Rundskriv R-03/98

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

Til alle departementa
og Statsministerens kontor

Rundskriv R-3/98

Vår ref. (Må gjevast opp)

Dato

98/5578

C GA/ISa

10.06.1998

TILLEGG TIL HOVUDBUDSJETTSKRIV FOR 1999
RETNINGSLINJER FOR ARBEIDET MED FORSLAG TIL RAMMEFORDELING, FAGPROPOSISJON OG GUL BOK

Hovudbudsjettskrivet for 1999 - Rundskriv R-2/98 (datert 20.3.1998) - inneheld generelle retningslinjer for arbeidet med forslaget til budsjett for 1999. I dette rundskrivet gir Finansdepartementet rettleiing for det vidare arbeidet etter budsjettkonferansen i regjeringa 3. og 4. juni. Der det er gjort større endringar frå i fjor, er det markert med ein strek i margen.

Budsjettskrivet har dette innhaldet:

1. Aktuell budsjettkalender

2. Rammefordelingsforslaget

3. Gul bok 1999

4. Fagproposisjonane - tekniske direktiv

5. Krav til innhaldet i fagproposisjonane

6. Særskild om tilskottsløyvingar

7. Budsjettforslag som har verknad for kommunar og fylkeskommunar

8. Anslag over behov for tilleggsløyvingar 2. halvår for 1998-budsjettet

9. Teieplikt og unntak frå offentleggjering

1. BUDSJETTKALENDER FOR 1999-BUDSJETTET

10. juni: Frist for å sende inn organisatoriske stillingsforslag
25. juni: Frist for å sende inn bidrag om samiske saker til KRD.
31. juli: Forslag til rammefordeling skal sendast Finansdepartementet
31. juli: Utkast til "romartalsvedtak" skal sendast Finansdepartementet
31. aug/1. sept: Regjeringa si endelege vurdering av budsjettforslaget med fordeling av profilavsettinga
1. september: Førsteutkast til fagproposisjon skal leverast Finansdepartementet
7. september: Tekst til Gul bok skal leverast Finansdepartementet
14. september: Manuskript til fagproposisjon må leverast til trykking
18. september: Fagproposisjonane går i statsråd
25. september: Gul bok går i statsråd
5. oktober Budsjettet vert lagt fram for Stortinget

2. RAMMEFORDELINGSFORSLAGET

2.1 Retningslinjer for utarbeiding av rammefordelingsforslagetS

Vi viser generelt til Hovudbudsjettskrivet, rundskriv R-2/98 pkt 4.

Dei prinsippa som ligg til grunn for retningslinjene for å utarbeide rammefordelingsforslaget for 1999 er ikkje endra frå i fjor. Punktvis kan retningslinjene oppsummerast slik:

1. Departementa skal utarbeide forslag til rammefordeling i samsvar med dei føresetnader og innanfor dei utgiftsrammer som regjeringa har vedteke, og sende det til Finansdepartementet innan 31. juli. Forslaget skal ha fordeling på kapittel og post. Post 1 og 24 skal også ha fordeling på underposter. Sjå nærmere omtale under pkt 2.3.2.

2. Ein kan ikkje kome med forslag som inneber auka budsjettramme.

3. Som tillegg til den fastsette budsjettramma kan eit departement likevel innarbeide forslag til utgifter mot tilsvarande meirinntekter. Dette gjeld berre dei inntektstypar som går inn under meirinntektsfullmakta (sjå rundskriv R-19/93 kap 6 som er teke inn som del II i Veiledning i statlig budsjettarbeid).

4. Rammetal er fastsett for programområde. Som hovudregel kan det i forslaget til rammefordeling prioriterast fritt innanfor programområdet, med unntak som nemnd under pkt. 5, 6 og 7. Eit departement som har fleire programområde har høve til å omdisponere mellom desse. Den delen av ei ramme som ikkje kan disponerast fritt vil bli "stjernemerka" av Finansdepartementet.

5. Det skal budsjetterast realistisk, sjå § 4 i 1øyvingsreglementet. Det er ein generell føresetnad at det ikkje kan omdisponerast frå regelstyrte og lovbundne løyvingar dersom dette ikkje blir kopla med reelle regelendringar. Dersom ein no kjem til at utgiftene i 1999 blir lågare enn tidlegare rekna med, kan mindreutgiften ikkje nyttast til nye tiltak eller utviding av reglar, men må haldast udisponert.

6. Når det gjeld tilskott til kommunesektoren kan ein ikkje flytte midlar frå rammetilskott til øyremerka tilskott, utan at dette er godkjent av Finansdepartementet og Kommunaldepartementet som reelle funksjonsendringar.

7. Det er viktig at kvart departement gjer prioriteringar som bygger opp om dei satsingsområda regjeringa har fastsett, og at rammefordelinga får ei utforming som heile regjeringa kan stille seg bak. Ved fordeling av profilpotten vil det òg bli lagt vekt på at departementa følgjer opp regjeringa sine hovudprioriteringar innanfor eigne rammer. Eit departement kan foreslå å erstatte tiltak som er godkjent ført til profilbehandling med andre tiltak av same omfang. Regjeringa vil avgjere slike saker i septemberkonferansen.

8. Forslaget til rammefordeling skal vere kortfatta og poengtert slik at hovudprioriteringane kjem klart fram. Arbeidet bør leggjast opp slik at det går inn som ein del av det generelle arbeidet med fagproposisjonen. Hovudvekta skal leggjast på å gjere greie for og grunngi større reelle endringar samanlikna med vedtatt budsjett 1998.

Ein må:

- få klart fram korleis rammefordelinga samsvarer med dei sentrale politiske satsingsområda,
- få fram dei økonomiske og administrative konsekvensane av nye tiltak, og kva nytteverknaden vil bli,
- gjere greie for om tiltaket vil kunne medføre binding på statsbudsjettet,
- gi ei vurdering av dei regelstyrte løyvingane.

9. Finansdepartementet vil særleg vurdere:

- den samfunnsøkonomiske lønsemda av nye tiltak som er tekne med innanfor budsjettramma, og at slike forslag ikkje medfører auka løyvingar etter 1999,
- om løyvingar som gjeld regelstyrte ordningar er budsjettert realistisk,
- den allmenne realismen i budsjetteringa.

Finansdepartementet vil til budsjettkonferansen 1. september gi ei samla framstilling av dei hovudlinjene som kjem fram i forslaga til rammefordeling frå departementa med særleg vekt på korleis dei sjølve har prioritert satsingsområde det er søkt om profileringsmidlar til. Framstillinga vil òg få fram korleis den samla profilen blir i forslaget til statsbudsjett. På denne bakgrunnen vil regjeringa gjere endeleg vedtak om fordeling av profilpotten.

2.2 Eventuell justering av dei fastsette rammene

Dei rammene regjeringa har fastsett er endelege. Det einaste som kan kome i tillegg, utover justeringar av utgifter og inntekter som er knytte saman med meirinntektsfullmakt (sjå pkt. 3 foran), er:

- eventuelle tildelingar frå profilpotten, medrekna eventuelle startløyvingar til nye bygg,
- påplussing som konsekvens av lønnsoppgjeret pr 1.5.98 for statstenestemenn og trygdeoppgjøret. Finansdepartementet vil innarbeide konsekvensane av dette i rammene for kvart departement i materialet til regjeringskonferansen i september.
- eventuelle rammeoverføringar mellom departement. Føresetnaden for startløyving til nye bygg er som i fjor at departementet har underteikna leigeavtale med Statsbygg for alle prosjekt som går inn under ordninga med husleigebetaling. Vidare har regjeringa vedteke at kostnadsramma skulle vere godkjent innan 1.5.98 for alle bygg som skal vurderast mot profilpotten for 1999.

2.3 Den praktiske utforminga av forslaget til rammefordeling

Vi ber om at ein i innleinga til rammefordelingsforslaget tek inn følgjande tabellar:

A. Oversyn over departementets utgifter fordelt på programområde og programkategori med 4 kolonner:
1) Rekneskap 1997
2) Vedtatt budsjett 1998
3) Budsjettet si stilling 1998
4) Departementet sitt forslag for 1999

B. Oversyn over departementets inntekter fordelt påprogramområde og programkategori med 4 kolonner:
1) Rekneskap 1997
2) Vedtatt budsjett 1998
3) Budsjettet si stilling 1998
4) Departementet sitt forslag for 1999.

1998-budsjettet si stilling inkluderar tilleggsløyvingar første halvår 1998, jf at ein i pkt 8 ber særskilt om anslag for tilleggsløyvingar i 2. halvår 1998.

I tillegg til det som står under pkt. 4.2 i Hovudbudsjettskrivet gjeld dette:

2.3.1 Antall eksemplar

Forslag til rammefordeling skal sendast til Finansdepartementet innan 31. juli 1998 i 20 eksemplar.

2.3.2 Fordeling på kapittel og post - bruk av edb-diskett

Fordeling av budsjettramma for 1999 på kapittel og post må leggjast ved som separat vedlegg (i 20 eksemplar). Papirutskrifta må ha utførleg nemning på alle kapittel og postar og eventuelle stikkord, slik som i forslaget til vedtak.

I tillegg til papirutskrift, må tala leverast på edb-diskett slik at dei automatisk kan leggjast inn i Finansdepartementet sin database. På disketten skal ein leggje inn data på følgjande format:

budsjettår, budsjettrunde, fagdep.nr, programområdenr, programkategorinr, kapittelnr, postnr, undergruppenr, beløp

Til dømes:

1999

8

16

23

10

1600

21

0

21400

1999

8

16

23

10

1632

60

0

365000

1999

8

16

23

10

1651

90

0

3261700

1999

8

16

23

10

1660

88

0

1800000

1999

8

16

23

10

1661

92

0

23790000

Som det går fram av eksempelet ovanfor er rammefordelingsforslaget gitt budsjettrunde nr 8. Denne nummereringa har ein innført for å gjere det sikrare å lese inn data i Finansavdelinga sin budsjettdatabase. For andre budsjettrunder kor det er aktuelt å levere data på diskett, vil Finansdepartementet kvar gong oppgi kva for rundenummer ein skal bruke. Kvart felt skal være åtskilt med ein tabulator, og ein må fylle ut alle felt. Alle beløp skal ein som vanleg oppgi i 1000 kroner.

Hovudregelen er at løyvingane berre skal førast opp under kvar post, ikkje på underpost, jf at det i taleksempelet ovanfor står null i feltet for underpost. Løyvingane til forvaltningsbedriftene under post 24 Driftsresultat skal ein oppgi på underpostnummer.

Frå og med 1998-budsjettet slo ein saman postane 01 og 11 og postane 45 og 46. Av omsyn til behovet for informasjon til regjeringa i budsjettarbeidet, vil det framleis vere nødvendig å halde utgifter til løn og godtgjerdsle åtskilt frå utgifter til varer og tenester i det regjeringsinterne arbeidet (m a av omsyn til prisomrekning og utrekning av konsekvensane av lønsoppgjer). Ved rapportering av driftsutgifter, må post 1 difor delast i 2 undergrupper, 1 Løn og godtgjerdsler og 2 Kjøp av varer og tenester. Dette betyr at Finansdepartementet i budsjettdatabasen som blir nytta i arbeidet med statsbudsjettet slår saman underpostane 11-19 til undergruppe 01 og underpostane 21-29 til undergruppe 02. Ein kan finne meir informasjon i rundskriv R-19/97 som omtaler endringane i kontoplanen for postar og underpostar.

Som det framgår av avsnittet over, blir altså framgangsmåten for fagdepartementa den same som for innsending av rammefordelingsforslaget for 1998-budsjettet og den same som for innsending av konsekvensjusteringa for 1999 (sjå rundskriv R-21/97).

Dataene skal vere på standard DOS-formatert 3 1/2" diskett. Filnamnet skal vere RFF99fag.txt ("RFF" tyder rammefordelingsforslag, og "fag" skal ein bytte ut med forkortinga for det aktuelle departement). Filen skal vere lagra som rein tekstfil og må vere tabulatorseparert.

Spørsmål om innlevering av data på diskett kan ein rette til Ann Kariin Holand (44307).

2.3.3 Om realistisk budsjettering

Under arbeidet med utrekning av beløp under kapittel og post må ein følgje dei krava som blir stilte til budsjettering i staten, og som det er mint om i Hovudbudsjettskrivet pkt 6. Der er m a nemnt prinsippet om realistisk budsjettering, bruttoprinsippet og særlege reglar for statens forretningsdrift.

Finansdepartementet vil særleg minne om det som står under pkt 6.4 i Hovudbudsjettskrivet om at også løyvingar med stikkordet "kan overførast" må budsjetterast realistisk, dvs ikkje med større summar enn det som ein trur blir utbetalt i terminen. Riksrevisjonen har overfor fleire departement kritisert store overføringar av ubrukte løyvingar. Vi ber alle departement vurdere storleiken på løyvingar med stikkordet "kan overførast" på bakgrunn av kva som faktisk vart overført frå 1997 til 1998. (Sjå pkt 4.2 nedanfor om oversynstabell for slike løyvingar).

Dei departement som har store overføringar frå 1997 til 1998, må legge vekt på at løyvingsforslaget for 1999 bør vise betre samsvar med antatt løyvingsbehov.

2.4 Sektorovergripande miljøvernpolitikk

Innan 31. juli 1998 skal departementa sende Miljøverndepartementet ei utgreiing om miljøprofilen i budsjettforslaget i 3 eksemplar. Punkt 4.4 i Hovudbudsjettskrivet inneheld ei oversikt over hvilke punkt ein skal leggje vekt på. Så langt det er praktisk mogleg, skal ein dele inn utgifter til reine miljøverntiltak (kategori I, jf Hovudbudsjettskrivet for 1999) innanfor Miljøverndepartementets 8 resultatområde.

2.5 Fullmakt til å tinge utstyr, til å gi tilsegn om statstilskott og om statsgaranti

Forslag om fullmakt til å tinge utstyr, til å gi tilsegn om statstilskott og om statsgaranti, og alle andre forslag som krev romartalsvedtak, må ein ta opp med Finansdepartementet samstundes med rammefordelingsforslaget, innan 31. juli. I tråd med opplegget for dei siste åra skal ein ta med forslag om slike vedtak både i Gul Bok og fagproposisjonane. Dersom ein ikkje ber om høve til å ta opp nye forpliktingar i 1999, skal ein ikkje be om stortingsvedtak berre for å markere kva som ligg føre av forpliktingar frå tidlegare. Ein viser her til særskilt rundskriv R-5/95.

Det materialet som er kome inn om garantiordningar i justeringsmaterialet vil bli gjennomgått med kvart einskild departement.

2.6 Statsbankane og SIVA

Regjeringa vedtok på Halvorsbølekonferansen lånerammer for dei enkelte statsbankane. Finansdepartementet ber om at fagdepartementa i samsvar med desse rammene kjem med innspel om statsbankanes lånetransaksjonar saman med rammefordelingsforslaget innan 29.07.98. Innspelet skal innehalde oppdaterte anslag på dei aktuelle budsjettkapitla for lån, avdrag, renter, tap og låne- og garantiprovisjonar i 1999. I tillegg ber ein om å få oppgitt forventa tap på utlån der dette ikkje samsvarar med forslag til bevilling til tapsfond.

Spesielt for Lånekassen for utdanning og Husbanken Som grunnlag for makroøkonomiske rekningar i departementet ber ein i tillegg om å få oppgitt følgjande for Husbanken og Lånekassen for åra 1999-2002:

· Gjennomsnittleg uteståande lån det enkelte år

· Forventa renteinntekter for banken det enkelte år

Finansdepartementet vil i brev til fagdepartementa koma attende med kva for renteføresetnader som skal ligge til grunn for anslaga.

3. GUL BOK 1999

3.1 Eventuelle endringar i høve til rammefordelingsforslaget

Alle kapittel- og postbeløp for 1999, slik dei er førte opp i forslaget til rammefordeling, blir lagde inn i databasen i Finansdepartementet. Dersom regjeringa eller Finansdepartementet godkjenner endringar i beløp på enkelte postar etter 31. juli 1998, skal fagdepartementet snarast råd stadfeste desse endringane på særskilt ark med dette mønsteret:

Kap

Post
Nemning
Statsbudsjettet
1999 ± endring

Programkode

Alle endringar i nemninga på kapittel og postar må sendast inn på særskilt ark med dette mønsteret:

Kap.

Post
Nemning
(berre den nye nemninga)

Programkode

3.2 Forslag til vedtak

Finansdepartementet vil sende alle departementa utskrift av dataregistret for 1999 etter regjeringskonferansen 1. september. Denne utskrifta må kvart fagdepartement kontrollere innan den fristen som blir sett. Det er fagdepartementet sitt ansvar å sjå etter at utskrifta stemmer med den fordelinga som er godkjend på kapittel og post, og at systematikken, nemningar og stikkord er rette, slik at utskrifta kan nyttast som manuskript til "Forslag til vedtak" i Gul bok.

Systematikken er som i fjor:

- kapitla grupperast på vanleg måte,
- kapittel, post og stikkord skal ha nemning på bokmål,
- alle beløp skal førast opp fullt ut (i heile kroner),
- beløpa skal førast opp i 3 talkolonner, med summering for programkategori og programområde. På inntektssida summerer ein berre "Departementenes inntekter" (kap. 3011 - 4799),
- postar/kapittel utan forslag om løyving for 1999 blir ikkje førte opp

Utgifts- og inntektskapittel som heng saman skal som tidlegare ha tilvising til kvarandre i parentes "(jf kap...... )".

Stikkorda "omlagløyving/overslagsbevilgning", "kan overførast/kan overføres" og "kan nyttast under/kan nyttes under" må takast med etter nemninga på posten, både i Gul bok og i forslag til vedtak i fagproposisjonen. Stikkorda kan berre nyttast etter godkjenning frå Finansdepartementet, og ein må i god tid ta opp spørsmål om å knytte stikkord til nye postar.

Dersom datautskrifta kan nyttast som manuskript utan endringar, ber vi om at ho blir returnert med påteikning om dette. Eventuelle rettingar må ein føre på utskrifta samtidig med melding som nemnt under pkt. 3.1. Ein må ikkje føre på endringar som ikkje er godkjende på førehand av Finansdepartementet.

Forslag til romartalsvedtak skal takast med som for 1998. Utforminga av vedtak må følgje mønsteret fra Gul Bok for 1998.

3.3 Retningslinjer for utforming av departementsomtalene i Gul bok

For å få ein meir einsarta presentasjon av departementa sine utgifter i Gul bok, vart det frå Finansdepartementet si side utarbeidd nærmare retningslinjer for utforminga av desse omtalane i fjor, jf nedanfor. Departementsomtalane i Gul Bok for 1999 skal være utforma på same måte som omtalane i Gul Bok for 1998. Utkast til slik omtale skal framleis bli utarbeidd av det einskilde departement og oversendast til Finansdepartementet.

Departementsomtalane skal bestå av to hovuddelar; ein innleiande tabell med oversyn over sjølve løyvingsforslaget, og ein tekstleg omtale av prioriteringane i budsjettet under det einskilde departement.

Oversynstabell
Tabellen skal gi eit oversyn over budsjettforslaget på programkategori-nivå, med kolonner for det vedteke budsjett for inneverande termin (Vedtatt budsjett 1998), løyvingsforslag for komande termin (St prp nr 1 for 1999), samt prosentvis endring frå inneverande til komande termin.

For departement som har fleire programområde, skal ein summere kvart programområde for seg, og dei samla løyvingane på departementet sine område skal ein summere til slutt. For departement som har 90-postar (lånetransaksjonar), skal ein skilje desse ut under kvart programområde.

Dersom det er gjort større tekniske omleggingar eller liknande som medfører store endringar i løyvingstala under eit departement, bør ein gi ein kort omtale av desse etter tabellen.

Omtale av profilen i budsjettforslaget Tekstomtalen skal som nemnt ovanfor rettast inn mot prioriteringane i budsjettet. Dette inneber at ein skal fokusere på endringar i forhold til inneverande års budsjett under dei ulike områda. Omtalen skal såleis omfatte større omprioriteringar mellom område, vridingar av ressursbruken innanfor kvart område, samt auke og/eller reduksjonar på departementets budsjett. Finansdepartementet presiserer at dette ikkje inneber at ein skal fokusere på endringar på dei ulike trinna i regjeringas budsjettprosess, men på samla endringar i forhold til vedtatt budsjett.

I tillegg til ein omtale av prioriteringane slik som omtalt ovanfor, skal ein omtale store budsjettområde kor det ikkje foreslås større endringar særskild. I den grad det er føremålstenleg, bør omtalen omfatte virkningsforklaringar på aggregert nivå, dvs kva for effektar ein ventar å oppnå med dei foreslåtte løyvingane.

Lengda på departementsomtalane Departementsomtalane skal få like stor plass som i Gul Bok for 1998. Ein legg følgjende til grunn som øvre grense for omtalen si lengde, eksklusive tabellen, under det einskilde departement:

Departement Sider i Gul bok

SHD

3 sider

KRD

1 1/2 side

SD, KUF, FIN, FD, BFD

3/4 side

Dei andre departementa

1/2 side

Frist for innsending etc
Frist for innsending av utkast til departementsomtale er 7. september. Utkast bes levert både på papirutskrift og på 3,5" diskettar. Teksten på diskettane skal helst vere i Microsoft Word 6.0. Tabellane må ein sette opp ved hjelp av tabellfunksjonen i Word.

4. FAGPROPOSISJONANE - TEKNISKE DIREKTIV

Fagproposisjonane skal utformast etter same mønster som dei siste åra, inkl dei endringane det er gjort greie for i Rundskriv R-5/95 om nyordning om romartalsvedtak. Ein viser òg til dei reviderte retningslinjene frå Statsministerens kontor ("Om statsråd", pkt. 2.4.4 Utforming av vedtak). Ein refererer her dei viktigaste punkta når det gjeld utforminga av fagproposisjonane:

4.1 Forslag til vedtak

Forslag til vedtak om løyvingar i fagproposisjonane må være likelydande med det manuskriptet som er godkjend til forslag til vedtak i Gul bok, sjå pkt 3.2. Det gjeld både kronetal, stikkord, og nemning på kapittel og post, med det unntak at i ein fagproposisjon som er skriven på nynorsk må også nemningar og stikkord vere på nynorsk.

Forslag til vedtak skal innleiast med "I Løyvingar". Løyvingane skal fordelast på utgifter og inntekter gruppert kvar for seg. Sjå retningslinjer Om statsråd, side 49 og 50, frå Statsministerens kontor.

Forslag til vedtak om stillingar kom tidlegare inn under romartal II. Etter at Stortinget fra 1998-budsjettet vedtok å oppheve stillingssystemet, er dette ikkje med i forslag til vedtak. Behandlinga av organisatoriske stillingar i 1999-budsjettet er elles omtalt nedanfor under pkt 5.8.

Som romartal II og følgjande, kjem forslag som Finansdepartementet har samtykt i om fullmakt til å bestille utstyr, til å gi tilsegn om statstilskott, om statsgaranti og eventuelle andre romartalsvedtak. Desse må formulerast i samsvar med det som blir ført opp i Gul Bok.

4.2 Tabeller i innleiinga

Som tidlegare skal det i innleiinga vere minst 4 standardtabeller:

1. Utgifter spesifiserte på programkategori og utgiftskapittel, med tal for 1997, 1998 (sjå pkt. 4.4) og 1999, og utrekning av prosentvis endring frå 1998 til 1999.

2. Tilsvarande tabell for inntekter.

3. Tabell med oppgåve over alle postar utanom postgruppe 30 - 49 der ein foreslår bruk av stikkordet "kan overførast". Sjå pkt. 6.4 i Hovudbudsjettskrivet. I tabellen må ein føre opp forslaget til løyving og kor store beløp som er overført pr 1.1.1998 for kvar av dei aktuelle postane. Dessutan må ein gi ei kort grunngjeving for kvifor ein vil nytte stikkordet.

4.3 Kapittelrekkjefølgje

I teksten skal ein omtale kapittel i nummerrekkjefølgje på utgiftskapittel innanfor kvar programkategori. Også statens forretningsdrift og statsbankane skal omtalast under den programkategorien der dei høyrer heime. Inntektskapittel som heng saman med eit utgiftskapittel, skal omtalast rett etter dette utgiftskapitlet.

4.4 Rekneskapstal for 1997 og løyving for 1998

I postoppstillinga under kvart kapittel skal det førast opp 3 kolonner, med rekneskapstal for 1997 og løyving 1998 ved sida av forslaget for 1999. Som løyving for 1998 skal ein nytte tala i Vedtatt budsjett. Dersom det er vedteke store endringar i høve til Vedtatt budsjett, må ein nemne det i kommentarane.

Oppføring av tal for rekneskap 1997 og løyving 1998 gjeld òg inntektskapittel. Sjølv om ein budsjetterer med 0 (null) i inntekt for 1998 (kombinert med meirinntektsfullmakt) er det viktig å ta med alle inntektspostar i posttabellen, slik at ein får fram rekneskapstal. Dersom det er oppretta inntektskapittel først i 1998, slik at det ikkje ligg føre verken rekneskapstal eller løyving for 1998, bør inntektskapitlet likevel nemnast kort i kommentarane.

4.5 Tabellar for underpostar

Som tidlegare skal ein ikkje ta inn underpostoppstilling under driftspostane. Som det går fram av punkt 2.3.2 i dette rundskrivet har Finansdepartementet utarbeidd ein standardisert kontoplan med underpostar og underunderpostar. Denne nye kontoplanen skal ein nytte i løyvingsrekneskapen.

For andre postar må departementet i kvart tilfelle vurdere om ein skal gi spesifikasjon på underpostar for å gi den informasjon som er nødvendig for at prioriteringar i Stortinget skal kome til uttrykk, sjå Innst S. nr. 176 (1990-91), side 6.

Når det blir sett opp tabell med spesifikasjon på underpostar, skal også rekneskapstal for 1997 spesifiserast på underpostar.

4.6 Førsteutkast til fagproposisjon

Vi viser til pkt 4.5 i Hovudbudsjettskrivet. For å halde ein god kontakt på administrativt plan mellom fagdepartement og Finansdepartementet ber vi om å få utkast til fagproposisjon innan 1. september 1998. Det er ikkje nødvendig at teksten er komplett, men ein bør gjere merksam på kva for avsnitt som manglar. Viktige tillegg eller endringar i teksten kan ein sende inn når dei er utarbeidde.

4.7 Trykking

Budsjettproposisjonen skal ha nemninga "St prp nr 1 (1998-99) for budsjetterminen 1999". Under dette skriv ein namnet på departementet.

Departementet må levere endeleg manuskript til sin fagproposisjon til Statens forvaltningsteneste, Seksjon statens trykking, innan 14. september 1998.

4.8 Framlegg i statsråd

Fagproposisjonane må leggjast fram i statsråd 18. september 1998.

5. KRAV TIL INNHALDET I FAGPROPOSISJONEN

5.1 Generelt

Finansdepartementet minner om at Statsministeren i rundskriv av 15. februar 1960 m a har gitt desse retningslinjene for utforming av teksten i fagproposisjonane:

"Man må ta sikte på at fagproposisjonene skal inneholde de opplysninger som antas å være av vesentlig betydning for vurderingen av hovedpunktene i budsjettforslagene.
..........
Ved utformingen av fagproposisjonene må man ha for øyet at de budsjettforslag som fremmes er Regjeringens budsjettforslag. Kommentarene i fagproposisjonene må bare gi begrunnelse for de forslag som blir tatt med i det endelige budsjettforslag.
..........
Man bør i fagproposisjonene unngå uforholdsmessig lange sitater av fagetaters budsjettforslag og begrunnelse. Man bør også avholde seg fra å sitere uttalelser fra tjenestemenn som er ansatt i departementet, herunder slike direktorater og fagstyrer som må stilles på linje med en departementsavdeling i denne forbindelse. Ingen statstjenestemann, enten han er departementsmann eller sjef for et frittstående direktorat, har noe krav på at det i budsjettproposisjonen blir redegjort for hans forslag eller at hans uttalelser blir referert med mindre det måtte foreligge særskilt hjemmel for det.

Fagetaters eller embetsmenns rent skjønnsmessige vurderinger bør, hva enten de faller sammen med den vurdering som proposisjonen bygger på eller avviker fra denne, bare refereres dersom uttalelsen representerer en spesiell sakkyndighet som det er behov for, men som departementet selv ikke er i besittelse av."

I samsvar med desse retningslinjene må eit departement ikkje omtale planar som kan ha budsjettkonsekvensar eller andre økonomiske og administrative konsekvensar, utan at planen heilt ut er godkjend av regjeringa. Kvart fagdepartement har det fulle ansvaret for at dette pålegget blir følgd. Dersom eit departement er i tvil om eit forslag går ut over tidlegare vedtak, må ein ta dette opp med Finansdepartementet som særskild sak. Det kan ikkje reknast som forespørsel om godkjenning dersom ein utan merknad tar inn slik omtale i førsteutkastet til proposisjon.

5.2 Resultatstyring og - rapportering

Ein viser til kapittel 5 i Hovudbudsjettskrivet om dei krav som er sette i økonomireglementet for staten med funksjonelle krav.

For statlege verksemder må ein i fagproposisjonen framleis betre omtalen for å få fram kva ein ønskjer å oppnå med løyvinga under kvart kapittel/kvar programkategori. Ein del av dagens omtale er på eit detaljnivå og av ein karakter som høyrer heime i det einskilde fagdepartementet si styring av underliggjande verksemder. Denne omtalen bør ein ta ut av fagproposisjonen. I fagproposisjonen bør ein i staden på meir overordna nivå omtale formålet med løyvingane og kva som faktisk er oppnådd/planleggjast oppnådd.

5.3 Innleiing i fagproposisjonen

Innleiinga må gi eit samla oversyn over budsjettforslaget. Innleiinga må difor formulerast slik at ho kan tene som grunnlag for den generelle delen av stortingskomiteen si innstilling. Mål og hovudoppgåver for departementet får ei kort omtale. Det som her blir sagt om resultatstyring må få god samanheng med omtalen under kvar programkategori, utan at det blir for mykje gjentaking.

Innleiinga skal m a ha ei kort omtale av miljøprofilen, jf pkt 2.4 foran.

5.4 Utgreiing om heilårsverknad

For nye tiltak som ikkje blir sette i verk frå 1. januar 1999 er det viktig at Stortinget får informasjon om kva heilårsverknaden på statsbudsjettet blir frå 2000 eller seinare. Dette gjeld både nye tiltak som krev auka løyving og innstrammingstiltak.

5.5 Standardisert presentasjon av garantiar

Vi minner om dei utførlege retningslinjene i Rundskriv R-5/95 om Nyordning om romartalsvedtak for korleis ein skal presentere staten sitt garantiansvar i fagproposisjonane og kap 14 i dei funksjonelle krav i tilknytning til økonomireglementet.

Som nemnd foran under pkt. 2.5, har Finansdepartementet motteke materiale knytt til garantiar for 1999 i samband med justeringskonferansen. Dei einskilde forslaga vil bli drøfta med kvart departement.

5.6 Opplysning om kapitalbalanse i statens forretningsdrift og om renter i byggetida

Frå og med 1993 er det fastsett at ein skal gi opplysningar om dette i budsjettproposisjonen. Sjå pkt 6.5.3 og 6.5.4 i Hovudbudsjettskrivet.

5.7 Organisatoriske stillingar

Frist for å levere inn forslag om nye organisatoriske stillingar var 10. juni, jf Hovudbudsjettskrivets pkt 7. Finansdepartementet mottar bemmaningsoversyn til bruk som vedlegg i Gul Bok direkte frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Fagdepartementa treng difor ikkje å levere eigne oversyn til Finansdepartementet om dette.

5.8 Nye prosedyrer for behandling av samiske saker

Regjeringa har etablert prosedyrar for handsaming av budsjettsaker som inneber ein sterkare samordning mellom departementa. Kommunal- og regionaldepartementet har det overordna samordningsansvar for regjeringas samepolitikk, mens det faglege ansvaret ligg i det einskilde fagdepartement. Kopi av saker frå fagdepartementa som i særleg grad berører den samiske befolkningen må sendast KRD. KRD vil utarbeide eit samla oversyn over desse sakene til septemberkonferansen. Fagdepartementa har ansvar for den faglege og budsjettmessige oppfølginga av samiske saker innanfor sitt politikkområde. Dette gjeld også for dei ordningane som Sametinget forvaltar. Endringa av budsjettprosedyrane gjeld alle samiske saker, og ikkje bare saker som berører Sametingets budsjett. Kommunal- og regionaldepartementets budsjettproposisjon skal gi ein samla framstilling av de foreslåtte løyvingene til samiske formål. Dei aktuelle departement utarbeider tekstbidrag. Frist for innlevering av bidrag frå departementa til Avdelinga for samiske spørsmål i Kommunal- og regionaldepartementet er satt til 25. juni 1998.

6. SÆRSKILT OM TILSKOTTSLØYVINGAR

6.1 Generellt om omtale av tilskuddsløyvingar

Finansdepartementet viser til økonomireglementet og dei funksjonelle krav om kva for omtale tilskottsløyvingar skal ha i budsjettproposisjonen, med målsetting, oppfølgingskriterium, kontrollmetodar og eventuelt reglar om korleis tilskottet blir rekna ut. Sjå særleg funksjonelle krav pkt 11-1, 12-1 og 13-1.

Forvaltninga av tilskottsløyvingane må følgje reglane i dei funksjonelle krav kap 11,12 og 13.

6.2 Opplysning om den samla finansieringa av private og halvoffentlege institusjonar

På budsjettet blir det ført opp ei rad øyremerkte løyvingar til namngjevne private og halvoffentlege institusjonar. Dei same institusjonane kan også få statsstøtte frå andre statlege løyvingar eller statlege fond. Riksrevisjonen og Finansdepartementet meiner at Stortinget må få opplysningar om den samla offentlege finansieringa av drifta for norske private og halvoffentlege institusjonar/organisasjonar.

Når det øyremerkte tilskottet er på minst 2 mill kroner skal det i fagproposisjonen takast inn opplysningar om:

- Siste års rekneskap for vedkommande institusjon.

- Korleis den ordinære drifta blir finansiert med eigne inntekter, tilskott over statsbudsjettet (med henvising til kapittel og post) og frå andre, t.d. frå statsfond. Det er ikkje nødvendig å ta med tidsavgrensa stønad til prosjekt o.l.

Når det blir ført opp administrasjonstilskott til private og halvoffentlege institusjonar må ein ikkje gi inntrykk av at personalet i slike institusjonar blir sett på som statstilsette.

6.3 Atterhald om tilbakebetaling av statstilskott til bygg og anlegg

Finansdepartementet har fastsett desse reglane om tilbakebetaling av statstilskott til bygg og anlegg som ikkje er kommunale eller fylkeskommunale:

- Når ein gir tilsegn om statstilskott til bygg og anlegg som ikkje er kommunale eller fylkeskommunale, skal ein til vanleg ta atterhald om at tilskottet kan krevjast betalt attende dersom bygget eller anlegget ikkje blir nytta etter føresetnadene.

- Det samme gjeld dersom bygget/anlegget ved sal, gave, arv, tvangsfullføring eller på annan måte blir overført til tredjemann.

- Ein må vurdere om tilbakebetalingskravet bør sikrast ved pant, eller om ein bør ta atterhald om rett til motrekning i andre investerings- eller driftstilskott som vedkommande tilskottsmottakar har krav på.

- Det kan setjast ein frist for å gjere gjeldande krav om tilbakebetaling.

7. BUDSJETTFORSLAG SOM HAR VERKNAD FOR KOMMUNAR OG FYLKESKOMMUNAR

Det er viktig at kommunar og fylkeskommunar får nok tid til å gjennomføre tiltak som følgjer av forslag i budsjettproposisjonen. Vi ber kvart departement om å melde slike budsjettforslag til kommunar/fylkeskommunar så snart budsjettproposisjonen er lagt fram for Stortinget.

Når det er nødvendig for utarbeiding av fylkesbudsjetta, kan opplysningar gis til fylkesmenn og fylkeskommunale styresmakter før St prp nr 1 er levert til Stortinget. Ein må i slike høve ta atterhald om at opplysningane er fortrulege.

8. OVERSLAG OVER BEHOV FOR TILLEGGSLØYVINGAR 2. HALVÅR FOR 1998-BUDSJETTET

I samanheng med at Finansdepartementet utarbeider Statsbudsjettet og Nasjonalbudsjettet for 1999, treng departementet førebels overslag over dei forslaga om tilleggsløyvingar for 1998 som fagdepartementa trur det vert nødvendig å leggja fram for Stortinget i haustsesjonen. Ein ber derfor kvart departement om å utarbeide overslag for sine område.

Først seinare i terminen kan ein ta endeleg stilling til kva for forslag ein skal leggje fram for Stortinget. Vi er derfor klar over at overslaga må bli nokså grove, og at dei seinare kan bli korrigerte. På denne bakgrunn ber vi om at ein gir spesifiserte overslag på forslag om tillegg og reduksjonar på minst 5 mill kroner.

Vi ber òg om at departementa sine samla overslag over auke og reduksjonar vert fordelt på postgrupper på følgjande måte:

Post 01, undergruppe 01

Lønn og godtgjersle

" 01, undergruppe 02 til og med post 24

Andre driftsutgifter

" 30-49

Bygg og anlegg mv

" 60-69

Overføringar til kommunar

" 50-59 og

" 70-89

Andre overføringar

" 90-99

Lånetransaksjonar

Overslaga må ein sende Finansavdelinga, Finansdepartementet i samband med rammefordelingsforslaget, innan 31. juli.

9. TEIEPLIKT OG UNNTAK FRÅ OFFENTLEGGJERING

Finansdepartementet minner om dei reglar som gjeld, og som er står i Retningslinjer frå Statsministerens kontor "Om statsråd" (B-0501) pkt. 6.4. Ein viser til desse retningslinjene.

Etter fullmakt

Ole K. Hovland

Pål Ulla