Referat andre møte gruppe A læreutdanning

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet

Møtereferat januar 2003

Arbeidsgruppe A: Lærerutdanning

Tilstede fra Norge: Frode Hauge

Første møtet var prega av at 13 nye deltakarar kom inn i diskusjonen. Mange av premissane som var avklart på første møtet (der Noreg ikkje deltok) vart gjenstand for nye drøftingar. Også medlemslanda var tydeleg "ubekveme" med sine eigne vurderingar frå første møtet. Altså - møte to vart mykje brukt til å drøfte oppgåva til gruppa og samsnakke om metode. Det var veldig vanskeleg å få ein felles forståing av "lærarane sin viktige kompetanse framover" - korleis organisere kompetanseområda, kva kompetanse som ikkje er behov for å ta fram (kvifor ikkje), kva som bør vere med, kor detaljer det bør omtalast.

Søkjarlanda var ivrige i debatten og enkelte av dei prega til ein viss grad møtet.

Gruppa opplevde det også som svært uklart kva som ligg i "good policy practice". Heimeleksa til møte i England 7.-9. februar var å finne eksempel på "good practice".

Eg har prøvd å halde meg til bestillinga til kommisjonen og var kortfatta (tok opp bonusskole, SINTEFs arbeidstidsundersøking, IKT i lærarutdanninga). Det er svært forskjellig kor omfattande og detaljert dei ulike landa har svart og korleis det er svart i forhold til malen som er gitt frå kommisjonen. (Kommisjonen har ein ekstern fagperson som samanfattar alle svara). Eg ser at det blir relativt vanskeleg for kommisjonen å samanfatte svara - og eg oppfattar at ein del av landa må seiast å ha ei heller "brei" tolking av good practice.

Vi har tre møte til i gruppa: 7-9 februar, 2-3 april, 25-26 juni