Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapittel: 200–292 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3292, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning

Innleiing

Regjeringa har høge ambisjonar for det norske kunnskapssamfunnet og satsar målretta på forsking og høgare utdanning. Det viktigaste verktøyet for å sørge for langsiktige og føreseielege satsingar på området er langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Det er viktig å sørge for samsvar mellom nasjonale prioriteringar og internasjonale satsingar. Noreg har eit utstrekt internasjonalt samarbeid innanfor forsking og høgare utdanning, jf. Strategi for norsk deltagelse i Horisont Europa og det europeiske forskningsområdet (2021–2027), Erasmus+ og det europeiske utdanningsområdet (2021–2027), og Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2021–2027).

Oppfølging av Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2019–2028

Hausten 2018 la regjeringa fram Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Langtidsplanen inneheld tre overordna mål:

  • styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne

  • møte store samfunnsutfordringar

  • utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet

Planen inneheld òg fem langsiktige prioriteringar:

  • hav

  • klima, miljø og miljøvennleg energi

  • fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester

  • mogleggjerande og industrielle teknologiar

  • samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd

Regjeringa har i perioden 2019–22 prioritert opp mot dei tre overordna måla og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen. Til saman har regjeringa følgt opp langtidsplanen med om lag 3,3 mrd. kroner. Innanfor ramma av mål og prioriteringar har regjeringa særleg ønskt å prioritere opptrapping av innsatsen på tre viktige område i perioden:

  • 800 mill. kroner for å løfte kompetanse, utdanning i og forsking på teknologi, med særskild vekt på IKT

  • 450 mill. kroner for å legge til rette for auka FoU for fornying og omstilling i næringslivet

  • 250 mill. kroner for å bidra til høg kvalitet i norsk høgare utdanning

Desse tre opptrappingsplanane støttar opp under grunnleggande innsatsfaktorar for å lykkast med det grøne skiftet, auke verdiskapinga og omstille næringslivet og offentleg sektor. I perioden 2019–22 blei opptrappingsplanane følgde opp med 1,6 mrd. kroner, 200 mill. kroner til kvalitet i høgare utdanning, 479 mill. kroner til FoU for fornying og omstilling i næringslivet, og 966 mill. kroner til teknologiløft, sjå figur 5.1.

Regjeringa legg fram ei forskingssatsing med tydeleg grøn profil, med vekt på hav og havnæringar, digital utvikling og utvikling av offentleg sektor. I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa å følge opp langtidsplanen med til saman 1 012 mill. kroner.

Forskingsrådet har over tid hatt høge avsetningar, jf. omtale av budsjetteringa av Noregs forskingsråd under kap. 285. Regjeringa er oppteken av at midlar som er løyvde til forsking kjem i bruk, og det er naudsynt å vri innsatsen mot dei langsiktige prioriteringane og der det er særleg behov for å auke innsatsen. I statsbudsjettet 2022 vil regjeringa derfor nytte 437,5 mill. kroner av dei samla avsetningane til Forskingsrådet til å følge opp langtidsplanen. I tillegg foreslår regjeringa å auke løyvingane til langtidsplanen med til saman 575 mill. kroner.

Av midlane til langtidsplanen er 516 mill. kroner oppfølging av dei tre opptrappingsplanane i 2022. Prioriteringane er omtala under.

Opptrappingsplanane

Figur 5.1 Oppfølging av opptrappingsplanane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, 2019–22

Figur 5.1 Oppfølging av opptrappingsplanane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, 2019–22

Teknologiløft

I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa å følge opp opptrappingsplanen for teknologiløft med totalt 417 mill. kroner fordelt på ei rekke prioriteringar.

Hav

Regjeringa foreslår å nytte 42 mill. kroner til framtidas havbruk innanfor løyvingane til Nærings- og fiskeridepartementet.

Regjeringa foreslår å nytte 10 mill. kroner til klimavennlege havnæringar innanfor løyvingane til Kunnskapsdepartementet. Vidare foreslår regjeringa å nytte 55 mill. kroner til forsking og innovasjon innanfor hydrogen, hav og lågutslepp innanfor løyvingane til Olje- og energidepartementet.

Regjeringa foreslår å løyve 40 mill. kroner til forsking på grøn skipsfart over budsjettet til Klima- og miljødepartementet.

Klima, miljø og miljøvennleg energi

Grøn plattform blir vidareført i 2022, og regjeringa foreslår å løyve 527,7 mill. kroner i 2022 over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Midlane er fordelte på Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og Siva. I tillegg foreslår regjeringa å nytte 58 mill. kroner til plattforma frå avsetningane i Forskingsrådet. Dette gir ei samla ramme på 585,7 mill. kroner til Grøn plattform i 2022. Av midlane er 333 mill. kroner til dei treårige prosjekta som fekk tildeling i 2021, medan det blir sett av 252,7 mill. kroner for 2022 til ei ny utlysingsrunde. Regjeringa legg dermed til rette for å finansiere fleire grøne prosjekt i åra framover.

Mogleggjerande og industrielle teknologiar

Regjeringa foreslår å nytte 30,5 mill. kroner til IKT-forsking innan kunstig intelligens og digital tryggleik, inkludert dei rettslege rammene for kunstig intelligens, og teknologiske problemstillingar med relevans for utvikling av system og tenester i forvaltninga.

Vidare foreslår regjeringa å nytte 30 mill. kroner til e-infrastruktur for ei digitalisert verd, alt innanfor løyvingane til Kunnskapsdepartementet.

Fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til forskingssenter for berekraftig transport og Pilot-T med 25 mill. kroner. Vidare foreslår regjeringa å styrke tiltaka ytterlegare ved å nytte 25 mill. kroner frå avsetningane i Forskingsrådet, alt over budsjettet til Samferdselsdepartementet.

FoU for fornying og omstilling i næringslivet

I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa å følge opp opptrappingsplanen for FoU for fornying og omstilling i næringslivet med totalt 86 mill. kroner fordelt på ei rekke prioriteringar.

Styrkt konkurransekraft og innovasjon

Regjeringa foreslår å nytte 15 mill. kroner til kommersialisering og radikal innovasjon innanfor løyvingane til Kunnskapsdepartementet. Regjeringa foreslår vidare å auke løyvingane til dei teknisk-industrielle institutta over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Klima, miljø og miljøvennleg energi

Regjeringa foreslår å nytte 22 mill. kroner til sirkulær økonomi innanfor løyvingane til Klima- og miljødepartementet, og å nytte 20 mill. kroner til forsking for auka verdiskaping og berekraft i landbaserte bionæringar innanfor løyvingane til Landbruks- og matdepartementet.

Kvalitet i høgare utdanning

I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa å auke løyvingane med 50 mill. kroner til prosjekt som utviklar og deler metodar for studentaktiv digital undervisning, læring og vurdering, 4,5 mill. kroner til Universell, og 8 mill. kroner til tiltak for å styrke HK-dirs rolle som pådrivar og koordinator for digitalisering av undervising og vurdering, alt over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. I 2019 blei 50 mill. kroner av den auka løyvinga til oppgraderingsordninga av læringsareal talt med under opptrappingsplanen. I statsbudsjettet 2022 foreslår regjeringa å avvikle denne ordninga. Samstundes foreslår regjeringa å løyve 2,2 mrd. kroner til fleire nye byggeprosjekt og prosjekt som allereie er starta, som Livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo og Blått bygg ved Nord universitet. Dette er viktig for å sikre moderne og nye læringsareal, noko som bidreg til auka kvalitet på undervisninga. Regjeringa har òg fleire andre verkemiddel for kvalitet, til dømes auka løyvingar til norsk deltaking i Erasmus+. Verken påbyrja eller nye byggeprosjekt eller auka kontingent til Erasmus+ er rekna med under opptrappingsplanen.

Måla og dei langsiktige prioriteringane

Opptrappingsplanane er i stor grad knytte til måla og dei langsiktige prioriteringane i planen, finansierte over budsjetta til ei rekke departement. Tiltaka som følger opp dei langsiktige prioriteringane utanom opptrappingsplanane er omtala under.

Figur 5.2 Oppfølging av måla, opptrappingsplanane og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, 2022

Figur 5.2 Oppfølging av måla, opptrappingsplanane og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, 2022

Hav

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til havforskingstiåret med 10 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Klima, miljø og miljøvennleg energi

Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner til Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) innan hydrogen og ammoniakk over budsjettet til Olje- og energidepartementet.

Samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd

Regjeringa foreslår å nytte 20 mill. kroner til global helseforsking innanfor løyvingane til Helse- og omsorgsdepartementet og 30 mill. kroner innanfor løyvingane til Utanriksdepartementet.

Fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester

Regjeringa foreslår å nytte 10 mill. kroner til innovasjonsarena i offentleg sektor innanfor løyvingane til Arbeids- og sosialdepartementet og 10 mill. kroner innanfor løyvingane til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Til forsking og kapasitetsbygging på EØS-rett (rettsvitskapleg forsking) foreslår regjeringa å løyve 5,5 mill. kroner over budsjettet til Arbeids- og sosialdepartementet og 5,5 mill. kroner over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet. Vidare foreslår regjeringa å styrke tiltaket ytterlegare ved å nytte 20 mill. kroner frå avsetningane i Forskingsrådet, likt fordelt på områda for Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet.

Regjeringa foreslår å nytte 10 mill. kroner til forsking på implementering av tiltak for barn, unge og familiar og 10 mill. kroner til effektforsking på tiltak mot vald og overgrep, alt innanfor løyvingane til Barne- og familiedepartementet.

Regjeringa foreslår å nytte 20 mill. kroner til likestilling og mangfald i vår tid innanfor løyvingane til Kulturdepartementet.

Bygg

I den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning er eit eige kapittel vigd regjeringa sin plan for utvikling, forvaltning og prioritering av universitets- og høgskulebygg. Bygg, utstyr og annan infrastruktur er grunnleggande innsatsfaktorar for å nå dei overordna måla i politikken for forsking og høgare utdanning. I 2022 foreslår regjeringa å bruke 2,2 mrd. kroner på ordinære byggeprosjekt finansierte over statsbudsjettet, mellom anna oppstart av Ocean Space Centre ved NTNU og vidareføring av Livsvitskapsbygget og Vikingtidsmuseet ved Universitetet i Oslo. Regjeringa foreslår òg å løyve midlar til vidare prosjektering av NTNU Campussamling og oppstart av Blått bygg ved Nord universitet. I tillegg kjem ei rekke brukarfinansierte prosjekt ved institusjonane.

Kompetansemiljø for utnytting av stordata

For å nå måla i langtidsplanen er det viktig med tilgang til nok reknekraft. For å sikre tilgang til superdatamaskinar i Europa gjekk Noreg frå og med 1. januar 2019 inn i eit samarbeid med sju andre europeiske land som søkte og fekk tilslag på midlar frå EU til å bygge ein av dei kraftigaste superdatamaskinene i verda. Det er viktig at kompetansen hos aktuelle brukarar av dei nye superdatamaskinene blir styrkt. For å bidra til dette arbeidet fekk Uninett Sigma2 i 2020 tilskot frå Noregs forskingsråd på 10 mill. kroner over to år. Tilskotet blir foreslått vidareført. Sjå òg omtale i budsjettproposisjonen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, kap. 541, post 50.

Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd speler ei sentral rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Rådet har ei omfattande verksemd når det gjeld finansiering, rådgiving og møteplassfunksjon. Kunnskapsdepartementet har etatsstyringsansvaret for Forskingsrådet og ansvaret for at rådet når dei måla som er sette for heile verksemda. For nærare omtale av rådets verksemd og styringssystemet for Forskingsrådet, sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 285 Noregs forskingsråd.

Noregs forskingsråd får løyvingar frå alle departementa. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, instituttildelingar og særskilde midlar til einskilde program eller aktivitetar. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i statsbudsjettet for 2022.

Tabell 5.1 Foreslåtte løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane

(i 1000 kr)

Kap. post

Departement

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

285.52–54

Kunnskapsdepartementet

4 399 757

4 333 029

285.55

Kunnskapsdepartementet

795 599

785 937

920.50/51

Nærings- og fiskeridepartementet

2 067 011

2 238 250

1830.50

Olje- og energidepartementet

730 670

787 500

1137.50/51

Landbruks- og matdepartementet

424 803

411 588

1410.51

Klima- og miljødepartementet

379 503

385 690

780.50

Helse- og omsorgsdepartementet

130 419

370 562

1301.50

Samferdselsdepartementet

133 455

160 500

601.50

Arbeids- og sosialdepartementet

117 829

176 175

500.50/ 541.50/ 553.74

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

282 260

218 852

Totalt

9 461 306

9 868 083

Ein del av auken på nokre departement skriv seg frå at den eittårige reduksjonen i løyvingane for 2021 på om lag 650 mill. kroner er tilbakeført i statsbudsjettet for 2022.

FoU-innsatsen i statsbudsjettet og utviklinga i FoU-innsatsen

Forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2022

Hovudprioriteringane på forskingsområdet i statsbudsjettet for 2022 følger opp prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Med bakgrunn i statsbudsjettanalysen for 2021 frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) viser eit førebels overslag frå Finansdepartementet at dei samla løyvingane til forsking og utvikling i budsjettforslaget til regjeringa for 2022 er på om lag 42,7 mrd. kroner. Det utgjer 1,07 pst. av overslaget for bruttonasjonalprodukt (BNP) i 2022. Dette er ein nominell auke på om lag 1,9 mrd. kroner frå Saldert budsjett 2021, som er ein realvekst på 2,1 pst. Dersom ein inkluderer Skattefunn-ordninga, blir den offentlege FoU-innsatsen på om lag 46,4 mrd. kroner i 2022. Inkludert provenyeffekten av Skattefunn utgjer FoU-innsatsen 1,16 pst. av overslaget for BNP i 2022. Tabellen nedanfor viser løyvingane til FoU over statsbudsjettet fordelte på departement og kor stor del av totalbudsjettet i kvart departement som er foreslått løyvd til forsking. Overføringar til folketrygda, Statens pensjonsfond utland og brutto låne- og avdragstransaksjonar er haldne utanfor. Som omtalt under kap. 260, blir det frå 2022 innført ein ny pensjonsmodell i staten. Omlegginga skal vere om lag budsjettnøytral for verksemdene, ved at verksemdene dette gjeld får ein reduksjon eller ein auke i løyvingane i tråd med endra premie, og dette skal derfor ikkje påverke FoU-aktiviteten. Desse endringane er derfor ikkje teke med i anslaga. Omprioriteringane innanfor avsetningane til Forskingsrådet som er omtalte under kap. 285 er heller ikkje medrekna i FoU-anslaget, då dette ikkje er nye løyvingar. Tala er svært usikre, og endelege tal for FoU-løyvingane vil bli lagde fram sommaren 2022.

Tabell 5.2 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet

(i mrd. kr)

Departement

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Nominell endring 2021–22

Reell endring 2021–22

Arbeids- og sosialdepartementet

0,33

0,38

0,05

0,04

Barne- og familiedepartementet

0,21

0,28

0,08

0,07

Finansdepartementet

0,17

0,18

0,01

0,00

Forsvarsdepartementet

1,20

1,23

0,03

0,00

Helse- og omsorgsdepartementet

5,36

5,60

0,25

0,12

Justis- og beredskapsdepartementet

0,14

0,10

–0,04

–0,05

Klima- og miljødepartementet

1,23

1,23

–0,01

–0,04

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

1,30

1,02

–0,28

–0,31

Kulturdepartementet

0,30

0,36

0,05

0,05

Kunnskapsdepartementet

22,05

23,16

1,11

0,56

Landbruks- og matdepartementet

0,89

0,91

0,03

0,01

Nærings- og fiskeridepartementet

4,93

5,07

0,14

0,02

Olje- og energidepartementet

0,90

0,95

0,04

0,02

Samferdselsdepartementet

0,36

0,39

0,03

0,02

Utanriksdepartementet

1,40

1,81

0,42

0,38

Totalt

40,77

42,68

1,91

0,90

Veksten i budsjettet til Kunnskapsdepartementet skriv seg i hovudsak frå auka løyvingar til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon og satsingar innanfor langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Veksten i budsjettet til Utanriksdepartementet skriv seg frå at den eittårige reduksjonen i 2021 er ført tilbake.

Nedgangen i løyvingane til Kommunal- og moderniseringsdepartementet skriv seg i hovudsak frå lågare likviditetsbehov for Vikingtidsmuseet og Livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo.

Utvikling i dei offentlege løyvingane til FoU i statsbudsjettet

Målet i langtidsplanen om å auke offentlege løyvingar til 1 pst. av BNP blei nådd i 2016 og har blitt vidareført sidan. I Granavolden-plattforma stadfestar regjeringa at ho vil auke den offentlege forskingsinnsatsen ut over 1 pst. av BNP i ein omstillingsfase og særleg prioritere mogleggjerande teknologiar og forsking som bidreg til auka verdiskaping. Tabellen syner utviklinga frå 2006 til 2022. Anslaga for 2022 er usikre.

Tabell 5.3 Overslag over løyvingane til FoU i statsbudsjettet i perioden 2006–22

År

Totalt, løpande prisar. mill. kroner

Vekst, mill. kroner

Prosentvis vekst, løpande prisar

Prosentvis vekst, faste prisar

Prosentdel av BNP

Prosentdel av BNP, inkl. Skattefunn

2007

18 091

1 717

10,5

2,5

0,77

0,81

2008

19 357

1 266

7,0

2,3

0,74

0,78

2009

21 204

1 847

9,5

4,6

0,87

0,92

2010

22 976

1 772

8,4

4,4

0,89

0,93

2011

23 551

575

2,5

–1,7

0,84

0,89

2012

24 489

938

4,0

0,2

0,83

0,87

2013

26 375

1 886

7,7

4,3

0,86

0,91

2014

28 311

1 936

7,3

4,7

0,90

0,97

2015

30 769

2 458

8,7

5,9

0,99

1,08

2016

32 979

2 210

7,2

4,9

1,06

1,18

2017

35 848

2 869

8,7

6,7

1,09

1,21

2018

36 612

764

2,1

–1,3

1,04

1,15

2019

38 026

1 414

3,9

0,3

1,07

1,19

2020

38 841

815

2,1

–0,4

1,14

1,24

2021

40 767

1 926

5,0

2,1

1,06

1,16

2022

42 677

1 910

4,7

2,1

1,07

1,16

Figur 5.3 samanliknar tal frå FoU-statistikken og tal frå NIFUs statsbudsjettanalyse. Sidan statsbudsjettanalysen tek utgangspunkt i formålet med løyvingane, kan han bli produsert tidlegare enn FoU-statistikken. FoU-løyvingane i 2021 har NIFU talfesta til 40,8 mrd. kroner. Det er 1,06 pst. av prognosen for BNP for 2021. I tillegg kjem støtta til FoU gjennom Skattefunn-ordninga, berekna til 3,6 mrd. kroner i 2021. FoU-løyvingane i statsbudsjettet er viste i faste prisar i det grå feltet i figur 5.3. Den heiltrekte linja i figuren viser FoU-løyvingane i prosent av BNP.

Figur 5.3 Utvikling i FoU-løyvingar i statsbudsjettet og offentleg finansierte FoU-utgifter (1-prosentmålet)

Figur 5.3 Utvikling i FoU-løyvingar i statsbudsjettet og offentleg finansierte FoU-utgifter (1-prosentmålet)

Kjelde: NIFU/SSB (FoU-statistikk) og NIFU (statsbudsjettanalyse)

Dei samla FoU-investeringane i Noreg

Nivået på FoU-investeringar målte som prosentdel av BNP er ein indikator på graden av kunnskapsintensitet i økonomien. Regjeringa har sett som mål i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning at den totale utførte FoU-innsatsen i Noreg skal utgjere 3 pst. av BNP innan 2030. I 2016 utgjorde dei totale FoU-utgiftene for første gong over 2 pst. av BNP.

Dei samla FoU-investeringane i Noreg har hatt tilnærma kontinuerleg vekst gjennom dei siste 50 åra. Som del av BNP har FoU-utgiftene lege relativt stabilt på rundt 1,5 pst. sidan 1990-åra. Det var ein god auke i prosentdelen i perioden 2014–17, men dei seinaste åra har den sterke veksten avteke noko. Dei samla FoU-utgiftene i Noreg i 2019 var på 76,8 mrd. kroner. Det inneber ein realvekst på 2 pst. frå 2018. Den gjennomsnittlege realveksten per år frå 2005 til 2017 er på 3 pst. i høve til fastlands-BNP var nivået på FoU-utgiftene i 2018 på 2,15 pst.

Figur 5.4 Utvikling i FoU-utgifter, BNP og FoU-intensitet (3-prosentmålet)

Figur 5.4 Utvikling i FoU-utgifter, BNP og FoU-intensitet (3-prosentmålet)

Kjelde: NIFU og SSB

FoU-statistikken er basert på oppgåver frå dei sektorane som faktisk utførte FoU i Noreg. Neste samla statistikkoppdatering kjem i oktober 2021.

6 Nøkkeltal for grunnopplæringa

Innleiing

Kapittelet gir informasjon om utviklinga i talet på elevar, lærlingar og lærarar og i ressursbruken i grunnopplæringa. Kapittelet inneheld òg statistikk på integreringsfeltet.

Kommunane og fylkeskommunane er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskulen og vidaregåande opplæring. Grunnskulen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Samla brutto driftsutgifter til grunnskuleopplæring var 87,7 mrd. kroner i 2020. Tilsvarande var samla brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring 38,2 mrd. kroner i 2020. Talet på elevar, lærlingar og lærarar er avgjerande for ressursbruken i skulen.

Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra når det gjeld både totale ressursar og ressursar per elev.

Elevar og lærlingar i grunnopplæringa

Tabell 6.1 Talet på elevar i ordinære grunnskular, frå skuleåret 2013–14 til skuleåret 2020–21

Skuleår

Barnetrinnet (1.–7. trinn)

Ungdomstrinnet (8.–10. trinn)

Totalt

2013–14

425 917

189 368

615 327

2014–15

430 864

188 132

618 996

2015–16

438 387

185 368

623 755

2016–17

444 638

184 637

629 275

2017–18

447 355

185 674

633 029

2018–19

448 655

187 695

636 350

2019–20

446 218

190 032

636 250

2020–21

443 967

191 530

635 497

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Tabell 6.1 viser at talet på elevar i grunnskulen auka kvart år fram mot skuleåret 2018–19, men at det har vore ein nedgang i elevtalet frå 2018–19 til 2020–21. 98,2 pst. av 16-åringane som avslutta grunnskulen våren 2020, var i vidaregåande opplæring same år. Av elevane som begynte på 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2020, var det om lag like mange som begynte på eit yrkesfagleg program som på eit studieførebuande program.

Tabell 6.2 Fordeling på utdanningsprogram i vidaregåande opplæring, frå skuleåret 2013–14 til skuleåret 2020–21

Skuleår

Elevar på studieførebuande program

Elevar på yrkesfag

Lærlingar, elevar i fagopplæring i skule og lærekandidatar

I alt

2013–14

115 520

74 172

39 768

229 460

2014–15

117 129

72 344

40 982

230 455

2015–16

118 013

72 026

42 021

232 060

2016–17

121 409

69 644

42 777

233 830

2017–18

123 095

66 562

44 637

234 294

2018–19

121 390

67 092

46 316

234 798

2019–20

119 141

67 854

48 281

235 276

2020–21

119 244

68 970

48 0121

236 226

1 I 2020–21 er det i tillegg 725 Fagbrev på jobb

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Det har vore ein jamn auke i talet på elevar, lærlingar og lærekandidatar totalt i vidaregåande opplæring. Det har vore ein auke i talet på elevar på yrkesfag dei siste åra.

Per 1. oktober 2020 var det registrert 44 961 lærlingar og 1759 lærekandidatar. Det er nokre hundre færre lærlingar enn på same tidspunkt i 2019, medan det er om lag hundre færre lærekandidatar. 2020 blei i stor grad prega av covid-19-pandemien, som innebar at mange bedrifter har hatt utfordringar med å halde drifta i gang. Dette har mellom anna ført til at lærlingar har blitt permitterte og eit mindre behov for lærlingar i periodar. Men det kan også vere andre årsaker til at søkarar ikkje får læreplass. I 2020 er det òg registrert 725 som har gjennomført det nye tilbodet med fagbrev på jobb. Hausten 2020 søkte totalt 28 776 elevar om læreplass. Det er om lag like mange som året før. Det er flest søkarar til læreplassar i helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsteknikk og teknologi- og industrifag.

Lærarårsverk

Årsverk til undervisningspersonale blir rekna ut på bakgrunn av registrerte timar per skuleår. I 2020–21 er det berekna talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskulen 61 705, noko som er ein auke på i underkant av 300 årsverk frå året før.

Tabell 6.3 Berekna årsverk utførte av undervisningspersonale til undervisning og andre oppgåver i grunnskulen, frå skuleåret 2013–14 til skuleåret 2020–21

Skuleår

Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk

Av dette andre oppgåver

Assistentårsverk

2013–14

57 614

6 979

8 234

2014–15

57 331

6 518

8 167

2015–16

57 612

6 407

8 417

2016–17

58 421

6 480

8 868

2017–18

59 357

6 459

9 389

2018–19

60 372

6 430

9 849

2019–20

61 425

6 411

10 020

2020–21

61 705

6 240

10 658

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Tabell 6.4 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring, frå skuleåret 2015–16 til skuleåret 2020–21

Skuleår

Lærarårsverk i vidaregåande opplæring, avtalte årsverk

2015–16

22 464

2016–17

22 347

2017–18

22 258

2018–19

22 289

2019–20

22 357

2020–21

22 361

Kjelde: Statistikkbanken (SSB)

Gruppestorleik

Indikatoren «berekna gjennomsnittleg gruppestorleik» kjem fram når ein ser på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein det samla talet på ordinære timar til undervisning som elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timane lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gruppestorleik gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Gruppestorleik bør sjåast som ein indikasjon og ikkje som eit absolutt mål.

Gruppestorleik 1 omfattar timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar. Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.

Gruppestorleik 2 er ein annan måte å rekne ut gruppestorleik på. Her er timar til spesialundervisning og til særskild norskopplæring for språklege minoritetar tekne ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestorleik 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid, fordi endringar knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren. Gruppestorleik 2 gir eit bilde av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje får særskilde individretta styrkingstiltak.

Tabell 6.5 Gjennomsnittleg gruppestorleik på 1.–10. trinn, frå skuleåret 2013–14 til skuleåret 2020–21

Skuleår

Gruppestorleik 1 (1.–10. trinn)

Gruppestorleik 2 (1.–10. trinn)

2013–14

13,5

16,8

2014–15

13,5

16,8

2015–16

13,5

16,8

2016–17

13,5

16,8

2017–18

13,3

16,6

2018–19

13,1

16,3

2019–20

12,9

15,8

2020–21

12,8

15,7

Offentlege og private grunnskular unnateke spesialskular og utanlandsskular

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Hausten 2018 blei det innført ei norm for lærartettleik på skulenivå for 1.–10. trinn. Skuleåret 2018–19 skulle gruppestorleik 2 maksimalt vere 16 på 1.–4. trinn og 21 på 5.–7. og 8.–10. trinn. Frå hausten 2019 blei norma skjerpa, og gruppestorleik 2 skal no maksimalt vere 15 på 1.–4. trinn og 20 på 5.–7. og 8.–10. trinn. Hausten 2020 oppfylte 83 pst. av skulane norma på 1.–4. trinn, noko som er ein liten auke sidan 2019. 93 pst. av skulane oppfylte norma på 5.–7. trinn, og 88 pst. av skulane oppfylte norma på 8.–10. trinn. Sjå nærare omtale av lærarnorma i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Figur 6.1 viser utviklinga i gruppestorleik 2 og at det har blitt færre elevar per lærar etter innføringa av norma for lærartettleik. I skuleåret 2020–21 gjekk gruppestorleiken litt ned på 1.–4. trinn og 8.–10. trinn samanlikna med året før. Gruppestorleiken var 13,8 på 1.–4. trinn, 16,5 på 5.–7. trinn og 17,6 på 8.–10. trinn. Det vil seie at lærarnorma i gjennomsnitt var oppfylt på alle hovudtrinn skuleåret 2020–21.

Figur 6.1 Gjennomsnittleg gruppestorleik 2 på hovudtrinna i grunnskulen, frå skuleåret 2006–07 til skuleåret 2020–21

Figur 6.1 Gjennomsnittleg gruppestorleik 2 på hovudtrinna i grunnskulen, frå skuleåret 2006–07 til skuleåret 2020–21

Offentlege og private grunnskular unnateke spesialskular og utanlandsskular.

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

For vidaregåande opplæring er det vanskeleg å lage eit godt mål på forholdstalet mellom lærarar og elevar. Det finst ikkje godt nok talgrunnlag for å skilje mellom lærarar og elevar på ulike studieretningar, og dette er ein faktor som har stor innverknad på gruppestorleiken i vidaregåande opplæring.

Skulestruktur

I skuleåret 2020–21 var det 2 776 grunnskular i Noreg. Dette er ein nedgang på 23 skular frå skuleåret 2019–20. Av dei 2 776 skulane var 267 godkjende private grunnskular. 4,4 pst. av elevane i grunnskulen gjekk på ein privat grunnskule i skuleåret 2020–21.

Når det gjeld storleiken på grunnskulane i Noreg, varierer denne frå nokre få elevar til over 1000 elevar på dei største skulane. Figuren nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skular. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store skular og færre små skular.

Figur 6.2 Prosentdel grunnskular fordelte etter talet på elevar

Figur 6.2 Prosentdel grunnskular fordelte etter talet på elevar

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

6 pst. av elevane i grunnskulen gjekk på skular med færre enn 100 elevar, 34 pst. gjekk på skular som har mellom 100 og 299 elevar, og 60 pst. gjekk på skular med 300 eller fleire elevar i 2020. Sidan skuleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skular (fleire enn 300 elevar).

Tidlegare kartleggingar av skulenedleggingar har vist at den viktigaste årsaka til at skular blei lagde ned, var lågt elevtal. Andre viktige faktorar var kommuneøkonomi og problem med å rekruttere kvalifiserte lærarar. I dei fleste tilfella der kommuneøkonomi blei oppgitt som årsak, var dette i kombinasjon med få elevar.

Hausten 2020 var det 415 vidaregåande skular i landet. Av desse var 97 private. Det er ein liten auke frå året før. Den totale auken er på to skular, som er den same som auken i private skular.

Skuleresultat

Nasjonale prøvar hausten 2020

Nasjonale prøvar skal måle ferdigheitene til elevane i lesing og rekning og i delar av engelskfaget. Resultatet skal gi skuleeigaren og skulen eit grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa. Elevar på 5., 8. og 9. trinn deltek på nasjonale prøvar. Nasjonale prøvar er inndelte i tre nivå på 5. trinn og fem nivå på 8. og 9. trinn.

Det er i snitt ingen store endringar i elevprestasjonane på 5. trinn, verken frå 2019 eller frå då målinga over tid starta i 2014 og 2016. Gutane presterer noko svakare på alle prøvane samanlikna med 2019, og jentene presterer noko betre i engelsk og lesing enn i 2019.

Skilnaden på gutar og jenter er størst i rekning på 5. trinn. Framleis er det fleire gutar som presterer på høgaste meistringsnivå i rekning, og fleire jenter på det lågaste meistringsnivået. I lesing presterer jenter noko betre, medan det i engelsk skil lite mellom gutar og jenter. Prosentdelen jenter på høgaste meistringsnivå i engelsk har stige jamt sidan 2016.

På 8. trinn er det nokre endringar sidan 2019. Det er framleis fleire gutar enn jenter som presterer på dei høgaste meistringsnivåa i rekning, men skilnaden har gått noko ned. I lesing er det fleire jenter på dei høgaste meistringsnivåa, men prosentdelen jenter på desse nivåa har minka noko samanlikna med 2019. I engelsk er skilnaden på gutane og jentene små. Også på ungdomstrinnet presterer gutane noko svakare i alle prøvar samanlikna med 2019, medan jentene presterer noko svakare i lesing og noko betre i engelsk i forhold til 2019.

Samanlikna med andre fylke har Oslo, på både barne- og ungdomstrinnet, ein større prosentdel elevar på dei høgaste meistringsnivåa og lågare del på dei lågaste nivåa. Det er ingen vesentlege endringar i prestasjonane til elevane på fylkesnivået eller for dei ti største kommunane.

Skulebidragsindikatorane

Kvar elev har med seg mange føresetnader som påverkar skuleresultata. Skulebidragsindikatorane set seg som mål å seie kor mykje skulen bidreg med i resultata til elevane.

I desember 2020 publiserte Utdanningsdirektoratet skulebidragsindikatorar for vidaregåande skule for 2019–20. På vidaregåande kontrollerer skulebidragsindikatorane for karaktergjennomsnitt frå trinnet under, utdanningsprogram, trinn og kjønn. Resultata viser at det er forskjellar mellom skulane når det gjeld kor mykje dei bidreg med, særleg når det gjeld å få elevane til å bestå. Normalt blir det berekna tre ulike indikatorar: karakterpoeng, årsbestått og deltaking. På grunn av avlyste eksamenar våren 2020 var det ikkje grunnlag for å berekne indikatoren for karakterpoeng i 2020. Analysen viser at det er større forskjellar mellom fylka når det gjeld å få elevane til å bestå vidaregåande, enn for å få elevane til å delta (halde på elevane slik at dei ikkje sluttar). Eit anna funn er at det er større forskjellar mellom fylka på yrkesfag enn på studieførebuande program.

Indikatorane for grunnskulen for dei samanslåtte årgangane 2019 og 2020 blei publiserte i slutten av mars 2021. På grunn av covid-19-pandemien blei eksamen i grunnskulen avlyst våren 2020. Det blei derfor ikkje utarbeidd skulebidragsindikatorar for ungdomstrinnet. I grunnskulen er det noko variasjon i skulebidraget på kommune- og skulenivået, men dei fleste har likevel skulebidrag som ikkje er signifikant forskjellige frå landsgjennomsnittet. Både på 1.–4. trinn og på 5.–7. trinn presterer elevane på seks av ti skular ikkje forskjellig frå landsgjennomsnittet, medan to av ti skular har elevar som presterer betre. For 1.–4. trinn har tre av ti kommunar eit bidrag som ligg under landsgjennomsnittet, medan berre éin av ti ligg over snittet. Dette heng saman med at Oslo og andre store kommunar ligger over snittet og dermed påverkar landssnittet i høgare grad. På 5.–7. trinn har to av ti kommunar eit bidrag over snittet, medan også to av ti har eit bidrag under snittet.

Skulebidragsindikatorane er eit viktig supplement til eksisterande informasjon om kvalitetsforskjellar mellom fylke, kommunar og skular. Dei gir ein indikasjon på kor mykje den einskilde skulen bidreg med, men dei gir ikkje nødvendigvis heile bildet.

Karakterar i grunnskulen våren 2021

På grunn av covid-19-pandemien blei det, som i 2020, ikkje gjennomført eksamen i grunnskulen i 2021. Grunnskulepoenga er derfor berre berekna på bakgrunn av standpunktkarakterar. Elevane som gjekk ut av grunnskulen våren 2021, har i snitt 43,3 grunnskulepoeng. Det har vore ein liten auke samanlikna med 2020. Samanlikna med 2019, som var siste året eksamen blei gjennomført som normalt, er gjennomsnittet 1,3 poeng høgare. Elevane får normalt svakare karakterar til eksamen enn standpunkt, så delar av auken kjem truleg av at eksamen ikkje blei gjennomført. Samtidig er standpunktkarakterane i dei fleste av fellesfaga høgare enn tidlegare år. Jentene får i snitt høgare standpunktkarakterar enn gutane i dei fleste faga. Forskjellen er størst i kunst og handverk, der jentene i snitt får 0,7 karakterpoeng meir enn gutane. I matematikk skil berre 0,2 karakterpoeng mellom gutar og jenter, medan gutane får 0,1 karakterpoeng meir i kroppsøving. Forskjellane mellom gutar og jenter har auka svakt sidan 2019.

Både prosentdelen elevar utan grunnskulepoeng og prosentdelen utan vurdering til standpunkt i ulike fag har auka noko samanlikna med tidlegare år. Skuleåret 2020–21 var det om lag 6 pst. av elevane som mangla karakter i meir enn halvparten av faga, og som derfor ikkje får utrekna grunnskulepoeng. Årsakene til at elevar ikkje får karakterar, er samansette. Det kan til dømes vere elevar som har spesielle utfordringar, individuell opplæringsplan og derfor rett til fritak frå vurdering, manglar vurderingsgrunnlag på grunn av sjukdom eller anna fråvær, nyleg har kome til landet eller ikkje har delteke i ordinær undervisning i alle fag.

Bruk av ufaglært undervisningspersonale

Kompetansekrava for tilsetjing i grunnskulen tilseier at ein må ha lærarutdanning eller anna godkjend utdanning for å bli fast tilsett. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 3,6 pst. av årsverka til undervisning ikkje oppfylte kompetansekrava for tilsetjing i 2020–21. Desse kan vere mellombels tilsette eller tilsette under føresetnad av at utdanning den tilsette har begynt på, blir fullført. Figur 6.3 viser utviklinga i prosentdelen av berekna årsverk til undervisning i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing. Talet auka frå 2014–15 til 2018–19. Noko av auken kan kome av meir vikarbruk som følge av den statlege satsinga på vidareutdanning av lærarar. Frå skuleåret 2018–19 til skuleåret 2020–21 har det vore ein nedgang på over eit prosentpoeng.

Figur 6.3 Prosentdelen av årsverk i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing

Figur 6.3 Prosentdelen av årsverk i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

I 2020 hadde 4,7 pst. av lærarane i vidaregåande opplæring ei vidaregåande utdanning eller lågare, medan 5,1 pst. hadde universitets-/høgskuleutdanning på lågare nivå, men utan pedagogisk utdanning. 4,5 pst. hadde universitets-/høgskuleutdanning på høgare nivå, utan pedagogisk utdanning.

Figur 6.4 Prosentdelen av lærarar i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for undervisning som gjeld frå 2025

Figur 6.4 Prosentdelen av lærarar i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for undervisning som gjeld frå 2025

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

I 2025 skal alle lærarar som underviser i norsk, matematikk og engelsk på 1.–7. trinn, ha minst 30 studiepoeng i faget. På 8.–10. trinn skal alle lærarar som underviser i norsk, matematikk og engelsk, ha minst 60 studiepoeng i undervisningsfaget i 2025. I skuleåret 2020–21 er det framleis mange lærarar som ikkje oppfyller dette kompetansekravet, særleg i 1.–7. trinn engelsk. I alle dei tre faga har det likevel vore ein nedgang frå førre skuleår i prosentdelen av lærarar som ikkje oppfyller krava. Gjennom dei siste åra har det vore ei positiv utvikling i grunnskulen når det gjeld lærarar som oppfyller kompetansekrava i alle fag.

Tilsette med innvandrarbakgrunn

Prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn er litt høgare for fylkeskommunale vidaregåande skular enn for dei kommunale grunnskulane. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del. Prosentdelen med innvandrarbakgrunn blant det mannlege undervisningspersonalet i kommunale grunnskular er litt høgare enn blant dei kvinnelege. I fylkeskommunale vidaregåande skular er det omvendt, og prosentdelen med innvandrarbakgrunn blant det kvinnelege undervisningspersonalet er høgare enn blant det mannlege. Det har vore ein svak auke i prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn i dei siste tre åra, både i kommunale grunnskular og i fylkeskommunale vidaregåande skular.

Figur 6.5 Prosentdelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant undervisningspersonalet1i grunnskular og i vidaregåande skular, 2018–20

Figur 6.5 Prosentdelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant undervisningspersonalet1i grunnskular og i vidaregåande skular, 2018–20

1 Tala inkluderer både hovud- og biarbeidsforhold.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Av 21 600 studentar som utdanna seg til å bli lærar i skulen i 2020, hadde 9 pst. innvandrarbakgrunn. Prosentdelen med innvandrarbakgrunn som går på slike utdanningar, har auka litt dei siste tre åra. Dette gjeld i hovudsak norskfødde med innvandrarforeldre.

Figur 6.6 Prosentdelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant studentar under utdanning for å bli lærar1, 2018–20

Figur 6.6 Prosentdelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant studentar under utdanning for å bli lærar1, 2018–20

1 Grunnskulelærarutdanning inkludert masterutdanning for grunnskulelærarar, fag- og yrkesfaglærarutdanning, integrert masterutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Framtidig behov for lærarar

Framskrivingar som er gjorde av SSB gjennom modellen Lærermod, viser forventa behov for lærarar i perioden 2020–40. Modellen har tidlegare tydd på ein arbeidsmarknad for lærarar med store ubalansar i framtida. I den nyaste framskrivinga frå SSB er denne trenden noko endra.

SSB har ein framskrivingsmodell som fram til 2025 viser eit underskot av grunnskulelærarar i arbeidsmarknaden. Deretter snur dette til eit overskot fram mot 2040. Dette kjem i hovudsak av ein nedgang i befolkningsframskrivingane for barn i aldersgruppa 6–15 år. På same tid har det dei siste åra også blitt fleire grunnskulelærarstudentar og fleire studentar som fullfører utdanninga samanlikna med førre framskriving. Dersom framskrivinga viser seg å stemme, gir det gode føresetnader for å sørge for at alle som jobbar som lærarar i skulen, er kvalifiserte og har rett kompetanse.

Framskrivingsmodellen viser også eit stort overskot av dei andre lærartypane i heile framskrivingsperioden. Dette gjeld barnehagelærarar, lektorar og faglærarar, lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning innanfor allmennfag (PPU) og lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning innanfor yrkesfag (PPU-Y).

Etter dagens regelverk kan faglærarar og lærarar med PPU berre arbeide i grunnskulen frå og med 5. trinn. For grunnskulen over 5. trinn kan dermed underskotet av grunnskulelærarar sannsynlegvis dekkast inn av overskotet av faglærarar og PPU-lærarar. Framskrivingane er ikkje ein fasit på kva som vil skje i framtida, men viser korleis framtida bli dersom dagens trendar blir uendra. Det er derfor uvisse knytt til modellen.

Figur 6.7 SSBs overslag over tilbod og etterspurnad etter lærarar i framtida

Figur 6.7 SSBs overslag over tilbod og etterspurnad etter lærarar i framtida

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (Lærermod 2019–2040, notat 2021/11)

Kommunal ressursbruk

Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei utgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skulelokale og skyss. Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskulen var 125 392 kroner i 2020. Dette er ein nominell nedgang på 1,1 pst. frå 2019. Den kommunale pris- og lønnsauken (deflatoren) var i 2020 1 pst. Det vil seie at det i snitt har vore ein realreduksjon i utgifter per elev i grunnskulen. I vidaregåande opplæring var korrigerte brutto driftsutgifter per elev på studieførebuande program 138 669 kroner og på yrkesfaglege program 168 509 kroner. Dette er ein nedgang frå året før.

I kommunesektoren var brutto driftsutgifter til grunnskule 17,9 pst. av totale brutto driftsutgifter i 2020. Delen av utgifter til grunnskule har gått noko ned dei siste ti åra. Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Det er store kommunale forskjellar i ressursbruk i skulen. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skular for at reiseavstanden til elevane skal vere akseptabel. Mykje av variasjonen mellom kommunane når det gjeld kor mykje pengar dei bruker på skule, kan forklarast med ulik kostnadsstruktur. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter har òg ein tydeleg effekt på utgiftsnivået. Kommunar med høge inntekter bruker meir pengar på skule. Den resterande variasjonen mellom kommunar kan mellom anna kome av variasjonar i elevsamansetjinga. Spesielt for små kommunar kan elevar med behov for ekstrainnsats vere utslagsgivande. Ulikskapar kan òg kome av ulik politisk prioritering mellom kommunar.

Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, viser tal frå OECD (Education at a Glance 2020: OECD Indicators). Dersom ein ser på utgiftene per elev, har Noreg blant dei høgaste utgiftene til grunnskulen og vidaregåande opplæring blant OECD-landa. Det er særleg det høge talet på lærarar per elev som forklarer den høge ressursbruken i Noreg.

Spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning. Prosentdelen elevar med spesialundervisning i grunnskular og spesialskular har dei siste 10 åra stabilisert seg på om lag 8 pst. I skuleåret 2020–21 låg delen som fekk spesialundervisning, på 7,7 pst. av alle elevar i grunnskulen, det same som året før. 68 pst. av alle elevar som får spesialundervisning, er gutar.

I løpet av barnetrinnet og utover på ungdomstrinnet aukar delen av elevar med spesialundervisning, som figuren under viser. I skuleåret 2020–21 hadde 3,5 pst. av elevane på 1. trinn einskildvedtak om spesialundervisning. På 10. trinn var delen av elevar med spesialundervisning 10,4 pst. 46 940 elevar fekk vedtak om spesialundervisning med undervisningspersonale.

Figur 6.8 Prosentdel av elevar med einskildvedtak av totalt tal på elevar, fordelte på årstrinn. Skuleåret 2020–21

Figur 6.8 Prosentdel av elevar med einskildvedtak av totalt tal på elevar, fordelte på årstrinn. Skuleåret 2020–21

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Elevar med innvandrarbakgrunn

Særskild norskopplæring

I opplæringslova § 2-8 (for grunnskulen) og § 3-12 (for vidaregåande opplæring) heiter det at elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, har rett på særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg ferdigheit i norsk til å følge den vanlege opplæringa i skulen. I skuleåret 2020–21 fekk 39 808 elevar i grunnskulen særskild norskopplæring, noko som er 1 195 færre enn året før. Dette utgjer 6,3 pst. av elevane. 4 709 elevar på 1. trinn fekk særskild norskopplæring i 2020, noko som utgjer 7,8 pst. av alle førsteklassingane. Om nødvendig har elevane òg rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. I skuleåret 2020–21 var det 1 827 elevar som berre fekk morsmålsopplæring, 6 796 elevar som berre fekk tospråkleg fagopplæring, og 907 elevar som fekk begge delar. Somalisk, arabisk og polsk var dei vanlegaste språka.

Resultat i grunnskulen

Figur 6.9 Grunnskulepoeng etter innvandringskategori og kjønn, 2018–20

Figur 6.9 Grunnskulepoeng etter innvandringskategori og kjønn, 2018–20

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Det er små forskjellar mellom grunnskulepoenga til norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. Berre 2 poeng skilde desse i 2020. Avstanden mellom innvandrarar (dei som sjølve har innvandra) og andre elevar er noko større. 5,1 poeng skilde desse i 2020. Det er vanskeleg å vurdere resultata til innvandrarelevar. Mange av dei kan ikkje vurderast ut frå ordinære læreplanar, fordi dei treng tid til å tileigne seg eit nytt språk. 15 pst. av innvandrarelevane har ikkje fått berekna grunnskulepoeng i 2020.

Det er særleg dei med 0–2 års butid, 40 pst., som ikkje har fått berekna grunnskulepoeng. Til samanlikning har 16 pst. av dei med 3–4 års butid og 7 pst. av dei med 5–6 års butid ikkje fått berekna grunnskulepoeng.

Butida har stor innverknad på kor mange grunnskulepoeng innvandrarar har ved utgangen av 10. trinn. Det er først blant dei med meir enn 7–8 års butid at talet på grunnskulepoeng nærmar seg talet på grunnskulepoeng for norskfødde med innvandrarforeldre.

Jenter får i gjennomsnitt 4,4 grunnskulepoeng meir enn gutane. Norskfødde jenter med innvandrarforeldre får fleire grunnskulepoeng enn gutar som ikkje har innvandrarbakgrunn.

Det er ein større del av innvandrarane som er fritekne frå nasjonale prøvar, enn norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. På 8. trinn er 12 pst. av innvandrarane fritekne frå nasjonale prøvar i lesing. I engelsk og rekning er 10 pst. fritekne. Det er små forskjellar mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar i delen som er fritekne. 3 pst. av både norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar er fritekne i kvart enkelt av faga engelsk, lesing og rekning.

Prosentdelen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa er høgare blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre enn blant andre elevar. Det er størst forskjellar i lesing og minst forskjellar i engelsk. Tala må tolkast i lys av at delen som er fritekne, er høgare for innvandrarar enn for norskfødde med innvandrarforeldre og andre.

I lesing gjer jentene det betre enn gutane. I rekning gjer gutane det betre enn jentene. Desse forskjellane gjer seg gjeldande både mellom gutar og jenter med innvandrarbakgrunn og mellom andre gutar og jenter. Det er små forskjellar mellom gutar og jenter i engelsk.

Butida har mykje å seie for meistringsnivået til elevane. Dei som har budd i Noreg i 7–8 år, nærmar seg nivået til dei norskfødde med innvandrarforeldre i lesing.

Figur 6.10 Prosentdelen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa (1 og 2) i nasjonale prøvar i faga engelsk, lesing og rekning på 8. trinn, etter innvandringskategori, 2020

Figur 6.10 Prosentdelen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa (1 og 2) i nasjonale prøvar i faga engelsk, lesing og rekning på 8. trinn, etter innvandringskategori, 2020

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Gjennomføring av vidaregåande opplæring

Dei norskfødde jentene med innvandrarforeldre fullfører og består vidaregåande opplæring i løpet av 5–6 år i same grad som dei andre jentene.

63 pst. av innvandrarane som begynte i vidaregåande opplæring i skuleåret 2014–15 (2014-kullet), fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av 5–6 år. Prosentdelen har auka i dei siste åra, men er framleis betydeleg lågare enn delen norskfødde med innvandrarforeldre og andre. Kor lenge ein har budd i Noreg, har mykje å seie for fullføringsprosenten.

Figur 6.11 Prosentdelen som starta i vidaregåande opplæring i skuleåret 2012–13 (2012-kullet) til 2014–15 (2014-kullet), og som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem (studieførebuande) / seks (yrkesfag) år, etter innvandringskategori og kjønn

Figur 6.11 Prosentdelen som starta i vidaregåande opplæring i skuleåret 2012–13 (2012-kullet) til 2014–15 (2014-kullet), og som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem (studieførebuande) / seks (yrkesfag) år, etter innvandringskategori og kjønn

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Læreplassar og kontraktar

Figur 6.12 Prosentdelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som første ønske som har fått godkjent lærekontrakt eller plass som lærekandidat, 2018–20

Figur 6.12 Prosentdelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som første ønske som har fått godkjent lærekontrakt eller plass som lærekandidat, 2018–20

Det har vore endringar i statistikken i 2019, noko som inneber at tal frå og med 2019 ikkje er heilt samanliknbare med tal for tidlegare år.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Av 19 700 søkarar (med ungdomsrett) med læreplass som førsteønske i skuleåret 2020–21, hadde 15 300 fått ein godkjend lærekontrakt per 31. desember 2020. I tillegg var det litt under 800 lærekandidatar.

Figur 6.13 Prosentdelen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning eller arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, etter innvandringskategori og kjønn, 2018–20

Figur 6.13 Prosentdelen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning eller arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, etter innvandringskategori og kjønn, 2018–20

Dei med ukjend utdanning er ikkje talde med

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

I 2020 er 14 pst. av innvandrarar i alderen 16–25 år verken i utdanning eller arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Til samanlikning gjeld dette 7 pst. av norskfødde med innvandrarforeldre og 5 pst. av andre i same aldersgruppe.

Vaksne i grunnopplæringa

Vaksne som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ønsker det, jf. opplæringslova § 4A-1. Talet på vaksne som får opplæring på grunnskulenivå, aukar. I skuleåret 2020–21 var det 20 727 vaksne som fekk grunnskuleopplæring. Det er ein stor auke i høve til året før, med om lag 6 800 fleire deltakarar. Av dei som fekk slik opplæring, var det 15 031 som fekk ordinær grunnskuleopplæring. 5 291 fekk opplæringa som spesialundervisning. Dette er også langt fleire enn i 2019–20.

Vaksne som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa skal vere tilpassa behova og livssituasjonen til den einskilde. Vaksne som ønsker å gjennomføre vidaregåande opplæring, kan søke om ordinært inntak og konkurrere om plassane med søkarane med ungdomsrett, eller dei kan søke om individuelt opptak basert på realkompetanse. Med dette alternativet blir undervisninga ofte komprimert og/eller avkorta. Vaksne kan òg søke vidaregåande opplæring gjennom private tilbydarar av opplæring, til dømes studieforbund, men det meste av opplæringa skjer i dei vidaregåande skulane. Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring.

Samla deltok 35 835 vaksne (25 år og eldre) i vidaregåande opplæring i 2020. Dette er nesten 3 500 fleire enn året før.

Skulefritidsordninga

Kommunar må ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.–4. trinn og for barn med særskilde behov på 5.–7. trinn. I skuleåret 2020–21 gjekk 147 749 barn i skulefritidsordninga (SFO). 1 894 av desse var elevar på 5.–7. trinn. Delen barn på 1.–4. trinn som gjekk i SFO, var på 59 pst., ein auke frå 55 pst. i 2002. Tabell 6.6 viser at deltaking i SFO varierer mykje mellom dei ulike klassetrinna og er høgast blant dei yngste barna.

Kommunen kan krevje kostnadene til SFO dekte gjennom foreldrebetaling. Dette bidreg til at det er stor variasjon i foreldrebetaling i SFO mellom kommunar. Hausten 2020 vart det innført ei nasjonal ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for barn frå låginntektsfamiliar på 1.–2. trinn og gratis SFO for barn med behov for særskild tilrettelegging på 5.–7. trinn. Hausten 2021 blir den nasjonale ordninga med redusert foreldrebetaling i SFO utvida til å gjelde 3.–4. trinn òg. Kommunar kan i tillegg velje å tilby ytterlegare inntektsgraderte satsar, friplassar og søskenmoderasjon i SFO.

Tabell 6.6 Deltaking og foreldrebetaling i skulefritidsordninga (SFO)

Skuleår

2014–15

2015–16

2016–17

2017–18

2018–19

2019–20

2020–21

Tal på barn i SFO

158 139

159 633

160 994

160 571

158 318

156 597

147 749

Prosentdel av barna i SFO med fulltidsplass (20 timar)

57

57

56

57

56

57

58

Dekningsgrad 1.–4. trinn (pst.)

63

62

62

62

61

62

59

Dekningsgrad 1. trinn (pst.)

80

80

81

82

82

82

82

Dekningsgrad 2. trinn (pst.)

75

75

74

76

76

76

73

Dekningsgrad 3. trinn (pst.)

61

60

59

58

59

59

54

Dekningsgrad 4. trinn (pst.)

34

33

32

31

30

31

28

Gjennomsnittleg månadleg foreldrebetaling for ein elev med fulltidsplass (20 veketimar) i SFO (i kroner)

2 256

2 335

2 408

2 420

2 470

2 501

2 678

Prosentdel av SFO-ar som tilbyr søskenmoderasjon

65

66

65

66

67

68

69

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Leksehjelp

Alle elevar i grunnskulen har rett til åtte veketimar med gratis leksehjelp etter skuletid. Kommunane har ansvaret for tilbodet, og det kan organiserast slik det er mest formålstenleg ut frå lokale tilhøve. Tilbodet skal vere gratis, omfatte alle og vere frivillig for kvar einskild elev. I skuleåret 2020–21 deltok 100 619 barn på 1.–10. trinn på leksehjelp. Dette utgjer om lag 16 pst. av elevane, noko som er ein reduksjon frå året før. Det er rimeleg å tru at reduksjonen kjem av covid-19-pandemien.

7 Nøkkeltal for barnehagesektoren

Innleiing

Kapittelet gir informasjon om utviklinga i talet på barn og tilsette og om ressursbruken i barnehagesektoren. Kapittelet inneheld òg statistikk på integreringsfeltet.

Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren er eit av dei største tenesteområda i kommunane. Samla brutto driftsutgifter til barnehagar i 2020 var 54,9 mrd. kroner og utgjorde 11 pst. av driftsutgiftene i kommunane. Talgrunnlaget i kapittelet er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), rapportering frå barnehagane (BASIL), KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering), Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) og ulike undersøkingar som er gjennomførte på oppdrag frå departementet.

Barn i barnehage

Tabell 7.1 Barn i barnehage, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2015–20

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Barn i barnehage

283 608

282 649

281 622

278 578

275 804

272 264

Dekningsgrad 1–5 år (pst.)

90,4

91,1

91,3

91,8

92,2

92,8

Dekningsgrad 0 år (pst.)

3,7

4,0

3,9

4,0

4,2

4,3

Dekningsgrad 1 år (pst.)

69,7

71,7

72,1

73,2

74,8

76,6

Dekningsgrad 2 år (pst.)

91,6

92,3

92,9

93,2

93,6

94,1

Dekningsgrad 3 år (pst.)

95,7

95,9

96,1

96,4

96,5

96,7

Dekningsgrad 4 år (pst.)

96,9

97,2

97,3

97,3

97,1

97,6

Dekningsgrad 5 år (pst.)

97,3

97,5

97,6

97,6

97,5

97,7

Gjennomsnittleg avtala opphaldstimar per veke

44,3

44,3

44,4

44,5

44,6

44,6

Prosentdel av barn med heiltidsplass

94,3

94,9

95,5

96,1

96,6

96,9

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå, Kunnskapsdepartementet

Ved utgangen av 2020 gjekk 272 264 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette er ein nedgang i talet på barn i barnehage frå 2019 og kjem av ein nedgang i talet på barn i alderen 1–5 år i befolkninga. I tillegg hadde 110 opne barnehagar kapasitet til å ta imot om lag 3 110 barn i 2020. Barn under 3 år utgjorde 36 pst. av alle barn i barnehage.

I 2020 hadde 96,9 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen, mot 69,6 pst. i 2005, det vil seie avtala opphaldstid på 41 timar i veka eller meir. Gjennomsnittleg avtala opphaldstid for barn i barnehage har i same periode auka frå 39 til 44,6 timar per veke. Dekningsgraden i 2020 for barn i alderen 1–5 år var 92,8 pst., mot 76,2 pst. i 2005. Dekningsgraden har vore stabil for dei eldre barna dei siste åra og auka for dei yngste barna.

Tabell 7.2 Barn i barnehage etter eigarforhold, offentleg og privat, 2006–20

2006

2010

2014

2019

2020

Offentlege

127 252

147 180

147 726

138 822

136 987

– kommunale

122 783

146 051

147 493

138 122

136 280

– fylkeskommunale/statlege

4 469

1 129

233

700

707

Private

107 696

129 959

138 688

136 982

135 277

– kyrkjelyd/trussamfunn

8 267

7 723

7 579

6 724

6 407

– foreldreeigde

35 749

33 083

30 930

29 857

29 756

– kvinne- og familieforbund / sanitetsforeining

1 388

1 151

714

695

798

– bedrift

18 309

30 724

43 070

3 011

2 754

– pedagogisk/ideologisk org.

4 324

8 048

7 826

4 368

4 461

– einskildpersonar

20 103

18 183

15 120

8 643

8 007

– konsern/aksjeselskap

71 815

71 581

– stiftelse

9 167

8 928

– studentsamskipnad

2 221

2 702

2 585

– andre

19 556

31 047

31 228

I alt

234 948

277 139

286 414

275 804

272 264

Barn som går i opne barnehagar, er ikkje med i tabellen, medan barn i familiebarnehagar er inkluderte i tabellen. I 2020 gjekk 34 barn i offentlege familiebarnehagar, og 3 155 barn gjekk i private familiebarnehagar. Rapporteringa blei noko endra for private barnehagar i løpet av perioden. Det er ein del av forklaringa på den store nedgangen i talet på bedriftsbarnehagar frå 2014 til 2018 og auken i talet på barnehagar der eigaren er konsern/aksjeselskap og stiftelse i 2018. Kategorien «kvinne- og familieforbund / sanitetsforeining» heitte før 2016 «husmorlag/sanitetsforeining».

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Talet på barn i barnehagar har gått ned sidan 2014. Hovudtyngda av reduksjonen i barnehageplassar har vore i offentlege barnehagar. I 2020 var det ein nedgang på 1 835 barn med plassar i offentlege barnehagar frå året før, og ein nedgang på 1 705 plassar i private barnehagar. I 2020 hadde om lag halvparten av barna plass i ein offentleg barnehage og halvparten i ein privat barnehage. Ved utgangen av 2020 var det 5 620 barnehagar i Noreg, inkludert familiebarnehagar og opne barnehagar. Av desse var 2 644 kommunale, 12 fylkeskommunale eller statlege og 2 964 private barnehagar. Frå 2008 har det vore ein stabil nedgang i talet på barnehagar, og frå 2019 til 2020 har det vore ein reduksjon på 65 private og 45 kommunale barnehagar.

Tabell 7.3 Prosentdel barn i barnehage blant minoritetsspråklege barn og andre barn, 2018–20

2018

2019

2020

Minoritetsspråklege

Andre

Minoritetsspråklege

Andre

Minoritetsspråklege

Andre

1-åringar

50,2

79,5

53,3

81,3

54,4

83,2

2-åringar

81,9

96,1

84,0

96,7

85,2

97,0

3-åringar

91,8

97,6

92,8

98,1

93,3

98,2

4-åringar

94,0

98,0

93,6

98,5

95,7

98,6

5-åringar

96,6

97,9

94,8

98,7

95,1

98,8

1–2-åringar

66,1

88,0

69,0

89,1

70,2

90,1

3–5-åringar

94,1

97,8

93,7

98,4

94,7

98,5

1–5-åringar

82,8

94,0

83,9

94,4

85,3

94,7

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Minoritetsspråklege barn er definerte ved at både barnet og dei føresette til barnet har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk. 85,3 pst. av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år gjekk i barnehage i 2020. Prosentdelen av barn som går i barnehage, aukar med alderen til barna. For minoritetsspråklege barn er forskjellen mellom ulike aldersgrupper større enn for andre barn. For 3-, 4- og 5-åringar er prosentdelen minoritetsspråklege barn som går i barnehage, nesten like høg som for andre barn, medan for 1–2-åringar er denne delen mykje lågare enn for andre barn, særleg for eittåringane. Minoritetsspråklege barn startar altså seinare i barnehage og har dermed i gjennomsnitt gått færre år i barnehage før dei begynner på skulen, men det store fleirtalet av minoritetsspråklege barn har gått i barnehage før skulestart.

Figur 7.1 Tal på barn i barnehage fordelte etter barnehagestorleik, 2007–20

Figur 7.1 Tal på barn i barnehage fordelte etter barnehagestorleik, 2007–20

Opne barnehagar er ikkje inkluderte i talet på barnehagar.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Talet på barn i små barnehagar, definerte som 25 barn eller færre, har gått ned med 19 pst. frå 2014 til 2020, medan talet på barn i barnehagar med 51–75 barn har gått ned med 6,5 pst. i same tidsrom. Talet på barn i barnehagar med 26–50 barn har vore stabilt, medan dette talet for barnehagar med 76 eller fleire barn har gått ned med 3 pst. i perioden.

Personalet i barnehagen

Tabell 7.4 Personalet i barnehagen, 2016–20

2016

2017

2018

2019

2020

Talet på tilsette

93 952

94 540

95 819

96 744

95 909

Talet på årsverk

75 031

75 534

77 101

78 055

77 700

Årsverk i grunnbemanninga

62 614

62 706

64 134

64 844

64 396

Styrarar (årsverk)

4 803

4 822

4 783

4 786

4 739

Årsverk i grunnbemanninga med barnehagelærarutdanning eller pedagogisk utdanning som tilsvarer utdanningskravet til pedagogisk leiar

24 173

24 683

26 266

27 294

27 605

– i pst. av grunnbemanninga

38,6

39,4

41,0

42,1

42,9

Årsverk i grunnbemanninga med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

12 735

12 496

12 897

13 561

13 873

– i pst. av grunnbemanninga

20,3

19,9

20,3

20,9

21,5

Personale som gir særskild språkstimulering til minoritetsspråklege barn (årsverk i parentes)

1 299

(388)

1 398 (405)

1 347

(399)

1 200

(358)

1 035

(317)

– del som har barnehagelærarutdanning

23,4

23,5

22,8

21,2

19,6

Personale som jobbar med barn/barnegrupper som krev ekstra ressursinnsats (årsverk i parentes)

6 728

(3 984)

7 415 (4 358)

7 698

(4 565)

8 315

(4 945)

8 487

(5 119)

– del som har barnehagelærarutdanning

30,1

29,7

28,3

28,5

26,8

Grunnbemanninga er dei tilsette i barnehagen som jobbar direkte med barna. Det er stillingskategoriane pedagogisk leiar og anna grunnbemanning som utgjer grunnbemanninga.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2020 var det om lag 95 900 tilsette som utførte 77 700 årsverk i barnehagane. Skilnaden mellom talet på tilsette og talet på årsverk viser at det er mange tilsette som jobbar deltid i den einskilde barnehagen.

Det var 64 396 årsverk i grunnbemanninga i barnehagen i 2020, som vil seie at ein jobbar direkte med barna. 43 pst. av årsverka i grunnbemanninga har barnehagelærarutdanning, medan 21 pst. av årsverka i grunnbemanninga har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Den nye bemanningsnorma for barnehagen tok til å gjelde frå 1. august 2018. Norma inneber at barnehagen skal ha minst 1 tilsett per 3 barn under 3 år og 1 tilsett per 6 barn over 3 år. Frå same tidspunkt blei også pedagognorma i barnehagen skjerpa, slik at barnehagen skal ha minst 1 pedagogisk leiar per 7 barn under 3 år og 1 pedagogisk leiar per 14 barn over 3 år.

Per desember 2020 var grunnbemanninga i barnehagane på nasjonalt nivå i gjennomsnitt 5,7 barn per vaksen dersom ein korrigerer for alder og opphaldstid. Ein vaksen er målt i årsverka til pedagogiske leiarar og assistentar. Det har vore ein sterk reduksjon i talet på barn per vaksen sidan bemanningsnorma blei innført. 99 pst. av barnehagane oppfylte bemanningsnorma i 2020.

69 pst. av barnehagane oppfylte den skjerpa pedagognorma utan bruk av dispensasjon per desember 2020, opp frå 64 pst. i 2019 og 53 pst. i 2018. Prosentdelen pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet har auka etter skjerpinga av pedagognorma, men har gått noko ned sidan 2018. Totalt manglar det 2 517 årsverk for å oppfylle pedagognorma i alle barnehagar utan bruk av dispensasjon.

Tabell 7.5 Bemanningstettleik og pedagogtettleik, 2017–20

2017

2018

2019

2020

Talet på barn per årsverk i grunnbemanninga, korrigerte for alder og opphaldstid (bemanningstettleik)

6,0

5,8

5,7

5,7

Prosentdel av barnehagar som oppfyller bemanningsnorma (bemanningstettleik på 6,0 eller lågare)

56

75

94

99

Prosentdel av barnehagar som oppfyller den skjerpa pedagognorma utan dispensasjon1

24

53

64

69

Prosentdel av pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet

4,9

10,2

8,7

6,8

1 Den skjerpa pedagognorma tok til å gjelde frå 1. august 2018.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Det har tidlegare vore stor skilnad på barnehagane i dei målbare faktorane som utgjer ramma rundt barnehagekvardagen, som talet på barn per vaksen (bemanningstettleik) og den formelle kompetansen til personalet, jf. figur 7.2 og 7.3. Det har vore ein sterk reduksjon i ulikskapen mellom barnehagar når det gjeld barn per årsverk i grunnbemanninga og barn per årsverk pedagogisk leiar med godkjend utdanning, særleg etter 2018. Dette må sjåast i samanheng med innføring av bemanningsnorma og skjerpa pedagognorm.

Figur 7.2 Ulikskap mellom barnehagar, barn per årsverk i grunnbemanninga, 2014–20

Figur 7.2 Ulikskap mellom barnehagar, barn per årsverk i grunnbemanninga, 2014–20

Sterkaste 10 pst. svarte til 90. persentil, medan svakaste 10 pst. svarte til 10. persentil. Grunnbemanninga er pedagogiske leiarar og assistentar. Barn er korrigert for alder og opphaldstid.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Figur 7.3 Ulikskap mellom barnehagar, barn per årsverk pedagogisk leiar med godkjend utdanning, 2014–20

Figur 7.3 Ulikskap mellom barnehagar, barn per årsverk pedagogisk leiar med godkjend utdanning, 2014–20

Sterkaste 10 pst. svarte til 90. persentil, medan svakaste 10 pst. svarte til 10. persentil. Grunnbemanninga er pedagogiske leiarar og assistentar. Barn er korrigert for alder og opphaldstid.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Av alle tilsette i grunnbemanninga i barnehagen i 2020 var 9,9 pst. menn, totalt om lag 7 100 personar. Grunnbemanninga omfattar dei tilsette i barnehagen som jobbar direkte med barna. Frå 2015 til 2020 har det vore ein liten auke i prosentdelen menn i grunnbemanninga.

Tabell 7.6 Menn i barnehagane, 2015–20

(i pst.)

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Prosentdel menn av tilsette i grunnbemanninga

8,8

9,0

9,2

9,5

9,8

9,9

Prosentdel mannlege pedagogiske leiarar

7,5

8,0

8,5

8,9

9,3

9,3

Prosentdel menn av tilsette i anna grunnbemanning1

9,6

9,6

9,7

9,9

10,1

10,1

1 Tidlegare år har anna grunnbemanning blitt omtala som assistentar.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

I 2020 omfatta opptaket på barnehagelærarutdanninga 3 145 studentar, ein auke frå 3 094 i 2019. Talet på ferdig uteksaminerte barnehagelærarar gjekk ned med 59 i same tidsrom. Prosentdelen menn i opptaket har gått noko ned sidan 2017. Prosentdelen uteksaminerte menn har vore i overkant av 15 pst. dei siste tre åra.

Tabell 7.7 Utdanning av barnehagelærarar ved statlege og private høgskular og universitet, 2015–20

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Opptak til barnehagelærarutdanning

3 062

3 106

3 000

2 959

3 094

3 144

– prosentdel menn

18,2

18,9

20,0

19,6

18,7

18,6

Uteksaminerte barnehagelærarar

2 081

1 909

1 966

2 030

2 249

2 190

– prosentdel menn

12,9

14,2

14,0

15,4

15,7

15,1

Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning (DBH)

Figur 7.4 Prosentdelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant dei tilsette i barnehagane, 2018–20

Figur 7.4 Prosentdelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant dei tilsette i barnehagane, 2018–20

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde i 2020 om lag 16 pst. av personalet som arbeider direkte med barna i barnehagane, og dei aller fleste av desse har sjølv innvandra. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjorde berre 1 pst. av dei tilsette. Dei siste tre åra har prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn auka noko, frå 15 pst. i 2018 til 16 pst. i 2020. Det kjem i hovudsak av ein auke i prosentdelen kvinner med innvandrarbakgrunn.

Figur 7.5 Prosentdelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant studentane i barnehagelærarutdanninga, 2018–20

Figur 7.5 Prosentdelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant studentane i barnehagelærarutdanninga, 2018–20

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Prosentdelen studentar med innvandrarbakgrunn i barnehagelærarutdanninga har auka dei siste tre åra. Av 8 700 studentar i 2020 utgjorde dei med innvandrarbakgrunn 17 pst., høvesvis 13 pst. som sjølve har innvandra, og 4 pst. norskfødde med innvandrarforeldre. Prosentdelen med innvandrarbakgrunn i barnehagelærarutdanninga er noko større blant mannlege studentar.

Moderasjonsordningar i barnehagen

Dei to moderasjonsordningane i barnehagen for familiar med låg inntekt blei innførte i 2015. Nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksprisen som ei øvre grense. Ordninga med gratis kjernetid gjer at barn frå familiar med inntekt under ei gitt grense har rett til 20 timar gratis opphald i barnehagen i veka. Denne ordninga gjaldt først for 4- og 5-åringar, men blei frå 2016 utvida til å gjelde 3-åringar, og i 2019 blei ordninga ytterlegare utvida til å gjelde for 2-åringar. Familiar med meir enn eitt barn i barnehage har også rett til søskenmoderasjon.

Frå 1. august 2021 har barn frå familiar med inntekt under 583 650 kroner rett til gratis kjernetid i barnehagen. Departementet anslår at rundt 44 000 barn hadde rett til gratis kjernetid i barnehage i 2020. Tal frå rapporteringssystemet til kommunane viser at 33 917 barn fekk innvilga gratis kjernetid i barnehage i 2020.

I 2020 fekk totalt 56 503 barn lågare opphaldsbetaling på grunn av låg inntekt. Det er over 13 000 fleire barn enn i 2019. 46 098 hushald fekk redusert foreldrebetaling på grunn av låg inntekt, som er ein auke på over 10 000 frå året før. Auken i barn og hushald som har fått moderasjon, kjem dels av at fleire kommunar har utvida lokale ordningar som går utover dei nasjonale minstekrava.

Dersom ein familie har meir enn eitt barn i barnehage i same kommune, har familien rett til søskenmoderasjon i foreldrebetalinga. Denne ordninga gjeld uavhengig av inntekt. Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 pst., og for det tredje barnet og oppover er det 50 pst. reduksjon. I 2020 fekk 47 712 barn søskenmoderasjon. Det er 882 færre enn i 2019.

Tabell 7.8 Moderasjonsordningar i barnehagen, 2016–20

(i kr.)

2016

2017

2018

2019

2020

Inntektsgrense for gratis kjernetid

428 000

450 000

533 500

548 500

566 100

Hushald som har fått reduksjon i foreldrebetaling på grunn av låg inntekt1

25 881

28 902

33 459

35 261

46 098

Barn som har fått innvilga lågare opphaldsbetaling fordi foreldra har låg inntekt1

33 272

35 735

41 918

43 310

56 503

Barn med rett til lågare opphaldsbetaling på grunn av låg inntekt (overslag for 2020)2

53 700

54 023

55 187

53 825

56 000

Barn som har fått innvilga gratis kjernetid fordi foreldra har låg inntekt1

18 225

20 978

26 027

33 991

33 917

Barn med rett til gratis kjernetid på grunn av låg inntekt (overslag for 2020)2

26 819

27 954

33 327

42 452

44 000

Barn som får søskenmoderasjon

44 732

47 418

46 077

48 594

47 712

1 Omfattar også lokale ordningar med inntektsgrenser som er høgare enn dei nasjonale minstekrava.

2 Omfattar dei som har rett til ordninga i medhald til dei nasjonale minstekrava.

Kjelde: Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet, Statistisk sentralbyrå

Barn med behov for særskild tilrettelegging

Barn under opplæringspliktig alder som har eit særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter § 19 a i barnehagelova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Barn med behov for særskild tilrettelegging er ei samansett gruppe. Mange av desse barna har nedsett funksjonsevne, som kan omfatte fysiske funksjonshemmingar, utviklingshemmingar, språk- og talevanskar, åtferdsvanskar og psykiske lidingar.

Prosentdelen barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp etter § 19 a i barnehagelova, har auka jamt i dei siste åra. I 2020 fekk 3,4 pst. av barna i barnehage spesialpedagogisk hjelp. 72 pst. av barna som får spesialpedagogisk hjelp, er gutar. Den spesialpedagogiske hjelpa i barnehagen heng ofte saman med utfordringar med språkutvikling og åtferdsvanskar.

Tabell 7.9 Barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp, 2015–20

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Tal

7 944

8 290

8 674

8 813

9 190

9 255

Prosentdel

2,8

2,9

3,1

3,2

3,3

3,4

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Barn i mottak som går i barnehage

Barn i asylmottak har ikkje rett til barnehageplass, men det er lagt økonomisk til rette for at dei kan få eit tilbod. Staten har finansiert heiltidsplassar for 4- og 5-åringar sidan 2011, og for 1-, 2- og 3-åringane sidan 2020 etter ein kortare periode med finansiering av gratis kjernetid. I og med at barnefamiliar i asylmottak er prioriterte for busetjing, og busetjingar kan skje året rundt, så er det variasjon i tala for deltaking i barnehage i kommunar som har asylmottak. Tal frå Utlendingsdirektoratet viser at 64 pst. av barna i asylmottak gjekk i barnehage i 2019 og 79 pst. i 2020 etter at aldersgruppa var utvida.

Kostnader i og finansiering av barnehagar

Barnehagesektoren består av om lag halvparten kommunale og halvparten private barnehagar. Private barnehagar får driftstilskot per heiltidsplass berekna ut frå gjennomsnittlege ordinære driftsutgifter i tilsvarande kommunale barnehagar. Prosentdelen barnehageutgifter av dei samla brutto driftsutgiftene til kommunane har vore stabil i dei seinare åra og var i 2020 på 54,9 mrd. kroner.

Tabell 7.10 Driftsutgifter til barnehage i kommunane, 2016–20

2016

2017

2018

2019

2020

Brutto driftsutgifter til barnehage (mill. kroner)1

48 008

49 865

52 308

54 674

54 861

Prosentdel av brutto driftsutgifter til barnehage

11,7

11,5

11,5

11,4

11,2

Korrigerte brutto driftsutgifter2 per barn3 i kommunal barnehage (kroner)

191 792

200 833

215 203

227 831

225 646

Løpande prisar.

1 Brutto driftsutgifter er driftsutgifter til kommunen sin eigen tenesteproduksjon og kjøp av tenester frå andre.

2 Korrigerte brutto driftsutgifter er driftsutgifter til kommunen sin eigen tenesteproduksjon.

3 Korrigert for alder og opphaldstid.

Kjelde: KOSTRA (Statistisk sentralbyrå)

Det har vore ein nominell reduksjon i dei korrigerte brutto driftsutgiftene per barn i kommunal barnehage på om lag 1 pst. frå 2019 til 2020, og den reelle reduksjonen har vore på om lag 2 pst. Figur 7.7 viser spreiinga mellom kommunar i korrigerte brutto driftsutgifter per barn i kommunale barnehagar. Den grå linja viser landsgjennomsnittet. Som figuren viser, er det stor forskjell på kommunane med lågast og høgast driftsutgifter per barn, men dei fleste kommunane ligg relativt nær landsgjennomsnittet. Forskjellane mellom kommunar kan til dømes kome av geografiske skilnader, ulikt økonomisk handlingsrom eller forskjellar i prioritering av barnehagar framfor andre tenestetilbod.

Figur 7.6 Ulikskap mellom kommunar, korrigerte driftsutgifter per barn i kommunale barnehagar, 2020

Figur 7.6 Ulikskap mellom kommunar, korrigerte driftsutgifter per barn i kommunale barnehagar, 2020

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Barnehagane er delvis finansierte gjennom foreldrebetaling, men dei er hovudsakleg finansierte av det offentlege. 88,1 pst. av drifta av dei kommunale barnehagane var i 2020 finansiert av det offentlege, ein auke sidan 2019.

Tabell 7.11 Finansiering av kommunale barnehagar, 2014–20

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Prosentdel av driftsmidlar finansierte gjennom foreldrebetaling (i pst. av totale driftsmidlar)

13,8

14,2

13,7

13,5

13,4

12,9

11,9

Prosentdel av driftsmidlar finansierte av det offentlege (i pst. av totale driftsmidlar)

86,2

85,7

86,3

86,4

86,6

87,1

88,1

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

8 Likestilling og arbeid mot diskriminering

Kunnskapsdepartementets arbeid med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig haldningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skulen og må ligge til grunn i fagskulane, universiteta og høgskulane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion. Som offentleg myndigheit er departementa forplikta til å vurdere likestillingskonsekvensar i alt sitt arbeid, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 24 første ledd.

Likestilling og diskriminering i skule og barnehage

Regjeringa la i desember 2019 fram Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Målet er barnehagar og skular som gir moglegheiter for alle barn og unge – uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn og kognitive og fysiske forskjellar. Det krev inkluderande fellesskap og tidleg innsats. Meir omtale av Tett på-meldinga finst i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

I Granavolden-plattforma seier regjeringa at ho vil styrke rekrutteringa av menn til barnehagane, og at ho vil fremje ein strategi for å bidra til ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad. Det er særleg relevant å vurdere tiltak som vil auke rekrutteringa av menn til grunnskule- og barnehagelærarutdanningane. I tillegg er rekruttering av menn til utdanning innanfor helse- og omsorgssektoren relevant. Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid prioritere desse innsatsområda i arbeidet med ein jamnare kjønnsbalanse i utdanningsløpa. Regjeringa har i september 2021 lagt fram Strategi for et mer likestilt utdannings- og arbeidsmarked 2021–2024. Strategien har som hovudmål å få fleire menn i kvinnedominerte næringar og fleire kvinner i mannsdominerte næringar. I tillegg har strategien seks framheva innsatsområde: Fleire menn i barnehage, grunnskule og helse- og omsorgsyrke og fleire kvinner i teknologiske yrke og blant gründarar og leiarar.

Regjeringa har finansiert eit rekrutteringsprosjekt ved Høgskulen på Vestlandet med 16 mill. kroner. Prosjektet er retta mot rekruttering av studentar til heile breidda av lærarutdanningar. I tildelingsbrev har departementet presisert spesielt at prosjektet skal omfatte rekruttering av menn til barnehagelærarutdanning og lærarutdanning for dei yngste elevane i skulen. Det kom midlar til prosjektet første gong i 2019, deretter i 2020 og 2021. Til no har covid-19-pandemien hindra at prosjektet kunne kome skikkeleg i gang, men det er forventa at arbeidet blir intensivert i 2021.

Frå hausten 2020 starta innføringa av nye læreplanar for grunnopplæringa innanfor læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK2020). Dei nye læreplanane tok til å gjelde for 1.–9. trinn i grunnskulen og 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2020 og for 10. trinn i grunnskulen og 2. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2021. 3. trinn i vidaregåande opplæring følger etter hausten 2022. Innanfor det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring er aktuelle tema verdival, mellommenneskelege relasjonar, seksualitet, å kunne setje grenser og respektere grensene til andre og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar. Konkrete læringsmål innanfor samfunnsfag er mellom anna at elevane skal drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering.

Seksualitetsopplæringa er ein del av det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Seksualitet er tema i samfunnsfag, naturfag, kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) og kroppsøving, med ulike innfallsvinklar. I samfunnsfag er til dømes seksuell orientering, grensesetjing og seksuelle overgrep sentralt. Naturfag fokuserer på reproduktiv helse, forandringar i kroppen under puberteten og korleis puberteten kan påverke kjensler. Faget KRLE tek opp mellom anna seksualetikk i ulike religionar, og i kroppsøving skal elevane reflektere over kroppsidentitet og sjølvbilete.

Gjennom handlingsplanen Trygghet, mangfold og åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskarakteristika 2021–2024 vil regjeringa arbeide for større openheit om kjønns- og seksualitetsmangfald, betre levekår og livskvalitet for skeive og sterkare samarbeid med og støtte til sivilsamfunnet.

Kunnskapsdepartementet vil gjennom ulike tiltak motverke nokre av utfordringane som skeive med innvandrarbakgrunn møter. Det vil bli utvikla rettleiarar, videoar og ordlister om kjønns- og seksualitetsmangfald på ulike språk, for å bidra til større openheit om kjønns- og seksualitetsmangfald gjennom å gjere informasjon om temaet tilgjengeleg på fleire språk. Departementet vil heve kompetansen om kjønns- og seksualitetsmangfald for tilsette som jobbar med nyleg komne flyktningar og innvandrarar for å sikre eit meir likeverdig tenestetilbod. Det vil også bli teke omsyn til særlege utfordringar for lhbtiq-flyktningar ved busetjing for å motverke einsemd og andre former for sårbarheit i denne gruppa.

Regjeringa vil bidra til betre læringsutbytte om kjønns- og seksualitetsmangfald i lærarutdanningar og helse- og sosialfaglege utdanningar. Eitt av tiltaka er derfor kompetanseheving om kjønns- og seksualitetsmangfald i desse utdanningane. Kunnskapsdepartementet vil, i samråd med universitets- og høgskulesektoren, vurdere tiltak som kan bidra til at studentane oppnår læringsutbytte som er omtala i rammeplanane for utdanningane og i nasjonale forskriftsfesta retningslinjer på feltet.

Eit anna tiltak er kompetanseheving av lærarar, leiarar og lærarstudentar. Utdanningsdirektoratet har i 2021 i samarbeid med Helsedirektoratet starta med å utvikle støtteressursar om seksualitet og kjønn. Planen er å inkludere lhbtiq-perspektivet i støtteressursane.

Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid med andre departement utvikle kunnskap om levekår og livssituasjon for skeive, inkludert skeive med innvandrarbakgrunn, gjennom jamlege levekårsundersøkingar, livskvalitetsundersøkingar og haldningsundersøkingar, og legge til rette for haldningsskapande arbeid retta mot den generelle befolkninga, inkludert innvandrarbefolkninga.

I 2018 la regjeringa fram Et samfunn for alle. Regjeringens strategi for likestilling av mennesker med funksjonsnedsettelse for perioden 2020–2030. Strategien har fire innsatsområde: utdanning, arbeid, helse og omsorg og kultur og fritid. For å følge opp strategien la regjeringa i 2019 fram ein handlingsplan for likestilling av personar med funksjonsnedsetjing. Handlingsplanen omfattar 85 tiltak frå åtte departement. Handlingsplanen følger opp FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) og tilrådingane CRPD-komiteen gav våren 2019. Handlingsplanen skal bli oppdatert gjennom perioden, slik at nye tiltak som fremjar likestilling og deltaking, vil bli inkluderte.

Regjeringa la i mai 2020 fram eit forslag til ny språklov, jf. Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk (språklova), Innst. 253 L (2020–2021) og lovvedtak 89 (2020–2021). Formålet med språklova er å styrke norsk språk på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Dessutan skal lova sikre at offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrke norsk språk i sine sektorar, både bokmål og nynorsk. Offentlege organ får eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. Språklova fastset krav til bruk av klart språk i det offentlege. Dessutan inneheld lova språkreglar for fylkeskommunane. Lova anerkjenner samisk språk som likeverdig med norsk og lovfestar samisk som urfolksspråk i Noreg. Offentlege organ skal fremje og verne nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Språkrådets oppgåver som statens forvaltningsorgan i språkspørsmål vert lovfesta. Lovvedtaket samsvarer med framlegget i Prop. 108 L (2019–2020). Stortinget vedtok òg å be regjeringa kome tilbake til Stortinget med ei sak om symbolspråk, med framlegg om korleis retten til symbolspråk kan verte innlemma i språklova.

Det følger av opplæringslova at elevar som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, har rett til opplæring i og på teiknspråk. Opplæringslovutvalet foreslo i NOU 2019: 23 Ny opplæringslov å vidareføre retten til opplæring i og på norsk teiknspråk, med mellom anna større fleksibilitet i bruk av læreplanar utarbeidde for elevar med teiknspråk for dei som har rett til slik opplæring. Kunnskapsdepartementet sende forslag til ny opplæringslov på høyring i august 2021, på bakgrunn av NOU 2019: 23.

Det er opna for forsøk med norsk teiknspråk som valfag på ungdomstrinnet. Det er òg løyvd midlar til utvikling av norsk teiknspråk som masterfag i grunnskulelærarutdanningane, og til utvikling av eit emne i praktisk-pedagogisk utdanning i teiknspråkdidaktikk.

Elevar med nedsett funksjonsevne er ei samansett elevgruppe og kan ha heilt ulike utfordringar. Mange elevar med nedsett funksjonsevne får eit dårlegare tilbod i vidaregåande opplæring enn elevar utan nedsett funksjonsevne. Regjeringa vil derfor setje i gang eit arbeid med ein strategi for at elevar med nedsett funksjonsevne skal få eit betre og likeverdig tilbod i vidaregåande opplæring. I arbeidet vil regjeringa involvere brukarorganisasjonar og andre relevante aktørar.

Likestilling og diskriminering i høgare utdanning

Kjønnspoeng

Søkarar til høgare utdanning kan få tilleggspoeng ved opptak til visse studium der det er sterk ubalanse mellom kjønna. Institusjonane får berre bruke kjønnspoeng i ein avgrensa periode, og dei må gjere greie for at andre tiltak for betre kjønnsbalanse ikkje har gitt resultat. Universitets- og høgskulelovutvalet la i 2020 fram NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler, der dei skriv at kjønnspoeng kan vere i strid med likestillingsregelverket og EUs likestillingsdirektiv. Departementet vurderte hausten 2020 føresegna om kjønnspoeng og la til grunn at forskrifta ikkje er i strid med likestillingsregelverket eller -direktivet, men bad Unit om ei evaluering av bruken av slike tilleggspoeng. Unit leverte rapporten sin våren 2021.

I dag får menn tilleggspoeng ved

  • veterinær- og dyrepleiestudiet ved NMBU

  • sjukepleie ved Lovisenberg diakonale høgskule og Universitetet i Agder

  • barnevern ved OsloMet og på psykologi (profesjon) ved NTNU og universiteta i Oslo og Bergen

Kvinner får tilleggspoeng ved

  • bachelorstudium i fleire av teknologi- og ingeniørfaga

  • landbruksstudium ved Høgskolen i Innlandet

  • visse bachelorstudium i maritime fag

  • visse femårige integrerte masterprogram i teknologi- og ingeniørfag ved NTNU

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal sjå på systemet for opptak til høgare utdanning, og det vil mellom anna kunne påverke bruk av kjønnspoeng. Utvalet skal levere rapport seinast 1. desember 2022.

Tilsette i høgare utdanning og forsking

51 pst. av dei nye doktorane i 2020 var kvinner. Talet har halde seg relativt stabilt sidan 2010. 33,5 pst. av årsverka i dosent- og professorstillingar blei utførte av kvinner i 2020. Samla for stillingar som krev doktorgrad eller tilsvarande kompetanse, var talet 43,5 pst. Desse tala har auka med om lag 1 prosenteining årleg over lang tid.

Det er fleire kvinner enn menn som er mellombels tilsette ved universitet og høgskular. Regjeringa har som mål å redusere mellombelse tilsetjingar i sektoren, slik at vi med tida kjem ned mot det same nivået som i arbeidslivet elles. Mellom anna har regjeringa i Strategi for forskarrekruttering og karriereutvikling ei forventing til utdanningsinstitusjonane om at dei har kompetanse på mellombels tilsetjing og ein strategi for å redusere uønskt mellombels tilsetjing. Departementet følger òg opp utviklinga i den årlege etatsstyringsdialogen med universitet og høgskular.

Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif) skal støtte opp om, og rådgi, tiltak som bidreg til integrering av arbeidet med kjønnsbalanse og mangfald ved universiteta, høgskuler og forskingsinstitutta. Arbeidet skal medverke til auka mangfald blant dei tilsette og i forskinga. En ny komité med nytt mandat vil verte oppnemnt for perioden 2022–25. Kunnskapsdepartementet følger òg opp arbeidet med likestilling og mangfald i UH-sektoren i etatsstyringa. I tildelingsbrev for 2021 er det tydelege forventingar om at verksemdene arbeider aktivt for å fremje like karrieremoglegheiter for kvinner og menn i norsk akademia og legg til rette for større mangfald.

Arbeid mot rasisme, antisemittisme og hatytringar

Integreringspolitikk handlar om å bidra til at den einskilde innvandraren har dei kvalifikasjonane og kjennskapen til det norske samfunnet som er nødvendig for å kunne delta. Integreringspolitikken medverkar òg til å bygge ned barrierar for deltaking på like vilkår. Rasisme og diskriminering er slike barrierar. Regjeringa vil auke medvitet om mangfald som ressurs blant arbeidsgivarar og redusere diskriminerande mekanismar ved rekruttering i arbeidslivet, gjennom tilskot, informasjon og rettleiing.

I tillegg til at rasisme og diskriminering er barrierar for deltaking i arbeids- og samfunnsliv, har førekomst og oppleving av rasisme og diskriminering noko å seie for tilliten til personar og tilhøyrsle til medborgarar og institusjonane i samfunnet. Manglande tillit går ut over samfunnsfellesskapet. Integrering gjennom kunnskap. Regjeringens integreringsstrategi 2019–2022 skal medverke til betre integrering.

Rammeplanen for barnehagen seier mellom anna at barnehagen skal motverke diskriminering, fordommar, stereotypiar og rasisme. Barnehagen skal medverke til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa. Barnehagen skal synleggjere eit mangfald av familieformer og sørge for at alle barn får spegla familien sin i barnehagen. Utdanningsdirektoratet tilbyr støtteressursar som barnehagane kan bruke i dette arbeidet.

Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme og udemokratiske haldningar (Dembra) er eit kurstilbod som gir kompetanseutvikling for lærarstudentar, lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i grunnopplæringa. Læringsressursane dekker områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, diskriminering av minoritetar og udemokratiske haldningar. Dembra er eit varig tiltak som engasjerer dei nasjonale freds- og menneskerettssentera i arbeidet. Det er etablert regionale knutepunkt for Dembra-arbeidet over heile landet. Dembra-materiell på nordsamisk blei ferdigstilt i mai 2021. Sjå omtale av forslag til løyving til Dembra for 2022 under kap. 226, post 21 og omtale under kap. 224, post 70, der departementet foreslår å auke tilskotet til freds- og menneskerettssentera for å styrke Dembra.

Stiftelsen 10. august arbeider med å etablere eit minne- og kunnskapssenter og formidlingsarbeid knytt til terror og hat mot muslimar etter terrorangrepet på Al-Noor Islamic Center i 2019. Sjå omtale av forslag til løyving til stiftinga under kap. 226, post 21.

22. juli-senteret spelar òg ei viktig rolle i arbeidet mot hat, vald og ekstremisme. Senteret formidlar kunnskap om terrorangrepet i Regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011 og om oppfølginga i tida etter. Sjå omtale under kap. 251, post 01.

Regjeringa la i 2017 fram Freds- og menneskerettighetssentrene. En felles strategi for freds- og menneskerettighetssentrene. Strategien omfattar Det europeiske Wergelandsenteret, Falstadsenteret, Nansen Fredssenter, Narviksenteret, Rafto-stiftelsen, Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) og Arkivet freds- og menneskerettighetssenter. I strategien blir det framheva nokre viktige fellestrekk som skal bidra til at sentera i større grad kjem saman, lærer av kvarandre og blir bevisste på den felles rolla dei har i arbeidet ut mot samfunnet. Strategien er ei oppfølging av Dok. 8:127 S (2014–2015). På opplæringssida har sentera i fellesskap etablert Nasjonalt nettverk for haldningsskapande formidling. Statens satsing på freds- og menneskerettssentera er medverkande til at Noreg kan oppfylle forpliktingane sine når det gjeld opplæring av barn og unge i menneskerettane.

Regjeringa har lagt fram ei rekke handlingsplanar i det heilskaplege arbeidet mot diskriminering, hatytringar, rasisme, antisemittisme, muslimhat, radikalisering og ekstremisme:

  • Handlingsplan mot rasisme og diskriminering på grunn av etnisitet og religion (2020–2023) blei lagd fram i 2019. Denne handlingsplanen skal bidra til ein fornya og styrkt innsats i kampen mot rasisme og diskriminering.

  • Handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme (2020–2023) blei lagd fram i 2020. Tilnærminga og mange av tiltaka er vidareførte frå ein tidlegare plan, medan andre tiltak er blitt vidareutvikla og nye tiltak er lagde til. Med dette skal innsatsen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme av alle slag bli styrkt. Målet er framleis det same, nemleg å fange opp personar i risikosona så tidleg som mogleg og møte dei med tiltak som verkar.

  • Handlingsplan mot diskriminering av og hat mot muslimer 2020–2023 blei lagd fram i 2020. Eit tiltak er at tilskot til lokale innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd i lokalsamfunn skal legge vekt på arbeidet mot rasisme og diskriminering og for mangfald i lokalsamfunnet. Eit anna tiltak er å starte forskingsoppdrag om samanhengar mellom opplevd diskriminering mot muslimar, deltakinga deira på ulike samfunnsarenaer og opplevd tilhøyrsle.

  • Handlingsplan mot antisemittisme (2021–2023) – en videreføring blei lagd fram i januar 2021. Planen fører vidare det systematiske arbeidet mot jødehets og antisemittisme frå ein tidlegare plan, samtidig som nye tiltak er lagde til.

Tiltak innan integrering

Ny tolkelov

Stortinget vedtok 7. juni 2021 ei eiga tolkelov. Lova inneheld krav til bruk av tolk i offentlege organ og krav til tolkar. Formålet med lova er å bidra til å sikre rettstryggleik og forsvarleg hjelp og teneste for personar som ikkje kan kommunisere forsvarleg med offentlege organ utan tolk. Lova skal òg bidra til å sikre at tolkar held ein fagleg forsvarleg standard.

Ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald

Den 16. juni 2021 la regjeringa fram handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024). Den har tiltak mot negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Arbeidet handlar om å vareta grunnleggande rettar, sikre fridom og likestilling for alle og kjempa mot vald og overgrep. Det skal bidra til å hindre utanforskap og helseplager og sikre likeverdige offentlege tenester til heile befolkninga.

Likestillingssituasjonen innanfor kunnskaps- og integreringssektoren som følge av covid-19-pandemien

Stortinget har i vedtak nr. 537 (2019–2020) bede regjeringa kartlegge effekten av covid-19-pandemien på likestillingsfeltet og kome tilbake til Stortinget med resultat og funn. Kunnskapsdepartementet vil i det følgande gi ei overordna oversikt over kva konsekvensar covid-19-pandemien har hatt for likestilling så langt i 2021 innanfor kunnskaps- og integreringssektoren. Sjå òg Prop. 1 S (2021–2022) for Kulturdepartementet for ei samla oversikt over kva for konsekvensar pandemien har hatt for likestilling.

Covid-19-pandemien har prega heile samfunnet. Pandemien og tiltaka for å minimere smitte og halde oppe aktivitet i næringslivet og samfunnet kan få ulike konsekvensar for ulike personar avhengig av kjønn, alder, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Ei undersøking gjort av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet viser at vesentlege faktorar er utdanning, inntekt, yrke, om ein bur åleine eller er åleineforsørgar, bustad, busituasjon og digital kompetanse. Familiar med innvandrarbakgrunn som har barn med funksjonsnedsetjing, ser ut til å ha vore meir utsette enn andre.

Det har gjennom pandemitiltaka i 2020 og 2021 vore reglar om at barn og elevar med særlege behov skal prioriterast for stadlege tilbod dersom barnehagane og skulane i periodar må vere stengde eller ha reduserte moglegheiter for oppmøte. Dessverre ser det likevel ut til at ikkje alle barn og elevar har fått det tilbodet dei har hatt behov for og krav på. Mange barn og unge har gått glipp av læring og sosialt fellesskap under pandemien. Ei arbeidsgruppe leia av Statsforvaltaren i Oslo og Viken, leverte i juni 2021 rapporten Skolen etter koronapandemien. Et løft for trivsel og læring, der det blir foreslår fleire konkrete tiltak for å bøte på dette.

Rapporten Koronapandemien i grunnskolen – håndtering og konsekvenser frå NIFU og NTNU Samfunnsforsking finn at dei elevane som hadde undervisningstilbod på skulen under nedstenginga, er dei som fortel om mindre tryggleik heimanfrå og lågare meistring i Elevundersøkinga. Dette kan vere ein indikasjon på at tilbodet har treft elevar som har hatt behov for eit tilbod på skulen. Elevar med vedtak om særskild språkopplæring og spesialundervisning har fått eit noko redusert tilbod under pandemien (GSI). Rapporten Håndtering og konsekvenser av koronautbruddet for barn og barnehager (2021) frå OsloMet viser at einskilde elevar ved innføringstilbod har måtta utsetje oppstart i ordinær klasse på grunn av manglande utvikling i norsk. Nye utgreiingar av barn blei forseinka. Undersøkinga viser òg at kommunane som allereie hadde eit godt samarbeid mellom barnehagar, PP-tenesta og barnevern, meinte dei klarte å vareta dei sårbare barna dei allereie kjende til.

Regjeringa har nedsett ei eiga koordineringsgruppe som følger opp tilbodet til sårbare barn og unge under pandemien. For å ta igjen tapt læring og utvikling som følge av pandemien, har det i 2021 blitt løyvd 410 mill. kroner til kommunar, fylkeskommunar og friskular som mellom anna kan nyttast til auka bruk av leksehjelp, intensivkurs, anna oppfølging av elevane og barna og fleire tilsette i skulen og barnehagen. For 2022 blir det foreslått ytterlegare styrking, jf. omtale av budsjettforslag i programkategori 07.20 Grunnopplæringa og anne omtale av pandemien i del III, kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren.

Som ein del av Utdanningsløftet 2020 har det òg blitt løyvd midlar for å auke tilgangen til vidaregåande opplæring, mellom anna for permitterte og arbeidsledige og avgangselevar utan vitnemål. Meir informasjon om tiltaka i Utdanningsløftet 2020 finst i kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren.

NIFU har gjennomført ei undersøking om handtering og konsekvensar av covid-19-pandemien ved dei norske universiteta og høgskulane, jf. rapporten Et akademisk annerledesår. Undersøkinga viser at fleire kvinnelege studentar og forskarar har hatt ansvar for barn heime under pandemien. Ansvar for barn har gått kraftig ut over tida dei har brukt på forsking, arbeid med søknader og internasjonalt samarbeid. Kvinnelege forskarar er mindre nøgde enn dei mannlege kollegaene med korleis institusjonane har følgt opp og teke vare på miljøet på arbeidsplassen.

Innvandrarar har vore ekstra utsette gjennom pandemien. Mange innvandrarar bur i område der det har vore strenge smitteverntiltak over lang tid. Dei er overrepresenterte i frontlinjeyrke, blant permitterte og blant trongbudde. Det har vore fleire smitta, fleire sjukehusinnleggingar og høgare arbeidsløyse blant innvandrarar enn i resten av befolkninga. Pandemien har vist kor viktig det er å styrke arbeidet med å etablere likeverdige offentlege tenester. To ekspertgrupper har vurdert tiltak retta mot innvandrarar under pandemien, foreslått nye tiltak og sett på ulike sider av integreringa som følge av covid-19-pandemien.

Likestilling i Kunnskapsdepartementet

Etter likestillings- og diskrimineringslova § 26 er alle arbeidsgivarar pålagde å arbeide aktivt og målretta for å fremje likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta).

Kunnskapsdepartementet skal i Prop. 1 S gjere greie for tilstanden. Aktivitets- og meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. Når det gjeld rapporteringa frå kvar einskild verksemd, kan ein finne den i årsrapportane til verksemdene.

Tabell 8.1 Tilstandsrapport om kjønnsbalanse og lønn i Kunnskapsdepartementet

Kjønn

Kvinners lønn i pst. av menns

År

Menn (pst.)

Kvinner (pst.)

Totalt (N)

Toppleiing, ikkje omfatta av Hovudtariffavtalen i staten: departementsråd, ekspedisjonssjef, kommunikasjonssjef

2020

44,4

55,6

9

92,1

2019

55,6

44,4

9

91,7

Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovudtariffavtalen i staten, totalt

2020

33,0

67,0

321

98,3

2019

33,9

66,1

327

94,5

Mellomleiarar

Avdelingsdirektør

2020

41,5

58,5

41

100,9

2019

52,8

47,2

36

99,5

Saksbehandling

Fagdirektør, underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar

2020

27,3

72,7

33

93,3

2019

29,6

70,4

27

90,4

Seniorrådgivar

2020

31,1

68,9

193

98,1

2019

32,7

67,3

196

98,4

Rådgivar

2020

40,0

60,0

35

102,6

2019

32,6

67,4

46

101,5

Førstekonsulent

2020

57,1

42,9

7

102,8

2019

50,0

50,0

8

106,4

Administrativt personale

Seniorkonsulent, konsulent

2020

16,7

83,3

12

154,5

2019

7,1

92,9

14

145,4

Kjelde: Uttrekk per 31. desember 2019 og per 31. desember 2020

Tabell 8.1 gir ei oversikt over kjønnsbalansen i Kunnskapsdepartementet totalt og for dei ulike stillingskategoriane i departementet. Det er fleire kvinner enn menn blant dei tilsette i Kunnskapsdepartementet, høvesvis 67 pst. og 33 pst. Desse tala har vore stabile dei siste åra.

I gjennomsnitt tente kvinner 98 pst. av det menn tente i Kunnskapsdepartementet i 2020, og det er ei forbetring frå 94 pst. i 2019. I stillingskategoriane avdelingsdirektør, rådgivarar, førstekonsulentar og administrativt personale tener kvinner meir enn menn, i dei andre stillingskategoriane tener menn i gjennomsnitt meir enn kvinner.

I 2020 var det tre lærlingar i Kunnskapsdepartementet, og alle dei var kvinner.

Planlagde og iverksette tiltak innanfor diskrimineringsgrunnlaga kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonshemming, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for større mangfald på arbeidsplassen. Det er personalpolitiske mål for Kunnskapsdepartementet å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og å legge til rette for personar med nedsett funksjonsevne og hòl i CV-en. Departementet skal arbeide systematisk med å gjennomføre inkluderingsdugnaden til regjeringa.

Kunnskapsdepartementet bruker ulike verktøy i rekrutteringsprosessar for å sikre likebehandling av søkarar uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne. I tillegg arbeider departementet aktivt for at talet på nytilsette med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en skal auke. Personal- og leiarhandboka gjer greie for at minst éin av kandidatane med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en skal kallast inn til intervju dersom dei er kvalifiserte for stillinga. Departementet bruker positiv særbehandling og kan tilsetje kandidatar frå desse kategoriane på det vilkåret at dei er tilnærma like godt kvalifiserte som den best kvalifiserte søkaren. Desse rutinane aukar sjansane for at kandidatar med innvandrarbakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en blir tilsette. Svært få kandidatar kryssar av for nedsett funksjonsevne. I 2019 tilsette KD tre personar med funksjonshemming. Det utgjorde 7,7 pst. av tilsetjingane det året. I 2020 tilsette KD fire personar med funksjonshemming. Kunnskapsdepartementet deltek elles i traineeprogrammet i staten for personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning.

Likestilling i kunnskapssektoren

I Statens personalhandbok er det nedfelt i pkt. 1.6:

Staten skal speile mangfoldet i befolkningen når det gjelder kjønn, alder, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell orientering mv. Mangfold i den statlige personalstyrken støtter opp under mulighetene for god måloppnåelse og bidrar til at staten kan yte gode tjenester til alle samfunnsborgere uansett bakgrunn og livserfaring.

Oversikter over prosentdelen tilsette etter kjønn, landbakgrunn og om dei arbeider heil- eller deltid, fortel noko om tilstanden for likestillinga i sektoren Kunnskapsdepartementet har ansvar for.

Tabell 8.2 Prosentdelen menn og kvinner i forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet i 2020

Verksemd

Tilsette

Del menn (pst.)

Del kvinner (pst.)

Kvinners lønn i pst. av menns

Utdanningsdirektoratet

333

35,1

64,9

98,9

Dei samiske vidaregåande skulane, Karasjok og Kautokeino

115

33,9

66,1

99,1

Sørsamisk kunnskapspark

26

23,1

76,9

76,2

Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped)

696

22,3

77,7

99,4

Noregs grøne fagskule – Vea

33

36,4

63,6

97,2

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

8

37,5

62,5

100,5

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

157

28,0

72,0

86,4

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI)

83

51,8

48,2

93,2

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling (Diku)

143

30,8

69,2

92,4

Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking (Unit)

201

55,7

44,3

95,4

Statens lånekasse for utdanning

341

42,8

57,2

96,2

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK)

11

9,1

90,9

86,2

Kompetanse Noreg

181

28,7

71,3

96,9

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

202

36,6

63,4

92,8

22. juli-senteret

13

23,1

76,9

115,0

Kjelde: Tabell 1B Tilsette etter departementsområde inkludert etatar. Talmaterialet baserer seg på lønnsopplysningar som blir innhenta frå a-ordninga. Talmaterialet frå a-ordninga blei overført frå SSB til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som utarbeider talgrunnlag/statistikkrapportar for tilsette i staten (tariffområdet) 1. oktober 2020. Medarbeidarar med leiarlønn, leiarlønnsavtale, timelønte, honorarlønte er ikkje med.

I 13 av 15 forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet tener menn meir enn kvinner. Forskjellen er størst hos Sørsamisk kunnskapspark (76 pst.), Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) og NOKUT begge med (86 pst.).

Figur 8.1 Prosentdelen tilsette i verksemder i kunnskapssektoren etter landbakgrunn i 2020

Figur 8.1 Prosentdelen tilsette i verksemder i kunnskapssektoren etter landbakgrunn i 2020

Kjelde: SSB, tabell 12625

Figuren viser kor mange innvandrarar som er tilsette i verksemder i kunnskapssektoren, fordelte på landgruppe 1 og 2. Resten av dei tilsette er nordmenn utan innvandrarbakgrunn. Som det går fram, er det stor variasjon i verksemdene i kor mange av dei tilsette som har innvandrarbakgrunn. Det største utslaget er IMDi, som har over 30 pst. tilsette frå gruppe 2, medan dei fleste av dei andre verksemdene har under 10 pst. tilsette med denne bakgrunnen.

9 Oppfølging av FNs berekraftsmål 4

FNs generalforsamling vedtok 25. september 2015 resolusjonen Transforming our World: The 2030 Agenda for Sustainable Development. Alle medlemslanda i FN er forplikta til å følge opp dei 17 berekraftsmåla i agendaen. I Noreg har Kunnskapsdepartementet eit koordineringsansvar for berekraftsmål 4:

Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle.

Målet har 7 delmål og 3 gjennomføringsmål som dekker alle utdanningsnivå.

Noreg kan vise til gode resultat og framgang på fleire mål under berekraftsmål 4. Utdanninga er av god kvalitet og tilgjengeleg for alle uavhengig av sosial bakgrunn. I 2021 er Noreg rangert som nummer 7 blant 193 land på SDG-indeksen, som viser utviklinga i verda på tvers av alle dei 17 berekraftsmåla.

Noreg er likevel ikkje i mål. Ikkje minst som følge av covid-19-pandemien. For nasjonal oppfølging har regjeringa i 2021 lagt fram Noregs handlingsplan for å nå berekraftsmåla innan 2030, Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Vidare vil regjeringa framover legge særleg vekt på tidleg innsats i barnehage og grunnopplæring og betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Ungdom som ikkje er i arbeid eller går på skule, vil få særskild merksemd. Det er også ei utfordring at for få fullfører høgare utdanning.

Globalt sett vil Kunnskapsdepartementet halde fram samarbeidet med Utanriksdepartementet om Noregs oppfølging av berekraftsmål 4 i internasjonale organisasjonar. Utdanning av god kvalitet for alle er ein prioritet for norsk utviklings- og bistandspolitikk. Som ein del av oppfølginga kan det nemnast at Noreg har ratifisert UNESCOs globale konvensjon for godkjenning av høgare utdanning. Konvensjonen vil vere eit viktig verkemiddel for tilrettelegging mot auka mobilitet av studentar og arbeidssøkande på tvers av kontinent.

Nedanfor følger ein kort gjennomgang av status og viktige tiltak i nasjonal oppfølging av dei ulike delmåla og gjennomføringsmåla under berekraftsmål 4.

Delmål 4.1

Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei relevant og reelt læringsutbyte.

I Noreg har alle barn rett og plikt til tiårig grunnskuleopplæring frå det året dei fyller seks år. 98 pst. gjekk direkte til vidaregåande opplæring frå 10. trinn i 2020. Regjeringa har gjort mykje for å styrke tidleg innsats i skulen. Skuleeigarane har saman med barnehageeigarane, fått plikt til å samarbeide om å gi barn ein tryggare overgang frå barnehage til skule. Grunnskulen er styrkt med fleire lærarar og rett til intensiv opplæring for dei som heng etter fagleg. Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO omfattar ei rekke tiltak som skal styrke arbeidet med tidleg innsats, jf. programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Aldri har fleire fullført og bestått vidaregåande opplæring. Nesten 8 av 10 av elevane som begynte i vidaregåande opplæring i 2014, gjennomførte med studie- eller yrkeskompetanse innan 5–6 år. Regjeringa har teke fleire initiativ for at endå fleire skal fullføre. Frå hausten 2019 blei det mogleg å gå rett frå det første året på studieførebuande program til det andre året på yrkesfaglege utdanningsprogram. Regjeringa innførte ny tilbodsstruktur i fag- og yrkesopplæringa frå og med skuleåret 2020–21. Fleire elevar skal få spesialisering frå dei startar i vidaregåande opplæring. Læreplanane er blitt endra slik at dei er meir relevante og gir betre moglegheit for fordjuping. I Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden foreslår regjeringa at alle som begynner i vidaregåande opplæring, skal få rett til opplæring fram til dei har fullført og bestått. Unge og vaksne som har brukt opp retten sin, får ein sjanse til å kome tilbake og prøve på nytt. Tiltaka i Fullføringsreforma blir følgde opp i forslag frå regjeringa til ny opplæringslov, som er sendt på høyring. Departementet foreslår midlar til fleire av tiltaka i statsbudsjettet for 2022, inkludert utvida rett til vidaregåande opplæring. Sjå nærare omtale under programkategori 07.20.

Delmål 4.2

Innan 2030 sikre alle jenter og gutar tilgang til god og tidleg omsorg og førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen.

Barnehagedekninga er god. I 2020 gjekk 272 264 av 1–5-åringane i barnehage, mot 275 804 i 2019. Det er ein nedgang på 3 540 barn, noko som kjem av nedgang i fødselstala for dei aktuelle årskulla. Dekningsgraden for barn i alderen 1–5 år har auka frå 92,2 pst. i 2019 til 92,8 pst. i 2020.

Ei nasjonal moderasjonsordning sikrar at ingen familiar skal betale meir enn 6 pst. av inntekta si for ein barnehageplass, avgrensa av ein nasjonalt fastsett maksimalpris for foreldrebetaling. I tillegg får barn i alderen 2–5 år frå låginntektsfamiliar 20 timar gratis barnehagetilbod per veke, og inntektsgrensa var frå 1. august 2021 på 583 650 kroner.

Kvaliteten på barnehagetilbodet varierer sterkt. Det er forskjellar når det gjeld i kva grad barnehagane bidreg til å støtte barns språk, leik og kognitive og emosjonelle utvikling. Regjeringa har lagt fram strategien Barnehager mot 2030 – Strategi for barnehagekvalitet 2021–2030. Hovudmålet for strategien er at alle barn skal få eit godt barnehagetilbod, uavhengig av kvar dei bur, og kva barnehage dei går i. Strategien uttrykker ambisjonane regjeringa har for barnehagesektoren, og fremjar ei rekke tiltak.

I 2022 foreslår regjeringa at 100 mill. kroner av veksten i kommunanes frie inntekter blir grunngitt med å legge til rette for fleire barnehagelærarar i grunnbemanninga, og at dette må sjåast i lys av ambisjonen om at 50 pst. av det tilsette i barnehagen skal vere barnehagelærarar innan 2025. Departementet foreslår også å løyve 20 mill. kroner til auka pedagogtettleik i levekårsutsette område.

Sjå nærare omtale under programkategori 07.30 Barnehagar.

Delmål 4.3

Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, medrekna universitetsutdanning, til ein overkomeleg pris.

Høgare utdanning er gratis ved statlege institusjonar, og det finst gode økonomiske støtteordningar. Innanfor høgare yrkesfagleg utdanning utgjer studentbetaling om lag 38 pst. av den samla finansieringa.

Som følge av covid-19-pandemien har kvardagen blitt meir usikker for mange studentar og elevar. Fleire studentar blei permitterte frå jobben dei har ved sida av studia på grunn av pandemien. For å kompensere for tapt arbeidsinntekt gjorde regjeringa det mogleg mellom anna å ta opp eit ekstralån på 26 000 kroner i 2020.

Om lag 60 pst. av studentane i høgare utdanning er kvinner. Dei siste ti åra har kjønnsfordelinga vore relativt konstant, også på tvers av fagområda. Sidan 2011 har det like fullt vore ei svak kjønnsutjamnande utvikling innanfor naturvitskaplege, humanistiske og estetiske fag og i lærer- og pedagogikkutdanningar. For samfunnsfag og juridiske fag, derimot, har utviklinga gått i motsett retning. Eit tiltak for å jamne ut kjønnsforskjellane i høgare utdanning er at søkarar kan få tilleggspoeng ved opptak til visse studium der det er sterk ubalanse mellom kjønna, jf. nærare omtale i del III, kap. 8. I tillegg arbeider Nasjonalt senter for realfagsrekruttering (NSR) for å betre kjønnsbalansen i realfagsutdanningane.

Delmål 4.4

Innan 2030 oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne med kompetanse, mellom anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetjing, anstendig arbeid og entreprenørskap.

I første kvartal 2020 svarte 16 pst. av befolkninga at dei hadde delteke i formell utdanning dei siste 12 månadene. 44 pst. hadde delteke i ikkje-formell utdanning.

I 2020 var det registrert 292 834 studentar ved høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg. Studentpopulasjonen auka dermed med 4 pst. jamført med året før. Veksten må mellom anna sjåast i samanheng med Utdanningsløftet 2020, der Stortinget løyvde midlar til 4 000 nye studieplassar i høgare utdanning. Studieplassane blei vidareført i 2021, og regjeringa foreslår at studieplassane blir vidareførte i 2022 slik at universiteta og høgskulane kan halde fram med den auka opptakskapasiteten. 300 av dei 4 000 plassane foreslår regjeringa å omprioritere til barnevernfaglege masterutdanningar.

Rundt 68,3 pst. av elevane som starta på yrkesfag i 2014, fullførte innan seks år, opp nesten 8 prosenteiningar frå 2006-kullet. Hausten 2020 var det 23 279 fagskulestudentar i Noreg. Det er nær 5 000 fleire studentar enn året før. Veksten kan mellom anna sjåast i samanheng med satsinga til regjeringa for å auke kapasiteten ved fagskulane. Satsinga inneber ein auke på totalt 2 100 nye studieplassar i 2020 og 2021. Regjeringa foreslår å løyve midlar til ei opptrapping og vidareføring av studieplassane i 2022.

Den økonomiske krisa som følge av covid-19-pandemien råkar særleg personar utan vidaregåande opplæring. Det er derfor ei hovudprioritering for regjeringa å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring. Våren 2020 blei det løyvd nær 850 mill. kroner til tiltak som mellom anna skal gjere det mogleg for fleire å fullføre vidaregåande opplæring og gi fleire læreplassar, som ein del av Utdanningsløftet 2020. Regjeringa vil halde fram denne satsinga i 2022, og foreslår over 800 mill. kroner til tiltak for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring og som følger opp Fullføringsreforma. For nærare omtale sjå kapittel 11.

Delmål 4.5

Innan 2030 avskaffe kjønnsforskjellar i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare personar, deriblant personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar.

Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO blei lagd fram i november 2019. I meldinga følger regjeringa opp ein del forslag frå rapporten til ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging frå 2018 (Nordahl-rapporten). I meldinga følger regjeringa også opp nokre forslag frå NOU 2019: 3 Nye sjanser – bedre læring. Kjønnsforskjeller i skoleprestasjoner og utdanningsløp, der Stoltenberg-utvalet har ei rekke forslag til tiltak i barnehagen og grunnopplæringa. Stortinget slutta seg til forslaga i Tett på-meldinga våren 2020, jf. Innst. 188 S (2019–2020), og departementet er i gang med oppfølginga. Dette er nærare omtalt i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Opplærings- og utdanningssektoren er underlagd krava om universell utforming av IKT i likestillings- og diskrimineringslova. Det betyr mellom anna at skulane må ha universelt utforma nettsider, og at digitale læringsplattformer og digitale læremiddel som skulane vel å bruke, må vere universelt utforma. Som følge av at Web Accessibility Directive (WAD) blir innlemma i norsk lov, vil forskrift om universell utforming av IKT frå 1. januar 2022 stille nye krav om universell utforming av offentlege organ sine nettstadar og mobilapplikasjonar som gjeld offentleg sektor. Dei nye krava vil i all hovudsak gjelde for heile utdanningssektoren, men det er gjort unntak for synstolking av levande medieinnhald (video) som barnehagar og skular produserer sjølve. Unntaket gjeld ikkje høgare utdanning, og det skal greiast særskilt ut korleis gjennomføringa av direktivet skal skje i universitets- og høgskulesektoren, jf. Prop. 141 LS (2020–2021). Det er ein overgangsperiode på eit år, slik at verksemdene må etterleve dei nye krava innan 1. januar 2023. Regjeringa foreslår å løyve 4,5 mill. kroner til eit prosjekt om universell utforming av digitalt utstyr, digitale tenester og læringsformer i høgare utdanning i budsjettet for 2022.

Samane er Noregs urfolk, og Kunnskapsdepartementet har fleire tilskotsordningar som skal bidra til å utvikle samisk identitet, språk og kultur. Over kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester, post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald blir det løyvd midlar til drift av Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal, Samisk vidaregåande skule i Karasjok og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino. Midlane skal medverke til å utvikle samisk identitet, språk og kultur. Over kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa, post 63 Tilskot til samisk i grunnopplæringa blir det løyvd midlar som skal bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og frittståande skular som tilbyr samisk opplæring i samsvar med § 6-2 og § 6-3 i opplæringslova. Tilskotet skal òg bidra til at lærarar får vidareutdanning i samiske språk. Når det gjeld høgare utdanning, gir Samisk høgskole og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) utdanningar i og på nordsamisk, medan Universitetet i Nordland gir utdanning i sør- og lulesamisk. UiT har òg eit sterkt fagmiljø i samisk språkteknologi.

Stenginga av skulane delar av våren 2020 på grunn av covid-19-pandemien hadde særleg negative konsekvensar for sårbare barn og unge. Det blei løyvd 400 mill. kroner til oppfølging av sårbare barn og unge, jf. Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020. Av dette blei 170 mill. kroner løyvde over kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, post 21 Særskilde driftsutgifter, for å sikre at sårbare elevar skulle kunne ta igjen tapt fagleg progresjon. I 2022 foreslår regjeringa å løyve 240 mill. kroner til tiltak for å støtte barn og unge som følge av konsekvensar av covid-19-pandemien i skule og barnehage. Midlane kan mellom anna brukast til tiltak for å støtte den faglege og sosiale utviklinga til barn og unge og til betre oppfølging av sårbare barn. Nærmare omtale finst i del III kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren og i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Delmål 4.6

Innan 2030 sikre at all ungdom og ein stor del vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne.

Dei norske PISA-resultata har vore stabile over tid sidan byrjinga av 2000-talet. Resultata frå undersøkinga Programme for International Student Assessment (PISA) frå 2018, der om lag 6 000 norske elevar deltok, viser at dei norske elevane i snitt har ein tilbakegang i lesing og naturfag samanlikna med PISA 2015. Matematikkresultata er uendra. Norske elevar ligg framleis på eller over OECD-snittet i alle dei tre fagområda. For første gong presterer norske jenter signifikant betre enn gutane i alle dei tre fagområda. Det er særleg for lesing at kjønnsforskjellane er store. Fleire elevar enn tidlegare seier at dei ikkje bruker tid på å lese i fritida. Samtidig aukar tida dei bruker på å lese på skjerm. Det er ein større del enn i PISA 2009 som seier at dei ikkje les i det heile, eller at dei berre les dersom dei må. I Noreg er det mindre samanheng mellom heimebakgrunnen til elevane og skuleprestasjonane enn i dei fleste andre land, og det er også liten variasjon mellom skulane samanlikna med andre land. Dette tyder på at norsk skule i stor grad greier å gi eit likeverdig skuletilbod til elevar med ulik bakgrunn. Dei norske elevane seier at dei opplever betre arbeidsro i norsktimane i 2018 samanlikna med PISA 2009. Rapporten viser ein positiv samanheng mellom arbeidsro og prestasjonar i lesing.

Den førre Programme for the International Assessment of Adult Competencies (PIAAC 2011–2012) viser at befolkninga i Noreg mellom 25 og 64 år hadde god kompetanse samanlikna med i andre land. Dei eldste (55–64 år) og yngste (16–24 år) deltakarane i PIAAC hadde lågare ferdigheiter i lesing og talforståing enn gjennomsnittet av befolkninga. Dei yngste hadde dessutan lågare ferdigheiter enn det internasjonale gjennomsnittet for same aldersgruppe. Regjeringa gjennomfører kompetansereforma Lære heile livet for at ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet, og for at fleire skal kunne stå lenger i arbeid. Sjå omtale av tiltaka i kompetansereforma under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

Delmål 4.7

Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning for berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremje fred og ikkjevald, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og kulturen sitt bidrag til berekraftig utvikling.

Berekraftig utvikling er ein del av verdigrunnlaget i barnehagen og ein del av innhaldet og oppgåvene til barnehagane. I skulen er berekraftig utvikling prioritert som eitt av tre tverrfaglege tema i læreplanverket, saman med demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring. Frå hausten 2020 starta innføringa av nye læreplanar for grunnopplæringa innanfor Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK2020). Dei nye læreplanane tok til å gjelde for 1.–9. trinn i grunnskulen og 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2020 og for 10. trinn i grunnskulen og 2. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2021. 3. trinn i vidaregåande opplæring følger etter hausten 2022. Det tverrgåande temaet berekraftig utvikling gjeld følgande:

Berekraftig utvikling som tverrfagleg tema i skulen skal legge til rette for at elevane kan forstå grunnleggande dilemma og utviklingstrekk i samfunnet og korleis dei kan handterast. Berekraftig utvikling handlar om å verne om livet på jorda og ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydelegge moglegheitene framtidige generasjonar har til å dekke sine behov. Ei berekraftig utvikling bygger på forståinga av samanhengen mellom sosiale, økonomiske og miljømessige forhold. Levesettet og ressursbruken til menneska har konsekvensar lokalt, regionalt og globalt.

Gjennom arbeid med temaet skal elevane utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. Elevane skal få forståing for at handlingane og vala til den einskilde betyr noko. Temaet rommar problemstillingar knytte til miljø og klima, fattigdom og fordeling av ressursar, konfliktar, helse, likestilling, demografi og utdanning. Elevane skal lære om samanhengen mellom dei ulike aspekta ved berekraftig utvikling.

Teknologi har betydeleg innverknad på menneske, miljø og samfunn. Teknologisk kompetanse og kunnskap om samanhengen mellom teknologi og dei sosiale, økonomiske og miljømessige sidene ved berekraftig utvikling står derfor sentralt i dette temaet. Teknologiutvikling kan bidra til å løyse problem, men kan òg skape nye. Kunnskap om teknologi inneber ei forståing av kva for dilemma som kan oppstå ved bruk av teknologi, og korleis desse kan handterast.

Gjennomføringsmål 4 a

Etablere og oppgradere utdanningstilbod som varetek omsynet til barn, personar med nedsett funksjonsevne og kjønnsforskjellar, og sikrar trygge, ikkjevaldelege, inkluderande og effektive læringsomgivnader for alle.

Prinsippet om nulltoleranse for mobbing er nedfelt i opplæringslova. Frå hausten 2018 fekk alle fylka eigne mobbeombod. Elevundersøkinga frå hausten 2020 viser at 5,8 pst. av elevane blei mobba to eller tre gonger i månaden eller oftare. Det er ein nedgang frå 6,0 pst. i skuleåret før. Prosentdelen av elevar som blir mobba av medelevar, er stabil, medan delen som blir mobba av lærarar, fell.

Dei nye reglane for skulemiljø som tok til å gjelde 1. august 2017, inkluderte ei ny handhevingsordning som gir elevar og foreldre høve til enkelt å melde saker til statsforvaltaren dersom skulen ikkje gjer nok for å sikre at ein elev har det trygt og godt på skulen. Skuleåret 2020–21 blei det meldt inn 1 342 slike saker. Dette er ein nedgang på 165 saker frå skuleåret 2018–19. Skuleåret 2019–20 var tala endå lågare, men det har nok samanheng med covid-19-pandemien og det at skulane var stengde ein lang periode. I 94 pst. av sakene der statsforvaltaren våren 2021 tok stilling til om aktivitetsplikta var oppfylt eller broten, fekk elevane medhald. Omfanget av saker og kompleksiteten i sakene gjer at saksbehandlingstida kan bli lang, men tala frå våren 2021 viser at statsforvaltaren har klart å redusere etterslepet frå tidlegare melde saker.

Ordninga med mobbeomboda blei evaluert våren 2020. Rapporten viser at skuleeigarane og barnehagesektoren er nøgde. Det same gjeld føresette og elevar som har vore i kontakt med omboda. Dei opplever å møte forståing og få god informasjon og gode råd. Mobbeomboda er plasserte i fylkeskommunen, noko som kan medverke til ulik praktisering av mandatet. Dei manglar ein organisasjon som kan sørge for lik praksis, og mange av omboda opplever rolla si som midt mellom skulen og fylkesmannen.

Meir omtale av tiltak mot mobbing og for eit trygt og godt læringsmiljø finst i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

I juni 2020 blei det gjort endringar i barnehagelova for at barn i barnehage skal få eit betre psykososialt barnehagemiljø. Lovføresegnene inneber at alle barnehagar skal arbeide systematisk for eit trygt og godt barnehagemiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle barn, og som skal førebygge tilfelle der barn ikkje opplever at dei har dette. Barnehagane skal ha nulltoleranse for mobbing, utestenging, trakassering, diskriminering, vald og andre typar krenkingar. Vidare er det innført ei aktivitetsplikt som viser kva barnehagen skal gjere for å fange opp og følge opp barn som ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Det blir no stilt krav om at barnehagen skal ha internkontroll mellom anna for å sikre at krava til barnehagemiljø blir oppfylte.

Gjennomføringsmål 4 b

Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke, på verdsbasis, i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gi dei tilgang til høgare utdanning, mellom anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, i utvikla land og i andre utviklingsland.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har ansvaret for å administrere ordninga Partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART). NORPART støttar samarbeid mellom norske institusjonar og institusjonar i sør, og studentmobilitet skal vere eit element i programmet. Det overordna målet med programmet er å styrke kvaliteten i høgare utdanning i Noreg og dei 39 landa i Afrika, Asia og Latin-Amerika som er ein del av ordninga gjennom utdanningssamarbeid og gjensidig studentmobilitet. Som ledd i styrkinga av NORPART har regjeringa gjort endringar i programmet slik at det innanfor visse rammer kan dekke heil grad i Noreg for studentar frå sør. Den siste utlysinga av NORPART i mai 2021 hadde ei total ramme på 170 mill. kroner, inkludert 30 mill. kroner til finansiering av studentar frå partnarinstitusjonane i det globale sør som tek ein heil mastergrad i Noreg. Programmet er finansiert av Kunnskapsdepartementet og Utanriksdepartementet. Sjå nærare omtale i programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

Gjennomføringsmål 4 c

Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar.

Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) viser at 3,6 pst. av årsverka til undervisning ikkje oppfylte kompetansekrava for tilsetjing i skuleåret 2020–21. Nærare omtale av mellom anna framtidig behov for lærarar finst i kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa. Statistikk frå SSB (2019-tal) viser at det i vidaregåande skule er rundt 24 pst. som ikkje har ei lærarutdanning, medan 11 pst. har anna pedagogisk utdanning. 5 pst. av alle lærarane har ikkje fullført studium på universitets- og høgskulenivå. Merk at tala for grunnskulen og vidaregåande skule bygger på ulike kjelder og derfor ikkje bør samanstillast.

Regjeringa har sett inn ei rekke tiltak for å gjere både lærarutdanningane og læraryrket meir attraktive. Strategien Lærerutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene kom i 2017, same år som regjeringa løfta grunnskulelærarutdanningane til masternivå. Frå 2019 gjeld kravet om mastergrad for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning. Ved å stramme inn karakterkrava for opptak til lærarutdanningane ønsker regjeringa å rekruttere fagleg sterkare studentar med betre gjennomføringsevne. Det er sett av midlar til rekrutteringstiltak, til samarbeid om praksis av høg kvalitet og til kompetanseheving og forsking på lærarutdanning. Det blir satsa tungt på vidareutdanning, rettleiingsordningar og karrierevegar for lærarar. Regjeringa har òg tildelt midlar til internasjonalisering i grunnskulelærarutdanningane. Diku forvaltar desse midlane gjennom Norwegian Partnership Programme for International Teacher Education (NOTED)-programmet, som gir støtte til utdanningssamarbeid og studentutveksling mellom lærarutdanningsinstitusjonar i Noreg og i utlandet. Sjå nærare omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa og programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

10 Fornye, forenkle og forbetre

Kunnskapsdepartementet jobbar kontinuerleg med tiltak som vil forenkle, modernisere og betre gjennomføringskrafta i sektoren. I dette kapittelet blir dei mest sentrale tiltaka som er planlagde eller starta opp allereie presenterte. I tillegg er det mykje kontinuerleg arbeid og småskalatiltak i departementet og i sektoren som del av utviklinga av den ordinære verksemda.

Enklare og betre tenester for brukarane

Kunnskapssektoren tilbyr eit breitt utval av tenester for ein stor del av befolkninga. Mange av dei underliggande verksemdene til Kunnskapsdepartementet har i dei siste åra arbeidd for å forenkle tenestene og få ei meir effektiv saksbehandling.

Regjeringa har gjort ein heilskapleg gjennomgang av opplæringslova. Etter 23 år med fleire reformer og lovendringar har lova blitt oppstykka, omfattande og vanskeleg å finne fram i. Forslaget til ny opplæringslov har eit klarare språk og meir oversiktleg inndeling enn den noverande lova. Det gjer lova enklare å finne fram i og forstå. Ho blir betre og meir tilgjengeleg for elevar, foreldre, lærarar og andre som treng å orientere seg i regelverket. Forslaget til ny opplæringslov blei send på høyring 26. august 2021.

Regjeringa har lansert karriereveiledning.no, som er ei nasjonal digital karriererettleiingsteneste. Dette er ein nettstad der brukarar kan kommunisere med ein karriererettleiar om spørsmål som gjeld opplæring, utdanning og jobb. På nettstaden finst det òg informasjon om jobbsøking, utdanning og etter- og vidareutdanning. Tenesta skal bidra til å sikre eit likeverdig karriererettleiingstilbod til heile befolkninga, uavhengig av alder, bustad, utdanning eller tilknyting til arbeidsmarknaden. Denne tenesta vil fortløpande bli vidareutvikla av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

I dei siste åra er Feide innført som nasjonal fellesløysing for sikker pålogging i grunnopplæringa. Ved utgangen av 2020 var påoggingstenesta til Feide tilgjengeleg for 99,9 pst. av elevane i offentlege skular, med over 220 mill. påloggingar. Feide blir levert av Uninett, som samarbeider med Utdanningsdirektoratet og Unit om forvaltninga av tenesta.

Utdanningsdirektoratet er i gang med innkjøp av eit nytt digitalt system for gjennomføring av prøvar og eksamenar. Systemet skal gi elevane og eksamenskandidatane ei intuitiv og brukarvennleg teneste der dei kan få vist kompetansen sin på fleire måtar enn i dag. Løysinga skal bidra til at alle prøvar og eksamenar kan utviklast og gjennomførast i ei ny, felles digital løysing. Prosjektet er forseinka med eitt år på grunn av covid-19-pandemien. Sjå meir omtale under kap. 226, post 45.

Lånekassen jobbar kontinuerleg med modernisering av søknadsbehandling og elektroniske arbeidsflater for å forenkle systema. Talet på saker som blir behandla heilmaskinelt, heldt fram med å stige i 2020. Prosentdelen heilmaskinelle søknader om betalingsutsetjingar og sletting av renter i 2020 var høgare enn normalt, noko som kjem av spesielle letnader som følge av pandemien. Behandlingstida for ein del av sakene som skal behandlast manuelt, var for lang. For betalingsutsetjingar kjem dette i hovudsak av covid-19-pandemien. Våren 2020 utvikla og iverksette Lånekassen ekstraordinære tiltak for dei som blei råka av covid-19-pandemien. Tiltaka gjaldt både for elevar, studentar og dei som betaler tilbake på lånet sitt. Samtidig opna Lånekassen søknaden for eit nytt studieår, lanserte nye nettsider og overførte alle IT-systema sine til offentleg sky. Det har vore eit stort trykk av kundar som har kontakta Lånekassen, og det har lagt press på saksbehandlinga under pandemien. Lånekassen har levert bra både på tiltak som følge av covid-19-pandemien og på ordinær drift, men det har i 2020 vore noko lengre saksbehandlingstid og svartid for kundane enn det Kunnskapsdepartementet har sett som krav.

Fornying, forenkling og forbetring på integreringsfeltet

I regjeringa sin digitaliseringsstrategi for offentleg sektor er Ny i Noreg vald ut som ei av sju livshendingar der det skal utviklast samanhengande tenester med brukaren i sentrum. Utvikling av samanhengande tenester for flyktningar og innvandrarar skal gi ei meir brukarvennleg, effektiv og sikker forvaltning både for brukarane, for Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og for andre aktørar i integreringsarbeidet, mellom anna kommunane.

Den nye integreringslova er ein del av ei større integreringsreform. Eit mål med den nye lova er at fleire skal få formell kompetanse innanfor ramma av introduksjonsprogrammet, som også skal bli meir differensiert, slik at deltakarane får eit program med innhald og varigheit som er tilpassa deira bakgrunn og mål.

Det er òg utvikla standardiserte element til bruk i programmet, slik at det skal bli enklare for kommunane å tilby differensierte program av god kvalitet til alle typar deltakarar. Norskopplæringa er styrkt ved at kravet om å gjennomføre ei viss mengde timar norskopplæring er erstatta med eit krav om at den einskilde skal oppnå eit visst nivå i norsk. Gjennom integreringslova er det innført eit krav til forsvarlegheit. Kravet inneber at opplæringa og tenestene som kommunane gir etter lova, skal vere forsvarlege, noko som skal sikre kvaliteten i tenestetilbodet.

Stortinget behandla 5. mai 2020 Riksrevisjonens undersøking av arbeidet styresmaktene gjer med å integrere flyktningar og andre innvandrarar gjennom kvalifisering til arbeid, Dokument 3:4 (2019–2020). Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet vurdert det samla verkemiddelapparatet, oppdatert utfordringsbildet og kome fram til tiltak som skal styrke samordning og samarbeid i arbeidet med å integrere innvandrarar gjennom kvalifisering og arbeid.

Deling av læringsressursar, forsking og data

I Granavolden-plattforma slår regjeringa fast at ho vil stimulere til utvikling av digitale læringsressursar og meir fleksible undervisningsopplegg. Stenginga av lærestadene til universitet og høgskular som følge av smitteverntiltaka i mars 2020 gjorde det naudsynt med ei rask og omfattande omlegging til nettundervisning. Ei stor utfordring ved omlegginga var at det ikkje fanst eit godt system for å dele læringsressursar og god praksis. Covid-19-pandemien har òg aktualisert behovet i arbeidslivet for tilgang til læringsinnhald.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Unit arbeidd med ei nasjonal løysing for tilgang til læringsressursar på tvers av utdanningsinstitusjonar. Den skybaserte tenesta Deling av læringsressursar (DLR) vil gjere det lettare for undervisarar og studentar å finne kvalitetssikra læringsressursar uavhengig av lærestaden deira. Løysinga skal òg bidra til å gjere innhald ope tilgjengeleg for arbeidslivet og andre aktørar utanfor universitets- og høgskulesektoren. Ved å dele og bruke om att digitale læringsressursar vil institusjonane kunne oppnå betre kvalitet i utdanninga. Det er viktig å fremme ein kultur for deling, slik at alle utdanningsinstitusjonane dreg nytte av det potensialet som ligg i løysinga.

Unit leverte i 2020 ein rapport om framtidig deling av data om utdanning, forsking og integrering, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Dei arbeider no med eit forprosjekt for kunnskapssektorens datafellesskap (KUDAF) som skal konkretisere tilrådingane i rapporten. Målet er å gjere data om kunnskapssektoren meir opne og tilgjengelege, noko som gir eit betre grunnlag for utvikling, auka kvalitet på tenestene og ei betre fordeling av ressursane. KUDAF skal vere ein felles infrastruktur for data som gir rask, rimeleg og sikker tilgang til data, og der data kan koplast på tvers av kjelder, innanfor og på tvers av verksemder.

Regjeringa ønsker at alle skal ha fri tilgang til resultat av forsking. Eit viktig internasjonalt tiltak er Plan S og den internasjonale samanslutninga cOAlition S som støttar dette initiativet. Plan S blei lansert i september 2018 og har som mål å gjere all offentleg finansiert forsking ope tilgjengeleg. Deltakarane i samanslutninga, deriblant Noregs forskingsråd, har frå og med 2021 kravd at alle fagfellevurderte vitskaplege artiklar som er resultat av forsking dei finansierer, skal vere fritt tilgjengelege på nettet frå publiseringstidspunktet, med ein open lisens. Grunnen er at dei ønsker at innovasjonspotensialet som ligg i forskingsresultata, skal kunne utnyttast i størst mogleg grad, òg i kommersielle samanhengar.

Risikostyring for betre informasjonstryggleik og personvern i høgare utdanning og forsking

I digitaliseringsstrategien for universitets- og høgskulesektoren 2017–21 var eit av tiltaka for å styrke informasjonstryggleiken eit tydelegare rammeverk for sektorstyringa av denne. I 2019 blei Kunnskapsdepartementets styringsmodell for informasjonstryggleik i høgare utdanning og forsking fastsett. Modellen er utvikla av Unit og departementet og organiserer ansvaret og styringsprosessane til departementet og direktoratet overfor dei underliggande verksemdene i høgare utdanning og forsking. Viktige leveransar frå Unit i dette arbeidet er ei årleg risiko- og tilstandsvurdering for sektoren, ein plan for å redusere risiko og ein policy for informasjonstryggleik og personvern (rundskriv F-04-20). Risikovurderinga ligg til grunn for departementets etatsstyring av verksemdene og Units sektorstyring. I 2020 var styringsmodellen ferdig innført. Han skal bidra til å redusere risiko på sektornivået, sikre etterleving av krav og sørge for at måla for informasjonstryggleiken og personvernet blir nådd. Dette er viktige føresetnader for arbeidet med å fornye, forenkle og forbetre eit område med betydeleg risiko.

Digital omstilling i høgare utdanning og forsking

Den nye strategien for digital omstilling i universitets- og høgskulesektoren 2021–25 blei lansert i september 2021. Strategien har som mål at universitet og høgskular skal bidra med den kompetansen og kunnskapen som den einskilde og private og offentlege verksemder treng for å lykkast med den digitale omstillinga. Målet er å gi ei tydeleg retning til det vidare arbeidet med korleis digital teknologi skal brukast for å forbetre høgare utdanning og forsking. Strategien inneheld seks innsatsområde som er viktige for arbeidet med digital omstilling: digitalisering for fleksibel utdanning, digital pedagogisk innovasjon, digital kompetanse i alle fag, open forsking, utnytte data om kunnskapssektoren, leiing og kultur for digital omstilling.

Dette handlar mellom anna om at digital teknologi skal utnyttast slik at

  • fleire får tilgang til høgare utdanning uavhengig av livssituasjon, arbeidssituasjon og bustad

  • kvaliteten på undervising, læring og vurdering aukar gjennom til dømes meir studentaktive læringsformer

  • utdanninga gir studentane yrkestilpassa kompetanse i alle fag

  • data og forskingsresultat kan delast og brukast om att på ein trygg måte

Under kvart av dei seks innsatsområda vil det vere tiltaksområde som er viktige for å verkeleg- gjere dei strategiske innsatsområda.

Kvart år søker mange studentar om opptak til studium der det inngår praksis med barn og unge, og i kommunale helse- og omsorgstenester. Slike studium stiller krav om å legge fram ein gyldig politiattest. Denne praksisen gir uformålstenlege steg for studentane som må søke om attest éin stad og sende inn attesten ein annan stad, og det krev ekstra administrasjon for utdanningsinstitusjonane. Samtidig kan ein ikkje vere heilt sikker på om attesten har vorte redigert før han vert sendt inn. Det er derfor ønskeleg å finne løysningar som kan forenkle prosessen, ta betre vare på personvernet og redusere risikoen for falske attestar. Fleire sektorar og frivillige organisasjonar har tilsvarande behov, noko som i 2020 vart undersøkt i eit felles seminar. Kunnskapsdepartementet støttar opp om arbeidet Justis- og beredskapsdepartementet gjer med å vurdere ei betre løysing for å gi ut politiattestar.

Døme på forenklingstiltak i Kunnskapsdepartementets underliggande verksemder

Unit overtok i 2020 forvaltninga av Arbeidslivsportalen, som er utvikla av OsloMet i samarbeid med Unit. Portalen er ei brukarvenleg nasjonal teneste som reduserer manuelt arbeid ved studiestadene og betrar informasjonsflyten mellom praksisstadar, studiestadar og studentar. Arbeidslivsportalen er brukarfinansiert av universitet og høgskular og kan no takast i bruk for praksisopphald i profesjonsutdanningane. Han vil etter planen kunne takast i bruk seinare i 2021 for praksisopphald i disiplinutdanningane.

Unit har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utvikla den nasjonale tenesta Vitnemålsportalen. Der kan alle som har høgare utdanning frå Noreg, sjølve hente ut resultata sine og dele dei med utdanningsinstitusjonar, moglege arbeidsgivarar og andre interessentar. Vitnemålsportalen sikrar at resultata som vert delte, er korrekte. Universitet og høgskular har gjennom Vitnemålsportalen fått mindre arbeid med produksjon av karakterutskrift, og arbeidssøkarar kan enkelt dele eigne resultat på ein trygg måte.

Nasjonalt vitenarkiv er eit prosjekt finansiert av Kunnskapsdepartementet som etablerer eit felles nasjonalt kunnskapsarkiv for deponering av vitskapelege artiklar, andre typar forskingsresultat og studentoppgåver. Det vil erstatte dei institusjonelle kunnskapsarkiva og legge til rette for meir effektiv bruk av både kunnskapsarkiv, forskingsinformasjon og rapportering. Det nye kunnskapsarkivet er i bruk hos pilotinstitusjonar frå 2020, og fleire institusjonar vil gradvis ta løysinga i bruk.

Samanslåing av direktorat og statleg eigde aksjeselskap innanfor høgare utdanning og kompetansepolitikk

Regjeringa har store forventningar til universiteta, høgskulane og fagskulane. Derfor må òg direktorat og verksemder i høgare utdanning og kompetansepolitikk vere best mogleg skodde for å bidra i vidareutvikling av områda. For å rydde i overlappande oppgåve- og ansvarsområde innanfor høgare utdanning og kompetansepolitikk har regjeringa vedteke å opprette eitt direktorat for høgare utdanning og kompetanse og eitt tenesteleveranseorgan. Det blir såleis lettare å sjå høgare utdanning og kompetansepolitikk i samanheng, og det blir færre verksemder som universitet, høgskular, fagskular og andre må ta omsyn til.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) blei etablert 1. juli 2021 gjennom ei samanslåing av Kompetanse Noreg, Diku og delar av Unit. Det nye direktoratet får òg oppgåver frå NSD og NOKUT, i tillegg til pådrivareininga Universell. Det samanslåtte direktoratet skal rette seg mot å betre kompetansen til studentar og vaksne på alle utdanningsnivå. Dette vil bidra til å vidareutvikle fagskulane, høgskulane og universiteta og det kompetansepolitiske området.

Dei digitale tenesteleveransane til kunnskapssektoren skal òg organiserast meir effektivt. Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) blir etablert 1. januar 2022. Dei fleste av Units digitale tenester blir lagde i Sikt, som i tillegg vil overta Uninett og NSDs oppgåver. Ei samordning av tenesteleveransane skal gjere det enklare å verkeleggjere felles strategiar og mål, gi effektiv ressursbruk og betre, meir samanhengande tenester for brukarane.

11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren og på integreringsfeltet

Bakgrunn

Covid-19-pandemien fekk store konsekvensar i kunnskapssektoren og på integreringsfeltet. For å hindre smitte blei alle barnehagar og utdanningsinstitusjonar stengde og undervisninga flytta over til digitale plattformer. Den økonomiske krisa førte til høgare etterspurnad etter utdanning, både innan vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning og på høgskule- og universitetsnivå. Samstundes har pandemien fått særleg negative konsekvensar for ein del flyktningar og innvandrarar.

Barnehagar og skular

På grunn av pandemien blei alle barnehagar og grunnskular stengde frå ettermiddagen 12. mars 2020. Barnehagane blei opna igjen frå 20. april. I grunnskulen blei 1.–4. trinn opna frå 27. april, medan resterande trinn blei opna 11. mai. Smittesituasjonen hausten 2020 blei relativt roleg sjølv om det var fleire lokale utbrot. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 4 pst. av barnehagane var heilt stengde minst éin gong i løpet av haustmånadane, medan 9 pst. var delvis stengde. For grunnskulen finst ikkje tilsvarande tal for haustmånadene. Smittesituasjonen i første halvdel av 2021 blei meir dramatisk. 12 pst. av barnehagane måtte stenge heilt minst éin gong mellom januar og mars som følge av smitteutbrot, medan 6 pst. måtte stenge delvis. 25 pst. av skulane måtte halde heilt eller delvis stengt minst éin gong i løpet av same periode. I dei områda som hadde mest smitte, måtte skulane i lange periodar avgrense kor mange elevar som kunne møte fysisk på skulen, og mange elevar var lite til stades på skulen.

Smitteverntiltaka i skulane har påverka undervisninga og opplæringa for elevane, jf. koronakommisjonens NOU 2021: 6 Myndighetenes håndtering av koronapandemien. Undersøkingar har vist at det har vore særleg utfordrande å følge opp sårbare elevar. Rapportar frå barnehagane viser tilsvarande resultat. Tilsette i både barnehagar og skular har meldt om til dels svært høg arbeidsbelastning under covid-19-pandemien. Digital heimeopplæring har ikkje fungert like bra for alle elevar. Mange slit med motivasjon, problem med å strukturere skuledagen, låg meistring og einsemd.

Elevane på dei vidaregåande skulane i område med høgt smittetrykk har hatt særleg mykje digital opplæring. Dette er krevjande for alle, men særleg utfordrande for dei med opplæring som krev tilgang til verkstadar, spesialrom og utstyr. Vidare har mange lærlingar og lærekandidatar vore permitterte. Nokre utdanningsprogram har vore hardare råka enn andre. På det meste var til dømes nær éin av fem lærlingar på restaurant- og matfag permitterte.

Kommunane melder om at dei tekniske føresetnadene for å drive digital heimeopplæring i hovudsak har vore gode. For dei få som ikkje har hatt tilgang til datamaskin eller stabilt internett, og dei som har svak digital kompetanse, har stenginga vore svært vanskeleg. Undersøkingar viser også at mange har mangla tilgang på eigna arbeidsplass heime. Både elevar, foreldre og lærarar meiner gjennomgåande at læringsutbyttet har vore redusert under pandemien, og studiar viser både opplevde og faktiske læringstap på gruppenivå blant elevar på barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule.

Mellombelse reglar er tilpassa covid-19-pandemien slik at elevar i størst mogleg grad skal få oppfylt sine rettar etter opplæringslova. Det har gjennom heile pandemien vore reglar om at elevar med særlege behov skal prioriterast for stadlege tilbod dersom skulane i periodar må vere stengde eller ha reduserte moglegheiter for oppmøte.

Mange barn og unge har gått glipp av læring og sosialt fellesskap under pandemien. Koordineringsgruppa for tenester til sårbare barn og unge viser til at fleire studiar underbygger at konsekvensane av covid-19-pandemien forsterkar sosioøkonomiske forskjellar. Ein norsk studie som har samanlikna skriveferdigheit våren 2019 og våren 2020, viser at førsteklassingar har tapt skriveopplæring tilsvarande eit halvt år i løpet av seks veker med heimeopplæring. Elevane som var hardast ramma, var dei som ikkje har norsk som morsmål.

Studiar viser både eit opplevd og eit faktisk læringstap på gruppenivå blant elevar på barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule, jf. Folkehelseinstituttets siste metastudie om konsekvensar av covid-19-pandemien for barn og unges liv og psykiske helse. Det er for tidleg å seie noko om dei langsiktige konsekvensane av covid-19-pandemien.

Dei nasjonale prøvane i lesing, rekning og engelsk på 5., 8. og 9. trinn 2020 viser i snitt ingen store endringar på nasjonalt nivå eller fylkesnivå. Gutane presterer litt svakare samanlikna med tidlegare år. Prøvane vart gjennomførte hausten 2020, og det er usikkert korleis pandemien påverka resultata.

Skriftlege og munnlege eksamenar for elevar våren 2021 blei avlyste. Avlysing av eksamen skal så langt det er mogleg ikkje hindre elevar i å kome vidare i livet. Elevane får vitnemål dersom dei har standpunktkarakterar. Privatistar og elevar med behov for eksamen for å få vitnemål og fag- og sveinebrev har fått gjennomføre eksamen.

Regjeringa sette våren 2021 ned ei arbeidsgruppe leia av statsforvaltarembetet i Oslo og Viken, for å få innspel til gode tiltak som kan ta vare på elevane i tida framover, bøte på nokre av konsekvensane av pandemien og sørge for at flest mogleg gjennomfører vidaregåande opplæring. Gruppa leverte 15. juni rapporten Skolen etter koronapandemien. Et løft for trivsel og læring der det blir foreslått fleire konkrete tiltak for å bøte på dette. For omtale av tiltak i 2022, sjå budsjettforslaga i del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Opplæring for vaksne har vore prega av stenging og ulike smitteverntiltak. Ei undersøking gjort av Utdanningsdirektoratet viser at ein av tre einingar i vaksenopplæringa har vore stengde, i Oslo er talet meir enn åtte av ti. Det er store skilnadar mellom kommunane. Deltakarane fekk digital opplæring, og meir enn ein av tre fekk eit redusert tilbod som følge av stenginga. Svært få hadde digital opplæring før pandemien. Dette auka til 76 pst. av einingane etter at vaksenopplæringa vart heilt eller delvis stengt. Manglande tilgang på digitalt utstyr gjorde at fleire hadde problem med å få nytte av opplæringa. Ein av ti hadde ikkje slikt utstyr eller mangla språklege eller digitale ferdigheiter og fekk ingen nytte av opplæringa i den tida vaksenopplæringa var stengd. Også her er det stor variasjon mellom kommunane. Mange fekk òg problem med å delta i digital opplæring på grunn av omsorg for barn når barnehage og skule var stengde, eller på grunn av arbeid dei måtte prioritere. Også i vaksenopplæringa blei eksamen avlyst.

Den økonomiske krisa har ført til auka etterspurnad etter utdanning

Historia viser at færre avsluttar utdanning, og at etterspurnaden etter utdanning aukar under økonomiske kriser. Dette har vore tilfellet under pandemien òg. Blant dei over 18 år var det nesten 17 000 fleire som tok utdanning hausten 2020 samanlikna med året før. Det var ein særleg stor auke blant dei unge som gjekk rett frå vidaregåande skule til høgare utdanning, og blant personar i 30-åra.

Dei som blei ferdige med utdanning våren 2020 møtte ein vanskeleg arbeidsmarknad. Fleire valde å ta vidare studiar hausten 2020 på grunn av vanskar med å finne relevant jobb (NIFU-rapport 2021:10). Dette gjaldt både fagutdanna frå vidaregåande opplæring og fagskule, og personar med bachelorgrad, ifølge tal frå SSB.

Trenden ser ut til å halde fram i 2021. Talet på søkarar til høgare utdanning gjennom Samordna opptak i 2021 var rekordhøgt. Til høgare utdanning var det 154 088 søkarar, ein auke på 3 304 personar, eller 2,2 pst., frå 2020. Til høgare yrkesfagleg utdanning (fagskule) var det 12 806 søkarar i 2021, som er 37,4 pst. fleire enn året før. Veksten i søkartal er størst for søkarar over 30 år.

Høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning og forsking

Studiestadane til fagskular, høgskular og universitet var stengde for studentar frå ettermiddagen 12. mars til 26. april 2020 og deretter opna i fleire trinn til full opning frå 15. juni. Etter dette innebar smittevernsituasjonen lokalt at nokre institusjonar periodevis måtte halde fram med stengde lokale eller sterkt avgrense tilgangen for studentar og tilsette. Studietilværet har derfor vore svært annleis enn planlagt for mange studentar, med mykje digital undervisning og vurdering, mykje sjølvstudium, redusert tilgang til viktig infrastruktur og avgrensa sosial og fagleg omgang med førelesarar og medstudentar. Mange har vore uroa for den psykiske helsa, studieprogresjonen og læringsutbyttet til studentane. Ulike undersøkingar, mellom anna Studiebarometeret, viser at covid-19-pandemien har hatt negative konsekvensar for studentane ved fagskular, universitet og høgskular, som at fleire har følt seg einsame, og at studiemotivasjonen blei lågare.

NIFU-rapporten Et akademisk annerledesår viser funn frå ei undersøking om korleis covid-19-pandemien mellom anna har hatt store konsekvensar for forskinga og dei vitskaplege tilsette. Mange forskingsprosjekt har blitt forseinka som følge av mellom anna manglande tilgang på materiale og infrastruktur og av at tilsette i både undervisnings- og forskingsintensive stillingar har brukt meir tid på undervisning. Det viktige internasjonale samarbeidet har blitt ramma av reiserestriksjonar, og for ein del fagområde har det vore vanskeleg å gjennomføre feltarbeid.

Covid-19-pandemien har særleg påverka mellombels tilsette i rekrutteringsstillingar som er tidleg i karrieren. Fleire stipendiatar enn vanleg er forseinka i arbeidet. Med heimel i tilsetjingsforskrifta har desse tilsette høve til å få forlenga tilsetjinga. Forlenging for stipendiatar og postdoktorar finansierte over rammeløyvinga til institusjonane og med midlar gjennom Noregs forskingsråd blir dekt gjennom desse løyvingane. I 2020 blei det òg løyvd 40 mill. kroner til forseinka stipendiatar og postdoktorar finansierte av private aktørar og EU.

Integreringsfeltet

Personar med innvandrarbakgrunn har vore overrepresenterte blant dei med påvist smitte og covid-19-relaterte innleggingar i sjukehus. Det har også i einskilde grupper vore lågare vaksinasjonsgrad. Samtidig blei denne gruppa hardt råka av sosiale og økonomiske konsekvensar av pandemien. Flyktningar og andre nykomne innvandrarar som etter planen skulle avslutte introduksjonsprogram og norskopplæring i løpet av pandemien, møtte ein utfordrande arbeidsmarknad. Fleire tiltak blei sette i verk for å avhjelpe dei negative konsekvensane av pandemien for desse gruppene.

Våren 2020 blei det løyvd 26,6 mill. kroner til frivillige organisasjonar for informasjonstiltak om pandemien retta mot innvandrarbefolkninga. I desember 2020 blei det løyvd ytterlegare 20 mill. kroner til dette. Det blei også sett av 430 mill. kroner til ein integreringspakke som mellom anna skulle styrke opplæringstilbodet for flyktningar og andre nykomne innvandrar. Det blei mellom anna gitt midlar til utvida programtid for deltakarar i sluttfasen av introduksjonsprogrammet, utvida tid med opplæring i norsk, styrking av tilskotsordninga Jobbsjansen og midlar til auka bruk av nettbasert norskopplæring.

Tiltak i statsbudsjettet 2021 for å møte konsekvensane av covid-19-pandemien

For å møte utfordringane i samfunnet som følge av covid-19-pandemien blei det i 2020 sett i verk ei rekke tiltak. Sjå kap. 11 i Prop. 1 S (2020–2021) for Kunnskapsdepartementet for oversikt over tiltaka fram til oktober 2020.

Under følger oversikt over tiltaka Stortinget har vedteke for budsjettåret 2021.

Utdanningsløftet 2020

Den økonomiske krisa som følgde av covid-19-pandemien, førte til stor arbeidsløyse og mange permitteringar. Mange av utfordringane i kunnskapssektoren og arbeidslivet som Noreg står overfor, blei endå tydelegare. Vi treng eit utdanningssystem som kan tilby utdanning til dei som ønsker det, og utdanninga må vere tilgjengeleg for folk i ulike livssituasjonar. Regjeringa lanserte derfor Utdanningsløftet 2020, ei storstilt satsing på auka kapasitet og fleksibilitet i utdanningane på alle nivå. Stortinget løyvde for 2021 til saman 2,8 mrd. kroner til tiltaka i Utdanningsløftet 2020, inkludert utdanningsstøtte.

Tabell 11.1 Tiltak i Utdanningsløftet 2020

(i mill. kr)

Nivå

Tiltak

Beløp

Vidaregåande opplæring

Tilbod om vidaregåande opplæring til personar utan rett til opplæringa1

300

Fagbrev på jobb1

46

Tilbod for at avgangselevar utan vitnemål skal fullføre vidaregåande opplæring, inkl. tiltak som sommarskule og kompenserande opplæring for tapt undervisning1

150

Auka lærlingtilskot våren 20211

170

Særskilt tilskot retta mot permitterte lærlingar og for fleire læreplassar2

100

Utvida og forsterka tilbod om Vg3 i skule for dei som ikkje får læreplass1

150

Yrkesfagleg rekvalifisering1

46

Utvide forsøk med modulstrukturert opplæring innanfor utvalde lærefag1

15

Fagskular

1 600 studieplassar ved fagskulane (vidareføring og opptrapping)1

178,6

498 studieplassar til Industrifagskolen1

37,8

Universitet og høgskular

4 000 studieplassar ved universitet og høgskular (vidareføring og opptrapping)1

603,2

250 rekrutteringsstillingar (vidareføring og heilårseffekt)1

338,1

Program for fleksibel utdanning1,3

91,3

Alle

Bransjeprogram i Kompetanseprogrammet, inkl. 20 mill. kroner til eit kompetanseløft for utsette industriklynger og eit kompetanseløft for luftfarten1,2,3

170

Oppskalere fleksible utdanningstilbod2

140

1 Innst. 12 S (2020–2021) og Prop. 1 S (2020–2021)

2 Innst. 233 S (2020–2021) og Prop. 79 S (2020–2021)

3 Innst. 600 S (2020–2021) og Prop. 195 S (2020–2021)

Utgifter til utdanningsstøtte på om lag 300 mill. kroner, som følge av utvida utdanningskapasitet, kjem i tillegg.

Tiltak for barnehagar og skular

Frå skulane og barnehagane blei stengde frå ettermiddagen 12. mars 2020, og fram til no har alle barnehagar og skular vore påverka av covid-19-pandemien. Regjeringa har derfor sett i gang ei rekke tiltak for å prøve å motverke dei negative konsekvensane, og for å bidra til at barn og unge skal kunne ta igjen tapt læring.

Tabell 11.2 Tiltak for barnehagar og skular

(i mill. kr)

Tiltak

Beløp

Støtte til kommunar, fylkeskommunar og friskular for å ta igjen tapt læring1

400

Støtte til digital heimeundervisning2

70

Tilskot til nye og utvida sommarskuletilbod3

500

Auka kompetanse om psykisk helse i skulen4

30

Ekstra støtte til å ta igjen tapt læring i områda i regjeringa si områdesatsing4

10

Røde Kors digital leksehjelp4

6

Tilskot for å ta igjen tapt læring i vaksenopplæringa4

30

1 Innst. 12 S (2020–2021) og Prop. 1 S (2020–2021), og Innst. 600 S (2020–2021) og Prop. 195 S (2020–2021)

2 Innst. 12 S (2020–2021) og Prop. 1 S (2020–2021)

3 Innst. 233 S (2020–2021) og Prop. 79 S (2020–2021)

4 Innst. 600 S (2020–2021) og Prop. 195 S (2020–2021)

I tillegg til tiltaka i tabell 11.2 har kommune- og fylkeskommuneøkonomien blitt styrkt for å dekke meirutgifter og mindreinntekter i mellom anna skular og barnehagar på grunn av covid-19-pandemien.

Tiltak på utdanningsstøttefeltet

Strenge reglar for smittevern har ført til permitteringar og arbeidsløyse, og fleire studentar har mista arbeidsinntekt etter utbrotet av covid-19-pandemien. Fleire tiltak blei derfor vidareførte i 2021 for å betre den økonomiske situasjonen til studentane.

Tabell 11.3 Tiltak på utdanningsstøttefeltet

(i mill. kr)

Tiltak

Beløp

Oppheva inntektsgrense ut 2021 for avkorta stipend for studentar som bidreg til å avlaste helse- og omsorgssektoren under pandemien, og for politistudentar og studentar som blir beordra til beredskapsarbeid gjennom Heimevernet eller Sivilforsvaret 1

50

Tilleggslån våren 2021 med omgjering til stipend til studentar og andre med nedgang i inntekt som følge av covid-19- pandemien1

777,62

1 Innst. 233 S (2020–2021) og Prop. 79 S (2020–2021)

2 Jf. Innst. 600 (2020–2021) vart 40 mill. kroner omdisponert til sosiale lågterskeltilbod for studentane.

I tillegg til tiltaka i tabell 11.3 blei mellombels unntak frå bortebuarkravet gjeninnført for vårsemesteret 2021. Unntaka for elevar og studentar med opptak på institusjon i utlandet blei forlengde ut hausten 2021. Vilkår som krev at utdanning i utlandet må vere stadbasert for å gi rett til lån og stipend, blei også oppheva i 2021, slik at studentar og elevar i utlandet fekk behalde lån og stipend. I tillegg fekk einskilde studentar i utlandet unntak frå talet på studiepoeng som ein kan få lån og stipend til. Unntaket gjaldt studentar som var i sitt siste semester med høve til lån og stipend i utlandet våren 2021. For tilbakebetalarar blei det for 2021 gitt rom for ekstra utsetjing ved tilbakebetaling av utdanningslån.

Tiltak på integreringsfeltet

Regjeringa har sett ned to hurtigarbeidande ekspertgrupper som har sett på effektar av tiltak overfor innvandrarbefolkninga og foreslått nye. Ekspertgruppene leverte sine rapportar i desember 2020 og juni 2021. Den siste ekspertgruppa såg òg på særskilde integreringsutfordringar som har oppstått som følge av pandemien. I tillegg kartla ho årsaker til vaksineskepsis og foreslo tiltak for å få fleire til å ta vaksine. Ekspertgruppene foreslo mellom anna tiltak for å styrke språkopplæringa og for å nå målretta ut med informasjon om smittevern og vaksinering. Tilrådingane frå ekspertgruppene er følgde opp eller oppfølging er påbegynt, mellom anna i samarbeid mellom integrerings- og helsemyndigheitene.

Vinteren 2021 la regjeringa fram ein ny tiltakspakke på 323 mill. kroner for å vidareføre satsinga med å styrke gjennomføringa av introduksjonsprogrammet og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Tiltakspakken gjekk òg til å styrke informasjonstiltak om pandemien retta mot innvandrarbefolkninga og styrkt frivillig norsktrening. Det blei som del av integreringspakken, også gitt 20 mill. kroner i tilskot til meir enn 140 frivillige organisasjonar og deira informasjonsarbeid, i tillegg til 20 mill. kroner som blei løyvde i saldert budsjett for 2021.

I revidert budsjett for 2021 la regjeringa fram ein tredje integreringspakke på 103 mill. kroner for å vidareføre tilbodet om utvida introduksjonsprogram og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap. Det blei i tillegg løyvd 6,3 mill. kroner til mellombels tolke- og omsetjingsteneste og 10 mill. kroner til klippekortordninga, jf. Innst. 600 S (2020–2021) og Prop. 195 S (2020–2021).

Tabell 11.4 Tiltak på integreringsfeltet

(i mill. kr)

Tiltak

Beløp

Vidareføring av styrking til Jobbsjansen som følge av covid-19-pandemien1

25

Vidareføring av karriererettleiing for deltakarar i introduksjonsprogrammet under introduksjonslova, jf. mellombels lov om tilpassingar i introduksjonslova for å avhjelpe konsekvensar av utbrotet av covid-191

15,4

Informasjonstiltak retta mot innvandrarbefolkninga i regi av frivillige organisasjonar2

20

Midlar til å styrke IMDis høve til å følge opp tiltak foreslått i ekspertgruppas rapport3

3

Utvida introduksjonsprogram med inntil 4 månader3

135

Styrking og utviding av målgruppa for Jobbsjansen3

25

Informasjonstiltak retta mot innvandrarbefolkninga i regi av frivillige organisasjonar3

20

Tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar – Frivillig norsktrening3

10

Auka bruk av nettbasert norskopplæring3

10

Utvida opplæring i norsk og samfunnskunnskap med inntil 4 månader3

120

Mellombels tolke- og omsetjingsteneste i samband med pandemien4

6,3

Utvida introduksjonsprogram i inntil fire månader4

60,8

Styrking av klippekortordninga4

10

Utvida opplæring i norsk og samfunnskunnskap med inntil 4 månader4

32

1 Innst. 16 S (2020–2021) og Prop. 1 S (2020–2021)

2 Innst. 2 S (2020–2021) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021)

3 Innst. 233 S (2020–2021) og Prop. 79 S (2020–2021)

4 Innst. 600 S (2020–2021) og Prop. 195 S (2020–2021)

Tiltak for høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning og forsking

Regjeringa sette ned to ekspertgrupper som skulle sjå på tiltak for å sikre god oppfølging av studentante ved fagskular, høgskular og universitet, med tanke på deira psykososiale liv, gjennomføring av eksamen og studieprogresjon. Regjeringa har tildelt til saman 318,5 mill. kroner i 2021 til utdanningsinstitusjonane og studentsamskipnadane for at studentane skulle kunne halde oppe studieprogresjonen og få fagleg oppfølging og sosiale lågterskeltilbod. I tillegg tildelte regjeringa 1,5 mill. kroner til Mental helse sin studenttelefon.

Tabell 11.5 Tiltak for høgare utdanning og forsking over Kunnskapsdepartementets budsjett

(i mill. kr)

Tiltak

Beløp

Midlar til studentsamskipnadene til sosiale lågterskeltilbod for studentane1

10

Midlar til fagskular, høgskular og universitet for å lønne studentar for å følge opp andre studentar fagleg og sosialt2

150

Midlar til studentsamskipnader for å lønne studentar for å følge opp andre studentar sosialt2

50

Midlar til studentsamskipnadene til sosiale lågterskeltilbod for studentane2

20

Midlar til det psykiske helsetilbodet i studentsamskipnadene 2

8,5

Midlar til fagskular og private høgskular til tiltak for at studentane kan halde oppe studieprogresjonen3

40

Midlar via studentsamskipnadene til lågterskeltilbod for studentane (studentorganisasjonar, arrangement ved semesterstart hausten 2021 m.m.)4

40

1 Innst. 12 S (2020–2021) og Tillegg 1 til Prop. 1 S (2020–2021)

2 Innst. 233 S (2020–2021) og Prop. 79 S (2020–2021)

3 Innst. 600 S (2020–2021) og Prop. 195 S (2020–2021)

4 Innst. 600 S (2020–2021)

Til forsida av dokumentet