Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om tilhøva over Taiwansundet (31.03.08)

Den europeiske unionen ser positivt på valet som blei halde i Taiwan 22. mars, og gjentek si støtte til Taiwans demokratiske verdiar.

Den europeiske unionen ser positivt på valet som blei halde i Taiwan 22. mars, og gjentek si støtte til Taiwans demokratiske verdiar.

EU vonar at innsetjinga av ei ny regjering i Taiwan kan bli ei passande anledning for partane på begge sider av sundet til å betre tilhøvet seg imellom ytterlegare, til beste for folket på kvar side. EU minner om eitt-Kina-politikken sin og om si faste støtte til ei fredeleg løysing på Taiwan-spørsmålet.

EU minner om at unionen ikkje går inn for at Taiwan formelt kan melde seg inn i internasjonale organisasjonar som krev at medlemmene er sjølvstendige statar. Innanfor eitt-Kina-politikken vil EU framleis gå inn for at Taiwan kan delta praktisk i multilaterale spesialforum der status som sjølvstendig stat ikkje er eit krav, særleg når taiwansk deltaking får direkte følgjer for det taiwanske folket og er viktig for EU og globale interesser. EU ser fram til at begge sider skal gå til konkret handling, mellom anna i form av tillitsbyggjande tiltak, for å avtale og gjennomføre strategiar som gjer at Taiwan kan delta i slike forum på ein meiningsfylt måte.