Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen på Mindanao (15.09.08)

Noreg har slutta seg til ei erklæring frå EU der ein er sterkt uroa over situasjonen på den filippinske øya Mindanao.

Den europeiske unionen er djupt uroa over den eskalerande valden på Mindanao og det aukande talet på sivile offer og fordrivne personar. EU fordømmer særleg den vilkårlege drepinga av sivile og ber om at dei ansvarlege vert stilt for retten. Den europeiske unionen er òg redd for at sivile militsar kan verte trekte inn i valdshandlingane. Dette er særleg urovekkjande, fordi det kan utløyse sekterisk vald mellom folkegrupper.

Den europeiske unionen er fast overtydd om at konflikten på Mindanao berre kan løysast gjennom dialog, og oppmodar alle partar om å vise atterhald og oppriktig respekt for rettsstaten. Den europeiske unionen ber regjeringa på Filippinane og MILF, som begge har investert tungt i fredsprosessen, om å verte samde om å ta opp att forhandlingane snarast, for å finne ei varig løysing på konflikten.

Den europeiske unionen stadfester på nytt sin vilje til å vidareføre hjelpa til dei ulike folkegruppene på Mindanao, men understrekar samtidig at det kan verte problematisk å gjennomføre unionens utviklingsprosjekt dersom valden held fram.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina, Republikken Moldova,  Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.