøkken. Dei held stengt på søn- og høgtidsdagar. Stengt er òg IKEAs sjølvstendige varelager med hentepunkt og det sjølvbetente hentepunktet på Furuset.

31.

JDs sak 200607554. Orda er sitert frå brev 28. september 1999 frå Barne- og familiedepartementet til Fylkesmannen i Hedmark.

32.

Heilagdagslova § 5 regulerer «opningstida for utsalsstader der det blir selt varer», sjå Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) punkt 6.1. Lokale der det ikkje blir selt varer nokon dag i veka, vil ikkje, utan andre haldepunkt, vere omfatta av påbodet om å halde stengt på søn- og høgtidsdagar.

33.

Sjå til dømes fråsegnene frå lovavdelinga i sak 200307504 16.12.2003 og sak 200607554 10.01.2007.

34.

https://bladcentralen.no/boker/ besøkt 31. juli 2017.

35.

Sjå http://www.askimmuseum.no/doks/Industribok6/ index.html#75 besøkt 31. juli 2017.

36.

https://www.virke.no/globalassets/bransje/ gamle-bransjedokumenter/sondagsplakaten.pdf besøkt 02. august 2017.

37.

Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) punkt 6. Unntaket i 1998-lova lydde: «utsalgssteder som alene eller i kombinasjon med varer som nevnt i nr 1, i det vesentlige selger bensin, olje og andre varer som er nødvendig for drift av eller vedlikehold av motorkjøretøyer og motorbåter, og som har en samlet salgsflate som ikke overstiger 150 kvm» Unntaket lyder i dag: «bensinstasjoner med en samlet salgsflate som ikke overstiger 150 kvm». Sjølv om ordlyden er ulik i dei to lovene, opplyser Kulturdepartementet at spørsmålet om kva bensinstasjonar kan selje, ikkje har vore problematisert etter 2003.

38.

Barne- og familiedepartementet skreiv i brev 30. november 1999 til Asker og Bærum Handels- og Servicebedrifters forening: «Forarbeidene til åpningstidsloven omtaler ikke dette nærmere, men departementet mener i samsvar med vanlig språkbruk at omsetning av bensin, olje og andre varer som er nødvendig for drift av eller vedlikehold av motorkjøretøyer og motorbåter, bør være på mer enn 50 % av den totale omsetningen ved utsalgsstedet. Det er imidlertid domstolene som i siste instans avgjør hva som ligger i begrepet «i det vesentlige».» Domstolane har ikkje fått saker om dette til behandling.

39.

Sjå fråsegna frå lovavdelinga i Justisdepartementet 14.09.1999, sak 99/11073, om opningstidslova.

40.

Dette går også fram av brevet frå departementet sak 2008/03392 datert 18.07.2008 til Fylkesmannen i Buskerud: «Slik departementet ser det, vil bakeriutsalg i kafeen som er serveringssted etter serveringsloven, ikke omfattes av helligdagslovens bestemmelser om salg fra faste utsalgssteder.» Det finst serveringsstader som det ikkje er mogleg å komme inn i utan å gå gjennom ein utsalsstad. I slike tilfelle gjeld både serveringslova og heilagdagslova, dvs. løyvekravet i serveringslova og opningstidsreglane i heilagdagslova. Nærings- og fiskeridepartementet har ikkje fått spørsmål om grensa mellom desse to lovene og oppfattar det som uproblematisk. Verksemder med kombinerte formål blei kommenterte i Ot.prp. nr. 50 (1966–67) side 20.

41.

Sjå Ot.prp. nr. 55 (1996–97) punkt 6.3.1.

42.

Serveringslova stiller ikkje krav om at «servering av mat og/eller drikke» skal vere den dominerande delen av verksemda. Serveringslova § 15 seier at kommunen i forskrift kan fastsetje opningstider for dei serveringsstadene som ligg i kommunen. Dersom kommunen ikkje gir ei slik forskrift, er opningstidene frie. Alkohollova vil gjelde for opningstidene ved servering av alkoholhaldig drikke.

43.

Utvalet tek ikkje stilling til kva for museum, akvarium og aktivitetsparkar som er omfatta av unntaket frå heilagdagsfreden i § 4.

44.

Sjå særmerknadene til § 9 i Ot.prp. nr. 75 (1996–97). For rettspraksis før dette unntaket, sjå til dømes Rt. 1971 side 827 (omtalt i NOU 1973: 9 side 35).

45.

Forarbeida er ikkje omfattande. I innstillinga kommenterte fleirtalet dette unntaket nærare i merknadene sine: «Her tas sikte på utsalgssteder som hovedsakelig selger blomster eller planter.» Utvalet har ikkje fått stadfesta det som ofte blir sagt om bakgrunnen for unntaket: at folk trong blomar når dei besøkte gravplassen på søndagar, og at dei som dreiv gartneria, uansett var på jobb på søndagar (før automatiske vatningsanlegg blei tekne i bruk).

46.

Ei kort oppsummering av historia til føresegna er gitt i Innst. S. nr. 129 (2007–2008), som gjaldt eit representantframlegg om å presisere unntaket.

47.

Allereie i høyringa av lovframlegget blei det åtvara mot bransjegliding. Frå fråsegna frå Norges Kooperative Landsforening (NKL): «For øvrig vil gi uttrykk for at vi er positive til at salg av blomster og planter blir unntatt i loven. Dette krever en praktisering av bestemmelsene hvor vi unngår forskjellsbehandling mellom ulike salgskanaler. I den forbindelse påpeker vi den bransjeglidning som har vært innen denne type utsalg i retning av at det føres kioskvarer, dagligvarer, hagemøbler, rekvisita til hus og hjem og lign. Det kan ikke være meningen at behovet for å omsette blomster og planter lovlig på søn- og helligdager skal omfatte et så bredt produktspekter. Igjen vil det være en konkurransevridning mellom ulike aktører som vi ikke ser for oss at departementet legger opp til. « Sjå Ot.prp. nr. 75 (1996–97) punkt 3.5.2.1.

48.

Denne særmerknaden er gjenteken ordrett (på nynorsk) i Ot.prp. nr. 11 (2002–2003), som flytta føresegnene frå opningstidslova til heilagdagslova. Også i denne høyringa blei det peikt på at reglane kunne skape ulike konkurransevilkår, sjå punkt 2 i proposisjonen: «Enkelte har kommentarar til utforminga av unntaka. Dette gjeld særleg dei forskjellige kvadratmetergrensene for daglegvarebutikkar og bensinstasjonar, og unntaket for hagesenter m.m. Kommentarane knyter seg m.a. til at dagens regulering kan medføre konkurransevriding.»

49.

Henta frå ordforklaringa i nynorskordboka på nettet 28. november 2016.

50.

«Som det fremgår av forarbeidene kan et utsalgssted imidlertid kun selge et begrenset antall andre produkter i tillegg til blomster, planter og andre hageartikler. Dersom et utsalgssted selger ca. 50 % blomster, planter og andre hageartikler og ca. 50 % andre produkter er det klart at utsalgsstedet ikke kun selger et begrenset antall andre produkter.» Sjå òg brev frå Barne- og familiedepartementet 30. november 1999 til Asker og Bærum Handels- og Servicebedrifters Forening.

51.

Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) punkt 6.1.

52.

Sjå brev frå Nærings- og fiskeridepartementet til utvalet 22. august 2017.

53.

Ein finn ordet «husflid» også i skattelova § 5-15 bokstav j og i mva-lova § 15-11, men her blir handverk og husflid kopla saman. Sjå òg finnmarkslova § 23. I dansk rett er «fødevarer og husflidsprodukter, der sælges ved torvehandel» unnatekne frå opningstidsreguleringa. I kommentarutgåva (Karnov) heiter det: «Ved husflidsprodukter forstås som hidtil genstande, hvor der til fremstillingen ikke kræves håndværksmæssig eller industriel uddannelse, og som er fremstillet uden anden medhjælp end ægtefælle og hjemmeværende børn og børnebørn.» Det danske unntaket stiller altså krav til både produksjonsmåten og arbeidskrafta.

54.

Dette er ikkje omtalt i Innst. O. nr. 56 (2002–2003).

55.

Sjå nærare https://snl.no/husflid besøkt 14. juli 2017.

56.

Om taxfree-reglane, sjå NOU 2007: 8 En vurdering av særavgiftene punkt 7.3.3.

57.

Spørsmålet om klagerett etter lukkelova av 1913 blei vurdert av Justisdepartementets lovavdeling, sjå JDLOV-1984-4277. Frøya/Hitra Handel og Kontor hadde rettsleg klageinteresse.

58.

Det følgjer av merknadene til føresegna i Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) punkt 6.1.

59.

Ot.prp. nr. 91 (2008–2009) punkt 6.1.

60.

Sal av taxfree-varer følgjer eigne reglar.

61.

NHO søkte på vegner av medlemmene sine om unntak frå plikta til å halde stengt 16. mai, men fekk ikkje gjennomslag verken hos fylkesmennene eller hos departementet etter klage.

62.

Lov om 1 og 17 mai som høgtidsdager avklarer i § 2 kva som gjeld dagen før 1. og 17. mai, og reduserer dermed behovet for utfyllande forskrifter.

63.

NOU 2002: 4 Ny straffelov – Straffelovkommisjonens delutredning VII punkt 11.3.2. Det same gjaldt etter § 348 i den tidlegare straffelova. Føresegna blei overført til heilagdagslova.

64.

Personleg informasjon frå Ronny Jørgenvåg i Arbeidstilsynet.

65.

Slike avtalar blei kort omtalte i NOU 1984: 13 side 12.

66.

Dette blei kort nemnt i NOU 1984: 13 side 12 og 22. På side 179 skreiv utvalet at avtalar internt i handelsstanden truleg hadde meir å seie for opningstidene enn dei kommunale forskriftene. Prisdirektoratet hadde opplyst at det ikkje var praksis for å melde slike avtalar om opningstider mellom næringsdrivande til direktoratet, og utvalet bad Prisdirektoratet vurdere å stille krav om melding og gripe inn for å unngå avgrensing av konkurransen.

67.

Sjå til dømes høyringsfråsegna frå Apotek 1 Gruppen AS: «Vi vil benytte anledningen til å peke på noe som synes å være en utbredt feilslutning når spørsmålet om søndagsåpne butikker blir drøftet i politiske fora. Det gjelder argumentet om at den enkelte butikkeier selv må få velge om man ville holde åpent eller ikke – altså at søndagsåpent er noe som er valgfritt for hver enkelt aktør. Dette er i beste fall en grovt forenklet tilnærming, om ikke en manglende forståelse av forholdet mellom gårdeier/kjøpesentereier på den siden og leietager/butikkeier på den andre siden.»

68.

Utvalet som greidde ut lova, skreiv i NOU 1993: 4 side 142: «Bakgrunnen for bestemmelsen er at utleieren og andre brukere av eiendommen har en direkte interesse i at lokalet blir benyttet til kontinuerlig forretningsdrift. Holdes lokalet stengt, kan dette i sin tur medføre redusert tilsig av kunder m.m. / Virksomheten kan bare holdes stengt i den tid det er nødvendig. Stengning vil kunne være nødvendig blant annet dersom adkomsten til eiendommen avsperres eller dersom lokalet må vedlikeholdes eller ombygges.»

69.

Sjå Christian Fr. Wyllers noter (301–302) på Rettsdata: «Er forretningen lokalisert i et senter, må leieren være forpliktet til å holde den åpen i samme tid som de øvrige, i andre tilfeller vil kravet kunne være oppfylt selv om åpningstiden er kortere enn andre lignende virksomheter.»

70.

https://snl.no/franchise besøkt 7. desember 2016.

71.

Ein del bensinforhandlarar fastset opningstidene sine sjølve, medan franchiseavtalane regulerer opningstidene for andre stasjonar. Personleg opplysning frå Ingebjørg Telnes Wilhelmsen i Norsk Petroleumsinstitutt.

Til forsida