NOU 2017: 17

På ein søndag? — Reglane om søndagshandel og konsekvensane av endringar

Til innhaldsliste

3 Hovudlinjer i historia om opningstidsreglane

3.1 Hovudlinjer

Opphavet kastar lys over gjeldande rett. I dette kapittelet gjer utvalet kort greie for opningstidsreglane som gjaldt før. Ei lengre framstilling står i vedlegg 2. Reglane i heilagdagslova har lange røter, sjå tabell 3.1. Forskaren Randi Lavik, som har følgt varehandelen og opningstidene i mange tiår, beskriv debatten om opningstidsreglane slik:

  • På 1970-talet gjaldt særleg omsynet til dei tilsette, og laurdagsstenging av butikkane var tema.

  • På 1980-talet fekk omsynet til forbrukarane større vekt.

  • På 1990-talet kom debatten om søndagsopne butikkar.

  • På 2000-talet var det stille.

  • På 2010-talet kom søndagsopne butikkar igjen på dagsordenen gjennom politiske initiativ.

Tabell 3.1 Oversikt over endringane i opningstidsreglane1

År

Dokument

Forslag

Regjering/parti

1900

Lov om lukningstid for udsalgssteder av 31. mai 1900 nr. 7

Kommunane kunne fastsetje opningstider, men handelsstanden hadde vetorett.

Johannes Steen II. Venstre

1913

Lov 25. juli 1913 om lukningstid for utsalgssteder

Bykommunane måtte fastsetje opningstider.

Gunnar Knudsen II. Venstre

1965

Lov 4. juni 1965 nr. 1 om helligdagsfreden

Gerhardsen IV. Arbeidarpartiet

1984

Lov 26. april 1985 nr. 20.

Ot.prp. nr. 9 (1984–85) blei lagd fram 5. oktober 1984.

Lukkelova blei oppheva. Opningstidslova gav rett til å halde opent til kl. 20 på kvardagar og kl. 18 på laurdagar. Kommunane kunne tillate å halde opent søndagar kl. 14–19.

Willoch.

Frå 1983 med Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet

1991

Lov 20 juni 1991 nr. 35. Ot.prp. nr. 59 (1990–91) blei lagd fram 10. mai 1991.

Unntak for typiske turiststader.

Brundtland III. Arbeidarpartiet

1993

Lov 18. juni 1993 nr. 116. Ot.prp. nr. 101 (1992–93) blei lagd fram 14. mai 1993.

Føresegnene om heilagdagane blei samla (opprydding).

Brundtland III. Arbeidarpartiet

1994

Lov 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred. Ot.prp. nr. 84 (1993–94) blei lagd fram 10. juni 1994.

Heilagdagsfred heile døgnet på vanlege søndagar og på kyrkjelege høgtidsdagar og frå kl. 16 julaftan, påskeaftan og pinseaftan.

Brundtland III. Arbeidarpartiet

1997

Ot.prp. nr. 75 (1996–97) blei følgd opp av Ot.prp. nr. 14 (1997–98), som blei lagd fram 10. oktober 1997. Lov 26. juni 1998 nr. 43 (opningstidslova) tok til å gjelde 1. januar 1999.

Ny opningstidslov. 100 m2-regelen. Like opningstidsreglar i heile landet.

Jagland. Arbeidarpartiet

Bondevik I sat medan Stortinget behandla saka. Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre

1999

Ot.prp. nr. 72 (1998–99) blei lagd fram 21. mai 1999. Lovendringane tok til å gjelde 1. juli og 1. november 1999.

Opprydding i tvil om tolkinga av lova når det gjaldt jernbanestasjonar, lufthamner og campingplassar.

Bondevik I.

2002

Ot.prp. nr. 11 (2002–2003) blei lagd fram 25. oktober 2002

Oppheva opningstidslova og flytta reglane inn i heilagdagslova. Frie opningstider på kvardagar.

Bondevik II. Kristeleg Folkeparti, Høgre og Venstre

2015

Høyringsnotat

Inga regulering av opningstidene på vanlege søndagar.

Solberg I. Framstegspartiet og Høgre

1 Kjelder er mellom anna den historiske oversikta på side 5–10 i det trykte vedlegget til Ot.prp. nr. 43 (1964–65) og innstillinga side 2–4 i vedlegget til Ot.prp. 30 (1964–65). Sjå òg NOU 1984: 13 side 78–81.

3.2 Fram til 1900-talet – kviledagen

I Gulatingslova finst reglar om kva ein ikkje skulle gjere på søndagar, og seinare i Norske Lov av 1687 og Sabbatsforordninga av 1735. Hovudomsynet var å halde kviledagen heilag. Sabbatsforordninga gjaldt fram til 1965 og blei frå slutten av 1800-talet tolka som eit forbod mot å halde butikkar opne kl. 10–13 på søndagar.

3.3 Lukkelova av 1913 – arbeidsdagen. Lokale forskrifter om opningstider

I lukkelova av 1913 var eit sentralt omsyn at dei tilsette i varehandelen ikkje skulle ha urimeleg lange arbeidsdagar. Lova sette få rammer for kommunale forskrifter om opningstider, og i dei kommunane som ikkje hadde vedteke slike lokale forskrifter, var det frie opningstider. Etter kvart gjekk talet på kommunar med frie opningstider ned.

Kommunane kunne fastsetje ulike opningstider for butikkar etter kva dei selde. Ein del forskrifter inneheldt derfor varelister. Lovgivaren hadde ikkje regulert grensa mot torghandel, og domstolane måtte trekkje grensene mellom butikk og sal i portrom / på torg.

I 1918 blei åttetimarsdagen innført, men det var lukkelova som sette rammene for plasseringa av arbeidstida i varehandelen. Også i dag er det reglane om opningstid i heilagdagslova som set rammene for plasseringa av arbeidstida i butikkane, ikkje hovudregelen i arbeidsmiljølova om at ein ikkje skal arbeide om natta (kl. 21–06) eller søndagar.

3.4 1960- og 1970-talet – eit samfunn i endring, bortsett frå opningstidene

Kommunestyra vedtok lukkingsvedtektene. Arbeidstakarorganisasjonane og handelsstanden lokalt hadde stor påverknad. Fordi lange opningstider auka kostnadane og ei regulering reduserte konkurransen, hadde butikkeigarar og tilsette til dels samanfallande interesser.

Utover 1960- og 1970-talet blei så mange kvinner yrkesaktive at lukkingsvedtekter som kravde at butikkane stengde kl. 17 på kvardagar, blei eit problem. I enkelte kommunar var det også praksis å stengje tidlegare enn vedtektene kravde. Mange forbrukarar opplevde at det var knapt med tid mellom slutten på arbeidsdagen og stengjetida i butikken. I 1938, 1963, 1967 og 1972 kom det utgreiingar som foreslo noko meir liberale opningstidsreglar, men lukkelova stod fram til 1985.

På 1970-talet var det eit krav i delar av arbeidstakarrørsla at varehandelen skulle vere stengd på laurdagar, slik som bankar og offentlege kontor etter kvart hadde blitt. Forslaget om laurdagsstenging blei stemt ned i arbeidstakarorganisasjonane sine eigne organ og blei ikkje ei sak for Stortinget.

3.5 1980-talet – liberalisering

Brundtland-regjeringa sette i 1981 ned eit utval som skulle sjå på «hvordan tidsrammene i ulike virksomheter kan oppmykes». Mandatet viste mellom anna til at arbeidstid og opningstid for mange var samanfallande, og dei praktiske problema dette førte til. Innan NOU 1984: 13 blei levert, var Willoch-regjeringa i full gang med å sende på høyring eit forslag om å erstatte lukkelova frå 1913 med ei ny opningstidslov.

Lova som Stortinget vedtok, skilde seg frå både høyringa og proposisjonen. Opningstidslova hindra kommunane i å krevje at butikkane skulle stengje før kl. 20 på kvardagar og kl. 18 på laurdagar. Som i tidlegare lover var det ei rekkje unntak for mellom anna bensinstasjonar, blomebutikkar, trafikknutepunkt osv. Kommunane kunne tillate butikkane å halde opent kl. 14–19 på søndagar. Dermed sette opningstidslova snevrare rammer for søndagsopne butikkar enn det lukkelova hadde gjort. I praksis var det få kommunar som vedtok forskrifter med søndagsopne butikkar.

3.6 1999 – arealgrensa som forenkla opningstidsreguleringa

Hovudregelen som framleis gjeld, blei foreslått av Jagland-regjeringa og ført igjennom i Stortinget av Bondevik I-regjeringa. I 1999 fekk kioskar og daglegvarebutikkar som ikkje var større enn 100 m2, frie opningstider. Dermed blei det slutt på det rettslege skiljet mellom kioskvarer og daglegvarer som dei såkalla storkioskane hadde utfordra. Den nye lova innførte same reglar i heile landet. Det blei dermed slutt på nær 100 år med lokale lukkevedtekter. Måndag til fredag skulle butikkane stengje seinast kl. 21 og på laurdagar kl. 18. Ein del stader innebar dette ei innskrenking av opningstidene. På søn- og høgtidsdagar skulle butikkane vere stengde, med unntak av dei som hadde frie opningstider (mellom anna kioskar og bensinstasjonar under gjeldande arealgrense og på dei typiske turiststadene). 1999-lova hadde den hittil strengaste hovudregelen når det gjaldt søndagen.

3.7 2003 – frie opningstider måndag til laurdag

I 2003 blei det frie opningstider for alle på kvardagar og laurdagar. Sidan opningstidsreguleringa berre gjaldt søndagar og høgtidsdagar, blei reglane plasserte i heilagdagslova. Ein kunne dermed oppheve 1999-lova, men ein finn mykje av reguleringa att i heilagdagslova § 5 i dag.

Til forsida av dokumentet