Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Mauritania (13.08.08)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar:

Den europeiske unionen tek opp att si sterke fordømming av kuppet som fann stad i Mauritania 6. august 2008. EU meiner at unntakstilstanden som vart innført av dei militære leiarane som greip makta, og som vart stadfest i forordning av 11. august 2008, og særleg avsetjinga av republikkens president, saknar all legitimitet.

Den europeiske unionen åtvarar militærjuntaen om at det er alvorleg fare for at landet kan verte isolert på den internasjonale arenaen i lang tid framover.

EU rettar ei inntrengjande oppmoding til juntaen om å byggje opp att det institusjonelle rammeverket som eksisterte før 6. august, og oppmodar juntaen om straks å innleie eit samarbeid med det internasjonale samfunnet med dette for auge. EU tek opp att si støtte til det arbeidet som vert gjort, særleg av Den afrikanske unionen, for å få dette til.

Den europeiske unionen er reie til å medverke til ei løysing på den institusjonelle krisa gjennom dialog.

Søkjarlandet Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.