NOU 2017: 17

På ein søndag? — Reglane om søndagshandel og konsekvensane av endringar

Til innhaldsliste

8 Konsekvensar av ulike måtar å regulere opningstidene på

8.1 Innleiing

I dette kapittelet gjer utvalet greie for fire ulike måtar å regulere opningstidene på, og vurderer konsekvensane av kvar modell. Formålet er å gi komande beslutningstakarar eit grunnlag for å vurdere kva for opningstidsregulering som bør gjelde. I kapittel 7 har utvalet peikt på moglege konsekvensar av endringar i opningstidsreguleringa og utforma kriterium for å vurdere dei ulike modellane. Desse kriteria blir brukt her. I kapittel 9 gir utvalet tilrådinga si.

Utvalet har i kapittel 5 gjort greie for konkrete utfordringar ved gjeldande rett, mellom anna:

  • Konkurransevridande reglar: Hagesenterunntaket hindrar mellom anna byggjevare-, møbel- og jernvarehandlarar i å konkurrere på like vilkår når det gjeld delar av varespekteret. Campingplassunntaket fører til ulike konkurransevilkår innanfor og utanfor campingplassen. Turistunntaket blir praktisert ulikt mellom fylkesmannsembeta, og det skjer ei lokal konkurransevriding når det blir ulike konkurransevilkår for ulike delar av varehandelen i same område, som til dømes i Larvik kommune.

  • To reglar blir brotne jamleg: Husflids- og suvenirunntaket blir brukt til å selje industriprodukt på søn- og høgtidsdagar. Ein del mindre faghandlarar i sentrale byområde held søndagsopent utan å falle inn under nokon av reglane i heilagdagslova § 5. Ein må anten endre regelen eller styrkje handhevinga.

I kapittel 7 er det vist at ei meir liberal opningstidsregulering på søn- og høgtidsdagar berre vil ha mindre og noko ulike konsekvensar når det gjeld ei rekkje av dei spørsmåla som var framme i debatten i samband med høyringa i 2015, mellom anna om næringa, lokalt sjølvstyre, sysselsetjing og vekst, prisar, folkehelse, frivillig innsats, miljø, distriktsbutikkar og samfunnsøkonomi. Derimot vil liberaliserte opningstidsreglar ha meir å seie for kor mange som må jobbe på søn- og høgtidsdagar, for kor mange som må jobbe deltid i varehandelen, og for søndagen som felles fridag og markering av ein rytme i samfunnet.

8.2 Oversikt over modellane utvalet vurderer i dette kapittelet

Ytterpunkta er anten å halde på gjeldande rett eller ei liberalisering som er litt mindre omfattande enn den som er gjennomført i Danmark, sjå modell 1 og 4 nedanfor. Mellom desse ytterpunkta har utvalet sett på konsekvensane av to modellar. Den første av mellom-modellane er i større grad bransjenøytral enn dagens regulering, gir eit tydeleg vern om søndagen som annleisdag og strammar inn på unntaket for typiske turiststader (modell 2). Den andre mellom-modellen er utforma for å skape like konkurransevilkår, forenkle regelverket og oppheve turistunntaket gjennom ei noko større liberalisering (modell 3).1 Felles for desse to modellane er at det ikkje blir gjort endringar når det gjeld

  • dei tre siste søndagane før jul

  • unntaka for auksjon, kunstgalleri, utstillingar/varemesser og produksjonsstader som er tilrettelagde for turisme

  • 1. mai og 17. mai, som framleis skal regulerast som første juledag og første påskedag

8.3 Modell 1 (små justeringar)

8.3.1 Omsyn

Denne modellen legg vekt på at færrast mogleg må arbeide på søn- og høgtidsdagar i varehandelen. Modellen inneber ei viss innstramming gjennom at det blir like konkurransevilkår for hagesenter og byggjevareutsal og liknande ved at unntaket for blomar, planter og andre hageartiklar blir oppheva (hagesenter). I denne løysinga blir fleire varetypar inkluderte blant dei som kan seljast når som helst innanfor eit salsareal på ≤ 100 m2: blomar, planter, husflids- og suvenirvarer (kravet om at varene må vere lokale, blir oppheva). Løysinga fører vidare eit justert turistunntak med distriktspolitisk grunngiving, sjå alternativ 4 i kapittel 5.5. Det inneber at det ikkje lenger blir turistunntak i sentrale strøk, at forvaltninga blir lagd til departementet, og at også butikkane på turiststadene må halde stengt langfredag, første påskedag, 1. mai, 17. mai og første juledag.

8.3.2 Konsekvensar av modellen

8.3.2.1 Må fleire jobbe på søn- og høgtidsdagar?

Nei, kanskje til og med færre enn i dag fordi ein stengjer hagesenter og butikkar på ein del turiststader.

8.3.2.2 Aukar risikoen for at fleire må jobbe deltid?

Nei.

8.3.2.3 Kva med søndagen som felles fridag og markering av ein rytme i samfunnet?

Som i dag. I tillegg må også butikkane på turiststadene halde stengt langfredag, første påskedag, 1. mai, 17. mai og første juledag.

8.3.2.4 Bransjenøytralitet?

I noko større grad enn i dag.

8.3.2.5 Utviklinga i næringa

Nokre store daglegvarebutikkar vil måtte stengje på søn- og høgtidsdagar på turiststader i sentrale strøk og på campingplassar. Innanfor faghandelen vil dei store hagesentera måtte stengje på søn- og høgtidsdagar, men ein kan få nokre fleire små blomehandlarar, kanskje særleg i byane, som held opent på søn- og høgtidsdagar. Suvenirbutikkar vil halde opent som i dag, så framt dei ikkje er for store.

8.3.3 Økonomiske og administrative konsekvensar

Modell 1 har svært avgrensa økonomiske og administrative konsekvensar. Departementet tek over forvaltningsoppgåvene for turistunntaket frå fylkesmennene. Kommunane får ei tilsynsoppgåve, sjå kapittel 5.9.

Boks 8.1 Utkast til lovendring i modell 1

Heilagdagslova § 5 skal lyde:

§ 5. Salg fra faste utsalgssteder

På helligdager skal faste utsalgssteder som selger varer til forbrukere, holde stengt. På jul-, påske- og pinseaften skal de stenge kl. 16.

Dette gjelder ikke for

  • 1. utsalgssteder som i det vesentlige selger kiosk- eller dagligvarer, husflids- eller suvenirvarer eller blomster og planter, og som har en samlet salgsflate som ikke overstiger 100 kvm

  • 2. bensinstasjoner med en samlet salgsflate som ikke overstiger 150 kvm

  • 3. utsalgssteder på campingplasser i campingsesongen

  • 4. utsalgssteder på områder som etter vedtak av departementet regnes som typiske turiststeder, se sjette ledd, men ikke langfredag, første påskedag, 1. mai, 17. mai og første juledag.

  • 5. salg fra serveringssted

  • 6. salg ved auksjon

  • 7. salg av utstilte gjenstander fra kunstgallerier og lignende

  • 8. salg fra tidsbegrensede utstillinger og varemesser som finner sted i lokaler som normalt ikke blir brukt til salgsvirksomhet

  • 9. utsalgssteder som i det vesentlige selger blomster, planter og andre hageartikler

  • 10. utsalgssteder som i det vesentlige selger lokale husflids- og suvenirvarer

  • 11. utsalgssteder i bygninger for inn- og utsjekking av passasjerer på lufthavner som har tillatelse til avgiftsfritt salginnenfor sikkerhetskontrollen på lufthavner for rutefly

  • 12. salg av varer i tilknytning til produksjonssteder mv. som er tilrettelagt for turisme.

Faste utsalgssteder kan holde åpent de tre siste søndagene før julaften mellom kl. 14 og kl. 20.

Med salgsflate, se annet ledd nr. 1 og 2, menes gulvflaten i den delen av et utsalgssteds lokale hvor varer beregnet for salg til publikum er synlig utstilt. Lagerrom og oppholdsrom for personale medregnes ikke.

Utsalgssteder som nevnt i annet ledd nr. 1 og 2, og som ikke åpenbart oppfyller kravet om salgsflate, skal ved takst eller på annen tilfredsstillende måte kunne dokumentere salgsflatens størrelse. Dokumentasjonen skal være tilgjengelig og synlig ved utsalgsstedet. Mangelfull dokumentasjon medfører at et utsalgssted ikke anses unntatt fra bestemmelsen i første ledd første punktum. Kommunen skal på oppfordring foreta oppmåling av salgsarealet.

Departementet kan etter søknad fra kommunen ved forskrift bestemme at et område skal regnes som typisk turiststed, se annet ledd nr. 4, for hele året eller deler av året. Som typisk turiststed kan bare regnes område der salget i de aktuelle periodene hovedsakelig skjer til turister. Kommunen fører tilsyn med at slik forskrift overholdes. Departementet kan oppheve slik forskrift etter en ny vurdering.

Fylkesmannen kan etter søknad gi dispensasjon fra paragrafen her når det foreligger særlige grunner. Avgjørelsen kan påklages til departementet.

Utsalgssteder kan ikke bindes til å holde åpent på helligdager og 1. og 17. mai.

Departementet kan gi nærmere forskrifter til utfylling av paragrafen her.

8.4 Modell 2 (likare konkurransevilkår)

8.4.1 Omsyn

I denne modellen er det lagt vekt på å skape likare konkurransevilkår og samtidig skjerme søndag formiddag og dei store høgtidsdagane. Modellen gir frie opningstider for utsalsstader som sel kiosk- og daglegvarer, bensinstasjonsvarer, husflidsvarer og suvenirvarer på eit salsareal ≤ 150 m2. På vanlege søndagar kl. 13–19 kan butikkar i alle bransjar ha opent dersom dei har salsareal ≤ 150 m2. Dette gjeld vanlege søndagar, andre påskedag og andre pinsedag. Modellen opnar dermed for at søndagshandel i liten skala blir lovleg. Mellom anna kan små bokhandlar, små klesbutikkar, små telebutikkar og små interiørbutikkar halde opent etter kl. 13 på søndagar. Andre hovudpunkt er at ein med denne modellen vil

  • oppheve unntaket for hagesenter og blomehandlarar

  • oppheve unntaket for utsalsstader på campingplassar

  • oppheve kravet om at husflids- og suvenirvarer må vere lokale

  • justere unntaket for typiske turiststader, slik at forvaltninga blir lagd til departementet, at det ikkje lenger er turistunntak i sentrale strøk, og at også butikkane på turiststadene må halde stengt langfredag, første påskedag, 1. mai, 17. mai og første juledag, sjå alternativ 4 i kapittel 5.5.

8.4.2 Konsekvensar av modellen

8.4.2.1 Må fleire jobbe på søn- og høgtidsdagar?

Modellen inneber at fleire mindre butikkar kan halde opent på søn- og høgtidsdagar, dermed vil noko fleire tilsette i varehandelen måtte arbeide desse dagane. Om lag 600 av om lag 3800 daglegvarebutikkar er opne på søndagar og er dermed stort sett ≤ 100 m2, men dei fleste daglegvarebutikkar er langt større. Ei litt vidare arealgrense vil truleg ikkje føre til at mange fleire daglegvarebutikkar blir etablerte eller bygde ned til 150 m2 eller mindre. Daglegvarer utgjer om lag 40 prosent av varehandelen, men det vil truleg vere nokså få nye tilsette i denne bransjen som må arbeide på søndagar som følgje av ei arealgrense på ≤ 150 m2.

Heller ikkje dei som arbeider i store butikkar (som til dømes IKEA, XXL, store Elkjøp-butikkar, Jula, Maxbo og H&M) vil måtte arbeide på søn- og høgtidsdagar. Tilsette på store hagesenter i sentrale kommunar vil ikkje lenger måtte arbeide på søn- og høgtidsdagar.

Den tillatne opningstida på seks timar frå kl. 13–19 krev færre vakter enn opningstidene på kvardagar og laurdagar. Dermed må færre tilsette på jobb enn om opningstidene var lenger.

At butikkar som er ≤ 150 m2, får høve til å halde opent, kan føre til at tilsette i andre bransjar, til dømes innan reinhald og pengetransport, også må jobbe. Fordi store butikkar må halde stengt, vil truleg mange kjøpesenter velje å halde stengt, slik at mellom andre vektarar og frisørar på kjøpesenter ikkje må på jobb.

Utvalet har ikkje tal for kor mange butikkar som er ≤ 150 m2, kor mange som arbeider der, og kor mange som er på jobb for å halde butikken open, sjå kapittel 7.4.1.3 og 7.4.2. Utvalet legg til grunn at det er langt færre nye arbeidstakarar som må på jobb på søndag med modell 2 enn med full liberalisering.

8.4.2.2 Aukar risikoen for at fleire må jobbe deltid?

Ja, i dei butikktypane som etter endringa kan halde opent, og som vel å gjere det.

8.4.2.3 Kva med søndagen som felles fridag og markering av ein rytme i samfunnet?

Opningstidsreguleringa kan ikkje påverke folks kommersielle aktivitet på mobilen og nettet, men kan skjerme visse tidsrom for handel i visse fysiske butikkar. Høgtidsdagane blir skjerma som i dag, med unntak av at utsalsstader ≤ 150 m2 kan halde opent kl. 13–19 på andre påskedag og andre pinsedag. På turiststadene må butikkane også halde stengt langfredag, første påskedag, 1. mai, 17. mai og første juledag. På vanlege søndagar skal butikkar halde stengt fram til kl. 13. Utsalsstader ≤ 150 m2 kan halde opent kl. 13–19 på vanlege søndagar. Lovendringa gjeld også ein del faghandlarar som i dag held opent sjølv om dei ikkje har lov, og inneber dermed ikkje meir søndagshandel enn i dag. Berre utsalsstader ≤ 150 m2 får lov å halde opent, dermed vil søndagen truleg ikkje bli ein stor handledag.

8.4.2.4 Bransjenøytralitet?

Etter kl. 13 på vanlege søndagar vil dei same reglane gjelde i alle bransjar, dermed blir modellen tilnærma bransjenøytral. Å fastsetje ei arealgrense er den minst konkurransevridande måten å avgrense opningstidene på, samanlikna med til dømes avgrensing etter varetype.

8.4.2.5 Utviklinga i næringa

Modellen vil gi små butikkar større fridom til å halde opent enn større butikkar. Denne konkurransevridinga er eit utslag av måten ein har valt å regulere søndagshandelen på. Intensjonen er ikkje å stimulere små butikkar i konkurransen med store butikkar, men å velje eit klart kriterium som sørgjer for at ikkje alle tilsette i varehandelen må arbeide på søn- og høgtidsdagar, og at søndagen framleis skal ha ein annan karakter enn laurdagar og kvardagar.

All regulering er konkurransevridande, og avgrensa areal kan mellom anna føre til at mindre leverandørar får mindre hylleplass her enn dei får i større butikkar. Den arealkrevjande varehandelen må halde stengt og kan oppleve at kundane heller bruker pengar på (mindre) varer som kan seljast på søndagar.

I kjøpesenter kan utsalsstader med salsflate ≤ 150 m2 halde opent på søndagar, men dei store butikkane må halde stengt. Til dømes må store daglegvare- og klesbutikkar i kjøpesenter halde stengt. Ein veit ikkje kor mange kjøpesenter som vil velje å opne på søndagar når berre utsalsstader med salsflate ≤ 150 m2 kan halde opent. Utvalet legg til grunn at nokre kjøpesenter vil halde opent, medan andre vil halde stengt, slik ein ser på turiststadene i dag.

Oppheving av campingplassunntaket vil ha svært avgrensa konsekvensar. Oppheving av hagesenterunntaket vil vere ei ulempe for dei forbrukarane som er vane med å handle til hagen og balkongen på søndagar, men ein får same opningstidsreglar for hagesentera og byggjevarehandelen, som delvis har det same vareutvalet.2

8.4.3 Føresetnadene for ei vellykka gjennomføring

Nye bransjar må tilpasse storleiken og drifta til ei arealgrense, til dømes slik at ein berre kan selje utstilte varer og ikkje hente andre varer frå lageret. Forståinga av salsareal og kravet til vegger er godt innarbeidd i kiosk- og daglegvarebransjen. No blir det svært mange nye butikksjefar og eigarar som må forstå, respektere og investere for at arealgrensa skal følgjast. Det kan gi utfordringar for handhevinga, særleg i den første tida. Departementet, bransjen og kjedene må truleg setje av ressursar til rettleiing. For å unngå ei vidare utgliding av turistunntaket er det behov for konsistent behandling i departementet av søknader om å få status som typisk turiststad.

8.4.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Modell 2 har svært avgrensa økonomiske og administrative konsekvensar. Departementet tek over forvaltningsoppgåvene for turistkommunane, som i dag ligg hos fylkesmennene. Kommunane får ei tilsynsoppgåve, sjå kapittel 5.9. For næringa vil både omsetning og opningstider kunne flytte seg noko mellom butikkar og bransjar. Nokre verksemder vil kunne få lågare omsetning, til dømes

  • store hagesenter

  • butikkar på campingplassar

  • butikkar på stader som mistar statusen som turiststad

  • suvenirbutikkar som er for store til å halde opent

Boks 8.2 Utkast til lovendring i modell 2

Heilagdagslova § 5 skal lyde:

§ 5. Salg fra faste utsalgssteder

På helligdager skal faste utsalgssteder som selger varer til forbrukere, holde stengt. På jul-, påske- og pinseaften skal de stenge kl. 16.

Dette gjelder ikke for

  • 1. utsalgssteder som i det vesentlige selger kiosk- eller dagligvarer, bensinstasjons-, husflids- eller suvenirvarer, og som har en samlet salgsflate som ikke overstiger 150 kvm

  • 2. utsalgssteder som har en samlet salgsflate som ikke overstiger 150 kvm mellom kl. 13 og kl. 19 vanlige søndager, andre påskedag og andre pinsedag

  • 2. bensinstasjoner med en samlet salgsflate som ikke overstiger 150 kvm

  • 3. utsalgssteder på campingplasser i campingsesongen

  • 4. utsalgssteder på områder som etter vedtak av departementet regnes som typiske turiststeder, se sjette ledd, men ikke langfredag, første påskedag, 1. mai, 17. mai og første juledag

  • 5. salg fra serveringssted

  • 6. salg ved auksjon

  • 7. salg av utstilte gjenstander fra kunstgallerier og lignende

  • 8. salg fra tidsbegrensede utstillinger og varemesser som finner sted i lokaler som normalt ikke blir brukt til salgsvirksomhet

  • 9. utsalgssteder som i det vesentlige selger blomster, planter og andre hageartikler

  • 10. utsalgssteder som i det vesentlige selger lokale husflids- og suvenirvarer

  • 11. utsalgssteder i bygninger for inn- og utsjekking av passasjerer på lufthavner som har tillatelse til avgiftsfritt salginnenfor sikkerhetskontrollen på lufthavner for rutefly

  • 12. salg av varer i tilknytning til produksjonssteder mv. som er tilrettelagt for turisme.

Faste utsalgssteder kan holde åpent de tre siste søndagene før julaften mellom kl. 14 og kl. 20.

Med salgsflate, se annet ledd nr. 1 og 2, menes gulvflaten i den delen av et utsalgssteds lokale hvor varer beregnet for salg til publikum er synlig utstilt. Lagerrom og oppholdsrom for personale medregnes ikke.

Utsalgssteder som nevnt i annet ledd nr. 1 og 2, og som ikke åpenbart oppfyller kravet om salgsflate, skal ved takst eller på annen tilfredsstillende måte kunne dokumentere salgsflatens størrelse. Dokumentasjonen skal være tilgjengelig og synlig ved utsalgsstedet. Mangelfull dokumentasjon medfører at et utsalgssted ikke anses unntatt fra bestemmelsen i første ledd første punktum. Kommunen skal på oppfordring foreta oppmåling av salgsarealet.

Departementet kan etter søknad fra kommunen ved forskrift bestemme at et område skal regnes som typisk turiststed, se annet ledd nr. 4, for hele året eller deler av året. Som typisk turiststed kan bare regnes område der salget i de aktuelle periodene hovedsakelig skjer til turister. Kommunen fører tilsyn med at slik forskrift overholdes. Departementet kan oppheve slik forskrift etter en ny vurdering.

Fylkesmannen kan etter søknad gi dispensasjon fra paragrafen her når det foreligger særlige grunner. Avgjørelsen kan påklages til departementet.

Utsalgssteder kan ikke bindes til å holde åpent på helligdager og 1. og 17. mai.

Departementet kan gi nærmere forskrifter til utfylling av paragrafen her.

8.5 Modell 3 (like konkurransevilkår)

8.5.1 Omsyn

I denne modellen er det frie opningstider for alle utsalsstader med avgrensa salsareal. Dermed blir det lovleg med søndagshandel i liten skala i alle bransjar. Det er ein føresetnad at 200 m2 er tilstrekkeleg til å oppretthalde eit breitt vareutval, og at ein dermed kan oppheve unntaket for typiske turiststader. Modellen gir likare konkurransevilkår ved at det blir innført bransjenøytrale reglar, og forbrukarane får auka tilgang på fleire varetypar på søndagar.

Det opnar for ei betydeleg forenkling av opningstidsreguleringa å oppheve unntaka for

  • typiske turiststader

  • små kioskar og daglegvarebutikkar

  • bensinstasjonar

  • hagesenter og blomebutikkar

  • utsalsstader på campingplassar i campingsesongen

  • lokale husflids- og suvenirvarer

Det er mogleg å kombinere modell 3 med element frå modell 2, til dømes at faghandlar (under 200 m2) først kan opne etter kl. 13, eller eit snevert unntak for turiststader. Utgangspunktet for vurderinga nedanfor er ei generell grense på 200 m2.

8.5.2 Konsekvensar av modellen

8.5.2.1 Må fleire jobbe på søn- og høgtidsdagar?

Tilsette i alle bransjar vil i prinsippet måtte jobbe på søndagar, men berre i butikkar ≤ 200 m2. Sjølv om alle utsalsstader med eit salsareal på ≤ 200 m2 får lov å halde opent, vil berre dei som finn det lønnsamt, gjere det. Alle store butikkar elles vil måtte halde stengt, slik at ikkje alle tilsette i varehandelen vil måtte arbeide søn- og høgtidsdagar. Dei fleste daglegvarebutikkar er over 200 m2, men ein stor del av faghandelen vil kunne halde opent. På turiststadene vil færre måtte jobbe på søndagar. At butikkar ≤ 200 m2 får frie opningstider, kan føre til at tilsette i andre bransjar, til dømes innan reinhald og pengetransport, også må jobbe. I kjøpesenter som held opent, kan ein konsekvens bli at mellom andre vektarar, kafétilsette og frisørar må jobbe. Det vil framleis vere færre på jobb i varehandelen på søndagar enn på laurdagar.

8.5.2.2 Aukar risikoen for at fleire må jobbe deltid?

Ja, i dei butikktypane som etter endringa kan halde opent, og som vel å gjere det.

8.5.2.3 Kva med søndagen som felles fridag og markering av ein rytme i samfunnet?

Det vil gjelde eigne opningstidsreglar for søn- og høgtidsdagar som inneber at færre butikkar kan halde opent. At store butikkar må halde stengt, vil gjere søndagen annleis enn andre dagar.

8.5.2.4 Bransjenøytralitet?

Same arealgrense for alle utsalsstader heile tida er så nært ein kan komme ei bransjenøytral regulering av opningstidene. Å fastsetje ei arealgrense er den minst konkurransevridande måten å avgrense opningstidene på, samanlikna med til dømes avgrensing etter varetype.

8.5.2.5 Utviklinga i næringa

Frie opningstider for alle butikkar ≤ 200 m2 vil skape like konkurransevilkår uavhengig av lokalisering og varetypar. Somme butikkar vil vinne og andre vil tape i konkurransen.

Ei bransjenøytral arealgrense på 200 m2 vil utlikne forskjellen på stader med turistunntak og andre stader. Dei minste distriktsbutikkane vil også få frie opningstider. Ein del utsalsstader vil få kostnader med å byggje om eller skaffe nye lokale for å komme under eller opp til arealgrensa.

Eit større salsareal gir høve til å ta inn fleire varer og kan dermed gi auka bransjegliding. Fordi den same arealgrensa vil gjelde for alle, hindrar ikkje regelverket enkelte bransjar i å halde opent og delta i konkurransen. All regulering er konkurransevridande, og avgrensa areal kan mellom anna føre til at mindre leverandørar får mindre hylleplass enn dei får i større butikkar. Den arealkrevjande varehandelen må halde stengt og kan oppleve at kundane heller bruker pengar på (mindre) varer som kan seljast på søndagar.

Halvparten av norsk faghandelsomsetning skjer i kjøpesenter. At berre butikkar ≤ 200 m2 i kjøpesentera får lov til å halde opent på søn- og høgtidsdagar, vil utfordre kjøpesentera og kundane som er vane med at heile senteret er opent til same tid. Ein stor del av butikkane i kjøpesenter er under 200 m2. Arealgrensa på 200 m2 er ei avgrensing som råkar dei større verksemdene i varehandelen, men det gjeld i så fall likt for alle.

8.5.3 Økonomiske og administrative konsekvensar

Modell 3 opphevar turistunntaket og tek dermed vekk forvaltningsoppgåver som i dag ligg hos fylkesmennene.

Alle bransjar vil kunne konkurrere på søndagar dersom butikkane ikkje er for store. Det kan gi vekst for butikkar som ligg slik til at mange kjem innom på søndagar, til dømes i byar, på utfartsstader og på turistdestinasjonar. Nokre verksemder vil kunne få lågare omsetning, til dømes

  • store hagesenter

  • store butikkar på campingplassar

  • store butikkar på turiststader

  • suvenirbutikkar som er for store til å halde opent

Boks 8.3 Utkast til lovendring i modell 3

Heilagdagslova § 5 skal lyde:

§ 5. Salg fra faste utsalgssteder

På helligdager skal faste utsalgssteder som selger varer til forbrukere, holde stengt. På jul-, påske- og pinseaften skal de stenge kl. 16.

Dette gjelder ikke for

  • 1. utsalgssteder som i det vesentlige selger kiosk- eller dagligvarer, og som har en samlet salgsflate som ikke overstiger 200 kvm

  • 2. bensinstasjoner med en samlet salgsflate som ikke overstiger 150 kvm

  • 3. utsalgssteder på campingplasser i campingsesongen

  • 4. utsalgssteder på områder som etter vedtak av fylkesmannen regnes som typiske turiststeder, se sjette ledd

  • 5. salg fra serveringssted

  • 6. salg ved auksjon

  • 7. salg av utstilte gjenstander fra kunstgallerier og lignende

  • 8. salg fra tidsbegrensede utstillinger og varemesser som finner sted i lokaler som normalt ikke blir brukt til salgsvirksomhet

  • 9. utsalgssteder som i det vesentlige selger blomster, planter og andre hageartikler

  • 10. utsalgssteder som i det vesentlige selger lokale husflids- og suvenirvarer

  • 11. utsalgssteder i bygninger for inn- og utsjekking av passasjerer på lufthavner som har tillatelse til avgiftsfritt salginnenfor sikkerhetskontrollen på lufthavner for rutefly

  • 12. salg av varer i tilknytning til produksjonssteder mv. som er tilrettelagt for turisme.

Faste utsalgssteder kan holde åpent de tre siste søndagene før julaften mellom kl. 14 og kl. 20.

Med salgsflate, se annet ledd nr. 1 og 2, menes gulvflaten i den delen av et utsalgssteds lokale hvor varer beregnet for salg til publikum er synlig utstilt. Lagerrom og oppholdsrom for personale medregnes ikke.

Utsalgssteder som nevnt i annet ledd nr. 1 og 2, og som ikke åpenbart oppfyller kravet om salgsflate, skal ved takst eller på annen tilfredsstillende måte kunne dokumentere salgsflatens størrelse. Dokumentasjonen skal være tilgjengelig og synlig ved utsalgsstedet. Mangelfull dokumentasjon medfører at et utsalgssted ikke anses unntatt fra bestemmelsen i første ledd første punktum. Kommunen skal på oppfordring foreta oppmåling av salgsarealet.

Fylkesmannen kan etter søknad fra kommunen ved forskrift bestemme at et område skal regnes som typisk turiststed, se annet ledd nr. 4, for hele året eller deler av året. Som typisk turiststed kan bare regnes område der salget i de aktuelle periodene hovedsakelig skjer til turister.

Fylkesmannen kan etter søknad gi dispensasjon fra paragrafen her når det foreligger særlige grunner. Avgjørelsen kan påklages til departementet.

Utsalgssteder kan ikke bindes til å holde åpent på helligdager og 1. og 17. mai.

Departementet kan gi nærmere forskrifter til utfylling av paragrafen her.

8.6 Modell 4 (liberalisering)

8.6.1 Omsyn

Ved ei omfattande liberalisering vil ikkje lenger lova forby handel når det passar forbrukarane og butikkeigaren. Opningstidene blir opp til aktørane i marknaden, og ein får ei klar forenkling av den offentlege næringsreguleringa. Modellen her er utforma med ei skjerming fram til kl. 13 på søndagar og dei store høgtidsdagane. Dei praktiske konsekvensane av ein slik modell vil vere om lag dei same som i modellen regjeringa sende på høyring i 2015 og som med full liberalisering etter svensk modell.3

8.6.2 Konsekvensar av modellen

8.6.2.1 Må fleire jobbe på søn- og høgtidsdagar?

Alle tilsette i varehandelen vil måtte rekne med å arbeide etter kl. 13 på søndagar, sjølv om ikkje alle butikkar vil halde opent. (Truleg ville dei fleste først opne kl. 12 eller 13, sjølv med heilt frie opningstider.) I tillegg vil tilsette i enkelte andre bransjar også måtte jobbe.

8.6.2.2 Aukar risikoen for at fleire må jobbe deltid?

Ein ekstra handledag i veka vil truleg føre til mange fleire deltidsstillingar.

8.6.2.3 Kva med søndagen som felles fridag og markering av ein rytme i samfunnet?

Utover det symbolske i at søndagen ikkje lenger vil vere skjerma som handledag i fysiske butikkar, vil vekerytmen stort sett vere uendra med helg og skolefri som i dag. Unntaket er dei tilsette som må arbeide inntil halvparten av søndagane i året.

8.6.2.4 Bransjenøytralitet?

Ja.

8.6.2.5 Utviklinga i næringa

Truleg vil dei store verksemdene i varehandelen vekse seg større, og det vil bli eit auka press på omstilling og effektivisering i varehandelen. Dette kan gå ut over små butikkar, særleg i distrikta. Dei fleste kjøpesentera vil halde opent. Dei små daglegvarebutikkane og ein del kioskar og bensinstasjonar vil miste omsetning.

8.6.3 Økonomiske og administrative konsekvensar

Modell 4 fører til at forvaltningsoppgåver som i dag ligg hos fylkesmennene, fell bort.

Boks 8.4 Utkast til lovendring i modell 4

Heilagdagslova § 5 skal lyde:

§ 5. Salg fra faste utsalgssteder

På helligdager skal faste utsalgssteder som selger varer til forbrukere, holde stengt. På jul-, påske- og pinseaften skal de stenge kl. 16.

Dette gjelder ikke for

  • 1. utsalgssteder som i det vesentlige selger kiosk- eller dagligvarer, bensinstasjons-, husflids- eller suvenirvarer, og som har en samlet salgsflate som ikke overstiger 150 kvm

  • 2. utsalgssteder mellom kl. 13 og 19 vanlige søndager, andre påskedag og andre pinsedag samt fram til kl. 16 skjærtorsdag

  • 2. bensinstasjoner med en samlet salgsflate som ikke overstiger 150 kvm

  • 3. utsalgssteder på campingplasser i campingsesongen

  • 4. utsalgssteder på områder som etter vedtak av fylkesmannen regnes som typiske turiststeder, se sjette ledd

  • 5. salg fra serveringssted

  • 6. salg ved auksjon

  • 7. salg av utstilte gjenstander fra kunstgallerier og lignende

  • 8. salg fra tidsbegrensede utstillinger og varemesser som finner sted i lokaler som normalt ikke blir brukt til salgsvirksomhet

  • 9. utsalgssteder som i det vesentlige selger blomster, planter og andre hageartikler

  • 10. utsalgssteder som i det vesentlige selger lokale husflids- og suvenirvarer

  • 11. utsalgssteder i bygninger for inn- og utsjekking av passasjerer på lufthavner som har tillatelse til avgiftsfritt salginnenfor sikkerhetskontrollen på lufthavner for rutefly

  • 12. salg av varer i tilknytning til produksjonssteder mv. som er tilrettelagt for turisme.

Faste utsalgssteder kan holde åpent de tre siste søndagene før julaften mellom kl. 14 og kl. 20.

Med salgsflate, se annet ledd nr. 1 og 2, menes gulvflaten i den delen av et utsalgssteds lokale hvor varer beregnet for salg til publikum er synlig utstilt. Lagerrom og oppholdsrom for personale medregnes ikke.

Utsalgssteder som nevnt i annet ledd nr. 1 og 2, og som ikke åpenbart oppfyller kravet om salgsflate, skal ved takst eller på annen tilfredsstillende måte kunne dokumentere salgsflatens størrelse. Dokumentasjonen skal være tilgjengelig og synlig ved utsalgsstedet. Mangelfull dokumentasjon medfører at et utsalgssted ikke anses unntatt fra bestemmelsen i første ledd første punktum. Kommunen skal på oppfordring foreta oppmåling av salgsarealet.

Fylkesmannen kan etter søknad fra kommunen ved forskrift bestemme at et område skal regnes som typisk turiststed, se annet ledd nr. 4, for hele året eller deler av året. Som typisk turiststed kan bare regnes område der salget i de aktuelle periodene hovedsakelig skjer til turister.

Fylkesmannen kan etter søknad gi dispensasjon fra paragrafen her når det foreligger særlige grunner. Avgjørelsen kan påklages til departementet.

Utsalgssteder kan ikke bindes til å holde åpent på helligdager og 1. og 17. mai.

Departementet kan gi nærmere forskrifter til utfylling av paragrafen her.

8.7 Dialog på den enkelte arbeidsplassen om arbeid på søn- og høgtidsdagar (arbeidsmiljølova)

Arbeidsgivaren skal drøfte med tillitsvalde før det blir sett i gang arbeid på søn- og høgtidsdagar, sjå arbeidsmiljølova § 10-10 (3). Utvalet har i kapittel 7.4.4 drøfta om medverknaden bør styrkjast ved ei liberalisering av opningstidsreguleringa. Ein modell kunne vere at arbeidsgivaren årleg skal drøfte med dei tillitsvalde arbeidet på søn- og høgtidsdagar. Ei slik lovendring vil særleg vere relevant ved ei vesentleg liberalisering av opningstidsreglane som gjer at mange fleire må arbeide på søn- og høgtidsdagar.

Førebiletet her er den tilsvarande føresegna i arbeidsmiljølova § 14-9 (1) om bruk av mellombels tilsetjing. Sjølv om opningstidsreguleringa tek stilling til om arbeid på søndag er «nødvendig» etter arbeidsmiljølova § 10-10 (2), kan det vere fornuftig å ha ein dialog på den enkelte arbeidsplassen om grunnlaget for og omfanget av arbeid på søn- og høgtidsdagar og om konsekvensane for arbeidsmiljøet og arbeidsplanlegginga. Ei eventuell lovendring vil krevje noko meir dialog mellom dei tillitsvalde og arbeidsgivaren. Arbeidsgivaren har ansvaret for denne dialogen, men kravet om årlege drøftingar vil ha svært avgrensa økonomiske og administrative konsekvensar. Ei eventuell lovendring kan utformast slik at tredje ledd i arbeidsmiljølova § 10-10 skal lyde:

(3) Arbeidsgiver skal drøfte behovet for søn- og helgedagsarbeid med arbeidstakernes tillitsvalgte før det iverksettes. Arbeidsgiver skal minst en gang per år drøfte bruken av søn- og helgedagsarbeid med de tillitsvalgte, blant annet grunnlaget for og omfanget av søn- og helgedagsarbeid, samt konsekvenser for arbeidsmiljøet og arbeidsplanleggingen.

Fotnotar

1.

Utvalet går ikkje inn på konsekvensane av å føre vidare gjeldande rett. Utfordringane ved dagens regulering går fram av kapittel 5. Utvalet går ikkje inn på ein modell der daglegvarebutikkar får frie opningstider uansett storleik. Gjennom bransjegliding (hovudsakleg frå faghandelen) og vertikal integrasjon har daglegvarebransjen fått ein svært sterk posisjon i norsk varehandel. Frie opningstider uansett storleik kombinert med eit påbod om at andre bransjar må halde stengt, ville gi daglegvarebransjen ein enda sterkare posisjon og vere konkurransevridande.

2.

Det felles unntaket for hagesenter og byggjevare ser ut til å fungere i Danmark, men dette gjeld berre 13 heilagdagar. På vanlege søndagar kan alle danske butikkar halde opent. Eit tilsvarande felles unntak i Noreg ville dreie seg om høvet til å konkurrere i marknaden opp mot 50 søndagar i året. Det er svært krevjande å formulere eit unntak som omfattar både hagesenter og byggjevarehandel, utan å skape avgrensingsproblem mot andre næringar.

3.

I Sverige gjeld det ingen reglar om opningstidene i varehandelen. I norsk rett måtte ein då oppheve forboda og unntaka i heilagdagslova § 5. Det ville påverke arbeidstidsreguleringa etter arbeidsmiljølova. For å unngå at det må gjerast ei nødvendig-vurdering ut frå arbeidsmiljølova § 10-10, kunne heilagdagslova § 5 formulerast slik: «På helligdager kan faste utsalgssteder som selger varer til forbrukere, holde åpent.»

Til forsida av dokumentet