Historisk arkiv

Soga om Ursula den grøne og Tina skipsbyggjar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Av Ragnar Semundseth, energiråd ved Noreg sin delegasjon til EU.

Det var året 2020, og det var pest i verda. Folk held seg innomhus, og talde dagar til uåret var omme. Sjeldan har det vorte drukke så lite mjød i ølstovene i Brussel. Sendemennene måtte nøye seg med å skrive brev til kvarandre, og nokre reiste heim.

Men det fanst menn og kvinner som ikkje let seg stogge av pest. Ei av desse var Ursula. Ho hadde sett seg føre å gjere Europa grønt (i), og vart derfor kalla Ursula den grøne. I generasjonar hadde folk brent kvist og kol for å skaffe lys og varme i hus og heim (ii). Det hadde gjort himmelen grå og lufta tett. Kvifor ikkje bruke dette annus horribilis til å gjere noko med saka?

Ursula kalla til seg sine to beste vener, Kadri frå austerled og Frans tømrar. Kadri foreslo at dei kunne fange vinden (iii). Det hadde seglskipa gjort i mange generasjonar. Vind kunne òg brukast til kraft, meinte ho. I tillegg måtte dei byggje betre hus (iv) og gjere båla reinare (v). Det siste var naudsynt, sidan det ville vere umogleg å greie seg heilt utan bål i Europa. Frans smilte lurt i skjegget. Han hadde høyrd om eit magisk stoff, kalla hydrogen. Få hadde sett det, men det skulle vere betre enn gull. Kunne dei få fatt på hydrogen i store mengder, ville problema vere løyst (vi). Ursula tykte dette var ein djerv og god plan, og førebudde seg på å lesa den opp på alltinget (vii).

På alltinget møttes sendebod frå fjern og nær. Nokre rista på hovudet då planen vart lagt fram, men dei fleste lét seg overtyda. Med slike planar kunne dei nemleg slokke halvparten av alle båla, kor kvist og kol vart brent (viii). Då ville himmelen kunne bli blå att. Alle var vel forlikte då dei gjekk kvar til sitt.

Ei tid seinare kalla Ursula venene til seg, for å spørje korleis det gjekk. Kadri kunne fortelje at det ikkje var så lett å sette opp vindfangarar som dei hadde trudd. Kvifor ikkje, ville Ursula vite. Dette var jo framtida, og alle hadde vore så begeistra på alltinget. Kadri fortalde at sjølv om folk ville ha vindfangarar, var det ingen som ville ha dei i sin eigen landsby. Folk tykte dei bråka og skjemde utsynet. Ursula og venene bestemte seg då for å flytte vindfangarane til havs (ix). Der var det ingen iltre landsbybuarar, og berre ei handfull fiskarar å stri med.

Heller ikkje jakta på hydrogen var enkel. Når Europa skulle bli grønt, hadde dei trudd at hydrogenet òg måtte ha den fargen. Men det gjekk trått, sukka Frans. For å lage grønt hydrogen, trengde dei krafta frå vindfangarane. Og dei var ennå ikkje bygd. No skjønte Ursula og venene at dei ville trenge hydrogen i alle regnbogens fargar (x). Men dei innsåg ein ting til, nemleg at dei kunne ha god bruk for litt hjelp.

Dagen etter skulle det haldas gjestebod. Dei skulle få besøk av den namngjetne Tina skipsbyggjar. Ho kom frå eit vikingfolk som gjorde ting på sin eigen måte. Folket hennar hadde lenge hausta kraft frå fossar og svart gull frå havet. No gjekk det rykte om at dei hadde greidd å fange røyk frå bål. Det siste var ei utruleg nyvinning. Tina hadde vore så begeistra at ho kalla prosjektet opp etter det finaste ho eigde – nemleg langskipet sitt (xi). Det var difor ho hadde fått tilnamnet Tina skipsbyggjar.

Ursula og venene var nyfikne på dette, og spurde Tina om ho kunne fortelje. Og Tina var ikkje vanskeleg å be. Ho fortalde at dei gamle vikingkongane ofte vart gravlagd saman med dei stolte langskipa sine. Det var denne skikken dei bygde vidare på. Men no var det bålrøyken som skulle leggjast i grav, og det for evig tid.

Ursula vart varm om hjartet då ho høyrde dette, men samtidig litt vemodig. Eit slikt langskip kunne ho òg ha bruk for. Då kunne ho slokke enda fleire bål. Problemet var at ho ikkje hadde tilgang på like gode gravplassar som folket i nord. Men Tina visste råd. Ursula og venene kunne fange sin eigen bålrøyk, og frakte den nordover. Langs kystane i nord kunne dei lagra røykgass frå heile Europa i generasjonar framover, viss det var det som skulle til (xii).

Då lente både Frans og Kadri seg over bordet. Kanskje dei kunne få hjelp med hydrogen-jakta òg? Og visste nordmennene korleis ein bygde vindfangarar til havs? Då Tina svara ja på begge spørsmåla, var det duka for ei lang natt i Brussel.

Det nærma seg vintersolverv. Til vanleg brukte folk då å feire at eit nytt år var i anmarsj. Denne gongen var feiringa like mykje eit gravøl over det gamle – eit år få ville sakne. Men i mjødstovene i Brussel begynte rykta å svirre: 2020 hadde kanskje ikkje vore heit bortkasta likevel. Og etter sigande kunne neste år verte eit av dei beste i manns minne.

 

  1. Von der Leyen-kommisjonen tiltredde formelt 1. desember 2019. Ti dagar seinare la Kommisjonen fram ei av sine store hovudsaker, «European Green Deal».
  2. EU sin energimiks bestod i 2018 av 57 prosent olje og gass, 15 prosent kull, 13 prosent kjernekraft og 15 prosent fornybar energi. Andelane varierer betydeleg mellom dei ulike medlemslanda. EU ligg an til å nå målet om 20 prosent fornybar energi innan 2020 (rekna etter kriteria i fornybardirektivet).
  3. EU har eit mål om ein fornybarandel på 32 prosent innan 2030. Kommisjonen har indikert at fornybarmålet må aukas til mellom 38 og 40 prosent, for å avspegle eit forsterka klimamål på 55 prosent. For EU-landa vil sol- og vindenergi måtte stå for hovuddelen av auken.
  4. Kommisjonen har tatt initiativ til ein såkalla «renoveringsbølge», lansert 14. oktober. Målet er å modernisere 35 millionar bygg, og dermed redusere klimagassutslepp, skape jobbar og kutte energikostnader.
  5. EU ynskjer å få ned metanutslepp i energisektoren. 14. oktober la Kommisjonen fram ein metanstrategi, som også omhandlar landbruks- og avfallssektoren.
  6. EU sin hydrogenstrategi vart lagt fram i juli.
  7. Ursula von der Leyen held sin «State of the union»-tale for Europaparlamentet 16. september.
  8. Målet om eit forsterka klimamål for EU vart vedtatt av regjeringssjefane under Det europeiske råd 11. desember. EU har no auka sine klimaambisjonar frå 40 prosent til «minst 55 prosent» i 2030, samanlikna med 1990.
  9. EU sin strategi for offshore fornybar energi vart lagt fram 19. november.
  10. Ei god oversikt over ulike typar hydrogen finnest hos SINTEF.
  11. Her finn du alt du vil vete om Langskip-prosjektet.
  12. Oljedirektoratet har kartlagt potensialet for lagring av CO2 på norsk sokkel.