Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapittel: 200–292 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3292, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 2
Nærare om budsjettforslaget

4 Nærare om budsjettforslaget

Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

200

Kunnskapsdepartementet

419 657

415 314

423 930

2,1

201

Analyse og kunnskapsgrunnlag

224 027

233 782

261 361

11,8

Sum kategori 07.10

643 684

649 096

685 291

5,6

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

3200

Kunnskapsdepartementet

2 035

0,0

Sum kategori 07.10

2 035

0,0

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

398 661

395 075

403 260

21

Særskilde driftsutgifter

17 481

17 143

17 500

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

3 515

3 096

3 170

Sum kap. 200

419 657

415 314

423 930

Kategorien omfattar løyvingar til drift av Kunnskapsdepartementet. Oppgåver og prioriteringar i Kunnskapsdepartementet følger av politikken og måla innanfor områda skule, barnehage, kompetansepolitikk, forsking, høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning, utdanningsstøtte og integrering. Dei ulike fagområda er nærare omtalte under programkategoriane lenger bak i proposisjonen.

Programkategorien omfattar også løyvingar til utdanningsforskinga. For omtale av forsking for utvikling av integreringspolitikken, sjå omtale under kap. 291, post 21 og 50.

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Mål for 2022

Dei faglege måla for departementet er omtala i dei aktuelle fagkapitla og i kap. 1 Hovudinnleiing. Følgande mål gjeld for arbeidet i Kunnskapsdepartementet:

  • Departementet skal ha eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskapspolitikken og integreringspolitikken.

  • Departementet skal sikre at kunnskaps- og integreringspolitikken blir sett i verk.

  • Departementet skal ha ein god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet.

  • Departementet skal legge til rette for at barnehagebarn, elevar, studentar og tilsette skal vere trygge ved verksemdene der dei oppheld seg store delar av dagen.

Kunnskapsdepartementet har formulert eit sett med verdiar som er rettesnorer for arbeidet med å nå måla:

  • profesjonalitet

  • openheit

  • gjennomføring

Resultat i 2020

Alle måla denne proposisjonen set for sektoren, er rettesnorer for departementet. Samanhengen mellom arbeidet i departementet og resultata i sektoren er likevel avleia og indirekte. Det meste av innsatsen skjer i utdanningsinstitusjonar, forskingsinstitutt og i tenester som arbeider med å integrere innvandrarar. Rolla departementet har, er å førebu avgjerder som Stortinget og regjeringa tek om overordna rammer, og å setje i verk dei tiltaka avgjerdene fastset.

I 2020 har departementet brukt mykje ressursar til å handtere covid-19-pandemien. Samstundes har departementet halde oppe arbeidet med å utvikle og setje i verk politikk. Departementet har lagt fram fire stortingsmeldingar og fem lovproposisjonar i tillegg til dei proposisjonane som gjeld covid-19-relatert lovgiving, jf. oversyn i boks 1.1.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk politikken for integrering, barnehage, grunnopplæring, kompetanseutvikling, høgare utdanning og forsking. Med dette ansvaret følger ansvar for kunnskapsutvikling i sektoren, både til bruk for departementet sjølv og for andre avgjerdstakarar. Kunnskapsgrunnlaget om utdanning, forsking og integrering er godt. Mykje kunnskap er tilgjengeleg i forsking og statistikk. Dertil arbeider Kunnskapsdepartementet vedvarande med å legge til rette for utdanningsforsking og forsking om integrering. Resultat frå dette arbeidet blir rapportert under kap. 201. Sjå òg omtale av kunnskapsgrunnlag for integrering under programkategori 07.90.

Internasjonalt samarbeid gir tilgang til å vere med i undersøkingar som kastar lys over kva vi oppnår i Noreg samanlikna med andre land. Elev- og studentorganisasjonar, innvandrarorganisasjonar og arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar formidlar viktig kunnskap om korleis målgruppene opplever politikken.

Forskingskunnskapen departementet har tilgang til, og kontakten med relevante aktørar internasjonalt og innanlands, gir departementet eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutviklinga. Endå om kunnskapsgrunnlaget er godt, er det framleis rom for forbetringar, særleg når det gjeld å legge kunnskapen betre og meir systematisk til rette for avgjerder. Departementet arbeider vedvarande med å gjere grunnlaget for avgjerdene betre.

Boks 4.1 Proposisjonar og meldingar Kunnskapsdepartementet har lagt fram for Stortinget i 2020–21

  • Prop. 8 L (2020–2021) Endringer i midlertidig lov om tilpasninger i barnehageloven, opplæringslova og friskolelova for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19 (forlengelse av loven)

  • Prop 9 L (2020–2021) Endringer i midlertidig lov om tilpasninger i introduksjonsloven for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19 (forlengelse av loven)

  • Prop. 33 L (2020–2021) Midlertidig lov om tilpasninger i integreringsloven for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19 og lov om endringer i folkehøyskoleloven, barnehageloven og voksenopplæringsloven m.m. (overgangsregler i barnehageloven)

  • Prop. 78 L (2020–2021) Endringer i midlertidig lov om tilpasninger i introduksjonsloven for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19 (integreringspakke II)

  • Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator)

  • Prop. 111 L (2020–2021) Endringer i universitets- og høyskoleloven, utdanningsstøtteloven, fagskoleloven og yrkeskvalifikasjonsloven mv. (samleproposisjon)

  • Prop. 130 L (2020–2021) Endringer i statsborgerloven og integreringsloven (endring i kravene til oppholdstid mv.)

  • Prop. 137 L (2020–2021) Endringer i midlertidige lover om tilpasninger i barnehageloven, opplæringslova, friskolelova, introduksjonsloven og integreringsloven for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19 (forlengelse av lovene)

  • Prop. 145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.)

  • Prop. 156 L (2020–2021) Lov om offentlige organers ansvar for bruk av tolk mv. (tolkeloven)

  • Prop. 196 L (2020–2021) Endringer i midlertidige lover om tilpasninger i introduksjonsloven og integreringsloven for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19 (integreringspakke III)

  • Meld. St. 7 (2019–2020) En verden av muligheter

  • Meld. St. 16 (2019–2020) Utdanning for omstilling

  • Meld. St. 19 (2019–2020)Styring av statlige universiteter og høyskoler

  • Meld. St. 21 (2019–2020)Fullføringsreformen — med åpne dører til verden og fremtiden

Dei faste budsjettproposisjonane er ikkje med i oversynet.

Særskilt om tryggleik og beredskap

Sektorane under Kunnskapsdepartementet arbeider med tryggleik og beredskap innanfor ulike scenario som smittefare, tilsikta digitale hendingar, utanlandsk etterretning, ulykker, vald og terror. I 2020 blei eit av desse scenarioa reelt då covid-19-pandemien ramma verda, Noreg og sektorane under departementet. Departementet sette krisestab 6. mars og har i perioden behandla ei rekke praktiske, økonomiske og juridiske problemstillingar. Informasjon og kommunikasjon til dei ulike målgruppene har vore sentralt i Kunnskapsdepartementets krisehandtering. For nærare omtale av handtering av pandemien i sektoren, sjå kapittel 11.

Samfunnstryggleik

Dei store menneskesamlingane på avgrensa område har tidlegare vore definerte som ein viktig faktor i arbeidet med tryggleik og beredskap i sektorane. I store delar av 2020 handla arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i sektorane under Kunnskapsdepartementet om korleis ulike funksjonar og tenester skulle driftast når ein samtidig måtte ta omsyn til smittevern.

Den viktigaste verdien i samfunnet er menneskeliv og helse. Med sektorar som tel om lag 1,6 mill. personar har departementet og sektorane hatt eit stort ansvar under koronaen. Regjeringa har måtta teke avgjerder om tiltak som var inngripande, og alle aktørar har jobba med krisehandtering.

Samfunnstryggleik handlar òg om å ta vare på viktige informasjonsverdiar som personopplysningar, forskingsdata og sensitiv informasjon. I tillegg forvaltar universitet og høgskular store fysiske verdiar, som historiske bygningar, vitskapleg utstyr og historiske samlingar som kan vere særleg utsette og må tryggast. Forskingsinstitusjonar har også forvaltningsoppgåver som er viktige for samfunnstryggleiken, til dømes analysekapasitet innanfor naturfarar, helse, luft og vatn.

I 2020 arbeidde Kunnskapsdepartementet med risiko- og sårbarheitsanalysar, både for departementet og for sektorane. Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap skal vere risikobasert.

Ein viktig føresetnad for arbeidet med samfunnstryggleik og handtering av uønskte hendingar er god kompetanse hos den einskilde for korleis vedkommande bør handle. Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ulike dokument med krav, tilrådingar og rettleiingar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren. Sikresiden.no er ein nettapp som gir om lag 400 000 studentar og tilsette og 30 verksemder i universitets- og høgskulesektoren brukarvennleg informasjon og opplæring på feltet. I 2020 utvikla sikresiden.no to kunnskapsspel. Det eine spelet trener studentfadrane i å handtere ulike typar situasjonar og har ein eigen modul for smittevern. Det andre er eit personvernspel som gir interaktiv trening i grunnleggande personvern og bidreg til etterleving av personvernregelverket. Det er eigne modular for forskarar og studentar som skal skrive oppgåver, og HR-personell. Sikresiden.no har òg publisert nyttig materiale om covid-19-situasjonen, mellom anna om personvern og hjelp til å takle den nye kvardagen.

Departementet har stor merksemd på risikoen for informasjonstryggleiks- og personvernhendingar i høgare utdanning og forsking. Departementet gav i 2019 Unit ansvaret for den løpande sektorstyringa av informasjonstryggleik og personvern i denne sektoren. I 2020 var departementets styringsmodell for informasjonstryggleik og personvern i høgare utdanning og forsking ferdig innført. Modellen er utvikla av Unit og departementet og organiserer ansvaret og styringsprosessane til departementet og direktoratet overfor dei underliggande verksemdene i høgare utdanning og forsking. Dette arbeidet set departementet og direktoratet i stand til å arbeide meir målretta med å redusere risikoen for alvorlege informasjonstryggleiks- og personvernhendingar i eigen sektor. Risikoen er høg for fleire kategoriar av alvorlege hendingar, til dømes omfattande utpressingsangrep (løysepengevirus) som kan ramme eit heilt universitet, og det er viktig for departementet å organisere hendingshandsaminga effektivt på nasjonalt nivå. I 2020 vart det nasjonale Rammeverk for håndtering av IKT-sikkerhetshendelsergjort gjeldande for dei underliggande verksemdene i høgare utdanning og forsking.

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) driftar og organiserer eit nasjonalt sensornettverk på internett – Varslingssystem for digital infrastruktur (VDI). Sensornettverket består av sensorar utplasserte hos verksemder og er ein del av den kritisk infrastrukturen i Noreg. Dette er ei frivillig ordning basert på openheit og tillit mellom NSM og verksemdene. I 2020 etablerte fleire av verksemdene samarbeid med NSM om VDI.

Oppfølging av tryggingslova

Lov om nasjonal sikkerheit (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å trygge dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebygge, avdekke og motverke sikkerheitstruande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir trygga ved at departementa identifiserer grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder som er avgjerande viktige for GNF, vert underlagde tryggingslova, og naudsynte sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar vert gjennomførte. For å vareta formålet med lova vil GNF-prosessen vere kontinuerleg. Kunnskapsdepartementet har identifisert følgande grunnleggande nasjonale funksjon i eigen sektor: «Kunnskapsdepartementet GNF 1: Kunnskapsdepartementets verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit» omfattar departementets rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggande verksemder. Departementet har per i dag ikkje identifisert andre GNF i eigen sektor.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 403,3 mill. kroner på post 01. Løyvinga på posten er redusert med 0,7 mill. kroner som følge av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inkludert arbeidsgivaravgift, er redusert tilsvarande, jf. nærare omtale i del I, kap. 1 Hovudinnleiing. Regjeringa foreslår å redusere løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien. Departementet foreslår vidare å rammeoverføre 0,2 mill. kroner til posten frå kap. 1605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, post 01, som følge av endra finansieringsløysing for brukarlisensar i direktoratets system.

Departementet foreslår å løyve 17,5 mill. kroner på post 21, og 3,2 mill. kroner på post 45.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

02

Salsinntekter o.a.

2 035

Sum kap. 3200

2 035

Resultat i 2020

Kunnskapsdepartementet har ikkje verksemd som vanlegvis gir inntekter, men det hender at det kjem tilfeldige inntekter. Inntektene i 2020 skriv seg mellom anna frå vederlag for tilsette som har vore lånte ut til andre verksemder, og frå sal av utrangert IKT-utstyr.

Kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Særskilde driftsutgifter

224 027

233 782

261 361

Sum kap. 201

224 027

233 782

261 361

Utdanningsforsking

Noreg treng forsking av høg kvalitet om utdanningssystemet. Utdanningsforskinga skal, forutan å gi ny kunnskap og erkjenning generelt, bidra til god praksis og høgare kvalitet i barnehagane, i skulane, i høgare utdanning og i kompetansepolitikken, og gi eit solid grunnlag for politikkutvikling. Gode miljø for utdanningsforsking skal bringe fram eit godt kunnskapsgrunnlag som gir rom for ein meir opplyst debatt om innhald, læring, ressursbruk og resultat.

Forskinga på barnehagen, grunnopplæringa, fagskulen, høgare utdanning og læring blant vaksne har auka i omfang dei siste åra. Kvaliteten og relevansen til forskinga er blitt betre, og fleire gode og produktive fagmiljø har vakse fram. Departementet vil følge opp måla i Kunnskapsdepartementets strategi for utdanningsforskning. Forskning, kunnskapsmegling og bruk 2020–2024 for å finne løysingar på dei utfordringane sektoren står overfor, og vidareføre den positive utviklinga i utdanningsforskinga. Mellom anna er det behov for å fremje metodemangfald, styrke vitskapleg kompetanse der forskingstradisjonane er svake, og stimulere både til samarbeid på tvers av forskingsdisiplinar og til brukarmedverknad i forskinga.

Porteføljar og ordningar i Forskingsrådet, FoU-innsats i underliggande etatar, departementets eigne utlysingar, og senterordningar er verkemiddel regjeringa tek i bruk for å følge opp dei langsiktige måla for utdanningsforskinga og forskinga på integrering. Saman med grunnløyvingane til forskingsinstitusjonane skal dette bidra til kontinuitet og vidare oppbygging av forskinga om Kunnskapsdepartementets sektoransvar.

I strategien for utdanningsforsking blir nokre område med særskilde kunnskapsbehov framheva. Departementet vil stimulere til utdanningsforsking som rører temaet integrering gjennom heile utdanningsløpet. Det trengs òg meir kunnskap om kva digitaliseringa inneber, til dømes om opplæring og undervising, læring hos barn, elevar og studentar, rolla til lærarane og førelesarane, og dessutan om oppvekstvilkåra for barn og unge. Ekspertgrupper og forskarar har vidare peika på eit behov for å styrke spesialpedagogikk som forskingsfelt. I høgare utdanning er det mellom anna behov for å styrke kunnskapsgrunnlaget om fagskular, overgangar, gjennomstrøyming og studentaktiv læring.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten finansierer aktivitetar som styrker analyse- og kunnskapsgrunnlaget om dei sektorane departementet har ansvaret for.

Mål for 2022

Eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskaps- og integreringspolitikken.

Resultat i 2020

Ei evaluering Forskingsrådet gjorde i 2018 av utdanningsforskinga i Noreg, viste ei positiv utvikling av norsk utdanningsforsking dei seinare åra. Det er grunn til å tru at den positive utviklinga held fram. Fleire av fagmiljøa har både god forskingskvalitet og høg kapasitet, og utdanningsforskinga har generelt stor påverknad på politikkutforming og praksis.

Evalueringa viste samstundes store skilnader mellom forskargruppene som blei evaluerte. Nokre er særs gode med potensial til å bli framifrå, andre grupper har langt att før dei når tilstrekkeleg høg standard. Det er òg for lite strategisk samarbeid mellom forskarar og brukarar, og behov for midlar til forsking på praksisorienterte problemstillingar.

Vidare trengs forsking som stimulerer til nærare samarbeid mellom lærarutdanningane og forskinga der og den forskinga som elles går føre seg i sektoren. Tverrfagleg forsking og samarbeid på tvers av fagdisiplinar og fagmiljø nasjonalt og internasjonalt kan framleis styrkast, og det trengst meir forsking som tek for seg samansette problem i oppvekst- og utdanningssektoren.

Ein gjennomgang av Forskingsrådets aktivitetar retta mot utdanning og kompetanse i 2020 viser at dei har prosjekt innanfor nesten alle fagområde, men at det meste av den samla innsatsen går til fagmiljø i samfunnsvitskap, der dei pedagogiske faga utgjer brorparten. Innsatsen er konsentrert omkring dei store byane, og den største delen er i Oslo-regionen. Miljø nord for Trøndelag er svakt representerte. Under halvdelen av prosjekta omfattar internasjonalt prosjektsamarbeid, mest med Storbritannia og dei nordiske nabolanda. Det er flest prosjekt om grunnskule og høgare utdanning i porteføljen, og færrast om læring for vaksne og vidaregåande opplæring.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 261,4 mill. kroner på post 21 i 2021.

Unit har gjort ei konseptutgreiing for betre deling av data om utdanning, forsking og integrering. Målet er ein infrastruktur for vidarebruk av data som gir rask, rimeleg og sikker tilgang. Data skal kunne koplast på tvers av kjelder, innanfor og på tvers av verksemder og sektorar. I 2021 blei det løyvd 10 mill. kroner til eit forprosjekt som har konkretisert det tilrådde konseptet. Departementet foreslår å løyve 10 mill. kroner også i 2022. Løyvinga gir rom for oppstart av hovudprosjekt i 2022.

Statped skal ikkje lenger forske eller finansiere forsking. I 2021 blei det derfor flytta 3 mill. kroner frå Statped til å opprette eit senter for forsking på spesialpedagogikk og inkludering. Departementet foreslår å flytte ytterlegare 3 mill. kroner, slik at det i 2022 totalt blir løyvd 6 mill. kroner til dette senteret. Dette er ei oppfølging av tiltak varsla i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Forskingsrådet har lyst ut senteret, som får oppstart hausten 2021. Formålet med senteret er ei styrking av den spesialpedagogiske forskinga og auka kvalitet, kompetanse og kapasitet på feltet.

Auka forskingskompetanse blant vitskapleg tilsette i barnehagelærarutdanningane (BLU) gjer utdanninga betre og meir forskingsbasert. BLU blei inkludert i ei ordning for lærarutdanningane i Forskingsrådet i 2020, og regjeringa foreslår å løyve 5 mill. kroner ekstra for å vidareføre dette under porteføljen for utdanning og kompetanse. Formålet med ordninga er å styrke kunnskapsgrunnlaget for utdanningane og utøving av yrka.

Departementet har tidlegare gitt midlar til forsking på kvalitet i fag- og yrkesopplæringa over kap. 226, post 21. I 2021 var denne løyvinga til Noregs forskingsråd på 5 mill. kroner. Departementet foreslår å flytte midlane til kap. 201, post 21 for å vidareføre dette under porteføljen for utdanning og kompetanse.

Fagmiljøet for læringsanalyse (SLATE) ved Universitetet i Bergen skal styrke forskinga på og bruken av læringsanalyse i Noreg. Midtvegsevalueringa beskriv eit unikt tverrfagleg forskingsmiljø og viser at senteret oppfyller måla i mandatet frå departementet. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga for senteret i 2022.

Departementet foreslår vidare å rammeoverføre 0,3 mill. kroner til kap. 1605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, post 01 i samband med overføring av forvaltningsansvaret for standardavtalen for forskings- og utgreiingsoppdrag frå departementet til direktoratet.

Tabell 4.1 Løyvingar på kap. 201, post 21

(1 000 kr)

Midlar til Portefølje for utdanning og kompetanse i Noregs forskingsråd. Porteføljen finansierer forskings- og innovasjonsprosjekt i utdanningssektoren på alle nivå i utdanningsløpet

190 000

Prosjekt for framtidig deling av data om utdanning, forsking og integrering

20 000

Forsking for forskings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL) ved Noregs forskingsråd, som skal medverke til eit sterkt og relevant kunnskapsgrunnlag for utforming og gjennomføring av politikk for forsking og innovasjon hos relevante aktørar

12 750

Kunnskapssenter for utdanning ved Universitetet i Stavanger (KSU). Senteret skal ha oversyn over og formidle nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa

12 700

Centre for Educational Measurement (CEMO) ved Universitetet i Oslo. Senteret skal medverke til nasjonal og internasjonal kompetanseutvikling innanfor pedagogiske målingar

8 100

Senter for forsking på spesialpedagogikk og inkludering

6 000

Fagmiljø for læringsanalyse (Center for the Science of Learning & Technology SLATE) ved Universitetet i Bergen

5 900

Nye analysar, forsøk og utgreiingar

2 911

Kunnskapsdepartementets statistikkavtalar med SSB, OECD og EU

3 000

Totalt

261 361

Programkategori 07.20 Grunnopplæringa

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

220

Utdanningsdirektoratet

637 387

638 206

629 631

–1,3

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

14 908

16 037

16 066

0,2

222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

148 234

145 438

153 078

5,3

224

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

111 922

119 132

6,4

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 652 027

1 625 210

1 805 689

11,1

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

3 416 484

3 390 027

3 623 544

6,9

227

Tilskot til særskilde skular

218 821

229 936

230 986

0,5

228

Tilskot til frittståande skular o.a.

5 751 327

5 854 344

5 933 057

1,3

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

691 965

693 886

655 332

–5,6

Sum kategori 07.20

12 531 153

12 705 006

13 166 515

3,6

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

3220

Utdanningsdirektoratet

20 661

13 962

2 406

–82,8

3222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

20 371

15 614

21 040

34,8

3225

Tiltak i grunnopplæringa

13 658

12 495

11 201

–10,4

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

32 186

47 048

32 295

–31,4

Sum kategori 07.20

86 876

89 119

66 942

–24,9

Innleiing

Kunnskap er grunnlaget for demokrati, verdiskaping og velferd og legg grunnlaget for at alle skal ha like moglegheiter og fridomen til å ta eigne val. Skulen skal gi alle elevar trygge rammer og bygge opp nødvendige ferdigheiter til å oppnå draumar og ambisjonar. Gjennom formålsparagrafen i opplæringslova har grunnopplæringa fått eit omfattande og viktig mandat. Opplæringa skal gi alle elevar kunnskap, ferdigheiter, haldningar og verdiar som gjer dei i stand til å meistre sitt eige liv, delta i arbeids- og samfunnslivet og ta vare på seg sjølve og andre i samfunnet. Alle skal ha høve til å realisere potensialet sitt i ein inkluderande skule.

Departementet har fastsett følgande overordna mål for grunnopplæringa:

  • Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø.

  • Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt.

  • Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse.

  • Alle lykkast i opplæringa og utdanninga.

Grunnopplæringa er i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskotet og skatteinntekter. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å budsjettere midlar til grunnopplæringa etter lokale behov. Dette gjeld midlar til både drift, investeringar og kvalitetsutvikling av grunnopplæringa ved skulane og i lærebedriftene. Fylkeskommunane gir tilskot til lærebedriftene etter satsar som er fastsette av departementet.

Når det gjeld statistikk og informasjon om ressursbruken i grunnopplæringa, sjå del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa. Sjå òg relevant omtale i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Covid-19-pandemien har sett sitt preg på situasjonen i grunnopplæringa, og sjølv om skulane har gjort ein stor innsats for å gi eit så godt tilbod som mogleg, har situasjonen hatt negative konsekvensar – særleg for sårbare barn og unge. Sjå nærmare omtale i del III, kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren.

Hovudprioriteringar for 2022

Våren 2021 la regjeringa fram Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa over 800 mill. kroner til oppfølging av Fullføringsreforma. Departementet foreslår å vidareføre tilskotet for at fleire utan lovfesta rett til opplæringa skal kunne fullføre vidaregåande opplæring, noko som utgjer 304,5 mill. kroner i 2022. Tilskotet legg til rette for å utvide retten til vidaregåande opplæring frå 2023, som departementet har foreslått i høyringsnotatet om ny opplæringslov. Departementet foreslår òg 80 mill. kroner for å legge til rette for meir fleksible og tilpassa opplæringsløp i vidaregåande opplæring.

I statsbudsjettet for 2021 blei det etablert eit tilskot for å gi personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse, tilbod om å ta eit fagbrev. Budsjettforslaget for 2022 inneber at tilskotet blir trappa opp til 111,8 mill. kroner. Tilskotet legg til rette for å innføre ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering frå 2023, i samband med ny opplæringslov. Fullføringsreforma varslar at dei som ikkje får læreplass, skal få eit betre tilbod om å fullføre med fag- eller sveinebrev enn i dag. Tilskotet som legg til rette for å eit betra tilbod, blir trappa opp til 256,5 mill. kroner i budsjettforslaget for 2022, og tek omsyn til ein særleg stor etterspurnad etter tilbodet som følge av covid-19-pandemien. Tilskotet som skal stimulere til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb, blir òg vidareført med 46 mill. kroner i budsjettforslaget.

Covid-19-pandemien, delvis stengde skular og strenge smitteverntiltak har hatt store konsekvensar for mange elevar i 2020 og 2021 og vil framleis ha konsekvensar i 2022. Mange elevar har i lang tid hatt ein annleis skulekvardag og hatt mykje digital heimeopplæring, noko som fleire stadar har påverka kvaliteten på opplæringstilbodet. Departementet foreslår å løyve 240 mill. kroner for å støtte barn og unge som følge av konsekvensar av covid-19-pandemien i skule og barnehage, mellom anna til oppfølging av elevar som har fått tapt fagleg og sosial læring. I tillegg er 100 mill. kroner av veksten i frie inntekter til kommunesektoren grunngitt med tiltak retta mot den psykiske helsa til barn og unge, inkludert psykisk helse i vidaregåande opplæring og lågterskeltilbod i kommunane.

Regjeringa la hausten 2019 fram Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Målet med meldinga er å styrke arbeidet med tidleg innsats og å legge til rette for eit godt tilpassa og inkluderande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av ulike føresetnader og behov. Regjeringa foreslår i oppfølginga av meldinga å løyve totalt 100 mill. kroner i 2022 i oppbygginga av kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

Gode lærarar med solid og oppdatert kunnskap er nøkkelen til at elevane skal lære meir. Det er framleis for mange i undervisningsstilling som anten ikkje har fordjuping i faget dei underviser i, eller ikkje er formelt kvalifiserte for tilsetjing. Regjeringa vil halde fram med satsinga på rekruttering og kvalifisering av fleire lærarar. Regjeringa foreslår mellom anna å styrke vidareutdanningsordninga for grunnskulelærarar med 370 plassar, hovudsakleg i spesialpedagogikk. Samla foreslår regjeringa å bruke 1,7 mrd. kroner til vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar i 2022. Løyvinga gir mellom anna rom for å tilby vidareutdanning til om lag 5 000 lærarar hausten 2022 innanfor ordninga Kompetanse for kvalitet. Departementet forventar at kapasiteten vil vere god nok til å gi tilbod til alle som ønsker vidareutdanning i matematikk, norsk, engelsk, norsk teiknspråk og samisk for at lærarar skal få tilstrekkeleg fordjuping i faget. Det er òg tilbod om mellom anna vidareutdanning i praktiske og estetiske fag, digitalisering, spesialpedagogikk og andrespråkspedagogikk.

Regjeringa vil trappe opp satsinga på karrierevegar for lærarar og foreslår å bruke 271,7 mill. kroner på dette i 2022. Løyvinga gir rom for å auke talet på lærarspesialistar til 3 000 frå hausten 2022.

Regjeringa foreslår å løyve 104,2 mill. kroner til å utvide timetalet i grunnskulen med ein ekstra time i naturfag.

Regjeringa foreslår å løyve 51,5 mill. kroner til gratis skulefritidsordning (SFO) for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar.

Arbeidet mot mobbing og for eit godt og inkluderande læringsmiljø er prioritert høgt av regjeringa. Departementet foreslår å løyve om lag 115 mill. kroner til dette arbeidet i 2022.

Regjeringa foreslår å bygge eit nytt samlokalisert bygg for Det Samiske Nasjonalteateret Beaivváš og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino, med ei startløyving på 60 mill. kroner i 2022.

I tråd med Granavolden-plattforma foreslår regjeringa å auke kapitaltilskotet til frittståande skular i Noreg med 20 mill. kroner i 2022.

I 2022 skal OL i matematikk arrangerast i Oslo, og Universitetet i Oslo (UiO) er arrangør. Departementet foreslår å løyve 20 mill. kroner til arrangementet.

Regjeringa foreslår å vidareføre lærlingtilskotet på nominelt same nivå som i 2021. Tiltaket gir ei innsparing på om lag 98 mill. kroner i 2022, og rammetilskotet til fylkeskommunane blir redusert tilsvarande.

I tillegg til hovudprioriteringane foreslår Kunnskapsdepartementet å vidareføre fleire andre sentrale tiltak innanfor grunnopplæringa i 2022, jf. omtale i teksten under.

Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

Utviklingstrekk og utfordringar

Dei fleste elevane har eit godt læringsmiljø med høg trivsel, men framleis blir mange elevar mobba

Alle elevar har rett til eit trygt og godt læringsmiljø som fremjar helse, trivsel og læring, jf. opplæringslova kap. 9 A. Skulen skal utvikle inkluderande fellesskap og bidra til sosial læring og utvikling gjennom arbeidet med faga og i skulekvardagen elles. Elevundersøkinga frå hausten 2020 viser svært små endringar frå førre undersøking i 2019. Av dei som har delteke, seier 88 pst. at dei trivst godt eller svært godt på skulen. 3,1 pst. seier at dei ikkje trivst noko særleg eller ikkje i det heile teke. Tala på mobbing har vore relativt stabile, med ein svak nedgang sidan 2016, då undersøkinga blei revidert. I 2020 rapporterte 5,8 pst. av elevane at dei opplevde å ha blitt mobba på skulen to til tre gongar i månaden eller oftare. Dette er elevar som svarer at dei i ein eller annan kombinasjon er mobba av medelevar, digitalt mobba av nokon på skulen eller mobba av vaksne på skulen, og det svarer til om lag 26 650 elevar. Tilsvarande tal i 2019 var 6,0 pst. av elevane. Elevundersøkinga viser at det er svært få skular som over ein treårsperiode ikkje har elevar som opplever mobbing. Elevundersøkinga er obligatorisk å gjennomføre på 7. trinn, 10. trinn og i vg1, men mange skular gjennomfører undersøkinga på alle trinn mellom 5. trinn i grunnskulen og vg3. Det er frivillig for elevane å delta. 2020 hadde den største deltakinga i Elevundersøkinga sidan ho starta opp.

Figur 4.1 Prosentdelen som svarer at dei blir mobba på skulen to–tre gonger i månaden eller meir, fordelt på kjønn og klassetrinn hausten 2020

Figur 4.1 Prosentdelen som svarer at dei blir mobba på skulen to–tre gonger i månaden eller meir, fordelt på kjønn og klassetrinn hausten 2020

Omfanget av mobbing er klart størst på barneskulen. Det er små kjønnsskilnader når det gjeld mobbing, men det er forskjellar i type mobbing. Jenter opplever meir indirekte mobbing, som å bli haldne utanfor og baksnakka, medan gutar opplever meir direkte og fysisk mobbing, som å bli slått, dytta eller halden fast. 2,2 pst. av elevane rapporterer at dei har blitt mobba digitalt. Det er ein auke frå 1,8 pst. i 2019. Auken kjem i hovudsak av forhold utanfor skulen, som mobbing frå nokon eleven kjenner, men som ikkje går på same skule, eller frå heilt ukjende. 1,2 pst. av elevane rapporterer at dei har blitt mobba av ein lærar eller ein annan tilsett på skulen. Det er ein nedgang frå 1,6 pst. i 2019.

Reglane for skulemiljø inkluderer handhevingsordninga, som gir elevar og foreldre høve til enkelt å melde saker til statsforvaltaren (tidlegare fylkesmannen) dersom skulen ikkje gjer nok for å sikre at ein elev har det trygt og godt på skulen. I skuleåret 2020–21 blei det meldt inn 1 342 slike saker. Dette er ein nedgang på 165 saker frå skuleåret 2018–19. Skuleåret 2019–20 var tala endå lågare, men det har nok samanheng med covid-19-pandemien og at skulane var stengde ein lang periode. I 94 pst. av sakene der statsforvaltaren tok stilling til om aktivitetsplikta var oppfylt eller broten, fekk elevane medhald. Omfanget av saker og kompleksiteten i sakene gjer at saksbehandlingstida kan bli lang, men tala frå våren 2021 viser at statsforvaltaren har klart å redusere etterslepet frå tidlegare melde saker.

Eit inkluderande læringsmiljø inneber meir enn fråvær av mobbing og andre krenkingar. Det er mellom anna viktig å oppleve å høyre til på skulen. PISA-undersøkinga 2018 viste at fleirtalet av 15-åringar i Noreg opplever tilhøyrsle og vennskap på skulen. Prosentdelen elevar som gav uttrykk for at dei kjenner at dei høyrer til, lett får vennar, og at dei andre elevane liker dei, har likevel gått ned med 8–9 prosentpoeng frå 2003 til 2018. 18 pst. av dei norske elevane svarte i 2018 at dei kjenner seg annleis og ikkje passar inn på skulen. 14 pst. svarte at dei kjenner seg einsame på skulen, og 12 pst. at dei føler at dei blir haldne utanfor.

Tett på-meldinga peikar på utfordringa ved at det til kvar tid er 15–25 pst. av barn og unge som treng særskild tilrettelegging i kortare eller lengre tid, og at dei har ein risiko for ikkje å bli inkluderte i fellesskapet.

Utdanningsdirektoratet vurderte i 2020 alle kompetansetiltaka som er sette i verk for å bygge trygge og gode barnehage- og skulemiljø. På bakgrunn av denne vurderinga har departementet endra fordelinga av kompetansemidlane på dei ulike tiltaka.

Reglane om skulemiljø blei evaluerte i 2019 av Deloitte på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Fleire av tilrådingane frå evalueringa gjeld behov for betre rettleiing om konkrete problemstillingar som skulane og statsforvaltarane står overfor i praktiseringa av regelverket. For desse punkta fekk Utdanningsdirektoratet i tildelingsbrevet for 2020 i oppdrag å revidere dagens rettleiingsmateriell om skulemiljøreglane og utarbeide ny rettleiing om dei temaa som ikkje er dekte i dag. Utdanningsdirektoratet publiserte oppdatert rettleiingsmateriell i juli 2020.

Opplæringslova treng revidering og forbetring

Opplæringslova frå 1998 har med tida blitt omfattande og uoversiktleg, noko som gjer at regelverket blir for lite styrande og treffsikkert på dei områda som betyr aller mest. Når regelverket blir for omfangsrikt, blir det vanskeleg å finne fram i det, og brukarane kan oppleve det som vanskeleg å etterleve alle reglane. Ein negativ konsekvens er at regelverket ikkje får den gjennomslagskrafta som det bør ha. Opplæringslovutvalet blei oppnemnt i 2017 og leverte 13. desember 2019 NOU 2019: 23 Ny opplæringslov.

Opplæringslova er ei av dei viktigaste lovene i landet. Lova regulerer skulekvardagen til over 850 000 barn og unge og arbeidsdagen til over 95 000 lærarar i skulen. Tusenvis av tilsette i kommunar, fylkeskommunar, stat og det private, i tillegg til foreldre, besteforeldre, andre familiemedlemmer og privatpersonar, blir òg påverka av opplæringslova i det daglege. Når regjeringa følger opp NOU-en, er det for å gjere lova meir oversiktleg og betre tilpassa skulekvardag no, men òg for å lovfeste nye og viktige rettar og plikter. Døme på dette er mellom anna lovforslaget om ein utvida rett til vidaregåande opplæring heilt fram til studie- eller yrkeskompetanse. Dette følger direkte opp Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører mot verden og fremtiden. Lovforslaget følger òg opp tiltak i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO.

Utfordringar ved skulestart

Overgangen frå barnehage til skule og skulefritidsordning (SFO) kan vere vanskeleg for ein del barn. Regjeringa har sørgd for at det frå hausten 2018 blei innført ei gjensidig plikt for barnehage- og skuleeigarane til å samarbeide om overgangen frå barnehage til skule og SFO. Regelverket gir i tillegg rom for fleksibel skulestart, altså at barn kan få tidlegare eller seinare skulestart, men det er få som bruker denne moglegheita i dag. For 2020 var det 0,65 pst. av seksåringane som framleis gjekk i barnehage i staden for skule. Det ligg ikkje føre tal for femåringar som har starta tidlegare på skulen.

Det er for tidleg å seie noko om erfaringane med den gjensidige plikta for barnehage- og skuleeigarar til å samarbeide om overgangen frå barnehage til skule og SFO, men departementet vil følge med på korleis kommunane oppfyller plikta.

Oppfyllinga av lærarnorma

Lærarnorma blei innført hausten 2018 og skjerpa hausten 2019 slik at det samla for kvart hovudtrinn på skulane skal vere maksimalt 15 elevar per lærar på 1.–4. trinn og maksimalt 20 elevar per lærar på 5.–10. trinn. I 2020 oppfylte 83 pst. av skulane lærarnorma på 1.–4. trinn, medan 93 pst. av skulane oppfylte norma på 5.–7. trinn og 88 pst. av skulane oppfylte norma på 8.–10. trinn. Prosentdelen skular som oppfyller norma, har auka på alle trinn sidan 2019. Lærarnorma er fullfinansiert, og i 2020 blei midlane til lærarnorma innlemma i kommuneramma.

Då lærarnorma blei innført, auka prosentdelen undervisningstimar gitt av ukvalifiserte frå 4,1 til 4,2 pst. i offentlege grunnskular, men i 2020 gjekk prosentdelen ned til 3,2 pst. Blant skulane som ikkje oppfyller lærarnorma, er det mange som manglar mindre enn eitt årsverk. Framleis manglar nærare 500 årsverk for at alle skulane skal oppfylle norma. Behovet er størst i kommunar som har over 20 000 innbyggarar. Sjå meir statistikk i del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.

Utfordringar ved kvalitet og høvet til å få gå på SFO

SFO er ein viktig arena for inkludering, leik og vennskap. Minoritetsspråklege elevar kan i tillegg ha nytte av SFO som ein stad å få brukt norsk språk i leik med andre barn.

Det er stor variasjon i både pris, innhald og kvalitet i SFO-tilbodet. Ein del barn får ikkje delta fordi familien ikkje har råd. Mange kommunar har ikkje eigne planar for SFO ut over dei vedtektene kommunane er pålagde å ha. Foreldra er stort sett nøgde, men foreldra til barn med særlege behov er meir misnøgde enn andre foreldre. Sjå statistikk om SFO i del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.

Utfordringar ved høvet til å få gå på kulturskulen

Det har lenge vore eit mål at kulturskulen bør vere tilgjengeleg for alle som ønsker å delta. Ein av konklusjonane i ein rapport om kunnskapsgrunnlag om kulturskulen i Noreg frå 2019 er likevel at kulturskulen ikkje rekrutterer jamt når det gjeld kjønn og sosioøkonomisk bakgrunn. Dette er derfor ei viktig utfordring å ta tak i om kulturskulen skal nå visjonen om ein «kulturskule for alle».

Det er kommunen som har ansvaret for å sikre at personale i kulturskulen, barnehagen, skulen og SFO har den kompetansen som trengst. Det er ei utfordring at mange lærarar i kulturskulen har mindre stillingsprosentar, medan skulen har for få lærarar med formell kompetanse i praktiske og estetiske fag. Det er derfor ei utfordring å utnytte kompetansen til kulturskulelærarane inn i barnehagen, skulen og SFO.

Strategiar og tiltak

Tiltak mot mobbing og for eit betre læringsmiljø

Innsats mot mobbing og for eit godt og inkluderande læringsmiljø er eit høgt prioritert område for regjeringa. Dette er dei viktigaste tiltaka mot mobbing:

  • lovverket (opplæringslova kap. 9 A) med aktivitetsplikt for skulen og ei rettsleg overprøving av om skulen har oppfylt aktivitetsplikta overfor einskildelevar i skulemiljøsaker (handhevingsordninga)

  • kompetanseutviklingstiltak om mobbing og læringsmiljø for tilsette i barnehagar og skular

  • fylkesvise mobbeombod for barnehagar og skular. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å greie ut korleis den vidare innrettinga og finansieringa av ordninga skal vere

  • partnarskap mot mobbing. I mars 2021 underteikna regjeringa og partnarane ein ny avtale for perioden 2021–25

  • demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme (Dembra), som er eit tilbod om kompetanseutvikling til skular som arbeider mot fordommar og fiendskap mot grupper, jf. kap. 226, post 21. Departementet foreslår å auke tilskotet til freds- og menneskerettssentera for å styrke Dembra i 2022, jf. kap. 224, post 70

Over kap. 231, post 21 foreslår departementet å løyve 10,3 mill. kroner til eit inkluderande barnehagemiljø. Departementet foreslår vidare å gi tilskot til organisasjonar som arbeider for eit betre læringsmiljø og mot mobbing, jf. omtale under kap. 225, post 74 og 75. Samla foreslår departementet om lag 115 mill. kroner til tiltak mot mobbing og for eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø.

Departementet har i oppfølginga av evalueringa av reglane for skulemiljø klargjort forståinga av reglane og fremja forslag til nokre mindre endringar i høyringsnotatet om ny opplæringslov som blei sendt på høyring 26. august 2021.

Elevundersøkinga er under revisjon. Den tekniske løysinga bak spørjeskjemaet må forbetrast og sjølve innhaldet i skjemaet må oppdaterast for mellom anna å samsvare med fagfornyinga. Ny undersøking vil vere klar til bruk tidlegast hausten 2024.

Tiltak for eit meir inkluderande skulemiljø blir følgde opp gjennom den samla oppfølginga av Tett på-meldinga, jf. omtale fleire stadar her i kategoriinnleiinga.

Revidering av opplæringslova

Utgreiinga frå opplæringslovutvalet, NOU 2019: 23 Ny opplæringslov blei levert i 2019 og var på offentleg høyring i 2020. Kunnskapsdepartementet har vurdert forslaga i NOU-en og dei over 700 høyringssvara. Departementet har utarbeidd eit samla forslag til ny opplæringslov, med vidareføringar av dagens lov, men òg med nye forslag. Forslaget blei sendt på brei offentleg høyring 26. august 2021. Departementet tek sikte på at endeleg forslag til ny opplæringslov skal leggast fram for Stortinget våren 2023. Det er forslag til løyvingar i dette budsjettet som vil gjere det mogleg for kommunar og fylkeskommunar å setje i verk viktige tiltak allereie i 2022. Nokre av desse tiltaka foreslår departementet å lovfeste i den nye opplæringslova.

Tiltak for ein god skulestart

I 2019 inviterte regjeringa kommunane til å prøve ut ulike ordningar innanfor regelverket for fleksibel skulestart. Trondheim og Kristiansand har søkt om å få prøve ut modellar for fleksibel skulestart. På grunn av pandemien har kommunane utsett utprøvinga.

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet er OsloMet i gang med ei evaluering av forholdet mellom intensjonane og prinsippa for skulestart for seksåringane, slik dei blei uttrykte i Reform 97, samanlikna med dagens situasjon for seksåringane i skulen. Prosjektet skal publisere to delrapportar, ein sluttrapport og ei bok. Ein første arbeidsrapport frå evalueringa blei publisert i april 2021. Rapporten er ei samanstilling av norsk og nordisk forsking om overgangen frå barnehage til skule og om pedagogiske praksisar på 1. trinn. Utdanningsdirektoratet har informert om at datainnsamlinga i evalueringa av seksårsreforma blir utsett frå våren 2021 til hausten 2021 på grunn av pandemisituasjonen i 2020 og 2021. Første delrapport blir forseinka og vert ikkje publisert hausten 2021 som planlagt, men seinast i oktober 2022.

Oppfølginga av lærarnorma

Stortinget har vedteke at lærarnorma skal evaluerast undervegs, og at evalueringa skal sjåast i samanheng med tiltak for å rekruttere tilstrekkeleg mange kvalifiserte lærarar. Utdanningsdirektoratet fekk hausten 2018 i oppdrag å setje i gang evalueringa. Direktoratet har inngått ein avtale med Norsk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) om evalueringa, som mellom anna skal gi kunnskap om etterleving og struktur- og styringseffektar. Ein delrapport med status for innføringa av norma fram til og med covid-19-pandemien i 2020 blei publisert i august 2021. Rapporten baserer seg både på tal frå GSI og på intervju med lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar. Analysane viser mellom anna at det er blitt færre elevar per lærar i grunnskulen, særleg på 1.–4. trinn, og at prosentdelen lærarar som ikkje fyller kompetansekrava ikkje har auka. Nokre skuleeigarar og skuleleiarar vurderer at norma er for rigid ved at ho legg føringar for fordelinga av ressursar mellom trinn og gjer det vanskelegare å prioritere ressursar ut frå lokale behov. På grunn av covid-19-pandemien er det nokre forskyvingar og endringar i designet i evalueringa. Sluttrapport kjem i juni 2022.

Tiltak for kvalitet og deltaking på SFO

I oppfølginga av Tett på-meldinga har departementet styrkt kvaliteten i SFO gjennom ein nasjonal rammeplan for SFO og auka høvet til deltaking gjennom å innføre moderasjonsordningar. Hausten 2021 tok ny rammeplan for SFO til å gjelde. Gjennom rammeplanen har departementet tydeleggjort verdigrunnlaget for SFO og dei rammene kommunane har for å utvikle kvaliteten på tilbodet. Rammeplanen gir rom for lokale variasjonar, og støtte- og rettleiingsmateriell er òg utvikla. Arbeidet med å setje i verke rammeplanen held fram i 2022, mellom anna med utvikling av kompetansepakkar for dei tilsette. Regjeringa foreslår å løyve 5 mill. kroner til kompetansetiltak for SFO-tilsette i 2022, sjå omtale under kap. 226, post 21.

Regjeringa har innført den første nasjonale moderasjonsordninga for låginntektsfamiliar i SFO. Ordninga gjer at ingen familiar skal betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein plass i SFO. Den nasjonale moderasjonsordninga blei innført for 1.–2. trinn frå skuleåret 2020–21 og utvida til også å gjelde 3.–4. trinn skuleåret 2021–22. I tillegg innførte regjeringa frå skuleåret 2020–21 gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn.

Regjeringa har også oppretta to øyremerkte tilskotsordningar for lågare foreldrebetaling i SFO frå skuleåret 2020–21: tilskot til friskular slik at dei kan tilby den same nasjonale moderasjonsordninga som ved offentlege skular, sjå meir omtale under kap. 228, post 84, og gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar. Regjeringa foreslår å utvide tilskotet til gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar og foreslår derfor ei løyving på totalt 51,5 mill. kroner til dette i 2022. Sjå omtale under kap. 226, post 21.

Tiltak som gjeld kulturskulen

Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele Kunst og kultur for, med og av barn og unge, er ei felles melding frå Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet som blei behandla i Stortinget 7. juni 2021.

Med denne meldinga presenterer regjeringa for første gong barne- og ungdomskulturfeltet som eit samla politisk satsingsområde på nasjonalt nivå. Kulturskulen er ein viktig del av meldinga. Målet med meldinga er mellom anna å gi alle barn og unge, uavhengig av bakgrunn, tilgang til kunst og kultur og å gi alle barn og unge moglegheit til å oppleve og å skape kultur på eigne premissar.

Regjeringa ønsker at alle barn og unge skal få høve til å vere med på kunst- og kulturtilboda dei er interesserte i, og stiller seg i meldinga bak visjonen «kulturskule for alle». For at kulturskulen skal være tilgjengeleg og relevant for fleire barn og unge, oppmodar regjeringa kulturskulane til å jobbe med å rekruttere breiare for å nå ut til fleire, og til å jobbe for å tilby eit breitt spekter av kulturuttrykk og tilbod. Regjeringa vil òg be om at kommunane vurderer om kulturskulen kan omfattast av fritidskortet.

Regjeringa oppmodar om at kommunen, som eigar av skolane og kulturskulane, arbeider for å sjå tilsetjingar i grunnskulen, SFO og kulturskulen i samanheng. Departementet har bede Utdanningsdirektoratet om å greie ut kva ansvar og kva oppgåver andre yrkesgrupper enn lærarar kan ta på seg i barnehagen, skulen og SFO. Utgreiinga vil vere eit grunnlag for å vurdere eventuelle tiltak.

For å oppmuntre og stimulere til at fleire kulturskulelærarar kan få formell lærarkompetanse og bli kvalifiserte for tilsetjing i kombinerte undervisningsstillingar mellom kulturskulen og skulen, vil regjeringa utvide målgruppa for rekrutteringsstipendet til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) slik at kulturskulelærarar òg kan søkje om dette stipendet. Regjeringa vil òg bidra til at det blir spreidd informasjon om PPU og kulturskulen.

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt

Utviklingstrekk og utfordringar

Det er behov for ei styrking av tidleg innsats og meir inkluderande praksis i grunnopplæringa

Tett på-meldinga tek utgangspunkt i kunnskapsgrunnlaget frå rapporten til ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging frå 2018 (Nordahl-rapporten) og delar av Stoltenberg-utvalets rapport, NOU 2019: 3 Nye sjanser – bedre læring – Kjønnsforskjeller i skoleprestasjoner og utdanningsløp. Rapportane peika på fleire svakheiter og utfordringar ved dagens system.

Ein del barn og unge og familien deira har av ulike årsaker samansette utfordringar som gjer at dei støyter på ekstra problem ved at offentlege tenester ikkje er samordna seg imellom. Dette blei ekstra tydeleg under covid-19-pandemien. Tett på-meldinga viser mellom anna til at det er godt dokumentert at tverrfagleg samarbeid ofte fungerer for dårleg, noko som kan føre til at viktig og nødvendig informasjon ikkje kjem fram til dei som treng det. Det kan føre til at elevane ikkje får den hjelpa dei har behov for i tide, eller ikkje i det heile teke. Det er òg stor variasjon mellom kommunar i korleis dei organiserer tverrfagleg samarbeid mellom tenestene.

Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden peikar på behovet for tidleg innsats for elevar med faglege utfordringar. I vidaregåande opplæring er det ikkje gjort ein tilsvarande innsats i arbeidet med tidleg innsats som i grunnskulen. Statistikk viser at over halvparten av elevane som strauk i fag på Vg1, var ute av vidaregåande opplæring utan å ha fullført og bestått etter fem år. På same måte som tidleg innsats er viktig i grunnskulen, er det viktig at vidaregåande skular jobbar aktivt med å setje inn tiltak som hjelper elevar som har risiko for ikkje å fullføre og bestå vidaregåande opplæring.

Ein del elevar slit psykisk

Ei rekke undersøkingar viser at mange unge slit psykisk. Dette er omtala mellom anna i NOU 2018: 15 Kvalifisert, forberedt og motivert og Prop. 121 S (2018–2019) Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024). Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden peikar òg på psykiske vanskar som ei betydeleg utfordring. Undersøkingar viser at ein del unge slit med depresjonar, angst og søvnproblem, og at psykiske vanskar er ei viktig årsak til at elevar ikkje fullfører vidaregåande opplæring. Offentlege tenester som ligg utanfor skulen, kan derfor vere svært viktige for å betre den psykiske helsa og hindre fråfall. Utsette barn og unge treng ein skule som samarbeider godt med andre offentlege tenester, og som legg til rette for at elevar med psykiske vanskar også kan lykkast i opplæringa.

Skulen er ein viktig arena for barn og unge som er utsette for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Andre tenester enn skulen har hovudansvaret for å hjelpe barna, men alle tilsette i skulen har meldeplikt til barnevernet ved mistanke om alvorlege forhold, jf. opplæringslova § 15-3. Statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at skulen i 2020 melde 16 pst. av sakene for barn og unge i alderen 6–15 år. Koronakommisjonen som blei nedsett for å gå gjennom og trekke lærdom av covid-19-utbrotet i Noreg seier følgande i NOU 2021: 6 Myndighetenes håndtering av koronapandemien:

Da barnehagene og skolene ble stengt, mistet barnevernet noen av sine viktigste «øyne og ører». […] Å gå glipp av disse informasjonskildene svekker barnevernets evne til å fange opp barn som har behov for hjelp. Det kom betydelig færre bekymringsmeldinger enn normalt til barnevernet i løpet av våren 2020 […]. Antallet bekymringsmeldinger fra privatpersoner økte, mens antallet bekymringsmeldinger fra lærere, barnehager og skolehelsetjeneste sank betydelig.

Nettovergrep mot barn og unge ser ut til å bli eit stadig større samfunnsproblem, og skulen har derfor ei viktig rolle i å gi elevane kunnskap om grensesetjing for eigen kropp og varsemd på digitale arenaer.

Det er store forskjellar i korleis skulen møter elevar med stort læringspotensial

Prinsippet om tilpassa opplæring gjeld alle elevane. Elevar med stort læringspotensial må få møte forventningar og utfordringar i skulen, slik at dei opplever meistring og anerkjenning. Denne gruppa omfattar elevar som presterer på høgt fagleg nivå, elevar som har spesielle talent, og elevar som har potensial til å nå dei høgaste faglege nivåa. Skulane må ha kunnskap om og kompetanse til å møte elevar med stort læringspotensial. Regelverket gir høve til forsering og fleksibilitet. Elevar som går på ungdomstrinnet kan ta fag frå vidaregåande opplæring. Elevar i vidaregåande opplæring kan følge undervisning og ta eksamen i einskildemne i høgare utdanning (UNG-ordninga). Slik kan skulane gi utfordringar og motiverande undervisning til elevar med stort læringspotensial. NOU 2016: 14 Mer å hente. Bedre læring for elever med stort læringspotensial viste likevel at det er store forskjellar i korleis skulane tilpassar undervisninga til elevar med stort læringspotensial. Utvalet oppgav at mellom 10 og 15 pst. av elevane har eit stort læringspotensial.

Elevar med stort læringspotensial var tema i Spørsmål til Skole-Norge våren 2021. Éin av fire skuleleiarar i grunnskulen og éin av fem skuleleiarar i vidaregåande skule, av dei som deltok i skulespørjinga, seier at skuleeigaren har planar og strategiar for tilpassa opplæring for elevar med stort læringspotensial som skulane kan nytte. Tiltaket om å forsere i aktuelle fag har mykje høgare oppslutning blant skuleleiarar i Oslo-området samanlikna med resten av landet. Under halvparten av skuleleiarane seier at dei har gode rutinar for å identifisere elevar med stort læringspotensial. Rettleiaren som Utdanningsdirektoratet publiserte i 2019, blir brukt i større grad av skuleeigarar enn av skuleleiarar. Samanlikna med skuleleiarar, opplever ein større del av skuleeigarar rettleiaren som nyttig. To av tre skuleleiarar bruker i lita eller inga grad Utdanningsdirektoratet sin rettleiar.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å styrke tidleg innsats og betre inkluderande praksis i grunnopplæringa

I oppfølginga av Tett på-meldinga blei det hausten 2020 i samarbeid med KS sett i gang eit kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis for kommunar og fylkeskommunar. Målet er tilstrekkeleg kompetanse tett på barna og elevane til å kunne fange opp og gi eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle, inkludert dei med behov for særskild tilrettelegging. Kompetanseløftet gjeld både tilsette i barnehage og skule, PP-tenesta og eventuelt andre tenester som inngår i laget rundt barna og elevane. Kompetanseløftet skal byggast opp over fleire år og bli ei varig ordning frå 2025, og sjåast i samanheng med endringane for Statped, jf. omtale under kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for oppbygginga av kompetanseløftet i samarbeid med KS og Statped. Direktoratet har òg fått i oppdrag å styrke det overordna utviklingsarbeidet innanfor spesialpedagogikk og spesialpedagogisk støtte, og utvikle verkemidla sine slik at dei i større grad tek omsyn til alle barn og elevar. Våren 2021 har det vore digitale regionale konferansar om kompetanseløftet i alle fylke. Ei evaluering av kompetanseløftet blei sett i gang hausten 2021. Det er NTNU Samfunnsforskning, i samarbeid med Nordlandsforskning og NIFU, som gjennomfører evalueringa. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kompetanseløftet med 50 mill. kroner til totalt 100 mill. kroner i 2022.

God allmennpedagogisk og spesialpedagogisk kompetanse er grunnleggande for å kunne oppdage, følge opp og legge til rette for barn som har behov for særskild tilrettelegging. Derfor satsar departementet vidare på dei kompetanseordningane og vidareutdanningstilboda for lærarar og andre tilsette i barnehage og skule som er i gang.

Fleire av regelverksendringane og presiseringane av regelverket som er varsla i Tett på-meldinga, er blitt vurderte i arbeidet med ny opplæringslov, der forslag til ny lov blei sendt på høyring 26. august 2021. Dette gjeld mellom anna presiseringar i regelverket for å sikre at fagpersonar med rett kompetanse gir spesialundervisning, og ei tydeleggjering av oppgåvene til PP-tenesta.

Fleire tiltak i meldinga gjeld forsking og pilotforsøk for å styrke kunnskapen om inkluderande praksis og spesialpedagogikk. Det skal opprettast eit senter for forsking på spesialpedagogikk og inkludering hausten 2021. Noregs forskingsråd har lyst ut senteret, og det er Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo som blir vertsinstitusjon, og som vil samarbeide med fire andre universitet om senteret. Sjå meir omtale under kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag.

Som del av Fullføringsreforma vil regjeringa at tidleg innsats blir prioritert også i vidaregåande opplæring. Skal ambisjonane bak reforma lykkast, er det viktig at dei vidaregåande skulane tidleg set inn tiltak for dei elevane som står i fare for ikkje å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Regjeringa vil derfor at fylkeskommunane skal ha plikt til å jobbe systematisk og førebyggande med elevar som står i fare for ikkje å bestå fag. Forslaget er sendt på høyring i samband med ny opplæringslov.

Sjå også del III, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering, der det er omtale av Et samfunn for alle. Regjeringens strategi for likestilling av mennesker med funksjonsnedsettelse for perioden 2020–2030.

Styrking av psykisk helse i grunnopplæringa

100 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunesektoren er grunngitt med tiltak retta mot den psykiske helsa til barn og unge, inkludert psykisk helse i vidaregåande opplæring og lågterskeltilbod i kommunane.

Regjeringa la i juni 2019 fram Prop. 121 S (2018–2019) Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024). Gjennom tiltaka i planen vil regjeringa at fleire skal få god psykisk helse og god livskvalitet, og at dei som treng det, skal få eit godt behandlingstilbod. Planen inneheld både helsefremjande, førebyggande og behandlingsretta tiltak og omfattar barn og unge i alderen 0–25 år.

I det nye læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK20) er folkehelse og livsmeistring innført som tverrfagleg tema i fleire fag. Temaet skal gi elevane kompetanse som fremjar god psykisk og fysisk helse, og som gir grunnlag til å ta ansvarlege livsval.

Helsedirektoratets tilskotsordning Psykisk helse i skulen har som mål å styrke psykisk helse i skulen for å få betre læringsmiljø, auka kompetanse, tidleg innsats og samhandling mellom sentrale instansar og tenester for barn og unge. Ei evaluering frå NIFU i 2019 konkluderer med at både staten, gjennom tilskotsordninga, og dei som tilbyr program innanfor området psykisk helse i skulen, har ei viktig rolle i å støtte kommunane i arbeidet med den psykiske helsa til elevane. Forskarane peikar på at fagfornyinga og det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring kan gjere at skulane får meir eigarskap til temaet psykisk helse, og at skulane vil ta ei meir aktiv rolle i å definere kva dei treng av kunnskap.

Regjeringa ønsker å bidra til eit samfunn som er trygt for alle, med større openheit om kjønns- og seksualitetsmangfald. Den nye strategien Trygghet, mangfold og åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskarakteristika (2021–2024) blei lagd fram i juni 2021.

Meir omtale av handlingsplanar og anna arbeid som gjeld arbeidet mot negative forhold som kan gi dårleg psykisk helse hos barn og unge, finst i del III, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Tiltak for betre tverrsektorielt samarbeid til beste for utsette barn og unge

Kunnskapsdepartementet har leia 0–24-samarbeidet, der Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet deltok. Satsinga skulle i utgangspunktet gjelde perioden 2015–20. Forseinkingar på grunn av den ekstraordinære situasjonen med covid-19-pandemien og smitteverntiltak i 2020 gjorde at 0–24-samarbeidet blei forlengt noko inn i 2021. Målet er å styrke oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år gjennom betre samarbeid mellom tenestene for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring og seinare utanforskap i samfunnet. 0–24-samarbeidsprosjektet i direktorata har levert sluttrapport og gjennomført ei utgreiing med tilrådingar om vidare arbeid med tverrsektoriell samordning. Tilrådingane blir følgde opp i samarbeid mellom dei aktuelle departementa. Sjå også omtale under kap. 226 post 64 Programfinansiering av 0–24-samarbeidet.

I strategien Gode hver for oss. Best sammen – Overordnet strategi for departementsfellesskapet (2021–2025)er kjernegrupper ei ny arbeidsform for å sikre fleirfagleg samarbeid og forankring ved gjenstridige problem. Kjernegrupper skal vareta samordna utvikling og gjennomføring av tverrgåande politikk på komplekse område. Det er under etablering ein kjernegruppepilot for samordning av arbeidet for utsette barn og unge. Det vidare samarbeidet om utsette barn og unge vil bli tekne inn i kjernegruppepiloten.

Våren 2021 vedtok Stortinget endringar i alle velferdstenestelovene, jf. Innst. 58 L (2020–2021) og Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivgningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator). Endringane omfattar mellom anna harmonisering og styrking av reglane om samarbeid og individuell plan, innføring av ei samordningsplikt for kommunen ved yting av velferdstenester og innføring av ein rett til barnekoordinator. Regjeringa tek sikte på at lovendringane trer i kraft 1. august 2022. Sjå også omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Helse- og omsorgsdepartementet. Lovendringane vil bli evaluerte. Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet har også fått i oppdrag å utarbeide ein rettleiar for lovendringane.

Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021)har sitt siste år i 2021, jf. nærare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Planen omfattar mellom anna tiltak som gjeld meir kompetanse om vald og overgrep blant dei tilsette i skulen, og tiltak som skal gjere barn og unge betre i stand til å forstå kva vald og overgrep er, og korleis ein kan få hjelp dersom ein er utsett for dette. I samband med planen har regjeringa under leiing av Justis- og beredskapsdepartementet utarbeidd strategien Forebygging og bekjempelse av internettrelaterte overgrep mot barn. Nasjonal strategi for samordnet innsats (2021–2025). Strategien blei lagd fram i august 2021, og er ein delplan i strategien Rett på nett. Nasjonal strategi for trygg digital oppvekst, som Barne- og familiedepartementet la fram 3. september 2021.

Kunnskapsdepartementet deltek i områdesatsinga i Groruddalen for perioden 2017–26 og områdesatsingane i Oslo sør og indre Oslo aust for perioden 2018–26, jf. kap. 226, post 21, programkategori 07.90 Integrering og mangfald og Prop. 1 S (2021–2022) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa la hausten 2020 fram strategien Like muligheter i oppveksten: Regjeringens samarbeidsstrategi for barn og unge i lavinntektsfamilier (2020–2023).

BarnUnge21-strategien blei lagd fram for regjeringa i februar 2021. Målet med arbeidet har vore å skape ein målretta, heilskapleg og koordinert nasjonal innsats for forsking, utvikling og innovasjon for utsette barn og unge. Strategien har tilrådingar om tiltak og verkemiddel som knyter forsking, utdanning, praksis, myndigheiter og samfunn tettare saman, og forklarer korleis kunnskapen kan takast i bruk. Ein heilskapleg omtale av strategien finst i Prop. 1 S (2021–2022) frå Barne- og familiedepartementet.

Tiltak for å betre tilbodet til elevar med stort læringspotensial

Utdanningsdirektoratet utarbeidde i 2019 ein rettleiar og ei kompetansepakke om elevar med stort læringspotensial. Dette skal vise skulane og skuleeigarane kva handlingsrom dei har når det gjeld å legge til rette for denne elevgruppa, og auke kompetansen om elevar med stort læringspotensial.

I oppfølginga av Realfagsstrategien blei det hausten 2016 starta ei treårig utprøving med etablering av talentsenter for elevar med stort læringspotensial i realfag på 7.–10. trinn og i dei to første åra i vidaregåande opplæring. Talentsentera er plasserte ved vitensentera i Oslo, Bergen, Tromsø, Trondheim og på Jæren. NIFU gjennomførte i 2019 ei evaluering av ordninga. Konklusjonen var at talentsentera i realfag har etablert eit godt tilbod for målgruppa. Ordninga blei permanent frå 2020. Det er tildelt midlar for at eit nytt talentsenter kan starte opp skuleåret 2021–22 på Vitenparken Campus Ås. Departementet vil greie ut ei vidareutvikling av talentsenterordninga for å gi elevar med stort læringspotensial eit tilbod.

UNG-ordninga, der elevar i vidaregåande opplæring kan følge undervisning og ta eksamen i einskildemne i høgare utdanning, gir gode moglegheiter for elevar som har stort læringspotensial. Regjeringa meiner UNG-ordninga er noko det kan byggast vidare på, og som kan nyttast i endå større grad. Som ein del av vidareutviklinga av ordninga vil regjeringa at det blir greidd ut korleis ho kan omfatte høgare yrkesfagleg utdanning. Som del av Fullføringsreforma vil regjeringa opne for større valfridom for elevane, med meir fordjuping. I kombinasjon med UNG-ordninga trur regjeringa at dette kan føre til ein betre skulekvardag for elevar med stort læringspotensial.

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Mange lærarar manglar relevant kompetanse

Grunnopplæringa stiller krav til kompetansen hos lærarane. Det er godt dokumentert frå forskinga at elevane lærer meir når lærarane har fordjuping i det faget dei underviser i. Regjeringa er derfor bekymra over at mange lærarar anten ikkje har fordjuping i faget dei underviser i, eller ikkje er formelt kvalifiserte for tilsetjing. Statistikk frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) viser at 22 pst. av matematikklærarane, 16 pst. av norsklærarane og 34 pst. av engelsklærarane i grunnskulen mangla fordjuping i faget i skuleåret 2020–21. Talet på lærarar som ikkje oppfyller kompetansekrava i matematikk, norsk og engelsk, har gått ned med omtrent 12 000 frå 2015 til 2020. I skuleåret 2020–21 var om lag 3 230 personar i undervisningsstillingar i grunnskulen ikkje kvalifiserte for tilsetjing. Dette utgjer ifølge GSI 4,7 pst. av alle lærarane i grunnskulen, og det er ein nedgang frå 5,4 pst. i skuleåret 2019–20.

Ulike statistikkjelder gir ulike bilde av prosentdelen lærarar med godkjend utdanning/kompetanse for å bli tilsett i undervisningsstilling i grunnskulen. Senter for økonomisk forsking ved NTNU har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet undersøkt dei viktigaste årsakene til at det er forskjellar mellom lærarstatistikken til GSI og Statistisk sentralbyrå (SSB). Dei finn mellom anna at vikarar blir talde ulikt, og at talet på lærarar blir talt ulikt. Medan SSB måler prosentdelen lærarar med godkjend lærarutdanning, måler GSI tilsette som oppfyller opplæringslovas kompetansekrav for å jobbe som lærar i skulen. Rapporten blei offentleggjord 17. juni 2021. Departementet vil følge opp rapporten og saman med Utdanningsdirektoratet sjå på behov for justeringar i GSI.

Meir og betre bruk av IKT i opplæringa i form av system, plattformer, digitale einingar og digitale læremiddel krev auka kompetanse hos lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar om samanhengar, moglegheiter og utfordringar. God forståing av informasjonstryggleik og personvern er også viktig for å lykkast med digital utvikling. NIFU-rapporten om covid-19-pandemien våren 2020 viser at det er store skilnader mellom lærarar, skular og kommunar i den digitale kompetansen. Dette er i samsvar med TALIS-studien frå 2018, der 20 pst. av lærarane seier at dei har eit stort behov for betre kunnskap om å integrere IKT i undervisninga.

Utfordringa med mogleg framtidig lærarmangel

8,7 pst. av lærarane i grunnskulen er 60 år eller eldre, og 19,0 pst. er i aldersgruppa 50–59 år. I vidaregåande skule er 14,2 pst. av lærarane 60 år eller eldre, medan 27,6 pst. er 50–59 år. Framskrivingar frå SSB viser eit underskot på grunnskulelærarar fram mot 2025, som deretter snur til eit overskot i perioden 2025–40. Dersom SSBs framskrivingar blir realiserte, gir det gode føresetnader for å sørge for at alle som jobbar som lærarar i skulen, er kvalifiserte og har rett kompetanse. Tidlegare framskrivingar har vist ei betydeleg og aukande underdekning av grunnskulelærarar i perioden fram mot 2040. Nedgang i befolkningsvekst og fødselstal er den viktigaste årsaka til det berekna overskotet. For dei andre lærarutdanningane er det berekna eit overskot i alle åra fram mot 2040, og lærarar med andre utdanningar enn grunnskulelærarutdanning vil dermed kunne avhjelpe noko av underskotet. Eit lærarunderskot vil derfor truleg i størst grad råke 1.–4. trinn, då dei fleste andre lærarutdanningane ikkje kvalifiserer for tilsetjing på desse trinna.

Tala frå Samordna opptak i juli 2021 viser at det totalt er 6 374 søkarar som har fått tilbod om studieplass ved ei skuleretta lærarutdanning, ein reduksjon på 6 pst. frå 2020. Litt færre fekk tilbod om plass i grunnskulelærarutdanninga for dei yngste elevane (1.–7. trinn) i 2021 enn i 2020, men framleis er det gitt 7 pst. fleire tilbod enn gjennomsnittet dei siste 10 åra. Samla sett har talet på tilbod om plass i lærarutdanning vore høgt sidan 2018. Gjennomføringa er blitt betre, og i 2020 og 2021 var talet på uteksaminerte grunnskulelærarar høgare enn noko anna år.

Mange lærarar opplever overgangen frå utdanninga til yrket som vanskeleg. Dei første åra som nytilsett lærar kan vere krevjande, men er på same tid viktige for å utvikle seg i lærarrolla. Det er derfor viktig med god rettleiing, både for å støtte den faglege utviklinga og for å hindre fråfall frå læraryrket. Det er framleis ei utfordring at mange nyutdanna nytilsette lærarar i grunnopplæringa ikkje får rettleiing. Ein sluttrapport frå Rambøll våren 2021 viser likevel ein liten auke i prosentdelen som får rettleiing, frå 61 pst. i 2016 til 65 pst. i 2019. Rapporten viser òg ein auke frå 2019 til 2020. Fleire av aktørane i sektoren har sett i gang eit forskingsprosjekt finansiert av Forskingsrådet for å sjå nærare på overgangen frå utdanning til yrket.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å få fleire lærarar med relevant kompetanse

Rekruttering av fleire kvalifiserte lærarar i skulen

Noreg treng fleire kvalifiserte lærarar. Mange stadar i landet er det utfordringar med å rekruttere søkarar til lærarutdanning. Departementet har finansiert ulike rekrutteringstiltak. Dette er tiltak som skal gi fleire søkarar, kvalifisere søkarar som ikkje oppfyller krava, gi større studentmangfald og mangfald blant lærarane i barnehagen og skulen, og som skal bidra til å kvalifisere lærarar som ikkje har fullført lærarutdanninga som dei har starta på. Dei ulike prosjekta har blitt etablert med kortsiktig finansiering, noko som gjer det vanskeleg å legge planar fram i tid, og få ei god forankring. Departementet ser behov for ei langsiktig øyremerking av midlar til slike tiltak og foreslår å fordele 10 mill. kroner til formålet i 2022.

Styrking av lærarutdanningane

Regjeringa ønsker at læraryrket skal vere attraktivt for fleire, og at elevane skal møte lærarar med god fagkunnskap i faga dei underviser i. I 2017 blei grunnskulelærarutdanninga omgjord til ei praksisnær masterutdanning, noko som skal bidra til å styrke lærarane sin føresetnad for kritisk tenking og kunnskapsbasert yrkesutøving. I 2016 blei det innført krav om karakteren 4 i matematikk for å kome inn på grunnskulelærar- og lektorutdanningane. Dei siste åra har det vore fleire studentar som møter til studiestart og færre studentar som fell ifrå etter første studieår, enn tidlegare.

Våren 2017 lanserte regjeringa Lærerutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene. Strategien er retningsgivande for arbeidet med å utvikle lærarutdanningane. Det er eit sentralt mål å utvikle samarbeidet mellom universitet, høgskular og barnehage- og skulesektoren. Sjå også omtale av barnehagelærarutdanninga i programkategori 07.30 Barnehagar og omtale av høgare utdanning under kap. 260 Universitet og høgskular, post 50.

Den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling skal sikre at tiltaka er betre tilpassa lokale behov

I oppfølginga av Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen blei det i 2017 innført ei desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen. Målet med ordninga er å møte dei lokale utfordringane meir treffsikkert og at alle skular, kommunar og fylkeskommunar gjennom samarbeid med universitet og høgskular skal ta ansvar for og ha handlingsrom til å drive kvalitetsutvikling lokalt. Alle fylka har etablert samarbeidsforum der skuleeigarar, universitet, høgskular og statsforvaltaren er med. Utdanningsdirektoratet fordeler det statlege tilskotet til kompetanseutvikling gjennom statsforvaltaren til kvart einskilt samarbeidsforum. Direktoratet arbeider systematisk med tiltak for å koordinere dei desentraliserte ordningane for kompetanseutvikling i barnehage, skule, spesialpedagogikk og inkluderande praksis, og for yrkesfag, for å styrke det lokale arbeidet med kompetanseutvikling.

Frå 2021 er det fastsett nye retningslinjer for tildeling av midlar til tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring. Tilskotsordninga omfattar tre tilskotsordningar for statleg tilskot til kvalitetsutvikling:

  • desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskule og vidaregåande skule

  • regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage

  • kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis

Retningslinjene gjer greie for målsetjingar, roller og oppgåver i ei ny felles tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring. Kunnskapsdepartementet legg til grunn at det er barnehage- og skuleeigarar og universitet og høgskular som er mottakarar av tilskot i ordningane. Retningslinjene blei godt mottekne i høyringa hausten 2020, og Utdanningsdirektoratet samarbeider tett med statsforvaltarar, universitet og høgskolar og andre aktørar i sektoren for å etablere dei nye retningslinjene over heile landet.

Det kan bli aktuelt å tildele ekstra midlar til tilskotsordninga til lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring hausten 2022 dersom det er handlingsrom til det.

Vidareutdanning skal bidra til at fleire lærarar får fordjuping i faga dei underviser i

Regjeringa har som mål at alle lærarar skal ha fordjuping i faga dei underviser i, og vil halde fram med satsinga på vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. Regjeringa foreslår å styrke vidareutdanningsordninga for lærarar i grunnskulen med 370 plassar i 2022, hovudsakleg innanfor spesialpedagogikk.

I perioden 2013–21 har om lag 49 000 lærarar fått tilbod om vidareutdanning gjennom Kompetanse for kvalitet – strategi for lærere og skoleledere frem mot 2025. Vidareutdanninga har medverka til at fleire lærarar har tilstrekkeleg utdanning i undervisningsfaga sine. Samtidig vil det framleis vere utfordringar med å oppfylle kompetansekrava innan 2025. Departementet følger utviklinga nøye. Sjå også omtale under kap. 226, post 22.

Karrierevegen som lærarspesialist skal bidra til at erfarne lærarar blir i yrket

Regjeringa ønsker å halde på gode lærarar i klasserommet og starta i 2015 eit pilotprosjekt for ein ny karriereveg for lærarar som lærarspesialist. Regjeringa har som mål å auke talet på lærarspesialistar til totalt 3 000 innan utgangen av 2022 og gi alle skular tilgang til lærarspesialist i begynnaropplæring. Det vil vere ein styrke for kompetanseutviklinga i skulen at det finst spesialistar i dei fleste sentrale skulefaga og i tillegg innanfor område som begynnaropplæring, profesjonsfagleg digital kompetanse, opplæring av minoritetsspråklege elevar og spesialpedagogikk.

Regjeringa foreslår å auke satsinga på karrierevegar for lærarar til 171,7 mill. kroner i 2022. Løyvinga gir rom for å auke talet på lærarspesialistar til 3 000 frå hausten 2022. NIFU gjennomfører ei evaluering av karrierevegar for lærarar. Ein delrapport om spesialistutdanningane blei levert i april. Sluttrapporten om lærarspesialistpiloten kjem i november 2021. Basert på erfaringane frå pilotfasen vil regjeringa hausten 2021 starte arbeidet med å utvikle ei varig tilskotsordning for lærarspesialistar. Denne skal etter planen setjast i verk når målet om 3 000 spesialistar er nådd.

Tiltak for å bidra til at nytilsette lærarar og skuleleiarar blir i yrket

Regjeringa ønsker at nyutdanna nytilsette lærarar skal få god rettleiing, slik at dei blir trygge i lærarrolla og får nytta kompetansen sin. I samarbeid med organisasjonar for barnehage, skule og høgare utdanning følger regjeringa opp dei nasjonale rammene for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehagen og skulen. Sluttrapporten med Rambølls evaluering av rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar blei publisert våren 2021 og vil bli følgd opp i det vidare arbeidet. Utdanningsdirektoratet forvaltar også eit tilskot som kommunar og friskular kan søke på til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i grunnskulen. Sjå også omtale under kap. 226, post 21, 22 og 61, kap. 231, post 21 og kap. 260, post 50.

Det er viktig å setje inn tiltak som gjer at unge, relativt nytilsette skuleleiarar trivst, sidan dei ofte er usikre på den vidare yrkeskarrieren sin. Rektorutdanninga er eit viktig rekrutteringstiltak i denne samanhengen. Tilboda om vidareutdanning i ulike emne for dei som har gjennomført rektorutdanninga er òg viktige.

Tiltak for å heve den digitale kompetansen blant lærarar

Det er dei siste åra starta opp vidareutdanning i profesjonsfagleg digital kompetanse og programmering. Det finst òg lærarspesialistutdanning og moglegheit for å bli lærarspesialist i profesjonsfagleg digital kompetanse. I tillegg skal alle vidareutdanningstilbod til lærarar legge til rette for refleksjon om kva den digitale utviklinga betyr for innhaldet og arbeidsmetodane i faget, og gi lærarane erfaring med å bruke digitale ressursar for å nå kompetansemålet i faga. Fleire kompetansepakkar knytte til digital kompetanse er utvikla, mellom anna som støtte til innføringa av dei nye læreplanane innanfor LK20 og til hjelp for lærarar under pandemien. Desse ressursane kan lærarar nytte til eiga kompetanseheving eller som skulebasert kompetanse gjennom tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring. Digitalisering av opplæringa er eit vanleg tema i etterutdanning i denne tilskotsordninga.

Tiltak for å heve kompetansen til yrkesfaglærarane

Gode yrkesfaglærarar med oppdatert fagkunnskap bidreg til relevant og praktisk opplæring for elevane, noko som vil kunne føre til at fleire fullfører og består fagopplæringa. Regjeringa sette derfor hausten 2015 i gang ei satsing på yrkesfaglærarane – Yrkesfaglærarløftet – for fagarbeidarar i framtida. Satsinga skal bidra til å rekruttere fleire yrkesfaglærarar og sørge for at fleire får ei godkjend lærarutdanning, og at yrkesfaglærarar får høve til å delta i etter- og vidareutdanning.

Som del av Yrkesfaglærarløftet er det moglegheiter for ei rekke vidareutdanningstilbod som skal gi yrkesfaglærarane den kompetansen dei treng for å undervise elevar som møter eit arbeidsliv i utvikling. Som del av satsinga finst det mellom anna fleire vidareutdanningstilbod som skal utvikle den digitale kompetansen til yrkesfaglærarane.

Fylkeskommunane er med i den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling. Det er ei rekke tiltak som inngår i denne ordninga, mellom anna midlar til hospitering og fagleg oppdatering i regi av arbeidslivet. Midlane som gjeld yrkesfag, er skilde frå dei etablerte samarbeidsforuma. Ein viktig grunn er at det innanfor yrkesfaga er andre aktuelle tilbydarar av kompetanseutvikling enn universitet og høgskular, til dømes bedrifter, opplæringskontor, bransjeorganisasjonar og fagskular.

Nye retningslinjer for tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa, med tydeleg omtale av mål, roller og oppgåver, blei fastsette av departementet hausten 2020.

NOU om etter- og vidareutdanning i barnehage og grunnopplæringa

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal vurdere og foreslå ulike modellar for etter- og vidareutdanning for alle tilsette i barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, opplæring spesielt organisert for vaksne, og modellar for etterutdanning i fag- og yrkesopplæringa i både skule og bedrift. Utvalets hovudoppgåve er å vurdere korleis ressursane som blir brukte på etter- og vidareutdanning kan innrettast mest mogleg effektiv for best mogleg måloppnåing, og målet er at sektoren samla sett oppnår best mogleg kompetanse for å fremje læring og danning hos barn og elevar. Utvalet skal òg vurdere og foreslå kva som skal vere eit nasjonalt, statleg ansvar, og kva ansvar som skal leggast på private og offentlege eigarar, leiarar og profesjonen sjølv på lokalt nivå.

Utgreiinga frå utvalet skal etter planen bli lagd fram innan 1. oktober 2022.

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

Utviklingstrekk og utfordringar

Det er framleis for mange som ikkje fullfører vidaregåande opplæring

Vidaregåande opplæring skal førebu elevane på vidare studium og deltaking i yrkes- og samfunnslivet. Derfor må strukturen og innhaldet i opplæringa vere tilpassa behova i høgare utdanning og arbeidsmarknaden. Vidaregåande opplæring må òg vere betre tilpassa behova til elevane og utfordringar og moglegheiter vi kan sjå i framtida. Framleis er det altfor mange som ikkje fullfører vidaregåande opplæring.

Sjølv om vidaregåande opplæring i Noreg har mange sterke sider i eit internasjonalt perspektiv, er regjeringa oppteken av at det må gjerast noko med dei utfordringane som er der. Derfor har regjeringa lagt fram ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring, Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. I stortingsmeldinga er det peikt på fem overordna utfordringar i vidaregåande opplæring. Desse er:

  1. Vidaregåande opplæring er i for lita grad tilpassa elevar med svake faglege føresetnader.

  2. Elevane er ikkje godt nok studieførebudde.

  3. Fagopplæringa dekker ikkje behova til elevane, lærlingane og arbeidslivet godt nok.

  4. Vidaregåande opplæring er i for lita grad tilpassa den mangfaldige elevgruppa.

  5. Vidaregåande opplæring er ikkje godt nok tilpassa for vaksne.

Vidaregåande opplæring er i for lita grad tilpassa elevar med svake faglege føresetnader

Resultat frå grunnskulen er den einskilde faktoren som i størst grad forklarar sannsynet for at elevar kjem til å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Elevar med svake resultat frå grunnskulen fullfører i langt mindre grad enn elevar med betre resultat. Av elevane som hadde mindre enn 30 grunnskulepoeng var det berre omtrent fire av ti som fullførte. Blant elevane med få grunnskulepoeng er det mange gutar og elevar med innvandrarbakgrunn, og flesteparten av dei er yrkesfagelevar. Dei låge fullføringstala for elevar med få grunnskulepoeng viser at vidaregåande opplæring ikkje lykkast med å gi desse elevane jamgode moglegheiter til å fullføre og bestå. Figuren under viser samanhengen mellom karakterane elevane har frå ungdomsskulen (grunnskulepoeng), og i kva grad dei gjennomfører vidaregåande opplæring.

Figur 4.2 Prosentdel som fullfører og består vidaregåande opplæring innan fem/seks år, etter kor mange grunnskulepoeng dei har (2014-kullet)

Figur 4.2 Prosentdel som fullfører og består vidaregåande opplæring innan fem/seks år, etter kor mange grunnskulepoeng dei har (2014-kullet)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

For skuleåret 2020–21 mangla om lag 6 pst. av elevane karakter i meir enn halvparten av faga, og dei fekk derfor ikkje utrekna grunnskulepoeng. Årsakene til at elevar manglar karakterar, er samansette. Sjå meir statistikk i del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.

Dei nasjonale prøvane i engelsk og rekning har målt utviklinga sidan 2014 og dei nasjonale prøvane i lesing sidan 2016. Resultata frå 2020 viser i snitt ingen store endringar på nasjonalt nivå. Gutane presterer framleis litt betre enn jentene i rekning på årets prøve, men i lesing er det motsett. I engelsk presterer gutane og jentene meir jamt. Dette er i samsvar med tidlegare års resultat. Gutane presterer noko svakare i år samanlikna med i fjor på alle prøvane.

Norske elevar skulle ha delteke i Programme for International Student Assessment (PISA) i 2021, men undersøkinga vart utsett til 2022 på grunn av covid-19-pandemien. PISA 2022 skal òg kunne kaste lys over utfordringar som følge av pandemien. Sett over fleire år er dei norske resultata i PISA stabile. Norske elevar deltek også i den internasjonale leseundersøkinga Progress in International Reading Literacy Study (PIRLS) i 2021. Resultata frå undersøkinga blir publiserte i 2022.

Elevar som nyleg har kome til Noreg, og som derfor ikkje har delteke i ordinær undervisning i alle fag, utgjer den største gruppa som ikkje får karakter i alle fag i grunnskulen. Butida har stor innverknad på meistringsnivået til elevane, sidan tida har mykje å seie for utvikling av gode norskferdigheiter. Dei som har budd i Noreg i 7–8 år, nærmar seg nivået til dei norskfødde elevane med innvandrarforeldre i lesing.

Elevane er ikkje godt nok studieførebudde

Det formelle kravet til å vere studieførebudd er å ha fullført studieførebuande utdanningsprogram med godkjent vitnemål. Det er ikkje nødvendigvis like klart kva det vil seie å vere godt førebudd for å studere. Eit av hovudmåla med dei studieførebuande studieprogramma er å gjere elevane i stand til å gjennomføre høgare utdanning. Elevar med gode karakterar frå vidaregåande opplæring fullfører i større grad høgare utdanning dei har starta på, enn dei som ikkje har så gode karakterar.

NOU 2019: 25 Med rett til å mestre er klar på at den vidaregåande opplæringa må førebu elevane betre på studiar enn det som er tilfellet i dag. Mange studentar manglar kompetanse i å skrive og lese lengre akademiske tekstar. Utgreiinga etterlyser også meir generelle kompetansar som sjølvstende, kritisk sans, korleis ein skal lære å lære, og det å skilje strukturar, tankesett og metodar i ulike fag frå kvarandre. I Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden knyter regjeringa desse utfordringane opp til manglande moglegheiter til fordjuping i vidaregåande opplæring. For elevar på dei studieførebuande utdanningsprogramma utgjer obligatoriske fellesfag ein stor del av timeplanen, og elevane har mange og små fag samtidig. Det bidreg til at elevane får lite tid til å fordjupe seg i enkelttema eller arbeide med lengre tekstar, og det er gjennom slikt arbeid at ein kan tileigne seg dei ferdigheitene som er etterspurde i høgare utdanning. Både talet på fellesfag, timetalet i faga og dels den tematiske breidda i kvart fag bidreg til å hindre elevane i å fordjupe seg. Studiebarometeret 2018 viser at studentane jamt over gir ein moderat til låg skår på spørsmåla om vidaregåande opplæring førebudde dei godt på høgare utdanning.

Fagopplæringa dekker ikkje behova til elevane, lærlingane og arbeidslivet godt nok

Trass i at både nye lærekontraktar og prosentdelen yrkesfagelevar som fullfører og består, har auka dei siste åra, viser framskrivingar at Noreg kjem til å mangle fagarbeidarar i framtida. Derfor er det viktig å satse på fag- og yrkesopplæringa.

I Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden viser regjeringa til fleire utfordringar når det gjeld fagopplæringa. For det første er ikkje alle fag- og sveinebrev verdsette i arbeidslivet. Tilgangen på faste stillingar og heiltidsarbeid varierer for ulike lærefag og sektorar. For det andre er det mange unge som ikkje får læreplass, samstundes som fleire bedrifter melder om at dei treng fleire lærlingar. I 2020 fekk 76 pst. av alle søkarar læreplass, medan 6 900 blei ståande utan kontrakt. Utdanningsdirektoratet nemner mellom anna eit misforhold mellom talet på skuleplassar og læreplassar og det at søkarane ikkje blir rekna som kvalifiserte av bedriftene, som nokre av hindringane som gjer at fleire ikkje får læreplass. Ei tredje utfordring er at alternativet til dei som ikkje får læreplass, er mangelfullt. Vg3 i skule er kortare enn lærlingtida, og tilbodet kjem ofte for seint i gang.

I 2020 blei det teikna rundt 21 800 nye lærekontraktar. Trenden dei siste åra har vore ein auke i søkarar som får læreplass. Frå 2019 til 2020 gjekk prosentdelen som fekk læreplass ned 2 prosentpoeng, frå 77,7 pst. til 75,7 pst. Dette kan ha samanheng med covid-19-pandemien. Det er for mange som ikkje får læreplass, og dette er i mange tilfelle ei årsak til at elevar ikkje fullfører opplæringa. Mange elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram sluttar i overgangen mellom skule og læreplass.

På grunn av covid-19-pandemien blei mange lærlingar permitterte, særleg våren 2020. Det er usikkerheit knytt til konsekvensane covid-19-pandemien vil ha for lærlingar og talet på læreplassar på sikt.

Vidaregåande opplæring er i for lita grad tilpassa den mangfaldige elevgruppa

Dei fleste barn og unge i Noreg trivst på skulen og har god psykisk helse. Men det er også mange som av ulike årsaker treng ekstra støtte og oppfølging. Elevar med behov for særskild tilrettelegging får generelt lite råd og bistand i samband med overgangen til vidaregåande opplæring. Det same gjeld ved overgangen frå vidaregåande opplæring til etterfølgande utdanning, eller til arbeidslivet. Mange elevar møter på utfordringar som kan gi behov for ekstra støtte, og ein del møter på fleire utfordringar samtidig som dei må hanskast med. Døme på dette kan vere negativt stress, psykiske plager og lidingar, manglande føresetnader for å følge ordinær opplæring og behov for spesialundervisning, nedsett funksjonsevne og erfaringar med barnevernet.

Vidaregåande opplæring er ikkje godt nok tilpassa vaksne

Mange vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, er ikkje i arbeid. Av NOU 2018: 13 Vaksne i grunnskole- og videregående opplæring – Finansiering av livsopphold går det fram at fire av ti vaksne, i aldersgruppa 25–54 år, som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, er utan arbeid. Som Kompetansebehovutvalet har peika på, har personar utan fullført vidaregåande opplæring vesentleg høgare risiko for å få svak tilknyting til arbeidslivet. Dei har også høgare arbeidsløyse, er meir sjuklege og har høgare uføregrad.

Om lag ein halv million i alderen 25–59 år har ikkje fullført grunnskule eller vidaregåande opplæring eller har ukjent utdanning. Om lag ein tredel av desse er innvandrarar. I periodar med stigande arbeidsløyse, slik vi nyleg har vore vitne til i samband med covid-19-pandemien, er det dei som manglar vidaregåande opplæring, som har størst sannsyn for å miste jobben. Samstundes blir det stadig færre jobbar der det er tilstrekkeleg med berre grunnskule.

Undersøkingar viser at berre halvparten av dei som begynner i grunnskuleopplæring for vaksne, fullfører. Det er ein tilsvarande del for vaksne som tek til i vidaregåande opplæring. Både kommunar og fylkeskommunar opplyser at manglande faglege og språklege føresetnader er den viktigaste årsaka til den låge gjennomføringa. Vaksne har ofte jobb- og familieforpliktingar som gjer det vanskeleg å ta utdanning på heiltid. I dag er verken innhaldet eller organiseringa av opplæringa for vaksne tilpassa behova til den samansette målgruppa. Læreplanane i grunnskuleopplæringa for vaksne er dei same som for grunnskulen, og dette gjer det utfordrande for lærarane å tilpasse opplæringa sidan vaksne ofte har andre erfaringar og livssituasjonar enn dei unge. Det at faga i både grunnskule- og vidaregåande opplæring for vaksne ikkje kan delast opp i mindre delar, gir heller ikkje den nødvendige fleksibiliteten som mange vaksne treng.

Figur 4.3 Prosentdel som fullfører og består vidaregåande opplæring 5–10 år etter oppstart. 2010-kullet

Figur 4.3 Prosentdel som fullfører og består vidaregåande opplæring 5–10 år etter oppstart. 2010-kullet

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Skulane bidreg i varierande grad når det gjeld læringa til elevane

Det er stort mangfald i den norske skulen, og familiebakgrunnen til elevane, som utdanninga og inntekta til foreldra og eventuell innvandrarbakgrunn, forklarer mykje av skuleprestasjonane deira. For å seie noko om kva som er skulane sitt bidrag til læringa, utarbeider Utdanningsdirektoratet årleg såkalla skulebidragsindikatorar.

Skulebidragsindikatorane for grunnskulen for 2019 og 2020 viser at éin av fem kommunar ligg under forventa skulebidrag på mellomtrinnet. På grunn av avlyste eksamenar våren 2020 blei det ikkje berekna indikatorar for ungdomstrinnet for 2019 og 2020. Det er store forskjellar mellom skular, og også mellom kommunar og til dels fylke, når det gjeld bidraget til læringa i grunnskulen. Det er berre små endringar i bidraget over tid for større kommunar og fylke. For mindre kommunar og skular kan bidraget variere mykje mellom år. Det er ikkje nødvendigvis samanheng mellom bidraget til skulane på tvers av trinna. Ein skule kan gjere det godt på barneskuletrinna, og mindre godt resterande trinn. Undersøkingane seier ikkje noko om årsakene til forskjellane.

Resultata for vidaregåande skule for 2019–20 viser at det er tydelege forskjellar mellom skulane når det gjeld kor mykje dei bidreg med, særleg når det gjeld å få elevane til å bestå. Det blir berekna tre ulike indikatorar: karakterpoeng, årsbestått og deltaking. På grunn av avlyste eksamenar våren 2020 var det ikkje godt nok grunnlag for å berekne indikatoren for karakterpoeng. Analysen viser at det er større forskjellar mellom fylka når det gjeld årsbestått, enn for deltaking. Eit anna funn er at det er større forskjellar mellom fylka på yrkesfag enn på studieførebuande program. Sjå meir omtale i kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.

Manglande digitale ferdigheiter og bruk av IKT i opplæringa

Regjeringa viser i Framtid, fornying og digitalisering. Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa 2017–2021 til at digitale ferdigheiter og bruk av IKT i opplæringa er ein svært sentral del av læringa til elevane. Digitale ferdigheiter er like grunnleggande som lesing, skriving, rekning og munnlege ferdigheiter, og inngår i det som blir omtala som kompetansar for det 21. hundreåret. I dei nye læreplanane innanfor LK20 har digitale ferdigheiter blitt styrkt, og programmering er innført i fleire fag. Bruk av teknologi i undervisninga opnar for nye moglegheiter og utfordringar i opplæringa. God implementering av bruk av IKT krev derfor ei målbevisst og strategisk tilnærming. I handlingsplan for digitalisering i grunnopplæringa, som utfyller digitaliseringsstrategien i 2021, blir det mellom anna peika på at det er viktig at dei ulike digitale læringsressursane som skulane kan nytte, må spele godt saman med kvarandre og med dei administrative løysingane og tenestene i skulen. Dersom dei digitale ressursane ikkje spelar saman på gode måtar, vil elevar og lærarar kunne oppleve bruken som tungvint og ineffektiv. Kommunesektoren vil også kunne oppleve reduserte gevinstar, manglande måloppnåing og høgare kostnader.

Covid-19-pandemien og fysisk stenging av skulane våren 2020 førte til at svært mange skuleeigarar tok i bruk digitale verktøy for å gjennomføre undervisning. Våren 2021 har om lag 25 pst. av skulane vore heilt eller delvis stengde og har gjennomført undervisninga meir eller mindre digitalt. Situasjonen har avdekt at kommunar som ikkje var godt rusta når det gjeld infrastruktur, utstyr, digitale ressursar/læremiddel og kompetanse, var særleg sårbare. Forlaga melder om ein vesentleg auke i sal av digitale læremiddel, med ein tilsvarande nedgang i sal av tradisjonelle lærebøker. Med meir bruk av digitale løysingar og digitale læremiddel er det òg naudsynt med auka merksemd om personvern og informasjonstryggleik i kommunane.

Ei av dei mest samfunnskritiske oppgåvene til Utdanningsdirektoratet er å utarbeide og gjennomføre prøvar og eksamenar. Dagens IKT-løysingar for digital prøve- og eksamensgjennomføring er over ti år gamle og utdaterte, både teknologisk og funksjonelt. Mange elevar er ekskluderte frå å delta på nasjonale prøvar, kartleggingsprøvar og læringsstøttande prøvar fordi løysinga i dag ikkje er universelt utforma. Marknaden for system for prøvegjennomføring har òg utvikla seg raskt og kan tilby ei rekke nye funksjonar som dagens system ikkje har.

Svakare resultat i realfag

TIMSS (Trends in International Mathematics and Science Study) 2019 viste ein tilbakegang i resultata for både matematikk og naturfag på ungdomstrinnet, men tilbakegangen var størst i naturfag. I matematikk på ungdomstrinnet ligg dei norske elevane på nivå med andre nordiske elevar, medan dei ligg ein god del under i naturfag. Samanlikna med dei andre deltakarlanda i TIMSS 2019 er Noreg blant landa med færrast timar til naturfag på ungdomstrinnet.

Konsekvensar av covid-19-pandemien på barn og elevars utvikling og læring

Mange barn og unge har gått glipp av læring og sosialt fellesskap under pandemien. Koordineringsgruppa for tenester til sårbare barn og unge viser til at fleire studiar underbygger at konsekvensane av covid-19-pandemien forsterkar sosioøkonomiske forskjellar. Ein norsk studie som har samanlikna skriveferdigheiter våren 2019 og våren 2020, viser at førsteklassingar har tapt skriveopplæring tilsvarande det ein vanlegvis ville ha lært i løpet av eit halvt år med fysisk skuleundervisning på berre seks veker med heimeopplæring. Elevane som var hardast ramma, var dei utan norsk som morsmål.

Studiar viser både eit opplevd og eit faktisk læringstap på gruppenivå blant elevar på barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule, jf. Folkehelseinstituttets siste metastudie om konsekvensar av covid-19-pandemien for barn og unges liv og psykiske helse. Det er for tidleg å seie noko om dei langsiktige konsekvensane av pandemien.

Dei nasjonale prøvane i lesing, rekning og engelsk på 5., 8. og 9. trinn i 2020 viser i snitt ingen store endringar på nasjonalt nivå eller fylkesnivå. Gutane presterer litt svakare samanlikna med tidlegare år. Prøvane blei gjennomførte hausten 2020, og det er usikkert korleis covid-19-pandemien påverka resultata.

Strategiar og tiltak

Fleire skal fullføre vidaregåande opplæring

Fullføringsreforma

Regjeringa la våren 2021 fram stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring i eit livslangt læringsperspektiv – Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Det har vore få endringar i vidaregåande opplæring sidan Reform 94, trass i at samfunnet har endra seg mykje. Målet er at vidaregåande opplæring skal gi alle eit godt grunnlag for å ta del i arbeids- og samfunnslivet gjennom vidare utdanning og arbeid, og eit grunnlag for å lære heile livet. Reforma skal utvikle ei vidaregåande opplæring som tek inn over seg at menneske er ulike, som gir elevane meir tid til å fordjupe seg og til å følge den einskilde sine interesser. Stortingsmeldinga inneheld tiltak som mellom anna svarer på dei fem hovudutfordringane som er presentert under Utviklingstrekk og utfordringar. Intensjonen til regjeringa er at Fullføringsreforma skal pågå i eit tiårig perspektiv.

Som ein del av planen til regjeringa for å få Noreg ut av krisa som følge av covid-19-pandemien, blei Utdanningsløftet 2020 lansert våren 2020. Satsinga inneheldt mellom anna tiltak for å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring. Fullføringsreforma bygger på Utdanningsløftet.

Hovudgrepet i Fullføringsreforma er å utvide retten til vidaregåande opplæring. Det inneber mellom anna at retten til vidaregåande opplæring ikkje lenger skal vere avgrensa i tid. Med den nye retten skal alle, uavhengig av alder, ha rett til opplæring inntil dei har fullført og bestått vidaregåande opplæring. Det skal også gjelde unge og vaksne som tidlegare har brukt opp retten til opplæring. Planen er at ein slik rett skal innførast frå 2023 i samband med ny opplæringslov. Som del av Utdanningsløftet er det oppretta eit tilskot som skal gi personar som ikkje har lovfesta rett til opplæringa, moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring. Departementet foreslår å føre tilskotet vidare i budsjettet for 2022. Departementet foreslår også midlar for å gjere vidaregåande opplæring meir tilpassa og fleksibel for elevane. Fullføringsreforma inneber at den utvida retten skal gjere vidaregåande opplæring meir fleksibel for elevane. Det skal mellom anna leggast til rette for at fleire elevar kan få meir tilpassa løp, og at elevar som ikkje består fag skal få meir opplæring slik at dei kan fullføre. I tillegg er det ein sentral del av reforma at innsatsen overfor elevar som slit, skal settast inn tidleg.

For at endå fleire skal fullføre vidaregåande opplæring, vil regjeringa sjå på finansieringa av grunnopplæringa. Regjeringa vil vurdere ulike modellar for resultatbasert finansiering og kome tilbake i kommuneproposisjonen for 2023.

Ein annan viktig del av Fullføringsreforma er at opplæringa skal gi elevane tilstrekkelege moglegheiter til fordjuping. For å oppnå det vil departementet sette i gang eit arbeid for å gjennomgå fag- og timefordelinga i vidaregåande opplæring.

Styrking av fag- og yrkesopplæringa

Regjeringa satsar på fag- og yrkesopplæringa og gjennomfører eit yrkesfagløft i samarbeid med skuleeigarane og partane i arbeidslivet. For å svare på utfordringane som covid-19-pandemien skapte for yrkesfaga, sette regjeringa i verk ei rekke tiltak. Lærlingtilskotet blei auka særskilt for hausten 2020 og våren 2021. I tillegg fekk fylkeskommunane i 2020 og 2021 eit særskilt lærlingtilskot som dei kunne rette mot bransjane og lærefaga som har blitt hardast ramma av covid-19-pandemien og det økonomiske tilbakeslaget som følge av pandemien.

Hausten 2020 blei ein ny tilbodsstruktur for fag- og yrkesopplæringa innført. Det er den største endringa i yrkesfagutdanningane sidan Kunnskapsløftet i 2006. Fleire elevar skal få spesialisere seg frå dei startar i vidaregåande opplæring.

Fag- og yrkesopplæringa stiller høge krav til at utstyret i opplæringa er oppdatert og kvalitetssikra. Derfor har regjeringa starta eit forsøk med ulike modellar for å stimulere til finansiering av utstyr i fag- og yrkesopplæringa. I 2020 og 2021 er det totalt løyvd 65 mill. kroner til forsøket, inkludert forsking. Målet med forsøket er å finne ut kva for modellar som er berekraftige, og som kan gi den beste utstyrssituasjonen over tid. Midlar blei utlyste i september i år. Departementet foreslår å vidareføre midlar til forsøket i 2022.

Regjeringa har i Granavolden-plattforma varsla at det skal bli enklare å ta fleire fagbrev. Krava til kompetanse i arbeidslivet aukar, og fleire som har fullført vidaregåande opplæring har behov for eit nytt eller eit første fag- eller sveinebrev. Framskrivingar frå SSB viser at Noreg vil ha for få fagutdanna i framtida. Som del av Fullføringsreforma vil regjeringa innføre ein yrkesfagleg rekvalifiseringsrett. I statsbudsjettet for 2021 er det etablert eit tilskot for å gi personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, tilbod om å ta eit fagbrev. Tilskotet blir trappa opp i budsjettforslaget for 2022, slik at det blir lagt til rette for å innføre den yrkesfaglege rekvalifiseringsretten frå 2023, i samband med ny opplæringslov.

Sjølv om læreplass er førstevalet, skal dei som ikkje får læreplass, få eit mykje betre tilbod om å fullføre med fag- eller sveinebrev enn i dag. Saman med partane i arbeidslivet, lærar- og elevorganisasjonar og fylkeskommunane arbeider departementet for å utvikle eit best mogleg tilbod. Tilskotet som er etablert i statsbudsjettet for 2021 for å legge til rette for tilbodet, blir trappa opp i budsjettforslaget for 2022.

Kompetanse Noreg og Utdanningsdirektoratet har greidd ut korleis eit nasjonalt lærlingtorg, ein nasjonal digital portal, kan forenkle prosessen med å formidle læreplassar. Utgreiinga syner at mange fylkeskommunar allereie har laga verktøy for å forenkle læreplassformidlinga. Regjeringa vil derfor ikkje gå vidare med å utvikle eit nasjonalt lærlingtorg. Som varsla i Meld. St. 21 (2020–2021) vil regjeringa i samarbeid med fylkeskommunane vurdere behovet for å vidareutvikle digitale verktøy som kan nyttast i formidlinga av læreplassar.

I 2018 blei det etablert ei ordning med Fagbrev på jobb, jf. Innst. 290 L (2017–2018) og Prop. 52 L (2017–2018). Ordninga skal gjere det enklare å kombinere arbeid og opplæring. I samband med Utdanningsløftet 2020 blei det i 2020 etablert eit tilskot for å stimulere fylkeskommunane til å tilby ordninga, som er svært etterspurd. Regjeringa foreslår å vidareføre tilskotet i 2022.

Tiltak for å støtte grunnskulane i læringsarbeidet

Oppfølgingsordninga og Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem

Regjeringa har innført ei nedre grense for skulekvalitet i grunnskulen. Skuleeigarar som har for dårlege resultat over tid, får gjennom oppfølgingsordninga nasjonal hjelp til å løfte kvaliteten på skulen, mellom anna gjennom eit nasjonalt rettleiarkorps av skuleekspertar. Kommunane som er omfatta av ordninga, blir identifiserte gjennom eit indikatorsett for kvalitet i opplæringa, og desse kommunane vel aktuelle tiltak for kvalitetsutvikling i dialog med statsforvaltaren. I 2022 vil det vere 39 kommunar som deltek i oppfølgingsordninga. Kommunane har gjennomført ein forfase der målet har vore å gjennomføre analysar, involvering, forankring, val av tiltak og inngåing av avtalar med kompetansemiljø. Frå hausten 2021 skal dei i gang med gjennomføringsfasen med tiltak som skal føre til kvalitetsforbetringar.

Som eit ledd i oppfølginga av fagfornyinga og oppmodingsvedtaket Stortinget gjorde i samband med behandlinga av Dokument 8:194 S (2017–2018), har regjeringa, med innspel frå partane i skulesektoren, starta arbeidet med å gå gjennom Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem (NKVS). Regjeringa har mellom anna, i dialog med partane, utvikla Strategi for kvalitetsutvikling i skolen i lys av fagfornyelsen. Strategien blei publisert i juli 2021 og synleggjer og tydeleggjer mellom anna intensjonar, prosessar, roller og involvering i dette arbeidet. Sjå òg omtale av vedtak nr. 886, 11. juni 2018 i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Ekspertgruppa for skulebidrag leverte våren 2021 sin sluttrapport En skole for vår tid. I rapporten gjer ekspertgruppa greie for korleis skolar som systematisk vurderer eigen praksis og nyttar det aktivt til å utvikle kvaliteten, lykkast best med å løfte resultata til elevane. Rapporten frå ekspertgruppa blei send på høyring i juni 2021 og vil bli følgd opp i det vidare arbeidet med kvalitetsutvikling i skulen etter innføringa av nye læreplanar.

Det nye læreplanverket

I oppfølginga av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet og Innst. 19 S (2016–2017) er læreplanverket for grunnskulen og fellesfaga i vidaregåande opplæring fornya, jf. læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20) og læreplanverket for Kunnskapsløftet samisk (LK20S). Overordna del av læreplanverket er innført for heile grunnopplæringa hausten 2020, og innføringa av læreplanar i fag skjer trinnvis. Hausten 2020 blei dei nye læreplanane i fag tekne i bruk på 1.–9. trinn i grunnskulen og 1. trinn i vidaregåande opplæring, medan 10. trinn i grunnskulen og Vg2 tek dei i bruk hausten 2021 og Vg3 hausten 2022. Dette er den største endringa i skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006. Det nye læreplanverket skal bidra til eit verdiløft i skulen og til å ruste elevane best mogleg for framtida. Med nye læreplanar er det behov for å fornye læremidla, og det er allereie løyvd midlar til dette i 2019, 2020 og 2021. For 2022 foreslår departementet å vidareføre midlane, jf. omtale under kap. 226, post 21.

Tiltak for å møte mangfaldet i elevgruppa betre

Tett på-meldinga har òg tiltak som skal bidra til at fleire elevar meistrar dei grunnleggande ferdigheitene når dei går ut av grunnskulen. Sjå nærmare omtale av tiltaka i Tett på-meldinga under måla «Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø» og «Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt». Regjeringa har som mål å gi barn og unge med innvandrarbakgrunn gode norskkunnskapar, grunnleggande ferdigheiter og fagleg kompetanse gjennom likeverdige utdanningsløp frå barnehage til vidaregåande opplæring, jf. omtale av strategien Integrering gjennom kunnskap for perioden 2019–22 i programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Dei to hovudgrepa når det gjeld minoritetsspråklege i barnehagen og grunnopplæringa, er

  • å styrke tidleg innsats for utvikling av norskkunnskapar, grunnleggande ferdigheiter og fagleg kompetanse

  • å auke kompetansen blant tilsette i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring for å vareta minoritetsspråklege barn og unge i heile utdanningsløpet

Eit av tiltaka i strategien er utviklingsprosjektet Fleksibel opplæring, som frå hausten 2020 blei gjort til ei permanent ordning. Ordninga gir nykomne elevar tospråkleg opplæring i matematikk og naturfag på nett, i kombinasjon med den ordinære opplæringa. Fleksibel opplæring skal bidra til raskare norskinnlæring og gi eit betre grunnlag for det vidare opplæringsløpet.

For å gjere det lettare å finne ut når ein elev kan tilstrekkeleg norsk til å følge ordinær opplæring, har Utdanningsdirektoratet utvikla eit nytt digitalt kartleggingsverktøy for kartlegging av norskferdigheit i skulen. Direktoratet har fått i oppdrag å utbetre datagrunnlaget og setje i gang djupstudium for å styrke kunnskapsgrunnlaget om opplæringstilbodet for nykomne elevar.

Ein ny digitaliseringsstrategi skal bidra til betre utnytting av IKT i opplæringa

Strategien Framtid, fornying og digitalisering. Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa 2017–2021 er tett kopla til fagfornyinga. Mellom anna på grunn av covid-19-pandemien er digitaliseringsstrategien forlengd til 2022. Tiltak for både auka profesjonsfagleg digital kompetanse for lærarar og utvikling og innkjøp av digitale læremiddel skal støtte opp under innføringa av nye læreplanar i grunnopplæringa. Strategien legg også vekt på at staten kan støtte skuleeigarane ved å utvikle digitale fellesløysingar. Regjeringa har hausten 2021 sett ned ei ekspertgruppe som skal sjå på bruk av digital læringsanalyse i grunnskule, høgare utdanning og fagskular. Ekspertgruppa skal levere ei delutgreiing innan 1. juni 2022 og endelege tilrådingar til Kunnskapsdepartementet innan 1. juni 2023.

Hausten 2020 lanserte regjeringa ein ny handlingsplan knytt til digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa. Handlingsplanen styrker delar av strategien, særleg når det gjeld digital infrastruktur og trygg og god bruk av IKT i skulen. Digitaliseringsstrategien og tiltaka i handlingsplanen må også sjåast i samanheng med satsinga Den teknologiske skulesekken.

Som oppfølging av utfordringane og sårbarheitene som mellom anna pandemien har avdekt, vil regjeringa i løpet av 2022 lansere ein ny digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa. Den nye digitaliseringsstrategien vil bli utvikla i tett samarbeid med kommunane og fylkeskommunane gjennom KS og hente innspel frå både næringslivet og brukarorganisasjonane i sektoren. Tiltaka i handlingsplanen har sett i gang prosessar som vil bli førte vidare inn i den nye digitaliseringsstrategien. Arbeidet med ny digitaliseringsstrategi må også sjåast i samanheng med regjeringas strategi for ein trygg digital oppvekst, under leiing av Barne- og familiedepartementet.

Sjå også omtale av digitalisering i del III, kap. 10 Fornye, forbetre, forenkle.

Utdanningsdirektoratet er i gang med innkjøp og utvikling av eit nytt digitalt system for gjennomføring av prøvar og eksamenar. Systemet skal gi elevane og eksamenskandidatane ei intuitiv og brukarvennleg teneste der dei kan få vist kompetansen sin på fleire måtar enn i dag. Løysinga skal bidra til at alle prøvar og eksamenar kan utviklast og gjennomførast i ei ny, felles digital løysing. Systemet vil ha brukaren i sentrum og skal støtte krava om universell utforming. På grunn av pandemien er prosjektet forseinka med eitt år. Sjå meir omtale under kap. 226, post 45.

Ein time ekstra i naturfag

Regjeringa vil styrke realfaga i skulen. Det er samanheng mellom talet på undervisningstimar og resultat i naturfag. Samanlikna med dei andre deltakarlanda i TIMSS 2019 er Noreg blant landa med færrast timar til naturfag på ungdomstrinnet. Regjeringa foreslår å løyve 104,2 mill. kroner til å utvide timetalet på ungdomstrinnet med ein ekstra time i naturfag. Kommunane og dei frittståande skulane kan velje om dei skal gi den ekstra timen på 8., 9. eller 10. trinn.

Oppfølging av konsekvensar covid-19-pandemien har hatt på barn og elevars utvikling og læring

Regjeringa sette våren 2021 ned ei arbeidsgruppe leia av utdanningsdirektør Grethe Hovde Parr ved statsforvaltarembetet i Oslo og Viken for å få innspel til gode tiltak som kan bøte på konsekvensane av pandemien for alle elevar og gi dei moglegheit til å ta igjen tapt læring og utvikling. Særskilde tiltak for elevgrupper som er sårbare, skulle også vurderast. Gruppa leverte 15. juni rapporten Skolen etter koronapandemien. Et løft for trivsel og læring, der det blir foreslått fleire konkrete tiltak.

Regjeringa foreslår å løyve 240 mill. kroner for å setje skular og barnehagar betre i stand til å følge opp barn og elevar som på grunn av langvarige smittevernstiltak har fått tapt fagleg og sosial læring og utvikling. Område som har hatt høgt smittetrykk, skal få meir enn område som har hatt lågare smittetrykk. Dette skal mellom anna setje dei i stand til å følge opp nokre av tiltaka i rapporten Skolen etter koronapandemien. Et løft for trivsel og læring. Sidan det er lokale skilnader i kva det er behov for, bør det lokalt avgjerast kva slags tiltak midlane skal brukast på.

Det er allereie innhenta mykje informasjon om konsekvensane av covid-19-pandemien, og departementet vil halde fram å følge med på konsekvensar av pandemien for barn og elevars læring og utvikling, både gjennom statistikken og gjennom meir forsking. Mellom anna skal Utdanningsdirektoratet lyse ut eitt eller fleire forskingsprosjekt om dei langsiktige konsekvensane pandemien har hatt for elevane når det gjeld læring, utvikling og psykiske helse.

Kap. 220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

355 290

357 094

354 126

21

Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

210 748

208 305

200 805

70

Tilskot til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

71 349

72 807

74 700

Sum kap. 220

637 387

638 206

629 631

Utdanningsdirektoratet har oppgåver innanfor myndigheitsutøving, vurdering, analyse, utvikling, støtte og rettleiing i barnehagesektoren og grunnopplæringssektoren. Arbeidet med digitalisering og bruk av IKT i det pedagogiske arbeidet skal vere integrert i anna arbeid direktoratet gjer, og i dei statlege tiltaka som blir gjennomførte på utdanningsområdet.

Løyvingane under kap. 220 finansierer ordinære driftsoppgåver i direktoratet. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel. Det er til dømes mellombelse oppgåver som gjeld kvalitetsutvikling og -vurdering i grunnopplæringa og i barnehagen, jf. kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa og kap. 231 Barnehagar. Omtale av verksemda til direktoratet er derfor dels plassert under andre budsjettkapittel. Direktoratet er delegert myndigheit i forvaltningssaker som gjeld

  • etatsstyring av statlege skular som gir grunnopplæring, jf. kap. 222

  • etatsstyring av statsforvaltaren på barnehageområdet og grunnopplæringsområdet

  • tilsynsarbeid som følger av barnehagelova, opplæringslova, friskulelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skular, og folkehøgskulelova

  • tolking av og rettleiing om barnehagelova, opplæringslova, friskulelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skular, og folkehøgskulelova med forskrifter på nasjonalt nivå

  • tilskot til styrking av norskspråkleg utvikling for minoritetsspråklege barn i barnehage, eksamensavvikling, friskular, folkehøgskular, freds- og menneskerettssenter og andre formål, jf. kap. 224, 225, 226, 227, 228, 231 og 253

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2022

Dei måla som er omtala i innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til direktoratet.

Måla for verksemda til direktoratet i 2022 er:

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter varetek utvikling, læring og trivsel hos barn og unge i barnehagar, skular og lærebedrifter.

  • Barnehageeigarar og skuleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge.

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter forstår, formidlar og etterlever regelverket.

  • Barnehageeigarar og skuleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av eigne barnehagar og skular og overfor lærebedrifter.

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir, i læringsarbeid og administrative prosessar.

Resultat i 2020

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter varetek utvikling, læring og trivsel hos barn og unge i barnehagar, skular og lærebedrifter

Alle barn og unge har rett til eit inkluderande barnehage- og skulemiljø. Under covid-19-pandemien i 2020 har det vore eit prioritert område å understreke betydninga av barnehagen og skulen som ein arena for barn og unge.

Ifølge rammeplanen skal barnehagen fremje eit inkluderande og stimulerande miljø der alle barn opplever å bli sett og kan delta i leik. Direktoratet har i oppgåve å forvalte rammeplanen og støtte opp om forståinga og bruken i barnehagane. Direktoratet har utvikla rettleiarar og støttemateriell som ligg tilgjengeleg på udir.no, dette hadde mange besøk i 2020.

I 2020 vart det sett i gang ei evaluering av seksårsreforma, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Første delrapport er utsett på grunn av pandemisituasjonen og skal etter planen kome hausten 2022. Denne evalueringa vil gi oppdatert kunnskap om korleis dei yngste elevane opplever skulekvardagen.

Direktoratet starta i 2020 arbeidet med å utvikle ein nasjonal rammeplan for skulefritidsordninga (SFO), jf. omtale i kategoriinnleiinga. Rammeplanen vart fastsett våren 2021. Direktoratet starta også arbeidet med å utvikle støtteressursar for kvalitetsutvikling og innføringa av denne rammeplanen. Målet er å oppnå eit meir likeverdig SFO-tilbod samtidig som det er rom for lokale prioriteringar og lokal variasjon.

I 2020 har direktoratet i samband med fagfornyinga halde fram med å utforme 259 læreplanar for Vg2 og Vg3 i yrkesfaglege utdanningsprogram. Dei 49 nye læreplanane som gjeld for Vg2 og Vg3 i studieførebuande utdanningsprogram, blei fastsette våren 2021. Sametinget fastset læreplanar for særskilde samiske fag i vidaregåande opplæring. For å støtte innføringa av fagfornyinga har direktoratet utarbeidd digitale nettressursar på udir.no, kompetansepakkar og bruk av sosiale medium.

Prøvane som blir utvikla nasjonalt, blir jamleg vidareutvikla, slik at dei er relevante og oppdaterte. Med innføringa av nye læreplanar er det behov for endringar i rammeverket som forklarer kva prøvane måler, og kva dei inneheld. For nasjonale prøvar er dette arbeidet godt i gang. Utviklinga av nye digitale kartleggingsprøvar i lesing og rekning på 1. og 3. trinn er også sett i gang.

I samband med fagfornyinga har direktoratet også gjort endringar i tilknyting til eksamen. Eksamensgjennomføringa i 2020 har vore prega av covid-19-pandemien. Eksamen blei avlyst for alle elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring med nokre unntak for elevar med særskilde behov for eksamen, jf. omtale under kap. 225, post 01 og 21. Direktoratet gjennomførte for første gong digital sensorutdanning i ei rekke fag.

Direktorata som har delteke i 0–24-samarbeidet, har arbeidd for at utsette barn og unge og familien deira skal få eit godt og samordna tilbod. I desember 2020 leverte 0–24-samarbeidet tilrådingar til departementa og direktorata om korleis det kan byggast ein meir varig struktur for samordning på tvers på statleg nivå.

Barnehageeigarar og skuleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge

For å sikre eit godt barnehagetilbod og god opplæring er kompetansen til dei tilsette heilt avgjerande. Parallelt med satsinga på vidareutdanning har direktoratet vidareutvikla dei kollektive barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingstiltaka. Det vart òg utvikla nye retningslinjer for tilskot både til lokal kompetanseutvikling og i fag- og yrkesopplæring som tok til å gjelde frå 2021. Tilskot for lokal kompetanseutvikling omfattar regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage, desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skule og kompetanseløftet i spesialpedagogikk. Ordningane skal bidra til styrkt kollektiv kompetanse ut frå lokale behov og gjennom partnarskap med universitet eller høgskule.

Direktoratet har i 2020 gjennomført opptak til vidareutdanning og skaffa fleire nye vidareutdanningstilbod. Totalt har 1 374 tilsette frå barnehagesektoren og 7 140 frå skulesektoren fått tilbod om vidareutdanning. Deltakarundersøkingar har i fleire år vist at deltakarane stort sett er godt nøgde med innhaldet i vidareutdanningstilboda og opplever eit godt læringsutbytte.

Direktoratet følger utviklinga i kvaliteten på vidareutdanningstilboda i alle ordningane og har i løpet av det siste året fått på plass ein fireårig rammeavtale med NIFU for gjennomføring av deltakarundersøkingar. Som ein del av rammeavtalen vurderer direktoratet å innføre oppfølgingsundersøkingar som kan gi kunnskap om på kva måte vidareutdanninga får konsekvensar for praksis på den einskilde skulen.

Direktoratet utarbeider mykje støttemateriell til arbeidet med kompetanseutvikling i skule og barnehage. Kompetansepakkar blir utvikla i samarbeid med ulike universitet og høgskular til fleksibel bruk i skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling. Pakkane har eiga leiarstøtte for gjennomføring og kan nyttast i samband med ordningar for lokal kompetanseutvikling.

Direktoratet har eit omfattande samarbeid med universitet og høgskular. Samarbeidet er av stor betydning for å gi tilsette i barnehage og skule gode kompetanseutviklingstilbod. Direktoratet deltek i ulike referansegrupper, har observatørrolle i ulike fora og har sekretariatsansvar for Fagleg råd for lærarutdanning 2025. Direktoratet er også oppdragsgivar for ulike studietilbod og forskings- og evalueringstiltak, noko som også krev god dialog med universitet og høgskular.

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter forstår, formidlar og etterlever regelverket

Direktoratet bruker ulike verktøy for at barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheitene skal forstå og etterleve regelverket. Barn, unge og foreldre må også få vite kva krav regelverket stiller til barnehagar og skular, og kva rettar dei har etter lova. Direktoratet jobbar for å tilpasse informasjon og rettleiinga til den einskilde målgruppa og bruker mellom anna digitale løysingar i arbeidet med å formidle og forvalte regelverket.

Covid-19-pandemien har sett sitt preg på arbeidet med regelverket i 2020. Direktoratet har brukt mykje tid på å avklare rammene for barnehage- og opplæringstilbodet. Forholdet mellom mellombels covid-19-regelverk, smittevernlovgivinga og det ordinære barnehage- og opplæringsregelverket har vore område med stort behov for rettleiing og avklaringar. For å sikre eit best mogleg opplærings- og barnehagetilbod under pandemien har direktoratet i samarbeid med Folkehelseinstituttet mellom anna utarbeidd informasjon og rettleiarar for smittevern for skular og barnehagar i fleire omgangar. Direktoratet har jobba tett med både Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og Barne- og familiedirektoratet under heile pandemiperioden.

På rettstryggleiksområdet er rettleiing i regelverket, klagesaksbehandling og tilsyn med barnehagemyndigheitene og offentlege skuleeigarar delegert til statsforvaltarane. For å bidra til at dei praktiserer regelverket for skulemiljø og handhevingsordninga likt, har direktoratet vore oppteke av å gi dei felles arbeidsverktøy gjennom tolkingsutsegner og oppdaterte rettleiingar om skulemiljø og saksbehandling.

Embeta har i 2020 vore avgjerande for oppfølginga av barnehage- og opplæringssektoren under pandemien. Dei har fortløpande registrert avvik frå gjeldande regelverk og retningslinjer for smittevern. Ei digital løysing for registrering har gitt Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet direkte tilgang, slik at dei også har kunna nyttiggjere seg informasjonen.

Direktoratet har rettleia friskulane i arbeidet med nye læreplanar og bidrege til å støtte innføringa av dei nye læreplanane gjennom forskriftsarbeidet om innføringstakt, individuell vurdering og klage på vurdering. Direktoratet ser framleis ein stor risiko for brot på regelverket i dei frittståande skulane. Eitt av måla for 2020 har derfor vore å ha fleire og meir treffsikre tilsyn. I tillegg har direktoratet vektlagt tilsyn retta mot utsette barn og unge. På grunn av covid-19-pandemien gjennomførte direktoratet berre skriftlege tilsyn, og skulane fekk utsett frist for å levere dokumentasjon.

Direktoratet starta hausten 2020 oppbygginga av ei avdeling for økonomisk tilsyn med private barnehagar. Det er i 2020 rekruttert leiar av det nye tilsynet og arbeidet med rekruttering av medarbeidarar blei sett i gang.

Barnehageeigarar og skuleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av eigne barnehagar og skular og overfor lærebedrifter

Utdanningsdirektoratet støtter opp om kvalitetsutvikling i barnehagar, skular og lærebedrifter. Dette gjer direktoratet gjennom å vidareutvikle og formidle kunnskap i form av forsking, statistikk og analysar, og ved å tilby støtte, opplæring og rettleiing. Direktoratet støttar Kunnskapsdepartementet når dei utviklar politiske tiltak på nasjonalt nivå.

Udir.no er inngangsporten til kunnskapen, tala og verktøya for sektoren. Sidene på udir.no om statistikk, forsking, rapportar og analysar hadde 480 000 besøk og 2,1 mill. sidevisningar i 2020. I tillegg hadde sidene om brukarundersøkingane 478 000 besøk og 1,8 mill. sidevisningar. Direktoratet har arbeidd med å gjere kunnskapsgrunnlaget endå meir tilgjengeleg gjennom å utvikle det nye verktøyet analysebrett, som skal vise tal og statistikk på ein meir brukarvenleg måte gjennom ei eiga samanstilling av statistikk, og gjennom Statistikkbanken, som skal erstatte Skoleporten.

1 2020 har direktoratet prioritert formidling og brukarinvolvering. Elevundersøkinga, lærlingundersøkinga og foreldreundersøkinga i barnehagen er verktøy som gir eit godt grunnlag for at barnehage- og skuleeigarar skal kunne utvikle barnehagane og skulane. I 2020 har direktoratet fått ny kunnskap gjennom fagarbeidarundersøkinga. Direktoratet har også fått ein betre og meir detaljert sysselsetjingsstatistikk.

Covid-19-situasjonen med heimeskule og skule med strenge smitteverntiltak medførte eit stort kunnskapsbehov. Direktoratet har gjennomført fleire ekstra datainnsamlingar om covid-19-situasjonen, og har utarbeidd kunnskapsgrunnlag om konsekvensar av digital undervisning, heimeskule og smitteverntiltak. Desse har mellom anna blitt nytta av overordna myndigheiter i deira vurdering av konsekvensar av eksisterande smitteverntiltak og behov for nye.

Situasjonen under covid-19-pandemien har òg medført utfordringar og manglar i direktoratet sitt statistikkgrunnlag, til dømes for fråvær, eksamenskarakterar og grunnskulepoeng. Direktoratet har gjort ekstra analysar for å svare på korleis manglande eksamenskarakterar påverkar karaktersnittet for 2020-kullet, og eit ekstra djupdykk i dei viktigaste forskjellane mellom eksamenskarakterar og standpunktkarakterar.

Gjennom 0–24-prosjektet er det avdekt at mange kommunar sakna ei felles ressursside for statistikk på oppvekstfeltet. Saman med Folkehelseinstituttet lanserte 0–24-direktorata «Oppvekstprofil» i september 2020. Utdanningsdirektoratet har hatt eit særskilt ansvar for å levere indikatorar som gjeld barnehage og skule inn i oppvekstprofilane.

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir, i læringsarbeid og administrative prosessar

Direktoratet har arbeidd målretta for å auke den digitale kompetansen hos tilsette i barnehagen og grunnopplæringa slik at dei kan utnytte dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar. Innsatsen har vore knytt til å stimulere til betre og auka bruk av digitale læremiddel, å utvikle dei digitale fellesløysingane til sektoren, arbeidet med å standardisere digital læringsteknologi, kompetansepakkar for bruk av digitale løysingar og styrkt informasjon om personvern i sektoren.

Covid-19-situasjonen bidrog til ein formidabel vekst i bruk av digitale løysingar. Direktoratet publiserte nettsida Digital kompetanse i barnehage og skole på Udir.no. På sida ligg det både kompetansepakkar som tek for seg digital praksis i barnehagen, og ulike kompetansepakkar til bruk i skulen.

Gjennom Den teknologiske skulesekken er det etablert ei tilskotsordning for kjøp av digitale læremiddel, som bidreg til at elevane har fått betre tilgang på digitale læremiddel av høg kvalitet. Tilskotsordninga blei styrkt i samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2020, som følge av pandemien. Direktoratet fekk 253 søknader frå kommunar og fylkeskommunar i 2020.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 354,1 mill. kroner på posten. Som ei oppfølging av Meld. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO, skal direktoratet ta eit større ansvar på det spesialpedagogiske området og sørge for at tiltak og verkemiddel tek omsyn til heile barne- og elevgruppa, inkludert dei som treng særskilt tilrettelegging.

Departementet foreslår å flytte 0,6 mill. kroner frå posten til kap. 256, post 01, som følge av at nokre oppgåver innanfor områda vaksnes læring og kompetansemobilisering er overførte frå Utdanningsdirektoratet til Kompetanse Noreg, no Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, frå 1. januar 2020.

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 2 mill. kroner for å styrke arbeidet med tilsyn av friskular. Det er heilårseffekten av auken frå hausten 2021 i samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2021, jf. Innst. 600 S (2020–2021).

Løyvinga på posten er redusert med 5 mill. kroner som følge av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inkludert arbeidsgivaravgift, er redusert tilsvarande, jf. nærare omtale i del I, kap. 1. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 1,4 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien.

Departementet foreslår å redusere løyvinga til Utdanningsdirektoratet med 6,1 mill. kroner fordi det er berekna ein økonomisk gevinst av omorganiseringa av den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet i 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og omtale i Prop. 85 S (2017–2018).

Departementet foreslår at løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3220, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Løyvinga går til kostnader direktoratet har til utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd. Forvaltning av IKT-verktøy retta mot sektorane er finansiert over denne posten. Løyvinga finansierer også utarbeiding av eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøvar innanfor yrkesfaga.

Mål for 2022

Målet med løyvinga er å gi rom for utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd innanfor ansvarsområdet til Utdanningsdirektoratet.

Resultat i 2020

Arbeidet med å utarbeide eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring blei gjennomført som planlagt. Det same gjeld arbeidet med å utarbeide og gjennomføre nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar. Den planlagde gjennomføringsperioden på fire veker vart forlengd med ni veker fordi skulane var stengde i deler av gjennomføringsperioden.

Feide er den sentrale fellesløysinga og tenesteplattforma for grunnopplæringa med sikker autentisering og deling av data mellom skule og leverandør. Utviklingsarbeid og kompetanseheving knytte til Feide har bidrege til at sektoren har vorte betre rusta til å utnytte dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar. Ved utgangen av 2020 var Feides teneste for pålogging tilgjengeleg for 99,9 pst. av elevane i offentlege skular, med 221 mill. påloggingar, 41 mill. fleire enn i 2019. 154 av landets 353 friskular har etablert Feide-teneste. Tilskotsordninga for oppgradering av Feide for kommunar og fylkeskommunar har hatt god verknad i 2020. Nyaste versjon av Feide tek omsyn til informasjonstryggleik og personvern i grunnopplæringa og forenklar og betrar administrasjonen av pålogging og digitale tenester.

I 2020 har direktoratet arbeidd vidare med å utvikle og implementere standardar for å betre tilgangen på digitale læringsressursar, inkludert å legge til rette for å finne relevante ressursar som er tilpassa behovet til den einskilde eleven.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 200,8 mill. kroner på posten. Posten er redusert med 11,8 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av inntektsløyvinga over kap. 3220, post 01.

Post 70 Tilskot til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga på post 70 gjeld utvikling av læremiddel.

Mål for 2022

Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon, slik at elevane har tilgang på dei læremidla dei treng. Dette gjeld læremiddel for smale fagområde, parallellutgåver på nynorsk, særskilt tilrettelagde læremiddel, universelt utforma læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar.

Resultat i 2020

Det blei i 2020 gitt midlar til totalt 51 nye prosjekt. Sjå fordelinga for 2020 i tabell saman med fordelinga frå 2019:

Tilskot til læremiddel

2019

2020

Smale fagområde

8

19

Særskilt tilrettelagde læremiddel / særskilt tilrettelagde pedagogiske barnehagemateriell/læremiddel

16

13

Universell utforming

4

0

Parallellutgåver på nynorsk

4

9

Læremiddel for språklege minoritetar / læremiddel / pedagogisk barnehagemateriell for språklege minoritetar

10

10

Samla

42

51

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 74,7 mill. kroner på posten.

Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Inntekter frå oppdrag

18 037

13 962

2 406

02

Salsinntekter o.a.

2 624

Sum kap. 3220

20 661

13 962

2 406

Departementet foreslår å redusere inntektsløyvinga over post 01 med 11,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon over kap. 220, post 21. Dette er på grunn av færre oppdrag og fordi inntekter frå VIGO ikkje lenger blir behandla som oppdrag, men som ei utgiftsdeling, og derfor blir nettoført på kap. 220, post 21, jf. nye krav i Finansdepartementets rundskriv R-101 gjeldande frå 1. januar 2021. Departementet viser også til omtale i Prop. 195 S (2020–2021).

Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

14 908

16 037

16 066

Sum kap. 221

14 908

16 037

16 066

Post 01 Driftsutgifter

Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er sjølvstendige rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Løyvinga gjeld drift av utvala og det felles sekretariatet deira. Dagens utval er oppnemnde for perioden 2020–23.

Mål for 2022

FUB og FUG skal fremje eit godt samarbeid mellom barnehage/skule og heim og vareta interessene til foreldra i barnehage- og skulesamanheng.

Mål for verksemda til foreldreutvala i 2022 er:

  • Foreldreutvala og sekretariatet gir råd og innspel til Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skule og heim.

  • Foreldreutvala og sekretariatet gir informasjon og rettleiing om samarbeid mellom barnehage/skule og heim.

  • Foreldreutvala og sekretariatet samarbeider med relevante aktørar i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skule og heim.

Resultat i 2020

Dei nyoppnemnde foreldreutvala hadde sitt første verkeår i 2020. Det var stor aktivitet, og oppgåvene vart løyste på ein god måte, trass eit svært krevjande år med covid-19-pandemien, nye utval og store endringar i personalet i sekretariatet etter at arbeidsstaden vart flytta frå Oslo til Bø i 2018. Utvala sette foreldresamarbeid under pandemien på dagsordenen, leverte mange høyringssvar og kom med klare råd og viktige innspel til departementet og direktoratet. Utvala tok i bruk nye digitale verktøy og utarbeidde nye heimesider og kommunikasjonsplattformer. Utvala tok òg del i ei rekke arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå og gav informasjon og rettleiing til foreldre, skular og barnehagar.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 16,1 mill. kroner på posten.

Løyvinga under posten er redusert med 0,2 mill. kroner som følge av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inkludert arbeidsgivaravgift, er redusert tilsvarande, jf. nærare omtale i del I, kap. 1. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 0,1 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien.

Kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

146 026

143 419

151 011

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

2 208

2 019

2 067

Sum kap. 222

148 234

145 438

153 078

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane på kapittelet gjeld

  • drift av Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal,

  • drift av Samisk vidaregåande skule i Karasjok og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino

  • drift av Diamanten skole for elever med døvblindhet

  • lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skular og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark

Opplæringa ved Sørsamisk kunnskapspark og dei vidaregåande skulane følger Kunnskapsløftet – samisk.

Mål for 2022

Målet med løyvinga til drift av Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal, Samisk vidaregåande skule i Karasjok og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino er å medverke til å utvikle samisk identitet, språk og kultur.

Målet med løyvinga til Diamanten skole for elever med døvblindhet er å medverke til at døvblinde barn og unge i Oslo-regionen får grunnopplæring.

Resultat i 2020

Sørsamisk kunnskapspark

Sørsamisk kunnskapspark tilbyr fjernundervisning for elevar som har rett til språkopplæring i samisk, men som ikkje har tilbod om språkopplæring i eigen kommune. Den positive utviklinga i talet på elevar som får samisk som fjernundervisning, har halde fram i 2020. Per 1. oktober 2020 var det 86 elevar som fekk samisk som fjernundervisning. Det er ein auke på 26 frå førre skuleår. Frå desember 2019 tilbyr kunnskapsparken også opplæring i lulesamisk. Færre elevar har delteke på språksamlingar på grunn av pandemien.

Samiske vidaregåande skular

Begge skulane er opne for elevar frå heile landet og har både heiltids- og deltidselevar. Dei samiske vidaregåande skulane har eit særleg ansvar for å gi undervisning på og i samisk. Skulane har ei ordning med vertsfamiliar for dei yngste tilreisande elevane. I tillegg til den ordinære undervisninga gir skulane fjernundervisning i samisk. Gjennom fjernundervisningstilbodet bidreg skulane til at elevar frå andre stadar i landet får oppfylt den grunnleggande retten dei har til opplæring i samisk.

I skuleåret 2020–21 hadde Samisk vidaregåande skule i Karasjok 106 elevar. Skulen hadde òg 51 elevar som fekk fjernundervisning.

Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino hadde 95 elevar i skuleåret 2020–21. Skulen hadde òg 63 elevar som fekk fjernundervisning.

Diamanten skole

Statped driv Diamanten skole, som er ein grunnskule og vidaregåande skule for døvblindfødde i Oslo. Skulen hadde 11 elevar i 2020. Skulen flytta inn i nye, tilpassa lokale på Oppsal våren 2020. Skulen blei stengd i mars i samband med covid-19-pandemien, men opna igjen etter kort tid med tilbod til elevar som ønskte dette, og var i ordinær drift frå mai.

Ventelønn

I samband med tidlegare nedlegging av statlege skular og statsinternat i Finnmark er det i 2020 utbetalt 0,7 mill. kroner i ventelønn til tidlegare tilsette ved desse skulane og statsinternata.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 151 mill. kroner på post 01 og 2,1 mill. kroner på post 45.

Løyvinga på post 01 inkluderer ein auke på 1,2 mill. kroner til Sørsamisk kunnskapspark som følge av fleire elevar. Løyvinga inkluderer òg ein auke på 5,1 mill. kroner som følge av auka inntektsløyving til dei statlege vidaregåande skulane og Sørsamisk kunnskapspark, jf. omtale under kap. 3222, post 02.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3222, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Løyvinga under post 01 er redusert med 1,9 mill. kroner som følge av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inkludert arbeidsgivaravgift, er redusert tilsvarande, jf. nærare omtale under del I, kap. 1. Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med 0,2 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien.

Nybygg for samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino

Lokala til Det Samiske Nasjonalteateret Beaivváš og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino har store manglar. Regjeringa foreslår å bygge eit nytt samlokalisert bygg for dei to institusjonane med ei startløyving på 60 mill. kroner i 2022. Midlane blir løyvde over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet kap. 2445, post 31. Prosjektet har ei samla ramme på 485 mill. kroner (prisnivå per 1. juli 2022), jf. forslag til vedtak VI. Prosjektet skal gjennomførast innanfor absolutte økonomiske rammer (prinsippa om design-to-cost). Bygget er planlagt å vere klart til skulestart i 2024.

Det er eit mål for prosjektet at det samiske nasjonalteateret skal styrke samisk identitet, språk og kultur ved å bevare og utvikle den samiske forteljar- og scenekunsten. Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule skal gi opplæring til ungdom frå heile landet og bidra til at samisk ungdom styrker samisk identitet, språk og kultur. Saman skal skulen og teateret ta ansvar for å vidareutvikle den samiske identiteten og kulturen og stimulere til rekruttering til skule og teater.

Kap. 3222 Statlege skular og fjernundervisningstenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

02

Salsinntekter o.a.

20 371

15 614

21 040

Sum kap. 3222

20 371

15 614

21 040

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskulane for fjernundervisning. For å gi betre samsvar mellom budsjetterte og faktiske inntekter ved dei statlege vidaregåande skulane og Sørsamisk kunnskapspark foreslår departementet å auke løyvinga med 5,1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 222, post 01.

Kap. 224 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Freds- og menneskerettssenter

100 838

107 460

71

Det europeiske Wergelandsenteret

11 084

11 672

Sum kap. 224

111 922

119 132

Kunnskapsdepartementet gir tilskot til sju freds- og menneskerettssenter. Sentera er uavhengige stiftingar. Departementet laga i 2017 ein strategi for freds- og menneskerettssentra, i nært samarbeid med sentera som får statleg tilskot. Strategien legg vekt på særtrekka til sentera og den store fridommen dei har i val av innhald og arbeidsmetodar og -former. Strategien skal bidra til at sentera samarbeider og utfyller kvarandre, og at dei innrettar verksemda og utfører oppgåvene innanfor eit regionalt, landsdekkande og internasjonalt perspektiv. Departementet vurderer at dei sju sentera utfyller kvarandre temamessig og gir grunnlag for eit tilbod som i dag dekker landet på ein god måte.

Post 70 Freds- og menneskerettssenter

Posten omfattar tilskot til desse freds- og menneskerettssentera:

  • Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (Oslo)

  • Falstadsenteret (Ekne i Trøndelag)

  • Arkivet freds- og menneskerettighetssenter (Kristiansand)

  • Nansen Fredssenter (Lillehammer)

  • Narviksenteret (Narvik)

  • Raftostiftelsen (Bergen)

Forvaltninga av tilskotet til desse sentera blei overført frå Kompetanse Noreg til Utdanningsdirektoratet frå 2021. Det innebar at løyvinga over kap. 255, post 77 i 2021 blei flytta til kap. 224, post 70. Resultata for 2020 for dei seks sentera er omtala under kap. 255, post 77.

Mål for 2022,

Freds- og menneskerettssentera skal arbeide med dokumentasjon av, forsking på og formidling av demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord.

Dei einskilde sentera har særskilde oppgåver som er nærare definerte i tilskotsbreva til sentera.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 107,5 mill. kroner på posten.

Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme (Dembra) er eit tilbod om kompetanseutvikling til skular som ønsker å arbeide mot fordommar og fiendskap mot grupper, jf. omtale også under kap. 226, post 21 og i del III, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering. Dembra, som blir koordinert av Holocaust-senteret, er etablert med statleg finansiering og har dei seks fredssentera med statleg tilskot som regionale aktørar. Dembra har blitt eit omfattande nasjonalt tilbod, og det er stor etterspurnad etter tilbodet. Departementet foreslår å auke løyvinga med 4 mill. kroner for å styrke satsinga i 2022. Midlane vil bli fordelte med 300 000 kroner til dei fire sentera som allereie bidreg i Dembra gjennom å tilby kurs (Holocaust-senteret, Falstadsenteret, Arkivet og Narviksenteret). I tillegg foreslår departementet 1,4 mill. kroner til Raftostiftelsen og Nansen Fredssenter. Desse sentera har ikkje tidlegare fått tilskot til å bidra i Dembra. Forslaget inneber at alle sentera vil ha fått auka tilskot dei siste åra, slik at dei mellom anna kan bidra i Dembra-arbeidet med eigne ressursar i tillegg til midlane som blir løyvde til det nasjonale tilbodet over kap. 226, post 21.

Tabell 4.2 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

(i 1 000 kr)

Freds- og menneskerettssenter med tilskot over kap. 224, post 70

Beløp 2021

Beløp 2022

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

39 535

40 863

Falstadsenteret

22 779

23 671

Arkivet freds- og menneskerettighetssenter

16 779

17 515

Nansen Fredssenter

6 954

8 535

Narviksenteret

9 049

9 584

Raftostiftelsen

5 742

7 292

Sum

100 838

107 460

Post 71 Det europeiske Wergelandsenteret

Det europeiske Wergelandsenteret (EWC) samarbeider med Europarådet om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap, jf. Innst. S. nr. 9 (2008–2009) og St.prp. nr. 86 (2007–2008) Om samtykke til inngåelse av samarbeidsavtale av 16. september 2008 mellom Norge og Europarådet om Det europeiske ressurssenteret for opplæring i interkulturell forståelse, menneskerettigheter og demokratisk medborgerskap.

Løyvinga til senteret over kap. 255, post 75 blei i statsbudsjettet for 2021 flytta til kap. 224, post 71. Resultata for 2020 for senteret er omtala under kap. 255, post 75.

Mål for 2022

Tilskotet skal bidra til at Wergelandsenteret kan vere eit ressurssenter for opplæring på områda interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap for ulike målgrupper som arbeider på utdanningsfeltet.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 11,7 mill. kroner på posten. Løyvinga inkluderer ein auke på 300 000 kroner til å styrke arbeidet til senteret retta mot elevar og lærarar i Noreg.

Departementet foreslår òg midlar til senteret over kap. 226, post 21 til drift av det nasjonale læringstilbodet i samarbeid med 22. juli-senteret og Utøya AS, jf. omtale under kap. 226, post 21.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

10 326

23 970

23 902

21

Særskilde driftsutgifter

22 884

112 446

114 780

60

Tilskot til landslinjer

240 373

243 207

247 269

63

Tilskot til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

71 678

87 660

94 733

64

Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

44 149

36 265

30 705

65

Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg, kan overførast

178 552

128 796

66

Tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme

14 473

15 480

15 477

67

Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk

7 486

9 185

9 154

68

Tilskot til opplæring i kriminalomsorga

293 592

302 816

310 689

69

Tiltak for fullføring av vidaregående opplæring

666 740

691 500

718 834

74

Prosjekttilskot

9 437

6 739

6 914

75

Grunntilskot

92 337

95 942

104 436

Sum kap. 225

1 652 027

1 625 210

1 805 689

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga på post 01 finansierer dei kostnadene som statsforvaltaren har ved å administrere sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

Løyvinga på post 21 dekker utgifter til lærarar som har teke på seg sensoroppdrag ved sentralt gitt eksamen (sensur og klagebehandling). Statsforvaltaren utbetaler midlane. Ordninga er heimla i forskrift til opplæringslova § 3-25 og i Kunnskapsløftet om gjennomføring av eksamen i grunnskulen og vidaregåande opplæring, inkludert den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøven innanfor yrkesfaga.

Utarbeiding av sentralt gitt eksamen og elektroniske prøve- og eksamenstenester blir finansiert av løyvinga på kap. 220, post 21.

Mål for 2022

Målet med løyvingane er å medverke til at det blir gjennomført sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

Resultat i 2020

Våren 2020 blei det avlagt mindre enn 100 sentralt gitte eksamenar i grunnskulen, av desse var alle grunnskuleopplæring for vaksne. I vidaregåande opplæring blei det avlagt 36 400 sentralt gitte eksamenar våren 2020. Om lag 2,8 pst. var eleveksamenar og 97,2 pst. var privatisteksamenar. Tala er langt lågare enn vanleg fordi eleveksamen blei avlyst våren 2020.

Hausten 2020 blei det avlagt til saman 34 300 sentralt gitte eksamenar i vidaregåande opplæring, og av desse var 96 pst. privatisteksamenar, medan resten blei avlagde av elevar med rett til anten særskild utsett eller ny eksamen. Eksamenar som fylkeskommunen har ansvar for å utarbeide, er ikkje rekna med i desse tala.

I oktober 2020 blei det sett opp ekstra eksamenar for praksiskandidatar som hadde teke kurs retta mot permitterte og ledige. Desse arrangementa er inkluderte i tala for hausteksamen over. 300 kandidatar deltok.

Det blei ikkje behandla nokon klager på eksamen i grunnskulen i 2020. For sentralt gitt eksamen i vidaregåande opplæring blei 4 500 klager behandla.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 23,9 mill. kroner på post 01 og 114,8 mill. kroner på post 21. Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med 0,5 mill. kroner og løyvinga på post 21 med 13 000 kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien.

Post 60 Tilskot til landslinjer

Tilskotet går til fylkeskommunar med landslinjer, til drift av landslinjene og til innkjøp av utstyr.

Landslinjeordninga omfattar eit breitt spekter av utdanningstilbod, frå særleg små tilbod som berre finst éin stad i landet, til særleg utstyrskrevjande tilbod som finst fleire stadar. Departementet har endra retningslinjene for landslinjeordninga med verknad frå 1. januar 2021. Endringane gjeld nye landslinjetilbod og utvidingar av eksisterande tilbod. For å bli godkjende er det i utgangspunktet eit krav at søknadene skal vere støtta av alle fylkeskommunane. Det kan vikast frå kravet dersom tilbodet dekker nasjonale kompetansebehov som er særleg viktig, til dømes for å ivareta kritiske samfunnsfunksjonar. Søknadene blir vurderte av Utdanningsdirektoratet. I vurderinga skal det mellom anna leggast vekt på nasjonale og regionale kompetansebehov og tilgangen på læreplassar. Endringane skal sørge for at nye landslinjetilbod er i godt samsvar med prioriteringane til fylkeskommunane og regionale og nasjonale kompetansebehov. Endringane skal òg gjere søknadsprosessen og kva som blir lagt vekt på i vurderinga av søknadene om landslinjer, meir oversiktleg for søkarane.

Vidaregåande opplæring blir i hovudsak finansiert med dei frie inntektene til fylkeskommunane. Fylkeskommunane er kompenserte for å gi eit tilbod til alle som har rett til vidaregåande opplæring, og dette inkluderer elevar ved landslinjer. For å unngå dobbeltfinansiering vil nye landslinjetilbod og utvidingar av eksisterande tilbod bli finansierte med eit trekk i det samla rammetilskotet til fylkeskommunane.

Mål for 2022

Målet med tilskotsordninga er at elevar frå heile landet kan få eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring.

Resultat i 2020

I skuleåret 2020–21 var det 1 697 heilårsplassar fordelte på 51 landslinjetilbod. Hausten 2020 brukte fylkeskommunane om lag 82 pst. av kapasiteten ved alle landslinjene. For våren 2021 var talet 80 pst. I dei siste åra har i overkant av 80 pst. av elevplassane ved landslinjene blitt nytta.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 247,3 mill. kroner på posten.

Det er sendt inn tre søknader om nye/utvida landslinjetilbod frå hausten 2022:

  • etablering av tilbod i flyfag i Trøndelag fylkeskommune

  • utviding av tilbod i flyfag i Troms og Finnmark fylkeskommune ved Bardufoss videregående skole

  • etablering av tilbod i dronefag i Nordland fylkeskommune ved Andøya videregående skole

Søknaden frå Trøndelag fylkeskommune gjeld 30 elevplassar. Det er ei rekke fylkeskommunar som ikkje støttar søknaden. Desse fylkeskommunane uttrykker bekymring for tilgangen på læreplassar og at eit nytt landslinjetilbod i flyfag kan splitte opp eksisterande fagmiljø. Fagleg råd for elektro og datateknologi har uttalt at tilgangen på læreplassar ikkje er tilstrekkeleg dokumentert. Forsvaret, som ikkje er representert i Fagleg råd for elektro og datateknologi, har informert om at skulesenteret dei har på Kjevik skal flyttast til Værnes, og at ei ny landslinje vil vere viktig for rekrutteringa av lærlingar og fagutdanna til Forsvaret. Utdanningsdirektoratet meiner at risikoen for mangel på læreplassar må vegast opp mot konsekvensane dersom kritiske samfunnsfunksjonar ikkje får dekt det kompetansebehovet dei har. Etter ei heilskapleg vurdering tilrår direktoratet at søknaden frå Trøndelag fylkeskommune blir godkjend. Departementet støttar vurderinga til direktoratet.

Troms og Finnmark fylkeskommune søker om å utvide landslinjetilbodet i flyfag ved Bardufoss videregående skole med 12 elevplassar. Det utvida tilbodet er oppretta med fylkeskommunal finansiering frå skuleåret 2020–21, men fylkeskommunen meiner at det ikkje er mogleg å vidareføre utvidinga med fylkeskommunal finansiering. Fleire fylkeskommunar støttar ikkje utvidinga av landslinja, men Fagleg råd for elektro og datateknologi har uttalt at tilgangen på læreplassar er tilstrekkeleg til å utvide tilbodet. Utdanningsdirektoratet viser til at Troms og Finnmark dokumenterer at søkarar frå skulen blir rekrutterte til kritiske samfunnsfunksjonar i Forsvaret, kystvakta og ambulansetenesta. Direktoratet tilrår at søknaden blir godkjend av omsyn til særleg viktige nasjonale kompetansebehov. Departementet støttar vurderinga til direktoratet.

Nordland fylkeskommune søker om å etablere eit landslinjetilbod i dronefag ved Andøya videregående skole med 15 elevplassar. Søknaden får i hovudsak støtte frå andre fylkeskommunar. Oslo kommune støttar ikkje søknaden og viser til at kommunen har planar om å etablere tilbod i dronefag frå hausten 2022 ved minst éin vidaregåande skule. Nordland fylkeskommune argumenterer sjølv for at dronefaget vil få stor vekst framover i bedriftsmarknaden, i offentleg forvaltning og for militære formål. Utdanningsdirektoratet meiner dette talar for at tilbodet ikkje vil vere lite, og derfor ikkje høyrer heime i landslinjeordninga. Tilbodet i dronefag er nytt, og læreplanen for faget er ikkje godkjend. Direktoratet viser til at fylkeskommunane gjerne avgjer om dei vil tilby eit nytt fag i samband med at læreplanen for faget er til høyring. Direktoratet viser til at Nordland fylkeskommune ikkje har gjort greie for kva som vil bli konsekvensane om tilbodet ikkje blir etablert. For direktoratet kan det synast som det vil bli etablert tilbod i dronefag, uavhengig av landslinjetilbod. Direktoratet tilrår at søknaden ikkje blir godkjend. Departementet støttar vurderinga til direktoratet. Nye tilbod som det er sannsynleg at vil bli etablert fleire stadar i landet, bør ikkje få status som landslinje.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,3 mill. kroner for å legge til rette for å etablere ein ny landslinje i flyfag i Trøndelag og å utvide tilbodet i flyfag ved Bardufoss videregående skole i tråd med søknaden frå Troms og Finnmark fylkeskommune. Løyvingsauken blir motsvart av ein tilsvarande reduksjon av rammetilskotet til fylkeskommunane.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg3-tilbodet for landslinja i sjømat som blei oppretta ved Vardø videregående skole hausten 2019.

Løyvingsforslaget inneber at satsane for tilskotsordninga blir vidareførte på same nominelle nivå som i 2021.

Post 63 Tilskot til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Under denne posten er det tre tilskotsordningar:

  • ei ordning for samiskopplæring i grunnskulen

  • ei ordning for samiskopplæring i vidaregåande opplæring

  • ei ordning for studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i heile grunnopplæringa og rekrutteringsstipend for lærarstudentar

Berekningsreglane for tilskotsordningane for samiskopplæring i grunnskulen og vidaregåande opplæring er kompliserte og gir store forskjellar i tilskot for elevar i kommunar/fylkeskommunar innanfor og utanfor det samiske forvaltningsområdet. Departementet vil gi Utdanningsdirektoratet i oppdrag å revidere retningslinjene for tilskot til samiskopplæring i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Departementet vil ha dialog med Sametinget i arbeidet med nye retningslinjer.

Mål for 2022

Tilskotet skal bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og frittståande skular som tilbyr samiskopplæring i samsvar med § 6-2 og § 6-3 i opplæringslova. Tilskotet skal òg bidra til at lærarar får vidareutdanning i og lærarstudentar tek utdanning i samiske språk.

Resultat i 2020

Talet på elevar som vel samisk språk i grunnskulen, har auka frå 2017 til 2020, jf. tabell 4.3.

Tabell 4.3 Tal på grunnskuleelevar med samisk som første- og andrespråk

Skuleår

2017–18

2018–19

2019–20

2020–21

Samisk som førstespråk

935

952

954

1 011

Samisk som andrespråk

1 333

1 442

1 455

1 511

Totalt

2 268

2 394

2 409

2 522

Endring frå året før i pst.

6,8

5,6

0,6

4,7

Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

I tilskotsordninga til samisk i vidaregåande opplæring blei det i 2020 utbetalt tilskot for i alt 279 elevar. Dette er 3 fleire elevar enn i 2019.

I 2020 blei det utbetalt 2,2 mill. kroner til studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i grunnopplæringa og til stipend for lærarstudentar. Til samanlikning blei det utbetalt 3,5 mill. kroner i tilskot i 2019 og 3,4 mill. kroner i tilskot i 2018. Statsforvaltaren melder om at universitet og høgskular har hatt for få vidareutdanningstilbod for lærarar i 2020 i høve til behovet.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 94,7 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 4,8 mill. kroner som følge av at fleire elevar får opplæring i samisk.

Post 64 Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

Løyvinga skal finansiere opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg. Dette omfattar asylsøkarar og personar som søker om familiesameining. Løyvinga inkluderer tilskot til tre grupper:

  • barn og unge til og med 15 år som har rett og plikt til grunnskuleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til grunnskuleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til vidaregåande opplæring

Tilskotsordninga er avgrensa til dei som bur på mottak/omsorgssenter eller oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på å få avgjort søknad om opphaldsløyve inntil dei fyller 18 år, eller har fullført det skuleåret dei fyller 18 år.

Mål for 2022

Tilskotet skal bidra til at barn og unge som søker opphald i Noreg, får grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 andre ledd og § 3-1 tolvte ledd.

Resultat i 2020

I gjennomsnitt fekk 694 barn som var busette i mottak/omsorgssenter eller som budde privat, grunnskuleopplæring i skuleåret 2019–20. Det er på same nivå som skuleåret 2018–19. I vidaregåande opplæring var det i skuleåret 2019–20 i aldersgruppa 16–18 år i gjennomsnitt 18 elevar. Det er om lag på same nivå som skuleåret 2018–19.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 30,7 mill. kroner på posten. Løyvinga er redusert med 6,5 mill. kroner som følge av ein venta reduksjon i talet på elevar som utløyser tilskot til grunnopplæring.

Post 65 Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg, kan overførast

Mål for 2022

Løyvinga skal nyttast til å innfri tilsegner om rentekompensasjon som er gitt i perioden 2002–16. Målet med å gi tilsegnene har vore å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å bygge nye skule- og symjeanlegg og rehabilitere og ruste opp eksisterande anlegg.

Resultat i 2020

Det blei utbetalt 178,6 mill. kroner i rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg i 2020.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 128,8 mill. kroner på posten. Det er lagt til grunn ein renteføresetnad på 1 pst. for 2022.

Post 66 Tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme

Til og med 2019 gjaldt posten tilskot til leirskule, men frå 2020 blei midlar til leirskule innlemma i rammetilskotet til kommunane under kap. 571, post 60, jf. Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. For nærare omtale av lovfesting av plikt for kommunane til å tilby leirskule eller annan skuletur med overnatting som del av grunnskuleopplæringa, sjå Prop. 88 L (2018–2019) Endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m. (samleproposisjon).

For 2019 gjaldt posten også tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme. Dette omfatta skuleturar for ungdom i alderen 12–16 år til tidlegare konsentrasjonsleirar og minnestadar frå den andre verdskrigen. Handlingsplan mot antisemittisme 2016–2020 gjekk ut ved årsskiftet 2020–21. Regjeringa lanserte ein revidert handlingsplan mot antisemittisme i januar 2021, denne gjeld ut 2023. Tilskot til desse skuleturane er eit av tiltaka i denne.

Frå og med 2020 gjeld denne posten berre tilskotsordninga til turar i samband med handlingsplanen mot antisemittisme. Departementet har fastsett reviderte retningslinjer som gjeld frå og med skuleåret 2020–21, der også elevar i vidaregåande opplæring blir omfatta av ordninga. I september 2020 blei retningslinjene for tilskotsordninga endra på grunn av covid-19-pandemien, slik at reisemål i større grad kan bli tilpassa dei minnestadene frå den andre verdskrigen som finst i Noreg, og at skuleturane kan vere av kortare varigheit enn tre overnattingar.

Mål for 2022

Målet med tilskotsordninga er å stimulere til at skuleeigarar, skular og foreldregrupper organiserer turar til tidlegare konsentrasjonsleirar eller minnestadar for elevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.

Resultat i 2020

Til tilskotsordninga til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme kom det inn 254 søknader i 2020, mot 390 søknader i 2019. Det blei for skuleåret 2020–21 gitt tilskot for i alt 12 211 elevar i ungdomsskule og vidaregåande opplæring, mot 16 550 ungdommar i ungdomsskulen i skuleåret 2019–20. Alle søknader som fylte kriteria i tilskotsordninga, fekk tilskot. Nedgangen i talet på søknader kom i hovudsak av covid-19-pandemien. Det er i stor grad private aktørar som arrangerer turane.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 15,5 mill. kroner på posten.

Post 67 Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk

Under denne posten er det tre tilskotsordningar:

  • ei tilskotsordning for opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i grunnskulen

  • ei tilskotsordning for opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring

  • ei ordning med studiepermisjonar for vidareutdanning i kvensk eller finsk for lærarar i grunnskulen

Mål for 2022

Målet med løyvinga er å bidra med finansiering slik at elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn i Troms og Finnmark får opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk ved kommunale og frittståande grunnskular i samsvar med rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Vidare er målet med løyvinga å bidra med finansiering slik at elevar og lærlingar med kvensk/norskfinsk bakgrunn får opplæring i kvensk eller finsk ved fylkeskommunale og frittståande vidaregåande skular. Det er òg eit mål å styrke kompetansen i kvensk og finsk for lærarar i grunnskulen.

Resultat i 2020

Talet på elevar i Troms og Finnmark som vel kvensk eller finsk som andrespråk i grunnskulen, er lågare enn åra før. Hausten 2020 var det 443 elevar. Dette er 28 færre enn i 2019.

Våren 2020 var det i alt 25 elevar som fekk opplæring i kvensk eller finsk i vidaregåande opplæring. Det er 2 fleire enn i 2019.

Frå den årlege løyvinga til to heile studieheimlar for vidareutdanning av lærarar i kvensk eller finsk språk, blei det innvilga tilskot til ein kvart studieheimel i 2020, noko som er det same som i 2019.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 9,2 mill. kroner på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,3 mill. kroner som følge av oppdatert anslag for talet på elevar som vil få opplæring i kvensk eller finsk.

Post 68 Tilskot til opplæring i kriminalomsorga

Innsette i fengsel har rett til opplæring under soning av straff. Tilskot til opplæring i kriminalomsorga skal bidra til at dei innsette får den opplæringa dei har krav på. Fylkeskommunane har ansvaret for opplæringa i norske fengsel, og dei vidaregåande skulane står for den praktiske gjennomføringa.

Fylkeskommunar med særskilde oppgåver vil få særskilt tilskot for tilbod som ungdomseiningar, oppfølgingsklassar, eining for tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (TAFU), eining for narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) og den felles IKT-løysinga Desktop for skolen (DFS).

Mål for 2022

Målet med tilskotsordninga er at innsette som ikkje har fullført grunnskulen eller vidaregåande opplæring, og som har rett til og ønsker slik opplæring, får det. I tillegg skal lauslatne kunne fullføre opplæring som er begynt under soning. Opplæringa skal bli gitt etter kompetansemål frå læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggande ferdigheiter.

Resultat i 2020

Det er opplæringstilbod for innsette i alle fengsla i Noreg. I tillegg finst det oppfølgingsklassar og ein TAFU (tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning) for å lette overgangen etter lauslating ti stadar i landet.

Om lag 40 pst. av dei innsette tok del i ei eller anna form for opplæring i 2020, ned frå 45 pst. i 2019. I hovudsak følger opplæringa læreplanplanverket for vidaregåande skule, og i stor grad yrkesfag. I samarbeid med kriminalomsorga bruker skuleverket ressursar på ulike opplæringstilbod for å stimulere innsette til å kome i gang med grunnskule og/eller vidaregåande opplæring, kategorisert som «anna opplæring» i tabell 4.4. Skulane samarbeider med kriminalomsorga for å legge til rette for dei innsette som ønsker å ta fatt på høgare utdanning.

Smitteverntiltaka mot covid-19-pandemien fekk betydelege konsekvensar for opplæringa i kriminalomsorga i 2020. Når undervisningspersonalet ikkje kunne gjennomføre undervisning i klasseromma i fengsla, var det ikkje fullgode digitale erstatningar. Smitteverntiltaka førte til ein reduksjon av opplæringstilbodet, færre gjennomførte eksamenar og dermed færre fullførte opplæringsløp. Statsforvaltaren i Vestland og Kriminalomsorgsdirektoratet har sett i gang ulike tiltak for å styrke den digitale opplæringa i fengsla.

Tabell 4.4 Tal på elevar/deltakarar i fengsel og oppfølgingsklassar og tilbakeføringsprogram gitt i totaltal og gjennomsnitt, fordelte etter opplæringstype

2019

2020

Heiltid

Deltid

Heiltid

Deltid

Reg. elevar

Snitt

Reg. elevar

Snitt

Reg. elevar

Snitt

Reg. elevar

Snitt

Grunnskule

9

2

189

81

5

2

138

41

Vidaregåande skule

312

157

2 742

716

196

121

3 021

737

Korte opplæringstilbod

152

27

2 791

310

64

19

1 878

252

Anna opplæring

8

11

1 348

222

5

9

866

200

Sum

481

201

7 070

1 336

270

151

5 903

1 230

Fagskule1

21

4

20

5

Høgskule/universitet

133

65

127

63

Reg. elevar vil seie kor mange som har fått opplæring i løpet av kalenderåret.

Snitt vil seie gjennomsnittleg tal på elevar/deltakarar basert på fire rapporteringstidspunkt i løpet av året.

Korte opplæringstilbod er tilpassa opplæringstilbod heimla i fagplanverket for den vidaregåande skulen.

1 Tala for fagskule og høgskule/universitet er ikkje differensierte etter heiltid/deltid.

Kjelde: Statsforvaltaren i Vestland

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 310,7 mill. kroner på posten.

Delar av løyvinga vil gå til drift av Desktop for skolen, som er eit IKT-system for sikker bruk av digitale verktøy i opplæringa i fengsla.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på posten, jf. forslag til vedtak III nr. 2.

Post 69 Tiltak for fullføring av vidaregåande opplæring

Løyvinga legg til rette for gjennomføringa av Fullføringsreforma, jf. Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden.

Mål for 2022

Løyvinga skal føre til at fleire fullfører vidaregåande opplæring, og at fleire med studie- eller yrkeskompetanse tek fagbrev.

Resultat i 2020

I 2020 fekk fylkeskommunane utbetalt totalt 666,7 mill. kroner til tiltak for fullføring av vidaregåande opplæring over posten, som del av Utdanningsløftet.

Det blei utbetalt 297 mill. kroner for at arbeidsledige og permitterte utan rett til opplæring skulle kunne fullføre vidaregåande opplæring. Tiltaka i fylkeskommunane omfatta i 2020 1 320 ledige og permitterte. Det er færre enn talet på deltakarar som departementet la til grunn for tilskotet. Fylkeskommunane melder om at det har vore krevjande å rekruttere deltakarar i målgruppa, særleg i ein tidleg fase. Vaksne som manglar studie- eller yrkeskompetanse, har ofte låg utdanningsmotivasjon. I tillegg er det relativt få permitterte som ønsker å ta utdanning medan dei ventar på å kome i arbeid.

175 mill. kroner var retta mot utfordringar i fag- og yrkesopplæringa og lærefag som var særleg hardt ramma av pandemien. Rapportering frå fylka viser at 2 700 lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar har vore omfatta av ordninga i 2020. Det var størst behov for tiltak innanfor lærefaga elektrikar, kokk, sal og frisørfaget.

Det blei utbetalt 148,7 mill. kroner for at avgangselevar utan vitnemål skulle fullføre vidaregåande opplæring. Rapportering frå fylkeskommunane viser at 1 128 elevar har vore omfatta av ordninga i 2020, og at matematikk og norsk er faga flest elevar fekk undervisning i. Av elevane som var omfatta av ordninga, hadde 9 pst. nådd studie- eller yrkeskompetanse per midten av desember 2020, medan 38 pst. hadde avlagt eksamen/fagprøve og venta på sensur. 29 pst. fekk framleis undervisning. Fråfallet i målgruppa er relativt stort, noko som mellom anna kjem av at fleire av elevane har eit stort opplæringsbehov for å fullføre. Fleire fylkeskommunar melder om at ein del av målgruppa er vanskeleg å motivere for meir opplæring.

Det blei utbetalt 46 mill. kroner for at fleire skulle bruke ordninga Fagbrev på jobb, og fylkeskommunane melde om 700 deltakarar som blei finansierte av tilskotet i 2020.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 718,8 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår å vidareføre og trappe opp fleire av tilskota som blei oppretta i 2020 som ein del av Utdanningsløftet 2020, for å legge til rette for gjennomføring av Fullføringsreforma. Det gjeld følgande tilskot til fylkeskommunane:

  • 304,5 mill. kroner for at personar utan lovfesta rett til vidaregåande opplæring kan få moglegheit til å oppnå studie- eller yrkeskompetanse. Tilskotet legg til rette for innføring av ein utvida rett til vidaregåande opplæring frå hausten 2023 i tråd med forslaget til ny opplæringslov

  • 46 mill. kroner for å stimulere til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb. Målgruppa for ordninga er vaksne i arbeidslivet som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring, og som har praksis frå lærefaget, men som har behov for rettleiing for å gå opp til fagprøva

  • 256,5 mill. kroner for at tilbodet til dei som ikkje får læreplass (Vg3 i skule), skal bli utvida og forsterka. Det er ein auke på 102,6 mill. kroner i høve til 2021 som følge av at tilskotet får heilårsverknad. Auken tek vidare omsyn til ein auka etterspurnad etter tilbodet som følge av covid-19-pandemien. Saman med partane i arbeidslivet, lærar- og elevorganisasjonar og fylkeskommunane arbeider departementet for å utvikle eit best mogleg tilbod

  • 111,8 mill. kroner for at fleire som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, skal få tilbod om å ta eit fagbrev. Målgruppa inkluderer personar med omstillingsbehov og unge med studiekompetanse som ikkje er motiverte for eller ikkje kjem inn på høgare utdanning. Tilskotet legg til rette for 1 000 nye deltakarar i yrkesfagleg utdanning frå hausten 2021. Det er lagt til grunn at halvparten har behov for eit tilnærma fullt løp i yrkesfagleg utdanning (opptil 3 1/2 år), medan den andre halvparten berre treng eitt år i lære. Tilskotet blir derfor trappa opp med 65,2 mill. kroner i høve til 2021

Fleire av tiltaka inneber utgifter til utdanningsstøtte under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Departementet vil kunne omprioritere mellom tilskota dersom vurderingar frå fylkeskommunane om ressursbehov tilseier det.

Innanfor løyvinga kan det òg bli gitt tilskot til friskular.

Post 74 Prosjekttilskot

Som varsla i Prop. 1 S (2020–2021) for Kunnskapsdepartementet vil departementet endre innrettinga av ordninga frå 2022-budsjettet slik at ho blir meir avgrensa enn i dag. På den måten kan ordninga rettast inn mot prosjekt på område der departementet meiner det er eit særleg behov for at private og frivillige organisasjonar gjennomfører tidsavgrensa tiltak. I tillegg vil organisasjonane som mottek tilskot, som hovudregel få innvilga tilskot i inntil tre år såframt dei oppfyller krava i tilskotsordninga, og gitt Stortingets årlege budsjettvedtak.

Mål for 2022

Formålet med tilskotsordninga er å stimulere organisasjonar til å setje i verk prosjekt som på ulike måtar kan bidra til å nå dei måla departementet har sett for grunnopplæringa, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Verksemda til organisasjonane skal ha ein nasjonal verdi, og aktivitetar/tiltak skal nå flest mogleg elevar og skular. I 2022 vil departementet støtte tiltak som skal betre læringsmiljøet gjennom tiltak mot mobbing.

Resultat i 2020

Følgande organisasjonar fekk tildelt til saman 9,4 mill. kroner frå tilskotsordninga for private og frivillige organisasjonar i 2020:

  • Stiftinga Magasinett

  • Stiftinga Pirion

  • Redd Barna

  • Landslaget for norskundervisning

  • MOT Norge

  • Sex og Politikk

  • FRI – Rosa kompetanse skole

  • Skeiv Ungdom

  • Foreningen Les

  • Dysleksi Norge

  • Organisasjonen Voksne for barn

  • Barnevakten

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 6,9 mill. kroner på posten.

Post 75 Grunntilskot

I Prop. 1 S for 2021 varsla departementet at det skulle stillast tydelegare krav til mottakarar av grunntilskot, og at mottakarar av grunntilskot i 2021, skulle gi informasjon om planlagd bruk av tilskotet i 2022 og framover. Utdanningsdirektoratet har henta inn denne informasjonen. Departementet vil vurdere innrettinga til grunntilskotet.

Mål for 2022

Målet med ordninga er å sikre langsiktige og stabile rammevilkår for nasjonale ressursmiljø som på ein særskild måte bidreg til å nå dei måla departementet har sett for grunnopplæringa, jf. kategoriinnleiinga.

Resultat i 2020

Grunntilskot til organisasjonar mv.

I 2020 fekk følgande organisasjonar tildelt til saman 39,7 mill. kroner frå ordninga for grunntilskot til private og frivillige organisasjonar:

  • Elevorganisasjonen

  • FIRST Scandinavia

  • Operasjon Dagsverk

  • WorldSkills Norway

  • Foreningen Norden

  • Norsk håndverksinstitutt

  • Forandringsfabrikken

  • Blå Kors – Snakk om mobbing

  • Teknisk Senter AS

  • Ungt Entreprenørskap Norge

  • Blikk AS

  • Stiftelsen Barnevakten – Nettvettprogram til innføring av fagfornyelsen

  • Musikkens Studieforbund – Krafttak for song

  • Faktisk.no

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

  • Unge funksjonshemmede

Grunntilskot til Andøya Space Education

I 2020 fekk Andøya Space Education (ASE) 16,2 mill. kroner over posten. I 2020 deltok 4 396 personar på ulike aktivitetar i regi av ASE. 3 037 var elevar i grunnopplæringa, 4 140 færre enn i 2019 på grunn av covid-19-pandemien. ASE gjennomførte i 2020 ei rekke etter- og vidareutdanningskurs for lærarar og hadde ansvaret for fleire nettbaserte læringsressursar.

Grunntilskot til friskuleorganisasjonane

I 2020 fekk fire friskuleorganisasjonar eit samla tilskot på 0,9 mill. kroner. Organisasjonane utførte samordningsoppgåver for til saman 280 godkjende medlemsskular. I tillegg fekk organisasjonane 0,8 mill. kroner til arbeid med nye læreplanar fordelt på 256 godkjende medlemsskular.

Grunntilskot til kunst- og kulturarbeid i grunnopplæringa

Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfagene i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag fekk 34,9 mill. kroner over posten i 2020. Organisasjonane har arbeidd med ei rekke tiltak og satsingar for å betre kvaliteten i kulturskulane og i arbeidet med kunst og kultur i grunnopplæringa. Kvar tilskotsmottakar har fordelt ein del av tilskotet vidare til underliggande medlemsorganisasjonar og prosjekt.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 104,4 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår at Skeiv Ungdom og Geitmyra matkultursenter for barn blir inkludert i ordninga for grunntilskot i 2022.

Vidare foreslår departementet å flytte 4 mill. kroner til posten frå kap. 226, post 21, slik at organisasjonar som tidlegare har fått tilskot frå ei søknadsbasert tilskotsordning for lesestimulering, får grunntilskot i 2022. Samstundes foreslår departementet å auke tilskotet med ytterlegare 2 mill. kroner til dei same organisasjonane. Organisasjonane departementet foreslår at skal få grunntilskot er Foreningen !les, Stiftinga Magasinett, Leser søker bok og Dysleksi Norge. Tilskotsordninga for lesestimulering over kap. 226, post 21 blir som følge av dette avvikla.

Tabell 4.5 viser forslag til fordeling av grunntilskot til organisasjonar i 2022. Tilskotet til interesseorganisasjonar for funksjonshemma blir fordelt på hovudorganisasjonane med 30 pst. til Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, 30 pst. til Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner og 40 pst. til Unge funksjonshemmede. Tilskotet til friskuleorganisasjonar blir fordelt mellom organisasjonane etter talet på medlemsskular som har rett til statstilskot per 1. januar. Grunntilskotet til kunst- og kulturarbeid i opplæringa blir fordelt med 75,2 pst. til Norsk kulturskoleråd, 7,3 pst. til Fellesrådet for kunstfagene i skolen og 17,5 pst. til Samarbeidsforum for estetiske fag.

Tabell 4.5 Fordeling av tilskot på kap. 225, post 75

(i 1 000 kr)

Tilskotsmottakar

Tilskot 2022

Elevorganisasjonen

3 105

Operasjon Dagsverk

589

FIRST Scandinavia

11 000

WorldSkills Norway

3 909

Foreningen Norden

1 300

Norsk håndverksinstitutt

6 211

Interesseorganisasjonar for funksjonshemma

1 404

Forandringsfabrikken

3 528

Blå Kors – Snakk om mobbing

3 028

Teknisk Senter, Flekkefjord

829

Ungt Entreprenørskap

529

Blikk AS

300

Skeiv Ungdom

1 500

Andøya Space Education

16 800

Friskuleorganisasjonar

805

Grunntilskot til kunst- og kulturarbeid i opplæringa

34 899

Faktisk.no – skuleprosjektet TENK

5 000

Landslaget for norskundervisning

600

Sex og Politikk

600

FRI – Rosa kompetanse skole

2 000

Geitmyra matkultursenter for barn

500

Foreningen !les

4 400

Stiftinga Magasinett

1 100

Leser søker bok

300

Dysleksi Norge

200

Sum

104 436

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

13 658

12 495

11 201

Sum kap. 3225

13 658

12 495

11 201

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan etter statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225, post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Kunnskapsdepartementet foreslår ei tilsvarande løyving på kap. 3225, post 04. Refusjon av ODA-godkjende utgifter er rekna til 11,2 mill. kroner i 2022.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

1 561 834

1 562 093

1 697 667

22

Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar

1 551 804

1 600 858

1 683 724

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

57 415

35 826

44 000

61

Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar

61 815

61 919

61 919

63

Forsking på effektane av auka lærartettleik

43 001

64

Programfinansiering av 0-24-samarbeidet

39 310

40 529

41 583

71

Tilskot til vitensenter

101 305

88 802

94 651

Sum kap. 226

3 416 484

3 390 027

3 623 544

Skuleeigarane har hovudansvaret for å utvikle kvaliteten på opplæringa i skular og lærebedrifter. Regjeringa legg stor vekt på å støtte og rettleie skular og skuleeigarar gjennom kompetanse- og utviklingstiltak. Kap. 226 omfattar statlege løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Utdanningsdirektoratet har i stor grad ansvaret for å forvalte midlane og gjennomføre tiltaka. Delar av løyvingane på post 21 og 22 dekker utgifter til lønn og administrasjon i Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet og hos eventuelle andre statlege aktørar som har ansvar/delansvar for drift av dei ulike prosjekta og tiltaka.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga på posten finansierer mellom anna kompetanse- og profesjonsutvikling i grunnopplæringa, tiltak for betre læringsmiljø, digitalisering, styrking av fag- og yrkesopplæringa og utvikling av læreplanverket for grunnopplæringa. Løyvinga på posten dekker òg element i kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa, mellom anna internasjonale undersøkingar, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk, forsking og evaluering. Løyvinga dekker drift av tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen, tilskot til offentlege og eventuelle private aktørar som blir involverte i kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, og eventuelle utgifter til offentlege utval og ekspertutval som departementet har sett ned. Det kan òg bli gitt tilskot til samordningsoppgåver i kommunesektoren over posten.

Mål for 2022

Midlane på posten skal medverke til å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa for å nå dei statlege sektormåla, jf. omtalen av desse i kategoriinnleiinga.

Resultat i 2020

Samla blei det brukt 1,6 mrd. kroner over posten i 2020. Hovuddelen av midlane gjekk til kompetanseutviklingstiltak. Tabell 4.6 viser samla rekneskap for posten i 2020, med tiltak samla for dei ulike måla for posten.

Tabell 4.6 Oversikt over løyvingar på kap. 226, post 21 i 2020

(i mill. kr)

Overordna mål for grunnopplæringa:

Rekneskap 2020

Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

112,4

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt

28,2

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

489,7

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

880,1

Andre tiltak

51,4

Totalt

1 561,8

Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

I 2020 blei det over denne posten brukt 112,4 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet om at alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø. I tillegg blei det brukt 10,5 mill. kroner over kap. 231 Barnehagar, post 21 Særskilde driftsutgifter til arbeid med barnehagemiljø.

Tabell 4.7 Oversikt over løyvingar til tiltak for å støtte målet om eit godt og inkluderande læringsmiljø

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2020

Handhevingsordninga for skulemiljøsaker

35,5

Kompetanseutvikling for å skape gode barnehage- og skulemiljø

33,7

Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme

11,3

Forsøk med gratis deltidstilbod i SFO

10

Mobbeombod

10

Læringstilbod om 22. juli

5

Program mot mobbing

4

Partnarskap mot mobbing

1,5

Pilotforsøk for meir inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO, del 1

1,4

Totalt

112,4

Handhevingsordninga for skulemiljøsaker

I 2020 gjekk det 35,5 mill. kroner til dette tiltaket. Statsforvaltarembeta rapporterer om mange førespurnader frå barn, foreldre og skular for å få hjelp til å løyse skulemiljøsaker. I 2020 kom det inn 1 189 meldingar til statsforvaltaren frå elevar og foreldre mot 1 585 meldingar i 2019. I mange saker der statsforvaltaren tok stilling til om aktivitetsplikta var oppfylt eller broten, fekk elevane medhald. Omfanget av saker og kompleksiteten i sakene gjer at saksbehandlingstida kan bli lang.

Kompetanseutvikling for å skape gode barnehage- og skulemiljø

I 2020 gjekk det 33,7 mill. kroner til ulike tiltak for å skape gode barnehage- og skulemiljø. Innanfor ordninga «Inkluderande barnehage- og skulemiljø» har Utdanningsdirektoratet i 2020 gitt tre ulike tilbod om kompetanseheving som skal styrke kompetansen i barnehagar, skular og hos barnehage- og skuleeigarar til å skape og halde ved like trygge og gode barnehage- og skulemiljø og førebygge og handtere mobbing og andre krenkingar.

  • Læringsmiljøprosjektet gav støtte gjennom nasjonale fagdagar og eit eksternt rettleiarteam leia av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

  • Det nettbaserte tilbodet gav opplæring gjennom filmar og anna læringsmateriell. Fafo har evaluert tilboda i perioden 2018–20. Sluttrapporten viser at fleirtalet av deltakarane opplever stor nytteverdi av tilboda, og at dei har gjort endringar i eigen praksis. Eit anna funn er at lokalt eigarskap er avgjerande for å få til kompetanseutvikling.

  • Det samlingsbaserte tilbodet gav deltakarane støtte frå lokale ressurspersonar og regionale og nasjonale fagdagar.

Deltakarane i alle tre tilboda opplever at tiltaka har høg fagleg kvalitet som har gitt dei meir kompetanse. Fleire seier at dei no raskare set inn tiltak når ein elev/eit barn ikkje har eit trygt og godt miljø. Tidlegare evalueringar av Læringsmiljøprosjektet viste også at skulane som deltok, reduserte mobbetala frå å ligge klart over landsgjennomsnittet til å ligge lågare enn landsgjennomsnittet. Vidare delte Utdanningsdirektoratet ut Benjaminprisen og Dronning Sonjas skulepris. HL-senteret administrerer Benjaminprisen på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme

I 2020 gjekk det 11,3 mill. kroner til dette tiltaket, som omfattar rettleiing, kurs og nettbaserte ressursar for førebygging av ulike former for gruppebaserte fordommar. Dembra blir koordinert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret). 2 mill. kroner gjekk til Dembra for lærarutdannarar (Dembra LU), som omfattar kurstilbod til lærarstudentar, lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i skulen for å auke kompetansen deira om korleis dei kan legge opp det pedagogiske arbeidet for å førebygge gruppebaserte fordommar hos elevane. 8,3 mill. kroner gjekk til Dembra-arbeidet i grunnopplæringa. Læringsressursane dekker områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, diskriminering av minoritetar og udemokratiske haldningar. Dembra er eit varig tiltak som engasjerer dei nasjonale freds- og menneskerettssentera i arbeidet gjennom mellom anna kurstilbod. Det er etablert regionale knutepunkt for Dembra-arbeidet over heile landet ved at HL-senteret har ansvar for Austlandet, Raftostiftelsen for Vestlandet, Falstadsenteret for Trøndelag, Arkivet for Sørlandet, Nansen Fredssenter for Innlandet og Narviksenteret for Nord-Noreg. Sjå meir omtale av desse sentera og Dembra under kap. 224, post 70 og omtale av Dembra i del III, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Forsøk med gratis deltidstilbod i SFO

I 2020 gjekk det 10 mill. kroner til dette tiltaket. Forsøket med gratis skulefritidsordning (SFO) i Drammen, Oslo, Stavanger og Trondheim blei sett i gang hausten 2016. Målet med prosjektet var høgare deltaking i SFO blant elevar med innvandrarbakgrunn og/eller frå familiar med låg inntekt. Alle kommunane har kopla innsatsen til eigne satsingar for målgruppene. Alle kommunane viser til ein tydeleg auke i deltakinga i SFO blant gruppene som fekk tilbodet. Prosjektet blei avslutta som planlagt etter fire skuleår i juni 2020.

Mobbeombod

I 2020 gjekk det 10 mill. kroner til dette tiltaket. Mobbeombodsordninga blei evaluert i 2020 og er førebels vidareført for 2021 i påvente av ei endeleg vurdering av korleis ordninga skal sjå ut i framtida. Evalueringa viste at barn og foreldre i aukande grad får hjelp og blir involverte i saker som gjeld psykososialt miljø, og at ordninga på denne måten bidreg til at fleire barn har det trygt og godt i barnehage og skule.

Læringstilbod om 22. juli

I 2020 gjekk det 5 mill. kroner til dette tiltaket. Det europeiske Wergelandsenteret mottok tilskotet, som blei brukt til å gi fleire elevar og lærarar høve til å delta i opplæringstilbodet om 22. juli og demokratisk medborgarskap. Tilbodet er utvikla av 22. juli-senteret, Utøya AS og Wergelandsenteret. Sjå også omtale under kap. 251, post 01.

Program mot mobbing

I 2020 gjekk det 4 mill. kroner til dette tiltaket. Midlane blei fordelte til ei rekke program i regi av ulike eigarar, til dømes Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge, Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Stavanger og NORCE (Norwegian Research Centre).

Partnarskap mot mobbing

I 2020 gjekk det 1,5 mill. kroner til dette tiltaket. Partnarskap mot mobbing består av regjeringa og 14 organisasjonar i oppvekst- og utdanningssektoren. Ordninga blei evaluert i 2020, og evalueringa viser ei positiv utvikling. Likevel peiker fleire av partnarane på behovet for eit breiare og meir forpliktande arbeid for gode oppvekstvilkår for barn og unge. Partnarskap mot mobbing er vedteke vidareført for perioden 2021–25.

Pilotforsøk for meir inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO

I 2020 gjekk det til saman 1,4 mill. kroner til dette tiltaket. Om lag 0,8 mill. kroner gjekk til pilotforsøk for meir inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO medan 0,6 mill. kroner gjekk til utprøving og forsking på modellar. Utdanningsdirektoratet sette i 2019 i gang pilotprosjekt for meir inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO i fem kommunar. Prosjekta skal vere avslutta innan utgangen av 2022. Totalramma er på 5 mill. kroner, og av dei går 3 mill. kroner til kommunane og 2 mill. kroner til sjølve forsøket og arbeidet med rettleiing og forsking.

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt

I 2020 blei det over denne posten brukt 28,2 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet om at alle barn og unge får utvikla potensialet sitt.

Tabell 4.8 Oversikt over løyvingar til tiltak for å støtte målet om å få utvikla potensialet sitt

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2020

Områdesatsingane i Groruddalen og Oslo sør

10,5

Symjeopplæring

8,4

0–24-samarbeidet

5,4

Innovasjonsordninga Et lag rundt eleven

3,9

Totalt

28,2

Områdesatsing i Groruddalen og Oslo sør

I 2020 gjekk det 10,5 mill. kroner til dette tiltaket. Midlane går til prosjekt innanfor barnehage og skule i områdesatsingane i Groruddalen (10 mill. kroner) og Oslo sør (0,5 mill. kroner). Målet med områdesatsingane, som er eit samarbeid mellom stat og kommune, er å betre miljø, butilhøve og levekår i eit geografisk avgrensa område. Eit delmål på opplæringsfeltet er at fleire elevar skal gjennomføre grunnopplæringa. Områdesatsingane er vedtekne til 2027. Sjå meir omtale av midlar til områdesatsingane i programkategori 07.90 og Prop. 1 S (2021–2022) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Symjeopplæring

I 2020 blei det nytta 7,4 mill. kroner til symjeopplæring med mål om å gi nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne i grunnskuleopplæringa meir og betre symjeopplæring, og dermed redusere risikoen for ulykker. Ordninga kunne også omfatte andre elevar som ikkje kan symje, eller som ikkje har fått delteke i den ordinære symjeundervisninga. Tilskotet har sidan 2016 vore budsjettert årleg med 10 mill. kroner. I 2019 blei det nytta 9,3 mill. kroner. Mindreforbruket i 2020 har samanheng med talet på søknader frå skuleeigarar og frivillige organisasjonar. Mindreforbruket kan ha samanheng med redusert tilgang til bassenga på grunn av covid-19-pandemien.

I tillegg blei det i 2020 nytta 1 mill. kroner til å støtte symjeopplæring for elevar i grunnskulen, mellom anna nettsida svømmedyktig.no og ferdigheitsprøva i symjing.

0–24-samarbeidet

I 2020 gjekk det 5,4 mill. kroner til dette tiltaket over denne posten. 0–24-samarbeidet er eit prosjekt som har gått i perioden 2015 til og med mars 2021. Formålet med samarbeidet har vore å styrke oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år og familien deira gjennom betre samarbeid mellom tenestene. Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet har gjennomført ei rekke delprosjekt for å samordne økonomiske, juridiske og pedagogiske verkemiddel i arbeidet for utsette barn og unge. Frå hausten 2019 blei også Politidirektoratet og Sekretariatet for konfliktråda kopla på arbeidet. I det siste året av satsinga har hovudoppgåvene vore å avslutte pågåande prosjekt og å sikre oppfølging av igangsette prosjekt som går ut over prosjektperioden. Sjå meir omtale i kategoriinnleiinga for 07.20 Grunnopplæringa og kap. 226, post 64 Programfinansiering av 0–24-samarbeidet.

Innovasjonsordninga – Eit lag rundt eleven

I 2020 gjekk det 3,9 mill. kroner til dette tiltaket. Utdanningsdirektoratet tildelte midlar til prosjektet Eit lag rundt eleven for å dokumentere effektar av systematisk satsing på tverrfagleg kompetanse gjennom desse to forskingsprosjekta:

  • eit samarbeidsprosjekt mellom Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU), Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger og Folkehelseinstituttet. Forskarane undersøker kva effekt auka bruk av helsesjukepleiarar på skulen har på læringsmiljø og læringsutbytte

  • eit prosjekt gjennomført av OsloMet som ser på effekten av styrkt skuleleiing

Begge prosjekta leverte sluttrapportar i 2020. Rapportane viser ingen målbar effekt på læringsmiljøet eller læringsresultata, men tiltaka kan ha positiv innverknad på elevane dersom skulen får til god implementering, nok tid, god forankring og leiaroppfølging og god kultur for samarbeid.

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

I 2020 blei det over denne posten brukt 489,7 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet om at dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse. Mesteparten av midlane til vidareutdanning blei løyvde over kap. 226, post 22 Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar, sjå meir omtale der.

Tabell 4.9 Oversikt over løyvingar til tiltak for å støtte målet om kompetanse

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2020

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

230,4

Nye karrierevegar for lærarar (lærarspesialistar)

150,2

Yrkesfaglærarløftet

79,4

Kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis

9,3

Rekruttering til lærarutdanning og læraryrket

7

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

6,5

Vurderingskompetansen til lærarane

6,1

Fagleg råd for lærarutdanning 2025

0,8

Totalt

489,7

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

I 2020 gjekk det 230,4 mill. kroner til dette tiltaket. 214,5 mill. kroner blei fordelte til statsforvaltarane i alle fylka etter lærarårsverk og nytta til ulike kompetansetiltak etter prioritering i dei fylkesvise samarbeidsforuma. Skuleeigarar, universitet og høgskular samarbeider om innhald og organisering. 13,7 mill. kroner blei nytta til administrasjonen av ordninga internt i statsforvaltarembeta.

I 2020 blei forslag til retningslinjer for ny tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling for barnehagane og grunnopplæring sendt på ei brei høyring. Retningslinjene er felles for regional ordning for barnehagar, desentralisert ordning for grunnopplæringa og kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Nye forskriftsfesta retningslinjer gjeld frå 2021.

Tema som peika seg ut for kompetanseutvikling i 2020, var dei same som i 2019:

  • arbeid med nytt læreplanverk, skulemiljø og digitalisering i grunnskulen

  • arbeid med nytt læreplanverk, digitalisering, vurderingspraksis og fagområde i vidaregåande opplæring

Rapporteringa frå statsforvaltarane viser at 42 pst. av midlane gjekk til skuleeigarar, medan 57 pst. gjekk til universitets- og høgskulesektoren. 80 pst. av alle grunnskular og 75 pst. av alle vidaregåande skular har delteke i kompetansetiltaka.

Nye karrierevegar for lærarar (lærarspesialistar)

I 2020 gjekk det 150,2 mill. kroner til dette tiltaket over kap. 226, post 21. I tillegg blei det nytta 26,6 mill. kroner over kap. 226, post 22.

Hausten 2020 var 1 236 lærarar i funksjon som lærarspesialistar innanfor elleve fag og fagområde, og totalt 448 lærarar studerte ved ulike lærarspesialistutdanningar. Forsøket blir evaluert av NIFU. Ein delrapport om lærarspesialistutdanningane blei publisert våren 2021. I delrapporten blir det mellom anna vist til at lærarane har godt utbytte av utdanningane, og at studiet blir opplevd som relevant. Delrapporten viser også til at samanhengen mellom utdanning og funksjon blir opplevd som noko uklar. Sluttrapport frå evalueringa kjem i slutten av 2021.

Yrkesfaglærarløftet

I 2020 gjekk det 79,4 mill. kroner til dette tiltaket. Studieåret 2020–21 kunne yrkesfaglærarar søke på 26 vidareutdanningstilbod ved ni universitet og høgskular. Totalt 312 yrkesfaglærarar fekk tilbod om å delta i 2020–21, og det blei nytta 48,1 mill. kroner til vikar- og stipendmidlar og til studieplassar. Desentralisert ordning for yrkesfag blei etablert hausten 2019, og fleire nasjonale etterutdanningstiltak blei ein del av ordninga, inkludert hospiteringsordninga. Det blei nytta 30 mill. kroner til dette og blant temaa som peika seg ut i 2020, var arbeid med nytt læreplanverk, hospiteringsordninga, vurderings- og rettleiingskompetanse, prøvenemndskulering og instruktøropplæring. Frå 2021 er det etablert ei eiga tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa som erstattar desentralisert ordning for yrkesfag.

Kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis

I 2020 gjekk det 9,3 mill. kroner til dette tiltaket. Ein stor del av løyvinga til dette tiltaket er faseforskove til 2021.

Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO varsla eit kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Målet for kompetanseløftet er å bygge kompetanse, både hos PP-tenesta, hos tilsette i barnehagar og skular og hos det tverrfaglege støttesystemet i laget rundt barna og elevane, slik at alle barn og elevar, uavhengig av føresetnader, skal få moglegheit til utvikling, meistring, læring og trivsel. Dei skal få god hjelp raskt når dei treng det, dei skal oppleve at dei er ein viktig del av fellesskapet, og dei skal sjølve bli høyrde om kva dei har behov for. Kompetanseløftet skal bidra til at kommunar og private eigarar i barnehage og skule har kompetanse til å sjå det allmennpedagogiske og spesialpedagogiske i samanheng og kan møte behova for spesialpedagogisk tilrettelegging. Kompetanseløftet skal byggast gradvis opp fram til 2025, og etter det skal det bli ei varig ordning. I same periode skal Statped omorganiserast, og dei skal framover ha eit særskilt ansvar for å støtte skuleeigarar i arbeidet deira for barn, unge og vaksne med varige og omfattande behov for særskild tilrettelegging. Innsparingar i Statped i samband med omorganiseringa skal finansiere oppbygginga av kompetanseløftet.

Ein viktig del av kompetanseløftet er tilskot til lokal kompetanseutvikling med utgangspunkt i lokale behov. Kompetanseutviklinga skal skje i partnarskap med universitet eller høgskule. I 2020 blei det etablert oppstartskommunar i åtte fylke. Til saman blei det løyvd 8,8 mill. kroner til desse oppstartskommunane, og dei er no i gang med arbeidet med kompetanseløftet.

For å informere om kompetanseløftet og motivere til å delta, blei det arrangert 10 store, regionale konferansar i alle fylka vinteren 2020/2021. Det blei nytta 0,5 mill. kroner til dette i 2020. Konferansane var eit samarbeid mellom Utdanningsdirektoratet, KS, Statped og statsforvaltarane, og blei gjennomført digitalt på grunn av covid-19-situasjonen.

Rekruttering til lærarutdanning og læraryrket

I 2020 gjekk det 7 mill. kroner til Høgskulen i Vestlandet, Nord universitet og Universitetet i Tromsø slik at dei kunne stimulere til auka rekruttering, mangfald og kjønnsbalanse i norske og samiske lærarutdanningar retta mot barnehagar og skular. Sjå også omtale av midlar løyvde over kap. 226, post 22 til forsøksordning for lærarkvalifisering.

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

I 2020 gjekk det 6,5 mill. kroner til dette tiltaket over denne posten. I tillegg blei det nytta 4 mill. kroner over kap. 231 Barnehagar, post 21. Sytten universitet og høgskular deltok i innsatsen, som omfattar midlar til mellom anna informasjonstiltak og nettverksarbeid mellom barnehage- og skuleeigarar og lærarutdanningsinstitusjonane slik at fleire nyutdanna nytilsette lærarar fekk rettleiing. Sjå også omtale av midlar løyvde over kap. 226, post 61 Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar.

Utdanningsdirektoratet har utvikla ein rettleiar om kjenneteikn på gode lokale rettleiingsordningar og laga nye rammer for vidareutdanningstilbod i rettleiing som starta opp hausten 2020. Ei evaluering som blei publisert våren 2021, viser at fleire nyutdanna lærarar enn før får rettleiing når dei er nye i jobben. Det er utfordrande å finne tid til rettleiinga, men lærarar som får rettleiing er meir motiverte enn andre for å bli i yrket. Vidare viser evalueringa at det framleis er ein stor del nyutdanna som ikkje får tilbod om rettleiing, og at berre om lag halvparten av rettleiarane har formell kompetanse til å gi rettleiing.

Vurderingskompetansen til lærarane

I 2020 gjekk det 6,1 mill. kroner til dette tiltaket. Vidareutviklinga av undervegs- og sluttvurdering i fagfornyinga heldt fram, og midlane blei nytta til utprøvingar og utgreiing av mellom anna behovet for betre kvalitetssikring av arbeidet med oppgåveutvikling og sensur.

Fagleg råd for lærarutdanning 2025

I 2020 gjekk det 0,8 mill. kroner til dette tiltaket. Fagleg råd for lærarutdanning 2025 blei etablert i 2019, og Utdanningsdirektoratet har sekretariatsansvaret. Rådet skal utarbeide fagleg funderte analysar og råd til bruk i oppfølginga av strategien Lærerutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene. Rådet rapporterer til Kunnskapsdepartementet, men saker skal leggast fram for Nasjonalt forum for lærarutdanning og profesjonsutvikling. I 2020 leverte rådet to rapportar som viste at dei aller fleste lærarutdanningsinstitusjonane har etablert partnarskap med skular og barnehagar, jf. omtale under kap. 275 Tiltak for høgare utdanning og forsking, post 21.

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

I 2020 blei det brukt 880,1 mill. kroner over denne posten til tiltak som støttar opp under målet om at alle lykkast i opplæringa og utdanninga.

Tabell 4.10 Oversikt over løyvingar til tiltak for å støtte målet om at alle lykkast

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2020

Fornying av innhaldet i skulen, nye læremiddel i samband med fagfornyinga og læreplanforvaltning

231,6

Tiltak for at sårbare elevar kan ta igjen tapt fagleg progresjon

170,0

Digitaliseringsstrategien og Den teknologiske skulesekken

164,4

Støtte til digital heimeundervisning under covid-19-pandemien

94,0

Forsking, evalueringar og data for vurdering av kvalitet i skulen

63,4

Oppfølgingsordninga

35,1

Tiltak retta mot fag- og yrkesopplæringa:

Lokal rekruttering av lærebedrifter

12,5

Yrkesfaglærar 2 (lektor 2-ordninga for yrkesfag)

9,5

Forsking på fag- og yrkesopplæringa

5,0

Andre tiltak

5,0

Lesestimulering og skule- og folkebibliotek

19,1

Tiltak for minoritetsspråklege elevar, inkludert fleksibel opplæring

13,7

Tiltak for betre opplæring i realfag

13,7

Tiltak retta mot ungdom utanfor opplæring og arbeid

16,6

Lektor 2-ordninga for realfag

9,0

Digilær.no – nasjonal plattform for nettbasert undervisning

8,2

Samisk fjernundervisning

4,5

Den naturlege skulesekken

3,0

Stimuleringsordninga for teiknspråk

1,8

Totalt

880,1

Fornying av innhaldet i skulen, nye læremiddel i samband med fagfornyinga og læreplanforvaltning

I 2020 gjekk det 231,6 mill. kroner til dette tiltaket. Av dette gjekk 170 mill. kroner til tilskot til nye læremiddel i samband med fagfornyinga. Kommunane skal rapportere på bruken av dei 170 mill. kroner i tilskot til nye læremiddel i samband med fagfornyinga. Per 1. august 2021 har om lag halvparten av kommunane rapportert. Mellom anna på grunn av covid-19-pandemien har det vore vanskeleg for kommunane å overhalde rapporteringsfristane, og Utdanningsdirektoratet har derfor utsett fristen for rapportering for 2020. Direktoratet tek sikte på at rapporteringsfristen for både 2020 og 2021, blir våren 2022.

7,5 mill. kroner gjekk til tilskot for å utvikle, tilpasse og setje om læremiddel til samisk og 7,5 mill. kroner gjekk til utvikling av læremiddel der det ikkje er kommersielt grunnlag for utvikling. Midlar blei òg nytta til førebuinga av innføring av læreplanar, den digitale læreplanvisninga og kompetansepakkar for å støtte forståing og bruk av læreplanverket. Vidare blei det starta eit arbeid med ein kompetansepakke for å støtte innføring av nye læreplanar for opplæring i bedrift i vg3. Det blei også tildelt midlar til aktivitetar i statsforvaltarembeta for å støtte førebuinga av fagfornyinga. I tillegg gjekk det midlar til utvikling av nye læreplanar for yrkesfag og studieførebuande programfag i vidaregåande opplæring. Kartleggingsverktøyet i grunnleggande norsk for språklege minoritetar er no digitalisert og laga som ei støtte til lærarar. Midlar blei òg nytta til utvikling av den nasjonale rammeplanen for SFO, og noko til mindre forvaltningsoppgåver knytte til rammeplan for barnehagen.

Tiltak for at sårbare elevar kan ta igjen tapt fagleg progresjon

I 2020 gjekk det 170 mill. kroner til tiltak for å ta igjen tapt fagleg progresjon som kom av covid-19-pandemien. 129,7 mill. kroner gjekk til kommunar med til saman 625 921 elevar, 32,1 mill. kroner gjekk til fylkeskommunar med til saman 154 775 elevar og 8,2 mill. kroner gjekk til frittståande skular med til saman 39 737 elevar. Sjå meir omtale av temaet i del III, kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren.

Digitaliseringsstrategien og Den teknologiske skulesekken

I 2020 gjekk det 164,4 mill. kroner til dette tiltaket.

Feide er etablert som ei sentral fellesløysing og tenesteplattform for grunnopplæringa. Utviklingsarbeid og kompetanseheving knytte til Feide har bidrege til at sektoren har vorte betre rusta til å utnytte dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar. Alle kommunar og 10 av 11 fylkeskommunar hadde ved utgangen av 2020 oppgradert til Feide 2.0. Det blei nytta totalt 16 mill. kroner i 2020 til vidareutvikling av Feide.

Innanfor Den teknologiske skulesekken blei mellom anna satsinga Programmering i skulen forsterka. Kunnskapssentera fekk 10 mill. kroner i tilskot i 2020. Målet er å gi over 100 000 elevar på mellomtrinnet og lærarane deira kompetanseheving i programmering i perioden 2018–21. Det blei også løyvd 20 mill. kroner til innkjøp av utstyr til bruk i programmering i undervisninga i 2020. 58 skuleeigarar, som kunne dokumentere satsing på kompetanseutvikling i programmering, fekk eit slikt tilskot.

I 2020 blei det gjennom Den teknologiske skulesekken tildelt om lag 111 mill. kroner til innkjøp av digitale læremiddel, inkludert 60 mill. kroner for å avhjelpe kommunane og fylkeskommunane under pandemien, jf. Innst. 360 S (2019–2020) og Prop. 117 S (2019–2020). Ordninga skal stimulere kommunar og fylkeskommunar til innkjøp av digitale læremiddel. Tilskot blei utbetalt til 253 kommunar/fylkeskommunar etter søknad. Tilskotsordninga varer frå 2019 til 2022.

Støtte til digital heimeundervisning under covid-19-pandemien

I 2020 gjekk det 94 mill. kroner til dette tiltaket. 7,5 mill. kroner gjekk til 251 frittståande grunnskular og vidaregåande skular etter søknad. Tilskotet er brukt til digitale læremiddel, infrastruktur og utstyr. 81,2 mill. kroner gjekk til statsforvaltarane som fordelte midlane etter søknad, 240 kommunar fekk tilskot til infrastruktur og einingar for å sikre digital undervisning også i situasjonar med elevar heime. KS fekk 3,5 mill. kroner til prosjektet SkoleSec for å styrke arbeidet i kommunane med personvern og sikkerheit. 1,8 mill. kroner gjekk til utvikling av kompetansepakkar i digital undervisning på skulen og heime.

Forsking, evalueringar og data for vurdering av kvalitet i skulen

I 2020 gjekk det 63,4 mill. kroner til dette tiltaket. Kvalitetsvurderingssystemet består av eit kunnskapsgrunnlag basert på statistikk og undersøkingar som skulane har tilgang til, og digitale verktøy, rutinar og andre tiltak som skulane kan ta i bruk for å gjere eigen praksis betre.

Stortinget har bedt om ein gjennomgang av kvalitetsvurderingssystemet sett opp mot fagfornyinga, jf. omtale i del I, kap. 3, av oppmodingsvedtak nr. 886, stortingssesjonen 2017–2018. Dette vil mellom anna bli følgt opp i samarbeid med referansegruppa for fagfornyinga, der organisasjonane i skulen er representerte. I juli 2021 la departementet fram Strategi for kvalitetsutvikling i skolen i lys av fagfornyelsen. Strategien blei laga med innspel frå partane, og han gir mellom anna ei oversyn over tidsplanar og status for dei ulike prosessane som er sette i gang og som er planlagde ut 2025. Strategien gjer greie for formål og rammer, synleggjer ulike roller og ansvar og understrekar behovet for samarbeid og tillit for å lykkast med kvalitetsutvikling i skulen. Strategien understrekar at før viktige avgjerder eller vegval blir tekne, vil sentrale aktørar i sektoren og relevante fagmiljø bli involverte.

I 2020 gjekk det 36,4 mill. kroner til ei rekke forskings-, kartleggings- og evalueringsoppdrag knytte til nasjonale satsingar. Eksempel på prosjekt er evaluering av fagfornyinga, evaluering av lærarnorm og evaluering av ny kompetansemodell – desentraliserte ordningar for skule og yrkesfag. I tillegg blir det gjennomført spørjeundersøkingar i Skule-Noreg kvar vår og haust.

I 2020 blei det nytta 18 mill. kroner til internasjonale studiar. Noreg deltek regelmessig i desse trendstudiane som blir gjennomførte kvart tredje, fjerde eller femte år:

  • PISA – Programme for International Student Assessment

  • TIMSS – Trends in International Mathematics and Science Study

  • ICCS – International Civic and Citizenship Education Study

  • ICILS – International Computer and Information Literacy Study

  • PIRLS – Progress in International Reading Literacy Study

I tillegg deltek Noreg i TALIS – Teaching and Learning International Survey.

Utgiftene til studiane varierer frå år til år alt etter kvar i syklusen studien er. Resultata frå studiane gir høve til å følge utviklinga i skulen sett i ein internasjonal samanheng, og til å følge utviklinga i viktige fag, evner og haldningar over tid.

I 2020 gjekk det 7,3 mill. kroner til statistikk og indikatorutvikling. Det er sentrale element for arbeidet med kvalitet i skulen. Midlane blir nytta til å produsere statistikk og analysar om grunnopplæringa, til dømes statistikk om grunnskulen gjennom GSI (Grunnskolens Informasjonssystem). Midlane blir òg nytta til vidareutvikling av formidling av statistikk og analyse, med vekt på god brukarforankring. Døme på dette er analysebrett, analysenotat og Utdanningsspegelen. Internasjonal deltaking i OECD/NESLI-arbeid inngår òg i denne posten.

Oppfølgingsordninga

I 2020 gjekk det 35,1 mill. kroner til dette tiltaket. Oppfølgingsordninga blei etablert med bakgrunn i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidleg innsats og kvalitet i skolen. Målet med ordninga er å gi støtte og rettleiing til kommunar som er under den nedre grensa for kvalitet på sentrale område av opplæringa. I dei to første uttrekka blei til saman 68 kommunar omfatta av ordninga. I 2020 blei 39 nye kommunar identifiserte og innsatsperioden er forlengd frå 2 til 3 år. Dei nye kommunane avsluttar ei førebuingsfase sommaren 2021 og gjennomfører dei to følgande åra ulike tiltak med sikte på betre kvalitet i opplæringa, inkludert frå barnehage til skule. Statsforvaltaren følger opp alle kommunane som er med i ordninga. Det er planlagt nytt uttrekk av kommunar våren 2022.

Tiltak retta mot fag- og yrkesopplæringa

I 2020 gjekk det 32 mill. kroner til tiltak retta mot fag- og yrkesopplæringa.

I tråd med Samfunnskontrakten for flere læreplasser (2016–2020) blei det i 2020 gitt tilskot på 12,5 mill. kroner til fylkeskommunane for å styrke arbeidet med å rekruttere nye lærebedrifter gjennom lokalt oppsøkande arbeid. Fylka rapporterer om behov for tidlegare og meir strukturert innsats i formidlingsarbeidet.

Det blei nytta 9,5 mill. kroner til tiltaket yrkesfaglærar 2 (tidlegare lektor 2-ordninga for yrkesfag), der fagpersonar frå arbeidslivet blir direkte involverte i opplæringa på yrkesfaglege utdanningsprogram. Ordninga skal bidra til å gjere opplæringa meir relevant for elevane ved å styrke samarbeidet mellom skular og arbeidsliv.

Det blei òg brukt 5 mill. kroner til forsking på kva som gir fag- og yrkesopplæringa framifrå kvalitet. Vidare blei det brukt midlar på utgreiing av eit nasjonalt lærlingtorg, vidareutvikling av tenesta Finn læredrift på utdanning.no og tiltak for betre realkompetansevurdering, inkludert kompetanseutvikling.

Lesestimulering og skule- og folkebibliotek

I 2020 gjekk det 19,1 mill. kroner til dette tiltaket. Tilskotsordninga for skulebibliotek og for lesestimuleringstiltak er forankra i Rom for demokrati og dannelse – Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2023 og omfattar òg skulebiblioteka. I samband med lanseringa av strategien i 2019, blei perioden for tilskotsordninga utvida frå 2021 til 2023. Direktoratet tildelte 14,1 mill. kroner i 2020 i tilskott til kommunar som vil utvikle skulebiblioteka for å stimulere til betre lesing. Tilskotsordninga blir evaluert, og rapporten kjem i 2021. Direktoratet tildelte også 4 mill. kroner i tilskot til private og frivillige organisasjonar for å tilby lesestimuleringstiltak i skulen.

Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016–2019) blei avslutta i 2019, men det blei i 2020 nytta 1 mill. kroner til drift, vedlikehald og oppdatering av nettstaden språkløyper.no. NIFU evaluerer strategien. Evalueringa frå NIFU i 2020 viser mellom anna at arbeid med språk, lesing og skriving er høgare prioritert, det er betre koordinering av arbeidet og auka medvit og kompetanse hos tilsette i utdanningssektoren. NIFU finn òg teikn til at tilsette i barnehagen og skulen har endra praksis. Når fleire strategiar og satsingar pågår samtidig eller etter kvarandre, skaper det eit høgt aktivitetsnivå både på kommunenivået og for den einskilde tilsette. Dette kan svekke motivasjonen til å gjennomføre endringar. På den andre sida kan fleire strategiar skape samanheng mellom ulike satsingar og gi synergieffekt når ein bygger på erfaringar og allereie etablerte arbeidsmåtar.

Tiltak for minoritetsspråklege elevar, inkludert Fleksibel opplæring

I 2020 gjekk det 13,7 mill. kroner til dette tiltaket. 10,4 mill. kroner gjekk til Fleksibel opplæring, inkludert 3,6 mill. kroner til utviding av tilbodet med engelsk for arabisktalande elevar. 3,3 mill. kroner blei nytta til stipend for minoritetsspråklege lærarar og rettleiing innanfor minoritetsfeltet.

Fleksibel opplæring har vore eit utviklingsprosjekt som gjekk over i ordinær drift frå hausten 2020. Tilbodet vert levert av Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) ved OsloMet og gir nettbasert tilbod om tospråkleg fagopplæring i matematikk og naturfag på 8. og 9. trinn på arabisk, somali og tigrinja. I tillegg til ungdomsskuleelevar har også elevar i innføringstilbod i vidaregåande opplæring, kombinasjonsklassar og vaksenopplæringa delteke.

Vidare blei samarbeid med NAFO om å utvikle støtteressursar om samarbeid mellom skulen og minoritetsspråklege foreldre fullført. Det blei også utvikla ein film og ein brosjyre på fleire språk for å få fleire innvandrarelevar med på turar i regi av skulen. Dette er ein del av oppfølginga av tiltak 36 i Integreringsstrategien for å styrke barnehagen og skulen som inkluderingsarena.

Tiltak for betre opplæring i realfag

I 2020 gjekk det 13,7 mill. kroner til dette tiltaket. Realfagsstrategien «Tett på realfag» blei avslutta i 2019. Nettstaden realfagsløyper.no var eit av tiltaka i strategien og er eit verktøy for lokalt arbeid med didaktisk kompetanseutvikling i realfag i barnehagar og skular. Realfagsløyper.no blei ferdigutvikla i 2019, men Matematikksenteret og Naturfagsenteret har brukt 1 mill. kroner til å halde ved like og oppdatere nettstaden.

Frå og med 2020 er talentsenter for elevar med stort læringspotensial i matematikk, naturfag og teknologi ei permanent ordning. Evalueringa av realfagstrategien frå 2019 viser mellom anna at talentsentera fungerer særs godt. Hausten 2020 blei det oppretta eit femte talentsenter ved Jærmuseet.

Matematikksenteret arrangerte ei digital nettverkssamling hausten 2020 for kompetansemiljø som arbeider med matematikkvanskar. Samlinga er eit tiltak for å bygge opp eit sterkt kompetansemiljø om matematikkvanskar i Noreg.

Eit anna tiltak er utviklinga av kompetansepakkar for elevar med stort læringspotensial. Kompetansepakkane er publiserte på kompetanse.udir.no og er promotert i mellom anna sosiale medium.

Tiltak retta mot ungdom utanfor opplæring og arbeid

I 2020 gjekk det 9,1 mill. kroner til eit tilskot til fylkeskommunane retta mot den fylkeskommunale oppfølgingstenesta for ungdom utanfor opplæring og arbeid. Målgruppa for tiltaket var ungdom mellom 16 og 24 år som har falle ut av vidaregåande opplæring.

Vidare blei det gitt 5 mill. kroner til utvalde fylkeskommunar for å prøve ut fleksible løysingar for ungdom utanfor opplæring og arbeid gjennom tiltak som kombinerer opplæring og arbeidstrening. Tiltaka har vore samarbeidsprosjekt med andre aktørar, til dømes kommunar, og dei skulle føre fram til kompetansegivande løp. Ordninga har gått over tre skuleår, frå og med skuleåret 2017–18 til og med skuleåret 2019–20. Utdanningsdirektoratet gir overordna ei positiv vurdering av tiltaka som har vore prøvde ut, basert på rapportering frå fylkeskommunane som deltok. Det blei òg gitt 2,5 mill. kroner til Agder fylkeskommune til prosjektet Venneslabroen – frå ungdomstid til arbeidsliv, som pågår i perioden 2019–23.

Lektor 2 for realfag

I 2020 gjekk det 9 mill. kroner til dette tiltaket. Lektor 2 for realfag skal bidra til at skular og næringsliv knyter tettare band, og at næringslivets kompetanse kan nyttast i opplæringa. Lektor 2 for realfag skal òg bidra til auka relevans i opplæringa og auka rekruttering til realfaga. Skuleåret 2020–21 deltok 163 skular, og av dei deltok 27 for første gong. 92 ungdomsskular og 71 vidaregåande skular deltok.

Digilær.no – nasjonal plattform for nettbasert undervisning

I 2020 gjekk det 8,2 mill. kroner til dette tiltaket. Pilotprosjektet Den virtuelle matematikkskulen endra namn til Digilær.no i 2019 for å bli ei permanent plattform for nettbasert undervisning som fellesløysing for sektoren, dette for å kunne understøtte fleire fag. Arbeidet med automatisering, digitalisering og integrasjonar gav betre kvalitet, forenklingar og betre arbeids- og læringsmiljø. Schrems II-dommen medførte ny gjennomgang, dokumentasjon og flytting av tenester, dette arbeidet held fram i 2021. Det har vore lagt innsats på omsetjing av plattforma til nynorsk og nordsamisk og omsetjing av informasjonstekstar og rettleiingar frå bokmål til nynorsk.

Midlane inkluderer forsering i matematikk 1T, der er læringsinnhaldet oppdatert i samsvar med fagfornyinga, mellom anna når det gjeld innføring av programmering. Alle undervisningsfilmane er teksta på bokmål som ein del av krava til universell utforming. Elevtalet var om lag 300 elevar, undervisninga blir levert av dei fylkeskommunale nettskulane, Nettskolen i Nordland og Nettskolen Vestfold.

Samisk fjernundervisning

I 2020 gjekk det 4,5 mill. kroner til dette tiltaket. Det omfatta 1,8 mill. kroner til fjernundervisning i sørsamisk, 1,1 mill. kroner til fjernundervisning i lulesamisk og 1,6 mill. kroner til fjernundervisning i nordsamisk.

Den naturlege skulesekken

I 2020 gjekk det 3 mill. kroner til dette tiltaket. Den naturlege skulesekken skal bidra til at skular får auka kompetanse i å undervise for berekraftig utvikling. Skular som deltek, får eit økonomisk tilskot og fagleg rettleiing i arbeidet med å utvikle og teste undervisningsopplegg for berekraftig utvikling.

Stimuleringsordninga for teiknspråk

I 2020 gjekk det 1,8 mill. kroner til eit pilotforsøk der barnehagar og skular gir eit opplæringstilbod i teiknspråk til barn av døve foreldre (KODA) og søsken av teiknspråkbrukarar. Pilotforsøket skal avsluttast som planlagt våren 2022. Det er 27 kommunar og private aktørar som deltek, og barna/elevane er frå barnehagealder til og med vidaregåande opplæring. Statped har ansvar for den faglege oppfølginga. Erfaringar frå piloten vil bli nytta i det vidare arbeidet med å vurdere rett til teiknspråkopplæring for barn av døve foreldre og søsken av teiknspråkbrukarar.

Andre tiltak

I 2020 blei det brukt 51,4 mill. kroner til andre tiltak som støttar opp under målet for posten, jf. tabell 4.11.

Tabell 4.11 Andre tiltak finansierte over posten

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2020

Forsking og statistikk

14,0

Internasjonale studiar

1,8

Diverse tiltak (forvalting av tiltak, utvalsarbeid m.m.)

35,6

Totalt

51,4

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 1,7 mrd. kroner på posten til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Departementet foreslår følgande flyttingar av midlar til og frå posten:

  • 25 mill. kroner frå kap. 230, post 01 for å styrke kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis

  • 5 mill. kroner frå posten til kap. 201, post 21 til forsking på kvalitet i fag- og yrkesopplæringa

  • 4 mill. kroner frå posten til kap. 225, post 75, slik at organisasjonar som har fått midlar gjennom tilskotsordninga for lesestimulering heller får grunntilskot

  • 1 mill. kroner for å flytte tilskotet til Stiftelsen 10. august til posten frå kap. 291, post 73. Samla er det sett av 4 mill. kroner til tiltaket, jf. omtale under.

Nedanfor følger omtale av dei viktigaste prioriteringane innanfor løyvingsforslaget. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 35 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Løyvinga under posten er redusert med 0,7 mill. kroner som følge av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inkludert arbeidsgivaravgift, er redusert tilsvarande, jf. nærare omtale i del I, kap. 1. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 0,1 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien.

Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

Departementet foreslår å løyve

  • 51,5 mill. kroner til gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar

  • 42 mill. kroner til ulike tiltak for å sikre eit betre læringsmiljø, under dette ordninga Inkluderande barnehage- og skulemiljø, ordninga med fylkesvise mobbeombod for barnehagar og skular, partnarskap mot mobbing m.m.

  • 35 mill. kroner til handhevingsordninga for mobbesaker

  • 12,5 mill. kroner til Dembra

  • 5 mill. kroner til eit nasjonalt læringstilbod om 22. juli. Det europeiske Wergelandsenteret er mottakar av tilskotet

  • 4 mill. kroner til Stiftelsen 10. august. I 2021 fekk stiftinga ei oppstartsstøtte på 1 mill. kroner frå kap. 291, post 73. For 2022 foreslår departementet å auke tilskotet med 3 mill. kroner til etablering av eit minne- og kunnskapssenter og formidlingsarbeid om terror og hat mot muslimar etter terrorangrepet på Al-Noor Islamic Center i 2019. Samstundes er tilskotet flytta til kap. 226, post 21

  • 2 mill. kroner til Stiftelsen Espeland fangeleir og Gestapohuset i Veiten

  • 0,5 mill. kroner til støttegruppa etter 22. juli

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt

Tiltak for å redusere tapt progresjon i skulen for sårbare elevar

I samband med behandlinga av Prop. 117 S (2019–2020) løyvde Stortinget midlar til tiltak for å redusere tapt progresjon i skulen for sårbare elevar i samband med covid-19-utbrotet. For nokre elevar kan nedstenginga ha langvarige konsekvensar. Det kan også vere nødvendig med forsterka tiltak ved nye periodar med nedstenging eller forsterka smitteverntiltak. Departementet foreslår å løyve 240 mill. kroner for å støtte barn og unge som følge av konsekvensar av covid-19-pandemien i skule og barnehage, mellom anna til oppfølging av elevar som har fått tapt fagleg og sosial læring.

Andre tiltak

Departementet foreslår vidare å løyve

  • 13,7 mill. kroner til strategiplan og talentsenter for realfag. Det inkluderer 2 mill. kroner til eit talentsenter på Vitenparken Campus Ås, som har fått midlar til å starte opp frå skuleåret 2021–22

  • 10 mill. kroner til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar. Alle elevar som ikkje kan symje eller har hatt moglegheit til å delta i symjeundervisninga, kan omfattast av ordninga

  • 10 mill. kroner til områdesatsinga i Groruddalen og 0,5 mill. kroner til områdesatsinga i Oslo sør. For samla omtale av midlar over Kunnskapsdepartementets budsjett til dei statlege områdesatsingane, sjå programkategori 07.90 Integrering og mangfald

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

Frå 2021 inngår desentralisert ordning for kompetanseutvikling i ny tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring. Den nye tilskotsordninga omfattar desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skule, regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage og kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

Departementet foreslår for 2022 å løyve 260 mill. kroner til den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling i skule. Utdanningsdirektoratet forvaltar ordninga, og samarbeider tett med statsforvaltarembeta om implementering av nye retningslinjer og vidareutvikling av praksis knytt til ordninga i alle fylker.

Oppfølginga av Tett på-meldinga

Departementet vil setje av midlar på posten til arbeidet med oppfølging av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Departementet foreslår å løyve totalt 100 mill. kroner i 2022 til kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis i barnehage, skule, PPT og eventuelt andre tenester.

Karrierevegar for lærarar

Departementet foreslår å bruke til saman 271,7 mill. kroner i 2022 til satsinga på karrierevegar for lærarar som ønsker profesjonell utvikling. Av desse midlane skal 255,7 mill. kroner gå over kap. 226, post 21 og 16 mill. kroner over kap. 226, post 22. Løyvinga gir rom for å auke talet på lærarspesialistar frå 2 300 i 2021 til 3 000 hausten 2022.

Andre tiltak

Departementet foreslår vidare å løyve

  • 100 mill. kroner til å gjennomføre kompetanseutvikling innanfor strategien yrkesfaglærarløftet

  • 9 mill. kroner til å vidareføre lektor-2-ordninga for realfag

  • 7 mill. kroner til stimuleringsmidlar til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skule som universitet og høgskular kan søke på

  • 5 mill. kroner til auka kompetanse blant tilsette i SFO

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

Fagfornyinga i grunnopplæringa

Departementet foreslår ei løyving på 100 mill. kroner til læremiddel i kommunane. Vidare foreslår departementet å løyve 15 mill. kroner til læremiddel der det ikkje er kommersielt grunnlag for utvikling. Departementet foreslår også at 15 mill. kroner blir tildelt Sametinget, og at desse midlane kjem i tillegg til andre midlar Sametinget nyttar til læremiddel, under dette omsetjing, tilpassing og utvikling av digitale læremiddel på samisk. Vidare vil Utdanningsdirektoratet følge opp implementeringa av fagfornyinga med midlar til læreplanforvaltning, vidareutvikling av undervegs- og sluttvurdering og utvikling av nye prøvar.

Digitaliseringsstrategien og Den teknologiske skulesekken

Departementet vil i løpet av 2022 legge fram ein ny digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa. Departementet foreslår å løyve til saman om lag 110 mill. kroner i 2022 til satsinga Den teknologiske skulesekken. Dette inkluderer om lag 50 mill. kroner til ei tilskotsordning for innkjøp av digitale læremiddel. Målet med tilskotsordninga er å gi elevar og lærarar betre tilgang til eit mangfald av digitale læremiddel av høg kvalitet til fagfornyinga, og det må sjåast i samanheng med satsinga på læremiddel til fagfornyinga og tilskotet til omsetjing, tilpassing og utvikling av digitale læremiddel på samisk. Tilskotet til kunnskapssentera til programmering i grunnopplæringa blir ført vidare med 10 mill. kroner. Tilskot til utstyr til skuleeigarar som prioriterer vidareutdanning og kompetanseheving innanfor programmering, vil òg bli ført vidare med opptil 15 mill. kroner. I tillegg vil arbeidet med Feide i grunnopplæringa, informasjonstryggleik og personvern bli styrkt i 2022.

Nettbasert opplæring

Departementet foreslår å løyve 10 mill. kroner til satsinga på nettbasert opplæring og 9 mill. kroner til Fleksibel opplæring. Utdanningsdirektoratet har oppretta Digilær.no, ei permanent plattform for nettbasert undervisning som fellesløysing for sektoren. Gjennom plattforma skal elevar på ungdomstrinnet som ønsker større utfordringar i matematikk, kunne nytte det nettbaserte tilbodet Forsering matematikk 1T (tidlegare Den virtuelle matematikkskulen). Plattforma skal også nyttast til ordninga Fleksibel opplæring.

Tiltak retta mot fag- og yrkesopplæringa

Departementet vil i 2022 nytte 17 mill. kroner til å vidareføre forsøket med ulike ordningar for å stimulere til investeringar i utstyr på yrkesfag. Målet er å få betre kunnskap om kva for modellar for finansiering av utstyr som fører til finansiering frå fylkeskommunane.

I tillegg foreslår departementet å vidareføre 10 mill. kroner til yrkesfaglærar 2-ordninga.

Departementet vil setje av midlar til å vidareutvikle digitale verktøy som kan nyttast i formidlinga av læreplassar.

Forsking og evaluering og internasjonale undersøkingar

Departementet vil setje av midlar på posten til arbeidet med å utvikle Skuleporten, brukarundersøkingar, statistikk og indikatorar og deltaking i internasjonale undersøkingar. Det vil òg bli sett av midlar til forsking og evaluering i grunnopplæringa, inkludert kartleggingar, evalueringar og forskingsbaserte analysar av statlege tiltak som er under utprøving eller har starta opp.

Departementet foreslår å løyve 1 mill. kroner til eit samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet om ei «regulatorisk sandkasse» for kunstig intelligens og personvern. Dette er ei ordning for utprøving av nye idear før fastsetjing av regelverk, til dømes når det gjeld samanhengande digitale tenester. Midlane kan mellom anna fremje prosjekt om læringsanalyse og adaptive læremiddel. 2022 er det siste året for denne løyvinga.

Matematikk-OL

Matematikk-OL, som er ein konkurranse for dei under 20 år, samlar deltakarar frå over 100 land frå fem kontinent. Noreg har delteke sidan 1984, men aldri vore arrangør. I 2022 skal OL i matematikk arrangerast i Oslo, og Universitetet i Oslo (UiO) er arrangør. Departementet foreslår å løyve 20 mill. kroner til arrangementet, i tråd med forpliktinga staten tok på seg då UiO søkte om å arrangere, jf. tilsegnsfullmakta som Stortinget vedtok ved behandlinga av statsbudsjettet for 2017.

Andre tiltak

Departementet foreslår vidare å løyve

  • 43 mill. kroner til oppfølgingsordninga. Kommunane skal få tilbod om støtte og rettleiing, tilpassa dei lokale utfordringane

  • 17,5 mill. kroner til folke- og skulebibliotek

  • 6 mill. kroner til produksjonsskular i Vestland fylkeskommune, for å vidareføre tilskotet som blei gitt i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2021.

  • 2,5 mill. kroner til prosjektet Venneslabroa, som er eit prosjekt der Vennesla videregående skole utviklar nye tiltak for å få ungdom gjennom skuleløpet

  • 1 mill. kroner til Eidsvoll 1814 og demokratinettstaden Min Stemme. Løyvinga må sjåast i samanheng med fagfornyinga

Post 22 Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar

Løyvinga finansierer satsinga på vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar, jf. Kompetanse for kvalitet – strategi for videreutdanning for lærere og skoleledere frem mot 2025. I strategiperioden er engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk prioriterte fag i vidareutdanningsordninga for lærarar. Dette er i samsvar med krava til formell kompetanse for å undervise i desse faga.

Løyvinga finansierer også rektorutdanning, modulbasert vidareutdanning for skuleleiarar, vidareutdanning for rettleiing av nyutdanna lærarar og lærarspesialistutdanningane. For tilsette i skulen som manglar lærarutdanning, er det stipendordningar for toårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y) og treårig yrkesfaglærarutdanning (YFL). Staten har også finansiert stipendmidlar for at skuleeigarar kan rekruttere personar utanfrå som ønsker å ta ei yrkesfaglærarutdanning for å jobbe i skulen.

Mål for 2022

Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar og kvalifisering av lærarar skal bidra til god fagleg og pedagogisk kvalitet i grunnopplæringa. Dette skal føre til at elevane lærer meir.

Resultat i 2020

Rettleiarutdanning

Utdanningsdirektoratet har overteke ansvar for rettleiarutdanning av nyutdanna barnehagelærarar og lærarar. For studieåret 2020–21 blei det inngått avtale med 10 universitet og høgskular om i alt 385 studieplassar, og det blei nytta 6,6 mill. kroner til dette i 2020.

Vidareutdanning for lærarar

I 2020 blei det brukt 1,36 mrd. kroner til vidareutdanning for lærarar gjennom strategien Kompetanse for kvalitet. I skuleåret 2020–21 blei det gitt tilbod om vidareutdanning til 5 775 lærarar. Ei evaluering viser at lærarar som har teke vidareutdanning, meiner at elevane deira lærer meir, og at dei sjølve har blitt meir engasjerte og betre til å undervise.

Nye karrierevegar for lærarar (lærarspesialistar)

Det blei nytta 26,6 mill. kroner over kap. 226, post 22 til ordninga med lærarspesialistar. Sjå meir omtale under rapport for 2020 over kap. 226, post 21.

Rektorutdanninga og vidareutdanning for skuleleiarar

69,3 mill. kroner gjekk til rektorutdanninga og modulbasert vidareutdanning for skuleleiarar. I 2020 begynte 467 på rektorutdanninga og 349 på den modulbaserte vidareutdanninga for skuleleiarar. Evalueringa av rektorutdanninga viser at deltakarane er svært nøgde med tilbodet. Dei opplever at utdanninga har høg kvalitet, og at dei blir meir bevisste på eigen leiarpraksis og dermed tryggare leiarar.

Stipendordning for tilsette som manglar lærarutdanning, og til rekruttering av personar utanfor skulen

82,9 mill. kroner gjekk til kompetansetiltak for ikkje-kvalifisert undervisningspersonell i 2020. Det blei utbetalt 469 nye stipend til personar for studiar på PPU, PPU-Y og YFL. Av desse gjekk 64 stipend til å rekruttere personar utanfor skulen. Den andre halvparten av stipenda til deltakarane frå stipendordninga i 2017 og 2018 blei også utbetalt etter fullførte studium.

Forsøksordning for lærarkvalifisering

I 2020 gjekk 6 mill. kroner til universitet og høgskular til å understøtte gjennomføringa av prosjektet for at personar med påbegynt, men ikkje fullført lærarutdanning skal kunne fullføre fireårig grunnskulelærarutdanning. Sjå også omtale av midlar løyvde over kap. 226, post 21 til rekruttering til lærarutdanning og læraryrket.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 1,7 mrd. kroner på posten. Løyvinga finansierer plassar våren 2022 og gir rom for å tilby vidareutdanning til om lag 5 000 lærarar hausten 2022 innanfor ordninga Kompetanse for kvalitet. Dette inkluderer 370 nye plasser, hovudsakleg i spesialpedagogikk. Departementet forventar at kapasiteten vil vere god nok til å gi tilbod til alle som ønsker vidareutdanning i matematikk, norsk, engelsk, norsk teiknspråk og samisk.

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å finansiere studieplassar i vidareutdanning i rettleiing av nyutdanna lærarar. Dette er ein del av dei nasjonale rammene for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar.

Det er behov for fleire kvalifiserte søkarar til lærarutdanningar retta mot barnehagar og skular. For mange som underviser i skulen, er ikkje kvalifiserte lærarar, jf. omtalen i kategoriinnleiinga av utviklingstrekk og utfordringar under målet om kompetanse. 10 mill. kroner over posten skal gå til universitet og høgskular som tilbyr lærarutdanningar, slik at dei kan stimulere til auka rekruttering til norske og samiske lærarutdanningar retta mot barnehagar og skular.

Som følge av dei stipendordningane som blir finansierte av løyvinga på posten, der delar av stipendet først blir utbetalte når vidareutdanninga er fullført, er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 237 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal finansiere innkjøp av eit nytt digitalt system for gjennomføring av prøvar og eksamenar, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Satsinga gjaldt først for treårsperioden 2019–21, men er forlengd ut 2022.

Mål for 2022

Målet med løyvinga er å gi elevane og eksamenskandidatane ei intuitiv og brukarvennleg teneste der dei kan få vist eigen kompetanse på fleire måtar enn i dag. Tenesta skal vareta nye krav til universell utforming. Løysinga skal bidra til at alle prøvar og eksamenar kan utviklast og gjennomførast i ei ny, felles digital løysing.

Resultat i 2020

Hovudprosjektet for å kjøpe inn og ta i bruk eit nytt digitalt system blei starta opp i 2019. Kontrakt med leverandør blei underteikna, og arbeidet med å setje opp og ta i bruk løysinga blei sett i gang. Smitteverntiltak som følge av covid-19-pandemien har resultert i avlysing av eksamen og at skular og skuleeigarar ikkje har vore tilgjengelege for brukartest. Prosjektet er derfor forseinka med eitt år, og skal etter planen avsluttast ved utgangen av 2022. Forseinkinga fører til at kostnadene ved prosjektet stig. Eksisterande løysing for prøvegjennomføring oppfyller ikkje krava i likestillings- og diskrimineringslova til universell utforming av IKT. Utdanningsdirektoratet må søke om dispensasjon kvart år for framleis bruk i påvente av ny løysing.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 44 mill. kroner på posten.

Digitalt system for gjennomføring av prøvar og eksamenar vil gi ei årleg nettoinnsparing for kommunar og fylkeskommunar. På grunn av forseinking av prosjektet er også innsparinga for kommunar og fylkeskommunar forseinka, og det blir ikkje trekt ut meir frå rammetilskotet før i 2023.

Post 61 Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna lærarar

Målgruppa for tilskotet er nyutdanna nytilsette lærarar i grunnskulen. Kommunar og friskular som gir rettleiing til nyutdanna nytilsette lærarar i grunnskulen, kan søke om tilskot til å planlegge og gjennomføre sjølve rettleiinga. Tilskotet skal brukast til direkte kostnader til rettleiinga.

Mål for 2022

Målet med løyvinga er både å bidra til at skuleeigarane følger opp ansvaret sitt for å ha rettleiingsordningar lokalt, og å styrke rettleiinga til den einskilde nyutdanna nytilsette læraren. Målet med rettleiinga er at fleire nyutdanna nytilsette lærarar får ein god overgang frå utdanninga til yrket, og at dei dermed blir verande i skulen.

Resultat i 2020

I 2020 blei det innvilga 214 søknader, mot 226 i 2019. Dette omfatta 2 406 nyutdanna nytilsette lærarar i 2020, mot 2 137 lærarar i 2019. 173 kommunar fekk tilskot for 2 330 lærarar, mot 182 kommunar og 2 051 lærarar i 2019. 41 friskular fekk tilskot for 76 lærarar, mot 44 friskular og 86 lærarar i 2019. Satsen per lærar i 2020 blei 25 700 kroner, mot 28 000 kroner i 2019.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 61,9 mill. kroner på posten i 2022.

Post 63 Forsking på effektane av auka lærartettleik

Forskinga under ordninga LÆREEFFEKT har omfatta 228 offentlege skular i 62 kommunar og starta opp hausten 2016. Ordninga er administrert av Forskingsrådet, og det er Universitetet i Stavanger og Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) som gjennomfører forskinga. Målet med LÆREEFFEKT er å utvikle kunnskap om effektane av ulike ordningar med fleire lærarar i småskulen.

Skuleåret 2019–20 skulle vere det siste året som blei omfatta av forsøka, og det blei derfor ikkje løyvd midlar over posten i 2021. På grunn av covid-19-pandemien er det skjedd forseinkingar i fleire av delprosjekta. Samla rapportering av resultata frå LÆREEFFEKT vil derfor ikkje kome før tidlegast i 2022.

Resultat i 2020

I 2020 blei det nytta 36,6 mill. kroner på posten til å finansiere lærarårsverk i forskingsprosjektet LÆREEFFEKT. Intervensjonane i LÆREEFFEKT starta skuleåret 2016–17. Siste år med intervensjonar var skuleåret 2019–20. Tilskotsmidlane på posten som blei nytta til å finansiere lærarårsverk i alle kommunane, er frå 2020 overført til rammetilskotet for kommunane.

Sjå nærare omtale av auka lærartettleik i kapittel 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.

Post 64 Programfinansiering av 0–24-samarbeidet

Posten blei oppretta i 2020 og skal finansiere eit treårig pilotforsøk for perioden 2020–22, jf. omtale av 0–24-samarbeidet i kategoriinnleiinga for 07.20 Grunnopplæringa. Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet bidrog med midlar som blei rammeoverførte til posten i 2020. På grunn av covid-19-pandemien blei kommunane noko forseinka med utvikling av tiltaka som kommunane ønsker å teste ut. Perioden som tiltaka skal verke i kommunane, er derfor forlengd til og med juni 2023.

Mål for 2022

Målet med pilotforsøket er å prøve ut om programfinansiering er eit effektivt verkemiddel for å gi betre samordna tenester til utsette barn og unge i alderen 0–24 år og familien deira. Programfinansieringa går ut på å slå saman delar av eksisterande tilskotsordningar retta mot utsette barn og unge i ein pott som pilotkommunane har stor fridom til å disponere innanfor formålet. På denne måten kan midlane bli betre tilpassa lokale behov.

Resultat i 2020

Om lag 39 mill. kroner blei utbetalt til dei tolv pilotkommunane i 2020. Tiltaka som kommunane skal teste ut i prosjektperioden, skal evaluerast av ulike kompetansemiljø. Den overordna evalueringa av programfinansiering som verkemiddel blir gjord av Oxford Research.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 41,6 mill. kroner på posten.

Post 71 Tilskot til vitensenter

Eit vitensenter er eit lærings- og opplevingssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkande lærer ved å eksperimentere. Vitensentera er eit viktig verkemiddel for auka kunnskap i teknologi og realfag og bidreg til å skape interesse for og rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng. Sentera fungerer som ei støtte og gir verktøy til skulane og lærarane i opplæringa og bidreg til å følge opp nasjonale strategiar. Tilbodet er basert på læreplanar i realfag. Hausten 2021 er det 13 vitensenter i Vitensenterprogrammet i Forskingsrådet:

  • Jærmuseet – Rogaland

  • Nordnorsk vitensenter – Tromsø

  • Vitensenteret i Oslo v/Norsk Teknisk Museum

  • Vilvite – Bergen

  • Vitenlaben – Grenland

  • Vitensenteret i Trondheim

  • Vitensenteret Innlandet – Gjøvik

  • Inspiria Science Center – Østfold

  • Sørlandet vitensenter – Arendal og Kristiansand

  • Vitenparken Campus Ås

  • Atlanterhavsparken – Ålesund

  • Vitensenter Nordland – Mo i Rana

  • ViteMeir – Kaupanger

Fordelinga av tilskotet til vitensentera blir vedteke av styret i Vitensenterprogrammet. Styret blir oppnemnt av Noregs forskingsråd. I styret sit mellom anna representantar frå akademia og næringslivet.

Mål for 2022

Målet med tilskotet er å auke interessa for teknologi og realfag.

Resultat i 2020

I 2020 fekk 12 regionale vitensenter midlar frå denne posten. I 2020 var det samla talet på besøkande 507 000. Dette er 414 000 færre enn året før. Vitensentera leverte i 2020 undervisning til 155 000 elevar og lærarar. Dette er 73 000 færre enn året før. Tala omfattar ikkje Atlanterhavsparken, som fekk midlar på posten for første gong hausten 2019, og som framleis er i etableringsfasen. Covid-19-pandemien har påverka vitensentera i stor grad og har ført til nær ei halvering i besøkstal samanlikna med 2019. For å kompensere for inntektssvikten i 2020, blei løyvinga til vitensentera auka med 18,6 mill. kroner hausten 2020, jf. Innst. 154 S (2020–2021) og Prop. 44 S (2020–2021).

Vitensentera har i 2020 utvikla og gjennomført digitale undervisningstilbod. Resultatet, i tal på undervisningstimar som sentera har levert, viser ein auke på over 50 pst. samanlikna med 2019. Ifølge lærarane er vitensentera eit viktig supplement til undervisninga i realfag.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 94,7 mill. kroner på posten.

I løyvinga inngår ein auke på 3,5 mill. kroner for å gi rom for at tilskotet til ViteMeir i Kaupanger i Sogndal kommune kan få heilårseffekt i 2022.

Fordelinga av tilskotet til vitensentera blir vedteke av styret i Vitensenterprogrammet.

Kap. 227 Tilskot til særskilde skular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

63

Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

41 467

43 502

44 552

78

Tilskot

177 354

186 434

186 434

Sum kap. 227

218 821

229 936

230 986

Post 63 blir nytta når midlane går til kommunar og fylkeskommunar, medan post 78 blir nytta til tilskot til aktørar som ikkje er offentlege.

Post 63 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

Mål for 2022

Målet med løyvinga er å støtte offentlege skular som ikkje har lovheimla rett til tilskot, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skulane dekker viktige behov.

Tilskot til Murmanskskolen

Tilskotet går til Troms og Finnmark fylkeskommune og skal nyttast til drift av norskrussisk vidaregåande skule i Murmansk (Murmanskskolen). Skulen gir tilbod om tilpassa studieførebuande Vg3 til norske elevar.

Tilskot til vaksenopplæring i Sandefjord kommune

Stiftelsen Signo har ein institusjon og ein skule for døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar i Sandefjord kommune. Kommunen er etter opplæringslova ansvarleg for å finansiere vaksenopplæring. Tilskotet skal bidra til å dekke meirutgifter Sandefjord kommune har som følge av ansvaret for å gi vaksenopplæring til bebuarar ved Stiftelsen Signo.

Tilskot til Fjellheimen leirskule

Tilskotsmottakar er Engerdal kommune, og tilskotet skal nyttast til drift av Fjellheimen leirskule. Fjellheimen leirskule er ein leirskule for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar. Leirskulen finansierer drifta ved statstilskot, betaling frå elevane/deltakarane og medverknad frå Engerdal kommune, som eig og driv Fjellheimen leirskule.

Tilskot til dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

Tilskotet finansierer drift av dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv med tilhøyrande internat. Skulen i Snåsa gir opplæring på sørsamisk, medan skulen i Målselv gir opplæring på nordsamisk. Skulane har heile landet som opptaksområde.

Tilskot til skuleskyss for elevar ved dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

Tilskotet skal bidra til å dekke utgifter til skuleskyss for elevar ved dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv. Tilskotet går til kommunane Snåsa og Målselv.

Resultat i 2020

Tilskot til Murmanskskolen

Hausten 2020 blei det teke inn ti elevar frå Noreg som skulle starte på Vg3 ved Murmanskskolen. Alle elevane blei i slutten av august førte tilbake til skulen i heimfylket på grunn av den pågåande pandemien. Desse elevplassane blei erstatta av russiske elevar.

Tilskot til vaksenopplæring i Sandefjord kommune

Tilskotet kommunen fekk i 2020, gjekk til kjøp av vaksenopplæringstenester frå Stiftelsen Signo. Totalt 29 elevar fekk opplæring i 2020.

Tilskot til Fjellheimen leirskule

Skulen kan ta inn opptil 1 000 deltakarar kvart år. I 2020 var det 530 deltakarar. Dette er ein vesentleg nedgang samanlikna med året før, då 867 personar fekk eit opphald ved skulen. Det låge talet på elevar har årsak i covid-19-pandemien.

Tilskot til dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

Sameskulen i Snåsa hadde 13 elevar hausten 2020. Det er fem elevar færre enn året før. På grunn av covid-19-pandemien hadde ikkje skulen svenske elevar dette året. I tillegg fekk sju elevar ved Snåsa ungdomsskule undervisning ved sameskulen. Ti elevar fekk fjernundervisning, like mange som året før. Sameskulen i Målselv hadde 21 elevar hausten 2020, mot 25 elevar året før. I tillegg fekk 17 elevar fjernundervisning. Det er fire fleire enn året før.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 44,6 mill. kroner på posten. Tabell 4.12 viser forslag til fordeling av tilskotet. I løyvinga inngår 1,8 mill. kroner for å bidra til å dekke utgifter til skuleskyss for elevar ved dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv. Det er ein auke på 1,1 mill. kroner som følge av at tilskotet får heilårseffekt.

Tabell 4.12 Fordeling av tilskot på kap. 227, post 63

(i 1 000 kr)

Tilskotsmottakar

Tilskot 2022

Murmanskskolen

2 585

Vaksenopplæring i Sandefjord kommune

5 874

Fjellheimen leirskule

6 998

Dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

27 295

Skuleskyss ved dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

1 800

Sum

44 552

Post 78 Tilskot

Mål for 2022

Målet med løyvinga er å støtte private verksemder som ikkje har lovheimla rett til tilskot, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skulane dekker viktige behov.

Tilskot til Den franske skolen i Oslo

Noreg har inngått ein avtale med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskot til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg i Frankrike. På skulen går det elevar frå Frankrike og Noreg i tillegg til elevar frå mange andre land. Tilskotet skal styrke samarbeidet med Frankrike og stillinga til det franske språket i Noreg.

Tilskot til internatdrifta ved Krokeide videregående skole

Krokeide videregående skole AS er godkjend etter friskulelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma elevar. Skulen gir eit landsdekkande tilbod som er godkjent for 220 elevar, og har plass til drygt 115 elevar på internatet. Tilskotet skal bidra til drifta av internatet ved Krokeide videregående skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skulen, slik at skulen kan tilby yrkesretta vidaregåande opplæring for personar med fysiske eller psykiske utfordringar.

Tilskot til Røde Kors Nordisk United World College

United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremje fred og forståing gjennom utdanning. Det er i alt 18 UWC-skular i 18 land. Tilskotet går til Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Sogn og Fjordane (RKNUWC). Skulen fører elevane fram til ein International Baccalaureate (IB)-eksamen.

Tilskot til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Målgruppene til Signo grunn- og videregående skole er døvblinde og døve elevar med tilleggsfunksjonshemmingar, medan målgruppa til Briskeby videregående skole er høyrselshemma elevar. Tilskotet skal bidra til at skulane kan halde fram med drifta på om lag same nivå som før dei blei godkjende som frittståande skular frå skuleåret 2012–13. Tilskotet skal òg bidra til å dekke heimreisekostnader for elevane ved skulane og drift av internatet ved Signo grunn- og videregående skole.

Tilskot til opplæring i rusinstitusjonar

Tilskotet skal finansiere opplæringstilbodet som rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Stiftelsen Fossumkollektivet har i Viken og Innlandet. Tilskotet skal dekke kostnader til opplæring som ligg utanfor ramma av opplæringslova, og som derfor ikkje ligg under ansvaret til fylkeskommunane.

Tilskot til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

Tilskotet skal medverke til at det blir gitt grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring til norske elevar ved den norske seksjonen ved skulen, i dei faga seksjonen tilbyr.

Tilskot til internatdrifta ved Feiring videregående skole

Feiring videregående skole AS er godkjend etter friskulelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma elevar. Skulen gir eit landsdekkande tilbod. Tilskotet skal bidra til drifta av internatet ved Feiring videregående skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skulen, slik at skulen kan tilby yrkesretta vidaregåande opplæring for personar med fysiske eller psykiske utfordringar.

Resultat i 2020

Tilskot til Den franske skolen i Oslo

I skuleåret 2020–21 hadde Den franske skolen i Oslo 273 elevar på barnetrinnet, 192 elevar på ungdomstrinnet og 81 elevar i vidaregåande opplæring. Totalt hadde skulen 546 elevar, mot 529 elevar i skuleåret 2019–20.

Tilskot til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

I 2020 var det 108 elevar på internatet om våren og 95 elevar om hausten. I 2019 var det til samanlikning 106 elevar om våren og 99 elevar om hausten ved internatet. Skulen er godkjend for 220 elevar og har plass til 115 elevar på internatet. Utnyttinga av kapasiteten til internatet er derfor god.

Tilskot til Røde Kors Nordisk United World College

I skuleåret 2020–21 hadde RKNUWC 200 elevar frå 89 land. 68 av elevane kom frå nordiske land. Elevtalet og fordelinga mellom regionane elevane kjem frå, har vore relativt stabile i dei siste åra. Hausten 2020 var det fleire elevar frå Europa enn tidlegare, sidan elevar frå andre verdsdelar ikkje kunne kom på grunn av covid-19-pandemien.

Tilskot til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Signo fekk våren 2020 tilskot for 11 elevar på grunnskulenivå og 18 heiltidselevar på vidaregåande nivå om våren. Om hausten var det 18 elevar på grunnskulenivå og 11 heiltidselevar på vidaregåande. Tilskotet til Briskeby blei utbetalt for 37 heiltids- og 14 deltidselevar på vidaregåande nivå våren 2020 og 31 heiltids- og 13 deltidselevar på vidaregåande nivå om hausten. Elevtalet ved dei to skulane har vore relativt stabilt i dei siste skuleåra og ligg på eit høgt nivå i høve til det elevtalet skulane er godkjende for.

Tilskot til opplæring i rusinstitusjonar

Fossumkollektivet hadde i 2020 til saman 84 elevar ved skuleavdelingane i Viken og 26 elevar ved dei to avdelingane i Innlandet. Ved dei to verksemdene Tyrilistiftelsen har i Innlandet, har 86 bebuarar hatt eit opplæringstilbod i regi av Frankmotunet, og 97 bebuarar har delteke på ulike skuletilbod i Lillehammer.

Tilskot til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

Hausten 2020 var det 22 elevar på barnetrinnet, 9 elevar på ungdomstrinnet og 14 elevar i vidaregåande skule som fekk opplæring i den norske seksjonen ved skulen.

Tilskot til internatdrifta ved Feiring vidaregåande skole

Feiring vidaregåande skole starta opp hausten 2020 med 108 elevar. Hausten 2020 vart det teke i bruk 56 hyblar på internatet.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 186,4 mill. kroner på posten. Tabell 4.13 viser forslag til fordelinga av tilskotet.

Tabell 4.13 Fordeling av tilskot på kap. 227, post 78

(i 1 000 kr)

Tilskotsmottakar

Tilskot 2022

Den franske skolen i Oslo

32 606

Internatdrifta ved Krokeide videregående skole

29 187

Røde Kors Nordisk United World College

39 981

Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

49 666

Opplæring i rusinstitusjonar

12 238

Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

5 356

Internatdrifta ved Feiring videregående skole

17 400

Sum

186 434

Kap. 228 Tilskot til frittståande skular o.a.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Frittståande grunnskular, overslagsløyving

3 117 719

3 154 601

3 202 439

71

Frittståande vidaregåande skular, overslagsløyving

1 721 790

1 718 569

1 740 303

72

Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving

152 941

161 878

155 354

73

Frittståande grunnskular i utlandet, overslagsløyving

115 874

128 845

109 397

74

Frittståande vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving

15 396

22 133

13 335

75

Frittståande skular for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

366 111

365 466

401 325

76

Andre frittståande skular, overslagsløyving

41 852

42 046

60 813

77

Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving

29 487

30 104

30 309

78

Kompletterande undervisning

23 065

24 772

25 416

79

Toppidrett

48 808

77 403

79 415

81

Elevutveksling til utlandet

2 122

2 190

2 247

82

Kapital- og husleigetilskot til friskular

66 162

83 337

105 504

84

Redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga

3 000

7 200

85

Kompensasjon for meirutgifter knytt til covid-19

50 000

40 000

Sum kap. 228

5 751 327

5 854 344

5 933 057

Lov av 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskulelova) skal medverke til at det kan bli oppretta og drive frittståande skular i Noreg, slik at foreldre og elevar kan velje andre skular enn dei offentlege, jf. menneskerettslova § 2 nr. 2.

Løyvingane over kap. 228 går i hovudsak til tilskot til frittståande skular som er godkjende etter friskulelova. Tilskotet oppfyller dei finansielle pliktene staten har overfor frittståande skular som er godkjende etter lova. I tillegg blir det over dette kapittelet gitt tilskot til kompletterande undervisning, jf. friskulelova § 6-4, Den tysk-norske skolen i Oslo, toppidrett og elevutveksling i utlandet.

Satsane for tilskot til dei fleste frittståande skulane bygger på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skulen i 2020, jf. friskulelova kap. 6. Mange av tilskotssatsane for både frittståande grunnskular og vidaregåande skular blir reduserte i 2022, samanlikna med året før. Dette kjem av endringar i tilskotsgrunnlaget. Kunnskapsdepartementet vil sjå nærare på korleis endringar i utgiftene til kommunesektoren slår inn i tilskotssatsane, og i kva grad desse endringane over tid reflekterer endringar i utgiftene til dei frittståande skulane. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2022 med forslag om auka løyving dersom det viser seg at berekningsmodellane har gitt urimelege utslag i tilskotssatsane, i form av at kostnadsreduksjonen for friskulane ikkje svarer til tilskotsreduksjonen. Kommunesektoren blei kompensert for meirutgifter som følgde av covid-19-pandemien i 2020. Friskulane blei òg kompenserte på om lag same nivå per elev. Kompensasjonen til kommunesektoren er derfor trekt ut av tilskotsgrunnlaget.

Mål for 2022

Målet med tilskotsordningane er å medverke til at det kan bli oppretta og drifta friskular etter friskulelova.

Resultat i 2020

Tabell 4.14 viser endringar i talet på elevar og frittståande skular som fekk tilskot over post 70–76, frå skuleåret 2018–19 til skuleåret 2020–21. For grunnskulen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skule gjeld gjennomsnittet av talet på elevar frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.

Tabell 4.14 Friskular, tal på skular og elevar

Post

Skular

Elevar

Skuletype

2018–19

2019–20

2020–21

2018–19

2019–20

2020–21

70

Grunnskular

237

249

255

21 616

24 993

26 101

71

Vidaregåande skular

79

81

83

13 807

13 680

14 5371

72

Diverse skular godkjent etter friskulelova kapittel 6A

30

29

28

1 373

1 265

1 278

73

Grunnskular i utlandet

9

9

9

748

765

547

74

Vidaregåande skular i utlandet

3

3

3

131

138

851

75

Skular for funksjonshemma elevar

16

15

16

819

869

9571

76

Andre frittståande skular

2

1

1

178

119

135

Sum

376

387

395

38 672

41 829

43 640

1 Inkludert elevar tekne opp som følge av mellombels særregel om inntak i friskular hausten 2020.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Hausten 2020 gjekk 4,1 pst. av grunnskuleelevane i frittståande skular, mot 3,9 pst. året før. Hausten 2020 gjekk 7,3 pst. av elevane i vidaregåande opplæring i frittståande skular, mot 7,2 pst. året før. I dei siste ti åra har det vore ein liten auke i prosentdelen elevar i frittståande grunnskular og i frittståande vidaregåande skular. I skuleåret 2009–10 gjekk 2,4 pst. av elevane i grunnskulen i friskular og 6,4 pst. av elevane i vidaregåande opplæring.

Post 70 Frittståande grunnskular, overslagsløyving

Frittståande grunnskular som er godkjende etter friskulelova, får tilskot tilsvarande 85 pst. av tilskotssatsen.

I 2020 blei det løyvd 15,5 mill. kroner i tilskot til å gjennomføre lærarnorma, jf. Innst. 12 S (2018–2019). Tilskotet blir fordelt til dei skulane som per 1. oktober 2018 mangla meir enn 0,2 lærarårsverk for å oppfylle same lærartettleik som norma i offentleg skule. Det gjeld 22 skular. Rapporteringa frå GSI (Grunnskolens Informasjonssystem) per 1. oktober 2018 dannar grunnlaget for å berekne og utbetale tilskot. Tilskotet blir gitt med ein sats per ekstra lærarårsverk, og det blir fasa ut når ressursane kommunane har til fleire lærarar for å oppfylle lærarnorma, inngår i tilskotsgrunnlaget til friskulane.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 3,2 mrd. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 119,7 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein reduksjon på 76,1 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2021. Departementet foreslår òg å løyve 4,2 mill. kroner som kompensasjon for hausteffekten av ein ekstra skuletime i naturfag i grunnskulen.

Det følger av friskulelova at statstilskotet til frittståande grunnskular skal ta omsyn til storleiken til skulane. Satsane i tilskotsmodellen blir berekna basert på gjennomsnittleg elevtal og gjennomsnittleg skulekostnad per kommune. Det blir stadig færre kommunar med lågt gjennomsnittleg elevtal. Berekningsmodellen gir derfor ikkje lenger eit eintydig svar på kva satsane bør vere, eller kva som bør reknast som ein stor og ein liten skule. Departementet har sett i gang eit arbeid med å greie ut ein ny tilskotsmodell.

I statsbudsjettet for 2022 er satsane berekna med utgangspunkt i satsane frå 2020, korrigert for endringar i tilskotsgrunnlaget frå 2018 til 2020.

Departementet foreslår å vidareføre 16,4 mill. kroner til å gjennomføre lærarnorma i friskulane innanfor løyvinga.

Post 71 Frittståande vidaregåande skular, overslagsløyving

Vidaregåande skular som er godkjende etter friskulelova, får tilskot tilsvarande 85 pst. av tilskotssatsen. Satsane for tilskot til frittståande vidaregåande skular bygger på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skulen to år tidlegare. Det blir rekna ut ein sats for kvart utdanningsprogram. For dei nye utdanningsprogramma som kom med ny tilbodsstruktur hausten 2020, vil departementet inntil vidare vidareføre satsane frå dei tilsvarande utdanningsprogramma i den gamle tilbodsstrukturen. Desse satsane blir frosne og prisjusterte inntil ein har grunnlag for å berekne nye satsar. Posten omfattar òg eit særskilt årleg tilskot til Kongshaug Musikkgymnas, Oslo by steinerskole og Kristen VGS Vennesla.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 1,7 mrd. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 106,1 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein reduksjon på 90,5 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2021. Departementet foreslår òg å løyve 6,2 mill. kroner til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp i vidaregåande opplæring i samband med Fullføringsreforma.

Post 72 Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving

Med verknad frå 1. januar 2021 vart føresegnene i kapittel 4 i vaksenopplæringslova om diverse skular flytta frå vaksenopplæringslova til kapittel 6A i friskulelova, jf. lov av 19. juni 2020 nr. 91. Satsane for tilskot til skular som er godkjende etter kap. 6A i friskulelova, med unntak av Norsk Yrkesdykkerskole, er baserte på tre av satsane for frittståande vidaregåande skular. Dei tre satsane er dei same som for utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag og musikk, dans og drama. Skular som er godkjende etter kap. 6A i friskulelova, får 75 pst. av tilskotssatsane.

Oxford Research har gjennomgått tilskotsordninga i 2020 på oppdrag av Kunnskapsdepartementet, som no vil vurdere korleis tilrådingane bør følgast opp. Oppfølginga er forseinka som følge av covid-19-pandemien.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 155,4 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 54 000 kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein reduksjon på 6,5 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2021.

Post 73 Frittståande grunnskular i utlandet, overslagsløyving

Skulane får tilskot etter same grunnlag som frittståande grunnskular i Noreg, men satsen blir høgare fordi desse skulane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg avrekning mellom Noreg og Sverige for svenske elevar i norske skular i utlandet og for norske elevar ved svenske frittståande grunnskular i utlandet. I tillegg omfattar posten utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 109,4 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 18,4 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein reduksjon på 1,1 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2021. Departementet foreslår òg å løyve 0,1 mill. kroner som kompensasjon for hausteffekten av ein ekstra skuletime i naturfag i grunnskulen.

Post 74 Frittståande vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving

Skulane får tilskot etter same grunnlag som frittståande vidaregåande skular i Noreg, men satsen blir høgare fordi desse skulane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 13,3 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 8,4 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein reduksjon på 0,4 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2021. Departementet foreslår òg å løyve 38 000 kroner til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp i vidaregåande opplæring i samband med Fullføringsreforma.

Post 75 Frittståande skular for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

Grunn- og vidaregåande skular for funksjonshemma elevar får tilskot tilsvarande 100 pst. av ein normalsats per elev. Nokre av skulane får i tillegg statstilskot til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).

Kunnskapsdepartementet har i 2021 gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å revidere tilskotsordninga basert på gjennomgangen av Oxford Research frå 2020.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 401,3 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 25,6 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 9,9 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2021. Departementet foreslår òg å løyve 0,4 mill. kroner til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp i vidaregåande opplæring i samband med Fullføringsreforma.

Post 76 Andre frittståande skular, overslagsløyving

Posten omfattar Unge Sjømenns Kristelige Forening (MS Gann) og Maritim videregående skole Sørlandet (MS Lofoten). Skulane får tilskot per elev etter satsen for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon eller elektro. Skulane får 85 pst. av tilskotssatsen. I tillegg får skulane eit fast tilskot for ekstrakostnader ved skuledrift på skip.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 60,8 mill. kroner på posten. Utdanningsdirektoratet har godkjent søknaden frå Stiftelsen Sørlandets Maritime videregående skole om skuledrift etter friskulelova, og skulen fekk tilskot til oppstart i samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2021. I løyvinga inngår ein auke på 17 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2021 som følge av at tilskotet til Maritim videregående skole får heilårseffekt i 2022.

For MS Gann gir oppdaterte elevtal ein auke på 2,2 mill. kroner, medan nye satsar gir ein reduksjon på 0,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2021. Departementet foreslår òg å løyve 77 000 kroner til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp i vidaregåande opplæring i samband med Fullføringsreforma.

Post 77 Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving

Avtalen mellom Noreg og Tyskland om Den tysk-norske skolen i Oslo blei ført vidare og godkjend av Stortinget i april 2018, jf. Innst. 337 S (2017–2018) og Prop. 78 S (2017–2018). Tilskotet blir rekna ut på same måte som tilskotet til frittståande skular som er godkjende etter friskulelova, men med 54,4 pst. av tilskotssatsen. I tillegg blir det gitt eit særskilt tilskot som kompensasjon for at skulen ikkje lenger får tilskot til kompletterande undervisning, og for å dekke høgare husleigekostnader til nye, større lokale for skulen.

Mål for 2022

Tilskotet skal styrke samarbeidet med Tyskland og stillinga til det tyske språket i Noreg.

Resultat i 2020

Hausten 2020 var det til saman 327 elevar ved Den tysk-norske skolen i Oslo, og av dei gjekk 267 elevar i grunnskulen og 60 elevar i vidaregåande skule. Dette er ein auke på 1 elev samanlikna med hausten 2019.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 30,3 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 0,7 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein reduksjon på 0,5 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2021. I løyvinga inngår òg eit særskilt tilskot på 9,4 mill. kroner.

Post 78 Kompletterande undervisning

Tilskotsordninga medverkar til å finansiere kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) for norske elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i utlandet. Tilskotsmottakarar i ordninga er to sertifiserte nettskular – Globalskolen og Norskskolen.

Mål for 2022

Målet med tilskotet er at norske elevar ved internasjonale eller utanlandske grunnskular i utlandet skal ha moglegheit til å få nettundervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Resultat i 2020

Eit øvre elevtak blir fastsett på grunnlag av løyvinga til formålet. For 2020 var dette elevtaket på 1 469 elevar, og det er ein reduksjon på 131 elevar eller 8,2 pst., i høve til elevtaket i 2019. I 2020 gav nettskulane kompletterande undervisning til i alt 1 450 elevar, og dette var 133 færre elevar enn i 2019.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 25,4 mill. kroner på posten.

Post 79 Toppidrett

Ordninga gjeld skular som i tillegg til godkjenninga etter friskulelova, er godkjende som toppidrettsgymnas av Norges Idrettsforbund og Olympiske og paralympiske komité (NIF). Ordninga omfattar desse skulane: Haugesund Toppidrettsgymnas, Norges Toppidrettsgymnas (NTG) i Bodø, Bærum, Geilo, Kongsvinger, Lillehammer og Tromsø, Telemark Toppidrett gymnas, Wang i Fredrikstad, Hamar, Oslo, Stavanger og Tønsberg.

Ny innretting av tilskotsordninga blei lagd fram i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2021, og Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 600 S (2020–2021) og Prop 195 S (2020–2021). Den nye innrettinga gjeld frå budsjettåret 2021 og er lagd opp etter følgande prinsipp:

  • Fordelinga av tilskotet mellom skulane blir justert årleg etter faktisk elevtal på idrettstilbodet ved skulane to år tidlegare enn budsjettåret.

  • Ved budsjettering av tilskot til nye skular som blir fasa inn i ordninga, blir same tilskotssats per elev lagd til grunn som for andre skular, der satsen blir bestemt av ramma som er gitt av løyvinga på posten. For at tilskotet til nye skular skal stå i rimeleg forhold til oppdaterte elevtal ved dei nye skulane, vil det i ein overgangsperiode på tre år bli lagt til grunn forventa elevtal på idrettstilbodet ved dei nye skulane hausten i budsjettåret.

  • Olympiatoppen kvalitetssikrar toppidrettstilboda i tråd med dei fastsette retningslinjene for forvaltningstilskotet til Olympiatoppen.

Det er ein føresetnad at skulane har elevar på tilbodet om særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. Dersom det blir fleire godkjende skular som har tilbod om slik opplæring, og som samtidig blir godkjende av NIF, vil dei ikkje automatisk bli omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskot.

Posten omfattar òg eit forvaltningstilskot til Olympiatoppen. Departementet har fastsett retningslinjer for forvaltningstilskotet.

I Innst. 12 S (2020–2021), under kap. 228, post 79, har eit fleirtal i utdannings- og forskingskomiteen denne merknaden:

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, viser til opprettelsen av Norges Realfagsgymnas i 2017, og ser det som naturlig at det også vurderes hvordan denne skolen også kan omfattes av denne tilskuddsordningen.

Departementet har vidare motteke ein søknad frå Norges Realfagsgymnas (NRG) der skulen ber om ein auke i statstilskotet og at tilskotet ikkje blir redusert for elevar på Vg3 som forserer matematikkfag på universitets- og høgskulenivå. Departementet foreslår ikkje å gi toppidrettstilskot til NRG i 2022-budsjettet. Departementet vil vurdere tilskotet til NRG vidare. I tillegg har departementet gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å greie ut om friskulelova med forskrifter og tilskotet til friskular i tilstrekkeleg grad tek omsyn til elevar som tek fag på høgare nivå (forsering). Direktoratet har frist til 1. juni 2022 med å legge fram utgreiinga, inkludert å kome med forslag til eventuelle endringar i regelverket og tilskotsordninga. Eventuelle endringar vil først kunne gjelde frå skuleåret 2023–24.

Mål for 2022

Målet med tilskotet er at dei skulane som er omfatta av ordninga, kan legge til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.

Tilskotet skal òg bidra til Olympiatoppens arbeid med å behandle søknader om kvalitetssikring av toppidrettsdelen av tilbodet ved skular godkjende etter friskulelova §2-1 andre ledd bokstav d.

Resultat i 2020

Hausten 2020 var det totalt 2 435 toppidrettselevar ved desse skulane, og det er 72 fleire enn i 2019. 11 skular var inkluderte i tilskotsordninga i 2020.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 79,4 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår 359 000 kroner til eit forvaltningstilskot til Olympiatoppen.

Tabell 4.15 Fordeling av tilskot over kap. 228, post 79

(i 1 000 kr)

Skular som får toppidrettstilskot

Særtilskot 2022

Haugesund Toppidrettsgymnas AS

7 539

Norges Toppidrettsgymnas Bodø AS

2 639

Norges Toppidrettsgymnas Bærum AS

9 963

Norges Toppidrettsgymnas Geilo AS

2 654

Norges Toppidrettsgymnas Kongsvinger AS

3 888

Norges Toppidrettsgymnas Lillehammer AS

7 799

Norges Toppidrettsgymnas Tromsø AS

3 843

Stiftelsen Telemark Toppidrett gymnas

6 683

Wang AS (Oslo)

12 682

Wang Fredrikstad AS

5 104

Wang Hamar AS

5 850

Wang Toppidrett Stavanger AS

5 244

Wang Tønsberg AS

5 168

Sum

79 056

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Tilskotsordninga gjeld utveksling til utlandet for elevar ved tre frittståande vidaregåande skular med rett til statstilskot. Dei frittståande vidaregåande skulane som er godkjende for å bli tildelte slikt tilskot, er

  • Danielsen videregående skole i Bergen

  • Heltberg Private Gymnas i Oslo

  • Drottningborg videregående skole i Grimstad

Det ordinære statstilskotet skulane får etter friskulelova, kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Skulane kan søke om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskotet kan bli gitt til godkjende samarbeidsprosjekt mellom norske frittståande vidaregåande skular med rett til statstilskot og utanlandske skular.

Mål for 2022

Målet med tilskotsordninga er å stimulere dei skulane som er omfatta av ordninga, til å tilby elevutveksling til utlandet for elevane ved skulane.

Resultat i 2020

Løyvinga for 2020 finansierte aktivitet skuleåret 2019–20. Kvar av skulane mottok eit basistilskot på 109 100 kroner. Etter retningsinjene for ordninga skal resten av løyvinga fordelast som elevtilskot etter talet på elevar som blir sende ut, men maksimalt 30 elevar frå kvar skule. Skuleåret 2019–20 var det 34 elevar som utløyste tilskot, ein reduksjon frå 60 elevar skuleåret 2018–19. Samla blei det utbetalt 2,1 mill. kroner i 2020.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 2,2 mill. kroner på posten. Det er same nivå som i 2021.

Covid-19-pandemien førte til at det berre var to elevar som blei sende på utveksling skuleåret 2020–21. Etter retningslinjene for ordninga er satsen for elevtilskotet avhengig av kor mange elevar som blir sende ut. Ein slik berekningsmodell vil gi ein sats i 2021 på over 920 000 kroner per elev, noko som vil vere urimeleg og uforsvarleg. Departementet har derfor bede Utdanningsdirektoratet berekne tilskotet for dei to elevane med utgangspunkt i elevsatsen for skuleåret 2019–20.

Departementet ser behov for å gjere endringar i ordninga slik at satsen per elev blir fastsett før skuleåret tek til og ikkje er avhengig av kor mange elevar som blir sende ut. Det vil sikre at ein ikkje får urimelege utslag av svingingar i talet på elevar, og det vil gjere ordninga meir føreseieleg for skulane. Dagens berekningsmodell der skulane samla får like mykje tilskot uavhengig av kor mange elevar dei sender ut, gir heller ikkje skulane insentiv til å auke talet på utvekslingselevar.

Skulane kan innanfor ordninga få tilskot for maksimalt 30 elevar kvar, til saman 90 elevar. Det normale talet på utvekslingselevar har over tid vore 63 elevar. Departementet tek sikte på at det frå skuleåret 2022–23 vil bli berekna ein sats per elev med utgangspunkt i det maksimale elevtalet. For skuleåret 2021–22 vil det som ei overgangsordning, bli berekna ein sats med utgangspunkt i 63 elevar.

Post 82 Kapitaltilskot til friskular, kapital- og husleigetilskot

Mål for 2022

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at frittståande skular i Noreg skal kunne finansiere vedlikehald og rehabiliteringar av bygg og husleige.

Resultat i 2020

I 2020 fekk frittståande skular 66,2 mill. kroner i kapitaltilskot. Tilskotet er ei rammestyrt ordning og blei fordelt på grunnlag av elevtal mellom dei frittståande grunn- og vidaregåande skulane i Noreg som får driftstilskot over kap. 228, post 70 og 71.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 105,5 mill. kroner på posten i 2022. Det er ein auke på 20 mill. kroner frå Saldert budsjett 2021. Forslaget er ei oppfølging av Granavolden-plattforma.

Post 84 Redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga

Mål for 2022

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at skulefritidsordninga (SFO) ved frittståande skular kan tilby redusert foreldrebetaling for elevar på 1.–4. trinn frå familiar med låg inntekt, på same måte som i SFO ved offentlege skular. Ordninga tok til å gjelde frå 1. august 2021.

Ordninga inneber at foreldrebetalinga for ein SFO-plass maksimalt skal utgjere 6 pst. av hushaldets samla personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 7,2 mill. kroner på posten i 2022. Det er ein auke på 4,2 mill. kroner som følge av at tilskotet får ein heilårseffekt.

Post 85 Kompensasjon for meirutgifter knytt til covid-19

Ordninga omfatta frittståande grunnskular og vidaregåande skular som er godkjende med heimel i friskulelova, Den tysk-norske skolen i Oslo, Den franske skolen i Oslo og United World College i Fjaler. Ordninga skulle bidra til at friskulane blei kompenserte for økonomiske konsekvensar av covid-19-pandemien på om lag same nivå som kommunesektoren. Ordninga blir ikkje vidareført i 2022.

Resultat i 2020

I 2020 blei det utbetalt 50 mill. kroner for å kompensere friskulane for meirutgifter som følgde av covid-19-pandemien. Smittevernrettleiarar for skulane førte i nokre tilfelle til at undervisninga blei organisert i mindre grupper enn normalt. Fleire skular hadde òg meirutgifter ved å gi eit godt opplæringstilbod til elevar som var heime med milde symptom. Meirutgiftene dreidde seg særleg om eit auka behov for vikarar og overtid.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å ikkje vidareføre ordninga, og dermed inga løyving på posten i 2022.

Kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

651 081

648 213

620 422

21

Særskilde driftsutgifter

24 876

35 995

25 000

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

16 008

9 678

9 910

Sum kap. 230

691 965

693 886

655 332

Statped er direkte underlagd Kunnskapsdepartementet og skal bidra til at sektormåla for barnehagen og grunnopplæringa blir nådd. Statped er ei statleg støtteteneste for kommunar og fylkeskommunar i arbeidet for at barn, unge og vaksne med varige og omfattande behov for særskild tilrettelegging får gode, tilpassa barnehage- og opplæringstilbod i inkluderande fellesskap. Fram til 2024 er Statped i ein omstillingsprosess, dette som ein del av oppfølginga av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO.

Som oppfølging av Tett på-meldinga, har Statped fått nye rammer for verksemda. I omstillingsperioden blir det arbeidd vidare med å konkretisere kva endringane inneber for oppgåvene og tenestene til Statped. Målet er at det skal bli tydelegare kva for tenester kommunar og fylkeskommunar kan få bistand til frå Statped.

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane gjeld drift av Statped, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige. I tillegg blir det over post 01 gitt midlar til internasjonalt samarbeid mv., dekning av utgifter til medlemsskap i og nasjonal koordinator for The European Agency for Special Needs and Inclusive Education, tilskot til kompetansetenester frå Signo og Briskeby og utgifter til å følgeevaluere omstillinga i Statped.

Mål for 2022

Statped skal arbeide etter desse måla i 2022:

  • Barnehage- og skuleeigarar får målretta tenester på det spesialpedagogiske området.

  • Barnehage- og skuleeigarar har tilsette som får kunnskap og kompetanse som fremjar utvikling og inkludering på det spesialpedagogiske området.

Resultat i 2020

Barnehage- og skuleeigarar får målretta tenester på det spesialpedagogiske området

Saksbehandlings- og ventetida gjekk ned i 2020, både i individ- og systemsaker. Statped følgde systematisk opp rutinar for å behandle søknader, og nytta videomøte og støtteverktøy. Sårbare brukarar blei prioriterte. Brukarane fekk stort sett hjelp tidleg, trass i covid-19-pandemien. Men pandemien gjorde òg at tenestene blei mindre optimale i dei tilfella der det er best å vere fysisk til stades. Statped erfarte at på grunn av pandemien, var PP-tenesta mindre til stades i barnehagar og skular, og dette gjorde at talet på søknader til Statped gjekk ned samanlikna med føregåande år. Det er ein fare for at dei mest sårbare ikkje har fått den støtta og hjelpa dei har behov for, og at det vil kome mange fleire søknader om tenester i 2021.

Statped ytte tenester til over 95 pst. av kommunane. Spør oss-tenesta er eit tiltak for å bidra til tidleg innsats, som eit lågterskeltilbod om rådgiving frå Statped. Covid-19-pandemien førte til auka interesse for dei digitale løysingane til Statped. Statped-undersøkinga for 2020 viser at brukarar og samarbeidspartar er godt nøgde med tenestene til Statped, men peiker òg på forbetringspunkt, mellom anna når det gjeld søknadsprosessen og brukarmedverking.

Barnehage- og skuleeigarar har tilsette med kunnskap og kompetanse som fremjar utvikling og inkludering

Covid-19-pandemien gjorde at Statped tenkte nytt og fann effektive arbeidsmåtar med meir bruk av Statped.no og digitale kurs, slik at dei tilsette i barnehagar og skular fekk tilgang til spesialpedagogisk kompetanse. Statped-undersøkinga 2020 viser at Statped har samarbeidd godt med fagpersonar lokalt og levert gode tenester. Dei digitale støtte- og rettleiingsressursane til Statped er eit viktig bidrag til kompetanseutviklinga. Statped har hatt ei aktiv rolle i innføringa av kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande opplæring.

I 2020 hadde Statped eit breitt samarbeid med kommunar, fylkeskommunar, universitet og høgskular. I samband med innføringa av kompetanseløftet fekk Statped òg meir kontakt med statsforvaltaren.

Som følge av covid-19-pandemien, gjekk talet på ordinære kurs og konferansar ned, frå 420 i 2019 til 202 i 2020. Sidan kursa har vore digitale under pandemien, har dei sannsynlegvis likevel nådd ut til fleire deltakarar.

Utdanningssektoren har tilgang til forskings- og erfaringsbasert kunnskap på det spesialpedagogiske området

Som følge av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO skal Statped ikkje lenger drive med forsking, og derfor blei aktiviteten på feltet redusert i 2020. Statped har hatt godt samarbeid med universitet og høgskular, og har bidrege med praksisnær spesialpedagogisk kompetanse. Statped har hatt til saman 1 165 forelesningstimar etter førespurnad frå universitet og høgskular. Statped har hatt 25 FoU-prosjekt i 2020 og ferdigstilte sju.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 620,4 mill. kroner på kap. 230, post 01. Fordi rammene for verksemda til Statped er blitt avgrensa, foreslår departementet å redusere løyvinga på post 01 med 25 mill. kroner som skal gå til kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, jf. omtale under kap. 226, post 21. Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med 3 mill. kroner på bakgrunn av at Statped skal avvikle arbeidet med forsking og forskingsretta utviklingsarbeid. Vidare foreslår departementet å redusere løyvinga med 4 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av inntektsløyvinga over kap. 3230, post 02.

HLF Briskeby (Briskeby) og Stiftelsen Signo (Signo) får tilskot til kompetansetenester som kompletterer tenester frå Statped. Departementet foreslår å tildele om lag 35 mill. kroner til dette over kap. 230, post 01. Departementet tek sikte på å foreslå ei vidareføring av tilskotet på same nivå medan omstillinga av Statped blir gjennomført. Deretter vil omfang og innretting på tilskotet bli vurdert opp mot behovet for vidare tenester, i dialog med Signo og Briskeby.

Løyvinga under post 01 er redusert med 9,9 mill. kroner som følge av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inkludert arbeidsgivaravgift, er redusert tilsvarande, jf. nærare omtale i del I, kap. 1. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Departementet foreslår å løyve 25 mill. kroner på kap. 230, post 21. Det er ein reduksjon frå 2021 på grunn av ein reduksjon i inntektskravet på 11,8 mill. kroner. Vidare foreslår departementet at løyvinga på kap. 230, post 45 blir vidareført på same nivå som i 2021.

Kap. 3230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Inntekter frå oppdrag

24 876

35 984

25 000

02

Salsinntekter o.a.

7 310

11 064

7 295

Sum kap. 3230

32 186

47 048

32 295

Post 01 gjeld oppdragsverksemd som Statped utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskular, universitet og andre.

Post 02 gjeld sal av læremiddel, utleige av lokale og inntekter frå kurs.

Både oppdrags- og salsinntektene har over fleire år gått nedover. Oppdragsinntektene vil òg gå nedover fordi Statped ikkje lenger skal drive eiga forsking. Samtidig er det ein auke i inntekter frå fjernundervisningstenester. Departementet foreslår derfor å justere inntektsløyvingane over post 01 med 11,8 mill. kroner og post 02 med 4 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjonar over kap. 230, post 01 og 21 og i tråd med krav om realistisk budsjettering.

Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

231

Barnehagar

765 935

703 815

750 977

6,7

Sum kategori 07.30

765 935

703 815

750 977

6,7

Innleiing

Departementet ønsker eit mangfaldig barnehagetilbod og vil legge til rette for at alle barn får høve til å gå i barnehage. Gode sosiale ferdigheiter og forståing av eigne og andre sine grenser er viktig kompetanse som barnehagen kan gi barna. Språk er nøkkelen til like moglegheiter vidare i utdanninga og deltakinga i samfunnet. Læring må skje gjennom leik, og den einskilde barnehagen må stå fritt til å legge til rette for eit stimulerande miljø som støttar opp om barnas lyst til å leike, utforske, lære og meistre.

Departementet har fastsett følgande overordna mål for barnehagane:

  • Alle har eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø.

  • Barn som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt.

  • Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse.

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

Barnehagane er i hovudsak finansierte gjennom dei frie midlane til kommunane, det vil seie rammetilskotet og skatteinntektene. I tillegg kjem foreldrebetalinga, som utgjer om lag 15 pst. av finansieringa. Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagen blir driven i samsvar med gjeldande lover og regelverk, jf. barnehagelova § 7. Kommunen som barnehagemyndigheit skal gi rettleiing og sjå til at barnehagane blir drivne i samsvar med regelverket, jf. barnehagelova § 8. Statsforvaltaren kan føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og med einskildbarnehagar i særskilde tilfelle. Frå 1. januar 2022 tek departementet sikte på at ansvaret for økonomisk tilsyn med private barnehagar vert overført frå kommunane til Utdanningsdirektoratet.

Når det gjeld statistikk og informasjon om ressursbruken i barnehagesektoren, er det å finne i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren. Sjå òg omtale i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Covid-19-pandemien har sett sitt preg på situasjonen i barnehagane, og sjølv om dei tilsette har gjort ein stor innsats for å gi eit så godt tilbod som mogleg, har situasjonen hatt negative konsekvensar – særleg for sårbare barn. Sjå nærmare omtale i del III, kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren.

Hovudprioriteringar for 2022

Regjeringa foreslår at 100 mill. kroner av veksten i frie inntekter til kommunane blir grunngitt med å legge til rette for fleire barnehagelærarar i grunnbemanninga, og at dette må sjåast i lys av ambisjonen om at 50 pst. av dei tilsette i barnehagen skal vere barnehagelærarar innan 2025. Departementet foreslår også å løyve 20 mill. kroner til auka pedagogtettleik i levekårsutsette område.

Departementet foreslår å bruke 450 mill. kroner i 2022 til tiltak for å fremje kvaliteten og kompetansen i barnehagane. Midlane vil mellom anna bli nytta til å følge opp tiltak i den nye strategien for kvalitet i barnehagane mot 2030. Om lag 200 mill. kroner av dette vil gå til den regionale ordninga for kompetansetiltak. I tillegg foreslår departementet å løyve totalt 100 mill. kroner over programkategori 07.20 til kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

Departementet foreslår å løyve 8,7 mill. kroner i 2022 til å opprette 150 fleire vidareutdanningsplassar for barnehagelærarar, hovudsakleg i spesialpedagogikk.

Departementet foreslår samla sett å løyve 240 mill. kroner i 2022 til tiltak for å støtte barn og unge som følge av konsekvensar av covid-19-pandemien i skule og barnehage. Midlane kan mellom anna brukast til tiltak for å støtte den faglege og sosiale utviklinga til barn og unge og til betre oppfølging av sårbare barn. Dei områda som har hatt høgast smittetrykk, skal få meir enn område som har hatt lågare smittetrykk. Sjå nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Departementet foreslår å vidareføre det nasjonale minstekravet til foreldrebetaling, som inneber at ingen skal betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass. Maksimalprisen vil vere 3 315 kroner per månad frå 1. januar 2022, slik at alle familiar med inntekt under 607 750 kroner vil ha rett til reduksjon i foreldrebetalinga.

Departementet foreslår å vidareføre ordninga med 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke for barn i alderen 2–5 år i familiar med låg inntekt. Inntektsgrensa for ordninga vil vere 598 825 kroner frå 1. august 2022.

Det nasjonale økonomiske tilsynet med private barnehagar er under etablering, og departementet tek sikte på at ansvaret for økonomisk tilsyn med private barnehagar blir overført frå kommunane til Utdanningsdirektoratet frå 1. januar 2022. Departementet foreslår å styrke løyvinga slik at det totalt blir løyvd 30 mill. kroner til tilsynet i 2022.

Alle har eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø

Utviklingstrekk og utfordringar

Ein del barnehagar har lågare kvalitet enn forventa

Den nordiske barnehagemodellen kombinerer omsorg, leik og læring i ein pedagogisk heilskap og har eit godt omdømme internasjonalt. Den noverande forskrifta om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen tok til å gjelde 1. august 2017. Rammeplanen legg vekt på at barnehagen skal bidra til at barna får ein god barndom prega av trivsel, omsorg og leik, samtidig som personalet skal fremje læring og danning.

Utdanningsdirektoratet har starta evalueringa av korleis rammeplanen blir praktisert, fortolka, operasjonalisert og erfart på ulike nivå i sektoren. Forskingsinstituttet NORCE skal gjennomføre evalueringa i perioden 2018–23. Dei to første rapportane kom i januar og april 2021. Dei viser mellom anna at rammeplanen er breitt forankra i sektoren, og at planen er eit tydlegare verktøy for styring enn tidlegare. Samtidig peikar nokre kommunar på at det framleis er vanskeleg å føre tilsyn med om barnehagane følger rammeplanen. Det varierer kor mykje dei tilsette bruker rammeplanen i det daglege arbeidet, men barnehagane meiner dei har kompetanse til å arbeide med planen. Funn viser òg at samisk innhald er tydlegare i den nye rammeplanen, men at det er stor variasjon i korleis norske barnehagar arbeider med samisk innhald. Dei samiske barnehagane og barnehagane med samiske avdelingar slit med å rekruttere personale med samisk språkkompetanse.

Det er framleis store forskjellar mellom barnehagar når det gjeld kvaliteten på tilbodet. Det viser mellom anna undersøkingar som Gode barnehager i Norge (GoBaN), Språk og læringsstudien (SOL), Stavangerprosjektet, Agderprosjektet og rapporten Inkluderende fellesskap for barn og unge frå Nordahl-gruppa. Låg kvalitet på tilbodet i barnehagen går særleg ut over dei barna som har størst behov for støtte. Ekspertgruppa som evaluerte barnehagelærarrolla, og ein rapport frå Trøndelag Forsking og Utvikling peikar på mangel på medvit og systematikk i det pedagogiske arbeidet i norske barnehagar. Foreldreundersøkingar viser at barnehagane får godt skotsmål frå dei fleste foreldra, men eit lite mindretal er ikkje nøgde med tilbodet. Tal frå foreldreundersøkinga i barnehagen 2020 viste at 97 pst. av foreldra svarte at dei var svært eller ganske nøgde med trivselen til barna og tryggleiken i barnehagen. Éin pst. svarte at barna deira ikkje trivst i barnehagen.

Strategiar og tiltak

Barnehagane skal få støtte til det faglege arbeidet sitt

Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er eit viktig styringsgrunnlag som skal sikre høg kvalitet og at barna får det tilbodet dei har rett på. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å støtte barnehagane i å utvikle praksisen sin i samsvar med rammeplanen, og det er utvikla rettleiings- og støttemateriell som barnehagane fritt kan bruke.

Eit treårig pilotprosjekt for ekstern rettleiing av barnehageeigarar i utvalde fylke skal gå i perioden 2021–23, og departementet foreslår å løyve 5 mill. kroner til dette i 2022. Målet er å styrke kompetansen hos eigarane når det gjeld arbeidet med kvalitetsutvikling i barnehagane, og få kunnskap om korleis eit eventuelt fast tilbod om rettleiing kan innrettast. Utdanningsdirektoratet samarbeider med statsforvaltarane, og prosjektet blir sett i samanheng med rettleiingstilbodet til skuleeigarar gjennom oppfølgingsordninga for kommunar som over tid har svake resultat på sentrale område i opplæringa.

Ny strategi for barnehagekvalitet 2021–2030

Regjeringa har lagt fram strategien Barnehager mot 2030 – Strategi for barnehagekvalitet 2021–2030. Hovudmålet for strategien er at alle barn skal få eit godt barnehagetilbod, uavhengig av kvar dei bur, og kva for barnehage dei går i. Strategien uttrykker regjeringas ambisjonar for barnehagesektoren, og fremjar ei rekke ulike tiltak. Innan 2025 er målet at 50 pst. av dei tilsette i grunnbemanninga skal vere barnehagelærarar. Fram mot 2030 skal prosentdelen barnehagelærarar, styrarar med mastergrad og barne- og ungdomsarbeidarar auke. For andre tilsette skal det vere planar for korleis dei skal opparbeide seg formell relevant kompetanse. Det skal òg vere mogleg for alle tilsette å delta i etter- og vidareutdanning.

Strategien vektlegg behovet for kontinuerleg kvalitetsutvikling i barnehagane, og regjeringa vil vidareutvikle støtta til det arbeidet barnehagane gjer med dette. Regjeringa vil òg etablere eit nasjonalt forum for barnehagekvalitet med deltaking frå sentrale aktørar i sektoren for å følge opp strategien.

Lovendringar som skal betre kvaliteten i barnehagane

1. januar 2021 tredde det i verk endringar i barnehagelova for at barn i barnehage skal ha eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Lovføresegnene inneber at alle barnehagar har plikt, også kalla aktivitetsplikt, til å sikre at alle barnehagebarn har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Barnehagane skal også ha nulltoleranse overfor mobbing, utestenging, trakassering, diskriminering, vald og andre typar krenkingar. Personalet skal arbeide systematisk for eit trygt og godt barnehagemiljø som fremjar helse, trivsel leik og læring for alle barn, og som skal førebygge tilfelle der barn ikkje opplever at dei har dette.

1. januar 2021 tredde det i kraft krav om internkontroll som omfattar heile barnehagelova med forskrifter, inkludert rammeplanen. Internkontrollen skal vere systematisk og tilpassa barnehagens storleik, eigenart, aktivitetar og risikoforhold.

Barn som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt

Utviklingstrekk og utfordringar

Tilbodet til barn under opplæringspliktig alder med behov for særskild tilrettelegging er for dårleg

Barnehagen er ein frivillig del av utdanningsløpet og ein viktig arena for arbeidet med tidleg innsats og inkluderande fellesskap. Barn under opplæringspliktig alder med særleg behov for spesialpedagogisk hjelp har rett til slik hjelp etter § 31 i barnehagelova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage. Kommunen skal oppfylle retten, og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) er sakkunnig instans som vurderer behovet. I 2020 fekk 3,4 pst. av barn i barnehage spesialpedagogisk hjelp. Meir statistikk finst i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO viser mellom anna til Nordahl-rapporten frå 2018 om at det pedagogiske tilbodet til barn og unge med behov for særskild tilrettelegging ikkje er godt nok, og at det er mange som ikkje får den hjelpa dei treng. Meldinga inneheld ei rekke tiltak som regjeringa følger opp i ulike prosessar. Sjå omtale nedanfor under «Strategiar og tiltak» og også i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Barnehagen har ei utfordring i å gi minoritetsspråklege barn eit godt norskspråkleg grunnlag før skulestart

I 2020 gjekk 85,3 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år i barnehage, mot 94,7 pst. av andre barn. For dei eldste barna er det mindre forskjell, 95,1 pst. av minoritetsspråklege 5-åringar gjekk i barnehage, mot 98,8 pst. av andre 5-åringar. Forskjellen er større dess yngre barna er, men dei siste åra har ein større del av dei yngste minoritetsspråklege barna begynt i barnehage. Deltakinga til 1-åringane har gått opp frå 40 pst. i 2015 til 54,4 pst. i 2020. Meir statistikk finst i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

I strategien Integrering gjennom kunnskap for perioden 2019–22 peikar departementet på utfordringa ved at ein del minoritetsspråklege barn ikkje kan godt nok norsk når dei begynner på skulen.

Utsette barn treng ein barnehage som samarbeider godt med andre offentlege tenester

I Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO er det godt dokumentert at tverrfagleg samarbeid ofte fungerer for dårleg og er ei utfordring. Manglande samarbeid kan føre til at viktig og nødvendig informasjon ikkje kjem fram til dei som treng han, og at barn ikkje får den hjelpa dei har behov for i tide, eller ikkje i det heile teke. Det er òg stor variasjon mellom kommunar i korleis dei organiserer tverrfagleg samarbeid mellom tenestene.

Barnehagen står i ei særstilling som gjer at dei tidleg kan oppdage barn som er utsette for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Alle tilsette har plikt til å melde frå til barnevernet om bekymring for eit barn. Talet på melde saker frå barnehagen til barnevernet for barn i alderen 1–5 år utgjorde i 2020 rundt 2 600 saker, noko som utgjer 14 pst. av alle meldingar for barn i denne aldersgruppa. Koronakommisjonen som blei nedsett for å gå gjennom og trekke lærdom av covid-19-utbrotet i Noreg, seier følgande i NOU 2021: 6 Myndighetenes håndtering av koronapandemien:

Da barnehagene og skolene ble stengt, mistet barnevernet noen av sine viktigste «øyne og ører». […] Å gå glipp av disse informasjonskildene svekker barnevernets evne til å fange opp barn som har behov for hjelp. Det kom betydelig færre bekymringsmeldinger enn normalt til barnevernet i løpet av våren 2020 […]. Antallet bekymringsmeldinger fra privatpersoner økte, mens antallet bekymringsmeldinger fra lærere, barnehager og skolehelsetjeneste sank betydelig.

Sjå meir omtale av situasjonen for utsette barn i del III, kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å støtte barn med behov for særskild tilrettelegging

Oppfølging av Tett på-meldinga

Departementet er i gang med å følge opp tiltaka i Tett på-meldinga, mellom anna kompetanseløftet i spesialpedagogikk, regelverksendringar, forsking og betre samarbeid mellom tenester. Sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa og omtale av løyvingsforslag under kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, post 21 Særskilde driftsutgifter.

Betre samarbeid mellom tenestene for barn og unge

Våren 2021 blei det vedteke eit viktig tiltak for å betre det tverrfaglege samarbeidet mellom tenestene for utsette barn og unge: Stortinget vedtok endringar i alle velferdstenestelovene, jf. Innst. 58 L (2020–2021) og Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator). Endringane omfattar mellom anna innføring av ei samordningsplikt for kommunen ved yting av velferdstenester og innføring av ein rett til barnekoordinator for familiar som har, eller venter, barn med alvorleg sjukdom eller nedsett funksjonsevne.

Tiltak for å støtte minoritetsspråklege barn i barnehage

Tidleg innsats i utdanningsløpet for barn og unge med innvandrarbakgrunn er eit av satsingsområda i regjeringas integreringsstrategi, Integrering gjennom kunnskap, for perioden 2019–22. Det er eit mål å gi barn og unge med innvandrarbakgrunn gode norskkunnskapar, grunnleggande ferdigheiter og fagleg kompetanse gjennom likeverdige utdanningsløp frå barnehage til og med vidaregåande opplæring. Sjå meir omtale under programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Alle barnehagar som har minoritetsspråklege barn, skal i samsvar med rammeplanen støtte barna i å bruke morsmålet sitt, samtidig som barnehagen aktivt skal fremje og utvikle barnas norskspråklege kompetanse. Det øyremerkte tilskotet over kap. 231, post 63 skal støtte opp om tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn.

Forslag om å gjere endringar i barnehagelova og innføre ei plikt til å vurdere barns norskkunnskapar før skulestart blei sendt på høyring 26. november 2020. Formålet var å identifisere barn som har behov for oppfølging, slik at barnet kunne få den hjelpa det treng til å utvikle norskkunnskapane sine før skulestart. Forslaget om å innføre ei plikt til å vurdere barns norskkunnskapar møtte mykje motstand i høyringa, og Kunnskapsdepartementet vil sjå nærmare på korleis saka skal følgast opp vidare.

Tiltak for betre tverrfagleg samarbeid til beste for utsette barn

Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) hadde sitt siste år i 2021. Dei fleste tiltaka på barnehageområdet i proposisjonen gjeld betre kompetanse for personalet. Det er utvikla fleire digitale verktøy som barnehagane kan bruke for å heve kompetansen, som «Snakke sammen» og «Jeg vet». Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har våren 2021 i samarbeid med Utdanningsdirektoratet revidert ein rettleiar frå 2003 for handtering av mistanke om at tilsette har utsett barn for vald eller seksuelle overgrep. Barne- og familiedepartementet leverer ei samla rapportering til Stortinget for alle tiltaka i opptrappingsplanen.

I behandlinga av Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 blei det løyvd 5 mill. kroner til vidareføring av tiltaket Barnas verneombod, jf. Innst. 600 S (2020–2021). Midlane går til eit kursopplegg utarbeidd i samarbeid mellom Private Barnehagers Landsforbund (PBL) og Stine Sofies Stiftelse. Målet er at dei tilsette i barnehagane skal bli betre i stand til å identifisere når eit barn er utsett for vald eller overgrep, og handle på bakgrunn av den kunnskapen. PBL publiserte i mai 2021 ei evaluering frå konsulentselskapet PWC som viser at då kursopplegget var blitt pilotert i 280 barnehagar, sa dei tilsette at evna deira til å avdekke og følge opp bekymring var blitt styrkt.

Når det gjeld omtale av 0–24-samarbeidet, som har som mål å styrke oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år, sjå programkategori 07.20 og kap. 226, post 64.

Gjennom områdesatsingane i byområde med samansette levekårsutfordringar bidreg departementet med støtte til barnehagar innanfor delprogrammet Oppvekst og utdanning, jf. omtale i programkategori 07.90 Integrering og mangfald og Prop. 1 S (2021–2022) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa la i oktober 2020 fram strategien Like muligheter i oppveksten. Regjeringens samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023),jf. Prop. 1 S (2020–2021) for Barne- og familiedepartementet. Strategien omfattar tiltak som gjeld reduksjon av økonomiske hindringar for å gå i barnehage og styrking av barnehagetilbodet for å sikre eit godt tilbod til alle barn.

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Skjerpinga av pedagognorma har ført til fleire barnehagelærarar, men det er framleis ei utfordring å oppfylle norma

Departementet har fastsett ei skjerpa pedagognorm i forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar som inneber at barnehagen skal ha minst éin pedagogisk leiar per 7 barn under 3 år og éin pedagogisk leiar per 14 barn over 3 år. Den skjerpa pedagognorma tok til å gjelde frå 1. august 2018.

Per desember 2020 var den skjerpa pedagognorma oppfylt i 69 pst. av alle ordinære barnehagar utan bruk av dispensasjon. Det manglar litt over 2 500 årsverk for å oppfylle pedagognorma i alle barnehagar utan bruk av dispensasjon. Dette er ein reduksjon frå 3 100 årsverk i 2019 og 4 200 årsverk i 2018. Dette viser at sjølv om skjerpinga av norma har vore ei utfordring for barnehagane, så skjer det årleg store forbetringar, og det blir stadig fleire barnehagelærarar. Departementet forventar at fleire barnehagar vil oppfylle norma i åra som kjem. Sjå meir statistikk i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Barnehagane kan søke om mellombels dispensasjon frå pedagognorma for inntil eitt år om gongen dersom særlege omsyn tilseier det, jf. forskrifta om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar § 2. Eit slikt særleg omsyn kan vere om oppfyllinga av den skjerpa pedagognorma er kritisk for den vidare drifta.

Framleis ei utfordring at ein del av grunnbemanninga manglar barnehagefagleg kompetanse

Gjennom innføringa av ei bemanningsnorm i 2018, som 99 pst. av barnehagane oppfylte i 2020, har barnehagane fått færre barn per vaksen og dermed høve til å gi betre omsorg til det einskilde barnet.

Grunnbemanninga i barnehagen består av pedagogiske leiarar, andre pedagogar, fagarbeidarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget og assistentar. 36 pst. av alle dei tilsette er utan barnehagefagleg kompetanse, i kommunale barnehagar er delen 30 pst. og i private barnehagar er delen 41 pst. Sjå meir statistikk i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Noreg treng fleire kvalifiserte lærarar i barnehagane. Mange stader i landet er det utfordringar med å rekruttere søkarar til barnehagelærarutdanninga. Kompetansen til personalet er avgjerande for kvaliteten på tilbodet, og det er ei utfordring at det framleis er ein stor del av dei tilsette som manglar barnehagefagleg kompetanse. Forskinga er tydeleg på at det pedagogiske arbeidet har innverknad på kvaliteten på barnehagetilbodet.

Utfordringar ved nokre delar av barnehagelærarutdanninga

Rapportar frå følgegruppa for barnehagelærarutdanninga (BLU) og ekspertgruppa for barnehagelærarrolla peikar på fleire vedvarande utfordringar i utdanninga, til dømes kva plass og rolle pedagogikken har i BLU, og korleis innføringa av tverrfaglege kunnskapsområde har fungert.

Strategiar og tiltak

Auka pedagogtettleik og tiltak for å rekruttere fleire barnehagelærarar

Regjeringa foreslår at 100 mill. kroner av veksten i frie inntekter til kommunane blir grunngitt med å legge til rette for fleire barnehagelærarar i grunnbemanninga, og at dette må sjåast i lys av ambisjonen om at 50 pst. av dei tilsette i barnehagen skal vere barnehagelærarar innan 2025. Departementet foreslår at det i tillegg blir løyvd 20 mill. kroner til auka pedagogtettleik i levekårsutsette område. Formålet er å kunne ha ein spissa innsats og raskare opptrapping til 50 pst. barnehagelærarar i desse områda. Tiltaka vil følge opp regjeringas strategi Barnehager mot 2030 – Strategi for barnehagekvalitet 2021–2030. Sjå nærare omtale av strategien under «Alle har eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø».

For å nå målet om 50 pst. barnehagelærarar innan 2025 vil regjeringa også vidareføre fleire tiltak for å rekruttere barnehagelærarar. Eit viktig tiltak er arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU), som er eit tilbod til fagarbeidarar og erfarne assistentar om å ta barnehagelærarutdanninga på deltid parallelt med jobb i barnehagen. Deltakarundersøkingar gir positiv støtte til ABLU.

Personar med anna pedagogisk utdanning kan få tilbod om tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB) for å bli godkjende som barnehagelærarar.

Ein del av kompetansemidlane på barnehageområdet er såkalla tilretteleggingsmidlar for lokal prioritering. Statsforvaltaren tildeler midlane til barnehageeigarar for å legge til rette for at dei tilsette i barnehagane kan delta på kompetansehevingstiltak. Mange av eigarane prioriterer midlar til ABLU. Eigarane kan også få tilretteleggingsmidlar for deltakarar på TIB og for vidareutdanningstilbod til barnehagelærarar som Utdanningsdirektoratet har sett i gang.

Regjeringa har finansiert eit nasjonalt rekrutteringsprosjekt ved Høgskulen på Vestlandet sidan 2019. Prosjektet er retta mot rekruttering av studentar til heile breidda av lærarutdanningane, men rekruttering av menn og personar med innvandrarbakgrunn til barnehagelærarutdanning og lærarutdanning for dei yngste elevane i skulen skal ha særleg merksemd. Sjå omtale under kap. 226, post 21 og 22.

Regjeringa ønsker at alle nyutdanna nytilsette barnehagelærarar skal få god støtte og rettleiing, slik at dei blir trygge, får nytta kompetansen sin og blir verande i yrket. I samarbeid med organisasjonar for barnehage, skule og høgare utdanning følger departementet opp dei nasjonale rammene for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehagen og skulen. Sluttrapporten for evalueringa til Rambøll var ferdig våren 2021 og viser ein auke i prosentdelen nyutdanna barnehagelærarar som får rettleiing. Evalueringa vil bli følgd opp i det vidare arbeidet med rettleiing av nyutdanna, nytilsette lærarar. Sjå også omtale under kap. 226, post 21, 22 og 61 og kap. 260, post 50.

Tiltak for å styrke kompetansen i heile personalgruppa

For å følge opp målet i strategien Barnehagen mot 2030 om auka kompetanse for alle tilsette i barnehagen, vidarefører regjeringa tiltaka i Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022, som er retta mot alle grupper tilsette. Strategien set også mål om at prosentdelen barnehagelærarar, styrarar med mastergradskompetanse og barne- og ungdomsarbeidarar aukar i åra fram mot 2030.

Som ein del av lærarløftet for barnehagelærarar, lærarar og skuleleiarar, foreslår departementet å løyve 50 mill. kroner i 2022 til mellom anna å opprette 150 fleire vidareutdanningsplassar for barnehagelærarar, hovudsakleg i spesialpedagogikk. Sjå nærare omtale under kap. 226, post 22 og kap. 231, post 21.

Det er eit mål at alle nytilsette i barnehagane utan relevant formell kompetanse skal få eit tilbod som gir dei barnehagefagleg grunnkompetanse. Utdanningsdirektoratet vil utarbeide nasjonale rammer for barnehagefagleg grunnkompetanse, og OsloMet har levert eit kunnskapsgrunnlag som utgangspunkt for arbeidet. Direktoratet har i september 2021 lyst ut oppdrag for å få utvikla innhald i tilbodet og ei læringsplattform, noko som vil resultere i eit lågterskeltilbod for nytilsette som treng barnehagefagleg grunnkompetanse.

Gjennom den regionale ordninga for kompetanseutvikling, som er omtala i strategien, skal dei statlege kompetansemidlane nyttast på ein måte som er tilpassa dei lokale behova. Midlane skal i hovudsak nyttast til barnehagebasert kompetanseutvikling der heile personalet saman arbeider med å utvikle den pedagogiske praksisen i den einskilde barnehagen. Frå 1. januar 2021 er det fastsett nye retningslinjer for tildeling av midlar til tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring. Sjå nærmare omtale under 07.20 Grunnopplæringa. Det kan bli aktuelt å tildele ekstra midlar til tilskotsordninga til lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring hausten 2022 dersom det er handlingsrom til det. Sjå meir informasjon om midlane i omtalen av kap. 231, post 21.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal vurdere og foreslå ulike modellar for etter- og vidareutdanning for alle tilsette i barnehage og grunnopplæring, jf. omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Utvalet skal etter planen legge fram ei utgreiing hausten 2022.

Tiltak for å styrke kvaliteten på barnehagelærarutdanninga

Kunnskapsdepartementet følger opp arbeidet med å styrke kvaliteten i barnehagelærarutdanninga og ser anbefalingane i rapportane frå følgegruppa for BLU i samanheng med tilrådingane i rapporten frå ekspertgruppa for barnehagelærarrolla. Hausten 2020 vart det sett ned ei ekstern gruppe som skal foreslå konkrete endringar i rammeplanen for BLU, jf. omtale i programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

I behandlinga av Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 blei det løyvd 5 mill. kroner for å auke forskingskompetansen i barnehagelærarutdanningsmiljøa. Midlane er tildelte Noregs forskingsråd. Departementet foreslår å vidareføre dette tiltaket med 5 mill. kroner som del av tildelinga til forskingsprogrammet FINNUT. Sjå omtale under kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag, post 21 Særskilde driftsutgifter.

Eit hovudgrep i strategien Lærerutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene er partnarskap mellom lærarutdanningane og barnehage- og skuleeigarar for å etablere lærarutdanningsbarnehagar og lærarutdanningsskular. I 2020 auka tildelinga til universitet og høgskular til partnarskapssamarbeid for å styrke praksis i lærarutdanningane, og ordninga blei utvida til å omfatte barnehagelærarutdanninga. I 2020 leverte Fagleg råd for lærarutdanning 2025 to rapportar som viste at dei aller fleste lærarutdanningsinstitusjonane har etablert partnarskap med skular og barnehagar, sjå omtale under kap. 275 Tiltak for høgare utdanning og forsking, post 21.

Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

Hindringar for bruk av barnehage

Barn som har innvandrarbakgrunn og/eller kjem frå ein familie med låg inntekt, går i mindre grad i barnehage enn andre barn, jf. omtale i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren. Regjeringa har gitt barnehagepolitikken ein tydelegare sosial profil gjennom fleire tiltak for å fjerne økonomiske hindringar for at barn får gå i barnehage. Det er ei utfordring at mange familiar i målgruppa ikkje bruker desse ordningane. Tidlegare rapportar har vist at hindera kan vere av både økonomisk, kulturell, ideologisk og praktisk art, eller ein kombinasjon av desse.

Rett til barnehageplass er avgjerande for mange barnefamiliar. Då retten til plass blei innført i 2009, hadde barn som fylte eitt år innan utgangen av august, rett til plass frå august. Barn fødde seinare på året hadde rett til plass i august året etter dei hadde fylt eitt år. I 2016 og 2017 blei retten utvida slik at barn fødde i september, oktober og november fekk rett til plass den månaden dei fyller eitt år. Undersøkinga Spørsmål til Barnehage-Norge 2020 viser at det er ein tendens til barna som er fødde i haustmånadene, begynner i barnehage den hausten dei fyller eitt år. Det kan sjå ut til at utvidinga i rett til plass har ført til noko høgare barnehagedeltaking for 1-åringar, men dette var ein trend også i åra før utvida rett til plass blei innført. Det ser òg ut til at utvida rett til plass fører til at nokre fleire barn begynner i barnehage før dei fyller eitt år, men her er det store variasjonar. Barn fødde i månadene desember–juli har framleis rett til barnehageplass først frå august etter at dei har fylt eitt år. Dette betyr at foreldra til desse barna i nokre tilfelle må vente i opptil 20 månader før dei får plass. Barn i familiar som søker asyl, har ikkje rett til barnehageplass før dei har fått opphald og blitt busette i ein kommune.

Regelverket for private barnehagar er ikkje tilpassa utviklinga i sektoren

Reguleringa av private barnehagar har vore tilpassa ein periode då utbygginga av barnehagesektoren hadde høg prioritet, dette for å sikre alle barn rett til barnehageplass. Departementet har utarbeidd eit omfattande kunnskapsgrunnlag for å gjere regelverket meir tilpassa dagens situasjon. Velferdstenesteutvalet, jf. NOU 2020: 13 Private aktører i velferdsstaten, og det hurtigarbeidande partssamansette utvalet leia av statsforvaltar i Innlandet Knut Storberget har også greidd ut desse problemstillingane vidare.

Samla viser rapportane at utviklinga i barnehagesektoren har gitt nokre utfordringar som dagens regelverk ikkje tek høgde for:

  • Det har vore oppkjøp av små barnehagar.

  • Det er ei utvikling mot store barnehagekonsern.

  • Det er store forskjellar i driftsmarginar mellom private barnehagar.

  • Rekneskapskrava er utdaterte.

  • Det er krevjande for kommunane å føre tilsyn.

Strategiar og tiltak

Redusert foreldrebetaling, moderasjonsordningar og rett til plass – tiltak for å redusere hindringar for bruken av barnehage

Departementet foreslår at maksimalprisen for eit ordinært heiltidstilbod i 2022 blir fastsett til 3 315 kroner per månad og 36 465 kroner per år frå 1. januar 2022, jf. forslag til vedtak X nr. 1.

Departementet foreslår å vidareføre det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling som gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense. Det betyr at alle husstandar med ei samla skattbar inntekt på under 607 750 kroner vil ha rett til reduksjon i foreldrebetalinga frå 1. januar 2022.

I 2015 blei det innført ei nasjonal ordning med gratis kjernetid 20 timar per veke frå familiar med låg inntekt. Ordninga gjaldt først 4- og 5-åringar, men blei frå 2016 utvida til å gjelde 3-åringar. Frå hausten 2019 blei ordninga ytterlegare utvida, og gjeld no barn i alderen 2-5 år. Figur 4.4 viser prosentdelen barn med rett til gratis kjernetid blant alle barn i alderen 1-5 år og prosentdelen barn i barnehage som har fått innvilga dette for 2015–2020. Departementet meiner at det er gledeleg at fleire familiar har fått redusert dei økonomiske hindringane for å bruke barnehage, men at det framleis er ei utfordring at ikkje alle dei med rett får brukt ordninga.

Figur 4.4 Utviklinga i retten til og bruken av gratis kjernetid i barnehage, 2015–20

Figur 4.4 Utviklinga i retten til og bruken av gratis kjernetid i barnehage, 2015–20

1. Talet på barn som har rett til kjernetid i 2020 er overslag.

2. Talet barn som fekk innvilga gratis kjernetid omfattar også barn som har fått innvilga kjernetid etter lokale ordningar som går utover dei nasjonale minstekrava.

Kjelde: Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet, Statistisk sentralbyrå

Departementet foreslår å vidareføre den nasjonale ordninga med gratis kjernetid 20 timar per veke for barn i alderen 2–5 år frå familiar med låg inntekt, slik at inntektsgrensa blir sett til 598 825 kroner frå 1. august 2022, jf. forslag til vedtak X nr. 2.

Moderasjonsordningane gir hushalda som har rett på moderasjon, lågare utgifter til barnehage samanlikna med dei som ikkje har rett på moderasjon. Ordningane stimulerer dermed til auka barnehagebruk og bidreg til å betre den økonomiske situasjonen til familiane. Sjå meir statistikk om bruk av moderasjonsordningane i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Departementet gjorde endringar i forskrifta om foreldrebetaling i barnehage våren 2020 slik at kommunane kan hente opplysningar om familieinntekta direkte frå skattemyndigheitene. Dermed er det blitt enklare for foreldre med låg inntekt å få tilgang til moderasjonsordningane. I tillegg er risikoen redusert for at barna skal falle ut av ordningar dei har rett til. Det er gjort mykje for å støtte kommunane i arbeidet med å informere familiar med låg inntekt og/eller innvandrarbakgrunn om barnehagetilbodet og moderasjonsordningane, både ei styrking av rammetilskotet til kommunane på 10 mill. kroner i 2016 og opprettinga av eit øyremerkt tilskot i 2018, jf. kap. 231, post 66. Utdanningsdirektoratet tilbyr både råd til kommunane og faktaark på fleire språk på nettsidene sine.

Barn i asylmottak har ikkje rett til barnehageplass, men det er lagt økonomisk til rette for at dei kan få eit tilbod. 4- og 5-åringar har hatt høve til heiltidsplass sidan 2011, og 1-, 2- og 3-åringane fekk høve til heiltidsplass i 2020. Regjeringa ser på deltaking i barnehage som eit viktig tiltak i det målretta arbeidet mot fattigdom og for ein effektiv integreringspolitikk og for å førebygge utanforskap. Departementet vil vurdere korleis tiltaket i regjeringsplattforma om å gi rett til barnehageplass for alle barn i mottak skal følgast opp.

Tiltak for betre tilpassing av regelverket for private barnehagar

I arbeidet med å tilpasse regelverket for dei private barnehagane betre til dagens situasjon hadde departementet ei rekke forslag til endringar i barnehagelova på høyring våren 2019. 5. juli 2021 sende departementet på offentleg høyring eit forslag om å innføre krav om rekneskapsskilje for private barnehagar som driv fleire barnehagar i same verksemd eller konsern. Høyringa inneheld også forslag om forbod mot å drive eller eige anna verksemd i same rettssubjekt som barnehage og ein ny heimel for å regulere overskottslikviditeten til private barnehagar. Høyringa er ei oppfølging av forslaget frå 2019 der regjeringa foreslo at alle private barnehagar skal vere sjølvstendige rettssubjekt. Fleirtalet av høyringsinstansane støtta forslaget, men somme av dei største eigarane var imot. Dei hevda at forslaget var kostbart for barnehagane, og at det greip for mykje inn i organisasjonsfridommen til private eigarar. Forslaget som no ligg føre, er meir fleksibelt enn krav om at barnehagane er sjølvstendige rettssubjekt, fordi reguleringa berre inneheld krav om rekneskapspostar som er nødvendige for å føre eit godt og effektivt økonomitilsyn.

Våren 2021 sette departementet ned eit hurtigarbeidande partssamansett utval som skulle vurdere fordelar og ulemper med dagens finansieringssystem for private barnehagar. Utvalet kunne òg kome med forslag til endringar i finansieringssystemet. Utvalet bestod av KS, Fagforbundet, Utdanningsforbundet, Private Barnehagers Landsforbund (PBL) og Virke, og vart leia av statsforvaltar i Innlandet Knut Storberget. Utvalet leverte rapporten Du er henta! Finansiering av private barnehager 16. juni 2021. Både høyringsnotatet om rekneskapsskilje og Storberget-rapporten har vore på offentleg høyring med høyringsfrist 1. oktober 2021. Velferdstenesteutvalet har i NOU 2020: 13 Private aktører i velferdsstaten også forslag til endringar i finansiering av private barnehagar, forslaga har vore på offentleg høyring. Sjå nærare omtale av innhaldet i Storberget-rapporten under oppmodningsvedtak nr. 156, 3. desember 2020 i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodningsvedtak.

Endringar som gjeld økonomisk tilsyn og pensjonstilskot er omtalte nedanfor. Når det gjeld endringar i andre delar av finansieringssystemet, krav til organiseringa av barnehagen, rekneskapskrav og meldeplikt til kommunen ved sal av private barnehagar, ønsker departementet å vurdere rekneskapsskilje og forslaga og høyringsinnspela frå Storberget-utvalet og velferdstenesteutvalet nærare. Departementet vil kome tilbake til Stortinget med forslag til endringar i regelverket på desse områda.

Når det gjeld omtale av oppmodingsvedtak om regelverk og finansiering av private barnehagar, sjå vedtak nr. 156, 3. desember 2020, nr. 51, 22. november 2018, nr. 461, 13. februar 2018 og nr. 802, 31. mai 2018 i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Nytt nasjonalt økonomisk tilsyn for private barnehagar

Departementet har følgt opp vedtaka om å innføre eit nasjonalt økonomisk tilsyn og ei tydeleggjering av krava til bruken av offentlege tilskot og foreldrebetaling i Prop. 96 L (2019–2020) Endringer i folkehøyskoleloven, barnehageloven og voksenopplæringsloven m.m. (samleproposisjon), jf. Innst. 302 L (2019–2020). Utdanningsdirektoratet vil få ansvar for å føre kontroll og tilsyn med at offentlege tilskot og foreldrebetaling blir nytta i tråd med krava og tilhøyrande reguleringar. Det vil samtidig bli innført tilhøyrande reguleringar som sikrar direktoratet nødvendig dokumentasjon i samband med tilsyn, og reguleringar om kva for reaksjonar direktoratet kan bruke.

Departementet tek sikte på at ansvaret for økonomisk tilsyn med private barnehagar vert overført frå kommunane til Utdanningsdirektoratet frå 1. januar 2022. Det har vore løyvd midlar til etableringa av tilsynet i 2020 og 2021, og departementet foreslår å styrke løyvinga slik at det totalt blir løyvd 30 mill. kroner til tilsynet i 2022.

Ansvarsfordelinga inneber at kommunen framleis vil vere tilsynsmyndigheit for andre reguleringar enn det økonomiske tilsynet i barnehagelova og forskrifter. Kvalitet og innhald i barnehagetilbodet er ei oppgåve som krev innsikt i lokale forhold og prioriteringar. Slike tilsyn vil i større grad basere seg på stadlege tilsyn og kjennskap til den aktuelle barnehagen det blir ført tilsyn med. Tilsyn av kvalitet og innhald kan derfor best utførast av den einskilde kommunen.

Endringar i pensjonstilskot til private barnehagar

Tilskotet til pensjon i private barnehagar er i dag på 13 pst. av lønnsutgiftene i dei kommunale barnehagane. Dette overstig dei faktiske pensjonsutgiftene i mange private barnehagar. Departementet meiner at private barnehagar ikkje bør få meir i tilskot til pensjon enn det dei faktisk bruker på pensjon til dei tilsette. Departementet sende derfor i april 2019 eit forslag på høyring om å setje ned pensjonspåslaget. Fleirtalet av høyringsinstansane meiner at pensjonstilskotet bør justerast ned, slik at det i større grad samsvarer med pensjonsutgiftene i private barnehagar. Departementet foreslår at tilskotet til pensjon i private barnehagar blir redusert frå 13 pst. til 11 pst. frå 1. januar 2022. Departementet viser også til at fleirtalet i Storberget-utvalet tilrår å justere ned pensjonspåslaget til 11 pst. i 2022.

Departementet foreslår vidare å utvide dagens søknadsordning for private barnehagar med høge pensjonsutgifter. Dette inneber at barnehagar som inngjekk pensjonsavtale før 1. januar 2019, etter søknad har krav på å få dekt pensjonsutgiftene sine med kommunens pensjonsutgifter som øvre grense.

For å gi barnehagar med mindre økonomisk handlingsrom noko betre tid til å tilpasse seg inntektsbortfallet, foreslår departementet at det blir oppretta ei ny overgangsordning for einskildståande barnehagar. Overgangsordninga inneber at pensjonspåslaget for barnehagar som ikkje tilhøyrer ei kjede, blir justert gradvis ned fram til 2024. Departementet foreslår at pensjonspåslaget for einskildståande barnehagar held fram på 13 pst. i 2022, og blir justert ned til 12 pst. i 2023. Departementet foreslår at overgangsordninga blir oppheva frå 2024, og at einskildståande barnehagar frå då av får same pensjonspåslag som andre private barnehagar: 11 pst.

Til saman inneber endringane i pensjonstilskot til private barnehagar ein reduksjon i rammetilskotet til kommunane på 207 mill. kroner i 2022.

Kap. 231 Barnehagar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

436 921

469 691

516 853

60

Tilskot til bemanningsnorm i barnehage

110 357

63

Tilskot til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage

144 549

144 549

144 549

66

Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn

17 341

17 342

17 342

70

Tilskot til symjing i barnehagane

56 767

72 233

72 233

Sum kap. 231

765 935

703 815

750 977

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Midlane på posten skal medverke til å heve kvaliteten på barnehagetilbodet, i både kommunale og private barnehagar. Midlane finansierer ei rekke kompetansetiltak for alle grupper tilsette. Vidare blir midlane nytta til andre kvalitetstiltak, tilretteleggingsmidlar til barnehageeigarar som har tilsette som deltek på studietilbod, auka kunnskapsgrunnlag om barnehagen og forvaltning av ulike tiltak.

Mål for 2022

Å auke kvaliteten på barnehagetilbodet og få meir kunnskap om barnehagen.

Resultat i 2020

Samla blei det nytta 436,9 mill. kroner over posten i 2020. Av dette gjekk 369,1 mill. kroner til kompetansetiltak for tilsette i barnehagane for å følge opp kompetansestrategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022.

Oppfølging av kompetansestrategien

Departementet legg til grunn at kompetansetiltak for alle grupper tilsette medverkar til høgare kvalitet på barnehagetilbodet, og at tiltaka er viktige verkemiddel i arbeidet med å utvikle praksisen i barnehagen i samsvar med rammeplanen. Tabell 4.16 gir ei oversikt over dei ulike kompetansetiltaka som er del av kompetansestrategien.

Tabell 4.16 Fordeling av midlar til oppfølging av kompetansestrategien for barnehagar i 2020

(i mill. kr)

Type kompetansetiltak

Tal på deltakarar

Beløp

Den regionale ordninga for kompetanseutvikling

193,4

Vidareutdanning for barnehagelærarar, tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk og rettleiarutdanning for praksislærarar, inkludert tilretteleggingsmidlar

1 004

97,5

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) – fire kull som går over fire skuleår – midlar til studieplassar

363

25,9

Leiarutdanning for barnehagestyrarar

370

27,8

Fagskuleutdanning i oppvekstfag – tre kull som går over to skuleår

470

20,0

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar. Tiltaket er samordna med skule – sjå omtale under kap. 226, post 21

4,0

Barnehagefagleg grunnkompetanse

0,5

Totalt

369,1

Den regionale ordninga for kompetanseutvikling

I 2020 blei det tildelt 193,4 mill. kroner til den regionale ordninga for kompetanseutvikling som statsforvaltarembeta har ansvaret for å administrere.

Om lag 70 pst. av midlane blei nytta til barnehagebaserte kompetansetiltak, noko som har gjort at om lag halvparten av alle barnehagane i Noreg har gjennomført barnehagebaserte kompetansetiltak i 2020. Dei fleste tiltaka har vore innanfor to av dei fire satsingsområda i kompetansestrategien:

  • Barnehagen som pedagogisk verksemd

  • Eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning

Dei resterande 30 pst. av midlane blei nytta til andre tiltak etter behov, som tilretteleggingsmidlar for lokal prioritering (1 182 deltakarar), fagbrev gjennom praksiskandidatordninga (90 deltakarar i fire fylke) og barnehagefagleg grunnkompetanse for assistentar utan kompetanse og erfaring frå barnehage, slik at dei får eit minimum av kunnskap om barns utvikling og behov (443 deltakarar i tre fylke).

Alle statsforvaltarembeta har prioritert tiltaket tilretteleggingsmidlar og i hovudsak tildelt midlar til barnehageeigarar med deltakarar på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) og andre deltidsutdanningar for å bli barnehagelærar.

Andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet

I 2020 blei det nytta 67,8 mill. kroner på posten til andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet, sjå nærare omtale i tabell 4.17.

Tabell 4.17 Fordeling av midlar til andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet i 2020

(i mill. kr)

Type tiltak

Kort om tiltaket

Beløp

Støtte til bruk av rammeplanen

Revidering og vidareutvikling av støtteressursar til barnehagane sitt arbeid med å utvikle praksis i samsvar med rammeplanen.

11,7

Inkluderande barnehagemiljø

Midlane inkluderer læringsmiljøprosjektet og samlingsbaserte nettbaserte tilbod. Dette er tiltak som skal førebygge mobbing og bidra til at alle barn blir inkluderte i fellesskapet.

10,5

Kunnskapsgrunnlaget

System for å følge med på og betre kvaliteten i barnehagesektoren, inkl. statistikkinnhenting, analysar og forsking. Omfattar mellom anna foreldreundersøkinga, ståstadsanalysen, kostnadsanalysen, forsking på covid-19 i barnehagane, evaluering av implementering av rammeplanen o.a.

9,8

Barnas verneombod

Midlane gjekk til eit kursopplegg utarbeidd i samarbeid mellom Private Barnehagers Landsforbund (PBL) og Stine Sofies Stiftelse. Målet er at dei tilsette i barnehagane skal bli betre i stand til å identifisere når eit barn er utsett for vald eller overgrep, og handle på bakgrunn av den kunnskapen.

5,0

Støtte til samiske formål

Midlane gjekk til statsforvaltarens arbeid med å støtte samiske barnehagar og samisk innhald i barnehagen.

1,0

Kvensk barnehagetilbod – oppfølging av planen for vidare innsats for kvensk språk i perioden 2017–21

Det er tildelt midlar til språkprosjekt i barnehagar for å gi kvenske/norskfinske barn moglegheit til å lære og utvikle det kvenske språket i tidleg alder. Formålet er å bidra til å bevare og styrke kvensk språk. Prosjekta har bidrege til at stadig fleire barn blir introduserte for det kvenske språket i tidleg alder, og det er ein auke i talet på barn som deltek, noko som er positivt for rekrutteringa av elevar som vil ta kvensk som fag i skulen.

0,8

Anna

Midlar til oppbygging av eining for tilsyn med private barnehagar, til statsforvaltarane for tilsyn, klagebehandling og utvikling i sektoren, rapportar knytte til regulering av private barnehagar o.a.

29,0

Totalt

67,8

Kunnskapsgrunnlaget

I 2020 har Utdanningsdirektoratet jobba for å vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget, det gjeld både forsking, analysar og statistikk om barnehagane. Direktoratet har prioritert formidling og brukarinvolvering. Arbeidet med publikasjonen Utdanningsspegelen og ekstra datainnhentingar og forsking i samband med covid-19-pandemien er døme på dette. Direktoratet har også fleire større utviklingsoppgåver i 2021 som skal bidra til ytterlegare å fornye kunnskapsporteføljen og gjere den endå meir brukartilpassa. Døme på større prosjekt er det nye verktøyet analysebrett, som skal vise tal og statistikk på ein meir brukarvenleg måte gjennom ei eiga samanstilling av statistikk for barnehage og vidareutvikling av formidling av statistikk og forsking på udir.no. Direktoratet skal støtte opp om kvalitetsutviklinga i barnehagesektoren, og dette blir løyst både ved å gjere relevant kunnskapsgrunnlag lett tilgjengeleg gjennom ulike plattformer og verktøy, og ved å tilby støtte, opplæring og rettleiing.

Oppbygging av eining for tilsyn med private barnehagar

Stortinget har vedteke at det skal opprettast eit nasjonalt tilsyn for økonomiske forhold overfor private barnehagar, og at ansvaret blir lagt til Utdanningsdirektoratet. Direktoratet har i 2020 gjennomført etableringa av det nye tilsynet ved å frigi eigne ressursar i kombinasjon med å leige inn ressursar frå einskilde statsforvaltarar. Det er i 2020 rekruttert leiar av det nye tilsynet og gjort ein første runde med tilsetjing av medarbeidarar, desse var på plass første kvartal 2021.

Sektoren består av over 3 000 barnehagar, og det er avgjerande at det nye tilsynet blir etablert med riktige og gode digitale verktøy for arbeidet. Det er derfor i 2020 starta eit arbeid med å etablere verktøy for å identifisere risiko i sektoren. Med utgangspunkt i innrapporterte data frå barnehagane i systemet BASIL har direktoratet utvikla eit eige verktøy som gjer det mogleg å vurdere risiko mellom ulike typar aktørar opp mot det som er fastsett i lov og forskrift. Det er enno for tidleg å seie noko sikkert om risikobildet for sektoren samla sett, men direktoratet vil arbeide vidare med dette i samband med oppbygginga av den nasjonale tilsynseininga. I tillegg til dette arbeidet blir det også planlagt å utvikle gjennomføringsverktøy for tilsyn og verktøy for å samle inn ustrukturert sektorinformasjon for å identifisere risiko. Alle desse verktøya blir utvikla i tett samarbeid med tilsynseininga for friskular, slik at verktøya har nytte for begge tilsynseiningane.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 516,9 mill. kroner på posten til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i barnehagesektoren og innhenting av kunnskap.

Regjeringa foreslår å flytte 5 mill. kroner til posten frå kap. 571, post 60 i samband med at ansvar for økonomisk tilsyn med private barnehagar blir flytta frå kommunane til Utdanningsdirektoratet. Løyvinga under posten er redusert med 0,3 mill. kroner som følge av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inkludert arbeidsgivaravgift, er redusert tilsvarande, jf. nærare omtale i del I, kap. 1 Hovudinnleiing.

Tabell 4.18 Budsjettforslag for 2022, kap. 231, post 21

(i mill. kr)

Type tiltak

Kort om tiltaket

Beløp

Regional ordning for kompetanseutvikling

Ordninga blei vidareutvikla i 2018 som ein del av oppfølginga av strategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022.

200

Tiltak for å følge opp kompetansestrategien og strategi for barnehagekvalitet

Kompetansetiltak retta mot ulike tilsette i barnehagane, inkl. 4 mill. kroner til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar. 8,7 mill. kroner av dette skal gå til å opprette om lag 150 fleire vidareutdanningsplassar for barnehagelærarar, hovudsakleg i spesialpedagogikk. Delar av løyvinga vil følge opp nye tiltak i Barnehager mot 2030 – Strategi for barnehagekvalitet 2021–2030 mellom anna tiltak for å få meir kunnskap om tilsyn med kvalitet, og utviklingsprosjekt om korleis barnehagane kan organiserast.

213

Økonomisk tilsyn med private barnehagar

Ansvaret for økonomisk tilsyn med private barnehagar blir overført frå kommunane til Utdanningsdirektoratet frå 1. januar 2022. Midlane går til drift av tilsynet.

30

Auka pedagogtettleik i utsette byområde

Som eit ledd i opptrappinga til 50 pst. barnehagelærarar blir det oppretta eit eige øyremerkt tilskot for å auke pedagogtettleiken i levekårsutsette område. Dette for å auke kompetansen i dei mest utsette områda først.

20

Inkluderande barnehagemiljø

Inkluderer læringsmiljøprosjektet og samlingsbaserte nettbaserte tilbod. Dette er tiltak som skal førebygge mobbing og bidra til at alle barn blir inkluderte i fellesskapet. Må sjåast i samanheng med midlar over kap. 226, post 21.

10,3

Tilsyn og klagebehandling hos statsforvaltaren

Statsforvaltaren har faste tilsynsoppgåver som følger av barnehagelova. Dette inneber å føre tilsyn direkte med einskildbarnehagar dersom det viser seg at kommunens tilsyn ikkje fungerer etter intensjonen.

9

Rettleiing av barnehageeigarar

Vidareføring av eit treårig pilotprosjekt i perioden 2020–22

5

Kvensk barnehagetilbod

Midlane går til språkprosjekt i barnehagar for å gi kvenske/norskfinske barn sjansen til å lære og utvikle det kvenske språket sitt i tidleg alder.

0,8

Anna

Kunnskapsgrunnlag, støtteressursar til rammeplanen o.a.

28,8

Totalt

516,9

Midlane på posten skal nyttast til ulike tiltak i samsvar med målet for posten. Utdanningsdirektoratet får fullmakt til å vurdere disponeringa av midlane på posten i samråd med departementet, innanfor den ramma som er foreslått over, og i samsvar med tiltaka i kompetansestrategien og andre prioriterte område. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

Post 60 Tilskot til bemanningsnorm i barnehage

Tilskotet var ei treårig ordning som blei oppretta i 2018 som eit resultat av budsjettavtalen i samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018. Målet med ordninga var å støtte små barnehagar som hadde problem med å oppfylle den nye bemanningsnorma som tok til å gjelde 1. august 2018. 2020 var det siste året for ordninga.

Resultat i 2020

Tal per 15. desember 2020 viser at heile 99 pst. av alle barnehagar i landet oppfyller bemanningsnorma, ein auke frå 94 pst. i 2019. Prosentdelen av barnehagar som oppfyller bemanningsnorma, har sidan 2016 auka frå 55 til 99 pst., med eit tydeleg hopp i 2019, då bemanningsnorma tredde i kraft. Per 15. desember 2020 er det i snitt 5,6 barn per tilsett i kommunale barnehagar og 5,7 barn per tilsett i private barnehagar. På landsbasis er snittet for bemanningstettleiken 5,7 barn per tilsett.

Det blei nytta 110,4 mill. kroner til ordninga i 2020, og berre små private barnehagar i kommunar som ikkje oppfylte bemanningsnorma, fekk tilskot. Totalt fekk 377 små private barnehagar i 75 kommunar tilskot.

Post 63 Tilskot til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage

Utdanningsdirektoratet tildeler tilskotet til kommunar som oppfyller følgande to kriterium: at minst 10 pst. av barnehagebarna i kommunen er definerte som minoritetsspråklege, og at dette må utgjere minst 50 barn. Definisjonen omfattar barn med ein annan språk- eller kulturbakgrunn enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk. Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet.

Mål for 2022

Målet med tilskotsordninga er å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage.

Resultat i 2020

Ordninga blei lagd om frå 1. januar 2017 slik at berre dei kommunane som har størst utfordringar, får tilskot. I 2020 omfatta dette 123 kommunar, mot 139 kommunar i 2019, og 85 pst. av alle minoritetsspråklege barn i barnehage, mot 87 pst. i 2019. Kommunane har ikkje rapporteringsplikt for bruken av tilskotet.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 144,5 mill. kroner på posten i 2022.

Post 66 Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn

Tilskotsordninga blei oppretta i 2018. Midlane skal gå til aktivt informasjons- og rekrutteringsarbeid i kommunar som har særlege utfordringar med å få minoritetsspråklege barn til å begynne i barnehagen. Dei kommunane som får midlar, står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet. Kommunar med 80 eller fleire minoritetsspråklege barn som ikkje gjekk i barnehage, får tilbod om å søke om tilskot.

Mål for 2022

Målet med tilskotsordninga er at fleire minoritetsspråklege barn skal få gå i barnehage.

Resultat i 2020

23 kommunar oppfylte kriteriet for tilskotet, og av desse var det 20 kommunar som søkte. Dei fekk innvilga tilskot for totalt 5 794 barn som ikkje gjekk i barnehage. Satsen per barn blei dermed 2 993 kroner. I 2019 fekk 21 kommunar tilskot for 6 894 barn, og satsen per barn var 2 982 kroner.

Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet, mellom anna til open barnehage, som er rekna som ein god rekrutteringsarena. Det er vanskeleg å seie om barnehagebruken for minoritetsspråklege barn har auka som følge av akkurat dette tilskotet, mellom anna fordi kommunane kan bruke midlane på mange ulike måtar, men òg fordi det er mange faktorar som spelar saman når foreldre vel om barnet skal gå i barnehage. Barnehagebruken for minoritetsspråklege barn har auka frå 80,4 pst. i 2017 til 85,3 pst. i 2020. Auken har vore størst for dei yngste barna, til dømes har prosentdelen minoritetsspråklege 1-åringar i barnehage gått frå 44,6 pst. i 2017 til 54,4 pst. i 2020. Sjå meir statistikk i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 17,3 mill. kroner på posten i 2022.

Post 70 Tilskot til symjing i barnehagane

Tilskotsordninga blei oppretta i 2015, blir forvalta av statsforvaltarane og skal medverke til at kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar kan gjennomføre tiltak for å nå målet.

Mål for 2022

Det overordna målet med ordninga er at barnehagebarn i alderen 4–6 år skal bli trygge i vatnet, slik at dei får eit godt grunnlag for å lære å symje.

Resultat i 2020

Av ei løyving på 70 mill. kroner i 2020 blei 56,8 mill. kroner nytta til ordninga, og det blei tildelt midlar i alle fylke. Tilskotet gjorde at 28 600 barn fekk tilbod om symjeopplæring i barnehagetida, mot 36 500 barn i 2019. Mindreforbruket på 13,2 mill. kroner kjem av at statsforvaltarane var tilbakehaldne med å utbetale tilskot medan bassenga var stengde på grunn av covid-19-pandemien. Departementet forventar at midlane på posten vil bli nytta meir i samsvar med budsjettet når det ikkje er hindringar, til dømes manglande tilgang til basseng på grunn av covid-19-pandemien.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 72,2 mill. kroner på posten i 2022.

Programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning

Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

240

Fagskular

887 911

1 069 994

1 181 527

10,4

241

Felles tiltak for fagskular

31 072

31 692

22 754

–28,2

242

Noregs grøne fagskule – Vea

32 232

31 732

32 191

1,4

Sum kategori 07.40

951 215

1 133 418

1 236 472

9,1

Inntekter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

3242

Noregs grøne fagskule – Vea

9 341

6 311

6 449

2,2

Sum kategori 07.40

9 341

6 311

6 449

2,2

Innleiing

Det er stor etterspurnad etter fagskulekandidatar i arbeidslivet. Regjeringa vil derfor at fleire skal ta høgare yrkesfagleg utdanning, og gjennomfører den største satsinga nokon gong for å auke kapasiteten ved fagskulane. Hausten 2020 var det registrert 23 300 fagskulestudentar, noko som er ein auke på 27 pst. frå hausten 2019.

Regjeringa har i tillegg prioritert tiltak for å auke kvaliteten ved utdanningane og utvikle nye utdanningstilbod. Regjeringa vil halde fram med å satse på kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning. Det langsiktige målet er å bygge opp ein sektor med solide fagmiljø som raskt kan tilpasse seg nye kompetansebehov, og som kan vere ein viktig bidragsytar for å tette kompetansegapet i arbeidslivet. Under covid-19-pandemien har fagskulane vore dyktige til å møte behova for tilbod som bidreg til omstilling i arbeidslivet, jf. kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren og på integreringsfeltet i del III.

Regjeringa har i 2021 lagt fram ein strategi for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskular, høgskular og universitet, jf. omtale i programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, og ein strategi for høgare yrkesfagleg utdanning. I strategien for høgare yrkesfagleg utdanning, Videre vekst og kvalitet, er det identifisert fire satsingsområde:

  • vekst i fagskulesektoren

  • kvalitetsutvikling av høgare yrkesfagleg utdanning

  • stimulere til framifrå kvalitet

  • høgare kompetansekrav i arbeidslivet skal møtast med studietilbod på høgare nivå

Kunnskapsdepartementet har fastsett desse overordna måla for programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning:

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

  • Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse.

Hovudprioriteringar for 2022

Departementet foreslår å løyve 62,4 mill. kroner til siste halvårseffekt for 1 600 studieplassar som Stortinget har løyvd midlar til i statsbudsjettet for 2020 og i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Departementet foreslår å løyve 50,7 mill. kroner til tilskotsordninga for utviklingsmidlar til fagskulane. Det er ein auke på 5 mill. kroner frå 2021.

Regjeringa har lagt fram ein strategi for høgare yrkesfagleg utdanning. Departementet følger no opp strategien gjennom å foreslå å løyve 22,8 mill. kroner til tiltak som skal bidra til god kunnskap om fagskulesektoren, høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning og ein tilgjengeleg og synleg fagskulesektor. Eitt av tiltaka er ei forsøksordning med to senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning.

Samla foreslår departementet 1,2 mrd. kroner til høgare yrkesfagleg utdanning i 2022.

Mål: Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

Samfunnet treng fagskulekandidatar

Fylkeskommunane har ei viktig rolle i å kartlegge lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov og legge dette til grunn for dimensjoneringa av fagskuletilboda. Arbeidslivet generelt, og særleg bransjane som tek imot fagskulekandidatane, er òg med på å utvikle utdanningstilboda i den retninga samfunnet treng.

Kompetansebarometeret til Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) for 2020 viser at nesten halvparten av bedriftene treng personar med høgare yrkesfagleg utdanning. Ifølge arbeidsgivarundersøkinga frå 2019 gjennomført av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) svarer om lag halvparten av verksemdene at dei har behov for å rekruttere fagskulekandidatar. Meir enn 90 pst. av dei som har tilsett kandidatar med høgare yrkesfagleg utdanning, meiner at kandidatane svarer til forventningane. I tillegg til verksemder gir fylkeskommunar, utdanningsinstitusjonar og dei som tek vidareutdanning, uttrykk for at arbeidslivet har behov for korte, relevante og fleksible utdanningstilbod som det er mogleg å kombinere med jobb. Etter- og vidareutdanningsutvalet (NOU 2019: 12) og Sysselsetjingsutvalet (NOU 2021: 2) konkluderer med at behovet for etter- og vidareutdanning er stort, jf. omtale i programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

Det er etterspurnad etter fleksible og tilgjengelege fagskuletilbod

Fagskulane er viktige i kompetansereforma Lære heile livet og i Utdanningsløftet 2020. Med fleksible og tilgjengelege utdanningar bidreg fagskulane til at arbeidslivet får nødvendig kompetanse.

Digitalisering og raske teknologiske endringar stiller krav til kontinuerleg endring i utdanningstilboda, slik at dei er relevante for studentane og arbeidslivet. Dette gjeld spesielt høgare yrkesfagleg utdanning, som skal vere fleksibel og yrkesretta. Det er behov for å styrke kunnskapen og informasjonen om fagskuletilbod for å gjere høgare yrkesfagleg utdanning meir kjent.

Det har vore ein stor auke i talet på fagskulestudentar dei siste åra, jf. figur 4.5. Frå hausten 2019 til hausten 2020 er det ein auke på nesten 5 000 fagskulestudentar, ifølge Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning 2021, utarbeidd av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku).

Figur 4.5 Utvikling i talet på fagskulestudentar, 2016–20

Figur 4.5 Utvikling i talet på fagskulestudentar, 2016–20

Kjelde: Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning 2021

Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning 2021 viser at om lag to tredelar av fagskulestudentane studerer på deltid. Det er ein solid auke i studiepoengproduksjonen ved fagskulane dei siste åra. I 2020 var det 66 pst. som fullførte utdanninga på normert tid, mot 60 pst. året før. Auken er størst blant studentar som tek utdanning på deltid.

Frå og med 2020 blir studieplassar ved fagskular lyste ut gjennom Samordna opptak. Alle offentlege fagskular skal vere med i Samordna opptak, medan det er valfritt for dei private fagskulane å delta. Utlysing av studieplassar i Samordna opptak skal bidra til å gjere høgare yrkesfagleg utdanning meir synleg for utdanningssøkarane. Det var 12 800 søkarar til Samordna opptak for høgare yrkesfagleg utdanning i 2021, ein auke på om lag 37 pst. frå året før. Ein del av auken kjem av at fleire fagskular deltek i opptaket, og at det derfor er fleire studium og fleire studieplassar med i 2021. Det er ein auke på om lag 35 pst. i talet på søkarar som har fått tilbod om studieplass gjennom hovudopptaket i Samordna opptak i 2021 samanlikna med året før.

Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning 2021 viser at det er god geografisk spreiing av fagskuletilbod, stor grad av nettbasert undervisning, og ein stor del utdanningstilbod på deltid. I 2020 følgde halvparten av studentane i høgare yrkesfagleg utdanning stadbasert undervisning, medan det var 64 pst. av studentane som fekk stadbasert undervisning i 2016. Den største auken kom i 2020, og det er naturleg å sjå dette i samband med konsekvensane av covid-19-pandemien.

Høgare yrkesfagleg utdanning gir studentane relevant kompetanse

Det er mange faktorar som påverkar relevansen i høgare yrkesfagleg utdanning, som innhaldet i utdanningstilboda, samspelet med arbeids- og næringslivet og kompetansen til dei tilsette. Ein for rask auke i talet på studentar i høgare yrkesfagleg utdanning kan føre til utfordringar for fagskulane med å halde utdanningane relevante og oppdaterte.

Mange fagskular har få studentar og er derfor sårbare for endringar i søkartal og fagleg styrke ved fagmiljøa. Talet på fagskular har gått ned dei siste åra. Denne utviklinga heng mellom anna saman med samanslåingane av fylke og oppkjøp av fagskular. Samstundes blir fagskulane større, og det blir fleire studiestadar. I 2020 var det i gjennomsnitt 381 studentar per fagskule, mot 261 studentar per fagskule i 2019, ifølge Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning 2021. Færre og større fagskular er i tråd med det politiske målet om ein fagskulesektor med meir solide institusjonar.

Fagskulekandidatundersøkinga utgitt i 2020 av NIFU viser mellom anna at fagskulestudentar i stor grad er i jobb under utdanninga, og at dei fleste held fram i same bransje etter utdanninga. Studiebarometeret for fagskulestudentar 2021, utarbeidd av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), viser at fagskulestudentane er godt nøgde med praksisopplæringa.

Stenginga av studiestadene i mars 2020 for å hindre smitte av covid-19, gjorde det naudsynt med ei rask og omfattande omlegging frå stadbasert undervisning til digital undervisning, læring og vurdering. Sjå kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i del III. Fagskulane har vist dugnadsånd, omstillingsevne og digital kompetanseheving, men situasjonen har òg gitt eit vanskelegare læringsmiljø for mange studentar. Studiebarometeret viser at om lag halvparten av fagskulestudentane som svarte på undersøkinga våren 2021, var bekymra for at kvaliteten på utdanninga ikkje var like god som før covid-19-pandemien. 17 pst. svarte at pandemien har gjort det vanskeleg å gjennomføre utdanninga.

Strategiar og tiltak

Regjeringa held fram med å prioritere tiltak for å styrke høgare yrkesfagleg utdanning. Satsingane omtala nedanfor følger opp strategien for høgare yrkesfagleg utdanning, Videre vekst og kvalitet. Satsingane følger òg opp Utdanningsløftet 2020, Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet og Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning.

Auka kapasitet i høgare yrkesfagleg utdanning

Med tildelinga av midlar til nye studieplassar dei siste åra har regjeringa gjennomført den største kapasitetsauken i høgare yrkesfagleg utdanning nokon gong. Satsinga inneber ein auke på totalt 2 100 nye studieplassar i 2020 og 2021. Det gir ein auke på om lag 45 pst. i det statlege driftstilskotet til høgare yrkesfagleg utdanning frå 2019 til finansieringa av dei nye studieplassane er fullt opptrappa i 2024.

Regjeringa ønsker at fagskulesektoren skal halde fram med å vekse, og har som ambisjon at kvaliteten skal styrkast i takt med veksten. Regjeringa vil lage eit system som skal sikre at ein framtidig vekst i høgare yrkesfagleg utdanning kjem der behovet er størst, jf. strategien for høgare yrkesfagleg utdanning. Systemet for fordeling av midlar til nye studieplassar skal sikre at fordelinga mellom fylkeskommunane og innanfor den einskilde fylkeskommunen, er på ein måte som møter behova i arbeidslivet og bidreg til relevant og kvalifisert arbeidskraft over heile landet. Sjå omtale av oppmodingsvedtak nr. 700, 15. juni 2020 i del 1.

Tiltak for å utvikle nye fagskuletilbod

Fagskulane kan søke om tilskot til utvikling av nye utdanningstilbod i Kompetanseprogrammet, som inngår i kompetansereforma Lære heile livet. Med Kompetanseprogrammet blir det fleire fleksible og relevante utdanningstilbod tilpassa behova i arbeidslivet. Under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring er det ein omtale av Kompetanseprogrammet.

Stadig fleire fagskular får akkrediterte fagområde. Per 16. september har ni fagskular akkreditering for til saman 15 fagområde. Ei fagområdeakkreditering gir fagskulen høve til sjølv å opprette nye utdanningar og gjere endringar i eksisterande utdanningar innanfor det akkrediterte fagområdet, og slik kan ein fagskule raskare omstille utdanningstilbodet ut frå behov i arbeidslivet. NOKUT innførte ein ny og forenkla prosess for akkreditering av fagskuletilbod hausten 2020. Den nye modellen har kortare behandlingstid og gjeld for fagskular som har minst éi akkreditering av eit fagskuletilbod frå før.

Regjeringa vil at fagskulane i større grad kan bestemme over utvikling og endring av utdanningstilboda. Regjeringa vil derfor at fleire fagskular får fagområdeakkreditering. I tillegg ønsker regjeringa å gjere det mogleg for fagskular å søke om institusjonsakkreditering, det vil seie ein moglegheit for sjølvakkreditering på alle fagområda, slik universiteta og dei fleste høgskulane har i dag. Dette kan gjere at fagskulane raskare kan opprette utdanningstilbod i takt med behova i arbeidslivet og dermed få betre samsvar mellom tilbod og etterspurnad av relevant og fleksibel utdanning. Kunnskapsdepartementet vil greie ut kriterium og rammer for institusjonsakkreditering for at fagskular på sikt kan opprette og endre utdanningstilbod etter å ha fått ei overordna godkjenning frå NOKUT, jf. strategien for høgare yrkesfagleg utdanning.

Kunnskapsdepartementet har gitt NOKUT i oppdrag å evaluere nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR). I 2020 leverte Technopolis Group rapporten Utredning om mulig parallell struktur i nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring. Rapporten inngår i kunnskapsgrunnlaget for evalueringa av NKR.

Stortinget vedtok endringar i lov om høgare yrkesfagleg utdanning våren 2021, jf. Innst. 517 L (2020–2021) og Prop. 111 L (2020–2011). Eit av forslaga var å fjerne kravet til minstelengd for høgare yrkesfagleg utdanning. Lovendringa er mellom anna ei oppfølging av NOU 2019: 12 Lærekraftig utvikling – Livslang læring for omstilling og konkurranse og Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet. Stortinget vedtok òg ei lovendring som gjeld presisering av kunnskapsgrunnlaget for høgare yrkesfagleg utdanning, som slår fast dei grunnleggande prinsippa høgare yrkesfagleg utdanning skal bygge på. Endringane gjeld frå 1. august 2021.

Tiltak for å betre kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning

Det er viktig at satsinga på auka kapasitet i fagskulane ikkje går ut over kvaliteten på utdanningstilbodet. Departementet foreslår derfor å styrke tilskotsordninga for utviklingsmidlar til fagskulane. Med utviklingsmidlane kan fagskulane tilby digital kompetanseheving av tilsette, utvikle nye utdanningstilbod, kjøpe nytt utstyr og bruke digital teknologi for læring. I det vidare arbeidet med kvalitetsutvikling vil departementet vurdere korleis utviklingsmidlane kan bli innretta for å støtte opp om måla i strategien for høgare yrkesfagleg utdanning. Departementet foreslår òg å vidareføre midlane til ulike tiltak som skal gjere fagskulesektoren meir synleg og tilgjengeleg og bidra til å auke kunnskapen om sektoren.

For å stimulere til framifrå kvalitet ved fagskulane foreslår regjeringa ei ordning med senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning, jf. strategien for høgare yrkesfagleg utdanning. Med omsyn til kvalitetsutvikling legg strategien i tillegg vekt på følgande tre område: institusjonsakkreditering, nettpedagogisk kompetanse og internasjonalisering.

Departementet sette i 2020 i gang ei evaluering av innføringa og verknaden av tiltaka i fagskulemeldinga frå 2016. Dette er ei oppfølging av vedtak i Stortinget i samband med behandlinga av meldinga, jf. oppmodingsvedtak nr. 643, 2. mai 2017 i del I. Evalueringa vil inngå i kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutforming på feltet.

Mål: Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Det er vesentleg for kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning at det blir stilt høge krav til kompetansen til undervisningspersonalet, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning og NOU 2014: 14 Fagskolen – et attraktivt utdanningsvalg. Dette gjeld ikkje berre den faglege kompetansen, men òg den pedagogiske kompetansen til undervisningspersonalet. Gjennom covid-19-pandemien har behovet for digital kompetanseheving for lærarar auka i takt med at stadig meir undervisning er digital. Kompetansekrava til fagskulelærarane er nedfelt i forskrifta om akkreditering av og tilsyn med høgare yrkesfagleg utdanning. Fagmiljø som tilbyr fleksible og nett- og samlingsbaserte utdanningstilbod, skal ha relevant pedagogisk kompetanse.

Ei kartlegging gjennomført i 2021 av analyseselskapet Ideas2evidence viser at berre halvparten av dei som underviser i høgare yrkesfagleg utdanning, omtaler eigen nettpedagogisk kompetanse som god, jf. rapporten Kvalitet på nett – Kartlegging av føresetnader for gode nett- og samlingsbaserte utdanninger i HYU (6:2021). Vidare har berre ein firedel av dei som underviser på nett, formell nettpedagogisk kompetanse.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å betre kompetansen til fagskulelærarane

Høgare yrkesfagleg utdanning blir i stadig større grad gitt som nett- og samlingsbaserte utdanningstilbod. 82 pst. av fagskulelærarane som underviser på nett, seier at dei ønsker å auke kompetansen i nettpedagogikk (Ideas2evidence 6:2021). Som det går fram av strategien for høgare yrkesfagleg utdanning, vil regjeringa stimulere til kvalitetsutvikling av nett- og samlingsbaserte tilbod gjennom kompetanseheving innanfor nettpedagogikk.

Frå og med 2017 har Stortinget løyvd midlar til prosjekt som skal utvikle høgare yrkesfagleg utdanning, og midlane har mellom anna finansiert kompetansetiltak ved fagskular. I 2021 har ni prosjekt fått midlar for å bidra til digital kompetanseheving for tilsette. Departementet foreslår å vidareføre digital kompetanseheving for tilsette som ei av prioriteringane for tildeling av utviklingsmidlar i 2022.

Kap. 240 Fagskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

60

Driftstilskot til fagskular

834 707

1 025 451

1 130 826

61

Utviklingsmidlar til fagskular, kan overførast

53 204

44 543

50 701

Sum kap. 240

887 911

1 069 994

1 181 527

Post 60 Driftstilskot til fagskular

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar ordninga for driftstilskot til fagskular. HK-dir fordeler løyvinga til fylkeskommunane, som tildeler tilskot til fylkeskommunale og private fagskular i eige fylke. Driftstilskotet til fagskular blir justert årleg ut frå oppnådde studiepoeng ved fagskulane. Tilskotsordninga inkluderer tilskot til nokre fagskular som er i ei særstilling, mellom anna fordi dei fleste er små, har eit nasjonalt nedslagsfelt og hovudsakleg er godkjende etter tidlegare privatskulelov kap. 6A. Frå og med 2021 inkluderer ordninga òg midlar til om lag 500 studieplassar til utdanningstilbod for industri og bygg innanfor ordninga Industrifagskolen. Dette er fagskuletilbod som er utvikla gjennom bransjeprogrammet for industri- og byggenæringa, eller som fell innanfor det som partane kallar Industrifagskolen.

Som del av evalueringa av tiltaka i fagskulemeldinga blir finansieringssystemet for fagskulane gjennomgått i 2021, jf. oppmodingsvedtak nr. 643, 2. mai 2017 i del I. Tilskotsordninga for driftsmidlar til fagskulane er ein sentral del av denne gjennomgangen.

Kunnskapsdepartementet vil saman med Helse- og omsorgsdepartementet utarbeide kandidatmåltal for å dimensjonere høgare yrkesfagleg utdanning innanfor helsefag. Kandidatmåltal er eit minstekrav til talet på uteksaminerte kandidatar innanfor utvalde utdanningar.

Mål for 2022

Følgande mål gjeld for høgare yrkesfagleg utdanning som er omfatta av løyvinga over kap. 240, post 60:

  • høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning

  • yrkesretta høgare yrkesfagleg utdanning

  • god tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning

  • effektiv og solid fagskulesektor

Resultat i 2020

Fylkeskommunane fekk til saman 834,7 mill. kroner til drift av fagskular i 2020. 50 fagskular fekk driftstilskot over posten i 2020, og rapporteringa som følger, gjeld desse fagskulane.

Det samla talet på oppnådde studiepoeng ved fagskulane med tilskot over posten held fram med å auke, og frå 2019 til 2020 var auken på 13 pst. Året før var auken på 4,5 pst. Tildelinga av nye studieplassar i 2018 og 2020 kan truleg forklare den store auken i studiepoengproduksjon i 2020.

Omfanget av deltidstilbod kan vise om det i utdanningstilboda blir lagt til rette for kompetanseheving samtidig som ein er i arbeid. Hausten 2020 var 78 pst. av studentane deltidsstudentar, ein auke frå 74 pst. frå året før.

Om lag 53 pst. av fagskulestudentane som følger utdanningstilbod finansierte over posten, fekk stadbasert undervisning i 2020. Om lag 34 pst. av studentane hadde nettbasert undervisning med samling, og om lag 13 pst. av studentane hadde nettbasert undervisning utan samling. Dei nettbaserte tilboda utan samling er i hovudsak forankra i Oslo og Akershus, medan dei nettbaserte tilboda med samling er fordelte over heile landet.

Det er store variasjonar i storleiken på fagskulane som mottek offentlege driftsmidlar. Mange av dei små fagskulane har spesialiserte fagområde med eit nasjonalt nedslagsfelt, slik som kreative og religiøse utdanningstilbod.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 1,1 mrd. kroner til drift av høgare yrkesfagleg utdanning. Løyvinga inkluderer 67 mill. kroner som fylkeskommunane må fordele til nokre fagskular som er i ei særstilling, mellom anna fordi dei fleste er små, har eit nasjonalt nedslagsfelt og hovudsakleg er godkjende etter tidlegare privatskulelov kap. 6A. Løyvinga inkluderer òg 38,8 mill. kroner til vidareføring av studieplassar for Industrifagskolen.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 16,3 mill. kroner på bakgrunn av auke i studiepoeng som er oppnådde ved fagskulane i 2020.

Stortinget vedtok midlar til 100 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning i statsbudsjettet for 2020 og 1 500 nye studieplassar i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020. Departementet foreslår å løyve 62,4 mill. kroner til siste halvårseffekt for desse studieplassane i 2022. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Post 61 Utviklingsmidlar til fagskular, kan overførast

Fagskular kan søke om tilskot til tiltak og prosjekt som skal auke kvaliteten i fagskulane, vidareutvikle dagens utdanningstilbod og utvikle nye utdanningstilbod. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar tilskotsordninga.

Mål for 2022

Høg kvalitet i utdanningstilboda og godt samsvar mellom utdanningstilboda og den kompetansen arbeidslivet etterspør.

Resultat i 2020

2020 var det fjerde året midlar til kvalitetsutvikling blei lyste ut til fagskulane. Som i åra før var det stor interesse for ordninga. Til den ordinære utlysinga kom 64 søknader om totalt 77 mill. kroner. 38 prosjekt ved 18 fagskular fekk tildelt til saman 43,2 mill. kroner.

Midlane blei tildelte prosjekt som bidreg til

  • utvikling av nye utdanningar i samarbeid med lokalt og regionalt arbeidsliv

  • bruk av digital teknologi for læring

  • digital kompetanseheving for tilsette for å møte behov for omstilling i arbeidslivet

I tillegg gjekk midlane til eingongsinvesteringar i utstyr og infrastruktur for å auke kvaliteten i utdanningane.

Midlane blei tildelte offentlege og private fagskular over heile landet. Mange fagområde er representerte blant prosjekta som fekk støtte, mellom anna maritime fag, helsefag og byggfag.

Løyvinga blei auka med 10 mill. kroner til utstyr som følge av vekst i talet på fagskulestudentar, jf. Innst. 19 S (2020–2021) og Prop. 142 S (2019–2020).

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 50,7 mill. kroner på posten. Dette er ein auke på 5 mill. kroner frå 2021.

Departementet foreslår følgande prioriteringar for utviklingsmidlane i 2022:

  • utvikling av nye utdanningar i samarbeid med lokalt og regionalt arbeidsliv

  • bruk av digital teknologi for læring

  • digital kompetanseheving for tilsette for å møte behov for omstilling i arbeidslivet

  • eingongsinvesteringar i utstyr og infrastruktur

Kap. 241 Felles tiltak for fagskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

31 072

31 692

22 754

Sum kap. 241

31 072

31 692

22 754

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar midlar til prosjekt for fagskulesektoren som mellom anna følger opp Videre vekst og kvalitet – Strategi for høyere yrkesfaglig utdanning og Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden Fagskoleutdanning.

Mål for 2022

God kunnskap om fagskulesektoren, høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning og ein tilgjengeleg og synleg fagskulesektor.

Resultat i 2020

Departementet tildelte 31,1 mill. kroner over posten i 2020. Tabell 4.19 viser tiltaka som er sette i gang med midlane for å bidra til å nå måla for posten.

Tabell 4.19 Resultatrapportering 2020, kap. 241, post 21

(i 1000 kr)

Mottakar

Tiltak

Tildelte midlar

Unit

Utvikling og gjennomføring av eit samordna opptak til høgare yrkesfagleg utdanning

10 000

Diku

Arbeid i fylkeskommunane med rekruttering til høgare yrkesfagleg utdanning

4 400

Diku

Arbeid i Nasjonalt fagskuleråd med oppgradering av nasjonale fagplanar

4 000

Diku

Administrering av fagskuleoppgåver

2 800

Diku

Evaluering av tiltaka i fagskulemeldinga

2 000

NOKUT

Gjennomføring av Studiebarometeret for fagskulestudentar

1 500

Universell

Pådrivararbeid for universell utforming

1 500

Unit

Arbeid for Nasjonal klagenemnd for høgare yrkesfagleg utdanning

1 300

Diku

Tildeling av utdanningskvalitetsprisen for høgare yrkesfagleg utdanning

1 000

NIFU

Kandidatundersøking, fagskular

796

Kompetanse Noreg

Utvikling og oppdatering av rettleiingar for realkompetansevurderingar

680

NOKUT

Gjennomgang av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR)

600

Kompetanse Noreg

Oppdatering av informasjon om høgare yrkesfagleg utdanning

400

SSB

Arbeid med statistikk for fagskular

95

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 22,8 mill. kroner på posten. Midlane vil mellom anna gå til

  • Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) for å gjennomføre Studiebarometeret for fagskulestudentar

  • Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) for å arbeide med tiltak som skal utvikle kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning og kunnskapsgrunnlaget for fagskulesektoren. HK-dir skal mellom anna lyse ut midlar til ei forsøksordning med to senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning. Desse to sentera skal vere retta mot ulike fagmiljø. Status som senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning blir tildelt miljø som bidreg til å samle opplæringsmiljø på fleire nivå, arbeidsliv og relevante forskingsmiljø. Tiltaket følger opp Videre vekst og kvalitet – Strategi for høyere yrkesfaglig utdanning og Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden.

I samband med opprettinga av HK-dir foreslår departementet å flytte 8,1 mill. kroner frå kap. 241, post 21 til driftsposten til direktoratet, kap. 256, post 01. Midlane skal gå til arbeid på fagskulefeltet, som arbeid med mellom anna kartlegging og tilrettelegging for fagskulestudentar med nedsett funksjonsevne, det samordna opptaket til høgare yrkesfagleg utdanning og Nasjonal klagenemnd for høgare yrkesfagleg utdanning.

I samband med opprettinga av Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) foreslår departementet å flytte 1,5 mill. kroner frå kap. 241, post 21 til driftsposten til Sikt, kap. 273, post 50. Midlane skal gå til levering av IKT-løysingar til det samordna opptaket til høgare yrkesfagleg utdanning.

Kap. 242 Noregs grøne fagskule – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

32 001

30 425

30 853

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

231

1 307

1 338

Sum kap. 242

32 232

31 732

32 191

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på kap. 242 går til drift av Noregs grøne fagskule – Vea. Fagskulen har studentar fordelte på mellom anna blomsterdekoratør-, gartnar- og anleggsgartnarfaglege studieprogram. Vea er akkreditert for grøne design- og miljøfag. I 2020 godkjente NOKUT utviding av fagområdeakkrediteringa til Vea.

I tillegg til høgare yrkesfagleg utdanning skal Vea gi tilbod på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3242, post 61. Vea gir tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå.

Mål for 2022

Noregs grøne fagskule – Vea skal arbeide etter følgande mål:

  • gi relevant høgare yrkesfagleg utdanning med god kvalitet

  • auke studenttalet

  • heve kompetansen blant dei tilsette

Resultat i 2020

Ved utgangen av 2020 hadde Noregs grøne fagskule – Vea 18 fagskuletilbod og to tilbod i vidaregåande opplæring, i tillegg til korte kurs til dei same målgruppene. Hausten 2020 var det 183 studentar og elevar ved skulen, noko som er det høgaste talet for Vea nokon gong. Ved skulen var det 100 fagskulestudentar og 83 vaksne elevar i vidaregåande opplæring. Det har vore ein auke i talet på søkarar per studieplass frå 2019 til 2020. Tilboda i vidaregåande opplæring hadde høgare søkartal per studieplass enn fagskuletilboda. Skulen arbeider med å auke rekrutteringa til fagskuletilboda. Vea har i 2020 gjennomført kompetanseheving av tilsette gjennom korte kurs, formell utdanning og seminar.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 30,9 mill. kroner på post 01 og 1,3 mill. kroner på post 45.

Løyvinga på post 01 er redusert med 0,3 mill. kroner som følge av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inkludert arbeidsgivaravgift, er redusert tilsvarande, jf. omtale under kap. 1 i del I. Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med 26 000 kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien, jf. omtale under kap. 1 i del I.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3242, post 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3242 Noregs grøne fagskule – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

02

Salsinntekter o.a.

8 293

5 004

5 108

61

Refusjon frå fylkeskommunar

1 048

1 307

1 341

Sum kap. 3242

9 341

6 311

6 449

Departementet foreslår å løyve 5,1 mill. kroner på post 02 og 1,3 mill. kroner på post 61.

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna semesteravgift, sal frå kantine, hybelutleige og kortare kurs. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved skulen.

Programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

251

22. juli-senteret

17 185

15 714

27 695

76,2

253

Folkehøgskular

1 029 129

993 308

1 045 730

5,3

254

Studieforbund mv.

232 877

72 430

74 313

2,6

255

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

109 951

0,0

256

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

122 595

128 407

374 977

192,0

257

Kompetanseprogrammet

134 136

376 134

313 123

-16,8

258

Tiltak for livslang læring

392 663

159 707

148 424

-7,1

Sum kategori 07.50

2 038 536

1 745 700

1 984 262

13,7

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

3256

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

11 191

9 031

5 220

-42,2

Sum kategori 07.50

11 191

9 031

5 220

-42,2

Innleiing

Kompetansenivået i Noreg er høgt. Eit høgt kompetansenivå i befolkninga bidreg til brei deltaking, nyskaping, omstilling og vekst i norsk nærings- og arbeidsliv. Arbeidsmarknaden stiller høge krav til utdanning og kompetanse, og det gjer at dei med lite utdanning kan få problem med å få seg arbeid. Under covid-19-pandemien har dei med låg utdanning vore særleg utsette for permitteringar, og dei utgjer ein stor del av langtidsledige.

Våren 2020 la regjeringa fram ei stortingsmelding om kompetansereforma, Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet. Reforma har to mål:

  • ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet på grunn av manglande kompetanse

  • tette gapet mellom kva arbeidslivet treng av kompetanse, og den kompetansen arbeidstakarane faktisk har.

For å motverke konsekvensane av covid-19-pandemien lanserte regjeringa Utdanningsløftet 2020, som mellom anna gir ledige og permitterte betre tilgang til utdanning og kompetanseutvikling og bygger vidare på tiltaka i kompetansereforma.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å samordne kompetansepolitikken, men dei kompetansepolitiske verkemidla går på tvers av departement, sektorar og forvaltningsnivå. Over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring blir nokre av dei sentrale verkemidla i kompetansereforma finansierte, inkludert Kompetanseprogrammet. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse blir finansiert over programkategorien.

Tilskot til folkehøgskulane, tilskot til studieforbund og drift av 22. juli-senteret blir òg finansierte over denne programkategorien.

Departementet har fastsett følgande overordna mål for programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring:

  • Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Hovudprioriteringar for 2022

Over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring foreslår departementet å vidareføre og styrke fleire tiltak som inngår i kompetansereforma:

  • 60 mill. kroner til å vidareføre dei åtte bransjeprogramma som blei etablert i 2020, som ein del av Utdanningsløftet 2020. Forslaget gir òg rom for å starte eit nytt bransjeprogram.

  • 15 mill. kroner til å vidareføre utvidinga av forsøket med modulstrukturert opplæring for vaksne innanfor utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæringa.

Departementet foreslår òg midlar til tiltak som inngår i kompetansereforma under andre programkategoriar:

  • 304,5 mill. kroner for at fleire utan lovfesta rett til opplæringa skal kunne fullføre vidaregåande opplæring. Sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

  • 111,8 mill. kroner til tilbod om å ta eit fagbrev for personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring. Sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

  • 46 mill. kroner til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb, slik at fleire kan ta eit fagbrev i kombinasjon med arbeid. Sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

  • 62,4 mill. kroner til siste halvårseffekt for 1 600 studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning som blei etablerte i 2020 som ein del av Utdanningsløftet 2020. Sjå programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning.

  • 49,7 mill. kroner til å oppskalere tilskotet til fleksible studietilbod gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til totalt 149,5 mill. kroner. Sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

  • 20 mill. kroner for å legge til rette for meir fleksible utdanningsstøtteordningar for vaksne i jobb. Sjå programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Mål: Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid

Utviklingstrekk og utfordringar

I april 2020 la regjeringa fram stortingsmeldinga om kompetansereforma, Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet. Kompetansemeldinga skildrar utfordringar med å auke deltakinga i utdanning og anna kompetanseutvikling, gjere tilboda om kompetanseutvikling meir relevante og gjere koplinga mellom etterspurnad og tilbod betre.

Regjeringa sette våren 2017 ned Kompetansebehovsutvalet for å få ei fagleg vurdering av Noregs kompetansebehov. I februar 2020 la utvalet fram sin tredje rapport, NOU 2020: 2 Fremtidige kompetansebehov III. Læring og kompetanse i alle ledd. Utvalet trekker gjennom det treårige arbeidet sitt mellom anna fram følgande utfordringar:

  • Endringar i teknologi, klima og demografi fører til nye kompetansebehov.

  • Mange arbeidstakarar deltek for lite i læringsaktivitetar.

  • Det er behov for å auke arbeidslivsrelevansen i fleire utdanningar.

  • Det er mangel på kvalifisert arbeidskraft i fleire næringar.

Meldinga om kompetansereforma og rapportane frå Kompetansebehovsutvalet trekker fram utfordringar som har blitt særleg tydelege under covid-19-pandemien.

Det blir stadig vanskelegare for dei med lite utdanning å klare seg i arbeidsmarknaden

I Noreg har nesten 20 pst. av befolkninga i alderen 25–64 år låg kompetanse, ifølge OECD. Låg kompetanse er definert ved at ein anten ikkje har fullført vidaregåande opplæring eller skårar lågt i lesing eller matematikk i PIAAC (ei undersøking av ferdigheitene til vaksne). Samtidig er arbeidsmarknaden for personar med lite utdanning eller svake kvalifikasjonar relativt avgrensa. Sysselsetjingsutvalet (NOU 2021: 2) viser at etterspurnaden etter personar med lite utdanning er låg i Noreg samanlikna med mange andre land. Prosentdelen sysselsette i lågkvalifikasjonsyrke er betydeleg lågare enn EU-gjennomsnittet.

Koronaen bidreg til å forsterke dette bildet. Personar med låg utdanning er i utgangspunktet meir utsette for arbeidsløyse enn personar med høgare utdanning. Personar med grunnskule som høgaste fullførte utdanning, utgjorde om lag 20 pst. av vaksenbefolkninga, men over 40 pst. av dei langtidsledige i januar 2021, ifølge ein rapport frå Frischsenteret om sysselsetjingsutviklinga lagt fram i mai i år. Arbeidsløysa er på veg ned, men dei langsiktige konsekvensane av pandemien for arbeidsmarknaden er svært usikre. Erfaringar frå tidlegare kriser tilseier at utsette grupper blir hardast ramma, som ungdom, personar med låg utdanning, nokre innvandrargrupper og dei med helseutfordringar.

Fullført vidaregåande opplæring er blitt viktigare for ei varig tilknyting til arbeidsmarknaden. Sysselsetjingsgapet mellom dei som har vidaregåande og dei som ikkje har det, har auka over tid, jf. NOU 2021: 2. Vaksne i Noreg tek utdanning og opplæring i større grad enn i dei fleste andre land. Det er likevel ei utfordring at dei som truleg treng det mest, er dei som deltek minst. Ifølge Livsopphaldsutvalet (NOU 2018: 13) har om lag 500 000 personar i alderen 25–59 år ikkje fullført grunnskule- eller vidaregåande opplæring, eller har ukjent utdanning. Om lag ein tredel av desse er innvandrarar. I tillegg viser undersøkingar at berre halvparten av dei som begynner i grunnskuleopplæring for vaksne, fullfører. Mange som har erfaring med ikkje å lykkast i skulen, kan ha låg motivasjon for å ta meir utdanning.

Vaksne som vil ta vidaregåande opplæring, anten det er på eiga hand, gjennom Nav-tiltak eller introduksjonsordninga, opplever hindringar, anten i mangel på tilbod eller i form av korleis regelverket er utforma. Liedutvalet (NOU 2019: 25) har mellom anna peika på utfordringar med manglande koordinering av kunnskap og ressursar, mange aktørar og lite samordna regelverk.

Omfattande omstilling i norsk arbeidsliv fører til endringar i kompetansebehova

NOU 2021: 4 Norge mot 2025 viser til at med omfattande omstilling i økonomien, mellom anna fordi nokre næringar kan få lågare aktivitet på varig basis, blir det viktig å kunne møte behovet for ny kompetanse. Det gir auka behov for opplæring og kompetanseutvikling i arbeidslivet, og behov for at arbeidstakarar i næringar prega av høg arbeidsløyse og bedrifter som blir nedlagde, kan rekvalifisere seg. Etter- og vidareutdanningsutvalet (NOU 2019: 12) og Sysselsetjingsutvalet (NOU 2021: 2) konkluderer med at behovet for etter- og vidareutdanning er stort. Sysselsetjingsutvalet peikar på at behovet har blitt forsterka av covid-19-pandemien fordi omstillingsbehovet har auka.

Digitaliseringa av arbeidslivet reduserer etterspurnaden etter nokre yrke og arbeidsoppgåver og endrar innhaldet i andre yrke. Samstundes skaper utviklinga nye jobbar. Berekningar viser at det er ein mindre del av jobbane i Noreg som vil bli automatiserte enn i mange andre land i OECD. Dette kan henge saman med at det norske arbeidslivet allereie har automatisert bort mange jobbar, mellom anna på grunn av eit relativt høgt lønnsnivå og ein samanpressa lønnsstruktur. Den digitale utviklinga har skote fart under covid-19-pandemien. Når samfunnet og arbeidslivet blir meir avhengige av digitale løysingar, blir det endå viktigare at alle har kompetansen som skal til for å meistre den nye digitale kvardagen.

Det grøne skiftet inneber at kompetansen til arbeidstakarane må tilpassast omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Dei som er utdanna til jobbane som forsvinn i omstillinga, må få tilgang til å utvikle kompetansen sin vidare. Omstillinga vil omfatte endringar i produksjons- og forbruksmønstera våre. Samstundes er det utfordrande å føreseie kva type og kor mange jobbar som vil falle bort eller kome til med det grøne skiftet.

Dagens utdanningstilbod er ikkje godt nok tilpassa behova til dei som ønsker kompetanseutvikling, noko som særleg gjeld dei som er sysselsette, både i byane og i distrikta. Tilbakemeldinga frå verksemder, fylkeskommunar, utdanningsinstitusjonar og dei som tek vidareutdanning, er at arbeidslivet har behov for korte, relevante og fleksible utdanningstilbod som det er mogleg å kombinere med jobb. Demografiutvalet (NOU 2020: 15) og distriktsnæringsutvalet (NOU 2020: 12) peikar på behovet for desentraliserte og fleksible utdanningstilbod for dei som allereie er etablert i distriktsområde, og for dei som ønsker å bu og ta utdanning der.

For mange kan finansiering av livsopphald medan ein tek vidareutdanning, vere vanskeleg. Tap av inntekt i ein opplæringsperiode, og eventuelt høge studieavgifter, kan føre til at fleire ikkje har råd til å vidareutdanne eller omskulere seg. Prosentdelen studentar som ofte ikkje klarer løpande utgifter, aukar òg med alderen, ifølge Studentenes helse- og trivselsundersøkelse frå 2021.

Det er registrert vedvarande mangel på kompetanse i fleire yrke. Dei siste åra gjeld dette særleg helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, tømrarar og IKT-utviklarar, jf. NOU 2020: 2. Av medlemsverksemdene til Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) rapporterte 60 pst. om udekte kompetansebehov i 2020. Det udekte kompetansebehovet i NHO-bedriftene er på om lag same nivå under pandemien som tidlegare. NIFU forklarer dette med at krisa har ramma arbeidslivet ulikt, og at store omstillingar i nedgangstider krev høgare eller annan kompetanse i bedrifta. Bedriftsundersøkinga til Nav for 2021, med svar frå 11 000 offentlege og private verksemder, tyder på at dei udekte kompetansebehova er størst innanfor helse, bygg og anlegg og IT.

Kompetansebehovsutvalet understrekar at ein meir samansett arbeidsmarknad med auka behov for tverrfaglegheit gir behov for større fleksibilitet i høgare utdanning. Utvalet legg vekt på at endringar i arbeidslivet forsterkar behovet for etter- og vidareutdanning. Samstundes peikar utvalet på at universitet og høgskular skal svare på meir langsiktige kompetansebehov enn det arbeidslivet til kvar tid etterspør. Lærestadane og arbeidslivet må samarbeide breiare og meir systematisk om kva og korleis studentane lærer, slik at dei blir betre i stand til å møte omstillingane i arbeidslivet både på kort og på lang sikt.

Strategiar og tiltak

2021 er siste året i den femårige strategiperioden til Nasjonal kompetansepolitisk strategi. Strategien har utløyst ei rekke nasjonale tiltak i perioden og ført til auka merksemd om den samla kompetansepolitikken. Kompetansepolitisk råd har ansvaret for å følge opp strategien. Kompetansemeldinga varslar at strategien skal fornyast i samråd med medlemmene i rådet.

I Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet legg regjeringa fram tiltak for å stimulere til kompetanseutvikling og for å auke kapasiteten i utdanningane mellom anna for dei som vil ta vidareutdanning. For å motverke konsekvensane av covid-19-pandemien lanserte regjeringa Utdanningsløftet 2020 våren 2020, kort tid etter at kompetansemeldinga blei lagd fram. Mange av tiltaka i Utdanningsløftet 2020 bygger på kompetansereforma. Dette er nokre av tiltaka som inngår i kompetansereforma:

  • Kompetanseprogrammet (inkludert treparts bransjeprogram)

  • forsøk med modulstrukturert opplæring

  • tilskot til Fagbrev på jobb

  • tilbod om å ta eit fagbrev for personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse

  • tilbod om å fullføre vidaregåande opplæring for personar som ikkje har rett til opplæringa

  • digital teneste for karriererettleiing

  • studieplassar ved fagskulane

  • fleksible utdanningstilbod ved universitet og høgskular

  • meir fleksible ordningar for utdanningsstøtte i Lånekassen

  • betre moglegheiter til å ta utdanning for arbeidsledige og permitterte

Fleire av tiltaka som gjeld vidaregåande opplæring, følger opp Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Regjeringa vil at vidaregåande opplæring skal bli meir fleksibel, og betre tilpassa vaksne. Sjå omtale av Meld. St. 21 (2020–2021) i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Kompetanseprogrammet

Kompetanseprogrammet samordnar og styrker sentrale verkemiddel i kompetansereforma. Kompetanseprogrammet har fire programområde:

  1. tilskot til fleksible vidareutdanningstilbod

  2. treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

  3. utprøvingar av insentivordningar for livslang læring

  4. Kompetansepluss

Bransjeprogramma er ein viktig del av kompetansereforma. I 2019 etablerte regjeringa bransjeprogram for industri- og byggenæringa og kommunal helse og omsorg. Gjennom Utdanningsløftet 2020 har regjeringa styrkt bransjeprogramma, med mål om å treffe ledige og permitterte som var råka av den økonomiske krisa som følgde pandemien. I samråd med partane i arbeidslivet utvida regjeringa ordninga med åtte nye bransjar i 2020:

  • elektro-, automasjon-, fornybar- og kraftindustrien

  • reiselivsnæringa

  • detalj- og faghandelen

  • mat- og drikkevareindustrien

  • anleggsbransjen

  • frisørnæringa

  • olje-, gass- og leverandørindustrien

  • maritim næring

Det blei òg løyvd midlar til kompetanseløft for utsette industriklynger og luftfarten i 2021.

Budsjettforslaget for 2022 gir rom for å vidareføre dei åtte bransjeprogramma som blei etablerte i 2020. I tillegg er det rom for å starte eit nytt bransjeprogram.

Sjå kap. 257 for nærare omtale av Kompetanseprogrammet.

Forsøk med modulstrukturert opplæring

Det er sett i gang tre delforsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne. Målet er ei fleksibel og meir effektiv opplæring for vaksne og at fleire vaksne tek grunnskuleopplæring og fag- eller sveinebrev. Forsøket blir gjennomført frå 2019 til 2023. I Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden varslar regjeringa at modulstrukturert opplæring skal bli hovudmodell for opplæring for vaksne.

Tilskot til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb

Som ein del av Utdanningsløftet 2020 fekk fylkeskommunane eit tilskot til ordninga Fagbrev på jobb slik at fleire kan ta eit fagbrev i kombinasjon med arbeid. Fylkeskommunane melder om stor etterspurnad etter ordninga og at opplæringa treffer målgruppa på ein god måte. Departementet foreslår derfor å vidareføre tilskotet i 2022. Sjå omtale av tiltaket under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Tilbod om å ta eit fagbrev for personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse

Fullført vidaregåande opplæring gir ikkje alle ei varig og god tilknyting til arbeidslivet. Mange med fullført vidaregåande opplæring har behov for å rekvalifisere seg gjennom ei fagutdanning. Dette gjeld både personar som er studieførebudde og personar som allereie har ei fagutdanning frå vidaregåande opplæring. Regjeringa har i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden varsla at det skal innførast ein yrkesfagleg rekvalifiseringsrett som gir alle med fullført studie- eller yrkeskompetanse rett til å oppnå ein ny yrkeskompetanse. Som ein del av Utdanningsløftet 2020 blei det i statsbudsjettet for 2021 etablert eit tilskot for å gi personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, tilbod om å ta eit fagbrev. Tilskotet blir trappa opp i budsjettforslaget for 2022. Sjå omtale av tiltaket under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Tilbod om å fullføre vidaregåande opplæring for personar som ikkje har rett til opplæringa

Som ein del av Utdanningsløftet 2020 blei det hausten 2020 etablert eit tilskot til fylkeskommunane for å gi vidaregåande opplæring til permitterte og ledige som ikkje har rett til opplæringa. Tilskotet er vidareført til 2021. Det er lagt til grunn at tilskotet skal gi 5 000 personar moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2021 informerte departementet Stortinget om at erfaringane så langt tilsa at etterspurnaden blant permitterte og ledige er lågare enn det som blei lagt til grunn. Vaksne som manglar studie- eller yrkeskompetanse, har ofte låg utdanningsmotivasjon. I tillegg er det relativt få permitterte som ønsker å ta utdanning medan dei ventar på å kome tilbake i arbeid. Derfor blei sysselsette utan fullført vidaregåande opplæring og utan rett til opplæringa inkluderte i målgruppa for tilskotet. Utvidinga er òg i tråd med den utvida retten til vidaregåande opplæring som er varsla i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører for verden og fremtiden.

I kommuneproposisjonen for 2022 varsla regjeringa at det blir teke sikte på å vidareføre tilskot til tilbod for personar utan rett til vidaregåande opplæring fram til den utvida retten til vidaregåande opplæring etter planen trer i kraft hausten 2023. Departementet foreslår å vidareføre tilskotet til tilbod om å fullføre vidaregåande opplæring for personar som ikkje har rett til opplæringa, i 2022, jf. programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Karriereveiledning.no – digital teneste for karriererettleiing

Den digitale tenesta for karriererettleiing, karriereveiledning.no, blei lansert hausten 2020 og skal supplere tilboda om karriererettleiing ved karrieresentera i fylka. Tenesta omfattar mellom anna ei teneste for e-rettleiing der ein kan få profesjonell karriererettleiing via chat eller telefon.

Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Regjeringa ønsker at det skal bli mogleg for fleire å ta del i høgare yrkesfagleg utdanning. Fagskulane bidreg til å utdanne kandidatar med ein kompetanse som arbeidslivet etterspør. Stortinget vedtok midlar til 1 600 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning i 2020 og 500 nye studieplassar til Industrifagskolen i 2021. Departementet foreslår i 2022 å løyve midlar til ei vidareføring og opptrapping av løyvinga til studieplassane som blei oppretta i 2020 og ei vidareføring av studieplassane til Industrifagskolen. Sjå omtale under programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning.

Fleksible utdanningar ved fagskular, høgskular og universitet

Gjennom kompetansereforma forventar regjeringa at utdanningsinstitusjonane tilpassar tilboda sine i tråd med den kompetansen samfunnet har behov for, at dei prioriterer livslang læring og fleksible utdanningstilbod, og at fleire får tilgang til å oppdatere kompetansen sin gjennom vidareutdanning. I oppfølginga av Strategi for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskular, høgskular og universitet foreslår regjeringa å trappe opp dei søknadsbaserte midlane til fleksible utdanningar. Vidare vil regjeringa utvikle heildigitale utdanningstilbod. I 2022 skal fleire søknadsbaserte ordningar for fleksible utdanningstilbod bli samordna i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, jf. Meld. St. 16 (2020–2021) Utdanning for omstilling – Økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanning. Sjå omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

Meir fleksible ordningar for utdanningsstøtte

Regjeringa ønsker å gjere utdanningsstøtteordningane i Lånekassen meir fleksible, slik at personar som ønsker å utvikle kompetansen sin, har økonomi til å gjere det. Høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning skal bli meir tilgjengeleg ved å tilby fleire kortare og moduliserte utdanningar. Utdanningsstøtteordningane må følge denne utviklinga. Regjeringa har derfor gjennomført fleire endringar for å gjere utdanningsstøtta frå Lånekassen meir tilgjengeleg og relevant for vaksne. I statsbudsjettet for 2022 foreslår departementet å endre utdanningsstøtteordningane slik at kortare utdanningsløp kan gi rett til lån frå studieåret 2023–24. Sjå omtale av tiltaket under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Betre moglegheiter til å ta utdanning for arbeidsledige og permitterte

Stortinget vedtok i juni 2021, etter forslag frå regjeringa, endringar i folketrygdlova som gir utvida moglegheiter for å ta utdanning medan ein får dagpengar, jf. Prop. 170 L (2020–2021) og Innst. 522 L (2020–2021). Endringane gir arbeidsledige og permitterte betre og meir føreseielege moglegheiter for finansiering av utdanning. Endringane er særleg retta mot ledige og permitterte som ikkje har fullført grunnskule og vidaregåande opplæring.

Arbeids- og sosialdepartementet og Kunnskapsdepartementet har teke eit initiativ for å betre samarbeidet mellom fylkeskommunane og Nav for at ledige og personar med nedsett arbeidsevne skal få betre tilgang til fag- og yrkesopplæring. I tillegg skal Nav etablere opplæringskoordinatorar ved alle fylkeskontor (fire stillingar i kvart fylke) for mellom anna å gi råd om ulike moglegheiter i utdanningssystemet. Arbeids- og velferdsdirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet fekk i 2021 i oppdrag å identifisere og spreie kunnskap om god praksis og å utvikle nye løysningar.

Andre tiltak

Departementet oppretta Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) 1. juli 2021 gjennom ei samanslåing av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku), Kompetanse Noreg, Universell og delar av Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, i tillegg til nokre oppgåver frå Norsk senter for forskingsdata AS (NSD). Eit nytt, felles direktorat vil gjere det enklare å sjå kompetansepolitikken i samanheng på tvers av sektor og nivå.

Regjeringa har utvikla strategien Integrering gjennom kunnskap. Regjeringas integreringsstrategi 2019–2022. Integreringsstrategien har som mål å få fleire innvandrarar i arbeid gjennom betre kvalifisering og utdanning. Sjå omtale under programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Våren 2021 la regjeringa fram Meld. St. 16 (2020–2021) Utdanning for omstilling – Økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanning, der det blir lagt vekt på målet om at universiteta og høgskulane utdannar kandidatar som møter dagens kompetansebehov og samtidig kan bidra til å utvikle framtidas arbeidsliv. Sjå omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

Kap. 251 22. juli-senteret

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

17 185

15 714

17 695

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

10 000

Sum kap. 251

17 185

15 714

27 695

22. juli-senteret formidlar kunnskap om terrorangrepet i Regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011. Senteret skal gjennom utstillingar, undervisning og andre pedagogiske opplegg forvalte minnet om terrorangrepet og setje det inn i ein historisk og samtidig kontekst. Senteret skal legge til rette for diskusjon og refleksjon om 22. juli 2011 og tema som hat, vald og ekstremisme, nasjonalt og globalt. Målgruppa for senteret er skuleklassar frå ungdomsskuletrinna og oppover, lærarar og lærarstudentar og allmenta.

Post 01 Driftsutgifter og Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

Mål for 2022

Måla for 22. juli-senteret for 2022 er:

  • Elevar, lærarar og lærarstudentar lærer om og reflekterer over terrorangrepet 22. juli 2011 og tilgrensande tematikk.

  • Læringsressursane til 22. juli-senteret er tilgjengelege for befolkninga i heile landet.

  • 22. juli-senteret dokumenterer, bevarer og formidlar relevante perspektiv og gjenstandar knytte til terrorangrepet 22. juli 2011.

Resultat i 2020

Hovudprioriteten i 2020 var etablering og opning av 22. juli-senteret i mellombelse lokale i Teatergata 10 i Oslo. Covid-19-pandemien førte til at opninga av mellombelse lokale blei utsett frå mars til juni. Utstillinga Samtalen om 22. juli opna 26. juni og har som mål å utvide og inkludere fleire i den offentlege samtalen om 22. juli og opne for refleksjonar om årsakene, konsekvensane og livet etter terrorangrepet. Undervisning og formidling til elevar og allmenta og arbeid med å etablere permanente lokale for 22. juli-senteret var òg sentrale oppgåver.

Talet på elevar som besøker senteret, har vore stigande sidan opninga i 2015, men pandemien og smittevernrestriksjonar gav låge besøkstal i 2020, jf. tabell 4.20. 22. juli-senteret har, i dei periodane det har vore mogleg, prioritert skulebesøk i kvardagen og andre besøkande i helgane. Dei har òg utvida det digitale tilbodet til skular og elevar.

Senteret har vidareutvikla eit filmprosjekt der etterlatne blir intervjua om korleis det er å leve med konsekvensane av 22. juli i dag. 22. juli-senteret har i 2020 gjennomført seminar og foredrag for lærarstudentar, både i senteret og i læringsinstitusjonane.

Tabell 4.20 Talet på besøkande ved 22. juli-senteret i perioden 2016–20

2016

2017

2018

2019

2020

Elevar

5 220

7 014

11 646

9 636

801

Andre besøkande

31 261

25 762

30 331

31 432

3 035

Totalt

36 481

32 776

41 977

41 068

3 8361

1Senteret var stengt i store delar av 2020 på grunn av covid-19-pandemien.

Kjelde: 22.-juli-senteret

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 17,7 mill. kroner på post 01 og 10 mill. kroner på post 45.

I løyvingsforslaget for post 01 er det teke omsyn til følgande rammeoverføringar:

  • ein auke på 1,9 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, kap. 510, post 22, som følge av at senteret skal overta ansvaret for husleiga frå Tryggings- og serviceorganisasjonen for departementa (DSS).

  • ein reduksjon på 0,1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på budsjettet til Finansdepartementet, kap. 1605, post 01, for å dekke auka utgifter til lønns- og rekneskapstenester frå Direktoratet for økonomistyring (DFØ).

I samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2018–2019) Nytt regjeringskvartalhar Stortinget gjennom oppmodingsvedtak bedt regjeringa sørge at 22. juli-senteret blir reetablert permanent i tilknyting til tidlegare lokale ved Høgblokka i regjeringskvartalet. For å få eit godt senter som òg tek omsyn til tryggleikskrava rundt Regjeringskvartalet, vil det bli etablert ein ny underetasje og ekstern inngang til senteret. Byggeprosjektet har ei samla kostnadsramme på 483 mill. kroner, og ei styringsramme på 407 mill. kroner. I tillegg kjem 82 mill. kroner til inventar og brukarutstyr og til å etablere utstilling, jf. forslag til vedtak V. Det er òg lagt til grunn utgifter på 4 mill. kroner til kunstnarisk utsmykking gjennom KORO.

Regjeringa foreslår ei startløyving på totalt 102,7 mill. kroner i 2022. Av det går 92,3 mill. kroner til oppstart av byggeprosjektet og blir løyvd over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, kap. 2445, post 31. Det blir foreslått 0,4 mill. kroner til kunstnarisk utsmykking over kap. 530, post 36 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet, medan departementet foreslår 10 mill. kroner til utstyr som ein del av budsjettramma til senteret, på ein nyoppretta post 45 under kap. 251.

Løyvinga på post 01 er redusert med 0,3 mill. kroner som følge av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inkludert arbeidsgivaravgift, er redusert tilsvarande, jf. nærare omtale under kap. 1 i del I.

Kap. 253 Folkehøgskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Tilskot til folkehøgskular

1 023 066

987 051

1 039 311

71

Tilskot til Folkehøgskolerådet

5 377

5 549

5 693

72

Tilskot til Nordiska folkhögskolan

686

708

726

Sum kap. 253

1 029 129

993 308

1 045 730

Post 70 Tilskot til folkehøgskular

Folkehøgskular er eit skuleslag der den faglege, personlege og sosiale utviklinga til elevane står i sentrum. Sidan 2013 har seks nye folkehøgskular blitt godkjende for oppstart. I dag er det 83 folkehøgskular fordelte på alle fylka i landet, men det er ulikt kor godt utbygd tilbodet er. Tilboda er hovudsakleg eittårige, og elevane bur på internat på skulen. Folkehøgskulane har fagleg og pedagogisk fridom og fastset sitt eige verdigrunnlag.

Trass i at folkehøgskulane speler ei viktig rolle i utdanningstilbodet, er det lite systematisert kunnskap om innhaldet og kvaliteten i folkehøgskulane og om elevane som går der. Folkehøgskulesektoren har dessutan dei siste åra jamleg uttrykt eit ønske om å bidra til å løyse ulike samfunnsutfordringar. Regjeringa meiner at det er behov for ein større diskusjon om kva samfunnsoppdraget til folkehøgskulane skal vere. Våren 2021 blei det derfor sett ned eit offentleg utval som skal gå gjennom heile folkehøgskulesektoren. Utvalet skal greie ut rolla til folkehøgskulane i utdanningssystemet og vurdere kva for rammevilkår som kan bidra til at folkehøgskulane kan fylle denne rolla. Det er òg behov for å vurdere kva som kjenneteiknar god fagleg kvalitet, og korleis ein kan vidareutvikle og sørge for høg fagleg kvalitet ved folkehøgskulane. Dessutan skal utvalet vurdere behovet for kunnskap om folkehøgskulane, utdanningane og elevane som går der, og korleis ein kan sikre eit oppdatert kunnskapsgrunnlag framover. Utvalet skal òg vurdere innrettinga på godkjenningsordninga, slik at det blir meir føreseieleg for dei som søker, kva som skal til for å bli godkjend.

Stortinget slutta seg våren 2020 til forslaget frå departementet om naudsynte endringar i folkehøgskulelova, slik at kortare kurs som blir haldne etter 1. januar 2021, ikkje vil inngå i berekninga av tilskot dei påfølgande åra, jf. Prop. 96 L (2019–2020) og Innst. 302 L (2019–2020). Kortare kurs utløyser framleis statstilskot dersom dei rettar seg mot personar med dokumentert redusert funksjonsevne og deira næraste, innvandrarungdom dersom kursa har eit klart definert integreringsformål, eller ungdom som har falle ut av skule og arbeidsliv.

Mål for 2022

Målet med tilskotet er å fremje allmenndanning og folkeopplysning.

Resultat i 2020

Folkehøgskulane heldt våren 2020 stengt frå midten av mars og ut semesteret på grunn av covid-19-pandemien. Elevane fekk fjernundervisning resten av semesteret. Løyvinga på posten blei auka med 65 mill. kroner i 2020 som kompensasjon for redusert elevbetaling i perioden folkehøgskulane var stengde, jf. Prop. 117 S (2019–2020). Det blei løyvd ytterlegare 10 mill. kroner i kompensasjon for dei meirutgiftene folkehøgskulane hadde som følge av covid-19-pandemien, jf. Prop. 44 S (2020–2021).

Tabell 4.21 viser utviklinga i talet på folkehøgskuleelevar frå 2017 til 2020. Etter ein auke i elevtalet ved folkehøgskulane dei siste åra gjekk talet på elevar noko ned i 2020. Medan talet på elevar på langkurs var om lag som året før, gjekk talet på elevar på kortkurs monaleg ned. Fleire av kortkursa som var planlagde i 2020, blei ikkje sette i gang på grunn av covid-19-pandemien. I tillegg har det vore ein generell nedgang i talet på elevar på kortkurs dei seinare åra. Dette kjem av at berre eit fåtal av kortkursa gir rett til statstilskot frå 2021. Kortkursa som blei gjennomførte i 2020, er dei siste som vil inngå i grunnlaget for berekning av tilskot, med nokre unntak, som omtalt over.

Tabell 4.21 Elevtal i folkehøgskulane

2017

2018

2019

2020

Elevar med langkurs (vår og haust) (16,5–33 veker)

14 905

15 068

15 250

15 118

Elevar med kortkurs (2–94 dagar)

15 572

13 002

12 136

5 233

Sum elevar

30 477

28 070

27 386

20 351

Årselevar langkurs

7 551

7 632

7 775

7 703

Årselevar kortkurs

610

526

497

227

Sum årselevar

8 161

8 158

8 272

7 930

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve om lag 1 mrd. kroner på posten.

I 2020 førte covid-19-pandemien til fleire avlyste kortkurs. Innanfor løyvinga på posten vil det bli omfordelt om lag 2,6 mill. kroner for å kompensere for avlyste kortkurs ved folkehøgskulane i 2020. Midlane blir fordelte til skular der kortkurselevar utgjorde meir enn 10 pst. av årselevane i 2019, som hadde meir enn fem årselevar på kortkurs i 2019 og ein dokumentert nedgang i årselevar på kortkurs frå 2019 til 2020 på meir enn 30 pst. Folkehøgskular som oppfyller desse vilkåra, vil bli kompenserte for 70 pst. av nedgangen frå 2019 til 2020. Kompensasjonen vil bli gitt som ei justering av tilskotsgrunnlaget. Justeringa vil inngå i tilskotsgrunnlaget for 2022, 2023 og 2024.

I samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2020 løyvde Stortinget 750 000 kroner til oppstartstilskot for Øyrekka folkehøgskole, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Departementet foreslår å løyve 5,2 mill. kroner til oppstart hausten 2022.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 6,6 mill. kroner til oppstart av Stavanger Urban Folkehøgskole frå hausten 2022. Stavanger Urban Folkehøgskole blir lagt til eit område av landet med liten dekning av folkehøgskular.

Sjøholt folkehøgskole og Stord folkehøgskule starta opp med tilskot hausten 2021. Tilskotet får heilårseffekt i 2022, og departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 7,2 mill. kroner til Sjøholt folkehøgskole og 8,3 mill. kroner til Stord folkehøgskule.

Sjunkhatten folkehøgskole fekk i 2021 oppstartstilskot for tredje år på rad. Oppstartstilskot blir vanlegvis berre gitt for eitt år. Som varsla i Prop. 1 S (2020–2021) foreslår ikkje departementet å vidareføre oppstartstilskotet i 2022.

Post 71 Tilskot til Folkehøgskolerådet

Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskulane. Rådet har eit fast sekretariat. Folkehøgskolerådet tek hand om fellesoppgåver for folkehøgskulane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet.

Mål for 2022

Folkehøgskolerådet skal fremje kunnskap om og utvikling av folkehøgskulane.

Resultat i 2020

Det blei gitt eit tilskot på 5,4 mill. kroner til Folkehøgskolerådet i 2020. Rådet hadde fellesoppgåver for folkehøgskulane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Folkehøgskolerådet fremjar utvikling av folkehøgskulane mellom anna gjennom eit godt samarbeid med departementet og andre offentlege aktørar. Folkehøgskolerådet var ein viktig samarbeidspartnar for departementet i handteringa av konsekvensane covid-19-pandemien hadde for folkehøgskulesektoren.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 5,7 mill. kroner på posten.

Post 72 Tilskot til Nordiska folkhögskolan

Nordiska folkhögskolan i Kungälv blei etablert i 1947 for å fremje demokratiske verdiar og styrke samhaldet i Norden.

Mål for 2022

Tilskotet skal bidra til drift av nordisk folkehøgskuleverksemd.

Resultat i 2020

Det blei gitt eit tilskot på 686 000 kroner til skulen i 2020 for å støtte drifta av Nordiska folkhögskolan, inkludert utgifter til norske gjestelærarar. Som følge av covid-19-pandemien var store delar av undervisninga i 2020 fjernundervisning.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 0,7 mill. kroner på posten.

Kap. 254 Studieforbund mv.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Tilskot til studieforbund

219 641

68 920

70 712

73

Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar

13 236

3 510

3 601

Sum kap. 254

232 877

72 430

74 313

Tilskotet til studieforbund og frivillige organisasjonar legg til rette for at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring også utanfor det formelle utdanningssystemet.

Post 70 Tilskot til studieforbund

Tilskotet bidreg til å finansiere opplæring i regi av frivillig sektor og skal redusere opplæringskostnadene for deltakarane.

Tilskotet til studieforbund blei delt mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet i statsbudsjettet for 2021. Frå og med 2021 får Studieforbundet Folkeuniversitetet, Akademisk Studieforbund, Studieforbundet AOF Norge og Studieforbundet næring og samfunn tilskot over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, medan dei andre ti studieforbunda får tilskot over budsjettet til Kulturdepartementet. Tilskotsordninga skal evaluerast innan fem år etter at endringane er sette i verk, for å identifisere eventuelle utilsikta konsekvensar av delinga.

Ein mindre del av tilskotet kan nyttast til å refundere kostnader til opplæring i samisk språk som blir gjennomført av godkjende studieforbund eller nettskular, jf. forskrift til samelova om rett til opplæring i samisk.

Mål for 2022

Målet med tilskotet er at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring også utanfor det formelle utdanningssystemet, jf. § 1 i lov om vaksenopplæring. Tilskotet skal bidra til å redusere utanforskap og fremje inkludering.

Tilskotet skal bidra til at studieforbunda kan drive opplæringsaktivitet i samsvar med eitt eller fleire av dei overordna måla for studieforbundsordninga, jf. vaksenopplæringslova § 4.

Resultat i 2020

14 studieforbund oppfylte krava for å få tilskot i 2020. Aktiviteten i studieforbunda har samla sett vore stabil sidan 2014, men det er store årlege variasjonar for einskilde forbund. Talet på kurstimar i studieforbunda har halde seg relativt stabilt dei siste åra, men aktiviteten i 2020 var lågare enn vanleg på grunn av covid-19-pandemien. Ein større del av kursa blei gjennomført digitalt.

Av alle deltakarane i 2020 var 28 pst. i aldersgruppa 14–29 år, 27 pst. i aldersgruppa 30–49 år, og 45 pst. var 50 år eller eldre. Som i tidlegare år var det flest kvinner som deltok på kurs i regi av studieforbunda i 2020. Kurs innanfor estetiske fag og handverksfag er framleis mest populære. Musikkens studieforbund rapporterte om flest studietimar, dernest Studieforbundet Folkeuniversitetet og Studieforbundet kultur og tradisjon.

Fleire studieforbund framhevar i årsmeldinga at dei når måla sine i opplæring retta mot særskilde målgrupper, til dømes tilbod til ufaglærte og integreringstiltak og norskopplæring for innvandrarar og flyktningar.

Tabell 4.22 Aktivitet og deltaking i studieforbunda 2015–20

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Deltakarar

507 909

504 898

522 458

478 548

485 173

373 693

Kurs

44 672

45 065

44 547

43 338

44 398

34 838

Kurstimar

1 390 852

1 419 864

1 398 638

1 389 842

1 401 245

960 223

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 70,7 mill. kroner på posten. Berekninga av tilskot til det einskilde studieforbundet vil bli justert for å ta omsyn til at aktiviteten i studieforbunda var sterkt påverka av covid-19-pandemien i 2020.

Dei fire studieforbunda som frå 2021 får tilskot over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, får eit eige tilskot til samarbeid. Tilskotet blir delt likt mellom dei fire studieforbunda, og samarbeidstilskotet inngår ikkje i grunntilskotet som kan nyttast til administrasjon. Studieforbunda kan sjølve bestemme om tilskotet skal nyttast til kontingent til eit fellesorgan eller til andre samarbeidsstrukturar.

Post 73 Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar

Fleksibel utdanning Norge (FuN) er fellesorganet for dei offentleg godkjende nettskulane. Tilskotet skal bidra til drift av FuN, slik at dei kan gjere nettskulane betre i stand til å tilby vaksne fleksibel og brukartilpassa opplæring av høg kvalitet.

I samband med at tilskotet til studieforbund blei delt mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet frå 2021, jf. omtale under kap. 254, post 70, blei tilskotet under kap. 254, post 73 også delt. Tilskotet til Voksenopplæringsforbundet (VOFO) som var knytt til studieforbunda som no får tilskot over budsjettet til Kulturdepartementet, blei flytta til Kulturdepartementet. Den delen av tilskotet som var knytt til studieforbunda som no får tilskot over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, blei flytta til kap. 254, post 70, jf. omtale under den posten.

Mål for 2022

FuN skal arbeide for meir kunnskap om og utvikling av vaksenopplæring som blir gitt gjennom medlemsorganisasjonane. Dette inkluderer fellesoppgåver for organisasjonane som til dømes aktivitetsrapportering frå nettskular.

Resultat i 2020

VOFO er ein interesseorganisasjon for dei 14 godkjende studieforbunda og dei 497 medlemsorganisasjonane deira. VOFO har i 2020 gjort ein samordningsinnsats for studieforbunda ved å etablere ein ny felles tilskotsportal, for å forbetre kvaliteten og prosessen for innrapportering av kurstimar. Året 2020 var ekstraordinært på grunn av koronasituasjonen, og VOFO jobba for at studieforbunda skulle få den nødvendige fleksibiliteten til å kunne halde oppe eit vaksenopplæringstilbod under pandemien. Det blei mellom anna laga felles retningslinjer for smittevern for studieforbunda.

FuN har til saman 49 medlemmer på feltet fleksibel utdanning og digitale læringsformer. Medlemmene er godkjende nettskular, universitet, høgskular og andre verksemder. Covid-19-pandemien prega medlemskontakten og nettverksarbeidet til FuN i 2020. Det blei gjennomført fleire digital arrangement.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 3,6 mill. kroner på posten til tilskot til Fleksibel utdanning Norge.

Kap. 255 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

75

Det europeiske Wergelandsenteret

10 740

77

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

99 211

Sum kap. 255

109 951

Kunnskapsdepartementet gir tilskot til sju freds- og menneskerettssenter. Freds- og menneskerettssentera er uavhengige stiftingar som arbeider med dokumentasjon av, forsking på og formidling av demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord. I statsbudsjettet for 2021 blei tilskotet til freds- og menneskerettssentera flytta til programkategori 07.20 Grunnopplæringa, jf. kap. 224, post 70 og 71. Samstundes blei forvaltninga av tilskotet til dei seks sentera som får tilskot over kap. 224, post 70, overført frå Kompetanse Noreg til Utdanningsdirektoratet.

Mål for 2022 og budsjettforslag for 2022 for løyvinga er omtala under kap. 224, post 70 og 71. Resultata for 2020 for sentera er omtala under.

Post 75 Det europeiske Wergelandsenteret

Det europeiske Wergelandsenteret (EWC) samarbeider med Europarådet om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap. Sjå også Innst. S. nr. 9 (2008–2009) og St.prp. nr. 86 (2007–2008) Om samtykke til inngåelse av samarbeidsavtale av 16. september 2008 mellom Norge og Europarådet om Det europeiske ressurssenteret for opplæring i interkulturell forståelse, menneskerettigheter og demokratisk medborgerskap.

Resultat i 2020

Over 10 000 lærarar, skuleleiarar og unge formidlarar har fått opplæring direkte gjennom EWC-prosjekt i 2020, ein auke på 65 pst. frå 2018 og nesten på nivå med 2019. EWC nådde meir enn 70 000 personar gjennom aktivitetane sine.

EWC har utvikla digital opplæring for formidlarar og nettkurs for lærarar. 300 skular i Europa deltok i EWCs prosjekt, og det blei gjennomført over 600 digitale skulebesøk. EWC utvikla universitetskurs om praksisorientert demokratiundervisning og etablerte nasjonale og regionale nettverk.

EWC samarbeider tett med utdanningsmyndigheiter i fleire land, og har bidrege i ekspertgrupper drivne mellom anna av Europarådet og UNESCO.

Læringstilbodet om 22. juli og demokratisk statsborgarskap er eit samarbeid mellom Wergelandsenteret, 22. juli-senteret og Utøya AS. Gjennom åtte kurs deltok 150 elevar frå 29 skular frå Austlandet. Desse nådde 3 000 medelevar, foreldre og lærarar gjennom aktivitetane sine. EWC utvikla i lag med NTNU nye digitale læringsressursar og har inngått eit samarbeid med Europarådet om eit internasjonalt utdanningsprogram, som bygger på erfaringar frå læringstilbodet om 22. juli og demokratisk medborgarskap. Kunnskapsdepartementet bidrog med 5 mill. kroner i prosjektmidlar til læringstilbodet om 22. juli og demokratisk medborgarskap i 2020, jf. kap. 226, post 21.

Post 77 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

I 2020 blei det gitt tilskot til desse freds- og menneskerettssentera over posten:

  • Falstadsenteret (Ekne i Trøndelag)

  • Nansen Fredssenter (Lillehammer)

  • Narviksenteret (Narvik)

  • Raftostiftelsen (Bergen)

  • Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (Oslo)

  • Stiftelsen Arkivet (Kristiansand)

Resultat i 2020

Etterspurnaden etter tilboda frå freds- og menneskerettssentera om undervisning i demokratisk medborgarskap og Dembra (demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme) har auka som følge av fagfornyinga og nye læreplanar. Sentera har vore fysisk stengde i lange periodar i 2020 som følge av covid-19-pandemien. Dei utvikla derfor fleire digitale ressursar innanfor Dembra.

Om lag 18 000 elevar frå ungdomsskular og vidaregåande skular deltok i undervisningstilboda til freds- og menneskerettssentera i 2020. Totalt besøkte rundt 35 000 personar sentera i 2020, og det er mellom 50 og 60 pst. færre enn i 2019. Nedgangen i besøkstala kjem av covid-19-pandemien.

Sentera har likevel greidd å halde oppe høg aktivitet gjennom omstilling til digitale opplegg, og ved å vidareutvikle undervisningsopplegga for både fysisk og virtuell deltaking. Markeringar, foredrag og konferansar er gjennomførte som digitale sendingar eller som webinar. Arbeid med dokumentasjon, forsking og oppdatering av ulike register, har blitt styrkt.

Falstadsenteret har utvikla eit digitalt undervisningsopplegg for ungdomsskular og vidaregåande skular og gjennomført fleire heildagsopplegg rundt dette. Saman med Stiftelsen Arkivet har senteret lansert nettsida fanger.no, eit søkbart register over fangar under den andre verdskrigen.

Nansen Fredssenter nytta digitale og fysiske møteplassar i gjennomføringa av Afghanistanveka, eit samarbeid med mellom andre PRIO. Senteret la til rette for dialogen mellom medlemmene i Al-Noor-moskeen i Bærum etter terrorangrepet i 2019.

Narviksenteret har sikra dokumentasjonsgrunnlaget og utført feltarbeid i Narvikfjella for å sikre restar etter kampane i området våren 1940. Senteret har òg publisert artiklar på forskning.no.

Raftostiftelsen utvikla Den digitale rettighetstanken for å kunne drive digital heimeskule, men senteret har òg reist ut til skular og gjennomført undervisning. Senteret har utvikla ei pedagogisk plattform som dei kallar «Rafto-modellen».

Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoriteter har jobba tverrfagleg med opningsutstillinga om kvardagsrasisme i det nye tilbygget MINO. Senteret har jobba med vidareutvikling av dembra.no, omsetjing av dembra.no til nordsamisk og følgt opp dembra-rettleiarane ved dei andre sentera.

Stiftelsen Arkivet strøymde digitale markeringar av russarfangane sin dag, motstandskampens dag, frigjeringsdagen og krigsseglardagen. Undervisningsopplegget «Val og verdiar» blei utvikla som eit digitalt tilbod, som også opnar for besøk frå skular utanfor Agder fylke.

Kap. 256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

116 086

119 365

363 046

21

Særskilde driftsutgifter

6 509

9 042

11 931

Sum kap. 256

122 595

128 407

374 977

Kunnskapsdepartementet oppretta Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) 1. juli 2021 gjennom ei samanslåing av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku), Kompetanse Noreg, Universell og delar av Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, i tillegg til nokre oppgåver frå Norsk senter for forskingsdata AS (NSD). HK-dir vil òg få oppgåver frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Det nye direktoratet har forvaltningsoppgåver innanfor høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk.

Opprettinga av HK-dir skal foreine kunnskap og verkemiddel for at utdanning og opplæring av høg kvalitet er tilgjengeleg for alle heile livet. Samanslåinga inneber auka forventningar til kvaliteten i kunnskapsgrunnlag, verkemiddel og råd om politikkutvikling, og effektiviteten i forvaltninga. Regjeringa tek sikte på å hente ut økonomiske gevinstar for delar av forventa effektivisering i 2023 og 2024, samstundes som resterande gevinstar blir att i direktoratet for å styrke prioriterte oppgåver og funksjonar. Det blir lagt til grunn eit uttak av økonomisk gevinst på 3 mill. kroner i 2023 og ytterlegare 3 mill. kroner i 2024.

Løyvingane over kap. 256 finansierer ordinære driftsoppgåver i HK-dir. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvar for, men som blir finansierte over andre budsjettkapittel. HK-dir har ansvaret for å forvalte tilskotsordningar og tiltak under kap. 225, 240, 241, 254, 257, 258, 270, 272 og 292 og ordningar under budsjetta til Kulturdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Mål for 2022

Departementet har fastsett dei overordna måla for 2022 nedanfor. I statsbudsjettet for 2023 vil departementet presentere ein langsiktig målstruktur for HK-dir.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse skal vere med på å løfte kompetansen i befolkninga og bidra til eit berekraftig og omstillingsdyktig samfunn gjennom desse måla:

  1. Kompetansepolitikken og politikken for høgare utdanning er heilskapleg og godt samordna, og utvikla i ein internasjonal kontekst.

  2. Utdanning, opplæring og karriererettleiing av høg kvalitet er tilgjengeleg for alle uavhengig av bakgrunn, kompetansenivå og funksjonsevne.

  3. Myndigheiter, utdanningstilbydarar, arbeidslivet og den einskilde har eit godt kunnskapsgrunnlag for avgjerdene sine om investering i utdanning og kompetanseutvikling.

  4. Innvandrarar og utsette grupper i arbeidsmarknaden får kompetansetiltak som medverkar til at fleire deltek i arbeids- og samfunnslivet.

Resultat i 2020

Rapporteringa gjeld Kompetanse Noreg. Rapportering for andre tidlegare verksemder som inngår i HK-dir står under kapitla og postane for desse verksemdene.

Covid-19-pandemien førte til at mange blei permitterte og arbeidsledige i 2020. Det gav auka behov for kompetanse og omstilling. Kompetansepolitikken er ein sentral del av krisehandteringa til regjeringa, og Kompetanse Noreg hadde ei viktig rolle i dette arbeidet i 2020. Ei rekke av dei større tiltaka som Kompetanse Noreg har arbeidd med i 2020, er finansierte over kap. 258, post 21 og kap. 292, postane 21 og 22, og dei er omtala under desse postane.

Kompetansepolitikken er heilskapleg og samordna

Som svar på pandemien blei kompetansepolitikken meir samordna, og samarbeidet meir forpliktande. Kompetanse Noreg, saman med Diku, NOKUT og Utdanningsdirektoratet, samordna kompetanseutviklingstiltak retta mot arbeidsledige og permitterte gjennom Utdanningsløftet 2020. Kompetanse Noreg har òg samarbeidd tett med partane i arbeidslivet, mellom anna i etableringa av åtte bransjeprogram for å auke deltakinga i kompetanseutvikling i utvalde bransjar.

Kompetanse Noreg har utvikla ulike kompetansetiltak for dei som er ramma av endringane på arbeidsmarknaden, og analysert korleis verksemder inkluderer personar med «hòl i cv-en» eller nedsett arbeidsevne. Direktoratet har greidd ut om samanhengen mellom kompetanse og helseutfordringar, og peika på korleis kompetansetiltak kan medverke til å førebygge fråvær og utanforskap.

Livslang læring er tilgjengeleg for alle uavhengig av kompetansenivå og behov

Gjennom treparts bransjeprogram, fleksible vidareutdanningstilbod og tilskot til fylkeskommunane for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring, har Kompetanse Noreg i 2020 fått på plass ei rekke tilbod som skal gjere det enklare å styrke kompetansen, for både ledige, permitterte og sysselsette.

Behovet for god karriererettleiing og utdannings- og yrkesinformasjon har auka under pandemien. Kompetanse Noreg har vidareutvikla og betra både kvaliteten på og tilgangen til desse tenestene. I 2020 overtok Kompetanse Noreg ansvaret for den mest brukte nettstaden for informasjon om utdanning og yrke, utdanning.no. Utdanning.no hadde 10,5 mill. vitjingar og 31 mill. sidevisningar i 2020. Som ein del av krisetiltaka blei lanseringa av den digitale karriererettleiingstenesta karriereveiledning.no framskunda. Tilbodet blei lansert i september 2020.

Nykomne innvandrarar får læringstiltak som bidreg til auka deltaking i arbeids- og samfunnslivet

Integreringsstrategien til regjeringa Integrering gjennom kunnskap (2019–2022), har vore styrande for Kompetanse Noregs arbeid og prioriteringar på integreringsfeltet også i 2020. Kompetanse Noreg har bidrege aktivt i det førebuande arbeidet med utvikling av ny integreringslov. Saman med IMDi utvikla Kompetanse Noreg standardiserte element til bruk i introduksjonsprogrammet for å bidra til god kvalitet for deltakarane. På bakgrunn av ny integreringslov og endra krav som følge av den nye lova har Kompetanse Noreg hatt ansvar for å revidere læreplanen i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Norskprøve på høgare akademisk nivå, C1-prøven, blei lansert i 2020. Prøvegjennomføringa i 2020 blei påverka av covid-19-pandemien. Utvida prøveperiodar har vore til hjelp, men samanlikna med 2019 blei det likevel avlagt færre delprøvar i norsk og samfunnskunnskap i 2020. Talet på avlagde statsborgarprøvar og prosentdelen kandidatar som bestod prøven, auka samanlikna med 2019. Auken i talet på prøvar kan vere eit resultat av at det blei opna for dobbelt statsborgarskap frå 1. januar 2020.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 363 mill. kroner på post 01 og 11,9 mill. kroner på post 21.

Etableringa av HK-dir fører til behov for ei rekke flyttingar av midlar til kap. 256, mellom anna frå postar der verksemder som no er ein del av det nye direktoratet, blei finansierte før. Departementet foreslår desse flyttingane til post 01:

  • 8,1 mill. kroner frå kap. 241, post 21 til arbeid på fagskulefeltet, som arbeid med mellom anna kartlegging og tilrettelegging for fagskulestudentar med nedsett funksjonsevne, det samla opptaket til høgare yrkesfagleg utdanning og Nasjonal klagenemnd for høgare yrkesfagleg utdanning

  • 30,9 mill. kroner frå kap. 258, post 21, der 28,4 mill. kroner gjeld drifta av karriereveiledning.no og 2,5 mill. kroner gjeld drifta av kartleggingsverktøy for ferdigheitene til vaksne

  • 2,8 mill. kroner frå rammeløyvinga til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, jf. kap. 260, post 50, som dekker delar av drifta av pådrivararbeidet for universell utforming

  • 145,8 mill. kroner frå kap. 272, post 50, som gjeld verksemdskostnader til tidlegare Diku

  • 33,5 mill. kroner frå kap. 273, post 50 for gjennomføring og drift av det samordna opptaket i høgare utdanning, oppgåver innan digitalisering og informasjonstryggleik og midlar til husleige for tilsette i Universell. Det er i forslaget teke omsyn til og lagt til grunn ein økonomisk gevinst av omorganiseringa av den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet i 2018 som er fordelt mellom HK-dir og Unit

  • 2,3 mill. kroner frå kap. 275, post 21, av det gjeld 0,8 mill. kroner arbeidet for universell utforming, og 1,5 mill. kroner gjeld administrasjon av midlar til maritim utdanning

  • 13,2 mill. kroner frå kap. 275, post 70 til oppgåver frå Norsk senter for forskingsdata AS (NSD)

Departementet foreslår å flytte 2,2 mill. kroner til post 21 frå kap. 273, post 50 til prosjektmidlar for kunnskap om effekten av digital teknologi.

Etableringa av HK-dir inneber mellom anna at det må lagast felles kommunikasjonsplattformer, tekniske løysingar, administrative system med vidare. Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 6,3 mill. kroner for å bidra til å dekke omstillingskostnader i 2022.

I samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2021 blei det rammeoverført 0,5 mill. kroner frå kap. 272, post 50 på budsjettet til Kunnskapsdepartementet til Finansdepartementets kap. 1605, post 01 fordi Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) hadde inngått ein avtale med Direktoratet for økonomistyring (DFØ) om utvida lønns- og rekneskapstenester. Tilsvarande rammeoverføring må gjennomførast i 2022-budsjettet, men frå kap. 256, post 01, sidan Diku no inngår i HK-dir.

Departementet foreslår å flytte 0,6 mill. kroner til post 01 frå kap. 220, post 01, som følge av at nokre oppgåver innanfor områda vaksnes læring og kompetansemobilisering er flytta frå Utdanningsdirektoratet til Kompetanse Noreg, no HK-dir, frå 1. januar 2020.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med 2,3 mill. kroner fordi det er lagt til grunn ein økonomisk gevinst av omorganiseringa av den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet i 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og omtale i Prop. 85 S (2017–2018). 50 pst. av dette blir ført tilbake til sektoren, jf. omtale under kap. 258, post 21.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 21 med 4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 3256, post 01.

Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 8 mill. kroner til tiltak for å styrke rolla til HK-dir som pådrivar og koordinator for digitalisering av undervisning og vurdering ved universitet og høgskolar.

Departementet foreslår å auke løyvinga på post 21 med 4,5 mill. kroner til eit prosjekt om universell utforming av digitalt utstyr, digitale tenester og læringsformer ved universitet og høgskolar. Prosjektet skal vare ut 2025, i samsvar med den nye handlingsplanen til regjeringa for universell utforming.

Løyvinga på post 01 er redusert med 7,1 mill. kroner som følge av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inkludert arbeidsgivaravgift, er redusert tilsvarande, jf. nærare omtale under del I, kap. 1.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med 0,8 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien.

Departementet foreslår at løyvinga på kap. 256, post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Inntekter frå oppdrag

6 124

8 643

4 824

02

Salsinntekter o.a.

5 067

388

396

Sum kap. 3256

11 191

9 031

5 220

Inntektene på post 01 gjeld oppdragsverksemd for HK-dir. Inntektene på post 02 gjeld salsinntekter og refusjonar.

Rolla til Kompetanse Noreg, no HK-dir, som koordinator for Erasmus+-prosjektet Visible Skills of Adults (VISKA) er avslutta. Det inneber lågare utgifter og inntekter. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på post 01 med 4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 256, post 21.

Kap. 257 Kompetanseprogrammet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Særskilde driftsutgifter

7 250

70

Tilskot, kan overførast

134 136

376 134

305 873

Sum kap. 257

134 136

376 134

313 123

Regjeringa oppretta i 2020 Kompetanseprogrammet som samordnar sentrale verkemiddel i kompetansereforma. Partane i arbeidslivet er sentrale aktørar i vidareutviklinga av programmet, saman med representantar frå utdanningsinstitusjonane.

Programområda i Kompetanseprogrammet vil i utgangspunktet bli vidareførte i 2022, men programmet kan bli endra etter behov. Programområda er

  1. tilskot til fleksible vidareutdanningstilbod

  2. treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

  3. utprøvingar av insentivordningar for livslang læring

  4. Kompetansepluss

Midlane til Kompetanseprogrammet blei flytta frå kap. 258, post 21 til kap. 257, post 70 i statsbudsjettet for 2021, samstundes som ordninga Kompetansepluss blei lagd inn i programmet. Resultatrapportering for tilskot til fleksible vidareutdanningstilbod og treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling for 2020 er gitt under kap. 258, post 21.

HK-dir har fått i oppdrag å samordne dei ulike programma for fleksible utdanningstilbod som har blitt samla i direktoratet, inkludert tiltak under Kompetanseprogrammet.

Tilskot til fleksible vidareutdanningstilbod

Fleksible vidareutdanningstilbod rettar seg mot verksemder og arbeidstakarar som treng meir kompetanse som følge av digitalisering og andre krav til omstilling i arbeidslivet. Utdanningstilbydarane skal utvikle tilboda i tett samarbeid med arbeidslivet, som kjenner utfordringane og kompetansebehova best. Tilboda skal kunne gjennomførast i kombinasjon med tilnærma full jobb, for eksempel gjennom inndeling i modular, nettbasert opplæring og/eller samlingar.

Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

Treparts bransjeprogram er eit samarbeid mellom staten og partane i arbeidslivet. Målet med bransjeprogramma er at fleire skal delta på kurs og i vidareutdanning i dei bransjane som til kvar tid inngår i ordninga. Permitterte og ledige kan òg delta i kompetanseutvikling innanfor bransjeprogramma. Ordninga skal bidra til at bransjane får tilgang til relevant kompetanseutvikling. Partane i arbeidslivet er representerte i programområdestyre for kvart bransjeprogram.

Utprøvingar av insentivordningar for livslang læring

Kompetanseprogrammet legg til rette for utprøvingar av ulike insentivordningar for å auke etterspurnaden etter livslang læring. I første omgang vil det bli prøvd ut eit vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar. Fagarbeidarar tek mindre del i kompetanseutvikling enn høgt utdanna. Samstundes tyder forsking på at effekten av ordningar for kompetanseutvikling er større for dei som ikkje har høgare utdanning, og at det er gunstig å målrette slike ordningar mot personar med fagutdanning. Forsøket med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar startar opp i 2021, og skal gå over to år. Midlane til stipenda blir løyvde under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte, medan midlar til forsking og administrasjon av forsøket blir løyvde under kap. 257.

Kompetansepluss

Kompetansepluss er ei tilskotsordning for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i lesing/skriving, rekning, IKT, munnlege ferdigheiter og norsk eller samisk. Verksemder og frivillige organisasjonar kan søke om midlar gjennom ordninga.

Kompetansepluss består av ordningane Kompetansepluss arbeid, Kompetansepluss frivilligheit og prøveordninga med fagopplæring i Kompetansepluss. Kompetansepluss arbeid har som mål å nå små og mellomstore verksemder og ulike bransjar, særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning og er konjunkturutsette. Opplæringa skal vere praksisnær og relevant for arbeidssituasjonen til deltakarane. Gjennom Kompetansepluss frivilligheit kan fleire målgrupper ta del i opplæring i regi av frivillige organisasjonar. Målet er å gi vaksne som treng det, opplæring i grunnleggande ferdigheiter, slik at dei får styrkt moglegheitene sine til å delta i arbeids- og samfunnslivet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, og post 70 Tilskot, kan overførast

Mål for 2022

Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Resultat i 2020

I 2020 finansierte løyvinga berre Komptansepluss. Tabell 4.23 viser at det var ein nedgang i talet på søknader og søknadsbeløp innanfor Kompetansepluss i 2020 samanlikna med 2019. Nedgangen har truleg samanheng med covid-19-pandemien og dei betydelege tilskota som blei gitt gjennom Utdanningsløftet 2020. I utdelinga av tilskot til Kompetansepluss arbeid og Kompetansepluss frivilligheit har søknader som kombinerer opplæring i digitale ferdigheiter med andre grunnleggande ferdigheiter, blitt prioriterte. Sjå tabellane under, som gir meir informasjon.

Tabell 4.23 Kompetansepluss arbeid 2013–20 (beløp i mill. kroner)

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Omsøkt beløp

182,7

186,2

200,7

293,8

311,2

304,1

324,8

265,5

Tildelt beløp

104,3

141,8

162

220,2

197,0

184,0

154,1

162,4

Talet på søknader

461

600

651

947

1 135

1 050

1 220

945

Talet på innvilga søknader

348

503

561

734

715

620

541

580

Talet på deltakarar

7 781

10 853

11 291

14 793

13 761

10 833

7 2491

01

Tabellen omfattar søknader og tildelingar etter ordinær utlysing og særskilde satsingar. Det tildelte beløpet er for fleire av dei siste åra høgare enn løyvinga på posten. Det er finansiert med overføring frå løyvinga for tidlegare år.

1 Deltakarregistrering ikkje sluttført.

Kjelde: HK-dir

Tabell 4.24 Kompetansepluss frivilligheit 2017–20 (beløp i mill. kroner)

2017

2018

2019

2020

Omsøkt beløp

47,4

57,3

55,4

27,5

Tildelt beløp

24,9

12,4

11,2

10,4

Talet på søknader

146

193

188

88

Talet på innvilga søknader

79

38

45

35

Talet på deltakarar

2 768

1 143

8431

01

1 Deltakarregistrering ikkje sluttført.

Kjelde: HK-dir

Tabell 4.25 Prøveordning med fagopplæring i Kompetansepluss 2018–20 (beløp i mill. kroner)

2018

2019

2020

Omsøkt beløp

22,3

25,0

40,6

Tildelt beløp

10,5

16,3

35,6

Talet på søknader

77

78

86

Talet på innvilga søknader

34

52

73

Talet på deltakarar

458

630

01

1 Deltakarregistrering ikkje sluttført.

Kjelde: HK-dir

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 7,3 mill. kroner på post 21 og 305,9 mill. kroner på post 70.

Departementet vil vidareføre programområda til Kompetanseprogrammet. HK-dir kan prioritere mellom programområda etter kva slags behov som er viktigast.

Gjennom behandlinga av Prop. 1 S (2020–2021) og Prop. 79 S (2020–2021) blei treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling styrkt med 160 mill. kroner i 2021 i høve til Saldert budsjett 2020. Auken la til rette for å vidareføre dei åtte nye bransjeprogramma som blei etablerte i 2020 i møte med den økonomiske krisa som følgde av covid-19-pandemien. Det gav også rom for eit eittårig kompetanseløft for utsette industriklynger. I tillegg blei det løyvd 10 mill. kroner til eit eittårig kompetanseløft for luftfarten i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2021. Regjeringa meiner det er grunn til å tru at utfordringane med omstilling vil halde fram inn i 2022 for fleire av desse bransjane. Regjeringa foreslår derfor 60 mill. kroner i 2022 for å vidareføre utvidinga av bransjeprogramma i 2022. I 2022 vil dei to programma som blei starta opp i 2019, bli avslutta. Løyvinga gir rom for å vidareføre dei åtte bransjeprogramma som blei etablert i 2020, i tillegg til å starte eit nytt program.

Hausten 2021 startar forsøket med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar, og det skal gå over to år. Sidan Lånekassen har ansvar for tildeling av stipend til deltakarane, foreslår departementet å løyve midlar til stipenda over Lånekassens støttepostar under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på post 70 med 19,9 mill. kroner mot ein tilsvarande samla auke under kap. 2410, post 50 og 72.

Forsøket med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar inneber mellom anna utgifter til forsking på forsøket. Desse utgiftene er rekna til 6,3 mill. kroner i 2022. I tillegg inneber styrkinga av Kompetanseprogrammet auka kostnader til administrasjon for HK-dir, særleg til administrasjon av bransjeprogramma. Departementet foreslår 1 mill. kroner til dette i 2022. Departementet foreslår å løyve midlar til forskingsprosjektet og administrasjon på ein ny 21-post under kap. 257. Departementet foreslår å flytte 7,3 mill. kroner frå 70-posten til 21-posten.

Kap. 258 Tiltak for livslang læring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

392 663

159 707

148 424

Sum kap. 258

392 663

159 707

148 424

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga finansierer tiltak innanfor kompetansepolitikken og vaksenlæring. Størstedelen av løyvinga blir tildelt Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Løyvinga på posten blir òg nytta til drift av tidsavgrensa arbeid i utval, departement og direktorat og til tilskot til aktørar som blir involverte i kompetansepolitikken og vaksenlæring.

Midlane til Kompetanseprogrammet blei flytta frå kap. 258, post 21 til kap. 257, post 70 i statsbudsjettet for 2021. Sjå kap. 257, post 70 for budsjettforslag for 2022.

Mål for 2022

Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Resultat i 2020

Rapporteringa nedanfor gjeld dei største tiltaka som det er tildelt midlar til over posten i 2020.

Kompetanseprogrammet

Bransjeprogram

I 2020 blei det etablert åtte nye bransjeprogram i samarbeid med partane i arbeidslivet. Satsinga var ein del av Utdanningsløftet 2020 for å motverke konsekvensane av covid-19-pandemien. I tillegg blei bransjeprogramma for helse- og omsorgstenestene i kommunal sektor og i industri- og byggenæringa ført vidare. Totalt blei det tildelt om lag 165 mill. kroner til 208 opplærings- og utdanningsprosjekt, inkludert 10 mill. kroner til eit kompetanseløft for Kongsbergindustrien. Arbeidsledige og permitterte har i stor grad delteke på tilboda.

Fleksible vidareutdanningstilbod

Kompetanse Noreg delte ut til saman 20 mill. kroner til utvikling og utprøving av fleksible vidareutdanningstilbod i 2020. Prioriterte område var digital kompetanse, IKT-tryggleik og kompetanse for det grøne skiftet og berekraft. Som følge av pandemien blei det i tillegg tildelt 8 mill. kroner til drift av tilbod som tidlegare er utvikla innanfor ordninga, for å gi permitterte og ledige høve til å ta vidareutdanning.

Forsøk med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar

På oppdrag frå Kompetanse Noreg greidde Frischsenteret, i samarbeid med Fafo, ut korleis ein kan gjennomføre eit forsøk for å bringe fram kunnskap om kva slags effekt økonomisk insentiv retta mot den einskilde vaksne har på deltaking i vidareutdanning. Første del av forsøket startar hausten 2021, jf. omtale under kap. 257, post 70.

Forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne

Forsøket med modulstrukturert førebuande vaksenopplæring (opplæring på grunnskulenivå for vaksne) omfatta 41 kommunar og to fylkeskommunar ved utgangen av 2020. Dei aller fleste av deltakarane er minoritetsspråklege. Våren 2020 var 1 214 kandidatar melde opp til avsluttande eksamen, som blei avlyst på grunn av pandemien. Deltakarane fekk likevel vitnemål. Forsøket blir evaluert undervegs, og forskarane som evaluerer forsøket, peikar mellom anna på at arbeid med læreplanane som er utvikla for forsøket, har bidrege til kvalitets- og skuleutvikling.

Fem fylkeskommunar er med i forsøket med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring. I 2020 var det 292 deltakarar i forsøket, som vil halde fram til 2023.

Kombinasjonsforsøket gir vaksne sjansen til å kombinere opplæring i førebuande vaksenopplæring med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring. Fire fylkeskommunar er med i forsøket, som hadde 88 deltakarar ved utgangen av 2020.

Følgeevalueringa for forsøket med modulstrukturert opplæring for vaksne vil halde på til 2023 og resultat- og effektevalueringa vil halde på til 2026.

Nasjonal digital karriererettleiingsteneste og nasjonalt kvalitetsrammeverk

I 2020 lanserte Kompetanse Noreg den nasjonale digitale karriererettleiingstenesta karriereveiledning.no. Tenesta består av ein nettstad med informasjon og tilgang til profesjonell rettleiing via chat og telefon. Erfaringane frå dei første månadene viser at tenesta treffer breitt, på tvers av alder og livssituasjon.

Kompetanse Noreg har i 2020 arbeidd vidare med utvikling og implementering av eit nasjonalt, tverrsektorielt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing. Hausten 2020 blei nettstaden Kvalitet i karriererettleiing lansert. Her finn ein presentasjon av rammeverket, verktøy og ressursar for karriererettleiarar og andre.

Kartleggingsverktøy og nettbasert opplæringstilbod i grunnleggande ferdigheiter

Nettstaden til Kompetanse Noreg for grunnleggande ferdigheiter blei i 2020 supplert med læringsressursar som trener fleire ferdigheiter, som Smarte val (personleg økonomi), i tillegg til kartleggingsverktøy og e-læring i grunnleggande lesing, skriving, rekning og munnlege og digitale ferdigheiter. Ressursane inngår i det pedagogiske opplegget for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i arbeidslivet, ved opplæringsinstitusjonar og i regi av Nav.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 148,4 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår å flytte 30,9 mill. kroner frå posten til driftsløyvinga til HK-dir. Av dette gjeld 28,4 mill. kroner drifta av karriereveiledning.no og 2,5 mill. kroner drifta av kartleggingsverktøy for ferdigheitene til vaksne.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner som følge av at 50 pst. av gevinstrealiseringa av omorganiseringa av den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet i 2018, skal førast tilbake til sektoren, jf. omtale under kap. 256, post 01.

Departementet foreslår totalt å auke løyvinga med 15,5 mill. kroner for å finansiere meirbehov til eksisterande tiltak innanfor kompetansepolitikk og vaksenlæring, og for å sette i gang nye tiltak.

Under er dei største tiltaka som vil bli finansierte av løyvinga på posten, omtala.

Om lag 85 mill. kroner vil gå til forsøket med modulstrukturert opplæring for vaksne. Det gir rom for å vidareføre utvidinga av forsøket med modulstrukturert opplæring innanfor utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæringa som blei gjort i 2020.

12,6 mill. kroner vil gå til tilskot til fylkeskommunar i samband med drifta av karriereveiledning.no.

Utgiftene til deltaking i PIAAC (ei undersøking av ferdigheitene til vaksne) er rekna til 10,5 mill. kroner. Undersøkinga blir òg finansiert av løyvinga på kap. 226, post 21.

Departementet foreslår om lag 5 mill. kroner til digitale verktøy for vaksne som ønsker å ta fagutdanning. Tiltaket er nytt. Erfaringar, mellom anna gjennom utdanning.no, tilseier at vaksne som vurderer å ta fagbrev, ikkje finn fram på nettsidene til fylkeskommunane, eller finn relevante kontaktpunkt. Det er vanskeleg å få oversikt over tilboda. Karriererettleiarar, Nav og rettleiarar i vaksenopplæringa har òg behov for å rettleie meir effektivt. Midlane skal gå til prosjektstillingar (frikjøp av ressursar i fylkeskommunane), utviklingskostnader, teknisk implementering og så vidare.

Departementet vil halde fram med å greie ut ei digital kompetanseplattform som skal gjere det enklare å finne fram til kompetansetilbod.

Løyvinga vil òg finansiere ei rekke andre tiltak, som kompetanseutvikling for lærarar i vaksenopplæringa, utgifter til drift av Kompetansebehovsutvalet og kvalitetsrammeverket for karriererettleiing.

Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

Programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

260

Universitet og høgskular

38 908 387

40 710 320

41 474 917

1,9

270

Studentvelferd

448 608

926 887

1 085 746

17,1

271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

185 060

170 461

171 683

0,7

272

Tiltak for internasjonalisering og høgare utdanning

628 108

676 268

697 108

3,1

273

Kunnskapssektorens tenesteleverandør

194 186

213 101

179 152

–15,9

274

Universitetssenteret på Svalbard

142 463

36 322

158 265

335,7

275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

292 623

414 801

225 505

–45,6

284

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

17 237

19 424

19 839

2,1

285

Noregs forskingsråd

4 889 473

5 222 556

5 145 528

–1,5

286

Regionale forskingsfond

219 119

194 982

159 012

–18,4

287

Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

218 120

223 756

228 426

2,1

288

Internasjonale samarbeidstiltak

4 039 090

3 761 876

4 296 520

14,2

289

Vitskaplege prisar

44 969

44 969

46 138

2,6

Sum kategori 07.60

50 227 443

52 615 723

53 887 839

2,4

Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

3271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

9 332

643

4 646

622,6

3275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

10

10

0,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

13 351

14 582

17 441

19,6

Sum kategori 07.60

22 683

15 235

22 097

45,0

Innleiing

Forsking og høgare utdanning er avgjerande for å bringe fram kunnskapen som trengst for ei ønskeleg samfunnsutvikling, og for å spreie oppdatert kunnskap til beste for samfunnet og den einskilde. Dei overordna måla regjeringa har for forsking og høgare utdanning, er omtala i Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028:

  • styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne

  • møte store samfunnsutfordringar

  • utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet

Aktiviteten i høgare utdanning og forsking femnar òg på tvers av måla for Kunnskapsdepartementet, jf. kap. 1 Hovudinnleiinga. Av dei ti måla for politikkområda i kunnskapssektoren er følgande særleg relevante for programkategori 07.60:

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

  • Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø.

  • Fleire har relevant digital kompetanse.

  • Utdanninga og forskinga er drivkraft for innovasjon og grønt skifte.

  • Noreg har fleire framifrå utdannings- og forskingsmiljø.

Hovudprioriteringar for 2022

Regjeringa foreslår 463,8 mill. kroner til å vidareføre og trappe opp utdanningskapasitet ved universitet og høgskular, inkludert 4 000 studieplassar i samband med Utdanningsløftet 2020 for at institusjonane kan ta opp eit tredje kull med studentar. Av dei 4000 plassane vil regjeringa omprioritere 300 plassar frå juridiske og økonomisk-administrative fag til barnevernsfagleg utdanning på masternivå.

I tråd med strategien Desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskular, høgskular og universitet foreslår regjeringa å oppskalere tilskotet til fleksible studietilbod gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) med 49,7 mill. kroner til 149,5 mill. kroner.

Areal til undervisning og forsking er grunnleggande for å møte behovet for kapasitet og nyskaping i utdanning og forsking. Regjeringa foreslår 120 mill. kroner i startløyving og brukarutstyr til Blått bygg ved Nord universitet, 378 mill. kroner til vidare arbeid med Vikingtidsmuseet, 948 mill. kroner til Livsvitskapsbygget og 365 mill. kroner til vidare forprosjektering av NTNU campussamling.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til dei institusjonane som tilbyr dei nye femårige grunnskulelærarutdanningane med 91,4 mill. kroner.

Regjeringa held fram med å følge opp måla og dei langsiktige prioriteringane i Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Regjeringa foreslår 516 mill. kroner til oppfølging av dei tre opptrappingsplanane Teknologiløft, FoU for fornying og omstilling i næringslivet og Kvalitet i høgare utdanning. I tillegg foreslår regjeringa 497 mill. kroner til andre satsingar som følger opp langtidsplanen. Sjå omtale i del III.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til HK-dir med 50 mill. kroner til prosjekt som utviklar og deler metodar for studentaktiv digital undervisning, læring og vurdering.

Mål: Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

Befolkninga og studentane må ha kompetanse for å møte samfunnsutfordringar

Utdanningstilbodet må samsvare med ønska til studentane og behova for å bemanne eit produktivt næringsliv og offentlege tenester som kan gi god velferd til alle. Høgare utdanning av høg kvalitet må vere tilgjengeleg for folk i ulike fasar av livet og i heile landet.

Covid-19-pandemien har ført til høgare arbeidsløyse og auka etterspurnad etter utdanning. Ved slutten av 2020 var arbeidsløysa nær dobbelt så høg som før pandemien. Fleire kan måtte omskolere seg til eit anna yrke for å kome tilbake i arbeid, medan unge som møter ein svak arbeidsmarknad kan få færre jobbsjansar.

Over 154 000 personar har våren 2021 søkt om studieplass ved universitet og høgskular via Samordna opptak. Det er om lag 4 000 fleire enn i 2020 og det høgaste talet på søkarar nokon gong. 137 994 av søkarane kvalifiserte for opptak på minst eitt av studia dei søkte på.

Studentane treng internasjonale impulsar

Internasjonalt samarbeid og internasjonale perspektiv er naudsynte både for å løfte kvaliteten i høgare utdanning og forsking og for å handtere globale samfunnsutfordringar til dømes innanfor klima, teknologi, demografi og demokrati. Dei sterkaste internasjonale impulsane får studentane ved å studere i utlandet. I 2020 hadde om lag 8 400 av dei 51 000 uteksaminerte kandidatane i Noreg hatt eit utvekslingsopphald på minst tre månader. I 2019–20 var det om lag 15 000 norske heilgradsstudentar i utlandet. Eit av måla regjeringa har for norsk høgare utdanning, er at studentane inngår i eit læringsmiljø som òg omfattar internasjonale studentar.

Covid-19-pandemien har gjort internasjonal studentmobilitet vanskeleg, og det er framleis usikkert når all mobilitet vil kunne gjennomførast som normalt. Samstundes har den globale krisa understreka behovet for internasjonalt samarbeid. Det er derfor viktig at universiteta og høgskulane i størst mogleg grad legg til rette for at studentane skal kunne reise på utveksling i vårsemesteret 2022, innanfor gjeldande smitteverntiltak. Institusjonane skal òg skape eit internasjonalt læringsmiljø der det er lagt best mogleg til rette for samhandling mellom norske og utanlandske studentar i både faglege og utanomfaglege samanhengar.

Styring for å oppnå nasjonale mål med ein mangfaldig og handlekraftig sektor

Styringspolitikken for universiteta og høgskulane må støtte opp under den faglege og langsiktige utviklinga til kvar institusjon og samstundes sørge for at dei samla sett svarer godt på forventningane frå samfunnet. Sjølv om det er eit stort mangfald blant universiteta og høgskulane, både når det gjeld storleik, geografisk utstrekning og fagleg profil, har mange av styringsverkemidla vore like for alle og vore oppfatta som å bidra til uønskt einsretting. På nokre område, mellom anna i reguleringa av profesjonsutdanningar, har handlingsrommet til institusjonane vore innskrenka lenger enn det har vore grunnlag for. Fleire institusjonar har også gitt signal om at det er for mange direktorat med overlappande oppgåver og ansvarsområde i sektoren for høgare utdanning, og at det gjer den samla styringa meir uoversiktleg og krev unødig mykje merksemd og administrasjon frå institusjonane.

Studentar i Noreg har høge bustadkostnader

For å oppnå ein reell lik tilgang til høgare utdanning må studentane ha midlar til livsopphald og tilgang til bustadar dei har råd til. I den europeiske studentundersøkinga Eurostudent VII, der 18 europeiske land deltok, er Noreg landet der den høgste delen av studentane rapporterer om høge bustadkostnader i høve til inntekta. Over halvparten av dei norske respondentane har bustadkostnader på minst 40 pst. av månadsinntekta, mot eit gjennomsnitt i undersøkinga på 36 pst. Noreg er også over snittet for prosentdelen av studentane som opplever alvorlege økonomiske vanskar. Undersøkinga blei gjennomført i Noreg av Statistisk sentralbyrå i 2019.

Strategiar og tiltak

Auka kapasitet i høgare utdanning

For å møte omstillingsbehovet og motverke skadeverknadene av covid-19-pandemien lanserte regjeringa Utdanningsløftet 2020, som mellom anna innebar midlar til 4 000 nye studieplassar, sjå omtale under del III, kap. 11. I budsjettet for 2022 foreslår regjeringa å vidareføre og trappe opp midlane frå Utdanningsløftet 2020 og midlar til studieplassar som er vedtekne av Stortinget i budsjetta for 2016–20. For seinare budsjettår vil regjeringa vurdere behovet for å vidareføre den auka utdanningskapasiteten i Utdanningsløftet med utgangspunkt i utviklinga i arbeidsmarknaden.

Kompetansereforma

Regjeringa la i 2020 fram Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, sjå omtale i kategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring. Regjeringa forventar at universiteta og høgskulane tilpassar utdanningstilboda sine i tråd med den kompetansen samfunnet har behov for no og framover i tid, at dei prioriterer livslang læring og fleksible utdanningstilbod, og at fleire får tilgang til å oppdatere kompetansen sin gjennom vidareutdanning.

Regjeringa vil gå gjennom finansieringa av universitet og høgskular, der etter- og vidareutdanning, fleksible tilbod og arbeidslivsrelevans vil vere sentrale omsyn. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om saka. Regjeringa har vedteke endringar i eigenbetalingsforskrifta. Endringane inneber at statlege universitet og høgskular i større grad kan tilby utdanningar mot eigenbetaling, som er særleg lagde til rette for personar med arbeidserfaring. Endringane vil gjelde frå 1. januar 2022. For studietilbod som er lyste ut før 1. januar 2022 gjeld endringane frå 1. januar 2023.

Strategi for desentralisert og fleksibel utdanning

Regjeringa har i 2021 lagt fram ein strategi for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskular, høgskular og universitet. Ambisjonen til regjeringa er at utdanning ved fagskular, høgskular og universitet er tilgjengeleg for alle, uavhengig av kvar dei bur og livssituasjonen dei er i. Målet med strategien er å auke omfanget av fleksible og desentraliserte tilbod av høg kvalitet som er tilpassa dei ulike behova som arbeidslivet og den einskilde har. Strategien har fire innsatsområde: 1) auke omfanget av tilbod i heile landet, 2) styrke samarbeidet mellom aktørane i utdanning og arbeidsliv og kople tilbod og etterspurnad betre saman, 3) jobbe for at tilbod har høg kvalitet og er tilpassa behova til den einskilde og arbeidslivet, og 4) betre rammene som gir institusjonane, arbeidslivet og studentane auka moglegheiter. I oppfølginga av strategien foreslår regjeringa å trappe opp dei søknadsbaserte midlane til fleksible utdanningar og samstundes opprette eit distriktsprogram og ei søknadsbasert ordning for studiesenter og studiesenterliknande aktørar. Vidare vil regjeringa utvikle heildigitale utdanningstilbod.

Stortingsmelding om arbeidslivsrelevans i høgare utdanning

Regjeringa vil gjere utdanningane meir relevante for arbeidslivet. Lærestadane og arbeidslivet må samarbeide breiare og meir systematisk om kva og korleis studentane lærer, slik at dei blir betre i stand til å møte eit samfunn og eit arbeidsliv i omstilling. I Meld. St. 16 (2020–2021) Utdanning for omstilling – Økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanning legg regjeringa vekt på målet om at universiteta og høgskulane utdannar kandidatar som møter dagens kompetansebehov og samstundes kan bidra til å utvikle arbeidslivet for framtida.

Kvalitetsprogram for høgare utdanning

Meld. St. 14 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning inneheld ein opptrappingsplan for kvalitet i høgare utdanning på 250 mill. kroner. Desse midlane har i stor grad gått til prosjektutlysingar i kvalitetsprogramma for høgare utdanning.

Programma fremjar kvalitet, studentaktiv læring, arbeidslivsrelevans, digitalisering og kvalitetsutvikling i praksis i lærarutdanningane og helse- og sosialfagutdanningane. Dei bidreg òg til å gi arbeidet med utdanningskvalitet høgare status. Kvalitetsprogramma støttar såleis opp under politikkutviklinga i høgare utdanning, og kompetansepolitikken. Frå 1. juli 2021 inngår programma i porteføljen til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Stortingsmelding om internasjonal studentmobilitet

Pandemien har tydeleg vist kor avhengige vi er av kvarandre, og kor samanvoven verda er. Globale utfordringar krev globale løysingar. Eit studieopphald i utlandet bidreg til å auke kvaliteten i norsk høgare utdanning og forsking og eigenutviklinga til studentane. Vi treng kandidatar frå norske universitet og høgskular med internasjonal erfaring og kompetanse, fordi kunnskap og interkulturell forståing er grunnleggande for framtida vår og evna til å løyse utfordringane verda står overfor. I tillegg får studentane nettverk for framtida. Arbeidslivet er stadig meir internasjonalt og næringslivet treng den kompetansen studentane tileignar seg i utlandet slik at me kan utvikla samfunnet vidare og auke Noregs omstillingsevne og konkurransekraft. Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter — Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning legg grunnlaget for å realisere ambisjonane til regjeringa for internasjonal studentmobilitet i høgare utdanning. Det overordna målet er ei kulturendring i universitets- og høgskulesektoren som gjer at internasjonal mobilitet blir ein integrert del av og normalen i alle studieprogram, slik at kvaliteten på studieopphaldet kan sikrast. Det er eit langsiktig mål at halvparten av studentane som tek ei grad i norsk høgare utdanning, skal ha hatt eit studie- eller praksisopphald i utlandet i løpet av studietida. Studentane skal få betre moglegheiter til å reise ut, og regjeringa har som ambisjon at alle institusjonar på sikt innfører ei ordning der studentane sjølv aktivt må melde seg av utanlandsopphaldet dersom dei ikkje kan reise ut.

Oppfølging av NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler

Som del av oppfølginga av NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler foreslo regjeringa endringar i mellom anna universitets- og høgskulelova, som Stortinget vedtok, jf. Innst. 517 L (2020–2021) og Prop. 111 L (2020–2021). Regjeringa har prioritert mellom anna ei styrking av rettane til studentane. Til dømes presiserer lova no at læringsmiljø inkluderer digitale, organisatoriske, pedagogiske og psykososiale forhold i tillegg til fysiske. Vidare har lova eit forbod mot gjengjelding dersom studentane varslar om kritikkverdige forhold ved utdanningsinstitusjonen. Paragrafane om godkjenning av norsk og utanlandsk høgare utdanning og realkompetansevurdering er forenkla, og det er gjort tydeleg at alle vedtak om godkjenning av utanlandsk høgare utdanning må vere i tråd med Lisboakonvensjonen.

Stortingsmelding om styringspolitikken for statlege universitet og høgskular

I Meld. St. 19 (2020–2021) Styring av statlige universiteter og høyskoler har regjeringa forankra ein klar og føreseieleg styringspolitikk for statlege universitet og høgskular. Formålet er å forenkle og tydeleggjere styringa av universitets- og høgskulesektoren og gi betre samsvar mellom dei politiske måla og dei ulike styringsverkemidla. Overordna skal styringspolitikken sørge for at dei statlege universiteta og høgskulane på best mogleg måte innfrir heile breidda av politiske mål for forsking og høgare utdanning. Regjeringa vil med meldinga sette tydelege rammer for at utdanningsinstitusjonane kan utvikle seg strategisk over tid. Det er naudsynt for å sikre ein robust og fleksibel kunnskapssektor som kan møte samfunnsutfordringane og omstillingsbehova dei neste åra. I meldinga legg regjeringa fram fire prinsipp for god styring av statlege universitet og høgskular: dialogbasert, differensiert, strategisk og kunnskapsbasert styring. Styringa skal balansere behova for politiske prioriteringar og nasjonal koordinering med behova for sjølvstendige og handlekraftige institusjonar. Regjeringa vil mellom anna forenkle og differensiere målstyringa av institusjonane, gjennomgå finansieringa av universitet og høgskular og opne for at fleire institusjonar kan tilby profesjonsutdanning i psykologi og rettsvitskap.

NOU om opptak

Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval som skal gjere ein heilskapleg gjennomgang og vurdere regelverket for opptak til høgare utdanning. Utvalet skal foreslå eit opptaksregelverk som kan tilpassast høgare utdanning i framtida. Utvalet skal legge fram utgreiinga si seinast 1. desember 2022.

Nytt direktorat og tenesteleveranseorgan

Regjeringa oppretta Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) 1. juli 2021 gjennom ei samanslåing av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku), Kompetanse Noreg, Universell og delar av Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, i tillegg til nokre av oppgåvene til NSD – Norsk senter for forskingsdata AS. I høyringsforslag til endring i universitets- og høgskulelova foreslår regjeringa at oppgåver med godkjenning av utanlandsk utdanning blir flytta frå NOKUT til HK-dir.

Eit nytt felles direktorat vil gjere det enklare å sjå kompetansepolitikken i samanheng på tvers av sektor og nivå. Frå 1. januar 2022 blir Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) oppretta. Det er ei samorganisering av Units digitale tenester, Uninett og delar av NSD. Sikt skal bidra til endå betre og meir effektive digitale tenester for sektoren.

Studentbustadar

Regjeringa har i perioden 2014–20 gitt rom for å bygge totalt om lag 17 600 nye hybeleiningar. Det er gitt tilsegn om tilskot til nesten 15 540 hybeleiningar i perioden 2014–21. Det inneber nesten 2 000 hybeleiningar i året. Til samanlikning ga den førre regjeringa i snitt tilsegn om tilskot til i underkant av 1 000 studentbustadar i året.

I 2021 blei talet på tilsegn om tilskot til studentbustadar redusert til 1 650. Årsaka er at samskipnadene dei siste åra har søkt om færre tilsegner enn tidlegare år. For å få betre oversikt over behovet for nye tilskot har departementet gitt Husbanken i oppdrag å utarbeide ei årleg oversikt over planane til studentsamskipnadene for åra framover.

Ei årsak til at samskipnadene har søkt om færre tilsegner, er at det er utfordrande for dei å få gjennomført studentbustadbyggeprosjekt. Ei hovudårsak er at mange kommunar bruker lang tid på å handsame byggesøknader. Særleg utfordrande er måten kommunane regulerer tomter på, og kommunale rekkefølgekrav som gjer prosjekta svært kostbare.

Regjeringa vil undersøke om det i framtida kan vere formålstenleg å kombinere omsorgsbustadar eller sjukeheimar og studentbustadar. Regjeringa har i 2021 utlyst 20 hybeleiningar i ei forsøksordning med studentbustadar knytte til omsorgsbustadar. Regjeringa opnar no for at ikkje berre kommunar, men også ideelle stiftingar og private aktørar kan søke om å bli med på prøveordninga med studentbustadar knytte til sjukeheim. Husbanken handterer ordninga på vegner av Kunnskapsdepartementet.

Mål: Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

Utviklingstrekk og utfordringar

Frå digital dugnad til ny normal

Stenginga av universitet og høgskular som følge av smitteverntiltaka i mars 2020 gjorde det naudsynt med ei rask og omfattande omlegging frå aktivitet på campus til digitale plattformer. Universiteta og høgskulane har vist stor dugnadsånd, omstillingsevne og digital kompetanseheving. Likevel har situasjonen gitt eit vanskelegare læringsmiljø for mange studentar. Studiebarometeret syner at tre av fire studentar meiner at dei ville ha lært meir om dei hadde fått vere meir til stades på lærestaden. Over halvparten av respondentane har kjent seg einsame som følge av restriksjonane under pandemien, to av tre opplevde det som vanskelegare å strukturere studiekvardagen, og tre av fem opplevde at studiemotivasjonen blei lågare. Dette syner kor viktig læringsmiljøet og samkvemmet mellom studentar og undervisarar er for studentane.

Erfaringane med bruk av digital teknologi i utdanninga under pandemien vil kome til nytte framover. Strategi for digital omstilling i universitets- og høyskolesektoren 2021–2025 legg til grunn at digital teknologi skal nyttast til å betre læringsmiljøet og tilgangen til utdanning og fremje studentaktive undervisningsformer og kvalitet. Vi treng òg gode tekniske løysingar, meir kompetanse hos dei som underviser, og ein sterkare kultur for å dele og gjenbruke digitale læringsressursar.

Også før covid-19-pandemien ønskte fleire fagtilsette betre opplæring i bruk av teknologi og læringsplattformer, jf. Diku-rapporten Digital tilstand 2018: Perspektiver på digitalisering for læring i høyere utdanning. Det er naudsynt å vidareutvikle det digitale læringsmiljøet, med pedagogisk bruk av digital teknologi og tilrettelegging av utdanninga for studentar med ulike behov.

Behov for gode og tilpassa fysiske læringsmiljø

Fleire universitet og høgskular må utvikle og oppgradere dei fysiske omgivnadene ved lærestadane for å møte nye og endra behov i undervisning og forsking. Dei må vere utforma slik at dei kan nyttast av flest mogleg. I Studiebarometeret dei siste åra er lokale for undervisning og studiearbeid det studentane er minst nøgde med blant spørsmåla om læringsmiljø. Covid-19-pandemien har forsterka behovet for å sjå på ny innretning og bruk av undervisnings- og forskingslokale. Det er viktig at areala legg til rette for moderne undervisnings- og forskingsformer, samarbeid mellom fagmiljø, auka læringsutbyte og eit godt psykososialt miljø.

Strategiar og tiltak

Digitalt læringsmiljø

Regjeringa trappar opp satsinga på utlysingar gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (Diku) til prosjekt som utviklar og deler metodar for studentaktiv digital undervisning, læring og vurdering.

Kunnskapsdepartementet vil legge til rette for meir og betre pedagogisk bruk av digital teknologi i undervisninga og digitalt læringsmiljø, inkludert universell utforming. Kvalitetsprogramma for høgare utdanning gir støtte til prosjekt som utforskar korleis ein kan oppnå det. Rapporten Pedagogikk, innovasjon og digital teknologi i utviklingsprosjekt i høgare utdanning, som er utarbeidd av Diku i samarbeid med Norsk organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) og Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, syner at fleirtalet av utviklingsprosjekta som har fått midlar dei siste åra, inkluderer utvikling og pedagogisk bruk av digitale verktøy.

Bygg for undervisning og forsking

Universitet og høgskular treng formålstenlege lokale og har avanserte teknologiske og andre behov som krev jamlege, større investeringar. I dei siste åra har dei største investeringsmidlane gått til nybygget for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet på Ås. Eit nytt bygg for livsvitskap ved Universitetet i Oslo fekk startløyving i 2018. Prosjektet blei endra hausten 2020 og våren 2021 mellom anna som følge av krevjande grunnforhold og effektar av covid-19-pandemien og for å gjere det mogleg å innplassere Klinikk for laboratoriemedisin ved Oslo universitetssjukehus i bygget. Det blei òg gitt startløyving til rehabilitering og utbygging av Vikingtidsmuseet i 2020. I 2019 starta forprosjektering av Blått bygg i Bodø for Nord universitet, og forprosjektet er no ferdigstilt. I 2020 starta forprosjektet til NTNU campussamling, der campus i Trondheim for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet skal samlast nær Gløshaugen. I 2021 starta Statsbygg opp arbeidet med eit forprosjekt for nytt Griegakademi, som vil samlokalisere Griegakademiet med Fakultetet for kunst, musikk og design, for å legge til rette for å utvikle desse fagmiljøa vidare. Universitetet i Bergen finansierer forprosjektet i 2022. Forprosjektet for nytt Tromsø museum nærmar seg ei avslutning. Tromsø kommune handsamar no søknad om regulering av tomta. Deretter skal forprosjektet kvalitetssikrast (KS2). Regjeringa foreslår i 2022 både startløyving til Blått bygg og midlar til å vidareføre prosjektering av og arbeid med Livsvitskapsbygget, Vikingtidsmuseet og NTNU campussamling. Regjeringa foreslår ikkje å gå vidare med nytt bygg for Arkeologisk museum i Stavanger og nytt veksthus for Naturhistorisk museum. Vedlegg 3 gir ei samla oversikt over prosjekt under bygging eller prosjektering i sektoren.

Etter ein områdegjennomgang av bygg- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor avgjorde regjeringa i 2020 at dei sjølvforvaltande universiteta framleis skal ha forvaltningsansvar for statlege eigedommar, men ville gjere ei særskild vurdering av spørsmålet for Noregs idrettshøgskole (NIH). Regjeringa har vedteke å innlemme eigedomane til NIH i husleigeordninga, og at Statsbygg skal forvalte desse frå 1. januar 2022.

Læringsmiljøet under pandemien

Hausten 2020 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe som skulle sjå på tiltak for å sikre god oppfølging av studentane, særleg med tanke på det psykososiale livet til studentane, gjennomføring av eksamen og studieprogresjon. Regjeringa sette også ned ei arbeidsgruppe som våren 2021 kom med forslag om tiltak for studieprogresjon og gjennomføring. Det er tildelt til saman 318,5 mill. kroner i 2021 til universitet, høgskular, fagskular og studentsamskipnadene for at studentane skulle kunne halde oppe studieprogresjonen og få sosiale lågterskeltilbod.

Læringsmiljø i universitets- og høgskulelova

Sommaren 2021 sende departementet på høyring fleire forslag til endringar i universitets- og høgskulelova som skal styrke rettane til studentane. Departementet foreslår å lovfeste ein generell rett til permisjon frå studiet, å presisere plikta institusjonane har til å legge til rette, og å lovfeste plikta institusjonane har til å følge opp studentane fagleg. I tillegg foreslår departementet å dele læringsmiljøføresegna inn i fleire føresegner slik at ho blir enklare å lese, og to alternative løysingar for organiseringa av klagenemnda til institusjonane.

Mål: Fleire har relevant digital kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Mange sektorar har store behov for digital kompetanse

Digital kunnskap og kompetanse er viktig for å omstille verksemder og sektorar, styrke konkurranseevna og samstundes sikre informasjonstryggleiken. Vi skil mellom spesialisert digital kompetanse og yrkestilpassa digital kompetanse. IKT-spesialistar trengst for å utvikle programvare og nye løysingar og for å drifte og halde dei ved like. Samstundes må stadig fleire ha digital kompetanse som er tilpassa det einskilde yrket, inkludert kompetanse om digital tryggleik, for å kunne bruke digital teknologi og redusere digital risiko i arbeidet sitt. Ofte inneheld yrkestilpassa digital kompetanse element av spesialisert digital kompetanse. Etter- og vidareutdanning kan bidra til kompetanseheving.

NOU-ane frå Kompetansebehovsutvalet i 2019 og 2020 og forsking på feltet har peika på at det er mangel på IKT-spesialistar. Samstundes viser dei at arbeidsmarknaden for denne yrkesgruppa endrar seg raskt, og at det er store regionale variasjonar, med ein sterk konsentrasjon av næringa rundt Oslo. Mange smale spesialitetar blant IKT-spesialistar og ein svak tradisjon for å gi nytilsette opplæring på jobben, bidreg til at nyutdanna kan slite med å få relevant jobb samstundes som det er høg etterspurnad etter IKT-spesialistar. IKT-utdanningar som ikkje er for spesialiserte, og betre opplæring av tilsette, kan motverke dette. Det er òg eit mål at fleire studentar på disiplinfaglege studieprogram får tilbod om relevant praksis undervegs i studiane, jf. Meld. St. 16 (2020–2021) og Innst. 391 S (2020–2021). Praksis vil kunne bidra til at nyutdanna IKT-spesialistar får ei betre kopling til arbeidslivet og kjem raskare i jobb, jf. NIFU-rapport 2020:15.

Strategiar og tiltak

Strategi for digital omstilling

I samarbeid med sektoren har Kunnskapsdepartementet i 2021 revidert digitaliseringsstrategien for universitets- og høgskulesektoren. I tråd med den nye strategien Strategi for digital omstilling i universitets- og høyskolesektoren 2021–2025 skal institusjonane både utvikle ny kunnskap om korleis digitaliseringa påverkar samfunn og den einskilde, og dei skal bruke moglegheitene i digital teknologi til å omdanne heile verksemda si, fagleg og administrativt. Studentane skal tileigne seg digital kompetanse som er relevant for det einskilde studieprogrammet, og IKT skal bli brukt til aktiviserande og varierte lærings- og vurderingsformer som gir best mogleg læring.

Utdanningar som gir digital kompetanse

Regjeringa vil auke tilgangen på utdanning i IKT-relaterte fag og foreslår å vidareføre og trappe opp midlane til auka studiekapasitet som blei løyvde i samband med Utdanningsløftet 2020, inkludert midlar til 1 400 studieplassar i matematikk, naturvitskap og teknologi. For desse tildelingane har Kunnskapsdepartementet bede universiteta og høgskulane om å legge vekt på utdanningar i informatikk og IKT. Kunnskapsdepartementet vidarefører også Kompetanseprogrammet, sjå budsjettforslag under kap. 257, post 21, og ordninga for fleksible studietilbod, sjå kap. 272, post 52 og 72.

Tverrfaglege perspektiv er naudsynte for å forstå komplekse utfordringar og finne gode løysingar på desse. Regjeringa ønsker å legge til rette for fleire tverrfaglege studieprogram. I samsvar med Meld. St. 16 (2020–2021) Utdanning for omstilling – Økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanning vil regjeringa gjere det enklare å kombinere emne frå ulike fag, disiplinar og nivå, slik at IKT-kompetanse kan inngå i fleire utdanningar.

Mål: Utdanninga og forskinga er drivkraft for innovasjon og grønt skifte

Utviklingstrekk og utfordringar

Berekraftsutfordringa krev nye svar frå forsking og utdanning

Klima- og naturkrisa er det mest akutte uttrykket for at vi treng ein snuoperasjon i berekraftig retning. Investeringar i kunnskap og teknologi, og nytenking rundt fundamentet for det økonomiske systemet vårt og samfunnsutviklinga, er naudsynte. Vi må finne nye svar på korleis vi kan dekke grunnleggande behov som tilgang på mat, vatn og energi, god helse og tryggleik. Internasjonalt samarbeid om forsking er naudsynt for å finne globale løysingar. FNs berekraftsmål føreset at medlemslanda set i verk tiltak for ei meir berekraftig utvikling der ein ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng. Forsking og utdanning er blant dei viktigaste verkemidla for å nå måla.

Land som har vore langt framme i utvikling, vidareutvikling og bruk av mogleggjerande teknologiar som bioteknologi, nanoteknologi og IKT, har opplevd sterkare økonomisk vekst enn andre. Det er eit internasjonalt kappløp for å utvikle og kommersialisere mogleggjerande teknologiar. Ei satsing på grunnleggande teknologiforsking er eit viktig bidrag for å henge med i utviklinga internasjonalt og realisere ambisjonen om fornying og omstilling i nærings- og samfunnslivet. Organiseringa av kommersialiseringsaktivitetar knytte til offentleg finansiert forsking og finansiering, inkludert organisering og styring av teknologioverføringskontora og andre verkemiddel, er sentrale element for å auke kommersialiseringa av offentleg finansiert forsking.

Noreg har god nytte av europeisk samarbeid

Internasjonalt samarbeid er naudsynt for å nå dei overordna måla om utdanning og forsking av høg kvalitet, styrkt innovasjonsevne, betre velferd og ei berekraftig samfunnsutvikling. Norsk deltaking i EU-programma for forsking, innovasjon og utdanning gir Noreg tilgang på ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader, infrastruktur og kulturell kompetanse som er naudsynt i ein open verdsøkonomi. Grøn omstilling og berekraftig verdiskaping er sterkare vektlagde i dei nye EU-programma enn før. I Horisont Europa, til dømes, skal heile 35 pst. av budsjettet gå til grøne formål. Auka deltaking i desse programma er derfor ei viktig prioritering for Noreg.

Regjeringa set høge mål for Noregs deltaking i forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU gjennom Horisont Europa og Det europeiske forskingsområdet. Ei evaluering frå Samfunnsøkonomisk analyse viser at Noreg har nådd viktige mål i dei to siste forskings- og innovasjonsprogramma som styrker vår eigen utvikling. Ved slutten av Horisont 2020 har Noreg henta heim heile 2,5 pst av dei konkurranseutsette midlane – godt over ambisjonen regjeringa hadde om 2 pst.

Noregs deltaking i det europeiske utdanningssamarbeidet gjennom Erasmus+ har styrkt det norske utdanningssystemet, viser midtvegsevalueringa av Erasmus+ i Noreg. Evalueringa syner også at programmet har auka kultur- og språkforståinga, toleransen og respekten for andre menneske. I Europa har Erasmus+ medverka til å handtere sosioøkonomiske endringar og til å støtte den europeiske politiske agendaen for vekst, arbeidsplassar, likskap og sosial inkludering. Erasmus+ er det viktigaste verkemiddelet for å realisere ambisjonane til regjeringa for internasjonal studentmobilitet i høgare utdanning i Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning.

Behov for meir open forsking

Open tilgang til forskingsresultat og data er viktig for kunnskapsutvikling og deling av kunnskap i akademia og samfunnet elles. Plan S og kravet om open tilgang samtidig med publiseringa blei implementert 1. januar 2021.

Noreg arbeider med å etablere økonomisk berekraftige modellar for investering og drift i datainfrastruktur i fleire spor og er involvert i etableringa av European Open Science Cloud, ein viktig del av Europakommisjonens satsing på open forsking. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Noregs forskingsråd sett ned eit utval som skal greie ut retts- og lisensspørsmål ved deling av forskingsdata, med målsetjing om at resultata frå offentleg finansiert forsking skal bidra til verdiskaping og kome allmenta til gode.

Krav om open tilgang til forskingsresultat har auka dei seinare åra, og utviklinga er svært positiv. Forlaget Springer/Nature har til dømes forplikta seg til å opne tidsskrifta sine, inklusive flaggskipet Nature, i tråd med krava til Plan S, og på ni av dei ti største norske institusjonane har dei no over 70 pst. av artiklane sine ope tilgjengelege.

Strategiar og tiltak

Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning

Regjeringa fastsette dei forskingspolitiske prioriteringane sine i Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Mesteparten av den målretta finansieringa av forsking i næringslivet og forsking for grøn omstilling kjem frå andre departement, mellom anna departementa med sektoransvar for næringsliv, energi, miljø, landbruk, fisk, mat og transport. Ei samla oversikt over korleis regjeringa vil følge opp langtidsplanen, er å finne i del III, kap. 5.

Norsk deltaking i EU-programma for utdanning, forsking og innovasjon

Noreg kan ikkje møte store samfunnsutfordringar åleine. Deltaking i EUs langtidsprogram for forsking og innovasjon (Horisont Europa) og for utdanning, opplæring, ungdom og idrett (Erasmus+) er vesentleg for å utvikle dei norske forskings-, innovasjons- og utdanningsmiljøa. Dei nye programma Erasmus+ og Horisont Europa starta opp for ein sjuårsperiode i 2021.

Strategiar for deltakinga i Erasmus+ og Det europeiske utdanningsområdet og i Horisont Europa og Det europeiske forskingsområdet

Regjeringa la i juni 2021 fram strategiar for deltakinga i Erasmus+ og Det europeiske utdanningsområdet og for deltakinga i Horisont Europa og Det europeiske forskingsområdet. Strategiane skal sikre best mogleg utbytte av deltakinga og verke mobiliserande.

Norsk deltaking i Erasmus+ er avgjerande for å auke kvaliteten og relevansen i utdanninga. Programmet skal òg bidra til å møte store samfunnsutfordringar knytte til inkludering, mangfald, digital og grøn omstilling, styrke samhandling mellom utdanning, opplæring og arbeids- og samfunnsliv, gi fleire høve til å delta i eit internasjonalt læringsmiljø og bidra til å utvikle politikk og rammevilkår.

Norsk deltaking i Horisont Europa skal gi høgare kvalitet i forskinga og fleire framifrå og innovative miljø. Regjeringa har ein ambisjon om at norske deltakarar skal hente heim 2,8 pst. av dei konkurranseutsette midlane frå Horisont Europa. Det europeiske forskings- og innovasjonssamarbeidet skal òg medverke til å auke verdiskapinga, styrke norsk konkurranse- og innovasjonsevne og bidra til omstilling i privat og offentleg sektor; gjere oss i stand til å handtere store samfunnsutfordringar, bidra til å oppfylle berekraftsmåla og bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling; og bidra til å utvikle forskings- og innovasjonspolitikken og til nye samarbeidsmønster på tvers av landegrenser, sektorar og fag.

Panorama-strategien

Regjeringa er oppteken av å styrke samarbeidet på kunnskapsfeltet med strategisk viktige land utanfor EU/EØS. Panorama-strategien 2021–2027 bygger vidare på dei gode resultata frå førre strategi Panorama: strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–20). Samarbeidet med strategilanda skal mellom anna bidra til meir innovasjon, til å løyse globale samfunnsutfordringar innanfor miljø og klima og til meir koordinert og langsiktig samarbeid på område av særleg interesse for Noreg. Ei av hovudprioriteringane er styrkt studentmobilitet til strategilanda. Dei seks samarbeidslanda i førre strategi er framleis sentrale samarbeidsland, og i tillegg blir strategien utvida med tre land: Sør-Korea, som er i rivande utvikling i den internasjonale kunnskapsfronten og teknologiutviklinga, og USA og Canada, som lenge har vore sentrale samarbeidsland for den norske kunnskapssektoren. Eit viktig tiltak i den komande strategiperioden vil vere utviklinga av nasjonale retningslinjer for forsvarleg internasjonalt samarbeid.

Strategi for ein heilskapleg instituttpolitikk

Regjeringa la i februar 2020 fram Strategi for helhetlig instituttpolitikk, som gjeld politikken for fleire enn 40 institutt som får grunnfinansiering eller driftsløyving frå i alt 10 departement.

Forskingsrådet skal sørge for ei felles oppfølging av dei tolv institutta som er omfatta av strategien, men som ikkje mottek grunnfinansiering gjennom Forskingsrådet. Forskingsrådet fastsette i samråd med Kunnskapsdepartementet innretting på oppfølginga og starta oppfølginga våren 2021.

Kunnskapsdepartementet har justert det statlege grunnfinansieringssystemet for institutt som mottek grunnfinansiering frå Forskingsrådet. Delar av grunnløyvinga skal framleis vere resultatbasert og tildelast ut frå korleis institutta skårar på indikatorar for kvalitet og relevans, men indikatorane og utrekningsmåten er noko endra.

Open tilgang til forskingsresultat og forskingsdata

Noreg deltek i alliansane Open Access 2020 og cOAlition S for å krevje at forskarar ikkje må tvingast til å gi frå seg retten til eksemplarframstilling eksklusivt til dei store internasjonale forlaga for å få publisert artiklane sine, og for å krevje open tilgang utan ytterlegare prisauke. Frå og med 2021 krev Plan S-initiativet at alle fagfellevurderte vitskaplege artiklar som er resultat av forsking dei finansierer, skal vere fritt tilgjengelege på nettet frå publiseringstidspunktet, med ein open lisens.

I Noreg har samanslutningar av forskingsinstitusjonar inngått publiser-og-les-avtalar med dei største forlaga. Avtalane inneber at dei i ein periode betaler kombinert for å publisere artiklar ope og for lesetilgang til tidsskrift som framleis er lukka. Målet er at ein skal gå over til berre å betale for open publisering, med så kort overgangsperiode som mogleg. At vilkåra i nye avtalar er opne og ikkje aukar totalkostnadene, er eit sentralt prinsipp i dei nasjonale måla og retningslinjene for open tilgang til vitskaplege artiklar.

Mål: Noreg har fleire framifrå utdannings- og forskingsmiljø

Utviklingstrekk og utfordringar

Høg vitskapleg kvalitet på forsking og utdanning er ein berebjelke for omstilling og utvikling av samfunnet. For få framifrå fagmiljø og varierande kvalitet i utdanningstilboda er vedvarande utfordringar i Noreg. Samstundes er kvaliteten i norsk høgare utdanning generelt god, og universiteta og høgskulane jobbar systematisk med utvikling av studiekvalitet. Norske studentar er stort sett godt nøgde med studia sine. Dikus Tilstandsrapport for høyere utdanning 2021 viser at utdanningsgjennomføring på normert tid har vore stabil for studentane. Det er framleis behov for å stimulere til meir utviklingsarbeid for framifrå utdanningsmiljø og studietilbod.

Norske forskarar har i løpet av dei siste åra publisert stadig fleire artiklar og henta heim stadig meir midlar frå dei europeiske rammeprogramma. I lys av kor mykje Noreg investerer i forsking, har vi likevel for få forskarar og forskingsmiljø på internasjonalt toppnivå. Det europeiske forskingsrådet (ERC) er ein av dei mest krevjande konkurransearenaene norske forskarar deltek på. Det at både søknader til og tildelingar frå ERC har auka, viser at kvaliteten på norsk forsking utviklar seg positivt. Samla sett er det likevel få norske fagmiljø som har nådd opp i konkurransen om Advanced Grants. Fire ERC Advanced Grants i årets tildeling er derfor svært gledeleg.

Kvaliteten på søknadene til Forskingsrådet er god, og prosentdelen av søknadene som får innvilga støtte har falle litt dei siste åra. Forskingsrådet har innført porteføljestyring som ein metode for å styrke den vitskaplege kvaliteten ved å gi støtte til fleire av dei fagleg beste prosjekta.

Mange mellombels tilsette, uklare karrierevegar, høg gjennomsnittsalder på norske doktorgradskandidatar og låg gjennomføring på normert tid er utfordringar for norsk forsking og høgare utdanning. Vi treng meir satsing på unge forskartalent, mellom anna for å bidra til å bygge og halde oppe forskingsmiljø av framifrå kvalitet.

Strategiar og tiltak

Kvalitetsprogram for høgare utdanning

Innanfor opptrappingsplanen for kvalitet i høgare utdanning er løyvinga til kvalitetsprogramma for høgare utdanning auka betydeleg, mellom anna til programmet Senter for framifrå utdanning (SFU). SFU er ei nasjonal prestisjeordning for å stimulere til utvikling av fleire framifrå utdanningsmiljø. Sentera er viktige for å utforske, dokumentere og spreie gode metodar for undervisning. Ordninga blei oppretta i 2010, og frå 2020 er det tolv senter med SFU-status. I 2020 gjennomførte Diku ei midtvegsevaluering av fire av sentera. For nærare omtale sjå kap. 272, post 50.

Neste utlysing har søknadsfrist våren 2022.

Verkemidla for auka vitskapleg kvalitet i Forskingsrådet

Generelt er det høg kvalitet på forskinga som blir finansiert gjennom Forskingsrådet. Den vitskaplege kvaliteten blir bygd opp gjennom satsing på senterordningane (SFF, SFI og FME), infrastruktur, forskarprosjekt og ordningar som stimulerer til internasjonalt samarbeid. Dei fremste verkemidla Forskingsrådet har for å fremje banebrytande forsking er Fri prosjektstøtte (FRIPRO) og Senter for framifrå forsking (SFF). Desse medverkar til å gi dei beste forskarane og dei sterkaste forskingsmiljøa gode og langsiktige rammer.

Evalueringa frå 2020 av SFF-ordninga syner at ho har mykje å seie for auka kvalitet i norske forskingsmiljø, og at det er viktig å halde fram satsinga. Både FRIPRO og SFF-ordninga er blitt styrkte og vidareutvikla dei siste åra, og regjeringa vidarefører satsinga. Val av SFF som skal starte i 2022 er i gang, og våren 2021 lyste Forskingsrådet ut 1 mrd. kroner til fellesløft for tverrfagleg forsking under verkemiddelet FRIPRO. Institusjonane sjølv finansierer halvparten av tildelingane i fellesløfta.

Ein gjennomgang av Unge forskartalent frå 2020 viser at ordninga har bidrege til å styrke karriereutviklinga til unge forskarar og gjort det mogleg å etablere ei forskargruppe for banebrytande forsking. Dei som fekk støtte, har òg lykkast betre i konkurransen om midlar frå ERC. Dei fleste Forskarprosjekt for unge talent blir tildelte gjennom FRIPRO.

Strategi for forskarrekruttering og karriereutvikling

Regjeringa har lagt fram ein strategi for forskarrekruttering og karriereutvikling. Strategien er mellom anna viktig for å nå måla i Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. For å betre konkurransekrafta og innovasjonsevna, møte store samfunnsutfordringar og utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet, er vi avhengige av å rekruttere inn og halde på talent i våre høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar. Strategien tek særleg for seg den første fasen av forskarkarrieren, med vekt på stipendiat-, postdoktor- og innstegstillingane. Eit viktig tiltak i strategien er ein gjennomgang og revisjon av dei tre forskriftene om tilsetjing under universitets- og høgskulelova.

For mange unge forskarar er tilsett mellombels for lenge. Strategien uttrykker at regjeringa forventar at utdanningsinstitusjonane har kompetanse på mellombels tilsetjing og ein strategi for å redusere uønskt mellombels tilsetjing. Regjeringa vil redusere mellombels tilsetjing i sektoren generelt, og departementet følger opp mellom anna ved å hente inn statistikk og følge opp utviklinga i den årlege etatsstyringsdialogen med universitet og høgskular.

Kap. 260 Universitet og høgskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

50

Statlege universitet og høgskular

37 181 570

38 808 991

39 396 635

70

Private høgskular

1 726 817

1 901 329

2 078 282

Sum kap. 260

38 908 387

40 710 320

41 474 917

Post 50 Statlege universitet og høgskular og post 70 Private høgskular

Mål for 2022

Følgande mål gjeld for universitet og høgskular som får løyving frå Kunnskapsdepartementet over kap. 260:

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgare utdanningssektor og forskingssystem

Universitet og høgskular skal fastsetje sine eigne mål og styringsparametrar i tråd med desse måla. I tillegg fastset Kunnskapsdepartementet styringsparametrar på område der institusjonane skal ha særleg merksemd på resultatutviklinga ut frå nasjonale omsyn.

Resultat i 2020

God tilgang til utdanning

Stortinget løyvde i behandlinga av statsbudsjettet for 2020 midlar til 145 fleire studieplassar og til fleksible tilbod. Nedgangen i økonomien i 2020 som følge av covid-19-pandemien forsterka behovet for meir kapasitet i høgare utdanning, og i behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2020 blei det løyvd midlar til 4 000 fleire studieplassar og til fleksibel utdanning. Universiteta og høgskulane følgde opp med å ta opp studentar.

Hausten 2020 var det over 273 000 registrerte studentar som blei finansierte over Kunnskapsdepartementets budsjett. Det var nær 12 000 fleire enn året før, den største oppgangen nokosinne, særleg blant dei yngre og eldre studentane. Auken var 2 pst. blant studentar i 20-åra, og høvesvis 11 pst. og 10 pst. blant dei yngre og eldre.

Det var over 19 000 studentar med nettbasert undervisning i 2020, uavhengig av finansieringskjelde, 29 pst. fleire enn året før. På desentraliserte tilbod, der undervisninga skjer utanfor dei ordinære studiestadane, til dømes ved studiesenter, var det 6 700 studentar, om lag som i dei to siste åra.

Mange av dei nye studentane tok utdanning ved dei private høgskulane. 16 pst. av studentane var registrerte ved ein privat høgskule hausten 2020, men dei stod for nesten halvparten av auken i studenttalet frå 2019.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Utdannings- og forskingsmiljø

Kvaliteten på undervisningstilbodet i 2020 var sterkt prega av smitteverntiltaka, som førte til avlyste aktivitetar og alternativ undervisning digitalt. Av respondentane i studentundersøkinga Studiebarometeret for 2020, som Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) står bak, svarte 71 pst. at det faglege utbyttet av undervisninga var dårlegare enn normalt etter innføringa av strenge smitteverntiltak vårsemesteret 2020. Skåren for kor nøgde studentane er med studieprogramma sine alt i alt, har i mange år vore stabil på 4,1 på ein skala frå 1 (i lita grad) til 5 (i stor grad), men skåren gjekk ned til 4,0 i 2020. Av studentane som i utgangspunktet ikkje hadde digital undervisning, svarte 71 pst. at omfanget av undervisninga blei redusert etter at tilgangen til campus blei stengd 12. mars. Blant heiltidsstudentane gjekk den gjennomsnittlege tidsbruken til organiserte læringsaktivitetar per veke ned med over 1 1/2 time. Tida brukt til eigenstudiar gjekk noko opp, men den totale faglege tidsbruken per veke gjekk ned med knappe 20 minutt. Berre om lag éin av fem studentar svarte at dei hadde tilgang til ein stad som var godt eigna til studiar då campus stengde.

Gjennomføringa av studia på normert tid gjekk opp for bachelorstudentane i 2020, men ned for studentar på masternivå. Av studentane som starta på eit bachelorstudium i 2017, hadde 52 pst. fullført i 2020, og det var 1,9 prosenteiningar meir enn det føregåande kullet. For studentane som skulle vore ferdige med masterstudiet på normert tid i 2020, var det 54 pst. og 39 pst. som hadde fullført høvesvis eit toårig eller eit integrert femårig studium. Det er høvesvis 1,8 og 1,6 prosenteiningar lågare enn for dei føregåande kulla.

Den nasjonale statistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB) viser kor mange av dei nye studentane i eit år som har fullført ei grad innan åtte år. Prosentdelen utan noka grad gjekk ned frå 45 pst. blant dei som starta i 2001, til 34 pst. blant dei som starta i 2008. Sidan har det vore mindre endringar.

Talet på fullførte doktorgrader gjekk opp i 2020 for fjerde året på rad, med den tredje rekorden på rad for fullførte grader i eit år. Til saman 1 634 personar tok doktorgrad i 2020. Av personane som starta på eit doktorgradsstudium i 2014, hadde 70 pst. disputert innan 2020. Det er ein auke i prosentdelen som fullfører innan seks år, på 3,8 prosenteiningar samanlikna med det føregåande kullet.

Det europeiske forskingsrådet (ERC) løyver midlar til framifrå forskarar uavhengig av tema og fagfelt, og tildelingar herifrå er eit tydeleg kvalitetsteikn. Av ERC-stipenda utlyste i 2020 gjekk 19 til norske institusjonar. Noregs del av dei samla stipenda var over 2 pst. i 2020 og har vore 1,5 pst. eller høgare kvart år sidan 2017. Før det var prosentdelen aldri over 1,4 pst. Både prosentdelen innvilga søknader og talet på stipend i høve til folketalet var lågare enn i Sverige og Danmark.

Internasjonalt samspel

Den internasjonale studentutvekslinga blei i 2020 nesten halvert samanlikna med året før. Reiserestriksjonane på grunn av covid-19-pandemien gjorde at nesten ingen utvekslingsopphald blei gjennomførte hausten 2020. For året under eitt var det over 3 800 utreisande utvekslingsstudentar frå Noreg og 4 600 innreisande til Noreg. Av desse var høvesvis 47 pst. og 76 pst. på utveksling gjennom Erasmus+-ordninga.

SSBs tal på internasjonale gradsstudentar i Noreg var om lag 15 000 i 2020, inkludert ved lærestadar utan finansiering over kap. 260. Ved dei statlege lærestadane under Kunnskapsdepartementet var talet over 11 100. Begge tala auka med om lag 4 pst. samanlikna med året før. Det er den største auken dei siste seks åra. Prosentdelen av doktorgradene tekne av personar med utanlandsk statsborgarskap, 40 pst., var den same som i 2019.

Det internasjonale samarbeidet om forskingspublikasjonar held fram med å auke. Delen av dei vitskaplege publikasjonane i Norsk vitskapsindeks (NVI) frå universitets- og høgskulesektoren med utanlandske medforfattarar auka med 3 prosenteiningar frå 2019 til 53 pst. Talet er likevel 4 prosenteiningar lågare enn tilsvarande tal for forskingsinstitutta.

Deltakinga i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, held fram på eit høgt nivå. I dei inngåtte kontraktane etter utlysingar i 2020 gjekk 1,1 pst. av midlane til norske universitet og høgskular. Det er det høgste i programmet, og markert høgare enn i den første perioden av programmet. For utlysingane i 2014–16 gjekk 0,6 pst. av midlane til dei norske lærestadane.

Bygg for undervisning og forsking

Statlege byggeprosjekt blir finansierte etter ulike modellar. I ordinære byggeprosjekt løyver Stortinget midlar til investeringa særskilt over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I brukarfinansierte byggeprosjekt i statens husleigeordning blir investeringa dekt av leigetakaren innanfor uendra rammeløyving gjennom auka husleige. Fleire brukarfinansierte prosjekt blei ferdige i 2020, både bygg for lærarutdanning ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT), oppgradering og utvikling av UiT sine bygg i Narvik, og rehabilitering av hovudbygget til Noregs handelshøgskole. Nybygget for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet på Ås har vore det største byggeprosjektet i universitets- og høgskulesektoren dei siste åra. Desse organisasjonane har no teke bygget i bruk. Regjeringa har sett i gang ei evaluering av prosjektet som skal vere ferdig innan utgangen av 2021.

Institusjonar som forvaltar eigedommane sine sjølve, har sidan 2015 hatt høve til å søke Kunnskapsdepartementet om midlar til oppgraderings- og ombyggingsprosjekt. I 2019 vart ordninga utvida til å gjelde også institusjonar med lokale i statens husleigeordning. Totalt er det tildelt 871 mill. kroner frå 2015 til og med 2021 til slike tiltak. Dette inkluderer ei ekstraordinær løyving på 100 mill. kroner i 2020 som økonomisk tiltak i møte med covid-19-pandemien, slik at løyvinga i 2020 blei på 261 mill. kroner. I 2021 blei løyvinga til ordninga flytta til kap. 275, post 45. Ordninga har medverka til å betre tilstanden i utvalde universitets- og høgskulebygg og skape lokale for nye læringsformer.

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Innovasjon, verdiskaping og samspel med omverda

Universiteta og høgskulane har eit utstrekt samspel med eksterne aktørar i utdannings- og forskingsverksemda. I Studiebarometeret til NOKUT for 2020 svarte over fire av ti av respondentar over midten av skalaen på spørsmål om i kva grad representantar frå arbeidslivet bidreg i undervisninga. Til spørsmålet om høve til å arbeide med prosjekt i samarbeid med arbeidslivet svarte over tre av ti det same. Den nye strategien for forskarrekruttering og karriereutvikling vektlegg auka samarbeid mellom arbeidslivet og universiteta og høgskulane i doktorgradsutdanninga.

Inntektene til bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet frå andre kjelder enn Forskingsrådet, regionale forskingsfond og Europakommisjonen (BOA-inntektene) var på 3,7 mrd. kroner i 2020. Det er same nivå som i 2019. I pst. av samla driftsinntekter er det ein nedgang på 0,2 prosenteiningar til 7,3 pst. Om lag ein firedel av BOA-inntektene kjem i form av oppdrag, og om lag to tredelar er frå offentlege kjelder i Noreg.

Ved dei statlege lærestadane var det 161 patentsøknader i 2020 og 56 inngåtte kontraktar for lisensiering av patenterte oppfinningar. Det er om lag som nivået i 2019. Til saman blei det etablert åtte føretak frå tre ulike institusjonar. Det er klart lågare enn tidlegare år.

Stadig fleire vitskaplege artiklar blir publiserte ope. I 2020 var nesten ein tredel av dei vitskaplege artiklane med forfattarar frå den norske universitets- og høgskulesektoren publiserte i opne tidsskrift. Ein firedel av publikasjonane var ope tilgjengelege i abonnementstidsskrift, over 10 prosenteiningar meir enn i 2019. Det er eit resultat av avtalane inngått med forlaga i 2019 og 2020 som omfatta både norsk tilgang til abonnementstidsskrifta og at dei norske artiklane blei gjorde ope tilgjengelege, såkalla publiser-og-les-avtalar. 16 pst. av artiklane var publiserte i abonnementstidsskrift og ikkje deponerte i kunnskapsarkiv. Det er éi prosenteining lågare enn talet for 2019.

Lærarutdanningane og helse- og sosialfagutdanningane

I 2020 blei det uteksaminert om lag 7 500 kandidatar frå dei åtte lærarutdanningane retta mot barnehage eller skule. Det er om lag 7 pst. færre enn året før, men fleire enn i 2018, og opp 40 pst. frå 2008. Grunnskulelærarutdanninga for trinn 1–7 hadde ein nedgang i kandidattala på 7,5 pst. frå 2019, men samanlikna med 2018 og tidlegare år er det ein auke. Det er særleg stort behov for lærarar på desse trinna. Søkinga gjekk litt ned i 2020, men det møtte fleire studentar til studiestart enn året før. Regjeringa har finansiert rekrutteringstiltak, sjå omtale under kap. 226.

I 2020 blei det uteksaminert om lag 11 500 kandidatar frå helse- og sosialfagutdanningane. Det er ein nedgang i kandidatproduksjon for fleire av desse utdanningane i 2020 samanlikna med året før. Sjukepleiarutdanningane utdanna i overkant av 4 000 kandidatar i 2020, eit tal som har auka år for år, og med 17 pst. sidan måltala starta i 2013. Prosentdelen mannlege søkarar til sjukepleiarutdanningane, grunnskulelærarutdanninga for trinn 1–7 og barnehagelærarutdanninga er stabil på eit for lågt nivå.

Universitetsmusea

Fem universitet har eit særskilt nasjonalt ansvar for å drive museum med vitskaplege samlingar og publikumsutstillingar. Musea kunne ikkje drive som ordinært i 2020, og det samla besøkstalet var ein firedel av det i 2019. Tre av musea auka delen av samlingane som var registrert i digitale databasar. Samla sett var tre firedelar av samlingane digitaliserte, og av desse var om lag 70 pst. tilgjengelege på internett.

Effektiv, mangfaldig og solid høgare utdanningssektor og forskingssystem

Effektiv drift og forvaltning

Universitet og statlege høgskular hadde 47,5 mrd. kroner i driftsinntekter i 2020. Løyvinga over kap. 260, post 50 utgjorde fire femdelar av dette, med 37,2 mrd. kroner.

Universiteta og dei statlege høgskulane hadde samla avsetningar frå løyvingar frå Kunnskapsdepartementet på 3,7 mrd. kroner ved utgangen av 2020. Av desse var 2,6 mrd. kroner avsetningar til andre formål og 1,1 mrd. kroner avsetningar til investeringar, jf. regelverk for avsetningar (sjå omtale av regelverket under Budsjettforslag for 2022). Frå 2019 til 2020 har dei samla avsetningane auka med 1 mrd. kroner. Ved utgangen av 2020 utgjorde dei samla avsetningane 9,9 pst. av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet, men variasjonen mellom institusjonane er frå 1,0 til 25,3 pst., sjå tabellane i vedlegg 4. Tabellane i vedlegg 4 inkluderer også avsetningar frå andre departement og vil avvike noko.

Private høgskular fekk tilskot på 1,7 mrd. kroner over kap. 260, post 70 i 2020. Dei hadde driftsinntekter i underkant av 4,1 mrd. kroner, ein auke på 9,5 pst. frå 2019. Det samla driftsresultatet for desse institusjonane var 189,4 mill. kroner i 2020, og det er ein auke på 83,1 pst. i forhold til 2019. På bakgrunn av rekneskapane frå 2020 vurderer departementet at fleirtalet av dei private institusjonane har god eller middels god økonomi. Nokre få private institusjonar har svak økonomi. Departementet vil følge med på utviklinga hos desse institusjonane.

I 2020 blei det utført 25 300 årsverk i faglege stillingar og 15 100 årsverk i tekniske eller administrative stillingar ved universitet og høgskular. Dette var høvesvis 2,3 og 3,2 pst. fleire enn i 2019. Samla sett gjekk talet på studiepoeng i forhold til dei faglege årsverka opp med 4,5 pst. Dette forholdstalet hadde tidlegare blitt jamt redusert sidan 2014. Samla sett blei det teke 47 studiepoeng per student omrekna i heiltidsekvivalentar. Det er ein auke på 1,1 studiepoeng per student frå året før, og klart høgare enn nivået ein har sett tidlegare. For fleire av dei større institusjonane var auken endå høgare. For Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Universitetet i Oslo (UiO) og Universitetet i Bergen (UiB) var han over 2 studiepoeng per student. Elles hadde ikkje indikatoren for desse institusjonane endra seg med over 1 studiepoeng det siste tiåret.

Rekruttering, kompetanse og karriere

33,5 pst. av årsverka i dosent- og professorstillingar var utførte av kvinner i 2015. Samla for stillingar som krev doktorgrad eller tilsvarande kompetanse, var talet 43,5 pst. Desse tala har auka med om lag 1 prosenteining årleg over lang tid.

Prosentdelen årsverk i faglege stillingar som krev doktorgrad eller tilsvarande kompetanse, har òg auka jamt i lang tid. I 2020 auka talet med 0,6 prosenteiningar og var på 76 pst.

I 2020 var under 12 pst. av årsverka utførte av personar i mellombelse stillingar (utanom åremålsstillingar). I undervisnings- og forskingsstillingar var prosentdelen 13 pst., og i støttestillingar og blant saksbehandlarar var han 10 pst. Prosentdelen mellombelse stillingar har gått ned kvart år sidan 2011, og nedgangen frå 2019 til 2020 er den største det siste tiåret, på nesten 2 prosenteiningar. Det er særleg i gruppa med undervisnings- og forskingsstillingar at nedgangen var stor.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve til saman 41,5 mrd. kroner på kapittelet, fordelte med 39,4 mrd. kroner til universitet og statlege høgskular over post 50 og 2,1 mrd. kroner til private høgskular over post 70. Forslaget omfattar ein reduksjon på 35 mill. kroner, fordelte med 33,4 mill. kroner over kap. 260, post 50 og 1,6 mill. kroner over post 70, for å finne rom for andre satsingar over Kunnskapsdepartementets budsjett. Løyvinga på post 50 er redusert med 1,1 mrd. kroner som følge av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inklusive arbeidsgivaravgift av dette, tilsvarande er redusert, jf. omtale under hovudinnleiinga punkt 1.3.

Forslaget omfattar også ein reduksjon på 74 mill. kroner over kap. 260, post 50 som følge av at regjeringa vurderer at covid-19-pandemien har gitt staten høve til å redusere reiseomfanget på kort og lang sikt.

Det er lagt til grunn ei prisjustering på 2,6 pst. og ein reduksjon som følge av reforma for avbyråkratisering og effektivisering på 0,5 pst., som utgjer 203,6 mill. kroner over kap. 260, post 50 og 70.

Det resultatbaserte finansieringssystemet

Den resultatbaserte utteljinga aukar med 509,7 mill. kroner som følge av betre resultat på indikatorane i finansieringssystemet. Auken er fordelt med 435,7 mill. kroner for universiteta og dei statlege høgskulane over post 50 og 74 mill. kroner til dei private høgskulane over post 70.

Studiekapasitet og -kompetanse

Regjeringa foreslår å vidareføre og trappe opp med opptak av nye kull for studieplassar som Stortinget løyvde midlar til i budsjetta for 2016–20. Det utgjer 402,8 mill. kroner over kap. 260, post 50 og 61 mill. kroner over post 70. Den satsinga regjeringa har hatt på studieplassar sidan 2014, har gjort det mogleg å ta opp om lag 8 800 fleire studentar også i 2022. 4 000 av desse kom som følge av satsinga på Utdanningsløftet 2020 i Revidert nasjonalbudsjett 2020. Regjeringa foreslår å vidareføre midlar slik at kulla som er tekne opp i 2020 og 2021, får fullføre studieløpa sine. Det er ein føresetnad at plassane kom som følge av situasjonen på arbeidsmarknaden med høg arbeidsløyse. Den samla studiekapasiteten vil etter kvart bli normalisert i tråd med konjunkturane. Regjeringa vil kome tilbake til dette i seinare budsjett, med utgangspunkt i utviklinga i arbeidsmarknaden. Regjeringa foreslår å vidareføre midlar til 4 000 studieplassar, slik at universiteta og høgskulane kan ta opp eit nytt kull også i 2022. Av dei 4 000 plassane, foreslår regjeringa å omprioritere 300 plassar frå juridiske og økonomisk-administrative fag til barnevernsfagleg utdanning på masternivå. Dette heng saman med at regjeringa vil innføre nye kompetansekrav i barnevernet. Stortinget har vedteke krav om masterutdanning for å utføre visse kjerneoppgåver i det kommunale barnevernet, jf. Innst. 625 L (2020–2021) og Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov. Det er utarbeidd retningslinjer for to nye barnevernsfaglege masterutdanningar. For dei 300 barnevernsfaglege studieplassane legg regjeringa til grunn varig auka opptakskapasitet, finansiert innanfor ei provenynøytral ramme for universitets- og høgskulesektoren samla sett.

Regjeringa har som mål at ein større del av norske legar skal bli utdanna i Noreg. Medisinutdanninga skal inkludere desentraliserte studiemodellar som i tek i bruk ein større del av helsetenesta. Hovudmodellen skal framleis vere ei integrert seksårig utdanning.

Bygg for undervisning og forsking

Regjeringa foreslår 365 mill. kroner over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Statsbyggs arbeid med forprosjekt for ny campus i Trondheim for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). I tillegg fører Kunnskapsdepartementet vidare 10 mill. kroner til NTNU for arbeidet med prosjektet. Ei samling av campus skal bidra til betre kvalitet i utdanning, forsking, innovasjon, kunst og formidling. Regjeringa har vedteke at prosjektet skal planleggast med design to cost-metodikk og ut frå ei kostnadsramme på 11,9 mrd. kroner. I tillegg kjem midlar til universitetet sin del av bygginga av Senter for psykisk helse ved St. Olavs hospital, på 639 mill. kroner. Sjå meir utfyllande omtale av Senter for psykisk helse i Helse- og omsorgsdepartementet sin Prop. 1 S (2021–2022).

Regjeringa foreslår 378 mill. kroner over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet til å vidareføre bygging og rehabilitering av Vikingtidsmuseet ved Universitetet i Oslo. For ei nærare forklaring av løyving per kapittel og post for byggeprosjekta, sjå Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin Prop. 1 S (2021–2022).

I Prop. 79 S (2020–2021) varsla regjeringa Stortinget om at delar av løyvinga til arbeidet med nytt livsvitskapsbygg for 2021 ville bli nytta til å greie ut om og førebu innlemming av Klinikk for laboratoriemedisin (KLM) ved Oslo universitetssjukehus HF i eit utvida prosjekt. Vidare varsla regjeringa óg at ho ville orientere Stortinget om samla omfang og kostnader for prosjektet i statsbudsjettet for 2022.

Livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo (UiO) skal gi realfaga og livsvitskap, og særleg medisinsk og helsefagleg forsking, gode rammevilkår i framtida. Bygget skal óg legge til rette for breitt forskingssamarbeid med næringsaktørar som bioteknologiselskap og helseføretak. Samlokaliseringa av UiO og KLM vil forsterke eksisterande og skape nye synergiar på livsvitskapsområdet.

Det er etablert eit prosjektstyre, med deltakarar frå Kunnskapsdepartementet, Helse Sør-Øst RHF, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Statsbygg, Universitetet i Oslo, og Oslo universitetssjukehus HF. Det er utarbeidd mandat og styringsdokument for prosjektstyret.

Ein ekstern kvalitetssikrar har våren og sommaren 2021 gjennomført supplerande analysar til KS2 av planane for samlokaliseringsprosjektet. Ekstern kvalitetssikrar peikar på at prosjektet har høg usikkerheit. Størrelsen og kompleksiteten til prosjektet, saman med at det er to finansierande partar og brukarorganisasjonar, stiller særlege krav til både overordna styring og prosjektstyringa til Statsbygg. Ekstern kvalitetssikrar støtter etablering av eit prosjektstyre med avgjerdsmyndigheit som nemnt over. Eit avgjerdsdyktig prosjektstyre, tydelege kostnadsmessige grensesnitt mellom UiO og OUS og effektive brukar- og avgjerdsprosessar hos OUS blir peikt på som viktige suksessfaktorar for å lukkast.

Ekstern kvalitetssikrar peikar vidare på at planleggingsarbeidet knytt til sjukehusareala er mindre mogent enn for universitetsareala. Kunnskapsdepartementet, saman med mellom anna andre aktuelle departement, Helse Sør-Øst RHF og Statsbygg, vil framover gå gjennom og følge opp anbefalingane frå ekstern kvalitetssikrar.

Hausten 2021 er det planlagt arbeid for å kunne oppretthalde framdrift i prosjektet. Arbeidet kan delast i prosjektering og produksjon. Prosjekteringsarbeidet omfattar mellom anna arbeid med romfunksjonsprogrammering, planlegging av brukarutstyr, detaljprosjektering, kalkylearbeid og arbeid med å inngå gjennomføringsavtalar for råbygg, tett hus og innreiing. Det planlagde produksjonsforløpet 2. halvår 2021 og 1. kvartal 2022 omfattar fundamentering og legging av plasstøypt betong under bakken.

Regjeringa foreslår å løyve 948 mill. kroner til prosjektet i 2022 over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I tråd med tilrådinga frå ekstern kvalitetssikrar foreslår regjeringa eit styringsmål for prosjektet på 10 417 mill. kroner, og ei kostnadsramme på 11 974 mill. kroner. Det er teke sikte på at bygget kan stå ferdig i løpet av 2026. Kostnadsramma for brukarutstyr foreslår regjeringa å justere ned med 125 mill. kroner, til 1 198 mill. kroner som følge av at delar av utstyret blir flytta inn i sjølve byggeprosjektet. Sjå forslag til vedtak VII.

Regjeringa legg til grunn at UiO frå innflyttinga skal motta årleg kompensasjon for kapitalelementet i husleiga opp til opphavleg fastsett kostnadsramme på 6 294 mill. kroner, justert for pris- og valutakursjustering. UiO skal óg kompenserast for kapitalleiga knytt til mellombels stans (100 mill. kroner), covid-19-pandemien (100 mill. kroner), teknisk flytting av kostnader frå ramma for brukarutstyr til ramma for bygg (125 mill. kroner) og UiO sin andel av tomtekostnaden på 287,6 mill. kroner. Desse tala er i 2021-kroner. Regjeringa legg vidare til grunn at Helse Sør-Øst RHF etter innflytting skal motta husleigekompensasjon på 90 mill. 2021-kroner årleg. Kompensasjonen er knytt til at vilkåra i statens husleigeordning avvik frå det som ligg til grunn i den ordinære finansieringsordninga for store investeringsprosjekt i helseføretaka. I tillegg vil Helse Sør-Øst RHF få kompensasjon for eingangskostnader på 87,5 mill. kroner som følge av mellombels stans i prosjektet og covid-19-pandemien.

Helse Sør-Øst RHF har parallelt med den eksterne kvalitetssikringa gjennomført ei eiga kvalitetssikring av konseptfase (KSK) for samlokalisering av laboratoriefunksjonar for Oslo universitetssykehus HF i livsvitskapsbygget. Styret i Helse Sør-Øst RHF har vedteke å vidareføre samarbeidsprosjektet. Sjå omtale i Prop 1. S (2021–2022) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Bygga ved Campus Mørkved ved Nord universitet har vesentlege utfordringar med kapasiteten og logistikken, og areala er ikkje dimensjonerte og tilstrekkeleg tilpassa for utdannings- og forskingsverksemda dei skal romme. Regjeringa foreslår startløyving til Blått bygg på 110 mill. kroner over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet og 10 mill. kroner til brukarutstyr over kap. 260, post 50. Frå 2025 vil årleg husleige til Statsbygg auke med om lag 40 mill. kroner, og regjeringa foreslår å gi 75 pst. husleigekompensasjon frå då av. Regjeringa foreslår ei kostnadsramme på 575 mill. kroner (inkludert kunstnerisk utsmykking) og 120 mill. kroner til brukarutstyr, sjå forslag til vedtak IV.

I oppfølginga av områdegjennomgangen av bygg og eigedom i statleg sivil sektor i 2020 konkluderte regjeringa med å få ei særskild vurdering av eigedommane til Noregs idrettshøgskole (NIH). Regjeringa foreslår i samråd med NIH å overføre forvaltninga til Statsbygg gjennom statens husleigeordning. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til NIH med 20 mill. kroner årleg tilsvarande kapitalkostnadene i husleiga.

Regjeringa vurderer ulike alternativ for å bidra til betre insentiv i vurderinga og gjennomføringa av nye bygg i universitets- og høgskulesektoren. Regjeringa tek sikte på å innføre kapitalbelastning for nye bygg ved sjølvforvaltande universitet og høgskular. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med oppfølging seinast i statsbudsjettet for 2023.

Vedlegg 3 Byggtabellar for universitet og høgskular viser ei oversikt over dei byggeprosjekta i sektoren som Statsbygg har til prosjektering eller gjennomføring i 2022.

Lærarutdanning

Studentane som blei tekne opp til dei nye femårige grunnskulelærarutdanningane i 2017, starta på det femte året av utdanninga hausten 2021 og vil fullføre utdanninga i 2022. Ettersom skulen har behov for fleire lærarar, vil departementet vidareføre eit nasjonalt kandidatmåltal for grunnskulelærarutdanningane på 1 913 kandidatar. Departementet auka løyvinga med 89,1 mill. kroner totalt til dei institusjonane som tilbyr grunnskulelærarutdanning i 2021 som halvårseffekt, og foreslår å auke løyvinga med ytterlegare 91,4 mill. kroner i 2022, fordelt med 86,8 mill. kroner til universitet og statlege høgskular over kap. 260, post 50 og 4,6 mill. kroner til private høgskular over post 70.

Regelverk for avsetningar

Universiteta og høgskulane er nettobudsjetterte verksemder, noko som inneber at dei kan disponere løyvingar og alle eksterne inntekter til sitt formål og føre over alle ubrukte midlar til neste budsjettår (avsetningar). Nettobudsjettering er meint å gi institusjonane økonomisk handlingsrom som samsvarer med dei faglege fullmaktene deira og gjer dei i stand til å planlegge og disponere midlar i eit fleirårig perspektiv, til dømes for nybygg, utstyr og oppbygging av nye fagmiljø.

Kunnskapsdepartementet har fastsett eit regelverk for avsetningane til statlege universitet og høgskular som blei gjeldande frå 2021. Det skil mellom avsetningar til investeringar, inkludert avsetningar til vedlikehald av eigedom ved dei sjølvforvaltande institusjonane, og avsetningar til andre formål. For avsetningar til investeringar er det ikkje fastsett ei øvre grense, men institusjonane må dokumentere dei konkrete planlagde investeringane med beløp og årstal. Den øvre grensa for avsetningar til andre formål er 5 pst. av årets løyving frå Kunnskapsdepartementet. Frå 2022 skal avsetningar utover dette førast tilbake til statskassa. Kunnskapsdepartementet kan i samråd med Finansdepartementet i særskilde tilfelle innvilge unntak.

Høgskular som har søkt om unntak frå kravet om institusjonsakkreditering

Universitets- og høgskulelova har sidan 1. januar 2020 krav om at private høgskular må ha institusjonsakkreditering frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) for å kunne få statstilskot, jf. Innst. 76 L (2019–2020) og Prop. 9 L (2019–2020). Det er der mellom anna peikt på at krav om institusjonsakkreditering kan bidra til meir fagleg og administrativt solide institusjonar og slik utgjere eit viktig bidrag for å styrke kvalitetsutviklinga ved institusjonane. Vidare er det peikt på at alle dei statlege universiteta og høgskulane med løyving over Kunnskapsdepartementets budsjett er institusjonsakkrediterte, og at det ikkje er nokon grunn til å stille lågare krav til dei private enn til dei statlege institusjonane. Stortinget har vedteke at opninga for unntak skal praktiserast snevert og er aktuell i svært få tilfelle.

Det er 10 private høgskular med NOKUT-akkrediterte utdanningstilbod som ikkje får tilskot frå Kunnskapsdepartementet. Av desse har Lillehammer Institute of Music Production and Industries (Limpi), Nordland kunst- og filmhøyskole og NSKI høyskole søkt om statstilskot i 2022 og dermed unntak frå kravet om institusjonsakkreditering. Dei tre høgskulane bidreg med utdanning av kandidatar på sine fagområde. Likevel skal unntaket praktiserast snevert, og det særlege samfunnsmessige behovet må derfor vere stort. Regjeringa har peikt på helse- og sosialfag, realfag og teknologi og lærarutdanning som områda med størst samfunnsmessige behov for kompetanse framover. Dei tre høgskulane gir ikkje utdanning i desse områda, og regjeringa foreslår derfor ikkje at Limpi, Nordland kunst- og filmhøyskole og NSKI høyskole får statstilskot i 2022. Kunnskapsdepartementet viser elles til at Nordland fylkeskommune, som eig Nordland kunst- og filmhøyskole, har inngått ein intensjonsavtale med Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet om å overdra verksemda til universitetet.

6 av dei 15 private høgskulane som får tilskot over Kunnskapsdepartementets budsjett, har ikkje institusjonsakkreditering. For desse gjeld overgangsordninga fram til 2025, jf. universitets- og høgskulelova. Av desse har Barratt Due Musikkinstitutt og Høyskolen for dansekunst søkt om unntak frå kravet om institusjonsakkreditering i 2022. Formålet med kravet om institusjonsakkreditering er institusjonar som fagleg og administrativt er meir solide, og dermed styrkt kvalitetsutvikling av institusjonane. Regjeringa meiner at ein struktur med færre og sterkare institusjonar også i den private delen av sektoren vil bidra til det. Kunnskapsdepartementet foreslår ikkje unntak frå kravet om institusjonsakkreditering for Høyskolen for dansekunst. Kunnskapsdepartementet viser elles til at Barratt Due Musikkinstitutt vurderer moglege endringar i strukturen og utdanningstilbodet gjennom meir forutdanning for ungdom i alderen 16–19 år. Departementet vil ikkje vurdere unntak frå kravet om institusjonsakkreditering i høgare utdanning før dette er avklart.

Andre saker

I 2021 løyvde Stortinget 7 mill. kroner over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet til å dekke halvparten av årlege driftskostnader for Rettsgenetisk senter ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT). Regjeringa foreslår å flytte midlane til kap. 260, post 50 i 2022. For å dekke dei resterande årlege driftskostnadene foreslår regjeringa å auke løyvinga til UiT med 7,7 mill. kroner, gjennom å omfordele 6,9 mill. kroner på kap. 260, post 50 frå dei statlege universiteta og høgskulane og flytte 0,8 mill. kroner og 77 000 kroner frå høvesvis Justis- og beredskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Kunnskapsdepartementet foreslår ein auke på 3,3 mill. kroner i rammeløyvinga til Universitetet i Oslo for meirbehovet til Regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk ved komiteane for klinisk utprøving av legemidlar og medisinsk utstyr (REK-KULMU).

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte 2,8 mill. kroner frå rammeløyvinga til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, som dekker delar av drifta av pådrivararbeidet for universell utforming. Sjå òg omtale under kap. 256, post 01.

Nord universitet, OsloMet – Storbyuniversitetet, Høgskulen i Innlandet og Universitetet i Søraust-Noreg har inngått avtale med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring om bruk av ei løysing for tilsetjing og arbeidskontrakt. Kunnskapsdepartementet foreslår å rammeoverføre 0,4 mill. kroner til kap. 1605, post 01 i Finansdepartementets budsjett.

Den nye strategien Strategi for digital omstilling i universitets- og høyskolesektoren 2021–2025 omfattar alle sider ved digitalisering i sektoren. Kunnskapsdepartementet vil følge opp strategien saman med universitet og høgskular og i samarbeid med HK-dir, NOKUT, Forskingsrådet og Sikt.

Kap. 270 Studentvelferd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

74

Tilskot til velferdsarbeid o.a.

123 380

126 588

75

Tilskot til bygging av studentbustadar, kan overførast

448 608

803 507

959 158

Sum kap. 270

448 608

926 887

1 085 746

Post 74 Tilskot til velferdsarbeid o.a.

Posten omfattar tilskot til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskot til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.

Mål for 2022

God studentvelferd og studentorganisasjonar som er dyktige til å fremje studentane sine interesser.

Målet med ordninga er å legge grunnlag for studentvelferd ved utdanningsinstitusjonane, studentorganisasjonane og studentsamskipnadene. Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene skal supplere det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet og vere ein integrert del av læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane. Pengane skal gå til å styrke velferdstilbodet til studentane, til dømes det psykiske helsetilbodet. I tillegg er det pengar til arbeid med psykisk helse gjennom Helsedirektoratet som samskipnadene og fleire kan søke om.

Resultat i 2020

I 2020 blei midlane løyvde over kap. 272, post 50. Sjå rapporteringa der.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 126,6 mill. kroner på posten, der 107,5 mill. kroner er tilskot til velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og 19,1 mill. koner er tilskot til landsomfattande studentorganisasjonar. Tilskota blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse på vegner av Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår følgande tilskot til landsomfattande studentorganisasjonar:

  • Association of Norwegian Students Abroad: 10,4 mill. kroner

  • Norsk studentorganisasjon: 4,1 mill. kroner

  • Organisasjon for norske fagskolestudenter: 2,5 mill. kroner

  • International Students’ Union of Norway: 1,9 mill. kroner

  • Stipendiatorganisasjonene i Norge: 260 000 kroner

Post 75 Tilskot til bygging av studentbustadar, kan overførast

Posten omfattar midlar til studentsamskipnadene, og i særskilde tilfelle studentbustadstiftingar, til kjøp, ombygging, oppføring og rehabilitering av studentbustadar. Studentbustadane skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden. Husbanken forvaltar tilskota for Kunnskapsdepartementet.

Mål for 2022

Rimelege og tilgjengelege bustadar for studentar.

Resultat i 2020

I 2020 gav Kunnskapsdepartementet tilsegn om tilskot til 2 200 hybeleiningar. Alle tilsegna var til bygging av nye studentbustadar i regi av studentsamskipnadene. I 2020 blei det i tillegg løyvd 250 mill. kroner til oppgradering av studentbustadar, jf. Innst. 360 S (2019–2020) og Prop. 127 S (2019–2020), som del av økonomiske tiltak i møte med covid-19-pandemien. Åtte studentsamskipnader fekk tilsegn om tilskot til 15 prosjekt for å oppgradere 2 094 studenthyblar. Det er forventa at ni av prosjekta blir ferdige i 2021 og dei andre seks prosjekta i 2022.

Ved utgangen av 2020 var 2 236 hybeleiningar under bygging, og 1 371 nye hybeleiningar blei ferdige og kunne takast i bruk i løpet av 2020. Nokre samskipnader som fekk tilsegn i høvesvis 2018, 2019 og 2020, har utsett oppstart av bygging til andre halvår 2021 og til 2022. Årsaka til dette er mellom anna at nokre samskipnader slår saman prosjekt til felles byggetrinn, men òg forseinkingar i kommunale planprosessar og rekkefølgekrav.

For heile landet var dekningsgraden på studentbustadar 16,0 pst. i 2020, ifølge tal frå Database for statistikk om høgare utdanning. Dekningsgraden varierer mellom studiestadene. Til dømes er dekningsgraden i Oslo og Akershus på 14,7 pst., medan han på Ås er 34,1 pst. Det er ikkje eit mål å ha like stor dekningsgrad alle stadar, sidan behovet vil variere mellom anna avhengig av tilbodet på den private leigemarknaden.

Bygging av studentbustadar skal gi rimelege bustadar for studentar. Ifølge studentundersøkinga Eurostudent VII har halvparten av dei norske studentane som svarte bustadkostnader på over 40 pst. av månadsinntekta. Ei undersøking frå NOKUT (NOKUT-rapport 3/2020) viser at leigeprisane i den private leigemarknaden er mykje høgare enn for studentbustadar. Prisen i gjennomsnitt for hybel, parleilegheit og familieleilegheit er høvesvis 65, 21 og 42 pst. over prisen for tilsvarande studentbustadar.

Budsjettforslag for 2022

Regjeringa foreslår å løyve 959,2 mill. kroner på posten som skal dekke forventa utbetaling til både gamle og nye tilsegner. Midlane blir normalt betalte ut over tre år. Kostnadsramma og tilskotssatsen blir justerte med forventa prisvekst. Det inneber ei kostnadsramme på 1 011 900 kroner og ein tilskotssats på 382 200 kroner i pressområde og ei kostnadsramme på 955 700 kroner og ein tilskotssats på 326 200 kroner utanfor pressområde. Løyvinga gir rom for tilsegner om tilskot til 1 650 hybeleiningar i 2022.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 895,5 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 271 Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

175 902

170 451

167 683

21

Særskilde driftsutgifter

9 158

10

4 000

Sum kap. 271

185 060

170 461

171 683

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsutgifter for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), eit statleg forvaltningsorgan som er fagleg uavhengig på fleire område. NOKUT har ansvar for akkreditering og tilsyn med kvaliteten i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning og for godkjenning av utanlandsk utdanning.

Mål for 2022

  • Alle utdanningar ved universitet, høgskular og fagskular tilfredsstiller nasjonale kvalitetskrav, og flest mogleg held eit høgt internasjonalt nivå.

  • Universitet, høgskular, fagskular og studentsamskipnader forstår og følger regelverket.

  • Sektoren og samfunnet er godt informerte om kvaliteten ved universitet, høgskular og fagskular.

  • Utanlandsk utdanning og kompetanse kan effektivt takast i bruk i Noreg.

Resultat i 2020

NOKUT har behandla nokre fleire søknader om akkreditering av universitets- og høgskuleutdanningar i 2020 enn i dei siste par åra. Samstundes sette dei tilsynet med kvalitetssikringssystem på vent i seks månader for å gi universiteta og høgskulane som stod for tur, tid til å områ seg då covid-19-pandemien braut ut. Etter det blei arbeidet ført vidare med digitale tilsyns- og institusjonsbesøk. For høgare yrkesfagleg utdanning har det vore ein auke i talet på fagskular med fagområdeakkreditering, som gir dei høve til sjølv å akkreditere nye utdanningar. Det vil bidra til at fagskulesektoren kan respondere raskare på behov for kompetanse i arbeidslivet. NOKUT fekk i 2020 ansvaret for yrkesgodkjenning av utanlandske kvalifikasjonar for lærarar i skulen og styrarar og pedagogiske leiarar i barnehagane. NOKUT har arbeidd godt med dette og sett inn ekstra ressursar for å ta igjen restansane i arbeidet.

NOKUT har informert godt om tilstanden i sektoren, gjennom ei rekke ulike medium og format, og la raskt om til digitale løysingar under covid-19-pandemien.

Saksbehandlingstida for søknadene om generell godkjenning av utanlandsk høgare utdanning gjekk markant ned i 2020 samanlikna med tidlegare år. Det kjem i stor grad av meir effektivt saksarbeid og til ei viss grad litt færre søknader enn i 2018 og 2019 og såkalla automatiske godkjenningar.

NOKUT har vidareført arbeidet med å digitalisere og effektivisere søknads- og saksbehandlingsprosessane. Dei digitale løysingane har vore avgjerande for at dei har kunna halde oppe drifta omtrent som normalt trass i covid-19-pandemien.

NOKUT fekk i 2019 ansvar for forvaltning av forskrifter for universitet, høgskular og fagskular. NOKUT har prioritert rolla som regelverksforvaltar høgt i 2020. Vidare har NOKUT følgt godt opp både det europeiske og UNESCOs kvalifikasjonspass og arbeidet med å informere om UNESCOs globale konvensjon for godkjenning av høgare utdanning frå 2019, som Noreg ratifiserte i 2020.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 167,7 mill. kroner på posten.

Løyvinga på posten er redusert med 3,4 mill. kroner som følge av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inklusive arbeidsgivaravgift av dette, tilsvarande er redusert, jf. omtale under hovudinnleiinga punkt 1.3. Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga til NOKUT med 3,1 mill. kroner som ein økonomisk gevinst av omorganiseringa av den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet i 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018).

Forslaget omfattar også ein reduksjon på 274 000 kroner som følge av at regjeringa vurderer at covid-19-pandemien har gitt staten høve til å redusere reiseomfanget på kort og lang sikt. Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3271, post 02. Sjå forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten omfattar utgifter til oppgåver der NOKUT får midlar frå eksterne kjelder. Utgifter ut over løyvinga på kap. 271, post 21 føreset meirinntekt på kap. 3271, post 01.

Resultat i 2020

Det blei i 2020 ført ei meirutgift på 9,1 mill. kroner på posten, som blir dekt av meirinntekta på kap. 3271, post 01, jf. meirinntektsfullmakta.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 4 mill. kroner på posten, som kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3271, post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Kap. 3271 Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Inntekter frå oppdrag

9 158

10

4 000

02

Salsinntekter o.a.

174

633

646

Sum kap. 3271

9 332

643

4 646

Løyvingane gjeld inntekter NOKUT får frå prosjektverksemd, kurs og konferansar.

Resultat i 2020

NOKUT har over nokre år hatt inntekter frå oppdrag som har vore vesentleg over inntektsløyvinga på 10 000 kroner.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å oppjustere inntektsløyvinga til 4 mill. kroner i tråd med prinsippet om realistisk budsjettering. Høgare inntektsløyving må motsvarast av tilsvarande justering av utgiftsløyvinga på kap. 271, post 21 for at det ikkje skal innebere redusert løyving til NOKUT.

Kap. 272 Tiltak for internasjonalisering og høgare utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

50

Verksemdskostnader

628 108

157 375

51

Tiltak for internasjonalisering, kan overførast, kan nyttast under post 71

236 190

121 062

52

Tiltak for høgare utdanning, kan overførast, kan nyttast under post 72

282 703

319 334

71

Tilskot til tiltak for internasjonalisering, kan overførast, kan nyttast under post 51

129 895

72

Tilskot til tiltak for høgare utdanning, kan overførast, kan nyttast under post 52

126 817

Sum kap. 272

628 108

676 268

697 108

Post 50 Verksemdskostnader

Som følge av etableringa av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse foreslår Kunnskapsdepartementet å avvikle denne posten og flytte store delar av løyvinga på kap. 272, post 50 til kap. 256, post 01. Sjå mål og budsjettforslag for 2022 der. Resten av løyvinga er i budsjettforslaget flytta til kap. 272, post 52, 71 og 72 for fleksible utdanningstilbod og Den nordiske avtalen om gjensidig tilgang til høgare utdanning.

Resultat 2020

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) forvalta i 2020 tilskotsmidlar på til saman 2 mrd. kroner. For 2020 omfatta løyvinga under kap. 272, post 50 både tilskotsmidlar og verksemdskostnader i Diku. I tillegg til løyvinga under kap. 272 forvalta Diku også midlar frå Kunnskapsdepartementet under andre kapittel, som tiltak for internasjonalisering av høgare utdanning under kap. 288, post 21 og til fagskulane under kap. 240 og kap. 241, post 21. Diku forvalta òg 442 mill. kroner i 2020 i tilskotsmidlar frå Europakommisjonen (jf. kap. 288, post 74), i tillegg til midlar frå Utanriksdepartementet, Norad og Nordisk ministerråd.

Internasjonalisering

Dei internasjonale prosjekta blei i 2020 sterkt påverka av covid-19-pandemien og restriksjonane på den internasjonale mobiliteten. Mange av prosjekta måtte legge om planane og fekk utvida prosjektperiodar og utsett rapportering. Diku gjorde eit godt arbeid for å minske uvissa for internasjonale prosjekt, og for å hente inn og spreie informasjon om tilhøva for elevar og studentar på internasjonale opphald. I ordninga Noregskunnskap i utlandet har Diku støtta omlegginga til nettbaserte sommarkurs, slik at norskutdanningar i utlandet kunne halde fram trass i stengde universitetscampusar.

Diku har arbeidd for å mobilisere fleire aktørar i grunnopplæringa til å søke om støtte gjennom Erasmus+, som er EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Dei siste åra har det vore ein klar auke i søknadene om strategiske partnarskapsprosjekt i barnehage og skule. Blant tidlegare prosjekt med støtte rapporterer fleire at prosjekta har verka positivt for oppfølginga av måla i læreplanane og gitt internasjonale perspektiv på tema som klima- og miljøutfordringar, mangfald og sosial inkludering.

Deltakinga innanfor eTwinning blei aktualisert med overgangen til digitalt internasjonalt samarbeid i 2020, og den norske deltakinga både i samarbeidsprosjekt og digitale læringsressursar auka merkbart hausten 2020. Tiltaket eTwinning, ei plattform for samarbeid mellom skular og barnehagar i ulike land for å utvikle bruk av IKT i læring, er delvis finansiert av Erasmus+-programmet.

Partnarskapsprogrammet for internasjonalisering i lærarutdanninga (NOTED) blei etablert i 2017 for å betre kvaliteten i utdanningane gjennom meir internasjonalisering. Førebelse resultat viser at lærarutdanningane som deltek, har lukkast med å opprette internasjonale partnarskap, og at dette gir meir student- og tilsettemobilitet. Samarbeidet med partnarar i Europa, Nord-Amerika og Afrika har gitt erfaring med ny metodikk og auka interkulturell kompetanse for tilsette og studentar.

Tiltak for høgare utdanning

Diku tildelte i 2020 dei første midlane i ordninga for fleksible utdanningstilbod, basert på løyvingar i statsbudsjetta for 2019 og 2020. I lys av covid-19-pandemien blei ordninga styrkt i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020 som ein del av Utdanningsløftet 2020. Den samla tildelinga var på 100 mill. kroner, og fleire universitet og høgskular har utvikla og sett i gang fleksible studietilbod som òg er tilgjengelege utanfor campus, særleg innanfor vidareutdanningar. Ordninga gir betre tilgang til relevant og fleksibel utdanning for dei som av ulike grunnar ikkje kan flytte til ein studiestad.

Diku fekk våren 2020 i oppgåve å kartlegge utdanningstilbod som kunne vere aktuelle for permitterte eller arbeidsledige, og fleire universitet og høgskular kunne som følge av dette oppskalere tilbodet. Diku samarbeidde òg med Kompetanse Noreg om utlysing av til saman 100 mill. kroner for å oppskalere nettbaserte tilbod for permitterte og ledige. Det har gitt tilbod til om lag 14 400 deltakarar.

Kvalitetsprogramma er ei samlenemning på program som er innretta mot kvalitet i høgare utdanning, med utlysing og tildeling av midlar etter fagfellevurdering av søknadene. I tråd med opptrappingsplanen for utdanningskvalitet i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning for 2019–2028 blei det løyvd 40 mill. kroner meir til programma i 2020. Av det gjekk 20 mill. kroner til auka arbeidslivsrelevans og meir praksis i høgare utdanning, og 20 mill. kroner gjekk til å styrke praksis i kommunesektoren for helse- og sosialfagutdanningane.

I 2020 lyste Diku ut og tildelte om lag 250 mill. kroner til 47 prosjekt under kvalitetsprogramma. Det var stor konkurranse om midlane. Dette bidreg til å styrke kvaliteten i norsk høgare utdanning og tyder òg på at programma er relevante og støtter opp under dei strategiane og prioriteringane institusjonane har. I 2021 oppretta Diku eit Råd for kvalitetsprogramma, som vil gi råd om overordna prioriteringar i programma.

Samarbeidsprosjekt mellom universitet og høgskular og verksemder bidreg til å utvikle nye tiltak for at utdanningane skal møte behova i arbeidslivet og spreie erfaringane med desse. Prosjekta som har fått støtte under Program for kvalitetsutvikling av praksis i lærarutdanningane i 2020, har lagt særleg vekt på kor viktig det er med eit godt og strukturert samarbeid med utdanningsinstitusjonane og praksisfeltet for å styrke kvaliteten i utdanninga. Det var stor geografisk spreiing i fagmiljøa som fekk støtte i pilotordninga for kommunal praksis i helse- og sosialfagutdanningane, og som bidreg til at studentar får praksisplassar med høg kvalitet og medverkar til å få fleire kandidatar inn i helse- og omsorgstenesta i kommunane.

To utlysingar var retta mot å styrke dei digitale læringsutbyta frå nokre utdanningar og gjekk til koordinert utvikling av læremiddel for digital tryggleik i helse- og sosialfag, for at utdanningane skal møte krava i dei nye nasjonale retningslinjene for helse- og sosialfagutdanningar, og til tiltak for å heve den digitale kompetansen i havrelaterte utdanningar.

I 2020 gjennomførte Diku ei midtvegsevaluering av fire av sentera for framifrå utdanning som viser at fleire av sentera kan ta ein internasjonalt leiande posisjon på fagområda sine. Tre av dei er både nyskapande og leverer høg kvalitet, og eitt er i tillegg verdsleiande innanfor sitt fagfelt. Eitt senter fekk ikkje vidareføring for andre senterperiode.

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) driv ein nasjonal forskarskule og er svært viktig for å utvikle ph.d.-utdanninga i dei skapande og utøvande kunstfaga. Det er for tida 85 stipendiatar tilknytte forskarskulen. I tillegg har tjue stipendiatar gjennomført all obligatorisk utdanning og er i sluttfasen i stipendiatprogrammet i PKU eller i ph.d.-program for kunstnarleg utviklingsarbeid. Programmet gir òg prosjektmidlar til kunstnarlege utviklingsprosjekt. I 2020 la PKU om all aktivitet i forskarskulen til digitale plattformer og gjennomførte alle obligatoriske seminar og samlingar etter årsplanen.

Studentvelferd

Diku har forvalta tilskota til studentsamskipnadene og dei nasjonale studentorganisasjonane som i 2020 blei løyvde over Dikus kap. 272, post 50. Tilskotet har gått til studentvelferdstenester som kantine, bustad, trening, helse og omsorg, rådgiving, sosiale, demokratiske, faglege og kulturelle tiltak og anna. Velferdsarbeidet fekk nytt innhald og blei endå viktigare i 2020, då studiekvardagen blei sterkt påverka av covid-19-pandemien. For å vareta studentane både fagleg og sosialt har studentsamskipnadene gjennomført ei rekke tiltak, ofte i samarbeid med utdanningsinstitusjonane og studentorganisasjonane. Dei har arrangert aktivitetar som turgrupper, bli-kjent-arrangement og mange andre møteplassar i mindre grupper og digitalt. Dei har òg tilbode psykisk helsehjelp og samtalar til studentane som trong nokon å snakke med. Dei nasjonale studentorganisasjonane har fremja interessene til studentane gjennom mellom anna deltaking i styre og råd og i offentlege høyringar og debattar.

Post 51 Tiltak for internasjonalisering, kan overførast, kan nyttast under post 71

Posten blei oppretta i 2021 gjennom å flytte midlar til tiltak for internasjonalisering frå kap. 272, post 50 og kap. 288, post 21. Sjå rapporteringa av tiltak i 2020 der. Posten blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Løyvinga kan nyttast under kap. 272, post 51 når midlane går til statlege aktørar, og under kap. 272, ny post 71 Tiltak for internasjonalisering for tilskot til ikkje-statlege aktørar.

Mål for 2022

  • Deltakinga til norske opplæringsaktørar i internasjonalt samarbeid bidreg til å oppfylle kvalitetsmål i grunnopplæringa.

  • Norske elevar og studentar tek del i eit internasjonalt læringsmiljø.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 121,1 mill. kroner på posten. Det omfattar å flytte 67,6 mill. kroner for Den nordiske avtalen om tilgang til høgare utdanning til kap. 272, post 71 og å flytte 60,5 mill. kroner til kap. 272, post 71, sidan ein del av midlane HK-dir tildeler kan gå til ikkje-statlege aktørar. Departementet foreslår ei styrking av NORPART med 7,9 mill. kroner.

Løyvinga på post 51 og 71 går til programma HK-dir forvaltar for internasjonalisering i utdanning. Dette gjeld mellom anna:

  • Partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART)

  • Programmet UTFORSK (oppfølging av Panorama-strategien)

  • Fulbright-programmet

  • Tilskot til internasjonalt samarbeid og utveksling på andre nivå, mellom anna med Tyskland og Frankrike

  • Ordninga Noregskunnskap i utlandet

  • Den nordiske avtalen om gjensidig tilgang til høgare utdanning

Post 52 Tiltak for høgare utdanning, kan overførast, kan nyttast under post 72

Posten blei oppretta i 2021 gjennom å flytte midlar til program og tiltak for kvalitet i høgare utdanning frå kap. 272, post 50. Sjå rapportering for 2020 der. Posten blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Løyvinga kan nyttast under kap. 272, post 52 når midlane går til statlege aktørar, og under kap. 272, ny post 72 Tiltak for høgare utdanning for tilskot til ikkje-statlege aktørar.

Mål for 2022

Dei uteksaminerte kandidatane frå høgare utdanning er høgt kompetente og dekker kompetansebehova i arbeidslivet og samfunnet.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 319,3 mill. kroner på posten. Det omfattar mellom anna å flytte 99,5 mill. kroner til kap. 272, post 72, sidan ein del av midlane HK-dir tildeler kan gå til ikkje-statlege aktørar.

Løyvinga på post 52 og 72 går til ulike program og tiltak retta mot høgare utdanning:

  • senter for framifrå utdanning

  • fleksible utdanningstilbod

  • ulike program og tiltak for utvikling av praksisstudiar og auka arbeidslivsrelevans i utdanningane

  • program for kunstnarleg utviklingsarbeid

  • program for studentaktiv læring

  • digitalisering for læring i høgare utdanning

  • tilskot til nye lærebøker i høgare utdanning på norsk og samisk (Lærebokutvalet)

  • tiltak for maritime utdanningar

  • støtteordninga for opne norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap

  • utdanningsprisen for høgare utdanning

Regjeringa foreslår å trappe opp program for fleksible utdanningstilbod med 49,7 mill. kroner i 2022 til 149,5 mill. kroner. Av dette foreslår departementet å løyve 89 mill. kroner på post 52 og 60,5 mill. kroner på post 72, som kan nyttast om kvarandre. Alle dei søknadsbaserte ordningane for fleksible tilbod er samla i direktoratet. Som del av dei søknadsbaserte ordningane foreslår departementet å opprette to nye ordningar i 2022, varsla i regjeringa sin strategi for desentralisert og fleksibel utdanning. Eit nytt distriktsprogram for kompetanseutvikling skal styrke det desentraliserte utdanningstilbodet. Ordninga skal gi regionale aktørar, i samarbeid med ein fagskule, ein høgskule eller eit universitet som fagleg ansvarleg, støtte til utdanningstilbod i tråd med identifiserte behov for kompetanse lokalt og regionalt. Ei ny ordning for studiesenter vil gi studiesenter og liknande aktørar støtte til aktivitetar for å nå ut med og legge til rette for at innbyggarar og verksemder kan få fleksible og desentraliserte tilbod. Aktivitetane må vere utvikla i samarbeid med ein fagskule, ein høgskule eller eit universitet som fagleg ansvarleg for utdanningstilboda. Direktoratet vil ha dialog med regionale aktørar om ordningane. Dei to nye ordningane vil få eit omfang på minimum 40 mill. kroner.

Regjeringa foreslår ein auke på 50 mill. kroner som skal gå til prosjekt som utviklar og deler metodar for studentaktiv digital undervisning, læring og vurdering.

Departementet foreslår å flytte 37 mill. kroner frå kap. 275, post 21 for midlar til styrking av dei maritime utdanningane i tråd med Innst. 338 S (2020–2021) og Meld. St. 10 (2020–2021) Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring, og 10,7 mill. kroner frå kap. 273, post 50 for støtteordninga for opne norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap. Begge ordningane blir frå 2022 forvalta av HK-dir.

Post 71 Tilskot til tiltak for internasjonalisering, kan overførast, kan nyttast under post 51

Kunnskapsdepartementet foreslår å opprette ein ny post. Sjå kap. 272, post 51.

Mål for 2022

  • Deltakinga til norske opplæringsaktørar i internasjonalt samarbeid bidreg til å oppfylle kvalitetsmål i grunnopplæringa.

  • Norske elevar og studentar tek del i eit internasjonalt læringsmiljø.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 129,9 mill. kroner på posten. Sjå omtale av tiltaka under kap. 272, post 51. Av dette er 69,4 mill. kroner til Den nordiske avtalen om gjensidig tilgang til høgare utdanning, og budsjettforslaget inneber ei flytting av 1,7 mill. kroner frå kap. 272, post 50 og 67,6 mill. kroner frå kap. 272, post 51.

Post 72 Tilskot til tiltak for høgare utdanning, kan overførast, kan nyttast under post 52

Kunnskapsdepartementet foreslår å opprette ein ny post. Sjå kap. 272, post 52.

Mål for 2022

Dei uteksaminerte kandidatane frå høgare utdanning er høgt kompetente og dekker kompetansebehova i arbeidslivet og samfunnet.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 126,8 mill. kroner på posten. Sjå omtale av tiltaka under kap. 272, post 52.

Kap. 273 Kunnskapssektorens tenesteleverandør

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

50

Kunnskapssektorens tenesteleverandør

194 186

213 101

179 152

Sum kap. 273

194 186

213 101

179 152

Post 50 Verksemdskostnader

Som følge av omorganisering av den sentrale forvaltninga av høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansefeltet foreslår regjeringa å etablere eit nytt tenesteleveranseorgan, Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt), frå 1. januar 2022. Det inneber at tenesteleveransar i dagens Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning blir organiserte saman med Uninett AS og Norsk senter for forskingsdata AS (NSD). Sikt er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å endre namnet på kap. 273, post 50 til Kunnskapssektorens tenesteleverandør.

Mål for 2022

  • Kunnskapssektoren har god tilgang til infrastruktur og fellestenester som gir gode brukaropplevingar.

  • Meir datadeling for innovasjon og auka verdiskaping.

  • Meir open forsking og nye forskingsmoglegheiter.

  • Styrkt informasjonstryggleik og personvern innanfor kunnskapssektoren.

Resultat 2020

Rapporteringa gjeld løyvinga i 2020, som gjekk til Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking. Stenginga av lærestadene ved universitet og høgskular som følge av smitteverntiltaka i mars 2020 gjorde det naudsynt med ei rask og omfattande omlegging frå campusundervisning til nettundervisning. Den digitale omlegginga førte til ein enorm trafikkauke i dei digitale fellestenestene frå Unit og Uninett AS. Unit handterte trafikkauken gjennom ekstraordinær innsats og oppskalering av skytenester. Unit har gjennom 2020 levert sikre og stabile tenester for høgare utdanning og forsking trass i covid-19-pandemien.

Unit fekk i 2020 i oppdrag å utarbeide utkast til ny digitaliseringsstrategi i samarbeid med sektoren. Unit og sektorarbeidsgruppa gjorde eit godt og omfattande arbeid som grunnlag for

Strategi for digital omstilling i universitets- og høgskulesektoren 2021–2025.

Gjennom digitaliseringsstyret for høgare utdanning og forsking har universitets- og høgskulesektoren fått ein arena for brukarmedverknad og samarbeid som har bidrege til å setje fart på felles digitaliseringstiltak. Units sekretariatarbeid for Digitaliseringsstyret har medverka til gode avgjerdsprosessar.

Unit gjennomførte det samordna opptaket til høgare utdanning i 2020 etter planen trass i dei utfordringane covid-19-pandemien medførte. Samordna opptak til fagskuleutdanning blei gjennomført som planlagt for første gong i 2020.

Kunnskapsdepartementet vil legge til rette for tryggare lagring og ein sterkare delingskultur for digitale læringsressursar i høgare utdanning. I 2020 fekk Unit ei tilleggsløyving i tiltakspakken som følge av covid-19-pandemien på 20 mill. kroner til å dekke meirkostnader for å auke kapasiteten og tryggleiken i IKT-tenester, og digitale løysingar for læringsressursar, undervisning, eksamen og opptak. Unit starta arbeidet med ei felles nasjonal løysing for lagring og deling av digitale læringsressursar i 2020 og vil halde fram med arbeidet i 2021. Løysinga vil gjere det lettare for undervisarar og studentar å finne kvalitetssikra læringsressursar uavhengig av lærestad.

Unit overtok i 2020 forvaltningsansvaret for Arbeidslivsportalen frå OsloMet. Arbeidslivsportalen er ei nasjonal, digital samhandlingsløysing for arbeidslivet, studentar, universitet og høgskular for å styrke og forenkle samhandlinga om studentpraksis i arbeidslivet. Arbeidslivsportalen blei prøvd ut ved OsloMet og Universitetet i Stavanger hausten 2020, og løysinga kan takast allment i bruk i 2021.

Unit har i 2020 halde fram med å forhandle om avtalar med dei store forlaga om open forsking. I 2020 forhandla dei fram seks avtalar på vegner av universitet, høgskular, forskingsinstitutt og sjukehus som gir lesetilgang til alle tidsskrifta til forlaga og høve til å publisere forskingsartiklar utan ekstra kostnader.

Budsjettforslag for 2022

Med etableringa av Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) blir følgande oppgåver flytta frå Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir):

  • oppgåver med samordning på IKT-området og pådrivarrolla for digitalisering, i tillegg til forvaltning av og sikring av etterleving av styringsmodellen for informasjonstryggleik

  • oppgåver som Unit har hatt for Det nasjonale publiseringsutvalet og tilskotsforvaltning av støtteordninga for opne norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap

  • forvaltninga av og hovudansvaret for Samordna opptak

  • prosjektet kunnskap om effekten av digital teknologi, som går over perioden 2021–22

Oppgåvene til Norsk senter for forskingsdata (NSD) blir flytta til Sikt, med unntak av seksjonen for statistikk om høgare utdanning og forsking, som no ligg til HK-dir.

Departementet foreslår følgande flyttingar av midlar til kap. 273, post 50 som følge av etableringa av arbeidsdelinga mellom Sikt og HK-dir:

  • 1,5 mill. kroner til levering av IKT-løysingar til det samordna opptaket til høgare yrkesfagleg utdanning frå kap. 241, post 21

  • 4,7 mill. kroner som tidlegare har vore tilskot til NSD frå kap 275, post 70

  • 15,2 mill. kroner i tidlegare øyremerkt basistilskot til NSD frå Forskingsrådet frå kap. 285, post 54

Vidare foreslår departementet å flytte følgande midlar frå kap. 273, post 50:

  • om lag 34 mill. kroner til kap. 256, post 01 for gjennomføring og drift av det samordna opptaket i høgare utdanning, oppgåver innan digitalisering og informasjonstryggleik og midlar til husleige for tilsette i Universell

  • 2,2 mill. kroner til kap. 256, post 21 i prosjektmidlar om kunnskap om effekten av digital teknologi

  • 10,7 mill. kroner til kap. 272, post 52 for støtteordninga for opne norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap

Departementet foreslår å flytte 0,7 mill. kroner frå Finansdepartementets kap. 1605, post 01 til kap. 273, post 50. Dette er eit tilskot som tidlegare er gitt frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) til NSD for drift av Forvaltningsdatabasen. Vidare ligg det i budsjettforslaget eit krav om gevinstrealisering etter omorganiseringa av verksemdene i kunnskapssektoren i 2017 og 2018, på 3,6 mill. kroner i 2022. Av dette er 2,8 mill. kroner innarbeidd i budsjettforslaget for Sikt og 0,8 mill. kroner i forslaget for HK-dir. Sjå kap. 256, post 01. Løyvinga på posten er redusert med 3,8 mill. kroner som følge av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inklusive arbeidsgivaravgift av dette, er tilsvarande redusert, jf. omtale under hovudinnleiinga punkt 1.3

Departementet foreslår som følge av dette å løyve 179,2 mill. kroner på posten.

Kap. 274 Universitetssenteret på Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard

142 463

36 322

158 265

Sum kap. 274

142 463

36 322

158 265

Post 70 Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard

Posten omfattar tilskot til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS).

Mål for 2022

Høg kvalitet i utdanning og forsking knytt til Svalbards plassering i eit høgarktisk område.

Resultat 2020

Alle emne ved UNIS har ein obligatorisk feltkomponent, som i stor grad ikkje kunne gjennomførast i 2020 på grunn av smitteverntiltak. I mai 2020 vedtok UNIS å ikkje ta opp emnestudentar ut året, og 65 av 95 emne blei kansellerte. Covid-19-pandemien har følgeleg hatt store konsekvensar mellom anna for UNIS’ mål på 220 studentårsverk. 299 studentar hadde kortare eller lengre opphald ved UNIS i 2020, og dei produserte 97 studentårsverk. Dette er ein tydeleg nedgang samanlikna med 2019. Dei fekk vidare utsett feltarbeid og gjennomført mindre forsking som følge av pandemien. Lågare utgifter til utdannings- og forskingsaktivitet gjorde at UNIS kunne omdisponere midlar til å oppdatere utstyr og infrastruktur.

Budsjettforslag for 2022

Statsbygg tok frå 1. juli 2021 over forvaltninga av UNIS’ bustadar på Svalbard. I 2021 blei tilskotet til UNIS redusert med 110,7 mill. kroner, tilsvarande overskotet deira ved sal av bustadane. Tilskotet blir tilsvarande justert opp igjen i 2022. Med forvaltningsoverføringa får UNIS 6,9 mill. kroner meir i årleg husleige, og regjeringa foreslår å auke løyvinga til UNIS med 5,6 mill. kroner, tilsvarande kapitalkostnadene i husleiga, i tråd med praksis frå tidlegare forvaltningsoverføringar. UNIS vil innanfor uendra tilskot dekke vedlikehaldskostnader med 10 mill. kroner over ti år. Kunnskapsdepartementet foreslår vidare å auke tilskotet til UNIS med 1,9 mill. kroner frå og med 2022 for UNIS’ leige av studentareal i det nye bygget til studentsamskipnaden. Departementet foreslår med det eit samla tilskot på 158,3 mill. kroner til UNIS.

Kap. 275 Tiltak for høgare utdanning og forsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

185 438

186 958

143 432

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

9 514

130 000

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

97 671

97 843

82 073

Sum kap. 275

292 623

414 801

225 505

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Løyvinga til ulike tiltak og prosjekt innanfor høgare utdanning og forsking kan nyttast under kap. 275, post 21 når midlane er til statlege aktørar, og under kap. 275, post 70 for tilskot til ikkje-statlege aktørar.

Delar av løyvinga kan nyttast til lønn og andre utgifter for tilsette i Kunnskapsdepartementet.

Mål for 2022

Høg kvalitet og samordning innanfor høgare utdanning og forsking.

Resultat 2020

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2020 totalt 185,4 mill. kroner over kap. 275, post 21.

I 2019 starta Unit eit fireårig program for informasjonstryggleik i universitets- og høgskulesektoren med ei årleg tildeling frå Kunnskapsdepartementet på 17,5 mill. kroner. Programmet finansierer tre prosjekt: 1) ny styringsmodell for informasjonstryggleik og personvern, 2) analysesenter og responsmiljø og 3) rådgivingstenester og kompetanseheving.

Unit og departementet har i samarbeid utvikla Kunnskapsdepartementets styringsmodell for informasjonstryggleik og personvern, som mellom anna set departementets og direktoratets risikostyring av sektoren i system. I samarbeid med fagmiljøa i sektoren har Unit og Uninett arbeidd med å utvikle dei to andre prosjekta som tenestetilbod. Cybersikkerhetssenter for forsking og utdanning blei opna i mars 2021 og skal levere analyse, rådgiving og respons.

Eit hovudgrep i strategien Lærerutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene er partnarskap mellom lærarutdanningane og barnehage- og skuleeigarar for å etablere lærarutdanningsbarnehagar og lærarutdanningsskular. I 2020 blei det tildelt 65,8 mill. kroner til universitet og høgskular til partnarskapssamarbeid for å styrke praksis i lærarutdanningane, og ordninga blei utvida til å omfatte barnehagelærarutdanninga.

I 2020 kom Fagleg råd for lærarutdanning 2025 med to rapportar som viste at dei aller fleste lærarutdanningsinstitusjonane har etablert partnarskap med skular og barnehagar. Samarbeidet om studentpraksis, FoU, kompetanseutvikling, rettleiingskompetanse, digital kompetanse og etter- og vidareutdanning er viktig i partnarskapane. Sjå òg omtale under kap. 226, post 21.

Departementet fastsette i 2020 forskrift om rammeplan for femårig lærarutdanning i praktiske og estetiske fag. Nokre institusjonar treng å styrke kompetansen sin i desse faga for å kunne tilby utdanninga, og departementet fordelte 5 mill. kroner til dette etter søknad frå institusjonane. I 2019 og 2020 har institusjonane arbeidd med å utvikle og setje i verk utdanninga gradvis frå 2021.

Hausten 2020 blei det sett ned ei ekstern gruppe som skal foreslå endringar i rammeplanen for barnehagelærarutdanninga (BLU) som skal gi betre kvalitet i utdanninga. Gruppa følger opp tilrådingane frå følgegruppa for barnehagelærarutdanninga og ekspertgruppa om barnehagelærarrolla, og leverte sin rapport 1. oktober 2021. Gruppa skal også levere forslag til endring i rammeplanen for samisk barnehagelærarutdanning.

I 2020 utlyste og tildelte Diku til saman 20 mill. kroner til fire treårige prosjekt ved Nord universitet, NTNU, Høgskulen på Vestlandet og Høgskolen i Østfold som har bidrege til å styrke kvaliteten i praksis.

Kunnskapsdepartementet tildelte 38,5 mill. kroner til MARKOM2020, som er eit samarbeidsprosjekt for maritim kompetanse. Prosjektet har styrkt kvaliteten og samarbeidet i maritim fagskuleutdanning og høgare utdanning, rekruttering, forskarutdanning og samarbeid med næringslivet.

OsloMet – Storbyuniversitetet og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet fekk 4,4 mill. kroner til å utvikle og drive kompletterande utdanning, primært for flyktningar med høgare utdanning frå heimlandet. Dei tilbyr lærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Det er god søking til utdanningane, men kravet til norskkunnskapar er ei utfordring. OsloMet har integrert noko norskopplæring i lærarutdanninga. Det er framleis viktig å arbeide for betre rekruttering, særleg til ingeniørutdanningane, og å få på plass gode praksisplassar. OsloMet vurderer å utvide tilbodet på helsefagsida til andre helsefagutdanningar det er etterspurnad etter.

Kunnskapsdepartementet starta i 2017 å utvikle nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane som vil erstatte dei tidlegare rammeplanane for desse utdanningane. Retningslinjene blir utarbeidde av programgrupper som departementet nemner opp. Det er til no utarbeidd retningslinjer for totalt 21 grunnutdanningar, og i 2021 er retningslinjer for fleire vidareutdanningar under utvikling.

Sidan 2014 har Universitets- og høgskolerådet hatt ansvar for nasjonale retningslinjer for dei åtte lærarutdanningane. Etter at UHR blei omorganisert i 2019, blei arbeidet med retningslinjene overført frå programgrupper til overordna nasjonale fagorgan, framleis i UHR-regi. Det er òg oppretta eit nettverk for arbeidet med masteroppgåver i grunnskulelærarutdanningane.

Løyvinga til Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) i 2020 var 5,2 mill. kroner. NUPI har nådd ut til mange med formidlingsaktivitetane sine. Dei har òg bidrege i den offentlege debatten, og dei har kasta lys over verknadene av pandemien med fleire studiar for Utanriksdepartementets Corona Task Force.

Departementet tildelte midlar til fleire evalueringar og utgreiingsoppdrag som har bidrege til eit betre grunnlag for å nå måla for posten.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 143,4 mill. kroner på posten som skal gå til følgande formål:

  • Partnarskapssamarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonar og skule- og barnehageeigarar: 65,8 mill. kroner

  • Prosjekt for å styrke kvaliteten i praksis i lærarutdanningane: 15 mill. kroner

  • Sikt for Program for informasjonstryggleik 2019–22: 12,5 mill. kroner

  • HK-dir for Program for informasjonstryggleik 2019–22: 5 mill. kroner

  • Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) for å spreie forskingsbasert informasjon om internasjonale tilhøve, særleg til barn og unge: 5,5 mill. kroner

  • Utvikling av nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane: 5,5 mill. kroner

  • Institusjonar som planlegg for femårig lærarutdanning i praktiske og estetiske fag: 2,5 mill. kroner

  • Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek og Høgskolen i Innlandet for prøveprosjekt for betre tilgang til studielitteratur for studentar med funksjonsnedsetjingar som gir lesevanskar: 2 mill. kroner

  • Fagleg råd for lærarutdanning 2025: 0,9 mill. kroner

I tillegg foreslår departementet midlar over kap. 275, post 21 til mellom anna geologiprogrammet GoNorth, NOU om opptak, kompletterande utdanning primært for flyktningar, den europeiske studentundersøkinga Eurostudent VIII, arbeidet med forskingsprisar og andre mindre tiltak.

Departementet foreslår å flytte 37 mill. kroner knytte til styrking av dei maritime utdanningane til kap. 272, post 52. Vidare foreslår departementet å flytte 2,3 mill. kroner til kap. 256, post 01 der 1,5 mill. kroner gjeld administrasjon av midlar til maritim utdanning og 0,8 mill. kroner gjeld arbeidet for universell utforming. Departementet foreslår òg å flytte 0,3 mill. kroner knytte til internasjonale tiltak til kap. 288, post 21.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Fram til 2020 omfatta posten midlar til investeringar i utstyr og vedlikehald i universitets- og høgskulesektoren, og i 2021 blei midlar til ordninga for oppgradering og tilpassing av universitets- og høgskulebygg flytta til posten.

Regjeringa foreslår å avvikle posten frå og med 2022, for å finne rom for andre budsjettprioriteringar.

Resultat 2020

Det blei løyvd 9,5 mill. kroner over posten i 2020 som gjekk til Kunsthøgskolen i Oslo til å rehabilitere verkstadar og scener, og til OsloMet – Storbyuniversitetet til digitale og tekniske verktøy til helse- og velferdsteknologi.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Mål for 2022

Høg kvalitet og samordning innanfor høgare utdanning og forsking.

Resultat 2020

Kunnskapsdepartementet utbetalte til saman 97,7 mill. kroner over kap. 275, post 70:

  • Senter for grunnforskning (CAS) for den generelle verksemda: 22,4 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet (UHR): 20,9 mill. kroner, inkl. 5,4 mill. kroner til Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking og 2,2 mill. kroner til Det nasjonale publiseringsutvalet

  • Norsk senter for forskingsdata (NSD) for Database for statistikk om høgare utdanning (DBH): 18,8 mill. kroner

  • Det Norske Videnskaps-Akademi: 9,6 mill. kroner

  • Høgskolesenteret i Kristiansund: 8,5 mill. kroner

  • Det Kongelige Norske Videnskabers selskap: 3,3 mill. kroner

  • Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning for Kandidatundersøkinga: 2,7 mill. kroner

  • NLA Høgskolen for partnarskapar i grunnskulelærarutdanninga: 2,4 mill. kroner

  • Akademiet for yngre forskere: 2,2 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for arbeidet i UHR-Lærerutdanning med retningslinjer for lærarutdanningane: 2 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for å styrke arbeidet med IKT-tryggleik og praksis i ingeniørutdanninga: 2 mill. kroner

  • Nord-Troms Studiesenter: 1 mill. kroner

  • Studiesenter Lister kompetanse: 1 mill. kroner

  • Forskningsinstituttenes fellesarena: 0,6 mill. kroner

  • Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA): 0,3 mill. kroner

Løyvinga finansierer fleire tiltak som har gitt eit viktig grunnlag for informasjon om høgare utdanning og forsking som både departementet og aktørane i sektoren treng for å heve kvaliteten. Løyvinga finansierer også tre studiesenter, som har bidrege til tilgang til studietilbod lokalt. Rapporteringa for 2020 viser at alle institusjonane har halde fram med den faglege verksemda på ein tilfredsstillande måte.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 82,1 mill. kroner på posten:

  • Senter for grunnforskning (CAS) for den generelle verksemda: 23,7 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet (UHR): 23,1 mill. kroner, inkl. 5,7 mill. kroner til Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking og 2,3 mill. kroner til Det nasjonale publiseringsutvalet

  • Det Norske Videnskaps-Akademi: 10,1 mill. kroner

  • Høgskolesenteret i Kristiansund: 9 mill. kroner

  • Det Kongelige Norske Videnskabers selskap: 3,5 mill. kroner

  • Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning for Kandidatundersøkinga: 2,9 mill. kroner

  • Akademiet for yngre forskere: 2,4 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for arbeidet i UHR-Lærerutdanning med retningslinjer for lærarutdanningane: 2 mill. kroner

  • Senter for grunnforskning: 1,8 mill. kroner

  • Nord-Troms Studiesenter: 1,5 mill. kroner

  • Studiesenter Lister kompetanse: 1,1 mill. kroner

  • Forskningsinstituttenes fellesarena: 0,7 mill. kroner

Departementet foreslår å flytte 13,2 mill. kroner til drifting av database for statistikk om høgare utdanning (DBH) til kap. 256, post 01 og 4,7 mill. kroner til kap. 273, post 50. Departementet foreslår òg å flytte 0,3 mill. kroner knytte til Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA) til kap. 288, post 21.

Kap. 3275 Tiltak for høgare utdanning og forsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Inntekter frå oppdrag

10

10

Sum kap. 3275

10

10

Kap. 284 Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

17 237

19 424

19 839

Sum kap. 284

17 237

19 424

19 839

Post 01 Driftsutgifter

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Løyvinga dekker arbeidet i administrasjonen, Granskingsutvalet og dei tre nasjonale forskingsetiske komiteane for høvesvis medisin og helsefag, samfunnsvitskap og humaniora, og naturvitskap og teknologi. Oppgåvene er fastsette i forskingsetikklova, som også slår fast at komiteane og utvala er fagleg uavhengige organ.

Mål for 2022

Det overordna samfunnsmålet med FEK er etisk god og ansvarleg forsking. Måla med verksemda er

  • at forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar etisk god og ansvarleg forsking

  • at andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt

  • at samfunnet har tillit til forsking

Resultat i 2020

FEK gjennomførte i 2020 ei rekke aktivitetar for å støtte forskarar og forskingsinstitusjonar i arbeidet med forskingsetikk. FEK har arbeidd med retningslinjer og gav ut rapporten Stordata i forskning: store muligheter, store utfordringer og ein forskingsetisk rettleiar for medisinsk og helsefagleg forsking i låg- og mellominntektsland. Vidare har FEK arrangert fleire foredrag og forelesingar ved forskingsinstitusjonane. Dei har mellom anna markert 30-årsjubileum ved å gjennomføre digitale opne møter og lansert nye nettsider og podkasten Forskingsetikk for å nå eit breiare publikum.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 19,9 mill. kroner på posten. Løyvinga på posten er auka med 17 000 kroner som følge av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inklusive arbeidsgivaravgift av dette, tilsvarande er auka, jf. omtale under hovudinnleiinga punkt 1.3. Forslaget omfattar også ein reduksjon på 37 000 kroner som følge av at regjeringa vurderer at covid-19-pandemien har gitt staten høve til å redusere reiseomfanget på kort og lang sikt.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

52

Langsiktig, grunnleggande forsking

1 810 078

1 756 471

1 708 476

53

Sektoroverskridande og strategiske satsingar

1 507 881

1 885 791

1 885 508

54

Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

791 409

784 695

765 607

55

Verksemdskostnader

780 105

795 599

785 937

Sum kap. 285

4 889 473

5 222 556

5 145 528

Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Sjå omtalen av mål under post 55.

I tråd med sektorprinsippet for norsk forsking, som inneber at kvart departement har ansvar for å finansiere forsking innanfor sine ansvarsområde, bidreg løyvingar frå mange departement til å nå dei måla regjeringa har sett for forskingspolitikken. Ei oversikt over dei største tildelingane til Forskingsrådet frå andre departement i 2020 og 2021 er presentert i del III, kap. 5.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for etatsstyringa av Forskingsrådet og for at rådet når dei måla som er sette for verksemda. Eit felles styringssystem for Forskingsrådet samordnar styringssignala frå dei ulike departementa til Forskingsrådet.

I tillegg til midlane over kap. 285 får Forskingsrådet løyvingar over følgande andre kapittel og postar på Kunnskapsdepartementets budsjett:

  • kap. 201, post 21 (utdanningsforsking og forsking på forskings- og innovasjonspolitikk)

  • kap. 226, post 71 (tilskot til kunnskapssenter)

  • kap. 287, post 57 (grunnløyving til dei samfunnsvitskaplege institutta)

  • kap. 288, post 21 (oppfølging av internasjonalt samarbeid)

  • kap. 291, post 50 (forsking på velferd, arbeidsliv og migrasjon)

Sjå nærare omtale av desse løyvingane under dei respektive postane.

Nokre av løyvingane til Forskingsrådet er øyremerkte tilskot til institusjonane i tabell 4.26.

Tabell 4.26 Øyremerkte tilskot gjennom Noregs forskingsråd

(i 1 000 kr)

Organisasjon

Kap.post

Forslag 2021

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen

285.52

19 500

Simula AS

285.52

78 180

Uninett Sigma2 AS1

285.54

50 000

1 Løyvinga til Uninett Sigma 2 er ei snittløyving for den komande avtaleperioden.

Avsetningar i Noregs forskingsråd

Forskingsrådet er nettobudsjettert og kan overføre ubrukt løyving ved utgangen av året som gir utslag i avsetningar. Ved starten av 2021 er dei ubundne avsetningane i Forskingsrådet om lag 4 mrd. kroner, ein auke på over 800 mill. kroner det siste året. Dette er både midlar som ikkje er tildelte og midlar som er sett av til framtidige utbetalingar i samsvar med inngåtte avtaler. Auken dei siste åra kjem av ekstraordinære løyvingar under covid-19-pandemien, som i stor grad skal utbetalast i inneverande år. I tillegg er om lag 2 mrd. kroner i avsetningar bundne til allereie påkomne kostnader, til dømes opptente, men ikkje utbetalte feriepengar og leverandørskuld (forsking som er utført og som skal betalast).

Avsetningane samlar seg opp av ulike årsaker. Ei årsak er at det tek tid før løyva tilskot til forsking faktisk kjem til utbetaling fordi det tek tid å utarbeide utlysingar, forskingsmiljøa skal utarbeide søknader og søknadene skal handsamast før tildelinga kan skje. Dette blir særleg utfordrande dersom løyvinga kjem etter at budsjettåret har starta, slik som under covid-19-pandemien. Konkurranse skal gi kvalitet i forskings- og innovasjonsprosjekta, som er eit grunnleggande fortrinn for eit nasjonalt forskingsråd. Samstundes krev gjennomføringa av konkurranse tid, og kan gjere det vanskeleg å få utbetalt auka løyvingar i budsjettåret.

I tillegg blir arbeidet forseinka av at einskilde departement er seint ute med å sende sine tildelingsbrev til Forskingsrådet. Nokre løyvingar kjem også med særskilde og spesifikt avgrensa føringar som Forskingsrådet skal ta omsyn til og som kan gjere at dei får inn færre kvalifiserte søknader.

Ei anna årsak er at forskingsprosjekta kan bli forseinka, som kan gjere at midlane ikkje blir betalte ut i planlagt tempo. Dette har gjerne menneskelege årsaker, som sjukdom, foreldrepermisjon og rekruttering av personale. Ei anna utfordring kan vere at det ikkje kjem inn nok kvalifiserte søknader om tilskot. Det kan skje til dømes ved nye, store satsingar på område som ikkje tidlegare har vore prioriterte og der det manglar kapasitet i forskingsutførande verksemder.

Gjeldande praksis har nokre problematiske sider. Store avsetningar er ikkje i tråd med kontantprinsippet og ettårsprinsippet i løyvingsreglementet. Budsjettet og statsrekneskapen reflekterer derfor ikkje fullt ut den faktiske forskingsaktiviteten som staten finansierer i budsjettåret. Dette kan gjere dei politiske prioriteringane i budsjettåret vanskeleg, sjølv om prioriteringane blir følgde opp som føresett over tid. Eittårige kutt, slik Stortinget har vedteke i nokre år for å redusere avsetningane, blir opplevde som uføreseielege for forskingsmiljøa og Forskingsrådet, og kan også svekke budsjettbalansen over tid dersom dei finansierer varige utgifter på andre område. Når utbetalingar frå Forskingsrådet er forseinka, er samla ressursar som staten gjer tilgjengelege for eit formål i budsjettåret større enn det som kjem fram av løyvingane. Dette svekker kor fullstendig statsbudsjettet er.

Handtering av avsetningar i Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd har dei siste åra sett i verk fleire tiltak for å bygge ned avsetningane. Det er òg innført porteføljestyring, og søknads- og tildelingsprosessen er korta ned for å få utbetalt ein større del av midlane innanfor budsjettåret. Forskingsrådet har òg intensivert dialogen med tilskotsmottakarane for å avgrensa forseinkingar i prosjekta.

Det viktigaste tiltaket til Forskingsrådet for å bygge ned avsetningane har vore å auke talet på utlysingar. Forskingsrådet praktiserer aktiv likviditetsstyring, som inneber at dei tildeler forskingsmidlar for heile prosjektperioden, som normalt blir utbetalte over ei 4-5 års periode. Forskingsrådet forskuterar på denne måten løyvingar frå departementa, men alle kontraktar inkluderer ein klausul om at framtidige utbetalingar er avhengige av løyvingar frå Stortinget. Likviditetsstyring inneber òg at Forskingsrådet mellombels nyttar avsetningar frå andre område og forskingsprogram, for å dekke overforbruk innanfor område og forskingsprogram som er i ein fase som gjer at dei kan bruke meir midlar enn den årlege tildelinga tilseier. På den måten kan Forskingsrådet utnytte dei samla tildelingane best mogleg. Normalt skjer denne mellombelse omfordelinga innanfor same post. Dette avheng likevel av breidda til posten og dermed kor mange forskingspolitiske prioriteringar som ligg innanfor posten. I arbeidet til Forskingsrådet er det likevel lagt vekt på å halde avsetningane så låge som mogleg, og samstundes sikre at bruken av avsetningane ikkje strir mot formålet med løyvinga som er fastsett av Stortinget. Som ein del av aktiv likviditetsstyring har Forskingsrådet sett eitt tak på 20-30 pst. for kor mykje dei mellombels kan nytte av avsetningane frå andre program og tiltak innanfor den einskilde posten. Over tid vil det likevel aldri vere slik at Forskingsrådet tildeler meir eller mindre til eitt formål enn det Stortinget har vedteke. Ein slik praksis skal føre til rask nedbygging av avsetningane, og samstundes sørge for at Forskingsrådet tildeler midlar til dei formåla som Stortinget har fastsett.

Kunnskapsdepartementet vil gjennomgå praksisen i Forskingsrådet for bruk av avsetningane for å sikre ivaretakinga av økonomiregelverket og løyvingsreglementet. Regjeringa vil òg vurdere om NFR bør ha større fleksibilitet i bruken av løyvingane, gitt at tildelingane over tid er i tråd med intensjonen til Stortinget.

Omprioritering for å følge opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning

I langtidsplanen for forsking og høgare utdanning varsla regjeringa at opptrappingsplanane delvis skal finansierast gjennom omprioriteringar, og Stortinget slutta seg til dette, jf. Innst. 164 S (2018–2019). Gitt avsetningssituasjonen, som er beskrive ovanfor, foreslår regjeringa i statsbudsjettet for 2022 å omprioritere 307,5 mill. kroner av Forskingsrådets samla avsetningar til opptrappingsplanane for teknologiløft og FoU for fornying og omstilling i næringslivet, med vekt på hav, klima, miljø og miljøvennleg energi og mogleggjerande og industrielle teknologiar. Vidare foreslår regjeringa at 130 mill. kroner av avsetningane blir prioriterte til formål innanfor prioriteringane fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester og samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd. Regjeringa legg til grunn at omprioriteringane vil vere i tråd med dei overordna sektorpolitiske føringane for løyvinga til det einskilde departementet.

På Kunnskapsdepartementet sitt område foreslår regjeringa å nytte 85,5 mill. kroner av avsetningane til følgande formål: 10 mill. kroner til klimavennlege havnæringar, 15 mill. kroner til kommersialisering og radikal innovasjon, 30 mill. kroner til e-infrastruktur for ei digitalisert verd og 30,5 mill. kroner til IKT-forsking innan kunstig intelligens og digital tryggleik, inkludert dei rettslege rammene for kunstig intelligens, og teknologiske problemstillingar med relevans for utvikling av system og tenester i forvaltninga. I tillegg foreslår regjeringa å omprioritere 62,5 mill. kroner av den ordinære løyvinga over kap. 285 til opptrappingsplanen for kvalitet i høgare utdanning over budsjettet til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, jf. omtale under kap. 272, post 52 og kap. 256, post 21 og 01. Satsingane er nærare omtalte under del III, kap. 5

Post 52 Langsiktig, grunnleggande forsking

Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar for å finansiere forsking som ikkje er øyremerkt særskilde tema eller formål. Løyvinga over kap. 285, post 52 skal finansiere langsiktig, grunnleggande forsking, bidra til å betre den vitskaplege kvaliteten i forskingsmiljø eller på einskilde forskingsområde og bidra til å utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet.

Mål for 2022

Langsiktig, grunnleggande forsking av høg kvalitet, uavhengig av fagområde.

Resultat i 2020

Dei målretta verkemidla for auka vitskapleg kvalitet, til dømes forskarprosjekt for fornying, forskarprosjekt for unge talent og forskingssenter, har blitt styrkte og vidareutvikla i dei siste åra.

Satsinga på langsiktig, grunnleggande forsking har bidrege til å gi dei beste forskarane i alle fag gode høve til å drive framifrå forsking og utvikle forskarkarrieren sin. Rekrutteringa er god, og unge forskartalent tek del i framifrå forsking. Prosjekt støtta av Forskingsrådet er av god kvalitet, og blir publiserte og siterte på høgde med eller over landsgjennomsnittet. Det er positivt at porteføljeomlegginga i Forskingsrådet har ført til tildeling av fleire søknader av høg kvalitet. Gjennom vidare arbeid med omlegging frå program til breiare porteføljar arbeider Forskingsrådet for å styrke den vitskapelege kvaliteten i porteføljen og for at fleire prosjektsøknader som oppnår toppkarakter, blir innvilga. Det er likevel ei vedvarande utfordring at mange klart støtteverdige forskingssøknader får avslag.

Ordninga Senter for framifrå forsking (SFF) bidreg til at dei beste forskingsmiljøa får betre og meir føreseielege rammer, og til at vitskapleg kvalitet blir prioritert på institusjonane. Ordninga blei evaluert våren 2020, og evalueringskomiteen konkluderte med at ordninga var ein suksess, og tilrådde at ho blei vidareført som ein open arena.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 1 708,5 mill. kroner på posten.

Kunnskapsdepartementet har bestemt at Statistisk sentralbyrå skal overta ansvaret for FoU-statistikken. Arbeidet med statistikken blir i dag utført av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning og hovudsakleg finansiert gjennom Noregs forskingsråds løyving på kap. 285, post 52. Overføringa av oppgåvene knytte til statistikken skal skje som ein verksemdsoverdraging, og midlane vil bli lagde inn i løyvinga til SSB. Departementet foreslår derfor å overføre 11,5 mill. kroner til Finansdepartementet. Vidare foreslår departementet å flytte 2,7 mill. kroner til redaksjonsansvaret for Indikatorrapporten til kap. 285, post 55. Sjå omtale under kap. 285, post 55.

Departementet foreslår å flytte 25 mill. kroner til grunnleggande IKT-forsking, til kap. 285, post 53 der midlane skal nyttast til teknologikonvergens.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 45,5 mill. kroner for å frigjere midlar til andre formål, mellom anna til opptrappingsplanen Kvalitet i høgare utdanning.

Post 53 Sektoroverskridande og strategiske satsingar

I rapporten frå områdegjennomgangen av Forskingsrådet blei det foreslått å reindyrke denne posten som ein finansieringsmekanisme som skal vareta endringsbehov, sektoroverskridande område og lange tidsperspektiv i forskingssystemet. Regjeringa har konkludert med at løyvinga på denne posten skal fordelast i tråd med følgande prinsipp:

  • bidra til oppfølging av regjeringas forskingspolitiske prioriteringar i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning

  • gi fleksibilitet til å gjennomføre langsiktige endringar i forskingssystemet. Midlar på posten kan til dømes verke saman med satsingar frå andre departement i ein startfase. Posten skal verke mobiliserande, ikkje kompenserande

  • støtte og bygge opp forsking av høg vitskapleg kvalitet og forsking med høg relevans

Mål for 2022

Sektoroverskridande forsking av høg kvalitet og forsking med høg relevans som bidreg til å følge opp prioriteringane i langtidsplanen og til å gjennomføre langsiktige endringar i forskingssystemet.

Resultat i 2020

Den koordinerande rolla til Kunnskapsdepartementet i forskingspolitikken og ansvaret for forskingssystemet inneber at departementet bidreg med finansiering i mange av programma og aktivitetane til Forskingsrådet.

Midlane på posten skal sørge for ei god oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Tiltak innan klima, miljø og miljøvennleg energi, hav, teknologiar og samfunnstryggleik er viktige tema. Det er også betre og meir effektive offentlege tenester.

Midlane bidreg til å auke forskingskapasitet på viktige område og støtte opp om sektoroverskridande forsking av høg kvalitet.

Forskingsrådet har i 2020 halde fram arbeidet med å styrke den delen av løyvingane som går til humaniora, og har som mål å auke denne til 5 pst. av rådets samla løyvingar. Det er lagt godt til rette for dette innanfor dei sektoroverskridande satsingane, og det er ein svak auke frå 2019 til 2020 med forventning om ytterlegare auke i 2021. For å kunne nå dette ambisiøse målet er Forskingsrådet i tillegg avhengig av gode søknader frå humanioramiljøa.

Løyvinga på posten finansierer også stimuleringsordningar for betre deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, som til dømes prosjektetableringsstøtte (PES) og STIM-EU. Midlane går til ei rekke ulike tiltak, i hovudsak i Forskingsrådet, men òg i Innovasjon Noreg. Horisont 2020 blei avslutta i 2020 og norske forskings- og innovasjonsmiljø, næringsliv, offentlege verksemder og helseføretak har henta heim om lag 2,5 pst. av dei konkurranseutsette midlane, godt over det målet regjeringa sette på 2 pst. Til samanlikning henta norske fagmiljø inn 1,7 pst. i førre programperiode (2007–2014). Det er grunn til å tru at opptrappinga og innrettinga av stimuleringsordningane har medverka positivt til auka norsk deltaking i Horisont 2020.

Andre sentrale satsingar som har fått finansiering over denne posten, er senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). SFI-ane bidreg til å fremje utvikling av næringsretta forskingsmiljø som ligg i den internasjonale forskingsfronten. Sentera legg godt til rette for eit nært samarbeid mellom bedrifter og forskingsgrupper. Dette gir auka næringsrelevant kompetanse i FoU-miljøa og auka FoU-kompetanse i næringslivet. Det vart finansiert 22 nye senter innanfor SFI-ordninga i 2020.

Brorparten av dei konkurranseutsette midlane til polarforsking vart òg finansierte over denne posten. Satsinga bidreg til å styrke Noregs rolle som polarforskingsnasjon, og Noreg er no femte største nasjon i verda målt i talet på vitskaplege artiklar på det feltet. Polarforskinga gir viktige bidrag til dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, med særskild vekt på klima, miljø og miljøvennleg energi og samfunnstryggleik.

Nærings- og fiskeridepartementet og Kunnskapsdepartementet har gjennom 2020 og 2021 halde fram arbeidet med å sjå på moglegheiter for å styrke kommersialisering av offentleg finansiert forsking og samarbeider med andre relevante departement i dette arbeidet. Sentrale element er teknologioverføringssentra TTO-ane som verkemiddel for å støtte opp om kommersialiseringsaktivitetar (mellom anna FORNY). Dei to departementa har i 2021 utlyst midlar til ei utgreiing om rolla og ansvaret til TTO-ane i det nasjonale forskingssystemet. Utgreiinga blir ferdig hausten 2021. Departementa og Forskingsrådet er vidare i dialog om utviklinga av verkemidla på dette området, mellom anna gjeld dette utviklinga av FORNY. Målet er å auke kommersialiseringa av offentleg finansiert forsking.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 1 885,5 mill. kroner på posten.

Noregs forskingsråd skal i 2022 vidareføre prosessen med utviklinga av mellom anna FORNY-programmet i samsvar med signala frå Nærings- og fiskeridepartementet og Kunnskapsdepartementet. Ordninga i FORNY-programmet med lokale prosjektmidlar til TTO-ane vert vidareført som ei overgangsordning i 2022, men frå 2023 vert endringar i programmet vurdert. Målet er auka kommersialisering frå forsking ved at forskingsresultat i større grad gir nye produkt og tenester og auka verdiskaping.

Departementet foreslår å vidareføre løyvinga til stimuleringsordningane for å auke norsk deltaking i Horisont Europa. Midlane går til ei rekke tiltak i Noregs forskingsråd og i Innovasjon Noreg, mellom anna prosjektetableringstøtte (PES) og stimuleringsmidla for instituttsektoren, STIM-EU.

Regjeringa foreslår å samle verkemidla for etablerarar i Innovasjon Noreg. Ordninga for studententreprenørskap (StudENT) vert flytta frå Noregs forskingsråd til Innovasjon Noreg frå 2022. Innovasjon Noreg vil få i oppdrag å sørge for at dei ulike ordningane retta mot etablerarar fungerer godt saman. Forslaget er ei oppfølging av områdegjennomgangen av det næringsretta verkemiddelapparatet. I samband med dette foreslår regjeringa å rammeoverføre 9 mill. kroner frå kap. 285, post 53 til Innovasjon Noregs kap. 2421, post 50. Departementet viser òg til tilsvarande rammeoverføring i budsjettforslaget til Nærings- og fiskeridepartementet.

26,6 mill. kroner av løyvinga på posten går til Innovasjon Noreg for å finansiere arbeid med mobilisering til god norsk deltaking i Horisont Europa. Dette inkluderer også Innovasjon Noreg sin representant ved Kunnskapskontoret i Brussel. Dette er ein reduksjon på 0,6 mill. frå 2021 som skriv seg frå foreslått effektiviseringsmål for Innovasjon Noreg. For nærare omtale av oppfølginga av områdegjennomgangen sjå Prop. 1 S (2021–2022) for Nærings- og fiskeridepartementet.

25 mill. kroner av auken på posten er flytta frå kap. 285, post 52, der midlane vart nytta til grunnleggande IKT-forsking for digital transformasjon. Midlane skal nyttast til Forskingsrådets satsing på teknologikonvergens som legg til rette for samfunnsansvarleg, tverrfagleg samarbeid mellom ulike teknologiområde, sektorar og næringar for å få fram grensesprengande forsking, nye metodar og radikale innovasjonar.

Departementet foreslår å flytte 0,5 mill. kroner til kap. 285, post 55, der midlane skal nyttast til nasjonale ekspertar i Europakommisjonen. Sjå omtale under kap. 285, post 55.

Departementet foreslår å flytte 5 mill. kroner frå kap. 285, post 53 til Nærings- og fiskeridepartementet. Midlane skal nyttast til norsk deltaking i InvestEU. Departementet foreslår vidare å flytte 39,6 mill. kroner til kap. 288, post 73 på grunn av auka kontingent for norsk deltaking i Horisont Europa. Sjå omtale under kap. 288, post 73.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 16,4 mill. kroner for å frigjere midlar til andre formål, mellom anna til opptrappingsplanen Kvalitet i høgare utdanning.

10 mill. kroner av auken på posten skriv seg frå at den eittårige reduksjonen i løyvingane frå 2021 er ført tilbake.

Post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

Mål for 2022

Relevant og oppdatert forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse som understøttar forsking av høg kvalitet for eit innovativt og berekraftig samfunn.

Resultat i 2020

Oppdatert vitskapleg utstyr og forskingsinfrastruktur er avgjerande for å utvikle forskings- og utdanningsmiljø av høg kvalitet. Den nasjonale ordninga for forskingsinfrastruktur har utlysingar annakvart år, og Forskingsrådet har til saman tildelt om lag 6 mrd. kroner sidan ordninga starta i 2009. Siste tildeling var i 2019, og då skreiv Forskingsrådet kontrakt om i alt 16 nye infrastrukturprosjekt. Prosjekta hadde ei samla ramme på om lag 1 mrd. kroner.

Prosjekta som blir finansierte gjennom infrastrukturordninga, skal ha brei nasjonal interesse. Infrastrukturane skal finnast éin eller nokre få stadar i landet og gjerast tilgjengelege for relevante forskingsmiljø og næringar. Infrastrukturane skal kunne nyttast til forsking av høg internasjonal kvalitet. Fleire av dei nasjonale forskingsinfrastrukturane har gjennom 2020 spela ei betydeleg rolle i innsatsen mot pandemien. To gode døme er Folkehelseinstituttets samarbeid med tungrekneinfrastrukturen ved Uninett Sigma2 i matematisk modellering av spreiing av viruset (R-talet), og Norsk sekvenseringssenters raske etablering av covid-sekvensering som eit ledd i Noregs pandemiovervaking.

Finansiering av norsk deltaking i internasjonale forskingsinfrastrukturar bidreg til å utvikle nye relasjonar, nettverk og internasjonalt forskingssamarbeid som aukar den norske deltakinga i søknader til EUs rammeprogram. Forskingsrådet har i 2020 representert Noreg i 18 internasjonale forskingsinfrastrukturar.

Det er aukande behov for reknekraft for å behandle data som blir nytta i forsking. Gjennom forskingsinfrastrukturordninga finansierer Forskingsrådet elektronisk infrastruktur som mellom anna tungreknemaskinar. I 2019 vedtok Forskingsrådet ei oppgradering av infrastruktur for tungrekning og datalagring ved Uninett Sigma2.

Kunnskapsdepartementet meiner at måloppnåinga for løyvinga er god.

Budsjettforslag for 2022

Midlane på posten skal gå til å finansiere Forskingsrådets ordning Nasjonal satsing på infrastruktur. I tillegg skal løyvinga finansiere følgande særskilde formål:

  • norsk bidrag til dei internasjonale infrastrukturprosjekta CESSDA ERIC, Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System og European Spallation Source

  • basisløyvinga til Uninett Sigma2 AS. Kunnskapsdepartementet foreslår at denne blir vidareført i 2022.

Departementet foreslår å løyve 765,6 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår å flytte 15,2 mill. kroner i tidlegare øyremerkt basistilskot til NSD frå Forskingsrådet til Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) på kap. 273, post 50.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 20,3 mill. kroner for å frigjere midlar til andre formål, mellom anna til opptrappingsplanen Kvalitet i høgare utdanning.

Post 55 Verksemdskostnader

Løyvinga omfattar midlar til drift av Forskingsrådet, det vil seie alle løyvingar som ikkje går til FoU. Utgifter til utlysing av forskingsmidlar, evaluering av søknader, utvikling av porteføljeplanar og så vidare blir i hovudsak finansierte over denne posten. Det same gjeld utgifter til Forskingsrådets arbeid med rådgiving, møteplassfunksjon og særskild tenesteyting for alle departementa som løyver forskingsmidlar gjennom Forskingsrådet. Nasjonale fag-, tema- og institusjonsevalueringar blir finansierte gjennom FoU-løyvingane frå det einskilde departementet.

Mål for 2022

Regjeringa har sett fem mål for verksemda til Forskingsrådet. Måla er

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Resultat i 2020

Forskingsrådet forvalta 11,1 mrd. kroner frå departementa i 2020 og tok imot rundt 6 100 søknader om prosjektmidlar. Løyvinga til verksemdskostnadene blei redusert med 27,5 mill. kroner i 2020 og utgjorde under 7,1 pst. av FoU-budsjettet. Sidan 2017 har løyvinga samla blitt redusert med 131 mill. kroner, utan at forventingane til verksemda og FoU-tildelingane har blitt redusert.

I løpet av 2020 handterte Forskingsrådet ein auke i FoU-midlane på nesten 1,4 mrd. kroner i tiltakspakkar under covid-19-pandemien. Tiltaka var innretta for å halde oppe kapasiteten i forskings- og innovasjonssystemet under pandemien og for næringsretta forsking og omstilling for eit produktivt, grønt og berekraftig næringsliv. Forskingsrådet omdisponerte våren 2020 raskt midlar til hasteutlysingar for pandemirelevant forsking. Forskingsrådet har under pandemien gjort eit godt arbeid med å gi råd om og forvalte tiltak og samstundes ta hand om dei ordinære oppgåvene.

Forskingsrådet har drive verksemda i tråd med styringsmodellen dei etablerte i 2019, med ein overgang frå over 50 programstyre til ein struktur med 16 porteføljestyre med breiare ansvarsområde. Samstundes har dei innført standardiserte søknadstypar med felles søknadsfristar, evalueringskriterium og fordeling på fagfellepanel for å forenkle prosessane for brukarane og betre kvaliteten i søknadsvurderingane. Forskingsrådets undersøkingar tyder på at fleire av dei prosjekta som har gode fagfellevurderingar, får finansiering i den nye modellen, og at endringane i hovudsak blir oppfatta som positive av brukarane.

Forskingsrådet vil arbeide vidare med å utvikle styringsmodellen, både for å sikre at dei mest relevante og beste prosjekta får finansiering innanfor måla for løyvingane, og for å betre tilliten til søknadsvurderingane. Forskingsrådet vil legge vekt på synspunkt frå breidda av forskings- og innovasjonsaktørar i utviklinga. Etter offentleg debatt om søknadsvurderingane i 2020 vil Forskingsrådet mellom anna arbeide for å forbetre tilbakemeldingane til søkarar som får avslag.

Forskingsrådet har bidrege til å nå regjeringa sin ambisjon for deltakinga i Horisont 2020 om at minst 2 pst. av dei konkurranseutsette midlane skulle gå til norske aktørar. Dei har utforma verkemidla og vurderingskriteria sine for å fungere godt saman med dei europeiske ordningane, og arbeider for å få fleire til å søke og nå fram i den europeiske konkurransen. 90 pst. av dei norske deltakarane i Horisont 2020 har vore i kontakt med Forskingsrådets støtteapparat.

I 2020 starta oppfølginga av Forskningsrådets policy for åpen forskning. Fleire tiltak i Forskingsrådet har vore viktige for å opne forskinga, mellom anna innføring av krav i prosjektvilkåra om open publisering og datahandteringsplanar, og satsing på infrastruktur som bidreg til at forskingsdata blir delte etter internasjonale standardar. Forskingsrådet har spela ei aktiv rolle i den internasjonale samanslutninga cOAlition S, som gjennomfører initiativet Plan S for meir open publisering. Dei har mellom anna vore med på å utvikle ein strategi for dei immaterielle rettane til vitskaplege publikasjonar frå den offentleg finansierte forskinga. Den inneber at forfattarane ikkje må overdra rettane til dei vitskaplege forlaga, og dermed kan halde på retten til å gjere artiklane ope tilgjengelege.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 785,9 mill. kroner på posten.

Olje- og energidepartementet har lagt ansvaret for sekretariat for eit internasjonalt forskingssamarbeid på energiområdet til Noregs forskingsråd. Arbeidet med sekretariatet vil halde fram i 2022, og departementet foreslår å overføre 2 mill. kroner frå Olje- og energidepartementets budsjett til kap. 285, post 55 i 2022.

Nærings- og fiskeridepartementet har gitt Forskingsrådet i oppdrag å prioritere arbeidet med å vidareutvikle Grøn plattform. Arbeidet vil halde fram i 2022, og departementet foreslår å overføre 4,1 mill. kroner frå Nærings- og fiskeridepartementets budsjett til kap. 285, post 55 i 2022.

Noreg skal tilby seg å leie koordineringa av partnarskapen for berekraftig blå økonomi i Horisont Europa. Forskingsrådet skal ha ansvar for to stillingar, høvesvis i Noreg og i Brussel. Departementet foreslår å overføre 3 mill. kroner frå Nærings- og fiskeridepartementets budsjett til kap. 285, post 55 i 2022.

Noregs forskingsråd har vore sekretariat for strategiprosessen Prosess 21, og midlar til denne verksemda har vore mellombels rammeoverførte frå Nærings- og fiskeridepartementet. Departementet foreslår å føre tilbake 1,3 mill. kroner til Nærings- og fiskeridepartementet i 2022.

Kunnskapsdepartementet finansierer fleire nasjonale ekspertar frå Noreg i Europakommisjonen. Desse er viktige for norsk medverknad og påverknad av EUs forskingspolitikk. For å sikre plassering av ytterlegare ein ekspert etter nasjonale behov i Kommisjonen foreslår departementet å overføre 0,5 mill. kroner frå kap. 285, post 53 til kap. 285, post 55 til dette formålet.

I samband med at SSB har fått ansvaret for produksjonen av FoU-statistikken, jf. omtalen av kap. 285, post 52, vil Forskingsrådet overta redaksjonsansvaret for Indikatorrapporten. Departementet foreslår å overføre 2,7 mill. kroner frå kap. 285, post 52 til kap. 285, post 55 til dette formålet.

Som oppfølging av områdegjennomgangen av det næringsretta verkemiddelapparatet varsla regjeringa i Revidert nasjonalbudsjett 2021 at ho ville kome tilbake til Stortinget med nærare beskriving, konkrete vurderingar og forslag. Regjeringa foreslår i tråd med dette å redusere løyvinga på posten med 35 mill. kroner i 2022.

Forslaget omfattar òg ein reduksjon på 1,3 mill. kroner på posten som følge av at regjeringa vurderer at covid-19-pandemien har gitt staten høve til å redusere reiseomfanget på kort og lang sikt.

Kap. 286 Regionale forskingsfond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

60

Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

219 119

194 982

159 012

Sum kap. 286

219 119

194 982

159 012

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

Dei regionale forskingsfonda skal styrke forskingsevna i regionane gjennom tilskot til forsking og innovasjon og gjennom mobilisering til auka FoU-innsats.

Mål for 2022

Dei regionale forskingsfonda skal styrke forsking for regional innovasjon og utvikling gjennom å medverke til at bedrifter og offentlege verksemder oppnår auka kompetanse, innovasjonsevne og verdiskaping. Fonda skal vidare mobilisere bedrifter og offentlege verksemder til å delta i nasjonal og internasjonal forsking.

Resultat i 2020

I 2020 fekk kvar fylkeskommune sitt eige forskingsfond. Dei regionale fonda tildelte til saman 187 mill. kroner i prosjektmidlar i 2020. Hovudparten av midlane finansierte regionale kvalifiseringsprosjekt. Den største delen av tildelingane frå fonda gjekk også i 2020 til dei tematiske områda miljø, klima og fornybar energi. Deretter kom marin forsking. Prosjekt finansierte med midlar frå forskingsfonda stod mellom anna for 83 publiseringar i vitskaplege tidsskrift i prosjektperioden og 26 registrerte patent. Fylkeskommunane har med ulike verkemiddel arbeidd for å få fleire forskingsmiljø til å søke forskingsmidlar frå EU og delta i forskingssamarbeidet i EU.

Frå RFF-ordninga kom i stand i 2010 og til og med 2020, har næringslivet motteke om lag 52 pst. av midlane frå RFF. Fylkeskommunar og kommunar er tildelte 24 pst. og universitet, høgskular og forskingsinstitutt har fått 24 pst. av midlane.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 159 mill. kroner på posten. Løyvinga er redusert med 40 mill. kroner frå 2021. Kuttet er teke ut slik at fylkeskommunar med høgt folketal får eit større kronekutt enn fylkeskommunar med lågt folketal.

Fylkeskommunane skal sjå tilskotet til dei regionale forskingsfonda i samanheng med forvaltninga av FORREGION-midlane som vert tildelte over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Tabell 4.27 Fordeling av midlane til regionale forskingsfond i 2022

(i 1 000 kr)

Fylkeskommune

Beløp

Agder

11 701

Innlandet

12 393

Møre og Romsdal

11 216

Nordland

14 909

Oslo

16 052

Rogaland

13 649

Troms og Finnmark

14 929

Trøndelag

13 520

Vestfold og Telemark

12 968

Vestland

15 399

Viken

22 276

Totalt

159 012

Kap. 287 Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

57

Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

218 120

223 756

228 426

Sum kap. 287

218 120

223 756

228 426

Post 57 Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

Dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta driv i hovudsak forsking på felta arbeidsliv, energi og miljø, globale utviklingsutfordringar, helse, migrasjon, offentleg økonomi, regional utvikling, sosialpolitikk, utanriks- og tryggingspolitikk, utdanning og innovasjon, og velferd. Alle institutta har ein tverrfagleg profil.

Mål for 2022

Målet med løyvinga er at Noreg skal ha ein sterk samfunnsvitskapleg instituttsektor som tilbyr næringsliv og offentleg sektor relevant kompetanse og forskingstenester av høg internasjonal kvalitet. Til liks med andre institutt som får statleg grunnløyving, skal også dei samfunnsvitskaplege institutta bidra til berekraftig utvikling og omstilling.

Resultat i 2020

Driftsinntektene til dei 18 samfunnsvitskaplege institutta var i 2020 på om lag 1,45 mrd. kroner. Nasjonale bidragsinntekter var den største inntektskjelda. Den statlege grunnløyvinga utgjorde i gjennomsnitt 16 pst. for desse institutta. I dei samfunnsvitskaplege institutta blei det utført 765 forskarårsverk i 2020, ein auke på 7 årsverk frå 2019. Kvinner stod for litt over halvparten av årsverka. Fridtjof Nansens Institutt hadde høgast vitskapleg publisering per forskarårsverk i 2020, medan Nordlandsforskning kom best ut av dei regionale institutta.

Tabell 4.28 Grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta

(i 1 000 kr)

Grunnløyving 2020

Pst. endring 2018–20

Chr. Michelsens Institutt (CMI)

18,4

6

Forskningsstiftelsen FAFO

23,1

6

Fridtjof Nansens Institutt (FNI)

8,5

0

Institutt for fredsforskning (PRIO)

21,8

7

Institutt for samfunnsforskning (ISF)

12,9

6

Møreforsking AS

7,4

9

NORCENorwegian Research Centre AS, samfunnsvitskapleg aktivitet

33,7

6

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)

17,0

5

Nordlandsforskning AS

5,3

6

Norsk institutt for bærekraftsforskning AS (NORSUS)

5,5

14

Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI)

17,0

1

NTNU Samfunnsforskning AS

13,0

10

Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF)

8,0

2

Stiftelsen Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forskning

3,5

16

Stiftelsen SINTEF, samfunnsvitskapleg aktivitet

21,3

11

Telemarksforsking

6,6

16

Trøndelag Forskning og Utvikling

3,6

2

Vestlandsforsking

4.9

3

Totalsum

231,6

Kjelde: Noregs forskingsråd

Budsjettforslag for 2022

Trøndelag Forskning og Utvikling gjekk inn i stiftinga SINTEF 1. januar 2021.

Departementet foreslår å løyve 228,4 mill. kroner på posten. I tillegg kjem grunnløyvinga til Chr. Michelsens Institutt på 19,1 mill. kroner. Denne løyvinga blir gitt over kap. 161, post 71 på budsjettet til Utanriksdepartementet. 5 mill. kroner av løyvinga på posten gjeld Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt) i Sogndal.

10 pst. av grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta skal fordelast mellom institutta etter oppnådde resultat på dei indikatorane som er fastsette i retningslinjene for grunnløyving til forskingsinstitutt og forskingskonsern. Desse retningslinjene blei justerte hausten 2021 og tek til å gjelde frå 2022, sjå omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

Institutta skal nytte grunnløyvinga til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging. Løyvinga skal mellom anna stimulere den vitskaplege kvaliteten til institutta, internasjonalisering og samarbeid. Innanfor desse rammene avgjer institutta sjølve bruken av grunnløyvinga.

Post 71 Tilskot til andre private institusjonar

Løyvinga blei i hovudsak flytta til kap. 275, post 70 i statsbudsjettet for 2020. Midlane til Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA) til arrangement i samband med Kavliprisen blei flytta til nytt kap. 289, post 72. Sjå rapportering for 2020 og budsjettforslag for 2022 under desse postane.

Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Særskilde driftsutgifter

139 091

49 295

53 307

72

Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

315 981

327 390

299 268

73

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon

2 794 919

2 529 593

3 310 007

74

EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett

762 260

827 055

607 032

75

UNESCO-kontingent

22 930

24 303

22 556

76

UNESCO-formål

3 909

4 240

4 350

Sum kap. 288

4 039 090

3 761 876

4 296 520

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga går til internasjonalt samarbeid for å heve kvaliteten nasjonalt innanfor ansvarsområda til departementet, inkludert bilateralt samarbeid med prioriterte land. Løyvinga dekker kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD. Mindre delar vil òg kunne nyttast til Noregs hus i Cité Internationale Universitaire de Paris (CIUP), prosjekt i regi av Europarådet og UNESCO og støtte til Tysk-norsk ungdomsforum.

Mål for 2022

Noreg deltek aktivt i internasjonalt samarbeid innanfor utdanning, forsking og integrering, og det er gode koplingar mellom forsking og høgare utdanning i arbeidet.

Resultat i 2020

Hovuddelen av løyvinga har i 2020 vore nytta til samarbeidsprogramma NORPART, UTFORSK og INTPART. Covid-19-pandemien har ramma det internasjonale utdannings- og forskingssamarbeidet. Ein del av aktivitetane har stoppa opp, og det er først og fremst den fysiske mobiliteten som har stoppa heilt opp. Aktivitetar som i utgangspunktet ikkje krev omfattande reiseverksemd, har òg blitt ramma.

Norsk partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART) støttar akademisk samarbeid og gjensidig studentmobilitet mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og utviklingsland i Søraust-Asia, Afrika og Latin-Amerika. I 2020 vart programmet evaluert. Evalueringa slo fast at NORPART kan vise til gode resultat når det gjeld bidrag til å utvikle varige og sterke partnarskapar, og dessutan kvalitet i utdanninga i form av fagleg fornying og pedagogisk utvikling. Programmet bidreg òg til betydeleg student- og tilsett-mobilitet mellom Noreg og partnarlanda. Evalueringa av NORPART viser at det planlagde talet på innkomande mobilitetar er oppnåeleg i løpet av den femårige prosjektperioden. I 2019 løyvde Stortinget 15 mill. kroner årleg i ekstra midlar til programmet, øyremerkte heilgradsstudium i Noreg for studentar frå det globale sør. I 2020 tildelte Diku 53 toårige heilgradsstipend etter ei lukka pilotutlysing for dei etablerte NORPART-prosjekta. Betydelege midlar til heilgradsstipend blir òg lyste ut i tilknyting til ordinær NORPART-utlysing i 2021, noko som vil føre til at 100 heilgradsstudentar frå sør vil kome til Noreg frå 2022.

UTFORSK og INTPART er hovudtiltaka for å følge opp regjeringa sin strategi Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–20). Strategien og tilhøyrande hovudtiltak vart evaluert i 2020. Evalueringa viser at partnarskapsprogramma UTFORSK og INTPART har bidrege til å styrke samarbeidet med dei aktuelle landa i perioden 2016–20. Gjennom å delta i internasjonalt samarbeid med gode forskings- og utdanningsmiljø i dei prioriterte landa har norske høgare utdanningsinstitusjonar særleg lykkast med å stimulere til gode koplingar mellom forsking og høgare utdanning, og studentmobilitet av god kvalitet innanfor ramma av institusjonelle partnarskapar. Prosjektsamarbeida blir vurderte til å halde høg kvalitet og vere prega av gjensidig interesse og nytte. Evalueringa peikar likevel på manglande langsiktig samarbeid, avgrensa finansiering og dessutan noko svak kopling til arbeids- og næringslivet. I tillegg bør samspelet med andre ordningar styrkast.

Løyvinga til dei tre programma bidreg til at Noreg deltek aktivt i internasjonalt samarbeid innanfor utdanning, forsking og integrering, og at det er gode koplingar mellom forsking og høgare utdanning i arbeidet.

Ein del av løyvinga har i 2020 gått til Europarådets prosjekt The European Qualifications Passport for Refugees og UNESCO Qualifications Passport for Refugees and Vulnerable Migrants.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår ei samla løyving på posten på 53,3 mill. kroner for 2022.

Midlane på posten går mellom anna til oppfølging av Panorama-strategien, og ei satsing på verdsleiande fagmiljø på 19 mill. kroner til INTPART blir vidareført.

Dessutan kan det bli gitt støtte til særskilde prosjekt i internasjonale organisasjonar, til dømes i UNESCO, OECD og Europarådet, som er særleg retta mot å nå Noregs mål for internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid, mellom anna bidrag til å oppnå FNs berekraftsmål nr. 4 om god utdanning til alle. I 2022 vil delar av løyvinga gå til UNESCO-prosjektet Qualifications Passport for Refugees and Vulnerable Migrants og til UNESCOs Intergovernmental Oceanographic Commission.

Delar av løyvinga går til oppretting av nye spesialutsendingar for høgare utdanning og forsking i prioriterte samarbeidsland. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Departementet foreslår å flytte 0,3 mill. kroner frå kap. 275, post 21 og 0,3 mill. kroner frå kap. 275, post 70 for å samla prosjektmidlar til internasjonale tiltak på kap. 288, post 21.

Departementet foreslår å flytte 0,6 mill. kroner frå kap. 288, post 21 til Utanriksdepartementets kap. 118, post 21. Midlane skal gå til Havpanelet.

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Løyvinga dekker norsk deltaking i Den europeiske organisasjonen for kjerneforsking (CERN), Det europeiske molekylærbiologiske laboratoriet (EMBL), Den europeiske konferansen for molekylærbiologi (EMBC), Det europeiske synkrotronstråleanlegget (ESRF) og Den internasjonale kreftforskingsorganisasjonen (IARC).

Mål for 2022

Medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til global kunnskapsutvikling og til å nå overordna forskingspolitiske mål om høg kvalitet og internasjonalisering.

Resultat i 2020

Alle dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane Noreg deltek i, medverkar til global kunnskapsutvikling og driv verdsleiande forsking innanfor fagfelta sine. Medlemskapen i organisasjonane gjer det mogleg for norske forskarar å delta på linje med forskarar frå andre medlemsland og bidra til global kunnskapsutvikling og forsking av høg kvalitet. Til dømes deltek drygt 100 nordmenn i ALICE- og ATLAS-eksperimenta ved CERN, der ein studerer dei minste byggesteinane i universet og kreftene som held dei saman. Forskarane får kjennskap til ny teknologi og tilgang til ei rekke infrastrukturtenester og held seg oppdaterte om og bidreg i forskingsfronten. Gjennom kurs og opplæring ved grunnforskingsorganisasjonane hentar norske forskarar heim kunnskap til nytte for det norske forskingsmiljøet. Medlemskap i desse organisasjonane bidreg òg til å utvikle det felleseuropeiske forskingsområdet. Noreg har delegatar som sit i dei styrande organa til organisasjonane.

EMBL koordinerer molekylærbiologiske forskingsdata frå heile verda, inkludert data frå forsking på covid-19. IARC har i 2020 dreidd ein del av aktiviteten inn mot kva verknad covid-19 har på kreft og kreftpasientar. ESRF ferdigstilte i 2020 ein ny maskin som gir meir enn 100 gonger betre kvalitet på synkrotronstrålen enn tidlegare. ESRF leverer data til verdsleiande forskingsprosjekt og har i 2020 gitt viktige resultat til utvikling av vaksinar og medisinar mot sars-CoV-2-viruset.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 299,3 mill. kroner på posten. Kontingentane for dei einskilde medlemslanda blir fastsette ut frå ein avtalefesta berekningsnøkkel der bruttonasjonalproduktet eller liknande er ein hovudfaktor. Kontingentkrava for 2022 er enno ikkje fastsette for alle organisasjonane. Budsjettforslaget for 2022 tek for dei fleste organisasjonane derfor utgangspunkt i dei kontingentane som blei vedtekne for 2021.

Tabell 4.29 Norske kontingentbidrag til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar i 2022

Organisasjon

Kontingent i lokal valuta (i 1000)

CHF

Euro

1 000 kr

CERN

26 893

247 521

EMBC

605

6 113

EMBL

2 567

25 960

ESRF

1 188

12 013

IARC

758

7 661

Sum

299 268

Post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon

Løyvinga dekker Noregs kontingent til deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa (2021–27), og midlane til EUs tiltakspakke for gjenoppbygging etter covid-19-pandemien, «Next Generation EU», som blir kanaliserte gjennom Horisont Europa. I tillegg dekker posten etterbetalingar for Horisont 2020 (2014–20).

Mål for 2022

Målet med løyvinga er høg kvalitet i norsk forsking og fleire framifrå og innovative miljø, auka verdiskaping, styrkt konkurranse- og innovasjonsevne og bidrag til omstilling, at Noreg kan handtere store samfunnsutfordringar betre, bidra til berekraftsmåla og ei berekraftig samfunnsutvikling, uttil vikling av forskings- og innovasjonspolitikken og til nye samarbeidsmønster på tvers av landegrenser, sektorar og fag.

Resultat i 2020

Horisont 2020 blei avslutta i 2020 og Noregs deltaking, målt i prosentdel av konkurranseutsette midlar, enda på om lag 2,5 pst.

Noregs deltaking i EUs rammeprogram blei evaluert i 2020 av Samfunnsøkonomisk analyse AS på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Resultata viser at deltakinga har medverka til å nå dei fire måla regjeringa sette i strategien for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU: auka kvalitet i norsk forsking og innovasjon, auka innovasjonsevne, verdiskaping og økonomisk vekst, betre velferd og berekraftig samfunnsutvikling, og utvikling av eigen forskings- og innovasjonssektor.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 3,3 mrd. kroner på posten. Løyvingsbehovet for Noregs bidrag i 2022 er basert på Europakommisjonens langtidsbudsjett for 2021–27 og dekker i tillegg midlane til EUs tiltakspakke for oppbygging etter covid-19-pandemien, «Next Generation EU» (NGEU), som blir kanaliserte gjennom rammeprogrammet. Sjølv om programperioden til Horisont 2020 vart avslutta i 2020, vil utbetalingane frå programma bli fasa ut over fleire år. Det betyr at Noreg må betale bidrag til Horisont 2020 samstundes med bidrag til Horisont Europa.

Post 74 EUs utdannings-, opplærings-, ungdoms- og idrettsprogram

Løyvinga på posten dekker kontingenten for norsk deltaking i EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+ (2021–27). I tillegg dekker posten etterbetalingar for førre programperiode for Erasmus+, som blei avslutta i 2020.

Resultat i 2020

Deltakinga i Erasmus+ har gitt dei norske deltakarane internasjonal erfaring og auka fagleg, kulturell og språkleg kompetanse og forståing. Erasmus+ bidreg til at ungdom i større grad tek utdanning, kjem i arbeid, deltek i demokratiske prosessar og opplever auka livsmeistring. Programmet har òg medverka til regional utvikling gjennom auka samarbeid mellom skule og næringsliv og til å utvikle profesjonelle nettverk som inkluderer internasjonale aktørar, for både lærarar og bedrifter. Norske aktørar har delteke i 880 partnarskapar i løpet av heile programperioden, 225 som koordinator og 655 som partnarar. Samarbeidet gir norske institusjonar eit stort internasjonalt nettverk som på ulike måtar bidreg til utvikling av kompetanse, kvalitet og relevans i utdanninga. Målsetjinga om at 3 000 studentar innan 2020 skulle bli mobile på Erasmus+-programmet, vart nådd innan 2020 trass i covid-19-pandemien.

Mål for 2022

Målet med den norske deltakinga i Erasmus+ er styrkt kvalitet, relevans og attraktivitet i det norske utdanningssystemet og høgare kompetanse hos den einskilde deltakaren. Deltakinga skal bidra til å handtere store samfunnsutfordringar, styrkt samarbeid mellom utdanning, opplæring og arbeids- og samfunnsliv, at fleire deltek i eit internasjonalt læringsmiljø, og vere eit bidrag til utviklinga av politikk og rammevilkår.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 607 mill. kroner på posten. Løyvingsbehovet for Noregs bidrag i 2021 er basert på Europakommisjonens langtidsbudsjett for 2021–27.

Post 75 UNESCO-kontingent

Løyvinga dekker den norske kontingenten til UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. UNESCO har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremje internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen.

Mål for 2022

Norsk deltaking i UNESCO skal medverke til at UNESCO arbeider for ei god gjennomføring av og tek ei leiarrolle i koordineringa av FNs berekraftsmål 4 om utdanning. Deltakinga skal også medverke til at UNESCO følger opp den globale konvensjonen for godkjenning av kvalifikasjonar i høgare utdanning, og at organisasjonen kan få eit betre kunnskapsgrunnlag for hav og klima, ikkje minst ved å ha ei leiande rolle i gjennomføringa av FN-tiåret for havforsking (2021–30). I tillegg skal UNESCO verne og styrke verdas kultur- og naturarv, styrke presse- og ytringsfridommen og arbeide for meir open tilgang til forskingsresultat. I dei styrande organa til UNESCO har Noreg som mål å styrke resultatrapporteringa, betre samarbeidet med andre relevante FN-organisasjonar og konsentrere innsatsen der organisasjonen har dei største fortrinna sine.

Resultat i 2020

Berekraftsmåla (SDG-ane) og Agenda 2030 er førande for arbeidet til UNESCO. UNESCO har hovudansvaret for SDG 4 – utdanningsmålet – i FN. UNESCO arbeider kontinuerleg med målet og arrangerte Global Education Meeting saman med Noreg, Ghana og Storbritannia i oktober med utdanning etter covid-19-pandemien som tema.

UNESCO arbeider aktivt og systematisk med implementeringa av global konvensjon for godkjenning av kvalifikasjonar innanfor høgare utdanning, som Noreg var den første staten til å ratifisere. Dette er det første globale normative dokumentet innanfor høgare utdanning frå UNESCO nokon gong.

Den mellomstatlege havforskingskommisjonen (IOC) har arbeidd med å førebu FNs tiår for havforsking og har lagt fram ein gjennomføringsplan for tiåret. IOC har vidare gitt viktig kunnskap om samanhengen mellom tilstanden til hava og klimaendringar og kva havet har å seie for dei andre berekraftsmåla. Noreg er medlem av Verdsarvkomiteen og ei aktiv og tydeleg stemme for å verne om og fremje verdas kultur- og naturarv. Noreg følger opp UNESCOs arbeid og mandat for presse- og ytringsfridom. Saman med dei andre nordiske landa arbeider Noreg kontinuerleg med å gjere UNESCO meir effektivt og resultatorientert og med å få innført eit meir kjønnsnøytralt språk og meir straumlinjeforma vedtaksstrukturar i organisasjonen.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 22,6 mill. kroner til medlemskontingenten i UNESCO i 2022.

Post 76 UNESCO-formål

Løyvinga på posten går til tilskotsordninga til UNESCO-formål, som blir forvalta av Den norske UNESCO-kommisjonen. UNESCO-kommisjonen er eit rådgivande organ for norske myndigheiter og fungerer som eit bindeledd mellom myndigheitene og fagmiljø på ansvarsområda til UNESCO. Drifta av UNESCO-kommisjonen blir finansiert over kap. 200, post 21.

Mål for 2022

Tilskotsordninga skal styrke arbeidet og ansvarsområda til UNESCO, gjere UNESCO meir kjend i Noreg og understøtte dei vedtekne satsingsområda til Den norske UNESCO-kommisjonen.

Resultat i 2020

23 ulike prosjekt fekk støtte frå tilskotsordninga. Prosjekta låg innanfor satsingsområda til Den norske UNESCO-kommisjonen: presse- og ytringsfridom, berekraftig utvikling, immateriell kulturarv, verdsarv og dokumentarv, og demokratiutvikling. Prosjekta er spreidde ut i Noreg, og ordninga har dermed medverka til å gjere ansvarsområda til UNESCO meir kjende i fleire delar av landet. Ein del av løyvinga gjekk i 2020 til å sikre vidare støtte til UNESCOs skulenettverk, Associated School Program Network (ASPnet). ASPnet er eit globalt nettverk av meir enn 11 500 utdanningsinstitusjonar i 180 land som arbeider for å fremje verdiane og måla til UNESCO, mellom anna delmål 4.7 i Agenda 2030 om utdanning for å fremje berekraftig utvikling. I 2020 var det 38 medlemsskular i Noreg. FN-sambandet er nasjonal koordinator for ASPnet i Noreg.

Budsjettforslag for 2022

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 4,4 mill. kroner på posten i 2022. Dette inkluderer ei særskild løyving på 700 000 kroner til UNESCOs skulenettverk ASPnet.

Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

13 351

14 582

17 441

Sum kap. 3288

13 351

14 582

17 441

Løyvinga på post 04 gjeld refusjon av utgifter til UNESCO-kontingenten, som etter statistikkdirektiva til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp.

Kap. 289 Vitskaplege prisar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

51

Holbergprisen

17 341

17 341

17 492

71

Abelprisen

16 288

16 288

17 011

72

Kavliprisen

11 340

11 340

11 635

Sum kap. 289

44 969

44 969

46 138

Dei internasjonale forskingsprisane til regjeringa blir delte ut for å anerkjenne framifrå vitskapleg arbeid og auke merksemda kring forsking i samfunnet.

Post 51 Holbergprisen

Mål for 2022

Formålet med Holbergprisen er å verdsetje banebrytande forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Prisen skal skape merksemd i samfunnet om fagfelta og føre til interesse for dei blant barn og unge.

Resultat i 2020

I 2020 fekk professor Griselda Pollock, University of Leeds, Holbergprisen for banebrytande forsking innanfor feministisk kunsthistorie og kulturstudium. Holbergprisen blir delt ut årleg av Universitetet i Bergen. Prisen er på 6 mill. kroner. I samband med Holbergprisen blir òg Nils Klim-prisen delt ut. Nils Klim-prisen er ein pris til framifrå yngre nordiske forskarar innanfor dei same fagfelta som Holbergprisen omfattar. I 2020 gjekk prisen til teologen Frederik Poulsen, Københavns universitet, for framifrå forsking på Det gamle testamentet. Prisen er på 500 000 kroner. På grunn av covid-19-pandemien er prisutdelinga for Holberg- og Nils Klim-prisen 2020 flytta til 2021.

I tillegg til å dekke prisbeløpet til vinnarane blir løyvinga nytta til ulike arrangement i samband med priskomitéarbeidet og prisutdelinga og til aktivitetar som skal auke interessa for fagfelta blant barn og unge og i samfunnet elles. Holbergprisen i skulen er ein nasjonal forskarkonkurranse for elevar i vidaregåande skule innanfor humanistiske og samfunnsvitskapelege fag. Kvart år deltek 20 skular med mellom 700–1000 elevar frå heile landet. I 2020 var det Helene Randem Lunde frå Vestby vidaregåande skule som vann Holbergprisen i skulen.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 17,5 mill. kroner på posten.

Post 71 Abelprisen

Mål for 2022

Formålet med Abelprisen er å verdsetje banebrytande forsking innanfor matematikk. Prisen skal skape merksemd i samfunnet og føre til interesse for matematikk blant barn og unge.

Resultat i 2020

I 2020 blei Abelprisen delt ut til Gregory Margulis, Yale University, og Hillel Furstenberg, Hebrew University of Jerusalem, for banebrytande bruk av metodar frå sannsynsteori og dynamikk på gruppeteori, talteori og kombinatorikk. På grunn av covid-19-pandemien blei prisutdelinga for 2020 flytta til 2021. Abelprisen blir delt ut årleg av Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA). Løyvinga dekker prisbeløpet, som blei auka til 7,5 mill. kroner i 2020, og fleire arrangement i samband med prisutdelinga og priskomitéarbeidet. Gjennom Abelprisen finansierer DNVA ei rekke tiltak som skal stimulere interessa for matematikk blant barn og unge. I 2020 nådde dei ei brei målgruppe frå grunnskule til vidaregåande skule og lærarar, gjennom støtte til mellom anna frivillige studentorganisasjonar og ulike formidlingsprosjekt. I tillegg støttar DNVA Abelkonkurransen for elevar i vidaregåande skule, Unge Abel lagkonkurranse for ungdomstrinnet, og Holmboeprisen, som årleg blir delt ut til éin eller fleire matematikklærarar.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 17,0 mill. kroner på posten.

Post 72 Kavliprisen

Mål for 2022

Formålet med Kavliprisen er å anerkjenne banebrytande forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Prisen skal skape merksemd i samfunnet om fagfelta og føre til internasjonalt samarbeid mellom forskarar.

Resultat i 2020

Kavliprisen er eit samarbeid mellom Det Norske Videnskaps-Akademi, The Kavli Foundation og Kunnskapsdepartementet. Kavliprisen blir delt ut annakvart år for framifrå vitskapleg arbeid innanfor fagfelta astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap.

I 2020 gjekk prisen for astrofysikk til Andrew Fabian, Storbritannia, for forsking og iherdig arbeid for å løyse mysteriet med korleis svarte hòl påverkar dei omkringliggande galaksane. Prisen for nanovitskap gjekk til Harald Rose og Knut Urban frå Tyskland, Maximilian Haider frå Austerrike og Ondrej Krivanek frå Storbritannia og Tsjekkia for utviklinga av betre linser i elektronmikroskop. Prisen for nevrovitskap gjekk til David Julius og Ardem Patapoutian, USA, for deira uavhengige oppdagingar av sansereseptorar for høvesvis temperatur og trykk.

Det blei gjennomført fleire digitale internasjonale arrangement i 2020 for å auke merksemda om prisen og stimulere til internasjonalt samarbeid, mellom anna i samarbeid med Europakommisjonen og Det europeiske forskingsrådet. På grunn av covid-19-pandemien er prisutdelingsseremonien for 2020 flytta til 2022.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 11,6 mill. kroner på posten.

Programkategori 07.80 Utdanningsstøtte

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

2410

Statens lånekasse for utdanning

47 847 063

46 800 282

50 783 047

8,5

Sum kategori 07.80

47 847 063

46 800 282

50 783 047

8,5

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

5310

Statens lånekasse for utdanning

18 435 674

18 458 621

20 191 769

9,4

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

4 600 541

2 509 820

4 795 109

91,1

Sum kategori 07.80

23 036 215

20 968 441

24 986 878

19,2

Innleiing

Utdanningsstøtteordninga er ei velferdsordning som skal medverke til at alle har eit godt grunnlag for livsopphald under utdanninga, uavhengig av kvar dei bur, alder, kjønn, funksjonsevne og sosiale og økonomiske tilhøve. Utdanningsstøtta skal òg legge til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat. Slik får samfunnet og arbeidslivet tilgang på kompetanse.

Departementet har sett følgande overordna mål for programkategori 07.80 Utdanningsstøtte:

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

  • Fleire er i arbeid og deltek i samfunnslivet.

Hovudprioriteringar for 2022

Med Utdanningsløftet 2020 har regjeringa auka kapasiteten i utdanningssystemet, både i vidaregåande opplæring, i høgare yrkesfagleg utdanning og i høgare utdanning, jf. omtale under del I, kap. 1. Regjeringa har gradvis innført ein ekstra månad med utdanningsstøtte til heiltidsstudentar ved universitet, høgskular og fagskular. I samsvar med planen blei ordninga fullført våren 2020, og studentane kan no få elleve månader med utdanningsstøtte. Regjeringa har òg gjennomført fleire endringar i utdanningsstøtteordningane som vil gi større fleksibilitet og betre vilkår for vaksne. Regjeringa vil halde fram arbeidet med å gjere ordningane meir fleksible og betre tilpassa vaksne som ønsker å ta utdanning. Tiltaka gir auka utgifter til lån og stipend gjennom Lånekassen.

Utdanningsstøtteordningane er eit viktig verkemiddel for å nå måla i kompetansereforma, jf. Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet. Regjeringa vil i 2022 halde fram arbeidet med å gjere Lånekassen betre tilpassa vaksne. Departementet foreslår å løyve 20 mill. kroner til å starte arbeidet med ein ny teknisk modul i Lånekassen, slik at systemet er betre tilpassa vaksne som treng økonomisk støtte for å ta korte utdanningstilbod.

Med Fullføringsreforma i vidaregåande opplæring vil fleire vaksne kunne fullføre vidaregåande, jf. omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. For at Lånekassen framleis skal vere ei relevant finansieringskjelde for vaksne i vidaregåande opplæring, må ordningane i Lånekassen endrast. Tiltaket har ein utviklingskostnad på 5,5 mill. kroner i 2022.

Mange studentar vel å dra på utveksling til engelskspråklege land, jf. Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning. Regjeringa vil innføre eit stipend til dei som studerer i einskilde prioriterte samarbeidsland innanfor høgare utdanning og forsking, mellom anna for at fleire skal reise til ikkje-engelskspråklege land. Regjeringa vil også frå 2023 endre praksisen ved valutajustering av det maksimale skulepengebeløpet i Lånekassen, slik at studentar som får utbetalt maksimalt beløp til skulepengar, ikkje får utbetalt mindre som følge av ei styrkt krone. Endringane i utdanningsstøtteordningane blir finansierte ved å redusere talet på utanlandske institusjonar som gir rett til utvida stipend til skulepengar.

Mål: Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet, og fleire er i arbeid og deltek i samfunnslivet

Utviklingstrekk og utfordringar

Lånekassen er ei velfungerande verksemd

Lånekassen har gjennom fleire år arbeidd for å utvikle enkle og brukarvennlege tenester for alle. Hovuddelen av søknadene om lån og stipend blir behandla maskinelt, noko som mellom anna skal sikre at kundane får lån og stipend til rett tid. Covid-19-pandemien har vist at Lånekassen er ei velfungerande verksemd som har handtert ekstraordinære tiltak for studentar og tilbakebetalarar på ein god måte. Talet på søknader om lån og stipend og om betalingslette var om lag på same nivå i 2018 og 2019, men auka med 18 pst. i 2020. Auken kjem som følge av søknader om tilleggslån og at fleire søkte om å få utsett tilbakebetaling av lån.

Høg grad av maskinell behandling gjer Lånekassen avhengig av velfungerande IT-system. Nye og endra utdanningsstøtteordningar fører med seg krav til endringar i IT-systema. Lånekassen er ei røynd IT-verksemd som handterer slike utfordringar.

Lånekassen er ei viktig finansieringskjelde til livsopphald

Utdanningsstøtta er ei viktig inntektskjelde for norske studentar, og for dei yngre studentane lettar tilbodet om lån og stipend overgangen til ein meir sjølvstendig kvardag. Utdanningsstøtteordningane fungerer godt for dei fleste elevar og studentar, og Noreg har i internasjonal samanheng svært gode ordningar for støtte til studiar både i Noreg og utanfor landet. I takt med auken i talet på studentar på universitet, høgskular og fagskular har det blitt fleire som får lån og stipend til utdanning. Fleirtalet av studentane og elevane nyttar utdanningsstøtteordningane gjennom Lånekassen. I studieåret 2020–21 fekk 68 pst. av studentane i høgare utdanning lån og stipend, jf. tabell 4.31.

Regjeringa ønsker å legge til rette for at studentane skal kunne gjennomføre studia på normert tid. Då er mellom anna nivået på utdanningsstøtta viktig. Studentane har fått auka kjøpekraft dei siste åra. I tillegg til årleg prisjustering vart basislånet frå 2014 til 2016 auka utover prisvekst, og frå 2017 til 2020 blei perioden med lån og stipend gradvis utvida til elleve månader. Det var om lag 227 800 studentar som fekk tildelt basislån våren 2020, og 77 pst. av dei fekk basislån også til den utvida støtteperioden (11 månader). Satsinga på å auke utdanningsstøtta sidan 2014 har gitt studentane auka kjøpekraft på 15 200 kroner i året.

Kundane i Lånekassen har meir gjeld no enn tidlegare. Gjennomsnittleg gjeld blant låntakarane var i 2020 på om lag 215 000 kroner. Gjelda har sidan 2015 auka nominelt mellom 3 og 3,5 pst. kvart år, men auka med 4,6 pst. frå 2019 til 2020. Utover prisvekst er det truleg at endringa kjem av mellom anna opptrapping til elleve månadar med utdanningsstøtte og høgare låneramme til skulepengar for studentar i utlandet. Endringa frå 2019 til 2020 kan til dels kome av tiltak i samband med covid-19-pandemien, til dømes tilbod om tilleggslån og ekstra utsetjing av tilbakebetaling av lån. Lånekassen har også over tid innført nye ordningar som har gitt auka fleksibilitet i utdanningsstøttesystemet, slik at systemet no kan handtere fleire behov. Mellom anna er det gunstigare vilkår for lån til deltidsutdanning, for personar over 30 år og studentar eller elevar med barn. Samtidig vil studentar som ikkje kjem raskt i arbeid etter fullført utdanning, ha høgare gjeldsbyrde enn tidlegare, og dei vil bruke lengre tid på å betale tilbake lånet.

I 2020 la regjeringa frem Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning. Meldinga viser til at det er dei engelsktalande landa Australia, USA og Storbritannia studentane føretrekker å dra på utveksling til, og landa har dei siste ti åra vore dei mest populære reisemåla. Innanfor høgare utdanning og forsking har Noreg prioritert samarbeid med utvalde land, og fleire av desse landa er ikkje-engelskspråklege. Språkkompetanse utover engelsk er viktig for norsk samfunns- og næringsliv. Betre finansiering frå Lånekassen kan auke mobiliteten til prioriterte samarbeidsland.

Mange studentar arbeider ved sida av studia

I Noreg er det vanleg at studentar har betalt arbeid ved sida av studia. Utdanningsstøtteordningane er innretta slik at dei kan kombinerast med noko arbeid i tillegg til heiltidsstudium. I Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) frå 2021 opplyser 81 pst. av studentane at dei har hatt inntektsgivande arbeid det siste året. I undersøkinga frå 2018 var denne delen 86 pst. Nokre fleire kvinner enn menn har hatt inntektsgivande arbeid, og det er flest studentar mellom 21 og 28 år som har hatt inntektsgivande arbeid. Det er berre små regionale forskjellar. Blant norske studentar i utlandet er det 74 pst. av studentane som har hatt inntektsgivande arbeid det siste året.

Ifølge Studiebarometeret til NOKUT frå 2020 er talet på timar studentane i heiltidsprogram bruker på betalt arbeid per veke, uendra frå 2019 til 2020. Snittet har vore relativt stabilt på om lag åtte timar over fleire år. Covid-19-pandemien har i stor grad påverka arbeidsmarknaden i 2020 og 2021. Etter 12. mars 2020 seier 20 pst. av studentane at dei har brukt meir tid på betalt arbeid, medan 39 pst. seier dei har brukt mindre tid på betalt arbeid. Dette kan forklare kvifor snittet har halde seg stabilt også i 2020.

Finansiering av utdanning kan vere vanskeleg for vaksne

Regjeringa vil at fleire skal få høve til å ta utdanning, uavhengig av kvar dei bur, og kva slags livssituasjon dei er i, jf. Strategi for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskoler, høyskoler og universiteter. Behovet for å ta vidareutdanning og for å kombinere og veksle mellom arbeid og utdanning vil bli større framover. Covid-19-pandemien har vist at det er viktig at dei som er i jobb, skal kunne ta tilleggsutdanning for å kunne stå i jobb. Tap av inntekt i ein opplæringsperiode, og eventuelt høge studieavgifter, kan føre til at fleire ikkje har råd til å vidareutdanne eller omskolere seg. Det kan òg vere vanskeleg å kombinere utdanning med utgifter som vaksne gjerne har, jf. Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet og Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Prosentdelen studentar som ofte ikkje klarer løpande utgifter, aukar òg med alderen, ifølge Studentenes helse- og trivselsundersøkelse frå 2021.

Utdanningsstøtteordningane i Lånekassen er eit sentralt verkemiddel for dekning av livsopphald for dei som ønsker å kombinere arbeid med utdanning. Utdanningsstøtteordningar som er tilpassa alle, er ein føresetnad for at alle skal kunne ta i bruk dei ulike utdanningstilboda. For grupper som blir permitterte, og som treng påfyll av utdanning, har det ikkje vore lagt til rette for å kombinere dagpengar og utdanning. Covid-19-pandemien har tydeleggjort at dette er eit hinder for omstilling.

Regjeringa vurderte i Meld. St. 16 (2020–2021) Utdanning for omstilling – Økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanning at utdanningsstøtta ikkje fungerer godt som erstatning for arbeidsinntekt over ein kortare periode. Ordningane i Lånekassen har i lita grad vore tilpassa behova til sysselsette med bustadlån og forsørgaransvar som tek utdanning. Slik ordningane er lagde opp i dag, kan ein mellom anna ikkje få lån og stipend til kortare utdanningar.

Når einskilde tilbod i vidaregåande opplæring er spesielt tilrettelagde for mottakarar av ytingar frå Nav, har ikkje deltakarane rett til lån og stipend frå Lånekassen, sjølv om utdanninga elles fyller krava til godkjenning for utdanningsstøtte. I nokre av desse programma, slik som prosjektet Menn i helse, går deltakarane i programmet i ein periode utan livsopphaldsytingar. Manglande tilgang til utdanningsfinansiering i desse periodane kan føre til at deltakarane ikkje fullfører opplæringa.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å møte covid-19-pandemien

Utdanningsstøtteordningane har vore eit viktig verkemiddel i samband med den økonomiske krisa som følge av covid-19-pandemien. I 2021 la regjeringa fram fleire krisepakkar med mellombelse tiltak for studentar, jf. omtale i del III, kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren og på integreringsfeltet.

Meir fleksible utdanningsstøtteordningar

Regjeringa har gjennomført fleire endringar i utdanningsstøtteordningane som vil gi meir fleksibilitet og betre vilkår for vaksne som har behov og motivasjon for å ta meir utdanning. Mellom anna er tidsramma for lån og stipend endra slik at utdanningsstøtta kan takast ut fleksibelt over lengre tid enn åtte år om ein studerer på deltid.

Høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning skal bli meir tilgjengeleg ved at ein tilbyr fleire korte og moduliserte utdanningar som er tilpassa behova både til den einskilde og til arbeidslivet. Når utdanningstilboda skal bli meir fleksible, må utdanningsstøtteordningane følge denne utviklinga. Kunnskapsdepartementet vil derfor endre utdanningsstøtteordningane slik at kortare utdanningsløp kan gi rett til lån frå studieåret 2023–24. Innan den tid må Lånekassen endre saksbehandlingssystemet slik at utdanningsstøtta til slik utdanning kan takast ut uavhengig av når, kor lenge og kvar studenten har tenkt å studere. Departementet foreslår derfor å løyve midlar til IT-utvikling i Lånekassen i 2022.

Regjeringa satsar på utdanning for at arbeidsledige og permitterte kan auke kompetansen. I Prop. 170 L (2020–2021) la regjeringa fram forslag om å endre regelverket for dagpengar i kombinasjon med utdanning. Særleg vil høvet til å ta grunnskule, vidaregåande opplæring og fagskule samtidig som ein mottek dagpengar, bli betre. For utdanning ved høgskular og universitet vil det framleis vere nokre avgrensingar, til dømes alder, studieprogresjon, varigheit og kravet om å vere reell arbeidssøkar. Endringa gir arbeidsledige betre og meir føreseielege moglegheiter for finansiering av utdanning. Eit av grunnprinsippa for forslaget er at dagpengar og utdanningsstøtte kan kombinerast utan restriksjonar, basert på at stipendet frå Lånekassen blir behovsprøvd. For at den samla finansieringa av livsopphald frå det offentlege til høgare utdanning skal vere på eit rimeleg nivå, foreslår Kunnskapsdepartementet ei lågare beløpsgrense for behovsprøving av stipend for studentar i høgare utdanning som får både dagpengar og utdanningsstøtte frå 1. januar 2022.

Frå hausten 2021 er utdanningsstøtteordningane endra slik at deltakarar i program som Menn i helse får rett til lån og stipend i periodane utan livsopphaldsytingar frå Nav. Fordi dagpengar og utdanningsstøtte skal kunne kombinerast utan restriksjonar, basert på at stipendet frå Lånekassen blir behovsprøvd, foreslår departementet at også anna utdanning spesielt tilrettelagt for brukarar av Nav kan gi rett til lån og stipend frå hausten 2024. Endringa gjeld vidaregåande opplæring for vaksne.

Regjeringa har varsla at ho vil utvide retten til vidaregåande opplæring slik at alle har rett til opplæring fram til studie- eller yrkeskompetanse, jf. Innst. 585 S (2020–2021) og Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Endringane i retten til vidaregåande opplæring gjer at ein bør endre avgrensinga mellom stipendbasert utdanningsstøtteordning for unge og den lånebaserte utdanningsstøtta for vaksne. Den stipendbaserte ordninga for unge i vidaregåande opplæring er allereie i dag dårleg eigna for vaksne utan fullført vidaregåande opplæring, fordi dei som er under 25 år og har ungdomsrett, får vurdert søknad om lån og stipend opp mot inntekta til foreldra. Regelverket for utdanningsstøtte er basert på den lovfesta retten ungdom har i dag til vidaregåande opplæring, og bør endrast for at endringar i retten ikkje skal gi urimelege og utilsikta utslag for vaksne. Med ein eventuell fullføringsrett for alle vaksne kan ungdomsretten og skiljet på 25 år forsvinne. Dersom ikkje regelverket for utdanningsstøtteordningane samtidig blir endra, risikerer til dømes 30-åringar utan fullført vidaregåande opplæring å få vurdert søknad om lån og stipend opp mot inntekta til foreldra. Kunnskapsdepartementet tek derfor sikte på å endre utdanningsstøtteordninga frå og med studieåret 2023–24 slik at vaksne over 21 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, får tilgang til den lånebaserte ordninga. For at endringane skal kunne gjennomførast, må Lånekassen tilpasse saksbehandlingssystema. Departementet foreslår å løyve midlar til utvikling i Lånekassen i 2022.

Kunnskapsdepartementet har gjennom Kompetanseprogrammet gitt Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i oppdrag å prøve ut ei stipendordning for fagarbeidarar som tek vidareutdanning. Ordninga blir administrert av Lånekassen. Det vil bli gjennomført eit forsøk med ordninga i 2021–22, og sjølve utprøvinga av fagarbeidarstipendet blir gjennomført studieåret 2022–23. Målet med utprøvinga er å få kunnskap om korleis økonomiske insentiv påverkar deltaking i vidareutdanning for fagarbeidarar, og om vidareutdanninga har noko å seie for tilknytinga til arbeidsmarknaden.

Studentar med nedsett funksjonsevne og som ikkje kan jobbe ved sidan av studiane, kan få eit tilleggstipend i Lånekassen. For å ha rett til stipendet må ein studere, men ikkje vere i stand til å jobbe ved sidan av studium, fordi det i stor grad vil gå ut over studieprogresjonen. Studentane kan ikkje ha lønna arbeid så lenge dei får tilleggsstipendet. Regjeringa har i 2021 endra praksisen i Lånekassen slik at studentar som har eit verv kan få stipendet, uavhengig av omfanget av vervet og om søkaren får honorar for vervet. Studentar som har ulønna arbeid kan òg få stipendet.

Stipend til utdanning i einskilde prioriterte samarbeidsland

Regjeringa vil endre Lånekassens utdanningsstøtteordningar for studentar i utlandet. Målet er at ordningane skal gi sterkare insentiv til å ta utvekslingsopphald eller heilgradsutdanning i Noregs prioriterte samarbeidsland på utdanningsfeltet, jf. Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning. Dei som utveksler i inntil ti månader i einskilde prioriterte samarbeidsland innanfor høgare utdanning og forsking (Brasil, India, Kina, Russland, Sør-Afrika, Japan og Sør-Korea), vil frå studieåret 2022–23 få eit stipend på 2 500 kroner i månaden. Departementet vil på eit seinare tidspunkt vurdere om same stipend skal gjelde for norske studentar i andre prioriterte land, slik som Tyskland og Frankrike, og om ordninga også skal gjelde studentar som tek ei heil grad i dei aktuelle landa.

Regjeringa vil frå studieåret 2023–24 endre praksisen ved valutajustering av det maksimale skulepengebeløpet i Lånekassen i dei tilfella der den norske krona styrker seg mot andre valutaer. Endringa vil sikre at studentar som betaler eit høgare skulepengebeløp enn det maksimale beløpet som Lånekassen kan gi i lån og stipend til skulepengar, får utbetalt det maksimale beløpet.

Endringane i utdanningsstøtteordningane for studentar i utlandet blir finansierte ved å redusere talet på utanlandske institusjonar som gir rett til utvida stipend til skulepengar, tidlegare omtalt som tilleggsstipend. Dette vil særleg påverke studium i Australia, Storbritannia og USA. Studentar som er i gang med ei utdanning som gir rett til utvida stipend, vil behalde dagens utdanningsstøtte sjølv om institusjonen ikkje lenger gir rett til utvida stipend for nye studentar.

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

431 394

399 680

407 272

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

12 000

28 162

50

Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

7 981 047

7 815 409

8 345 502

70

Utdanningsstipend, overslagsløyving

3 659 381

3 669 245

3 743 822

71

Andre stipend, overslagsløyving

512 761

578 232

660 491

72

Rentestøtte, overslagsløyving

1 203 501

602 555

1 346 422

73

Avskrivingar, overslagsløyving

868 022

956 359

885 537

74

Tap på utlån

534 487

415 500

415 500

90

Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

32 656 470

32 351 302

34 950 339

Sum kap. 2410

47 847 063

46 800 282

50 783 047

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

Lånekassen er eit statleg forvaltningsorgan som tilbyr lån og stipend til utdanning i Noreg og utlandet. Løyvingane under kap. 2410, post 01 finansierer ordinære driftsoppgåver i verksemda. Løyvingane under post 45 finansierer større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, til dømes særskild IT-utvikling i Lånekassen.

Mål for 2022

Kunnskapsdepartementet har sett følgande mål for Lånekassen:

  • Like moglegheiter til utdanning gjennom finansiering av kompetansebehova til den einskilde og samfunnet

  • Ein enklare kvardag for alle i utdanning og alle med utdanningslån

Resultat i 2020

Lånekassen hadde 1 158 500 kundar i 2020 og fekk 1 013 500 søknader om utdanningsstøtte, betalingsutsetjing, sletting av renter og sletting av lån. Til saman blei det delt ut nær 36 mrd. kroner i stipend og lån, og låneporteføljen var 209 mrd. kroner ved utgangen av 2020. Talet på kundar med betalingsproblem heldt fram med å minke i 2020, og talet på kundar med oppsagde lån er redusert med om lag 2 700 samanlikna med 2019. Nedgangen er større enn tidlegare år, og det er færre som mislegheld utdanningslånet sitt. Dette kan kome av at mange kundar har nytta seg av ekstra betalingsutsetjingar som tiltak i samband med covid-19-pandemien.

Våren 2020 utvikla og iverksette Lånekassen ekstraordinære tiltak for dei som blei råka av covid-19-pandemien. Tiltaka gjaldt for både elevar, studentar og dei som betaler tilbake på lånet sitt. Samtidig administrerte Lånekassen dei ordinære ordningane for eit nytt studieår, lanserte nye nettsider og overførte alle IT-systema til offentleg sky. Bruk av sky skal bidra til betre tryggleik, tilgang til nye tenester, betre utviklingsprosessar og betre høve til å skalere systema etter behov, til dømes i samband med høgsesongen for søknader om utdanningsstøtte. Det har òg vore mange kundar som har kontakta Lånekassen, og det har lagt press på saksbehandlinga under pandemien. Lånekassen har på ein god måte handtert tiltak som følge av covid-19-pandemien og ordinær drift, men det har i 2020 vore noko lengre saksbehandlingstid og svartid til kundane enn det Kunnskapsdepartementet har sett som krav.

Lånekassen har òg medverka til å utvikle utdanningsstøtteordningane gjennom utgreiingar og innspel til Kunnskapsdepartementet. Lånekassen leverte i 2020 forslag til nye ordningar for finansiering av kortare utdanningar for vaksne.

Budsjettforslag for 2022

Departementet foreslår å løyve 407,3 mill. kroner på post 01 og 28,2 mill. kroner på post 45.

I 2021 er det løyvd 0,4 mill. kroner på post 01 til å dekke utgifter til IKT for utfasinga av stipend til privatistar som tek opp fag i vidaregåande opplæring som dei allereie har bestått, og redusert stipenddel til reiser utanfor Norden. Desse midlane er trekte ut av løyvinga for 2022. I tillegg foreslår departementet å redusere løyvinga med 2,3 mill. kroner for eittårige midlar til IT-utvikling i samband med overgang til ei studiepoengbasert tidsramme for lån og stipend.

Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 0,9 mill. kroner for å dekke utgiftene til nødvendig IT-utvikling knytt til endringar som det er gjort nærare greie for under kap. 2410, post 50–90, kap. 5310 og kap. 5617.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med 0,2 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien.

I 2021 er det løyvd 12 mill. kroner på post 45 til utvikling av saksbehandlingssystemet i Lånekassen for at det skal bli meir tilpassa fleksible ordningar for vaksne. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 9,6 mill. kroner for å utfase eittårige midlar.

Departementet foreslår å løyve 20 mill. kroner på post 45 til å starte arbeidet med ein ny teknisk modul i Lånekassen, slik at systemet er betre tilpassa vaksne som treng økonomisk støtte for å ta korte utdanningstilbod. Kostnadsramma for den nye modulen er estimert til 48,8 mill. kroner fordelt over 2022 og 2023. Utviklinga i IT-systema er omfattande og krev større endringar i Lånekassen. Forvaltningskostnadene til drift av dagens tekniske løysningar er anslått til å auke om utviklingstiltaket ikkje blir gjennomført. I tillegg er Lånekassens IT-system ikkje utforma for å handtere endringar i utdanningsstruktur/-tilbod som går på tvers av dagens tradisjonelle utdanningar. Dette prosjektet, saman med fornying av IT-systema, vil bidra til å redusere framtidige forvaltningskostnader og gi betre tenester for fleire målgrupper.

Departementet foreslår å løyve 5,5 mill. kroner på post 45 til å tilpasse utdanningsstøtteordningane til utvida rett til vidaregåande opplæring. Tiltaket krev justering og utvikling av saksbehandlingssystemet til Lånekassen.

Kap. 2410, post 50–90, kap. 5310 og kap. 5617

Løyvingane på desse kapitla og postane dekker dei ulike delane av utdanningsstøtteordningane til Lånekassen. Endringar i ordningane gjennom Lånekassen har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Budsjettet for utdanningsstøtte blir derfor omtala samla. I tillegg blir dei einskilde postane omtala kvar for seg.

Mål for 2022

Departementet har sett følgande mål for programkategori 07.80 Utdanningsstøtte:

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

  • Fleire er i arbeid og deltek i samfunnslivet.

Resultat i 2020

Med 1 158 500 kundar i 2020 hadde Lånekassen 2 pst. fleire kundar enn i 2019. Av desse held 63 pst. på å betale tilbake lånet, medan 37 pst. var mottakarar av lån og stipend.

Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var for undervisningsåret 2020–21 på 37,1 mrd. kroner. Av dette blei 4,4 mrd. kroner betalte ut som stipend, sjå fordelinga på dei ulike stipendformene i tabell 4.30. Resten blei betalt ut som lån.

I kalenderåret 2020 blei 4,2 mrd. kroner betalte ut som stipend. I tillegg blei 7 mrd. kroner gjorde om frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla stipendutgiftene i 2020 blei dermed 11,2 mrd. kroner.

I tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i hovudtala for mottakarar av lån og stipend og tilbakebetalarar i Lånekassen.

Tabell 4.30 Hovudtal for tildeling til elevar i vidaregåande opplæring med ungdomsrett

2017–18

2018–19

2019–20

2020–21

Tal på elevar/lærlingar i vidaregåande opplæring1

239 630

241 955

241 810

243 041

Tal på elevar/lærlingar med ungdomsrett

213 493

213 193

213 770

216 486

Tal på mottakarar av lån og stipend med ungdomsrett

163 410

164 293

163 551

163 595

Sum stipend (i mill. kroner)

1 970

2 082

2 136

2 105

Gjennomsnittsstipend (i kroner)

12 084

12 701

13 095

12 895

Sum lån (i mill. kroner)

148

156

178

232

Gjennomsnittslån (i kroner)

24 442

25 823

26 245

33 1522

1 Talet er henta frå SSB og syner alle elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring.

2 Auka gjennomsnittslån kjem i hovudsak av tilleggslån for våren 2021 og innføringa av tilleggslån for elevar som forsørger barn.

Tabell 4.31 Hovudtal for tildeling til høgare utdanning m.m.

2017–18

2018–19

2019–20

2020–21

Talet på studentar i høgare utdanning1

289 958

291 528

294 561

305 879

Talet på mottakarar av lån og stipend i høgare utdanning

197 838

198 291

199 493

206 488

Talet på andre mottakarar av lån og stipend2

47 043

51 739

55 317