Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

6 Tollfridom for informasjonsteknologivarer

Informasjonsteknologiavtalen (ITA) er ei plurilateral avtale i WTO, inngått i 1996, jf. St.prp. nr. 62 (1996–97). ITA forpliktar partane til å avvikle toll på IT-varer. Ei plurilateral avtale skil seg frå ei multilateral avtale ved at ikkje alle WTO sine medlemmer er partar i avtalen. 82 av dei 164 medlemmene i WTO er part i ITA.

Den teknologiske utviklinga sidan 1996 har skapt eit behov for å oppdatere vareomfanget til avtalen. I 2012 innleidde om lag 50 av partane i den opphavlege avtalen forhandlingar om å modernisere og utvide vareomfanget. Forhandlingane blei ferdigstilte under ministerkonferansen til WTO i Nairobi i desember 2015, der 53 WTO-medlemmer blei samde om ei fråsegn. I ettertid har fleire av dei andre medlemmene i WTO signalisert at dei ønskjer å slutte seg til fråsegna.

Partane i ITA har forplikta seg til å setje i verk tollnedsetjingar på det utvida vareomfanget så snart det er gjennomført nasjonale prosedyrar. Revisjonen gjer at 201 typar IT-varer vil få tollfridom, og vil gjelde varer innanfor eit breitt spekter av den norske tolltariffen. Den nasjonale gjennomføringa blir gjord ved å endre norske bindingslister.

Utvidinga av avtalen omfattar varer som allereie er tollfrie ved import til Noreg. Derfor vil ikkje gjennomføringa av forpliktingane i fråsegna få noko å seie for tollbelastninga for dei nemnde varene ved import til Noreg, og vil heller ikkje ha provenyverknader. For å oppfylle forpliktingane i tråd med fråsegna har Utanriksdepartementet innleidd prosedyren for å endre norske bindingslister. Dette er gjort med atterhald om samtykke frå Stortinget. Etter å ha innhenta samtykke frå Stortinget vil Utanriksdepartementet gi dei andre partane og WTO-sekretariatet melding om at dei nemnde varene blir bundne som tollfrie frå 1. juli 2016.

Departementet viser til forslag til ny regel i § 6 i tollvedtaket for budsjettåret 2016.

Til forsida