Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Kviterussland (28.02.08)

På vegner av Den europeiske unionen uttrykkjer formannskapet si medkjensle med den fengsla tidlegare kviterussiske presidentkandidaten Aliaksandr Kazulin og døtrene hans i høve dødsfallet til Irina Kazulina.

På vegner av Den europeiske unionen uttrykkjer formannskapet si medkjensle med den fengsla tidlegare kviterussiske presidentkandidaten Aliaksandr Kazulin og døtrene hans i høve dødsfallet til Irina Kazulina.

Den europeiske unionen merkjer seg at Kazulin har fått permisjon frå fengselet i tre dagar for å ta farvel med kona. Den europeiske unionen oppmodar på ny dei kompetente kviterussiske styresmaktene til å setje Kazulin fri for alltid utan vilkår.

Endeleg lauslating av alle politiske fangar ville av EU bli sett på som eit konkret steg i retning av å etterleve europeiske kjerneverdiar som demokrati, menneskerettar og rettsstatleg styre. Med ytterlegare steg i den lei frå kviterussisk side ville EU gradvis kunne ta opp att samkvemmet med Kviterussland.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.