Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen etter utsetjinga av parlamentsvalet i Jemen (18.03.09)

Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om utsetjinga av valet i Jemen.

EU seier seg lei for at regjeringa og opposisjonen i Jemen ikkje er vortne samde om å halde val i 2009, trass langvarige forhandlingar. Vi oppmodar alle politiske parti til å nytte avtalen om å utsetje parlamentsvalet i to år på beste vis, og til straks å utarbeide eit klårt vegkart som inneheld dei tiltaka som er nødvendige for å forbetre valsystemet og styrkje demokratiet. EU er villig til å støtte denne prosessen, som vi håpar vil leggje særleg vekt på å revidere vallova, slik EUs valobservatørkorps tilrådde etter presidentvalet i 2006, og på å styrkje rolla til parlamentet og parlamentsgruppene.

EU oppmodar alle politiske parti og sivilsamfunnet til å arbeide saman om å styrkje samhaldet i landet, dei demokratiske institusjonane og rettsstaten. Tida fram til valet bør ikkje berre brukast til å sikre reell framgang i demokratiseringsprosessen i Jemen, men òg til å gjennomføre andre viktige reformer som er nødvendige for å løyse dei alvorlege utfordringane innanfor økonomi og tryggleik som landet står overfor. EU er reie til å støtte den jemenittiske innsatsen på desse områda. Dersom det ikkje vert gjort framsteg, kan situasjonen føre til dårlegare tider for demokratiet og stabiliteten i Jemen.

EU vil følgje nøye med på utviklinga fram mot ei valreform og vil vurdere om det er rom for å sende eit valobservatørkorps til parlamentsvalet, som skal haldast i 2011.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.