Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapittel: 200–292 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3292, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudinnleiing

Kompetente menneske er vår viktigaste ressurs

I Noreg har barn 10 års obligatorisk opplæring. I dei seinaste åra har deltakinga i barnehagen auka, og nær 80 pst. av barna går i barnehagen frå dei er eitt år gamle. Deltakinga stig til nær 100 pst. for 5-åringane. Praktisk talt alle 10.-klassingane går over til vidaregåande opplæring. I tillegg til og i samarbeid og forståing med heimen er barnehage og skule dei viktigaste arenaene for utvikling. Her får barna venner, her lærer dei å bli gagns menneske, og dei får sosial og emosjonell kompetanse som gjer dei rusta til å ta ansvar for seg sjølve og andre. Alle barn treng å oppleve tryggleik, trivsel og glede saman med andre barn og dei vaksne som jobbar i utdanningssektoren. Barnehagen og skulen gir dei gode føresetnader for ein god oppvekst gjennom både utdanning og danning, noko som legg grunnlaget for fridom til å kunne ta sjølvstendige val og til å leve gode liv.

Den viktigaste velferda er å ha ein jobb å gå til, og alle menneske som er i jobb er Noregs viktigaste ressurs. God nok kompetanse er også viktig for den einskilde, fordi det gir stabil tilknyting til arbeidslivet, fridom, meistring og moglegheiter. Ferdigheiter, kunnskap, forståing og eigenskapar er ulike delar av kompetansen. Bestanddelane blir utvikla og styrkte gjennom utdanning og arbeid og i sosialt samspel på mange andre arenaer. Frivillig sektor og deltaking i sivilsamfunnet er ein slik kompetansearena. Der blir det skapt uvurderlege verdiar for samfunnet som ikkje så lett kan talfestast. Dei som har høg kompetanse, deltek meir i aktivitetar som ubetalt velgjerdsarbeid enn dei med låg kompetanse. Dei har større tru på at deira innsats er viktig for lokalmiljøet, samfunnet og landet som heilskap. Deltaking i både arbeid og samfunn bidreg òg til at barn og ungdom og andre i omgivnadene blir motiverte til å ta del i fellesskapen.

I Noreg har vi lenge hatt høg sysselsetjing av ein godt utdanna og kompetent arbeidsstyrke, det er stort engasjement i samfunnslivet og mange som deltek i frivillig verksemd. Verdiskapinga vår har derfor vore i toppen internasjonalt, og høg kompetanse i befolkninga er blant våre sterkaste fortrinn.

Omstilling er ein del av kvardagen i arbeidslivet. Globalisering, digitalisering og låge lønnsforskjellar er sterke drivarar. Den lange og tunge covid-19-pandemien har påført økonomien eit stort sjokk og betydeleg arbeidsløyse, og han har forsterka behovet for omstilling.

Tala på arbeidslause er heldigvis på veg nedover. Talet heilt arbeidslause var 65 416 personar i februar 2020. Ein månad seinare var talet over 300 000. Etter dette har arbeidsløysa gått ned og er nesten tilbake på nivået før koronaen. Men arbeidsløysa er ujamnt fordelt mellom utdanningsgruppene. Talet på arbeidstimar for dei med grunnskule som høgste utdanning gjekk ned med 8 pst. mellom januar 2019 og januar 2020, medan det berre gjekk ned med 2,5 pst. for dei med høgare utdanning i same periode.

Fleire som blei permitterte eller arbeidsledige under koronaen, slit med å kome tilbake i jobb. Nokre jobbar er borte for alltid, andre jobbar blir skapte, men ofte med arbeidsoppgåver som krev ny kompetanse. I nokre næringar er endringane større enn i andre, og fleire bedrifter må endre måten dei arbeider på, for å overleve. Det stiller òg andre krav til oss som samfunn for å hjelpe fleire til å få den formelle kompetansen dei treng for å vere betre rusta for eit arbeidsliv i stor endring. Krisa har auka talet på dei med inga eller låg formell utdanning som ikkje finn arbeid, medan dei med lang utdanning i stor grad er tilbake i jobb.

Koronaen har derfor ført til at utdanning og kompetanse er blitt endå viktigare enn før for å få stabil tilknyting til arbeidslivet. For å redusere kompetanseskilnadene i befolkninga trengst det eit ekstra krafttak for dei som har blitt råka av krisa. Det krev oftast at dei deltek i utdanning og opplæring som er tilpassa og bygger på den kompetansen dei allereie har. Fast arbeid gir meir fridom og tryggleik for dei vaksne og bidreg til at dei kan leve gode og sjølvstendige liv. Det reduserer sjukdom, aukar livskvaliteten og bidreg til sterkare tru på og tillit til seg sjølv, til andre og til dei felles institusjonane.

Covid-19-pandemien førte også til ei omvelting av kvardagen til barn og unge i skulen. Heimeskule og digital undervisning gav nokre mindre motivasjon og dårlegare vilkår for læring. Det kan føre til fråfall og få varige følger for jobbmoglegheitene seinare i livet. Sårbare barn og unge har vore særskilt utsette under pandemien, sjølv om det har vore semje om å skjerme barn og unge frå smitteverntiltaka.

Ein hovudprioritet i 2022 er å få arbeidslause og permitterte tilbake i stabile og gode jobbar. Kompetansepåfyll vil vere ein viktig føresetnad for det. Regjeringa har jobba med ein aktiv kompetansepolitikk over fleire år, noko som legg godt til rette for å lukkast med dette. Under koronaen har innsatsen på dette området auka, med meir ressursar, utvida tilbod for korte utdanningar ved fagskular, høgskular og universitet. I 2020 og 2021 har det blitt tildelt midlar til fleire fleksible utdanningstilbod retta mot ledige, permitterte og nyutdanna unge utan særleg jobberfaring. Regjeringa har òg utvikla ei rekke verkemiddel og særskilde program retta mot dei bransjane som har vore mest utsette. Siktemålet er å auke kompetansen til alle som treng det, slik at dei ikkje fell varig ut av arbeidsmarknaden. Fleire av dei overordna måla Kunnskapsdepartementet har sett opp, bidreg til dette.

Ein annan hovudprioritet er å sørge for at barn og unge tek igjen tapt fagleg og sosial læring og utvikling, slik at dei langsiktige negative konsekvensane kan avgrensast mest mogleg. Regjeringa ønsker òg fleire forskingsprosjekt om dei langsiktige konsekvensane pandemien har hatt for elevane når det gjeld læring, utvikling og psykisk helse.

Men like viktig som dei politiske grepa er å utvikle ein kultur for, og ei betre forståing av, behovet for kompetansepåfyll for alle. Det gjeld særleg for dei som har låg kompetanse eller ein kompetanse arbeidsmarknaden ikkje har behov for lenger, og for arbeidsgivarar som treng å investere i kompetansen til dei tilsette for å omstille seg. Arbeidslivet er i stadig utvikling, og kompetansebehova endrar seg kontinuerleg.

Kunnskapsdepartementet har tre overordna mål for kunnskapssektoren:

  • Alle deltek i arbeids- og samfunnsliv.

  • Alle har den kompetansen som dei og samfunnet treng.

  • Samfunnet har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet.

Ein vellykka utdannings- og integreringspolitikk bidreg til å nå dei tre måla og tener samstundes heile samfunnet. Den einskilde oppnår fleire moglegheiter, eit friare liv og betre arbeidsvilkår. Arbeidsmarknaden får tilgjengeleg kompetent arbeidskraft som bidreg til omstilling og auka produktivitet. Utdanning og forsking er viktig for å få nødvendig ny kunnskap. Utdanning og kompetanse er òg sentralt for god integrering til arbeids- og samfunnslivet. Til sist får vi styrkt samfunnsøkonomi gjennom auka yrkesdeltaking. Høgare kompetanse er heilt sentralt for vekst og framgang og for vidare utvikling av velferdssamfunnet. Kompetansen til innbyggarane er samfunnets største og viktigaste verdi, og den kan aukast ytterlegare gjennom målretta politikk.

Mål, utfordringar og ambisjonar

Figur 1.1 Mål for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2022

Figur 1.1 Mål for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2022

Alle deltek i arbeids- og samfunnsliv

Meld. St. 14 (2020–2021) Perspektivmeldingen 2021 syner eit behov for høg sysselsetjing i åra framover. Vi står overfor store demografiske endringar med ei aldrande befolkning og lågare fødselstal. Kort sagt vil færre sysselsette finansiere fleire personar som ikkje har inntekt frå arbeid. Derfor er det viktig at alle dei som kan jobbe, gjer det, og politikken skal bidra til å kvalifisere endå fleire for arbeid i åra framover. Auka arbeidsinnsats er regjeringas hovudstrategi for å finansiere vårt framtidige velferdssystem.

Gode og trygge barnehagar bidreg til å gi barn ein god oppvekst og utvikling gjennom leik og læring og gir samstundes foreldra høve til å delta i arbeidslivet utan bekymring for om barna har det godt.

Regjeringa har òg lansert ei fullføringsreform i vidaregåande opplæring med fleire viktige tiltak som saman kan bidra til å realisere målet om at 90 pst. av elevane fullfører vidaregåande opplæring innan 2030. Høg fullføring i vidaregåande aukar sysselsetjinga. Dei som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har lågare yrkesdeltaking, lågare lønn og meir ustabil tilknyting til arbeidslivet enn dei som har fullført. Det er særleg høg deltaking i arbeidsmarknaden for dei som har fag- eller sveinebrev, medan studieførebuande vidaregåande opplæring ikkje gir høg sysselsetjing utan vidare studiar innan høgare utdanning.

Regjeringa satsar òg sterkt på å bygge opp yrkesfagleg høgare utdanning, både for dei som skal bygge på eit fagbrev og for dei som skal gjennomføre etter- og vidareutdanning. Ein auke i talet på studieplassar i fagskulane har gjort det mogleg for fleire å ta høgare yrkesfagleg utdanning. Fagskulane er viktige i kompetansereforma Lære heile livet, mellom anna gjennom deltaking i treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Strategien til regjeringa om desentralisert og fleksibel utdanning er òg ein viktig del av reforma og sikrar eit godt tilbod av utdanning i heile landet og gjer det lettare å lære heile livet.

Stadig fleire søker høgare utdanning, i takt med høgare kompetansebehov frå ein arbeidsmarknad i utvikling. Krisa som vart utløyst av koronaen, har styrkt etterspurnaden etter høgare utdanning. Regjeringa innførte ei rekke krisetiltak for å auke kapasiteten i sektoren, mellom anna midlar til 4 000 nye studieplassar til universitet og høgskular, og for å auke tilbodet innanfor desentralisert og fleksibel utdanning. Regjeringa vidarefører midlar til dei 4 000 studieplassane også i 2022, der 300 av desse blir omprioriterte til barnevernsutdanning, og aukar løyvinga til fleksibel og desentralisert utdanning. Dette heng saman med både høge søkartal til høgare utdanning og etterspurnaden etter meir kompetent arbeidskraft innanfor fleire næringar. Desse tiltaka vil bidra til auka deltaking i arbeidslivet.

Mange innvandrarar har ikkje den formelle kompetansen som skal til for å kome i jobb. For andre er snarare problemet at kompetansen og utdanninga deira ikkje blir godkjende i den norske arbeidsmarknaden. Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova) tok til å gjelde 1. januar 2021. Lova skal bidra til at nykomne flyktningar og familiemedlemmene deira får nytta kunnskapane og evnene sine og delta i arbeids- og samfunnslivet. Satsing på utdanning, kvalifisering og kompetanse står sentralt i lova, som samla skal bidra til at fleire innvandrarar, og særleg flyktningar, raskt blir integrerte i det norske samfunnet, får ei varig tilknyting til arbeidslivet og blir økonomisk sjølvstendige. Dette er viktig for deltakinga i arbeids- og samfunnslivet og for integreringa i Noreg. Regjeringa ønsker å tette gapet mellom det kvar einskild har med seg, og dei behova arbeidsmarknaden har. Lova set tydelege mål for så vel flyktningar som for kommunane. Gjennom strategien Hverdagsintegrering – strategi for å styrke sivilsamfunnets rolle på integreringsfeltet 2021–2024 ønsker regjeringa mellom anna å satse på tiltak og verkemiddel som kan bidra til å auke deltakinga i sivilsamfunnet blant barn, unge og vaksne med innvandrarbakgrunn.

Høg kompetanse har òg stor verdi for deltaking i samfunnslivet og for å kunne utøve medborgarskap. Store sosiale skilnader i utdanning og kompetanse skaper grobotn for sosial uro og polarisering i samfunnet og kan øydelegge befolkninga sin tillit til demokratiet. Det sivile samfunnet og demokratiet er skjørt og treng stadig å utvikle seg vidare. Det krev at ein har kjensla av å kunne påverke samfunnet. Alle må ha ein reell sjanse til å delta i politikk, frivilligheit og i ordskiftet i samfunnsdebatten, på ein måte som opplyser og ikkje splittar. Menneska må ha respekt for kvarandre, også når dei ikkje er einige.

I dei seinare åra har vi sett auka uro og splitting i mange land. Dette ser vi tydeleg i utviklingsland, men vi har òg vore vitne til forvitring av demokrati og samfunn i rike og høgt utvikla land med lange demokratiske tradisjonar. Felles for desse landa er at store grupper av befolkninga ikkje har høve til å delta i utdanning av høg kvalitet. Det er ein føresetnad for stabilitet og samfunnsutvikling at alle får tilgang til utdanning av høg kvalitet og kan delta i samfunns- og arbeidslivet.

Alle har den kompetansen som dei sjølve og samfunnet treng

Alle treng høg og relevant kompetanse for å kunne få fridom til å utnytte rettane og respektere pliktene som følger med samfunnsdeltakinga.

Forsking viser kor viktig det er for barna og deira framtidige utvikling å vere i barnehage. Deltaking i ein barnehage med høg kvalitet gjer at barna lykkast betre i skule og utdanning og seinare i arbeidsmarknaden og samfunnslivet generelt. Økonomi bør ikkje vere til hinder for deltaking i barnehage.

Regjeringa har stor merksemd på kvaliteten i grunnskulen, slik at alle barn har glede av og ønske om å lære alt dei treng for vidare deltaking i opplæring og utdanning. Regjeringa har innført ei ny lærarnorm som sikrar høg kvalitet i læringa for elevane, og som gjer det mogleg for lærarane å gi tilpassa opplæring til alle. Ein god lærar er den viktigaste einskildfaktoren for læring og utvikling. Regjeringa si kraftfulle satsing på etter- og vidareutdanning for lærarane er ein viktig strategi for auka læringskvalitet i skulen.

Arbeidsgivarar og føretak konkurrerer med andre i inn- og utlandet og treng lågare priser eller høgare kvalitet på innsatsfaktorane for å lukkast. Noreg er eit høgkostland og føretaka treng arbeidskraft som har rett kompetanse til oppgåva, og som skaper høg kvalitet i alle ledd frå produksjon til distribusjon. Men andre former for kompetanse er òg naudsynte for å omstille seg. Entreprenørskap, evna til innovasjon og til å ta ny teknologi i bruk, kan vere avgjerande. Når vi ikkje kan vere billigast, må vi vere best for å lukkast med det.

Kompetansenivået i Noreg er høgt, og det er semje mellom partane i arbeidslivet om at det er klokt å spele på lag med teknologien. I Noreg utnyttar vi teknologiske moglegheiter godt og har eit innovativt næringsliv. Bruk av ny teknologi, og særleg digitaliseringa, skaper endring i produkt, tenester, organisering og konkurransetilhøve. Som følge av dette endrar kompetansebehova seg i arbeidslivet. Uavhengig av tidlegare utdanning er det derfor behov for læring heile livet. Digital kompetanse blir viktig, men også annan endringskompetanse, blir meir naudsynt i ein digital kvardag eller på ein digitalisert arbeidsplass.

I slike omstillingar ligg ein kime til auka sosiale skilnader. Den norske modellen gir små lønnsforskjellar, og høgkompetent arbeidskraft er billig i internasjonal samanlikning. Av same grunn er arbeidskraft med låg kompetanse relativt kostbar, noko som gjer at det er mykje å vinne på å investere i automatisering. Talet på jobbar for ufaglært arbeidskraft fell raskare enn talet på personar med slik kompetanse i arbeidsmarknaden. Konkurransen om desse jobbane hardnar til, og mange med låg kompetanse er meir utsette for arbeidsløyse i åra framover. Regjeringa vil både redusere sosiale skilnader og auke samanfallet mellom behova i arbeidsmarknaden og arbeidsstyrken. Derfor har regjeringa laga ei fullføringsreform som vil auke talet på innbyggarar med vidaregåande opplæring. Ei rekke tiltak trengst for å klare dette. Eitt av dei er at alle får rett til å fullføre eit fag- eller sveinebrev eller studiespesialiserande utdanning, sjølv om dei allereie har delteke i fire år i vidaregåande opplæring utan å bestå.

Utdanning og høgare kompetanse i befolkninga set i gang ein god sirkel. Befolkninga blir i stand til å tene eigne pengar og bidreg til fellesskapet. Det fører til eit meir samansveisa samfunn, med reduserte sosiale skilnader. Kompetanse gir auka motstandskraft for den einskilde til å stå i nye kriser og krevjande situasjonar. Mangfaldet i befolkninga, med utdanning, kompetanse og erfaringar frå ulike stadar i verda, er òg ein viktig ressurs for norske arbeidsplassar og samfunn.

Samfunnet har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet

Eit moderne og berekraftig samfunn treng kunnskap av høg kvalitet. Det får vi gjennom forsking og utdanning som legg forholda til rette for nysgjerrigheit, erkjenning, innovasjon og entreprenørskap. Ny og oppdatert kunnskap gjer oss i stand til å forstå samfunnsutviklinga og er drivstoffet i eit dynamisk næringsliv.

Vi står overfor store nasjonale og internasjonale utfordringar når det gjeld miljø og klima, tilgang til fornybar energi, og god helse og tryggleik for alle. Ein treng globale løysingar, tufta på eit forpliktande og konstruktivt internasjonalt samarbeid. Kunnskap av høg kvalitet bidreg til at vi løyser våre eigne utfordringar, samstundes som det gjer oss til attraktive partnarar internasjonalt i utviklinga av globale løysingar.

Høg kompetanse i arbeidsstyrken gjer det mogleg for føretak og bedrifter å finne innovative løysingar som gir dei konkurransekraft nasjonalt og internasjonalt. Høg verdiskaping bidreg til solide statsfinansar som kan nyttast til infrastruktur, til gode utdannings- og forskingsinstitusjonar og igjen til vidare verdiskaping, utvikling og vekst.

For å sikre ei vidare kunnskapsutvikling er det ein føresetnad at forskarar har gode rammevilkår. Universiteta og høgskulane våre har god finansiering, med løyvingar som gjer det mogleg for fagpersonalet å drive forsking på høgt nivå. Det gir eit godt grunnlag for forsking og styrker samstundes kvalitet i høgare utdanning. Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i forskings- og innovasjonssystemet. Forskingsrådet sikrar finansiering av dei beste og mest lovande forskingsideane. Fleire ulike verkemiddel i Forskingsrådet speler saman for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Deltaking i EUs program Horisont Europa gir oss høve til å samarbeide med dei beste forskarane internasjonalt. Slik deltaking er naudsynt for å halde oppe høg kvalitet i norsk forsking. Det gir oss òg tilgang til oppdatert vitskapleg utstyr, laboratorium og teknologi for forsking, til faglege nettverk og internasjonale marknader.

Forskingsinstitutta er ein viktig del av forskingssystemet og bygger bru mellom akademia og dei konkrete behova for ny anvendt kunnskapsutvikling som finst i næringslivet, ulike føretak og offentleg sektor. Slik anvendt forsking gjer det mogleg for sluttbrukarar å få tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet, og det bidreg samstundes til at kunnskap frå grunnforsking blir teken i bruk.

Boks 1.1 Politisk rekneskap 2018–21

I Granavolden-plattforma uttrykte regjeringa at ho ville prioritere tidleg innsats i skulen for å sikre hjelp til elevar som slit, og at kvar einskild elev må få kunnskap og ferdigheiter til å gripe moglegheitene framtidas arbeidsliv byr på. Regjeringa uttrykte òg at ho ville auke investeringane i universitet og høgskular og satse på kunnskap, betre utdanningskvalitet og forsking. Plattforma inneheldt òg ei satsing på høgare yrkesfagleg utdanning. Regjeringa ville òg gjennomføre eit integreringsløft for mellom anna å sikre at innvandrarar kjem raskare i jobb.

Eit utval av dei viktigaste satsingane og tiltaka regjeringa har gjennomført for å følge opp Granavolden-plattforma er:

  • fått lovfesta retten til eit godt barnehagemiljø med verknad frå 1. januar 2021

  • skjerpa pedagognorma i barnehagane

  • innført ei bemanningsnorm i barnehagane

  • innført ei plikt til samarbeid om overgangen mellom barnehage og skule

  • oppretta eit nytt økonomisk tilsyn med barnehagane frå 1. januar 2022

  • lagt fram ein strategi for barnehagekvalitet fram mot 2030

  • gjennomført fagfornyinga i grunnopplæringa og innført det nye læreplanverket Kunnskapsløftet 2020 (LK20 og LK20S)

  • utvida ordninga med gratis kjernetid i barnehagane

  • innført ordningar med redusert foreldrebetaling og gratis opphald på SFO etter skuletid for barn av foreldre med låg inntekt

  • lagt fram ei stortingsmelding med omfattande tiltak for barn som treng særskild tilrettelegging gjennom barnehage og grunnskule

  • halde fram den kraftige satsinga på etter- og vidareutdanning av lærarar

  • etablert den femårige satsinga Den teknologiske skulesekken frå 2018, med åtte ulike tiltak for programmering og digitale læremiddel i grunnopplæringa

  • fått lovfesta retten til leirskuleopphald eller annan skuletur

  • sendt på høyring eit forslag om rett til å fullføre for alle som begynner i vidaregåande opplæring

  • auka lærlingtilskotet

  • sendt på høyring eit forslag som gjer det enklare å ta fleire fagbrev

  • lagt fram og starta gjennomføringa av kompetansereforma Lære heile livet

  • lansert Utdanningsløftet 2020 for å møte konsekvensane av covid-19-pandemien

  • innført ei ny integreringslov

  • lansert strategi Hverdagsintegrering – Strategi for å styrke sivilsamfunnets rolle på integreringsfeltet 2021–2024 for å satsa meir på frivillige organisasjonar i kvardagsintegreringa

  • lansert handlingsplan Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024)

  • fått vedteke landets første tolkelov, med krav om bruk av kvalifisert tolk i offentlege organ, ei lov som tek til å gjelde 1. januar 2022

  • finansiert utvikling av ei nasjonal løysing for tilgang til læringsressursar på tvers av utdanningsinstitusjonar

  • lagt fram ei stortingsmelding om statens politikk for styring av statlege universitet og høgskular

  • lagt fram strategi for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskular, høgskular og universitet

  • følgt opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2019–28 med 3,31 mrd. kroner

  • nådd ambisjonen for deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, der Noreg per april 2021 har henta heim 2,49 pst. av dei utlyste midlane

  • fullført innfasinga av elleve månader med utdanningsstøtte

  • lagt fram ei stortingsmelding om internasjonal studentmobilitet

  • lagt fram ei stortingsmelding om samarbeid mellom arbeidsliv og høgare utdanningsinstitusjonar, med vekt på praksis

Hovudprioriteringar 2022

Utdanningsløftet 2020

Regjeringa lanserte våren 2020 Utdanningsløftet 2020, som er ei storstilt satsing på kompetansetiltak og større kapasitet i utdanningane på alle nivå, for å motverke konsekvensane av covid-19-pandemien. Regjeringa meiner det er behov for å vidareføre Utdanningsløftet 2020 og foreslår derfor til saman 2,9 mrd. kroner til følgande tiltak i statsbudsjettet for 2022:

  • midlar for at personar utan lovfesta rett til opplæringa kan fullføre vidaregåande opplæring

  • midlar til eit betre tilbod om å fullføre vidaregåande opplæring med fag- eller sveinebrev for elevar som ikkje får læreplass

  • midlar til tilbod om å ta eit fagbrev for personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring

  • midlar til eit betre tilbod til søkarar som ikkje får læreplass

  • midlar til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb

  • midlar til å vidareføre utvidinga av forsøket med modulstrukturert opplæring innanfor utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæringa

  • midlar til å vidareføre dei åtte bransjeprogramma som blei oppretta i 2020, i tillegg til eit nytt bransjeprogram

  • vidareføring og opptrapping av 1 600 studieplassar ved fagskular og i tillegg vidareføring av om lag 500 studieplassar til Industrifagskolen

  • vidareføring og opptrapping av 4 000 studieplassar ved universitet og høgskolar, der 300 plassar blir omprioriterte frå juridiske og økonomisk-administrative fag til barnevernfaglege utdanningar på masternivå

  • midlar til å oppskalere tilskotet til fleksible studietilbod gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

  • vidareføring av 250 rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskular

Barnehage og grunnskule

Regjeringa foreslår å løyve 240 mill. kroner i 2022 til tiltak for å støtte barn og unge som følge av konsekvensar av covid-19-pandemien i skule og barnehage. Midlane kan mellom anna brukast til tiltak for å støtte den faglege og sosiale utviklinga til barn og unge og til betre oppfølging av sårbare barn.

Regjeringa foreslår at 100 mill. kroner av veksten i frie inntekter til kommunane blir grunngitt med å legge til rette for fleire barnehagelærarar i grunnbemanninga, og at dette må sjåast i lys av ambisjonen om at 50 pst. av dei tilsette i barnehagen skal vere barnehagelærarar innan 2025. Regjeringa foreslår òg å løyve 20 mill. kroner til auka pedagogtettleik i levekårsutsette område.

Regjeringa foreslår å løyve 50 mill. kroner i 2022 til å opprette 150 fleire vidareutdanningsplassar for barnehagelærarar og 370 vidareutdanningsplassar for lærarar i skulen, hovudsakleg i spesialpedagogikk. Samla foreslår regjeringa i 2022 å bruke 1,7 mrd. kroner til vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar og 450 mill. kroner til tiltak for å fremje kvaliteten og kompetansen i barnehagane.

Regjeringa vil trappe opp satsinga på karrierevegar for lærarar og foreslår å bruke 271,7 mill. kroner på dette i 2022. Løyvinga gir rom for å auke talet på lærarspesialistar til 3 000 frå hausten 2022.

Regjeringa foreslår å løyve 100 mill. kroner i 2022 i oppbygginga av kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Det er ei oppfølging av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO.

Regjeringa foreslår å løyve 104,2 mill. kroner til å utvide timetalet i grunnskulen med ein ekstra time i naturfag.

Regjeringa foreslår å løyve 51,5 mill. kroner til gratis skulefritidsordning (SFO) for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar.

Vidaregåande opplæring

Våren 2021 la regjeringa fram Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa over 800 mill. kroner til oppfølging av Fullføringsreforma. Regjeringa foreslår å vidareføre tilskotet for at fleire utan lovfesta rett til opplæringa skal kunne fullføre vidaregåande opplæring, som utgjer 304,5 mill. kroner i 2022. Tilskotet legg til rette for å utvide retten til vidaregåande opplæring frå 2023, som foreslått i høyringsnotatet om ny opplæringslov. Regjeringa foreslår òg 80 mill. kroner for å legge til rette for meir fleksible og tilpassa opplæringsløp i vidaregåande opplæring.

I statsbudsjettet for 2021 blei det etablert eit tilskot for å gi personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse, tilbod om å ta eit fagbrev. Budsjettforslaget for 2022 inneber at tilskotet blir trappa opp til 111,8 mill. kroner. Tilskotet legg til rette for å innføre ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering frå 2023, i samband med ny opplæringslov. Fullføringsreforma varslar at dei som ikkje får læreplass, skal få eit betre tilbod om å fullføre med fag- eller sveinebrev enn i dag. Tilskotet som legg til rette for eit betra tilbod, blir trappa opp til 256,5 mill. kroner i budsjettforslaget for 2022, og tek omsyn til ein særleg stor etterspurnad etter tilbodet som følge av covid-19-pandemien. Tilskotet som skal stimulere til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb, blir òg vidareført med 46 mill. kroner i budsjettforslaget.

Kompetansepolitikk og livslang læring

I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa å vidareføre og styrke fleire av tiltaka i kompetansereforma Lære heile livet. Det inkluderer mellom anna tiltak som følger opp fullføringsreforma, inkludert tilskot til yrkesfagleg rekvalifisering og tilskot til auka bruk av Fagbrev på jobb. Regjeringa foreslår òg å vidareføre utvidinga av forsøket med modulstrukturert opplæring for vaksne innanfor utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæringa.

Regjeringa foreslår 60 mill. kroner til å vidareføre dei åtte bransjeprogramma som blei etablert i 2020, som ein del av Utdanningsløftet 2020. Forslaget gir òg rom for å starte eit nytt bransjeprogram.

Regjeringa foreslår å løyve 62,4 mill. kroner til siste halvårseffekt for 1 600 studieplassar som Stortinget har løyvd midlar til i statsbudsjettet for 2020 og i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020, som ein del av Utdanningsløftet 2020.

Som ein del av kompetansereforma har regjeringa gjennomført fleire endringar i utdanningsstøtteordningane som vil gi større fleksibilitet og betre vilkår for vaksne. Regjeringa foreslår 20 mill. kroner for å legge til rette for meir fleksible utdanningsstøtteordningar for vaksne.

Som del av oppfølginga av den nye strategien for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskular, høgskular og universitet foreslår regjeringa å opprette to nye ordningar i 2022. Eit nytt distriktsprogram for kompetanseutvikling skal styrke det desentraliserte utdanningstilbodet. Ei ny ordning for studiesenter vil gi studiesenter og liknande aktørar støtte til aktivitetar for å nå ut med og legge til rette for at innbyggarar og verksemder kan få fleksible og desentraliserte tilbod. Dei to nye ordningane vil få eit omfang på minimum 40 mill. kroner.

Høgare utdanning og forsking

Regjeringa foreslår 463,8 mill. kroner til å vidareføre og trappe opp utdanningskapasiteten ved universitet og høgskular, inkludert 4 000 studieplassar i samband med Utdanningsløftet 2020 for at institusjonane kan ta opp eit tredje kull med studentar. 300 av dei 4 000 plassane vil regjeringa omprioritere frå juridiske- og økonomisk-administrative fag til barnevernsfaglegutdanning på masternivå.

I tråd med strategien Desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskular, høgskular og universitet foreslår regjeringa å oppskalere tilskotet til fleksible studietilbod gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse med 49,7 mill. kroner til 149,5 mill. kroner.

Areal til undervisning og forsking er grunnleggande for å møte behovet for kapasitet og nyskaping i utdanning og forsking. Regjeringa foreslår 120 mill. kroner i startløyving og brukarutstyr til Blått bygg ved Nord universitet, 378 mill. kroner til vidare arbeid med Vikingtidsmuseet, 948 mill. kroner til Livsvitskapsbygget og 365 mill. kroner til vidare forprosjektering av NTNU campussamling.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til dei institusjonane som tilbyr dei nye femårige grunnskulelærarutdanningane, med 91,4 mill. kroner.

Regjeringa held fram med å følge opp måla og dei langsiktige prioriteringane i Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Regjeringa foreslår 516 mill. kroner til oppfølging av dei tre opptrappingsplanane Teknologiløft, FoU for fornying og omstilling i næringslivet og Kvalitet i høgare utdanning. I tillegg foreslår regjeringa 497 mill. kroner til andre satsingar som følger opp langtidsplanen. Sjå nærare omtale i del III.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til HK-dir med 50 mill. kroner til prosjekt som utviklar og deler metodar for studentaktiv digital undervisning, læring og vurdering.

Integrering

Regjeringa jobbar mellom anna med å følge opp integreringsstrategien gjennom å reformere kvalifiseringstilbodet for flyktningar og innvandrarar, gjennomgå busetjingsordninga, innføre tolkelova, halde fram arbeidet med fridom frå negativ sosial kontroll og styrke sivilsamfunnets rolle og mangfaldet i arbeidslivet. Regjeringa foreslår følgande tiltak på integreringsfeltet i 2022:

  • 36,1 mill. kroner til innføring av tolkelova (Kunnskapsdepartementet)

  • 30 mill. kroner til vidareføring av klippekortordninga, som er eit supplement til tilbod om norskopplæring i kommunane (Kunnskapsdepartementet)

  • 30 mill. kroner til å auke løyvinga til Tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar (Kunnskapsdepartementet)

  • 3,3 mill. kroner til å auke løyvinga til Tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet. Ordninga endrast frå ei namngitt ordning til ei søkbar ordning (Kunnskapsdepartementet).

  • 6,7 mill. kroner til utviding av Særskilt tilskot ved busetjing av personar med alvorlege kjende funksjonsnedsetjingar og/eller åtferdsvanskar frå fem til ti år for flyktningar som blir busette frå UDIs særskilde butilbod (Kunnskapsdepartementet)

  • 6,1 mill. kroner til vidareutvikling av Mangfaldsprisen og til utvikling av ein mangfaldsportal som skal synleggjere arbeidet med auka etnisk mangfald i arbeidslivet (Kunnskapsdepartementet)

  • 2,6 mill. kroner til å auke løyvinga til Noregs forskingsråds program om velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) (Kunnskapsdepartementet)

  • 1,3 mill. kroner til etablering av kompetansehevingstilbod på Høgskulen på Vestlandet for kvalifiserte tolkar (Kunnskapsdepartementet)

  • 1 mill. kroner til drift av idébank for gode døme på sivilsamfunnstiltak for integrering (Kunnskapsdepartementet)

Når det gjeld omtale av departementets tiltak for å avhjelpe konsekvensane av covid-19-pandemien, sjå òg omtale under kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren og på integreringsfeltet i del III.

Andre saker

Ny premiemodell for pensjon for statlege verksemder

Pensjonspremie er eit viktig kostnadselement for statlege verksemder. Premien blir påverka mellom anna av lønnsutgiftene i verksemdene og i kva grad dei tilsette tek ut tidlegpensjon. Det pågår eit arbeid med å modernisere premiesystemet i Statens pensjonskasse. Frå 2022 blir det innført ein ny verksemdsspesifikk og hendingsbasert premiemodell for betaling av pensjonspremie for statlege verksemder. Den nye premiemodellen tek løpande omsyn til dei faktiske hendingane i medlemsgruppa, som lønnsendringar og uttak av pensjon, slik at premiereserven er à jour med oppteninga til medlemmene. Dette skal bidra til å gjere statlege verksemder meir ansvarlege for eigne pensjonskostnader. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Budsjettgevinstar frå endra jobbreisevanar

Pandemien har kravd meir bruk av digitale møte og gitt statlege verksemder høve til å redusere reiseomfanget både på kort og lang sikt. Sjølv om reiseaktiviteten vil auke igjen etter kvart som samfunnet opnar ytterlegare opp, vil nivået på reiseaktiviteten truleg vere varig redusert. Dette vil redusere reiseutgifter i verksemdene og spare reisetid for dei tilsette. Regjeringa gjer framlegg om eit varig gevinstuttak frå og med 2022 på 5 pst. av reiseutgiftene slik desse var før pandemien. Sjå Prop. 1 S (2021–2022) for ei nærmare framstilling av gevinstuttaket.

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

419 657

415 314

423 930

2,1

201

Analyse og kunnskapsgrunnlag

224 027

233 782

261 361

11,8

Sum kategori 07.10643 684649 096685 2915,6

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

637 387

638 206

629 631

–1,3

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

14 908

16 037

16 066

0,2

222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

148 234

145 438

153 078

5,3

224

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

111 922

119 132

6,4

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 652 027

1 625 210

1 805 689

11,1

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

3 416 484

3 390 027

3 623 544

6,9

227

Tilskot til særskilde skular

218 821

229 936

230 986

0,5

228

Tilskot til frittståande skular o.a.

5 751 327

5 854 344

5 933 057

1,3

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

691 965

693 886

655 332

–5,6

Sum kategori 07.2012 531 15312 705 00613 166 5153,6

Barnehagar

231

Barnehagar

765 935

703 815

750 977

6,7

Sum kategori 07.30765 935703 815750 9776,7

Høgare yrkesfagleg utdanning

240

Fagskular

887 911

1 069 994

1 181 527

10,4

241

Felles tiltak for fagskular

31 072

31 692

22 754

–28,2

242

Noregs grøne fagskule – Vea

32 232

31 732

32 191

1,4

Sum kategori 07.40951 2151 133 4181 236 4729,1

Kompetansepolitikk og livslang læring

251

22. juli-senteret

17 185

15 714

27 695

76,2

253

Folkehøgskular

1 029 129

993 308

1 045 730

5,3

254

Studieforbund mv.

232 877

72 430

74 313

2,6

255

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

109 951

0,0

256

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

122 595

128 407

374 977

192,0

257

Kompetanseprogrammet

134 136

376 134

313 123

–16,8

258

Tiltak for livslang læring

392 663

159 707

148 424

–7,1

Sum kategori 07.502 038 5361 745 7001 984 26213,7

Høgare utdanning og forsking

260

Universitet og høgskular

38 908 387

40 710 320

41 474 917

1,9

270

Studentvelferd

448 608

926 887

1 085 746

17,1

271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

185 060

170 461

171 683

0,7

272

Tiltak for internasjonalisering og høgare utdanning

628 108

676 268

697 108

3,1

273

Kunnskapssektorens tenesteleverandør

194 186

213 101

179 152

–15,9

274

Universitetssenteret på Svalbard

142 463

36 322

158 265

335,7

275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

292 623

414 801

225 505

–45,6

284

Dei nasjonale forskingsetiskekomiteane

17 237

19 424

19 839

2,1

285

Noregs forskingsråd

4 889 473

5 222 556

5 145 528

–1,5

286

Regionale forskingsfond

219 119

194 982

159 012

–18,4

287

Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

218 120

223 756

228 426

2,1

288

Internasjonale samarbeidstiltak

4 039 090

3 761 876

4 296 520

14,2

289

Vitskaplege prisar

44 969

44 969

46 138

2,6

Sum kategori 07.6050 227 44352 615 72353 887 8392,4

Utdanningsstøtte

2410

Statens lånekasse for utdanning

47 847 063

46 800 282

50 783 047

8,5

Sum kategori 07.8047 847 06346 800 28250 783 0478,5

Integrering og mangfald

290

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

264 058

305 591

305 563

0,0

291

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

8 596 274

7 634 210

6 196 893

–18,8

292

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 350 526

1 175 860

1 123 565

–4,4

Sum kategori 07.9010 210 8589 115 6617 626 021–16,3

Sum programområde 07

125 215 887

125 468 701

130 120 424

3,7

Sum utgifter

125 215 887

125 468 701

130 120 424

3,7

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

01-29

Statens eigne driftsutgifter

7 599 861

7 506 285

7 965 341

6,1

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

141 116

248 955

142 997

–42,6

50-89

Overføringar til andre

84 818 440

85 362 159

87 061 747

2,0

90-99

Utlån, statsgjeld o.a.

32 656 470

32 351 302

34 950 339

8,0

Sum under departementet

125 215 887

125 468 701

130 120 424

3,7

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

2 035

0,0

Sum kategori 07.102 035

0,0

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

20 661

13 962

2 406

–82,8

3222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

20 371

15 614

21 040

34,8

3225

Tiltak i grunnopplæringa

13 658

12 495

11 201

–10,4

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

32 186

47 048

32 295

–31,4

Sum kategori 07.2086 87689 11966 942–24,9

Høgare yrkesfagleg utdanning

3242

Noregs grøne fagskule – Vea

9 341

6 311

6 449

2,2

Sum kategori 07.409 3416 3116 4492,2

Kompetansepolitikk og livslang læring

3256

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

11 191

9 031

5 220

–42,2

Sum kategori 07.5011 1919 0315 220–42,2

Høgare utdanning og forsking

3271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

9 332

643

4 646

622,6

3275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

10

10

0,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

13 351

14 582

17 441

19,6

Sum kategori 07.6022 68315 23522 09745,0

Utdanningsstøtte

5310

Statens lånekasse for utdanning

18 435 674

18 458 621

20 191 769

9,4

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

4 600 541

2 509 820

4 795 109

91,1

Sum kategori 07.8023 036 21520 968 44124 986 87819,2

Integrering og mangfald

3290

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

104

0,0

3291

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

2 723

11 582

11 883

2,6

3292

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

15 092

21 151

24 543

16,0

Sum kategori 07.9017 91932 73336 42611,3

Sum programområde 0723 186 26021 120 87025 124 01219,0

Sum inntekter

23 186 260

21 120 870

25 124 012

19,0

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

01-29

Sal av varer og tenester

172 765

167 199

143 254

–14,3

50-89

Overføringar frå andre

4 688 142

2 614 697

4 889 363

87,0

90-99

Tilbakebetalingar o.a.

18 325 353

18 338 974

20 091 395

9,6

Sum under departementet

23 186 260

21 120 870

25 124 012

19,0

Bruk av stikkordet «kan overførast»

Under Kunnskapsdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2021

Forslag 2022

220

70

Tilskot til læremiddel o.a.

23 059

74 700

225

63

Tilskot til samisk i grunnopplæringa

1 748

94 733

225

65

Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg

448

128 796

226

21

Særskilde driftsutgifter

138 426

1 697 667

231

21

Særskilde driftsutgifter

48 251

516 853

240

61

Utviklingsmidlar til fagskular

50 701

241

21

Særskilde driftsutgifter

1 567

22 754

257

70

Tilskot

183 191

305 873

258

21

Særskilde driftsutgifter

143 130

148 424

270

75

Tilskot til bygging av studentbustadar

275 073

959 158

272

51

Tiltak for internasjonalisering

121 062

272

52

Tiltak for høgare utdanning

319 334

272

71

Tilskot til tiltak for internasjonalisering

129 895

272

72

Tilskot til tiltak for høgare utdanning

126 817

275

21

Særskilde driftsutgifter

14 354

143 432

291

21

Særskilde driftsutgifter

35 261

60 865

291

60

Integreringstilskot

513 281

4 953 065

292

21

Særskilde driftsutgifter

27 630

78 731

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Kunnskapsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2020–2021 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 580 S (2020–2021) meinte ikkje var følgde opp ferdig (25 stk.).

I kolonnen lengst til høgre i tabell 3.1 er det ført opp om departementet reknar med at rapporteringa om vedtaket no blir avslutta, eller om det vil rapportere konkret om det i budsjettframlegget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal legge fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt først bli avslutta når slikt framlegg er gjort.

Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa blir avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan til dømes gjelde oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle blir Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.

Tabell 3.1 Oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Følgt opp (ja/nei)

2020–2021

3

Høgare utdanningsinstitusjonar sitt tilbod om desentralisert utdanning

Ja

2020–2021

8

Sertifiseringsordning for lærarar og vern av lærartittelen

Ja

2020–2021

16

Gjennomgang av finansieringskategoriane i høgare utdanning

Nei

2020–2021

30

Ordning i Statens lånekasse for utdanning for autorisasjon av helsepersonell

Nei

2020–2021

79

Politiattest for tilsetjing i skular og barnehagar

Nei

2020–2021

156

Kapitaltilskot til private barnehagar

Ja

2020–2021

182

Greie ut Østfoldmodellen for lærekandidatar med tilretteleggingsbehov

Nei

2020–2021

285

Prosjektering av nye lokale for Griegakademiet

Ja

2020–2021

286

Nybygg for Studentersamfundet i Trondhjem

Ja

2020–2021

528

Hjelpetiltak mot negativ sosial kontroll

Ja

2020–2021

529

Kompetanse i skulen om negativ sosial kontroll

Ja

2020–2021

530

Utgreiing om barn etterlatne i utlandet

Nei

2020–2021

543

Inntektsbortfall for studentar

Ja

2020–2021

684

Finansieringsmekanismar for studieopphald i utlandet

Nei

2020–2021

685

Auka studiemobilitet for studentar med tilretteleggingsbehov

Nei

2020–2021

687

Betre godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning

Nei

2020–2021

689

Likare konkurranse om studieplassar ved opptak til høgare utdanning i 2021

Ja

2020–2021

734

Studieplassar innanfor IKT-fag og realfag

Ja

2020–2021

832

Skuleskip i Nord-Norge

Nei

2020–2021

937

Fråfall og forseinkingar i høgare utdanning

Nei

2020–2021

940

Studieplassar i medisin, helsefag, sjukepleie og psykologi

Ja

2020–2021

941

Opptrappingsplan for studieplassar i medisin, helsefag, sjukepleie og psykologi

Nei

2020–2021

942

Styrke rådgivings- og rettleiingstenesta i skulen

Nei

2020–2021

943

Krav til minstestandard på teknisk utstyr på yrkesfag

Nei

2020–2021

944

Kunnskap om fagskuleutdanning i rådgivingstjenesta

Nei

2020–2021

945

Rekrutteringsstipend for yrkesfaglærarutdanning

Nei

2020–2021

946

Hospiteringsordning for yrkesfaglærarar

Nei

2020–2021

947

Yrkesopplæringa tilpassa arbeidslivet

Nei

2020–2021

948

Prøveforsøk i yrkesfag etter Steigen-modellen

Nei

2020–2021

949

Undervisningsutstyr i tekniske fag i vidaregåande

Nei

2020–2021

950

Auka utstyrsstipend

Nei

2020–2021

971

Tilgang til skulebygg for organisasjonar

Nei

2020–2021

1016

Eksamensoppgåver og skriftspråk

Nei

2020–2021

1017

Opplæringslova, barnehagelova og FNs barnekonvensjon

Nei

2020–2021

1018

Fjernundervisning og opplæringslova

Nei

2020–2021

1069

Rett til innføringsfag i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1070

Sluttkompetanse i vidaregåande skule

Nei

2020–2021

1071

Overgangskurs i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1072

Overgangstilbod i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1073

Vektlegge opplæringstilbod som fører til læreplass

Nei

2020–2021

1074

Tilbod om praksisbrev i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1075

Vekslingsmodellar i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1076

Forsterka oppfølgingsansvar i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1077

Utstyr i vidaregåande opplæring

Ja

2020–2021

1078

Opplæringskontor og lærebedrifter

Nei

2020–2021

1079

Utstyrsstipend i vidaregåande opplæring

Ja

2020–2021

1080

Produksjonsskular

Nei

2020–2021

1104

Heilskaplege og koordinerte tenester

Nei

2020–2021

1291

Avansert utstyr i vidaregåande opplæring

Ja

2019–2020

459

Korte utdanningstilbod ved fagskulane

Ja

2019–2020

497

Barn i utlandet

Ja

2019–2020

697

Kompetansefunn Digital

Nei

2019–2020

699

Finansieringssystem for universitet og høgskular

Nei

2019–2020

700

Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Nei

2019–2020

701

Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

Nei

2018–2019

51

Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

Nei

2018–2019

197

Fritak frå skulefag

Nei

2017–2018

62

Kortkurs ved folkehøgskular

Ja

2017–2018

461

Vilkår for private barnehagar

Nei

2017–2018

785

Barn etterlatne i utlandet mot sin vilje

Ja

2017–2018

802

Finansieringssystemet for private barnehagar

Nei

2017–2018

886

Kvalitetsvurderingssystemet i skulen

Ja

2017–2018

887

Rangering av søkarar til høgare utdanning

Nei

2016–2017

67

Hovudmål og målformgrupper på ungdomsskulen

Nei

2016–2017

642

Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

Nei

2016–2017

643

Evaluering av fagskulereforma

Nei

2016–2017

774

Vern av lærartittelen

Ja

2016–2017

897

Melding om kulturskule

Ja

2016–2017

900

Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk

Nei

2016–2017

901

Rett til spesialundervisning av fagpersonar

Nei

2016–2017

903

Spesialundervisning og lærarkompetanse

Nei

2015–2016

789

Kartlegging i barnehagane

Ja

2015–2016

791

Personopplysningar i barnehagesektoren

Ja

2015–2016

796

Krav om norsk og samisk språk i barnehagesektoren

Nei

Oppmodingsvedtak under kunnskaps- og integreringsministeren

Vedtak frå 2020–2021-sesjonen

Vedtak nr. 8, 6. oktober 2020: Sertifiseringsordning for lærarar og vern av lærartittelen

«Stortinget ber regjeringen om at statsråden på egnet måte gir Stortinget en orientering angående punktet i den politiske plattformen om å ‘Utrede en sertifiseringsordning for lærere og mulig beskyttelse av lærertittelen i løpet av perioden’.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med debatten etter Hans Majestet Kongens tale til det 165. storting ved opninga og melding om Noregs rikes tilstand og styring (trontaledebatten).

Læraryrket er allereie lovregulert i form av kvalifikasjonskrav for tilsetjing og undervisning, og lærarutdanningane blir styrte gjennom forskriftsfesta rammeplanar og retningslinjer. I tillegg kjem krav til at kandidaten skal vere skikka, og krav om politiattest. Ifølge definisjonen i yrkeskvalifikasjonsdirektivet er lærar eit lovregulert yrke i Noreg ved at det er sett kvalifikasjonskrav til lærarane. Regjeringa har òg ei omfattande satsing på etter- og vidareutdanning av lærarar, og har i september 2021 sett ned eit utval som skal vurdere og foreslå ulike modellar for etter- og vidareutdanning for lærarar og andre tilsette i barnehage og skule. I tillegg samarbeider regjeringa tett med partane i arbeidslivet om rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar.

Regjeringa har greidd ut ei sertifiseringsordning for lærarar og ønsker på bakgrunn av utgreiinga ikkje å etablere ei ordning som inkluderer register over dei formelle kvalifikasjonane til lærarane. Eit slikt register vil kunne gi nasjonale data som er interessante i nokre samanhengar, men vil vere svært ressurskrevjande både å bygge opp og å drifte. Det viser òg erfaringane frå innføringa av den svenske legitimasjonsordninga. Det vil vere krevjande å få vurdert kvalifikasjonane for alle lærarane i skulen og eventuelt barnehagen opp mot ulike regelverk som har vore gjeldande gjennom åra. Regjeringa meiner at det er betre utnytting av ressursane å forsterke og vidareutvikle eksisterande verkemiddel som kan sikre kvalifisering og profesjonalisering av lærarane. Rammeplanar for lærarutdanningane, kompetanseutvikling, vurdering av om kandidaten er skikka, krav om politiattest og lovregulering av læraryrket i form av kvalifikasjonskrav for tilsetjing og undervisning vil langt på veg fylle dei same formåla som ei sertifiseringsordning og vern av lærartittelen. Departementet viser òg til oppmodingsvedtak nr. 774, 7. juni 2017 om vern av lærartittelen.

Departementet meiner at vedtak nr. 8, 6. oktober 2020 er følgt opp.

Vedtak nr. 79 (2020–2021), 12. november 2020: Politiattest for tilsetjing i skular og barnehagar

«Stortinget ber regjeringen om å fremme forslag om nødvendige regelendringer slik at politiattesten gir et fullstendig bilde av søkeren og viser alle relevante lovbrudd i de tilfeller som gjelder ansettelsesforhold i skole, barnehage eller andre steder der kontakt med barn utgjør en viktig del av stillingen.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:113 S (2019–2020) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hanne Dyveke Søttar, Kari Kjønaas Kjos, Silje Hjemdal og Roy Steffensen om nødvendige regelendringer om politiattest for ansettelsesforhold i skoler og barnehager, jf. Innst. 64 S (2020–2021).

Opplæringslovutvalet foreslo i NOU 2019: 3 Ny opplæringslov å utvide kva for straffbare forhold som skal kome fram på ein politiattest i skulen. Utvalet foreslo at ein del valdslovbrot som ikkje kjem fram i dag, fridomsrøving, tvang, kjønnslemlesting, brot på teieplikt og brot på avverjingsplikta, skal vere omfatta. Utgreiinga har vore på offentleg høyring, og departementet har følgt opp forslaget frå utvalet i forslag til ei ny opplæringslov som blei send på høyring 26. august 2021. Regjeringa tek sikte på å legge fram forslag til ny opplæringslov for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023. Dersom det blir gjort endringar i reglane om politiattest på skuleområdet, vil departementet vurdere å gjere tilsvarande endringar i reglane om politiattest på barnehageområdet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 156, 3. desember 2020: Kapitaltilskot til private barnehagar

«Stortinget ber regjeringen om å videreføre kapitaltilskuddet til private barnehager på 2020-nivået, i utgangspunktet for første halvår 2021, samt nedsette et hurtigarbeidende utvalg der bl.a. KS og PBL deltar, for å utrede finansieringen av private barnehager, herunder muligheten for lån i Husbanken. Det henstilles til regjeringen å fremme forslag om fastsettelse av kapitaltilskuddet for private barnehager for andre halvår 2021 i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2020–2021), jf. Innst. 2 S (2020–2021).

Kapitaltilskotet til private barnehagar vart vidareført på 2020-nivå i første halvår 2021, jf. Innst. 12 S (2020–2021). Departementet viser til omtale av kapitaltilskotet i Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021. I Innst. 600S (2020–2021) vart det vedteke å løyve 124 mill. kroner til å vidareføre kapitaltilskotet til private barnehagar òg for andre halvår 2021. I budsjettsemja mellom regjeringa og Framstegspartiet om Revidert nasjonalbudsjett 2021 vart det òg vedteke å gjeninnføre private barnehagars høve til finansiering i Husbanken fram til 31. desember 2021 eller inntil ny finansieringsløysing er vedteken i Stortinget.

Departementet sette ned eit hurtigarbeidande utval for å greie ut finansieringa av private barnehagar. Utvalet leverte rapporten Du er henta! Finansiering av private barnehager 16. juni 2021. Rapporten er send på offentleg høyring med høyringsfrist 1. oktober 2021. Utvalet hadde medlemmar foreslått av KS, Private Barnehagers Landsforbund, Virke, Utdanningsforbundet og Fagforbundet og blei leia av statsforvaltar i Innlandet Knut Storberget.

Utvalet fekk i oppdrag å gjere greie for dagens finansieringssystem for private barnehagar og vurdere fordelar og ulemper ved dagens system, og dernest eventuelt kome med forslag til endringar i regelverket for finansieringa av private barnehagar. Rapporten stadfestar at dagens finansieringssystem er tilpassa ein sektor i utbyggingsfase, og at det er behov for endringar no som barnehagesektoren er meir eller mindre ferdig utbygd og består av eit større mangfald av barnehageaktørar. Utvalet er delt i tilrådinga si om kva for endringar som bør gjerast i finansieringssystemet for private barnehagar.

Fleirtalet (fire medlemmer og utvalsleiaren) vektlegg analysane i NOU 2020: 13 Private aktører i velferdsstaten som viser at lønnsemda for private barnehagar er for høg og ikkje berekraftig for det offentlege. Fleirtalet understrekar at kommunane som barnehagemyndigheit har behov for sterkare verkemiddel for å sikre betre og heilskapleg styring av sektoren på lokalt nivå. Fleirtalet presenterer ein modell som legg opp til at kommunane sjølve kan velje korleis dei ønsker å finansiere drift av private barnehagar. Dette inkluderer å gi kommunane høve til å stille vilkår for tildeling av tilskot til nye og eksisterande barnehagar. Fleirtalet vil ikkje gjeninnføre ordninga som gir private barnehagar generelt høve til å ta opp lån i Husbanken. Fleirtalet meiner likevel det er gode grunnar til at ideelle barnehagar skal ha tilgang til slike lån til større renoverings- og vedlikehaldsprosjekt.

Mindretalet (éin medlem) vektlegg at det er stor variasjon i dei offentlege tilskota til private barnehagar, og at ein stor del private barnehagar ikkje har berekraftig økonomi. Mindretalet ønsker å innføre eit nasjonalt grunntilskot som skal setje alle barnehagar i stand til å innfri nasjonale krav og utjamne forskjellane i kommunale tilskot. Mindretalet foreslår òg at kommunane skal kunne setje nokre lokale vilkår og gi eigne kommunale tilskot for dette. Mindretalet ønsker å gjeninnføre ordninga som gir alle private barnehagar høve til å ta opp lån i Husbanken.

Departementet meiner vedtak nr. 156, 3. desember 2020 er følgt opp.

Vedtak nr. 182, 3. desember 2020: Greie ut Østfold-modellen for lærekandidatar med tilretteleggingsbehov

«Stortinget ber regjeringen utrede Østfoldmodellen for lærekandidater med tilretteleggingsbehov, som er utarbeidet av ASVL (Arbeidssamvirkenes landsforening), og vurdere om dette kan gjøres til en nasjonal ordning, slik det anbefales i NIFU-rapport 18: 2018.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021) Endring av Prop. 1 S (2020–2021) Statsbudsjettet 2021 (saldering) , jf. Innst. 2 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 528, 18. januar 2021: Hjelpetiltak mot negativ sosial kontroll

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan alle kommuner kan sikre ett felles koordineringspunkt for de ulike hjelpetiltakene mot negativ sosial kontroll, der alle som ønsker hjelp eller veiledning, kan henvende seg.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:132 S (2019–2020) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Siri Gåsemyr Staalesen, Kari Henriksen, Torstein Tvedt Solberg, Masud Gharahkhani, Eirik Sivertsen og Stein Erik Lauvås om tiltak mot sosial kontroll, jf. Innst. 89 S (2020–2021).

Regjeringa har sett i gang fleire tiltak for å styrke koordineringa i kommunane av hjelpetiltak frå velferdstenester. Sidan 2007 har fleire nasjonale handlingsplanar og Meld. St. 15 (2012–2013) Forebygging og bekjempelse av vold i nære relasjoner oppmoda kommunar til å utvikle kommunale og interkommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Dei er òg oppfordra til å inkludere tiltak mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar av fridomen til unge i slike planar. Studien Kommunale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner: Hvordan brukes de og til hvilken nytte? Oslo: Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress frå 2018 viste at 40 pst. av kommunane hadde handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Ei av tilrådingane var å opprette ein eigen koordinatorfunksjon i kommunane. Tilrådingane i rapporten blir følgde opp i tiltaket «Bidra til økt bruk av kommunale og interkommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjoner» i handlingsplanen Friheit frå vald (2021–2024) .

Regjeringa foreslo i Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator) endringar i fleire veldferdstenestelover, som blei vedtekne av Stortinget i juni 2021. Endringane omfattar mellom anna harmonisering og styrking av reglane om samarbeid og individuell plan, innføring av ei samordningsplikt for kommunen ved yting av velferdstenester, innføring av ein rett til barnekoordinator, og utviding av ordninga i helse- og omsorgstenestene med lovpålagte samarbeidsavtalar. Formålet med endringane er å styrke oppfølginga av utsette barn og unge og deira familiar gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene. Stortinget har òg vedteke ei oppmoding til regjeringa om å utgreie og fremje ei sak med framlegg til nødvendige lovendringar for å sikre at barn som treng det, får ein rett til heilskaplege og koordinerte tenester.

På regionalt nivå har dei fem ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) i Tromsø, Trondheim, Bergen, Oslo og Kristiansand i oppgåve å rettleie og spreie kunnskap og kompetanse til hjelpetenestene. IMDi gir tilskot til RVTSane for å drifte regionale nettverk for arbeid mot negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

På nasjonalt nivå er det på plass fleire særskilte hjelpetenester med spisskompetanse om negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Mellom anna gir det nasjonale, tverretatlige Kompetanseteamet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og negativ sosial kontroll råd og rettleiing til alle som har behov for det, inkludert tilsette i hjelpetenestene og utsette personar som tek direkte kontakt. Oppgåvene til og organiseringa av teamet skal evaluerast og rapport skal vere klar innan 2022. IMDis fagteam for forebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald kom på plass i 2021 og gir óg rettleiing til tilsette i skular som ikkje har minoritetsrådgivarar, flyktningtenester, NAV, vaksenopplæringsinstitusjonar og andre hjelpetenester. Fleire studiar har peika på at tilsette i velferdstenestene ikkje veit kor dei kan få rettleiing i arbeid med einskildsaker, og at personar som har behov for hjelp ikkje veit om kva for hjelptilbod som finst. Tiltaket «Styrke informasjonen om dei særskilde hjelpetenestene» i handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024) skal bidra til å gjere dei særskilde hjelpetenestene meir kjente.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 528, 18. januar 2021 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 529, 18. januar 2021: Kompetanse i skulen om negativ sosial kontroll

«Stortinget ber regjeringen sikre tilbud om kompetanseheving som gir grunnleggende kunnskap om negativ sosial kontroll for lærere og rådgivere fra barneskole til videregående skole, samt retningslinjer for hvordan skolene skal jobbe systematisk med denne problematikken.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:132 S (2019–2020) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Siri Gåsemyr Staalesen, Kari Henriksen, Torstein Tvedt Solberg, Masud Gharahkhani, Eirik Sivertsen og Stein Erik Lauvås om tiltak mot sosial kontroll, jf. Innst. 89 S (2020–2021).

Departementet følger opp vedtaket gjennom tiltak i handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024), som blei lagd fram i juni 2021.

I handlingsplanen står desse tiltaka som er relevante for vedtaket:

«9 a) Utvikle støtteressurser for ansatte i grunnopplæringen og SFO
Det er behov for å øke kunnskapen om negativ sosial kontroll og æresrelatert vold blant ansatte i skolen og skolefritidsordningen (SFO). Det er også behov for mer kompetanse om utsatte grupper, sammensatt diskriminering forebygging, avdekking og oppfølging av saker. Kunnskap om hjelpeapparatet vil være en del av dette. I oppfølgingen av Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen har KD innført en desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skolen. Ordningen innebærer at statlige midler til kompetanseutvikling skal være bedre tilpasset lokale behov. Alle fylker har etablert et samarbeidsforum for kompetanseutvikling der kommuner, fylkeskommunen, universiteter, høyskoler og statsforvalter deltar. Sammen skal de bli enige om hvilken kompetanseutvikling som skal prioriteres for å møte skolenes kompetansebehov og hvordan de statlige midlene skal benyttes. Med dagens innretning for kompetanseutvikling bidrar nasjonale myndigheter med midler til lokal kompetanseutvikling fremfor å initiere nasjonale satsinger. Nasjonale myndigheter kan også ha en formidlerrolle ved å tilgjengeliggjøre og eventuelt utvikle ressurser, som skolene kan nyttiggjøre seg av i sin lokale kompetanseutvikling. Utdanningsdirektoratet (Udir), IMDi og Bufdir skal samarbeide om å lage støtteressurser for personalet i skolen og SFO om negativ sosial kontroll og æresrelatert vold, samt tilknyttede temaer som sammensatt diskriminering, kjønn, kropp og seksualitet, inkludert kjønns- og seksualitetsmangfold. Det er skoleeiere som vurderer behovet for å ta i bruk støtteressursene lokalt.
9 b) Bidra til god undervisning om vold, kropp, kjønn, seksualitet og seksuell grensesetting
Høsten 2020 trådte det nye læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK20 og LK20-samisk) i kraft for 1.-9. trinn i grunnskolen og trinn 1 i videregående opplæring. 10. trinn i grunnskolen og trinn 2 i videregående opplæring følger etter høsten 2021 og trinn 3 i videregående opplæring høsten 2022. LK20 og LK20-samisk omfatter både læreplaner med kompetansemål i det enkelte fag, overordnet del og tverrgående temaer som skal inngå i alle relevante fag. Folkehelse og livsmestring er et slikt tverrgående tema. Udir utvikler nettbaserte støtteressurser til det nye læreplanverket for å støtte skolenes undervisning om vold, kropp, kjønn og seksualitet, inkludert kjønns- og seksualitetsmangfold og seksuell grensesetting, blant annet i samarbeid med Bufdir, IMDi og Hdir. Negativ sosial kontroll, æresrelatert vold, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse skal også tematiseres.
10 a) Vurdere kompetanseheving om negativ sosial kontroll og æresrelatert vold i profesjonsutdanninger
Det er ønskelig å heve læringsutbytte om negativ sosial kontroll, æresrelatert vold, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse for studenter i lærer-, helse- og sosialfagutdanninger samt spesialpedagogiske utdanninger. Kunnskapsdepartementet skal i samråd med universitets- og høyskolesektoren vurdere tiltak som realiserer og operasjonaliserer læringsutbyttet beskrevet i utdanningenes rammeplaner og nasjonale retningslinjer. Aktuelle tiltak kan være å utvikle undervisningsopplegg, materiell og/eller læremidler, gjerne tverrfaglig og tverrprofesjonelt, som blir integrert i lokale studieplaner. Andre beslektede tema kan inngå, som vold og seksuelle overgrep, mangfold i kjønn og seksualitet, migrasjonshelse og kulturforståelse, tilpasset helseinformasjon, helsekompetanse og kommunikasjon via tolk. Det oppfordres til samarbeid på tvers av institusjoner/relevante aktører og profesjoner i utviklings- og kompetansehevingsarbeidet. Kompetansehevingstiltak som utvikles, kan også gjøres tilgjengelig for etter- og videreutdanninger for yrkesutøvere fra de aktuelle utdanningene. Tiltak skal deles og gjøres tilgjengelige for alle utdanningsinstitusjoner.
10 b) Inkludere relevante læringsutbyttebeskrivelser i helsesykepleier- og jordmorutdanningene
Det er ønskelig å inkludere læringsutbyttebeskrivelser som omhandler seksualitet, negativ sosial kontroll og æresrelatert vold i nasjonale retningslinjer for helsesykepleier- og jordmorutdanningene.»

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 529, 18. januar 2021, er følgt opp gjennom framlegginga av handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024).

Vedtak nr. 530, 18. januar 2021 Rapportering om barn etterlatt i utlandet

«Stortinget ber regjeringen igangsette en utredning med mål om forsterket rapportering om hvor mange barn som er etterlatt i utlandet, og redegjøre for hvordan handlingsrommet for oppfølging kan forsterkes.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:132 S (2020–2021) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Siri Gåsemyr Staalesen, Kari Henriksen, Torstein Tvedt Solberg, Masud Gharahkhani, Eirik Sivertsen og Stein Erik Lauvås om tiltak mot sosial kontroll, jf. Innst. 89 S (2020–2021).

Departementet vil setje i gang ei utgreiing om korleis styrke oppfølginga av utsette for ufrivillige utanlandsopphald. Dette for å få meir kunnskap om omfanget, korleis koordineringa og handlingsrommet for oppfølging kan styrkast, og korleis sikre at utsette personar blir ivaretekne ved retur. Det skal òg gjerast ei vurdering av om ordninga med integreringsrådgivarar skal styrkast eller justerast. Utgreiinga vil tidlegast ligge føre i 2022. Vedtaket blir følgt opp gjennom tiltaket Styrke oppfølgingen av utsatte for ufrivillige utenlandsopphold i handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024) .

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 832, 22. april 2021: Skuleskip i Nord-Noreg

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å etablere et skoleskip i Nord-Norge.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 10 (2020–2021) Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring, jf. Innst. 338 S (2020–2021).

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 942, 20. mai 2021: Styrke rådgivings- og rettleiingstenesta i skulen

«Stortinget ber regjeringen styrke rådgivnings- og veiledningstjenesten i skolen gjennom å legge til rette for en tverrfaglig rådgivertjeneste og samarbeid mellom skoleeier, ungdomsskole, rådgivertjenesten, den videregående skolen og arbeidslivet, og gjøre det enklere for yrkesgrupper med erfaring fra annet arbeidsliv å bli ansatt i skolen som rådgivere.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag fra Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 943, 20. mai 2021: Krav til minstestandard på teknisk utstyr på yrkesfag

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at det innføres krav til minstestandard på teknisk utstyr på yrkesfag. Minstestandarden skal utvikles i samarbeid mellom skoler og næringsliv.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 944, 20. mai 2021: Kunnskap om fagskule utdanning i rådgivningstjenesta

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til å øke kunnskapen om fagskoleutdanning i rådgivningstjenestene i skolen.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet vil gi Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i oppdrag å vurdere korleis kunnskapen om fagskulen kan aukast i rettleiingstenesta i skulen. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 945, 20. mai 2021: Rekrutteringsstipend for yrkesfaglærarutdanning

«Stortinget ber regjeringen styrke ordningen med rekrutteringsstipend for personer utenfor skolesektoren som ønsker å ta en yrkesfaglærerutdanning for å jobbe i skolen.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Utdanningsdirektoratet administrerer ordninga med utdannings- og rekrutteringsstipend til kvalifisering av tilsette som har undervisningsstilling, men som manglar godkjend lærarutdanning, og rekruttering av personar som enno ikkje er tilsette i skulen. I 2021 fekk om lag 600 personar tilbod om stipend, inkludert om lag 200 stipend til yrkesfaglærarutdanninga.

Departementet vil be direktoratet vurdere søkartala og behovet for å styrke ordninga.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 946, 20. mai 2021: Hospiteringsordning for yrkesfaglærarar

«Stortinget ber regjeringen styrke hospiteringsordningen for yrkesfaglærere.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 947, 20. mai 2021: Yrkesopplæring tilpassa arbeidslivet

«Stortinget ber sørge for at det etableres en tettere kobling mellom avgivende skoler og lærebedrifter også gjennom lærlingtiden, slik at innholdet i yrkesopplæringen blir best mulig tilpasset arbeidslivets behov.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden.Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 948, 20. mai 2021: Prøveforsøk i yrkesfag etter Steigen-modellen

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det etablereres prøveforsøk i yrkesfag etter Steigenmodellen i alle fylker.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden.Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 949, 20. mai 2021: Undervisningsutstyr i tekniske fag i vidaregåande

«Stortinget ber regjeringen tilrettelegge for at det utvikles en bransjestandard med et minimumsnivå for undervisningsutstyr i tekniske fag i videregående skoler. Det er arbeidet med en bransjestandard for Teknikk og industriell produksjon (TIP). En slik standard kan følges opp med en samordning av innkjøp og vedlikehold av utstyret.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Regjeringa gjennomfører no ei utprøving av ulike modellar for tilskot til investeringar i utstyr i vidaregåande opplæring. Målet er å finne ut kva modell som kan vere berekraftig på sikt og bidra til stabil finansiering frå fylkeskommunane. I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa å vidareføre 17 mill. kroner til ordninga. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om ein eventuell bransjestandard for undervisningsutstyr på eigna måte.

Vedtak nr. 950, 20. mai 2021: Auka utstyrsstipend

«Stortinget ber regjeringen øke utstyrsstipendet til de dyreste studieretningene på videregående yrkesfag.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Regjeringa er oppteken av fag- og yrkesopplæringa, og at elevane har nødvendig utstyr for å ta del i opplæringa på ein god måte. Utstyrsstipendet som elevane får frå Lånekassen, skal bidra til å dekke utgiftene elevar har til individuelt utstyr. For nokre utdanningsprogram har det ikkje vore godt nok samsvar mellom nivået på stipendet og utgiftene til elevane. I statsbudsjettet for 2020 blei løyvinga til utstyrsstipendet for elevar i vidaregåande opplæring auka med 25 mill. kroner. Endringane blei gjorde mellom anna på bakgrunn av ein kartleggingsrapport frå Rambøll, som såg på samsvaret mellom stipendsatsar og reelle utgifter.

Endringane i utstyrsstipendordninga frå og med undervisningsåret 2020–21 førte til eit løft i stipendsatsen for fleire av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, til dømes bygg- og anleggsteknikk. Sjå også vedtak nr. 1079. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 971, 11. mai 2021: Tilgang til skolebygg for organisasjonar

«Stortinget ber regjeringen igjen gå i dialog med KS og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner med sikte på å sikre barne- og ungdomsorganisasjoner tilgang til skoler og andre offentlige bygninger lokalt og bidra til likebehandling ved utlån

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok 8: 193 S (2020–2021) Representantforslag frå Freddy André Øvstegård, Nicholas Wilkinson, Karin Andersen, Eirik Faret Sakariassen, Kari Elisabeth Kaski og Lars Haltbrekken om å unngå en tapt generasjon for demokratiet, kulturen og idretten, jf. Innst. 423 S (2020–2021).

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1017, 27. mai 2021: Opplæringslova, barnehagelova og FNs barnekonvensjon

«Stortinget ber regjeringa sikre at ny opplæringslov og barnehagelov er i tråd med FNs barnekonvensjon sine grunnleggjande rettar for framgangsmåte om barns rett til informasjon, til å uttale seg fritt, barns rett til privatliv og at alle handlingar og avgjerder som omhandlar barn, blir gjorde til barnets beste

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.) , jf. Innst. 512 L (2020–2021).

Når det gjeld den delen av oppmodingsvedtaket som gjeld barnehagelova, meiner departementet at dei grunnleggande rettane i FNs barnekonvensjon og prinsippet om barnets beste er tekne vare på gjennom barnehagelova § 3 om barna sin rett til medverknad og omsynet til barnets beste. Føresegna er endra frå 1. januar 2021, jf. Prop. 96 L (2019–2020). Det er no lovfesta at barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på den daglege verksemda i barnehagen og i saker som gjeld dei sjølve, og at det som er best for barnet, skal vere eit grunnleggande omsyn i alle handlingar og avgjerder som gjeld barn i barnehagen. Dei grunnleggande rettane i barnekonvensjonen er òg omtalt fleire stadar i forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver.

Når det gjeld den delen av oppmodingsvedtaket som gjeld opplæringslova, meiner departementet at dette blir følgt opp i forslaget til ny opplæringslov som blei sendt på høyring 26. august 2021. I lovforslaget er det teke inn både ei føresegn om elevane sin rett til informasjon og til å uttale seg fritt, og ei føresegn om eleven sitt beste.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1018, 20. mai 2021: Fjernundervisning og opplæringslova

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om fjernundervisning i lovproposisjonen om ny opplæringslov

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, friskulelova,og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.), jf. Innst. 512 L (2020–2021).

Forslag om fjernundervisning er innarbeidd i forslaget til ny opplæringslov som blei sendt på høyring 26. august 2021. Departementet foreslår reglar om fjernundervisning i samsvar med forslaget i Prop. 145 L (2020–2021).

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1069, 1. juni 2021: Rett til innføringsfag i vidaregåande opplæring

«Stortinget ber regjeringen gi elever i videregående opplæring som trenger det, rett til innføringsfag. Språkopplæring i norsk skal være integrert i dette tilbudet, og opplæringen skal integreres i elevens Vg1-løp.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen med opne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden.Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1070, 1. juni 2021: Sluttkompetanse i vidaregåande skule

«Stortinget ber regjeringen, i samarbeid med partene, konkretisere nærmere forbedringer av Vg3 i skole som gir elevene en sluttkompetanse som tilfredsstiller arbeidslivets krav og som har tillit i nærings- og arbeidslivet.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden.Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1071, 1. juni 2021: Overgangskurs i vidaregåande opplæring

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre forsøk med obligatorisk overgangskurs for elever med svakt språklig grunnlag for å gjennomføre videregående opplæring.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden.Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1072, 1. juni 2021: Overgangstilbod i vidaregåande opplæring for elevar med svakt fagleg grunnlag

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre forsøk med obligatorisk overgangstilbud for elever med svakt faglig grunnlag for å gjennomføre videregående opplæring.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden.Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1073, 20. 1. juni 2021: Vektlegge opplæringstilbod som fører til læreplass

«Stortinget ber regjeringen legge bort forslaget om å utvide ordningen for fagbrev som elev utenfor arbeidslivet og lærlingordningen, og heller vektlegge opplæringstilbud som skal lede fram til læreplass og opplæring i arbeidslivet.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet har lagt vekk forslaget om å innføre fagbrev som elev og vil jobbe videre med at fleire søkarar skal få læreplass. Departementet vil òg i samarbeid med partane i arbeidslivet, lærar- og elevorganisasjonane og fylkeskommunane, lage eit betre tilbod til dei som ikkje får læreplass. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1074, 20. 1. juni 2021: Tilbod om praksisbrev i vidaregåande opplæring

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag som sikrer at alle videregående skoler med yrkesfag gir tilbud om praksisbrev eller tilsvarende tilbud for elever som har behov for mer tid og et tilrettelagt opplæringsløp ute i bedrift.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden.Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1075, 20. 1. juni 2021: Vekslingsmodellar i vidaregåande opplæring

«Stortinget ber regjeringen gi fylkeskommunene incitamenter til å utvide omfanget av ulike vekslingsmodeller som alternativ til hovedmodellen med 2 år i skole + 2 år i lærebedrift, slik at flere elever får mulighet til å veksle mellom opplæring i skole og bedrift gjennom hele opplæringsløpet.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden.Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1076, 20. 1. juni 2021: Forsterka oppfølgingsansvar i vidaregåande opplæring

«Stortinget ber regjeringen forsterke skolenes oppfølgingsansvar for eleven gjennom hele opplæringsløpet, også i den tiden eleven er lærling i en lærebedrift.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden.Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1077, 20. 1. juni 2021: Utstyr i vidaregåande opplæring

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 med forsterket finansiering av utstyr i videregående opplæring og en særskilt toppfinansiering til yrkesfagprogram med behov for særlig kostnadskrevende utstyr.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2022 å vidareføre 17 mill. kroner til ei forsøksordning som skal stimulere til investeringar i utstyr på yrkesfag. Målet er å få betre kunnskap om kva for modellar for finansiering av utstyr som fører til finansiering frå fylkeskommunane. Departementet meiner vedtak nr. 1077, 1. juni 2021 er følgt opp.

Vedtak nr. 1078, 20. 1. juni 2021: Opplæringskontor og lærebedrifter

«Stortinget ber regjeringen videreføre lovfesting av opplæringskontorene og godkjenning som lærebedrift, samt forsterke opplæringskontorenes funksjon som bindeledd mellom skolen og lærebedriftene.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i forslag til ny opplæringslov. Forslag til ny opplæringslov blei sendt på høyring 26. august 2021, og departementet tek sikte på å fremje ein lovproposisjon for Stortinget våren 2023.

Vedtak nr. 1079, 20. 1. juni 2021: Utstyrsstipend i vidaregåande opplæring

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med forslag til statsbudsjett for 2022 gjennomgå satsene for utstyrsstipend slik at satsene er i tråd med utstyrskravene som stilles i de ulike utdanningsprogrammene.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Regjeringa er oppteken av fag- og yrkesopplæringa og av at elevane har nødvendig utstyr for å ta del i opplæringa på ein god måte. Utstyrsstipendet som elevane får frå Lånekassen, skal bidra til å dekke utgiftene elevar har til individuelt utstyr. For einskilde utdanningsprogram har det ikkje vore godt nok samsvar mellom nivået på stipendet og utgiftene til elevane.

I 2019 utførte Rambøll ein kartleggingsrapport av samsvaret mellom stipendsatsar og reelle utgifter. Rapporten peikar på at det er betydeleg variasjon mellom skular og mellom utdanningsprogram når det gjeld utgiftene elevar i vidaregåande opplæring har til utstyr. Rambøll slår fast at eit universelt utstyrsstipend ikkje vil dekke behova til alle elevar like godt. Det er òg viktig at ordninga ikkje bidreg til ei utvikling der det blir forventa at alle har stadig meir kostbart utstyr, eller at skulane kan skyve ansvaret for utstyr dei har ansvar for å finansiere, over på den einskilde elev.

I statsbudsjettet for 2020 blei løyvinga til utstyrsstipendet for elevar i vidaregåande opplæring auka med 25 mill. kroner for at det skulle bli betre samsvar mellom stipendet og utgiftene elevane har til utstyr. Endringane i utstyrsstipendordninga frå og med undervisningsåret 2020–21 førte til eit markant løft i stipendsatsen for fleire av dei dyrare yrkesfaglege utdanningsprogramma, til dømes bygg- og anleggsteknikk. Det er verken mogleg eller ønskeleg å kartlegge satsane innanfor ein svært kort tidshorisont. Rapporten Rambøll publiserte i 2019, er, etter regjeringa si vurdering, eit tilstrekkeleg oppdatert kunnskapsgrunnlag på dette området.

Departementet meiner at vedtak nr. 1079, 1. juni 2021 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 1080, 20. 1. juni 2021: Produksjonsskular

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for etablering av flere produksjonsskoler.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

I revidert budsjett for 2021 blei det løyvd 6 mill. kroner til produksjonsskular, jf. Innst. 600 S (2020–2021). Midlane går til Vestland fylkeskommune. Departementet foreslår å vidareføre tilskotet i statsbudsjettet for 2022. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 1104, 2. juni 2021: Heilskaplege og koordinerte tenester

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme en sak for Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer for å sikre at barn som trenger det, gis en rett til helhetlige og koordinerte tjenester.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator) , jf. Innst. 581 L (2020–2021).

Oppmodingsvedtaket er under behandling. Departementet samarbeider med Arbeids- og sosialdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet om saka.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1291, 18. juni 2021: Avansert utstyr i vidaregåande opplæring

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre forsøksordning det stat, fylke og industri sam arbeider om deling av avansert utstyr mellom flere skoler ved bruk av en mobil enhet som kan betjene flere skoler i et fylke/en region.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021, jf. Innst. 600 S (2020–2021).

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2022 å vidareføre 17 mill. kroner til ei forsøksordning som skal stimulere til investeringar i utstyr på yrkesfag. Målet er å få betre kunnskap om kva for modellar for finansiering av utstyr som fører til finansiering frå fylkeskommunane. Utdanningsdirektoratet har no lyst ut midlane, og skulane kan mellom anna søke om tilskot til mobile einingar med utstyr som kan transporterast mellom skular, eller liknande ordningar for deling av utstyr.

Departementet meiner at vedtak nr. 1291, 18. juni 2021 med dette er følgt opp.

Vedtak frå 2019–2020-sesjonen

Vedtak nr. 497, 14. april 2020: Barn i utlandet

«Stortinget ber regjeringen i lys av Innst. 260 S (2017–2018) fremme en sak med forslag til innretning som ivaretar barn som står i fare for å sendes til eller etterlates i utlandet mot egen vilje under tilrettelagte og organiserte uforsvarlige forhold, som kan bidra til at barn og unge utsettes for vold og tortur, negativ sosial kontroll eller radikalisering.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 130 L (2018–2019) Lov om tros- og livssynssamfunn, jf. Innst. 208 L (2019–2020).

Oslo Economics har gjennomført ei kartlegging av om kommunane kjenner til saker om barn etterlatne i utlandet mot sin vilje, som ein del av regjeringa si oppfølging av særskilde tiltak for å hindre at barn vert etterlatne i utlandet, og regjeringa sin integreringsstrategi (2019–2022). Rapporten blei publisert i januar 2019. I byrjinga av 2019 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe for å få råd om korleis det er mogleg å førebygge at barn og unge vert etterlatne i utlandet utan at dei ønsker det. Rapporten «Det var ikke bare ferie» kom i mai 2020 med 45 tilrådingar. Forslaga er vurderte i samband med utviklinga av ny handlingsplan Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024). Oppmodingsvedtaket blir følgt opp gjennom tre tiltak i handlingsplanen. Barne- og familiedepartementet har eit tiltak for å heve kompetansen i barnevernstenesta om ufrivillige utanlandsopphald. Kunnskapsdepartementet har eit tiltak for å styrke informasjon om rettar, hjelpetilbod og handlingsalternativ ved ufrivillige utanlandsopphald og eit tiltak for å styrke oppfølginga av barn som er utsette for ufrivillige utanlandsopphald.

Departementet meiner at vedtak nr. 497, 14. april 2020 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 701, 15. juni 2020: Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å utvide retten til realkompetansevurdering til også å gjelde voksne uten rett til videregående opplæring.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Forslag til ny opplæringslov blei sendt på høyring 26. august 2021. I høyringa foreslår departementet at retten til vidaregåande opplæring blir utvida, og at retten til realkompetansevurdering blir utvida tilsvarande. I høyringa ber departementet om innspel til behov for ytterlegare utviding av retten til realkompetansevurdering. Departementet tek sikte på å fremje ein lovproposisjon om ny opplæringslov for Stortinget våren 2023.

Vedtak frå 2018–2019-sesjonen

Vedtak nr. 51, 22. november 2018: Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå finansieringssystemet for private og kommunale barnehager med sikte på å ivareta de små og ideelle barnehagene og en mangfoldig barnehagesektor.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:231 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Bjørnar Moxnes om en mangfoldig barnehagestruktur der pengene går til barnas beste, jf. Innst. 51 S (2018–2019).

Departementet viser til Forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering av private barnehager),som blei sendt ut på offentleg høyring 26. april 2019. I kapittel 5 i høyringsnotatet har departementet vurdert moglege endringar i finansieringssystemet for private barnehagar. Departementet ser at det kan vere ei utfordring at finansieringssystemet ikkje gir gode nok driftsvilkår for små private barnehagar. Departementet vurderer at grunnprinsippa i dagens finansieringssystem skal vidareførast, slik at finansieringa av barnehagane framleis skjer gjennom statlege overføringar til rammetilskotet til kommunen. Departementet meiner at kommunens utgifter til private barnehagar framleis skal spegle kommunens utgifter til tilsvarande kommunale barnehagar. Departementet meiner likevel at det kan vere tenleg å differensiere driftstilskotet til private barnehagar etter storleiken på barnehagen, slik at tilskota i større grad speglar dei reelle kostnadene ved dei private barnehagane. I høyringsnotatet varslar departementet ei nærare utgreiing av endringar i berekninga av driftstilskot til private barnehagar. I Prop. 96 L (2019–2020) viser departementet til at det er behov for å vurdere forslaga i høyringa om finansieringssystemet nærare, mellom anna som følge av høyringsinnspel.

Som oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 156, 3. desember 2020, sette departementet i februar 2021 ned eit hurtigarbeidande utval for å greie ut finansieringa av private barnehagar. Utvalet fekk oppdrag om å gjere greie for dagens finansieringssystem for private barnehagar og vurdere fordelar og ulemper ved dagens system, og dernest eventuelt kome med forslag til endringar i regelverket for finansieringa av private barnehagar. Utvalet leverte rapporten Du er henta! Finansiering av private barnehager 16. juni 2021. Rapporten er send på offentleg høyring med høyringsfrist 1. oktober 2021. Nærare omtale av rapporten finst i vedtak nr. 156, 3. desember 2020.

Departementet vil kome tilbake til vedtak nr. 51, 22. november 2018 overfor Stortinget på ein eigna måte. Jf. òg vedtak nr. 802, 31. mai 2018 om modellar i finansieringssystemet som varetek eit mangfald av barnehagar.

Vedtak nr. 197, 12. desember 2018: Fritak frå skulefag

«Stortinget ber regjeringen sørge for at fritak for skolefag ikke blir gitt dersom dette ikke er i overensstemmelse med elev og foresattes ønsker, at fritaket må være faglig begrunnet, og at konsekvensene av et fritak er gjort godt kjent for eleven og foresatte.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2018–2019), jf. Innst. 12 S (2018–2019).

Opplæringslovutvalet har levert NOU 2019: 23 Forslag til ny opplæringslov. NOU-en har vore på offentleg høyring, og departementet vil følge opp forslaget frå utvalet i forslag til ei ny opplæringslov som er sendt på høyring 26. august 2021. Departementet legg i høyringsnotatet til grunn at forslaget til reglar om fritak frå opplæringa, saman med reglane om elevens beste og elevens rett til å bli høyrd, svarar til intensjonen i oppmodingsvedtaket.

Regjeringa tek sikte på å legge forslaget fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023.

Vedtak frå 2017–2018-sesjonen

Vedtak nr. 62, 4. desember 2017: Kortkurs ved folkehøgskular

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med folkehøyskolene med sikte på å finne en modell for å fase ut tilskudd til kortkurs der grunnbevilgningen i så fall må økes tilsvarende.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018).

I Prop. 114 S (2018–2019) varsla Kunnskapsdepartementet at det tek sikte på å fase ut tilskotet til kortkurs i folkehøgskulane frå 1. januar 2021. Folkehøgskulane får ein tilsvarande auke i grunnløyvinga. Stortinget slutta seg våren 2020 til forslaget til departementet om naudsynte endringar i folkehøgskulelova, slik at kortkurs frå 1. januar 2021 ikkje lenger skal gi rett til statstilskot, jf. Prop. 96 L (2019–2020) og Innst. 302 L (2019–2020).

Med verknad frå 1. januar 2021 blei forskrift til folkehøgskulelova endra, slik at kortvarige kurs kan få statstilskot berre om dei er retta mot ei av desse to målgruppene: personar med dokumentert redusert funksjonsevne og deira næraste og innvandrarungdom dersom kursa har eit klart definert integreringsformål. I tillegg kan dei to pensjonistfolkehøgskulane framleis halde kortvarige kurs som utløyser tilskot, òg reisekurs i Norden. Vidare er det opna for at Nansenskolen på Lillehammer framleis kan arrangere kortvarige kurs for deltakarar på dialogseminar, som kjem frå konfliktområde.

Under budsjettbehandlinga i Stortinget hausten 2020 kom utdannings- og forskingskomiteen med denne merknaden, jf. Innst. 12 S (2020–2021):

«Komiteen viser til den pågående prosessen med utfasing av det generelle tilskuddet til kortkurs i folkehøgskolen. Komiteen merker seg at Utdanningsdirektoratet har sendt ut på høring forslag […] folkehøgskolene fortsatt skal få støtte til kurs rettet mot personer med redusert funksjonsevne og kurs med et klart definert integreringsformål for innvandrerungdom. Komiteen støtter dette og mener at kortere kurs rettet mot ungdom som har falt ut av skole og arbeidsliv, også bør kvalifisere for slik støtte.»

Som oppfølging av merknaden sende departementet våren 2021 på høyring eit forslag om å endre forskrifta slik at folkehøgskulane kan få statstilskot til kortvarige kurs retta mot ungdom som har falle ut av skule og arbeidsliv. Endringa blei vedteken 23. juni 2021 og tok til å gjelde 1. august 2021.

Departementet meiner at vedtak nr. 62, 4. desember 2017 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 461, 13. februar 2018: Barnehage: Vilkår for private barnehagar

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det kan sikres at private barnehager har lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår minst på linje med ansatte i offentlige barnehager, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:18 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Mona Lill Fagerås og Solfrid Lerbrekk om profittfri barnehage, jf. Innst. 114 S (2017–2018).

Departementet viser til at Stortinget òg har tilsvarande oppmodingsvedtak som gjeld andre tenesteområde enn barnehagar. Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) sette hausten 2018 ned eit offentleg utval som skal kartlegge ulike former for offentleg finansierte velferdstenester der private aktørar tek del i tenesteproduksjonen. Utvalet skal mellom anna kartlegge lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår hos leverandørar for om mogleg å få eit bilde av om det er store forskjellar mellom tilsette i offentleg og privat sektor.

Utvalet leverte NOU 2020: 13 Private aktører i velferdsstaten 1. desember 2020. Rapporten har vore på høyring, og det har kome 71 høyringssvar. For velferdstenester som bruker anskaffingar over visse terskelverdiar, plikter det offentlege å stille krav om at tilsette hos leverandørar og underleverandørar skal ha visse lønns- og arbeidsvilkår slik det er regulert i gjeldande landsomfattande tariffavtale for bransjen det gjeld, jf. forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar. Denne forskrifta gjeld ikkje for tilskot, og barnehagane fell derfor utanfor denne forskrifta. Barnehagelova regulerer ikkje lønns- og arbeidsvilkåra til dei tilsette i barnehagane. Det er likevel eit krav om at private barnehagar ikkje kan ha vesentleg lågare personalkostnad per heiltidsplass enn det som er vanleg i tilsvarande kommunale barnehagar. Utvalet har forslag om at det for sektorar med tilskot bør vurderast å innføre ei plikt til å følge lønns- og arbeidsvilkår i relevante landsomfattande tariffavtalar.

Departementet vil følge opp vedtak nr. 461, 13. februar 2018 i samband med oppfølginga av rapporten frå velferdstenesteutvalet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 785, 29. mai 2018: Barn etterlatne i utlandet mot sin vilje

«Stortinget ber regjeringen vurdere flere sanksjonsmuligheter i tilfeller der barn etterlates i utlandet mot sin vilje og under uforsvarlige forhold.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:118 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jonas Gahr Støre, Masud Gharahkhani, Lene Vågslid, Siri Gåsemyr Staalesen, Maria-Karine Aasen-Svensrud og Jan Bøhler om tiltak mot sosial kontroll og æresvold, jf. Innst. 260 S (2017–2018).

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utarbeidde Oslo Economics rapporten Kommunenes erfaringer med barn og unge som etterlates i utlandet mot sin vilje, lansert i januar 2020. Regjeringa sette i februar 2019 ned ei ekspertgruppe for å få råd om korleis det er mogleg å førebygge at barn og unge blir sende på ufrivillige opphald i utlandet. Rapporten «Det var ikke bare ferie» låg føre i mai 2020 med 45 tilrådingar. Forslaga er vurderte i samband med utviklinga av ny handlingsplan Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021­-2024). Departementet følger opp vedtaket gjennom tiltaket i handlingsplanen om å gjennomføre ei heilskapleg juridisk utgreiing av problemstillingar i saker som gjeld negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og psykisk vald. Problemstillingar som gjeld ufrivillige utanlandsopphald, skal òg inngå, mellom anna om korleis ein kan tydeleggjere straffeføresegnene i saker der foreldre etterlèt barn i utlandet under uforsvarlege forhold. Formålet er å få avklart om det er behov for lovendringar.

Departementet meiner at vedtak nr. 785, 29. mai 2018 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 802, 31. mai 2018: Finansieringssystemet for private barnehagar

«Stortinget ber regjeringen i sitt videre arbeid med regulering av barnehagesektoren se på modeller i finansieringssystemet som så langt som mulig ivaretar et mangfold av barnehager og barnehageeiere, samt reduserer etterslepet i tilskuddsgrunnlaget overfor private barnehager.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.) , jf. Innst. 319 L (2017–2018).

Departementet viser til Forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering av private barnehager),som blei sendt ut på offentleg høyring 26. april 2019. I kapittel 5 i høyringsnotatet har departementet vurdert moglege endringar i finansieringssystemet for private barnehagar. Departementet ser at det kan vere ei utfordring at finansieringssystemet ikkje gir gode nok driftsvilkår for små private barnehagar. Departementet vurderer at grunnprinsippa i dagens finansieringssystem skal vidareførast, slik at finansieringa av barnehagane framleis skjer gjennom statlege overføringar til rammetilskotet til kommunen. Departementet meiner at kommunens utgifter til private barnehagar framleis skal spegle kommunens utgifter til tilsvarande kommunale barnehagar. Departementet meiner likevel at det kan vere formålstenleg å differensiere driftstilskotet til private barnehagar etter storleiken på barnehagen, slik at tilskota i større grad speglar dei reelle kostnadene til dei private barnehagane. I høyringsnotatet varslar departementet ei nærare utgreiing av endringar i berekninga av driftstilskot til private barnehagar. Departementet ser òg at det kan vere behov for eigne mekanismar i finansieringssystemet, slik at private barnehagar får ei finansiering som gjer at dei kan oppfylle nye lovkrav samtidig som kommunane. Departementet har bedt Utdanningsdirektoratet om å greie ut korleis dette kan gjerast. I Prop. 96 L (2019–2020) Endringer i folkehøyskoleloven, barnehageloven og voksenopplæringsloven m.m. (samleproposisjon) varsla departementet behov for å vurdere forslaga om endringar i finansieringssystemet nærare, og vil kome tilbake til Stortinget med eventuelle forslag til endringar i regelverket som følger opp høyringsnotatet fra 2019.

Som oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 156, 3. desember 2020, sette departementet i februar 2021 ned eit hurtigarbeidande utval for å greie ut finansieringa av private barnehagar. Utvalet fekk i oppdrag å gjere greie for dagens finansieringssystem for private barnehagar og vurdere fordelar og ulemper ved dagens system, og dernest eventuelt kome med forslag til endringar i regelverket for finansieringa av private barnehagar. Utvalet leverte rapporten Du er henta! Finansiering av private barnehager 16. juni 2021. Rapporten er send på offentleg høyring med høyringsfrist 1. oktober 2021. Nærare omtale av rapporten finst i vedtak nr. 156, 3. desember 2020.

Departementet vil kome tilbake til vedtak nr. 802, 31. mai 2018 overfor Stortinget på ein eigna måte. Jf. òg vedtak nr. 51, 22. november 2018, om finansieringssystemet for private og kommunale barnehagar og vedtak nr. 156, 3. desember 2020 om kapitaltilskot til private barnehagar.

Vedtak nr. 886, 11. juni 2018: Kvalitetsvurderingssystemet i skulen

«Stortinget ber regjeringen nedsette et utvalg der partene i skolesektoren er representert, for å gjennomgå Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem i lys av fagfornyelsen og fremme forslag til endringer på egnet måte.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:194 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Martin Henriksen, Torstein Tvedt Solberg, Mani Hussaini, Marit Arnstad, Marit Knutsdatter Strand, Audun Lysbakken, Mona Fagerås og Hadia Tajik om tillitsreform i skolen, jf. Innst. 378 S (2017–2018).

Kvalitetsvurderingssystemet gir eit felles kunnskapsgrunnlag om mellom anna læringsutbytet og læringsmiljøet for elevane, og bidreg til kvalitetsutvikling og dialog om verksemda i skulen. Det finst alllereie ei referansegruppe for fagfornyinga der partane i skulesektoren er med. Departementet nyttar denne gruppa til å gå gjennom kvalitetsvurderingssystemet i lys av fagfornyinga. Departementet har, med innspel frå partane, mellom anna utarbeidd ein strategi for korleis ulike verktøy og ressursar for kvalitetsutvikling blir vidareutvikla. Strategien synleggjer og tydeleggjer intensjonar, prosessar og roller, og viser korleis det blir lagd til rette for involvering og medverknad i vidareutviklinga av verktøy og ressursar.

Departementet legg til grunn at strategien og prosessen som er skildra her, svarer til intensjonen i oppmodingsvedtaket, og meiner at vedtak nr. 886 er følgt opp.

Vedtak frå 2016–2017-sesjonen

Vedtak nr. 67, 22. november 2016: Skule: Hovudmål og målformgrupper på ungdomsskulen

«Stortinget ber regjeringen utrede en endring av opplæringslova § 2-5 og andre mulige tiltak som kan sikre elever på ungdomsskolen rett til opplæring på hovedmålet og rett til å tilhøre en egen målformgruppe, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:116 S (2015–2016) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Liv Signe Navarsete, Magne Rommetveit, Terje Breivik, Geir Sigbjørn Toskedal og Audun Lysbakken om å sikra alle elevar i grunnskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt, jf. Innst. 68 S (2016–2017).

Regjeringa viser til det førebelse overslaget som Stortinget blei orientert om i budsjettproposisjonen for 2019, for kva det vil koste dersom elevar på ungdomstrinnet skal få rett til opplæring på hovudmålet sitt og rett til å høyre til ei eiga målformgruppe slik som elevar på barnetrinnet.

Vedtaket er følgt opp i regjeringa sitt forslag til ny opplæringslov. Regjeringa har sendt forslag til ei ny opplæringslov på offentleg høyring 26. august 2021 og tek sikte på å legge forslaget fram for Stortinget i ein lovproposisjon våren 2023.

Vedtak nr. 774, 7. juni 2017: Vern av lærartittelen

«Stortinget ber regjeringen utrede om det er behov for å beskytte lærertittelen.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:96 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Iselin Nybø, Trine Skei Grande og Sveinung Rotevatn om Lærerløftet 2.0, jf. Innst. 375 S (2016–2017).

Læraryrket er allereie i stor grad lovregulert i form av kvalifikasjonskrav for tilsetjing og undervisning, og lærarutdanningane blir styrte gjennom forskriftsfesta rammeplanar og retningslinjer. I tillegg kjem krav til at kandidaten skal vere skikka, og krav om politiattest. Ifølge definisjonen i yrkeskvalifikasjonsdirektivet er lærar eit lovregulert yrke i Noreg ved at det er sett kvalifikasjonskrav til lærarane. Regjeringa har òg ei omfattande satsing på etter- og vidareutdanning av lærarar og har i september 2021 sett ned eit utval som skal vurdere og foreslå ulike modellar for etter- og vidareutdanning for lærarar og andre tilsette i barnehage og skule. I tillegg samarbeider regjeringa tett med partane i arbeidslivet om rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar. Samla meiner regjeringa at desse tiltaka gir eit vern av lærartittelen, fordi dei oppfyller nokre av dei same formåla.

Ein måte å verne lærartittelen på utover krava og tiltaka som allereie finst, er å etablere ei sertifiseringsordning for lærarar. Regjeringa har greidd ut ei sertifiseringsordning for lærarar, og ønsker på bakgrunn av utgreiinga ikkje å etablere ei sertifiseringsordning som inkluderer register over dei formelle kvalifikasjonane til lærarane. Eit register vil vere svært ressurskrevjande både å bygge opp og å drifte. Det viser òg erfaringane frå innføringa av den svenske legitimasjonsordninga. Det vil vere krevjande å få vurdert kvalifikasjonane for alle lærarane i skulen og eventuelt barnehagen opp mot ulike regelverk gjennom åra. Regjeringa meiner at det er ei betre utnytting av ressursane å forsterke og vidareutvikle eksisterande verkemiddel som kan sikre kvalifisering og profesjonalisering av lærarane. Departementet viser elles til omtalen av oppmodingsvedtak nr. 8, 6. oktober 2020 om sertifiseringsordning for lærarar og vern av lærartittelen.

Departementet meiner at vedtak nr. 774, 7. juni 2017 er følgt opp.

Vedtak nr. 897, 13. juni 2017: Melding om kulturskule

«Stortinget ber regjeringen legge fram en egen stortingsmelding om en styrket kulturskole for framtiden.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:112 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Sigbjørn Toskedal, Line Henriette Hjemdal, Geir Jørgen Bekkevold og Anders Tyvand om en stortingsmelding om en styrket kulturskole for fremtiden, jf. Innst. 448 S (2016–2017).

Departementet har følgt opp vedtaket gjennom Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge, som blei lagd fram 19. mars 2021. I meldinga presenterer regjeringa for første gong barne- og ungdomskulturfeltet som eit samla politisk satsingsområde på nasjonalt nivå. I meldinga blir det vist til oppmodingsvedtak nr. 897, 13. juni 2017, og kulturskulen har derfor fått ein sentral plass i meldinga. Kapittel 8 handlar spesifikt om kulturskulen, og det blir foreslått ei rekke tiltak for ein styrkt kulturskule for framtida.

Departementet meiner at vedtak nr. 897, 13. juni 2017 er følgt opp.

Vedtak nr. 900, 13. juni 2017: Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk

«Stortinget ber regjeringen i samråd med sektoren se til at alle skoler skal ha tilgang på lærere med fordypning innen spesialpedagogikk.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

Oppmodingsvedtak nr. 900 er omtala i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO, som blei lagd fram i november 2019. Der blei det varsla at regjeringa ville vurdere korleis alle barnehagar og skular kan få tilstrekkeleg tilgang til spesialpedagogisk kompetanse. Utdanningsdirektoratet fekk i oppdrag å greie ut dette nærare og har levert eit svar på oppdraget. Utdanningsdirektoratet foreslår mellom anna ei presisering i regelverket som skal sikre at personalet som har ansvar for det spesialpedagogiske området, bør ha eit minimumsnivå av formell pedagogisk eller spesialpedagogisk kompetanse, og at delen studieplassar i spesialpedagogikk for lærarar bør harmonisere betre med dagens behov og aukast betydeleg. Denne utgreiinga inngår i kunnskapsgrunnlaget for moglege regelverksendringar som blir behandla saman med forslaga frå opplæringslovutvalet i oppfølginga av NOU 2019: 23 Ny opplæringslov. Forslag til ny opplæringslov blei sendt på høyring 26. august 2021. Departementet er einig med opplæringslovutvalet i at dei som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring (spesialundervisning), skal oppfylle krava for å bli tilsett i lærarstilling og krava til relevant kompetanse i undervisningsfaget.

Departementet følger opp forslaget frå opplæringslovutvalet om at det skal kunne gjerast unntak frå krava til kompetanse for å gi individuelt tilrettelagd opplæring (spesialundervisning), men berre dersom det vil gi elevane betre opplæring. Dette gjeld både for krava til å bli tilsett i lærarstilling og kravet til relevant kompetanse i undervisningsfag. Departementet foreslår at slike unntak berre kan gjerast for personar med ei universitets- eller høgskuleutdanning som gjer dei særleg eigna til å vareta behova til elevane. Unntaket opnar for at til dømes ein barnevernspedagog eller spesialpedagog med relevant kompetanse, men som ikkje har lærarutdanning, kan ha ansvaret for å planlegge, gjennomføre og følge opp undervisninga når det er fagleg og konkret grunngitt.

Departementet viser til omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa og budsjettforslaget under kap. 226, post 22, der det innanfor vidareutdanning for lærarar er foreslått 370 nye vidareutdanningsplassar, hovudsakleg innanfor spesialpedagogikk.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 901, 13. juni 2017: Rett til spesialundervisning av fagpersonar

«Stortinget ber regjeringen sikre at alle elever med behov for spesialundervisning får rett til opplæring av fagpersoner med godkjent relevant utdanning.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

Departementet viser til svaret i omtalen av oppmodingsvedtak nr. 900, 13. juni 2017, og at forslaget vil bli behandla saman med forslaga frå opplæringslovutvalet i oppfølginga av NOU 2019: 23 Ny opplæringslov. Regjeringa sitt lovforslag blei sendt på høyring 26. august 2021. Departementet tek sikte på å fremje ein lovproposisjon for Stortinget våren 2023.

Vedtak nr. 903, 13. juni 2017: Spesialundervisning og lærarkompetanse

«Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for at alle elever med behov for spesialundervisning får opplæring av fagpersoner med pedagogisk eller spesialpedagogisk kompetanse.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

Departementet viser til svar under oppmodingsvedtak nr. 900, 13. juni 2017 og at forslaget vil bli behandla saman med forslaga frå opplæringslovutvalet i oppfølginga av NOU 2019: 23 Ny opplæringslov. Regjeringa sitt lovforslag blei sendt på høyring 26. august 2021. Departementet tek sikte på å fremje ein lovproposisjon for Stortinget våren 2023.

Vedtak frå 2015–2016-sesjonen

Vedtak nr. 789, 7. juni 2016: Kartlegging i barnehagane

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til ny § 2 første ledd i barnehageloven som ivaretar et eventuelt behov for lovhjemling av barnehagens behandling av personopplysninger, men som på ingen måte legger til rette for mer dokumentasjon, kartlegging og måling av det enkelte barn.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.), jf. Innst. 344 L (2015–2016).

Personopplysningslova, som gjennomfører forordning (EU) nr. 2016/679 (generell personvernforordning) i Noreg, tredde i kraft 20. juli 2018. Departementet har i det oppfølgande lovarbeidet gjort ei vurdering av korleis reglane for innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysningar om barn i barnehagar bør vere for å vareta både personvernet til barnet og kravet om at barnehagen skal gi eit tilrettelagt barnehagetilbod for det einskilde barnet.

Departementet la fram Prop. 145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.) i april 2021, med forslag til endringar i mellom anna barnehagelova og reglar for behandling av personopplysingar. Stortinget behandla forslaget 27. mai 2021, jf. Innst. 512 L (2020–2021) og lovvedtak 124 (2020–2021), der det står:

«I lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager blir det gjort følgjande endringar:

§ 2 a første ledd nytt tredje punktum skal lyde: Barnehagen må ha tillatelse fra barnets foreldre for å utlevere personopplysninger om barnet til skolen.

Ny § 47 a skal lyde: Kommuner, fylkeskommuner og private barnehagers behandling av personopplysninger Kommuner, fylkeskommuner og private barnehager kan behandle personopplysninger, herunder personopplysninger som nevnt i personvernforordningen artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgaver etter loven. Ved bytte av barnehage kan barnehagen levere ut personopplysninger, inkludert personopplysninger som nevnt i personvernforordningen artikkel 9 og 10, som er nødvendige for at den nye barnehagen kan gi barnet et tilbud i samsvar med loven, men bare så langt foreldrene har gitt tillatelse. Departementet kan gi forskrift om behandling av personopplysninger etter første og andre ledd, blant annet om formålet med behandlingen, behandlingsansvar, hvilke personopplysninger som kan behandles, hvem det kan behandles personopplysninger om, bruk av automatiserte avgjørelser, adgang til viderebehandling, utlevering og tilgang til personopplysninger.»

Lovendringa tredde i kraft 1. august 2021.

Departementet meiner at vedtak nr 789, 7. juni 2016 er følgt opp.

Vedtak nr. 791, 7. juni 2016: Personopplysningar i barnehagesektoren

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak som klargjør hjemmelsgrunnlaget for innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysninger. Det understrekes at det ikke skal legges til rette for mer dokumentasjon, kartlegging og måling av det enkelte barn.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.), jf. Innst. 344 L (2015–2016).

Personopplysningslova, som gjennomfører forordning (EU) nr. 2016/679 (generell personvernforordning) i Noreg, tredde i kraft 20. juli 2018. Departementet har i det oppfølgande lovarbeidet gjort ei vurdering av korleis reglane for innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysningar om barn i barnehagar bør vere for å vareta både personvernet til barnet og kravet om at barnehagen skal gi eit tilrettelagt barnehagetilbod for det einskilde barnet.

Departementet la fram Prop. 145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.) i april 2021, med forslag til endringar i mellom anna barnehagelova og reglar for behandling av personopplysingar. Stortinget behandla forslaget 27. mai 2021, jf. Innst. 512 L (2020–2021) og lovvedtak 124 (2020–2021), der det står:

«I lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager blir det gjort følgjande endringar:

§ 2 a første ledd nytt tredje punktum skal lyde: Barnehagen må ha tillatelse fra barnets foreldre for å utlevere personopplysninger om barnet til skolen.

Ny § 47 a skal lyde: Kommuner, fylkeskommuner og private barnehagers behandling av personopplysninger Kommuner, fylkeskommuner og private barnehager kan behandle personopplysninger, herunder personopplysninger som nevnt i personvernforordningen artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgaver etter loven. Ved bytte av barnehage kan barnehagen levere ut personopplysninger, inkludert personopplysninger som nevnt i personvernforordningen artikkel 9 og 10, som er nødvendige for at den nye barnehagen kan gi barnet et tilbud i samsvar med loven, men bare så langt foreldrene har gitt tillatelse. Departementet kan gi forskrift om behandling av personopplysninger etter første og andre ledd, blant annet om formålet med behandlingen, behandlingsansvar, hvilke personopplysninger som kan behandles, hvem det kan behandles personopplysninger om, bruk av automatiserte avgjørelser, adgang til viderebehandling, utlevering og tilgang til personopplysninger.»

Lovendringa tredde i kraft 1. august 2021.

Departementet meiner at vedtak nr 791, 7. juni 2016 er følgt opp.

Vedtak nr. 796, 7. juni 2016: Krav om norsk og samisk språk i barnehagesektoren

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til endringer i barnehageloven som sikrer at ansatte i offentlige og private barnehager behersker norsk språk, og at ansatte i samiske barnehager behersker samisk språk.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen, jf. Innst. 348 S (2015–2016).

Departementet viser til omtale i Prop. 1 S (2018–2019) om den delen av vedtaket som gjeld norsk språk, og at denne delen er følgt opp gjennom ei lovendring som tredde i kraft 1. august 2018, jf. barnehagelova § 27.

Når det gjeld den delen av vedtaket som gjeld samisk språk, heng dette saman med oppfølginga av NOU 2016: 18 Hjertespråket. Forslag til lovverk, tiltak og ordningar for samiske språk og oppfølginga av Meld. St. 31 (2018–2019) Samisk språk, kultur og samfunnsliv, som blei lagd fram 21. juni 2019. Språkutvalet foreslo lovendringar og tiltak på ulike departements ansvarsområde. Som ein del av oppfølginga av rapporten har regjeringa ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet i august 2021 sendt eit forslag til endringar i språkreglane i samelova på alminneleg høyring. Regjeringa ønsker mellom anna å gjere endringar i regelverket for å legge til rette for at fleire kommunar blir med i forvaltningsområdet for samisk språk, og med det er med på å bevare og utvikle dei samiske språka. Sametinget er konsultert om forslaget. Høyringsfristen er 15. november 2021.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Vedtak frå 2020–2021-sesjonen

Vedtak nr. 3, 6. november 2020: Høgare utdanningsinstitusjonar sitt tilbod om desentralisert utdanning

«Stortinget ber regjeringen sørge for at høyere utdanningsinstitusjoner vektlegger sitt regionale ansvar og desentralisert utdanning i hele landet.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med debatten etter Hans Majestet Kongens tale til det 165. stortinget ved opninga og melding om Noregs rikes tilstand og styring (trontaledebatten).

Regjeringa satsar allereie mykje på fleksible studietilbod, inkludert desentraliserte tilbod, som skal møte behova for høgare utdanning som òg er tilgjengeleg utanfor dei faste lærestadene. Gjennom den søknadsbaserte ordninga for fleksible tilbod, er det tildelt 239 mill. kroner dei siste åra. I tillegg er det blitt tildelt 125 mill. kroner til utvikling av fleksible vidareutdanningstilbod innan digital kompetanse til universitet, høgskular og fagskular. Universitet og høgskular har òg fått midlar til nettbaserte tilbod for ledige og permitterte, og til tilbod for utvalde bransjar gjennom bransjeprogram. Totalt er det blitt løyvd om lag 1 mrd. kroner til fleksible tilbod dei siste fire åra. Det inkluderer alle utdanningsnivå. I juni 2021 la regjeringa fram ein strategi for desentraliserte og fleksible utdanningstilbod ved fagskular, høgskular og universitet. Målet med strategien er å auke tilgangen til fleksible og desentraliserte tilbod av høg kvalitet som er tilpassa behova som arbeidslivet og den einskilde har. Å betre tilgangen til fleksible og desentraliserte studietilbod i heile landet og å styrke samarbeidet mellom aktørane i utdanning og arbeidsliv er to av dei fire innsatsområda i strategien. Som del av opppfølginga av strategien foreslår regjeringa å opprette to nye ordningar i 2022. Eit nytt distriktsprogram for kompetanseutvikling skal styrke det desentraliserte utdanningstilbodet. Ei ny ordning for studiesenter vil gi studiesenter og liknande aktørar støtte til aktivitetar for å nå ut med og legge til rette for at innbyggarar og verksemder kan få fleksible og desentraliserte tilbod. Dei to nye ordningane vil få eit omfang på minimum 40 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet følger òg opp det regionale ansvaret og tilbodet av desentralisert utdanning i styringsdialogen med institusjonane.

Regjeringa har òg lagt fram stortingsmeldingar om arbeidslivsrelevans i høgare utdanning og styringspolitikken for statlege universitet og høgskular. Meldingane har mellom anna som mål å legge til rette for gode og relevante utdanningstilbod i heile landet. Dei uttrykker òg regjeringas forventningar til utdanningsinstitusjonane om å samarbeide med regionale aktørar. Òg i ny lov om universitet og høgskular har regjeringa klargjort at institusjonane skal samarbeide med aktørar på regionalt og lokalt nivå.

I 2019 vart ordninga med midlar til fleksible tilbod oppretta, og Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) har tildelt til saman 239 mill. kroner til universitet og høgskular for å utvikle og drifte fleksible og desentraliserte utdanningstilbod.

Midlane til fleksibel utdanning må sjåast i samanheng med kompetansereforma Lære heile livet, som regjeringa har sett i gang, jf. Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet. Meldinga inneheld tiltak som skal bidra til å vareta behovet for oppdatert kompetanse i heile landet.

Kunnskapsdepartementet meiner at dei nemnde tiltaka vil medverke til at institusjonane vektlegg sitt regionale ansvar og tilbyr desentralisert utdanning i heile landet, og at vedtak nr. 3, 6. november 2020 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 16, 6. oktober 2020: Gjennomgang av finansieringskategoriane i høgare utdanning

«Stortinget ber regjeringen om en gjennomgang av finansieringskategoriene i høyere utdanning, for å sikre at utdanninger som ingeniørfag, lærerutdanninger og andre utdanninger som er etterspurt i arbeidsmarkedet har riktig finansiering.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med debatten etter Hans Majestet Kongens tale til det 165. stortinget ved opninga og melding om Noregs rikes tilstand og styring (trontaledebatten).

Regjeringa la i mars 2021 fram Meld. St. 19 (2020–2021) Styring av statlige universiteter og høyskoler, jf. Innst. 425 S (2020–2021). Meldinga varsla at regjeringa vil ha ein gjennomgang som ser på heilskapen i finansieringa av universitet og høgskular. Gjennomgangen skal sjå på den samla statlege finansieringa gjennom ulike tildelingsformer og sjå denne i samanheng med den generelle styringspolitikken til regjeringa og dei andre styringsverkemidla. Kunnskapsdepartementet har nemnt opp eit utval som skal levere tilrådingar til departementet innan mars 2022. Utvalet skal særleg vurdere innhaldet i dei to oppmodingsvedtaka som Stortinget gjorde i 2020 om finansieringssystemet for universitet og høgskular, jf. vedtak nr. 699, 15. juni 2020.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 30, 13. oktober 2020: Ordning i Statens lånekasse for utdanning for autorisasjon av helsepersonell

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til en stipend- og/eller låneordning, opne gjennom Statens lånekasse for utdanning, for å dekke nødvendige kurs og fagprøver for å oppnå autorisasjon for helsepersonell.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 89 L (2019–2020) Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven) , jf. Innst. 389 L (2019–2020).

Nødvendige kurs og fagprøvar for helsepersonell med yrkeskvalifikasjonar frå tredjeland skil seg ut frå den typen utdanning Lånekassen vanlegvis gir utdanningsstøtte til. Ei særskild ordning for denne gruppa helsepersonell må derfor vurderast nærmare. Kunnskapsdepartementet har teke kontakt med Helse- og omsorgsdepartementet om budsjettmessige konsekvensar av forslag til løysing.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 285, 14. desember 2020 Prosjektering av nye lokale for Griegakademiet

«Stortinget ber regjeringen sørge for at UiB får anledning til å bruke egne avsatte midler til å fortsette prosjekteringen av nye lokaler for Griegakademiet i samarbeid med Statsbygg.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2020–2021), jf. Innst. 12 S (2020–2021).

Kunnskapsdepartementet har hatt dialog med Universitetet i Bergen og Statsbygg, og universitetet har stadfesta at dei vil halde fram med å prosjektere bygget i 2021 og 2022 innanfor gjeldande rammer. Kunnskapsdepartementet har gitt Statsbygg i oppdrag å vidareføre prosjektet Nytt bygg for Griegakademiet fram til ferdig forprosjekt.

Kunnskapsdepartementet meiner at med dette er vedtak nr. 285, 14. desember 2020, følgt opp.

Vedtak nr. 286, 14. desember 2020 Nybygg for Studentersamfundet i Trondhjem

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med Studentersamfundet i Trondhjem om planene for nybygg og komme tilbake til Stortinget i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2021.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2020–2021), jf. Innst. 12 S (2020–2021).

Kunnskapsdepartementet har hatt møte med Studentersamfundet om planane for nybygg. Departementet viser til regjeringa sitt forslag i Revidert nasjonalbudsjett 2021, jf. Innst. 600 S (2020–2021) og Prop. 195 S (2020–2021). Studentersamfundet i Trondhjem fekk i tråd med dette eit tilskot på 10 mill. kroner som eit bidrag til å finansiere eit nybygg.

Kunnskapsdepartementet meiner at med dette er vedtak nr, 286, 14. desember 2020, følgt opp.

Vedtak nr. 543, 19. januar 2021: Inntektsbortfall for studentar

«Stortinget ber regjeringen raskest mulig opprette en krisestøtteordning for studenter som har opplevd inntektstap grunnet koronapandemien i vårsemesteret 2021.Ordningen skal være mer tilgjengelig og ha en høyere stipendandel enn ordningen våren 2020 og ta utgangspunkt fra en ramme hvor stipendene utgjør 1 mrd. kroner.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av utgreiingar frå statsministeren og helse- og omsorgsministeren om handteringa av covid-19-pandemien og status for vaksinearbeidet (utgreiingane vart haldne i stortingsmøte 18. januar 2021).

Departementet viser til omtale i Prop. 79 S (2020–2021) og regjeringas studentpakke. Studentar som kan stadfeste at dei har mista inntekt på grunn av covid-19-pandemien, kunne våren 2021 søke om eit tilleggslån på 26 000 kroner. Av dette kan 10 400 kroner gjerast om til stipend på eit seinare tidspunkt. Stipendet er kostnadsrekna til 778 mill. kroner. Perioden for dokumentasjon av mista inntekt blei utvida med eit heilt år samanlikna med våren 2020. For våren 2021 har om lag 41 000 studentar søkt om tilleggslånet. Med eit lågare søkartal enn anslått er 40 mill. kroner omdisponert til sosiale lågterskeltilbod for studentar i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2021. Fleire studentar har over lang tid hatt lite eller inga fysisk undervisning, og tiltaka har vore krevjande. Midlane er tildelt via samskipnadene til ulike tilbod for studentane, slik som studentorganisasjonar, arrangement ved semesterstart og fadderveka hausten 2021 og andre lokale behov.

Utover ordninga for studentar som har mista inntekt, har regjeringa òg gjort tilpassingar som gir fleire studentar tilgang til utdanningsstøtteordningane. Eit mellombels unntak frå bortebuarkavet for rett til einskilde stipend og lån er gjeninnført, og mellombels unntak frå inntektsgrenser ved behovsprøving av stipend er vidareført. Regjeringa har òg skapt fleire studentjobbar ved å tildele 200 mill. kroner til å lønne studentar som skal gi fagleg og sosial oppfølging av andre studentar.

Departementet meiner at vedtak nr. 543, 19. januar 2021 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 684, 25. februar 2021: Finansiering av studieopphald i utlandet

«Stortinget ber regjeringen sikre gode finansieringsmekanismer for studieopphold i utlandet for å sikre lik tilgang uansett økonomisk bakgrunn – også til høyt rangerte læresteder.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning, jf. Innst. 247 S (2020–2021).

For at fleire skal reise til ikkje-engelskspråklege land, foreslår regjeringa frå studieåret 2022–23 å innføre eit stipend til dei som studerer i einskilde prioriterte samarbeidsland innanfor høgare utdanning og forsking. Regjeringa vil òg endre praksisen ved valutajustering av det maksimale skulepengebeløpet i Lånekassen slik at studentar frå 2023 ikkje får utbetalt mindre som følge av ei styrkt krone. Sjå omtale under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 685, 25. februar 2021: Auka studiemobilitet for studentar med tilretteleggingsbehov

«Stortinget ber regjeringen foreslå virksomme tiltak for økt studiemobilitet blant studenter med et tilretteleggingsbehov.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning, jf. Innst. 247 S (2020–2021).

Oppfølginga av dette oppmodingsvedtaket er under arbeid i samarbeid med relevante departement. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 687, 25. februar 2021: Betre godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning

«Stortinget ber regjeringen videreutvikle enklere, raskere og mer forutsigbare godkjenningsordninger for utenlandsk utdanning og kompetanse.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning, jf. Innst. 247 S (2020–2021).

Oppfølginga av dette oppmodingsvedtaket er under arbeid i samarbeid med relevante departement. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 689, 25. februar 2021: Likare konkurranse om studieplassar ved opptak til høgare utdanning i 2021

«Stortinget ber regjeringen vurdere utjevnende tiltak for å bidra til likere konkurranse om studieplasser ved opptak til høyere utdanning i 2021.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:98 (2020–2021) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Mona Fagerås, Nicholas Wilkinson, Torgeir Knag Fylkesnes, Freddy André Øvstegård, Karin Andersen og Lars Haltbrekken om å avlyse sentralt gitte eksamener våren 2021, jf. Innst. 250 S (2020–2021).

I februar 2021 bad Kunnskapsdepartementet Unit om å sjå på moglege endringar i opptakssystemet for hausten 2021 etter at eksamen blei avlyst. Unit leverte ein rapport der dei vurderte ulike endringsforslag. Unit konkluderte med at alle modellane ville hatt uheldige konsekvensar for einskilde grupper, òg for nokre av søkarane i den gruppa endringane var tenkt å hjelpe. Kunnskapsdepartementet konkluderte med å følge Units tilrådingar om å gjennomføre opptaket som planlagt og utan endringar.

Departementet meiner at vedtak nr. 689, 25. februar 2021 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 734, 11. mars 2021 Studieplassar innanfor IKT-fag og realfag

«Stortinget ber regjeringen sikre økt antall studieplasser innenfor IKT-fag og realfag.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 5 (2020–2021) Samfunnssikkerhet i en usikker verden, jf. Innst. 275 S (2020–2021).

Regjeringa har prioritert utdanningar i realfag og teknologi. Frå 2015 til 2019 tildelte Kunnskapsdepartementet midlar til om lag 1 600 nye studieplassar i IKT-relaterte fag ved universitet og høgskular, om lag 600 studieplassar innanfor realfag og om lag 900 strategiske studieplassar, som institusjonane kan bruke for eksempel innanfor realfag og teknologi. I Utdanningsløftet 2020 tildelte Kunnskapsdepartementet midlar til ytterlegare 1 400 studieplassar i realfag og teknologi med vekt på informatikk og IKT. Utdanning av kandidatar tek minimum to, tre eller fem år avhengig av grad, slik at den fulle effekten i form av fleire uteksaminerte kandidatar kvart år først vil kome etter 2024.

I tillegg har departementet tildelt midlar til fleksibel utdanning gjennom tidlegare Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku), no Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Dette er midlar som universitet og høgskular kan søke om, mellom anna til tilbod innanfor IKT og realfag.

Universitet og høgskular har også utvida tilbodet av IKT-relaterte utdanningar innanfor gjeldande rammeløyving. I 2020 var det 16 600 studentar på desse tilboda, opp frå om lag 10 000 studentar i 2013. I same periode vaks talet på årleg uteksaminerte kandidatar frå IKT-relaterte utdanningar frå 1 630 til 3 102 kandidatar.

Regjeringa sitt kompetansebehovsutval vurderte at tilbodet av IKT-utdanna er rimeleg godt tilpassa behova, gitt den sterke veksten i kapasiteten i IKT-utdanningane som har skjedd. Dette er likevel eit fagområde der behova veks, og Kompetansebehovsutvalet vil følge situasjonen dei neste åra.

Kunnskapsdepartementet meiner at dei nemnde tiltaka har auka talet på studieplassar innanfor IKT-fag og realfag, og at vedtak nr. 734, 11. mars 2021 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 937, 20. mai 2021: Fråfall og forseinkingar i høgare utdanning

«Stortinget ber regjeringen utrede tiltak for å forhindre frafall og forsinkelser i studiene for studenter i høyere utdanning.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandling av Meld. St. 19 (2020–2021) Styring av statlige universiteter og høyskoler, jf. Innst. 425 S (2020–2021).

Prosentdelen studentar som gjennomfører utdanninga på normert tid, er ein styringsparameter for målet om høg kvalitet i utdanning og forsking. Dikus Tilstandsrapport for høyere utdanning 2021viser at gjennomføringa til studentane på normert tid er relativt stabil, men at det er store skilnader mellom institusjonar. Studien Frafall i universitets- og høyskoleutdanningerfrå Statistisk sentralbyrå (SSB 2019/17) av 167 000 nye bachelorstudentar i perioden 2008–12 viser òg stor variasjon i gjennomføringa mellom ulike fagfelt. Variasjonane mellom institusjonar og fagfelt tilseier at institusjonane sjølv må vurdere grunnane til fråfall og tiltak for å redusere fråfallet på sine utdanningar. Under covid-19-pandemien har Stortinget løyvd midlar til institusjonane og samskipnadene for å tilsetje studentar til fagleg og sosial oppfølging av andre studentar. Regjeringa sette òg ned to ekspertgrupper som fremja tiltak for oppfølging av studentar, studieprogresjon og gjennomføring. Etter regjeringa si vurdering er dette relevante tiltak som institusjonane òg kan nytte vidare for å redusere forseinking og fråfall.

Forseinking i utdanning er kostbart både for den einskilde og for samfunnet. Regjeringa har derfor stor merksemd på å utvikle kvaliteten i høgare utdanning og gjere utdanning tilgjengeleg for alle. Regjeringa har lagt fram ei rekke meldingar og strategiar og har sett i verk tiltak som støttar opp om dette.

Døme på dette er Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2019–2028, der det ligg ein opptrappingsplan på 250 mill. kroner til kvalitet i høgare utdanning. Regjeringa har i oppfølginga av planen satsa særskilt på prosjektutlysingar i kvalitetsprogramma for høgare utdanning. Kvalitetsprogramma er ei samling av program som er etablert for at fagmiljø i høgare utdanning kan søke om prosjektmidlar til å utforske og spreie gode undervisningsmetodar og utvikle eksisterande og nye utdanningstilbod. Regjeringa har òg satsa på utvikling av fleksible og desentraliserte utdanningstilbod, og utarbeidd ein strategi for slike tilbod i høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning, for at fleire skal kunne ta utdanning. Meld. St. 16 (2020–2021) Utdanning for omstilling – Økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanninglegg vekt på å stimulere til meir bruk av studentaktive læringsformer og tettare samarbeid mellom arbeidsliv og utdanningar. Regjeringa vil òg gjennomgå regelverket for kvalitet i praksis. Regjeringa har òg utvikla utdanningsstøtteordningane gjennom Lånekassen, mellom anna ved å utvide perioden med lån og stipend til 11 månader, og gjort ordningane for studentar i deltidsutdanning meir fleksible. Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval som skal gå gjennom regelverket for opptak til høgare utdanning.

Hovuddelen av departementet sitt arbeide handlar om å skape ein utdanningssektor med høg kvalitet og gode tilbod for studentane, der så mange studentar som råd gjennomfører studia sine. Dette er eit arbeid som held på heile tida, og som vil halde fram. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 940, 20. mai 2021: Studieplassar innanfor medisin, helsefag, sjukepleie og psykologi

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 komme tilbake til Stortinget med innledende tiltak for å sikre flere studieplasser innenfor medisin, helsefag, sykepleie og psykologi.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2020–2021) Styring av statlige universiteter og høyskoler, jf. Innst. 425 S (2020–2021).

Det er behov for fleire med utdanning og kompetanse innanfor helse- og sosialfaga i åra framover. Derfor har regjeringa prioritert kapasiteten i høgare utdanning tilsvarande ein auka årleg kapasitet på nær 8 800 fleire studieplassar samanlikna med 2013. Frå 2013 har løyvingane til universitet og høgskular auka med over 13 mrd. kroner og dermed òg gjort det mogleg for dei å tilby fleire plassar utover dei øyremerkte studieplassane. Over 20 000 fleire studentar møtte til studiestart hausten 2020 enn hausten 2013.

Tilgangen på praksisplassar er ein stor skranke for utdanning av fleire sjukepleiarar. Betre kvalitet og meir kapasitet på praksisplassar i den kommunale helse- og omsorgstenesta er heilt avgjerande for å kunne utdanne tilstrekkeleg med kvalifisert helsepersonell. Det er ikkje mogleg å få opp kapasiteten i sjukepleiarutdanninga vesentleg utan å løyse kapasitetsutfordringane for praksisen. Praksisproblematikken generelt i helsefagutdanningane må løysast før ein kan auke mykje talet på studieplassar. Regjeringa har i arbeidslivsrelevansmeldinga, jf. St.meld. nr. 16 (2020–2021) Utdanning for omstilling – Økt arbeidsrelevans i høyere utdanning,fleire tiltak som skal bidra til fleire praksisplassar.

Regjeringa har òg sett i gang ei pilotordning for meir og betre praksis i dei kommunale helse- og velferdstenestene. Pilotane har mellom anna som mål å utarbeide nye og innovative måtar å organisere og finansiere praksismodellar på som kan bidra til meir kapasitet i praksisfeltet og til å ta i bruk fleire kommunar som ligg lenger unna studiestadene. På sikt er målet at erfaringane frå pilotordninga vil bidra til fleire praksisplassar.

Regjeringa har eit mål om at ein større del norske legar over tid skal kunne ta utdanninga i Noreg, jf. Prop.1S (2020–2021). Styringsmeldinga viste til at ei interdepartemental arbeidsgruppe vurderer korleis kapasiteten i medisinutdanning i Noreg kan aukast basert på vurdering av behov, rekrutteringsgrunnlag, kvalitet i studiemodellar og kost–nytte-vurderingar. Det vil vere høge kostnader ved å utvide kapasiteten i medisinutdanninga, mellom anna for bygg og infrastruktur, vitskapleg tilsette og midlar til å ta opp fleire studentar. Den interdepartementale gruppa har i arbeidet fått innspel både frå universitets- og høgskulesektoren og primær- og spesialisthelsetenesta. Regjeringa har på bakgrunn av dette teke initiativ til ein nasjonal prosess om dimensjonering av medisinutdanninga i åra framover og vil i den samanheng vurdere om ein skal inkludere fleire institusjonar enn i dag. Regjeringa vil avvente resultata frå dette arbeidet før det blir laga ein plan for opptrapping av studieplassar til medisinutdanninga.

Regjeringa har gjennom Meld. St. 19 (2020–2021) sagt at ho vil endre forskrift om gradar og beskytta titlar (gradsforskrifta) og vil la fleire institusjonar tilby psykologutdanning. Det er etterspurnad etter fleire psykologar og dagens regelverk førar til ein konsentrasjon av desse utdanningane i eit lite antal byar og svekker kvalitetsfremjande konkurranse i sektoren. Ved endring av gradsforskrifta vil fleire institusjonar kunne tilby psykologutdanning og ein får eit auka utdanningstilbod og dermed vil ein òg få utdanna fleire psykologar. Finansiering og fordeling av eventuelle midlar til nye studieplassar må handterast gjennom den ordinære budsjettprosessen.

I samband med Utdanningsløftet 2020 tildelte regjeringa midlar til 4 000 nye studieplassar. Av desse blei kapasiteten i helse- og sosialfaglege utdanningar auka med 1 123 nye studieplassar, fordelte mellom anna med 80 plassar til medisinutdanning, 24 til psykologutdanning, 250 til sjukepleiarutdanning og 200 til vidareutdanningar i sjukepleie. Desse blir vidareførte i budsjettforslaget i Prop. 1S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet. Sidan 2014 har Stortinget løyvd midlar til om lag 1 700 helse- og sosialfaglege studieplassar. Dette inkluderer 116 plassar til medisinutdanning, 49 plassar til profesjonsutdanning i psykologi, 450 plassar til sjukepleiarutdanning og 247 plassar til vidareutdanningar i sjukepleie.

Regjeringa vil etablere eit system for fordeling av nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning som tek omsyn til kompetansebehova i arbeidslivet, moglegheitene fagskulane har til planlegging, og som bygger på kunnskapsgrunnlag og analysar av kompetansebehov. Regjeringa la fram dette i strategien for høgare yrkesfagleg utdanning våren 2021. Eit meir systematisk arbeid med å identifisere kompetansebehov og behovet for studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning vil over tid gi styresmaktene eit betre grunnlag for å vurdere vidare dimensjonering av fagskulesektoren.

Satsingar på utdanningskapasitet i høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning vil måtte vurderast og behandlast i dei årlege budsjettprosessane. Regjeringa vil òg vurdere dette i arbeidet med ny langtidsplan for høgare utdanning og forsking. Sjå òg omtale under vedtak nr. 941, 20. mai 2021.

Departementet meiner at vedtak nr. 940, 20. mai 2021 med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 941, 20. mai 2021: Opptrappingsplan for studieplassar innanfor medisin, helsefag, sjukepleie og psykologi

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en opptrappingsplan for innenfor medisin, helsefag og psykologi. Planen skal både inneholde konkrete tiltak for opprettelse av tilstrekkelig med studieplasser ved utdanningsinstitusjonene, og tiltak som sikrer studentene praksisplass i helsesektoren. Planen bør inneholde tiltak som gjør det attraktivt for helsearbeidere å være i sektoren.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2020–2021) Styring av statlige universiteter og høyskoler, jf. Innst. 425 S (2020–2021).

Praksisplassar utgjer ein stor skranke for å kunne utdanne tilstrekkeleg helsepersonell. Praksisproblematikken i helsefagutdanningane må løysast før ein kan auke mykje talet på studieplassar. I samband med Utdanningsløftet 2020 tildelte regjeringa midlar til 4 000 nye studieplassar. Av desse blei kapasiteten i helse- og sosialfaglege utdanningar auka med 1 123 nye studieplassar, fordelte mellom anna med 80 plassar til medisinutdanning, 24 til psykologutdanning, 250 til sjukepleiarutdanning og 200 til vidareutdanningar i sjukepleie. Desse blir vidareførte i budsjettforslaget i Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet. Sidan 2014 har Stortinget løyvd midlar til om lag 1 700 helse- og sosialfaglege studieplassar. Over fleire år har det mellom anna blitt tildelt tilsaman 116 plassar til medisinutdanning, 49 plassar til profesjonsutdanning i psykologi, 450 plassar til sjukepleiarutdanning og 247 plassar til vidareutdanningar i sjukepleie.

Regjeringa har gjennom Meld. St. 16 (2020–2021) Utdanning for omstilling – Økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanning peika på ei rekke tiltak for å betre tilgangen på praksisplassar. Regjeringa vil greie ut ei forsterking av kommunane sitt ansvar for utdanning av helse- og sosialfagstudentar og ein praksiskoordinatorfunksjon for å betre samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og kommunar. Dette vil òg kunne bidra til betre utnytting av eksisterande praksisplassar. Fleire praksisplassar i kommunane vil òg bidra til meir relevant praksis for studentane og dermed kunne førebu dei betre til yrket dei skal utdanne seg til. Det er allereie tildelt 97 mill. kroner gjennom praksispiloten i Diku for å utvikle kvaliteten og kapasiteten på praksis i kommunane. Regjeringa vil vidareføre dette arbeidet. God kvalitet i praksis er viktig for læringsutbyttet til studentane og for motivasjonen for framtidig arbeid i kommunane. I tillegg vil regjeringa greie ut korleis private aktørar som leverer tenester til det offentlege, skal få eit ansvar for å bidra til utdanning av helse- og sosialfagstudentar. Sjukepleiarutdanninga er òg regulert av yrkeskvalifikasjonsdirektivet, som stiller detaljerte krav til omfang og arenaer for praksisplassar. Dette bidreg til å gjere praksissituasjonen for sjukepleiarutdanninga ekstra utfordrande. Regjeringa vil derfor gjennom dialog med andre EØS-land sjå om det er mogleg med endringar i direktivet slik at simulering i større grad kan erstatte delar av praksis.

Regjeringa vil etablere eit system for fordeling av nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning som tek omsyn til kompetansebehova i arbeidslivet og moglegheitene fagskulane har for planlegging, og som bygger på kunnskapsgrunnlag og analysar av kompetansebehov. Regjeringa la fram dette i strategien for høgare yrkesfagleg utdanning våren 2021. Ei rekke forhold har betydning for å behalde personell og skape attraktive arbeidsplassar, mellom anna moglegheiter for fagleg utvikling, ansvarleg arbeidsgivarpolitikk, gode arbeidsmiljø, leiing, moglegheiter for vidare- og etterutdanning og så vidare. Arbeid med dette har lenge stått på dagsordenen både i helseføretaka og i kommunane. For sjukepleiarar viser til dømes studiar at det er samanheng mellom yrkesdeltaking og vidareutdanning, at kvaliteten på behandlinga har betydning for rekrutteringa, og at kompetansehevande tiltak og moglegheiter til å utvikle tenesta, har betydning for å bli verande i jobben. Òg forhold som mellom anna moglegheiter for å jobbe heiltid, faste stillingar, god introduksjon av nytilsette, trygge arbeidsvilkår, karrieremoglegheiter, livsfasetilnærming og seniorpolitikk, spelar inn på dette. Regjeringa har sett i verk mange tiltak som er i gang og under utvikling for å bidra til å skape attraktive arbeidsplassar for helsepersonell.

I helseføretaka er det over tid arbeidd med å etablere heiltidskultur, gi vidare- og etterutdanningsmoglegheiter og anna fagleg utvikling, redusere sjukefråvær og utvikle og ta vare på gode arbeidsmiljø. Regjeringa vil at helseføretaka skal arbeide strategisk for å sikre tilstrekkeleg personell med nødvendig og riktig kompetanse. Derfor har regjeringa stilt krav om at det i dei neste utviklingsplanane i helseføretaka skal lagast ein plan for å sikre tilstrekkeleg kompetanse. Det skal leggast til rette for livslang læring og ein heiltidskultur.

Regjeringa har gjennom Kompetanseløft 2025 kome med nærare 60 tiltak for rekruttering, kompetanse og fagutvikling i den kommunale helse- og omsorgstenesta og den fylkeskommunale tannhelsetenesta.

Vidare har regjeringa gjennom handlingsplan for allmennlegetenesta 2020–2024 lagt fram ein forpliktande opptrappingsplan for å styrke allmennlegetenesta. For å bygge opp psykologkompetansen i kommunane har regjeringa etablert ei eigen tilskotsordning for rekruttering av psykologar, og talet på psykologar i norske kommunar har auka frå 130 til 617 i løpet av 6 år.

Satsingar på utdanningskapasitet i høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning vil måtte vurderast og behandlast i dei årlege budsjettprosessane. Regjeringa vil òg vurdere dette i arbeidet med ny langtidsplan for høgare utdanning og forsking. Sjå òg omtale under vedtak nr. 940, 20. mai 2021.

Det er fleire pågåande prosesser for å legge til rette for auka utdanningskapasitet i høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1016, 20. mai 2021: Eksamensoppgåver og skriftspråk

«Stortinget ber regjeringen i den helhetlige gjennomgangen av universitets- og høyskoleloven komme tilbake med forslag om lovfesting av retten til å få eksamensoppgavene på det norske skriftspråk studentene ønsker.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 111 L (2020–2021) Endringer i universitets- og høyskoleloven, utdanningsstøtteloven, fagskoleloven og yrkeskvalifikasjonsloven mv. (samleproposisjon), jf. Innst. 517 L (2020–2021).

Departementet tar sikte på å følge opp vedtaket i ein lovproposisjon våren 2022, med endringar i universitets- og høgskolelova. Forslaget har vore på høyring saman med andre forslag i NOU 2020: 3.

Vedtak frå 2019–2020-sesjonen

Vedtak nr. 459, 31. mars 2020: Korte utdanningstilbod ved fagskulane

«Stortinget ber regjeringen se på muligheten av raskt å foreslå nødvendige lovendringer slik at fagskolene kan tilby kurs av kortere varighet.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 S (2019–2020) Endringer i statsbudsjettet 2020 under Utenriksdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet, samt endringer i skatter avgifter og toll 2020 (økonomiske tiltak i møte med virusutbruddet), jf. Innst. 216 S (2019–2020).

Regjeringa la våren 2021 fram ein lovproposisjon, Prop. 111 L (2020–2021), med forslag til endringar i mellom anna fagskulelova ved å fjerne kravet til lengda på fagskuleutdanninga.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 459, 31. mars 2020 er følgt opp.

Vedtak nr. 697, 15. juni 2020: Kompetansefunn Digital

«Stortinget ber regjeringen utrede en ny insentivordning, Kompetansefunn Digital for at små og mellomstore bedrifter skal investere i økt digital-/teknologikompetanse for sine ansatte.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Regjeringa har tildelt Oslo Economics eit oppdrag for å få oversikt over insentivordningar som liknar på Kompetansefunn Digital i andre land, og korleis desse ordningane verkar. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 699, 15. juni 2020: Finansieringssystem for universitet og høgskular

«Stortinget ber regjeringen senest i forbindelse med stortingsmeldingen om styringspolitikken for statlige universiteter og høyskoler om å legge frem forslag til nytt finansieringssystem for universiteter og høyskoler. Forslaget må utarbeides i tett samarbeid med utdanningssektoren og arbeidslivet. Incentiver/faktorer i forslaget til nytt finansieringssystem skal være
  • Relevant arbeid etter endt studium og arbeidslivsrelevans i studiet.

  • Ulike opplegg for etter- og videreutdanning.

  • Opprettelse av mindre og fleksible emner og moduler som arbeidslivet etterspør, og som kan tas i kombinasjon med jobb.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Regjeringa la i mars 2021 fram Meld. St. 19 (2020–2021) Styring av statlige universiteter og høyskoler. Meldinga varsla at regjeringa vil ha ein gjennomgang som ser på heilskapen i finansieringa av universitet og høgskular. Gjennomgangen skal sjå på den samla statlege finansieringa gjennom ulike tildelingsformer og sjå denne i samanheng med den generelle styringspolitikken til regjeringa og dei andre styringsverkemidla. Kunnskapsdepartementet har nemnt opp eit utval som skal levere tilrådingar til departementet innan mars 2022. Utvalet skal særleg vurdere innhaldet i dei to oppmodingsvedtaka som Stortinget gjorde i 2020 om finansieringssystemet for universitet og høgskular, jf. vedtak nr. 16, 6. oktober 2020.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 700, 15. juni 2020: Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

«Stortinget ber regjeringen opprette inntil 1 000 nye studieplasser innen høyere yrkesfaglig utdanning fra høsten 2020, i tillegg til at de 1 000 studieplassene som regjeringen varslet i Prop. 117 S (2019–2020), skal bli permanente, og at det videre utarbeides en forpliktende opptrappingsplan med 1 000 nye studieplasser årlig over fem år.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Stortinget løyvde midlar til totalt 1 600 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning i statsbudsjettet for 2020 og i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020, jf. Innst. 12 S (2019–2020) og Innst. 360 S (2019–2020). Til grunn for auken i talet på nye studieplassar er mellom anna ei kartlegging i fylkeskommunane av kapasiteten i fagskulesektoren våren 2020. I behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2020 hadde utdannings- og forskingskomiteen følgande merknad:

«Flertallet viser til Stortingets anmodningsvedtak i kompetansereformen hvor det bes om at det opprettes inntil 1 000 nye studieplasser innen høyere yrkesfaglig utdanning fra høsten 2020, i tillegg til de 1 000 regjeringen varslet tidligere i vår. På grunn av søkertall, kapasitet og tidsaspektet er det utfordrende å nå hele denne målsettingen allerede i høst, og flertallet legger derfor inn 500 ekstra studieplasser til høyere yrkesfaglig utdanning fra høsten 2020. Flertallet forutsetter at regjeringen følger opp Stortingets vedtak om nye studieplasser i statsbudsjettet for 2021, gitt at det er søknader fra fagskoler som oppfyller intensjonen i Stortingets anmodningsvedtak. Studieplassene skal prioriteres til fagskoletilbud som det er behov for i arbeidslivet, og flertallet legger til grunn at økning i fagskoleplasser vurderes i samsvar med antall søkere og kapasitet i fagskolesektoren.»

I statsbudsjettet for 2021 løyvde Stortinget midlar til om lag 500 nye studieplassar til tilbod ved Industrifagskolen. I statsbudsjettet for 2022 foreslår departementet å vidareføre og trappe opp løyvinga til studieplassane oppretta i 2020 og vidareføre løyvinga til studieplassane oppretta i 2021.

Auken i talet på nye studieplassar i 2020 og 2021 er den største kapasitetsveksten i høgare yrkesfagleg utdanning nokon gong og inneber ein vekst på totalt 2 100 nye studieplassar. Det gir ein auke på om lag 45 pst. i det statlege driftstilskotet til høgare yrkesfagleg utdanning frå 2019 til finansieringa av dei nye studieplassane er fullt opptrappa i 2024.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2017–2018-sesjonen

Vedtak nr. 887, 11. juni 2018: Høgare utdanning

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av dagens regelverk for rangering av søkere til høyere utdanning, inkludert utdanning som i dag ikkje gir poeng, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:196 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Fredrik Grøvan, Olaug V. Bollestad, Knut Arild Hareide og Steinar Reiten om å gi bibelskoleelever to tilleggspoeng,jf. Innst. 387 S (2017–2018).

Kunnskapsdepartementet har starta arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av regelverket for rangering, inkludert alle kvotar og tilleggspoeng i systemet for opptak. Som eit ledd i gjennomgangen har Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) på oppdrag frå departementet levert ein rapport i mars 2020, med ei evaluering av rangeringsregelverket. Rapporten var på høyring hausten 2020. Våren 2021 har regjeringa sett ned eit offentleg utval som skal sjå på systemet for opptak til høgare utdanning. Utvalet skal levere sin rapport i desember 2022. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2016–2017-sesjonen

Vedtak nr. 642, 2. mai 2017: Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med evalueringen av de kvalitetshevende tiltakene vurdere om fagskoler etter bestemte kriterier bør ha plikt til medlemskap i studentsamskipnad.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017).

Kunnskapsdepartementet vil følge opp vedtaket i samband med ei evaluering av innføring og verknad av tiltaka i fagskulemeldinga, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden Fagskoleutdanning. Ein midtvegsrapport er levert departementet i 2021. Rapporten gir i hovudsak ein status for innføring av tiltaka. Ein endeleg rapport skal vere klar i 2023. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 643, 2. mai 2017: Evaluering av fagskulereforma

«Stortinget ber regjeringen foreta en midtveisevaluering av fagskolereformen etter 3 år og en full evaluering etter 5 år.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017).

Kunnskapsdepartementet har i 2020 sett i gang ei evaluering av innføringa og verknadene av tiltaka i fagskulemeldinga, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden Fagskoleutdanning. Evalueringa vil innehalde tre leveransar. Ein midtvegsrapport er levert departementet i 2021. Rapporten gir i hovudsak ein status for innføring av tiltaka. Ein endeleg rapport skal vere klar i 2023 og ta omsyn til ei evaluering av finansieringssystemet for fagskulane og funna i midtvegsevalueringa. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Til forsida