Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapittel: 200–292 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3292, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak

DigForsk AS

Selskapet har leigd inn dagleg leiar. Lønn i 2020 er kostnadsført med 0 kroner og 8 048 kroner i anna godtgjersle. Dagleg leiar er ikkje tilsett i DigForsk AS og mottek derfor ikkje lønn frå selskapet. I 2020 har selskapet innleigd dagleg leiar frå UiT og godtgjersle er ført med 911 716 kroner.

I4 Helse AS

Dagleg leiar fekk 853 616 kroner i lønn og 8 876 kroner i anna godtgjersle i 2020. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 78 669 kroner.

Mecatronics Innovation Lab AS

Dagleg leiar fekk 1 143 647 kroner i lønn og 16 489 kroner i anna godtgjersle i 2019. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 99 526 kroner.

NTNU Ocean Training AS

Dagleg leiar fekk 810 789 kroner i lønn og 15 126 kroner i anna godtgjersle i 2020. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 41 501 kroner.

NSD – Norsk senter for forskingsdata AS

Dagleg leiar fekk 1 244 714 kroner i lønn og 9 695 kroner i anna godtgjersle i 2020. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 24 055 kroner. Dagleg leiar har ikkje rett til bonus, overskotsdeling eller opsjonar og heller ikkje særlege ytingar ved opphøyr av tilsetjingsforholdet.

NTNU Samfunnsforsking AS

Dagleg leiar fekk ei lønn på 1 128 689 kroner i 2020. Pensjonsutgifter er kostnadsført med 126 275 kroner. Dagleg leiar har ein avtale om særskilt vederlag ved opphøyr av tilsetjingsforholdet.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk 1 765 063 kroner i lønn og 13 692 kroner i andre godtgjersler i 2020. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tenestepensjon.

Sem gjestegård AS

Det blei i styremøte 27. oktober 2020 vedteke å kunngjere oppbod for Sem Gjestegård AS. Selskapet blei registrert under konkursbehandling 5. november 2020. Bakgrunnen for vedtaket var at det ikkje lenger var føresetnad for vidare drift. Konkursbuet er enno ikkje avslutta. Dagleg leiar fekk 177 655 kroner i lønn. Pensjonsutgifter er kostnadsført med 106 118 kroner.

Senter for økonomisk forskning AS

Selskapet blei med rekneskapsmessig verknad frå 1. januar 2020 fusjonert inn i NTNU Samfunnsforskning AS, og har såleis ikkje hatt aktivitet som eige selskap i 2020. Selskapet blei sletta i Føretaksregisteret 22. april 2020.

Simula Research Laboratory AS

Dagleg leiar fekk 2 895 511 kroner i lønn og 123 713 kroner i andre godtgjersler i 2019. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 122 835 kroner.

Unifond AS

Det er rekneskapsført 175 635 kroner i lønn til dagleg leiar i 2020. Selskapet har ei ytingsbasert pensjonsordning i Statens pensjonskasse, men har ikkje plikt til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.

Uninett AS

Dagleg leiar fekk 1 549 516 kroner i lønn og 17 428 kroner i andre godtgjersler. Selskapet har innskotsplanar for pensjonar i tråd med regelverket. Innskotsplanane omfattar alle tilsette.

Unirand AS

Dagleg leiar fekk 116 758 kroner i lønn i 2020. Det er ikkje utgiftsført pensjonsutgifter og andre godtgjersler til dagleg leiar.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Det er totalt kostnadsført 1 393 199 kroner i lønn og godtgjersle til dagleg leiar, fordelt på to personar som har vore tilsette som dagleg leiar i ulike periodar. Arbeidsgivardelen av pensjon for dagleg leiar er ført med 187 805 kroner.

Andre

Følgande heileigde selskap har ingen lønte tilsette som dagleg leiar:

  • DnF Productions AS

  • Universitetet i Bergen Eiendom AS

  • Nord innovasjon AS

  • Vangslund AS

Til forsida av dokumentet