Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen i høve 150-årsdagen for slaget ved Solferino (24.06.09)

Norge har slutta seg til ei erklæring frå EU-formannskapet i høve 150-årsdagen for slaget ved Solferino.

I høve 150-årsdagen for slaget ved Solferino minner EU om kor viktig det er å syne empati og solidaritet med dei som er råka av væpna konfliktar og andre valdelege situasjonar.

Frå oska av det fryktelege slaget som fann stad 24. juni 1859 i Solferino, klarte menneskeslekta, takka vere innsatsen som vart leidd av Henry Dunant, å byggje opp ei imponerande humanitær drivkraft som førte til at Den internasjonale Røde Kors- og Røde Halvmåne-rørsla (frå no av kalla ”rørsla”) vart grunnlagd. Dette er i dag den største humanitære organisasjonen i verda, og rørsla er aktiv i nesten alle verdas land. Slaget ved Solferino danna òg grunnlaget for at det internasjonale samfunnet av statar utvikla og vedtok internasjonale humanitærrettsdokument, dvs. dei internasjonale rettsreglane som gjeld ved væpna konflikt, særleg dei fire Genève-konvensjonane frå 1949 som vi feirar 60-årsjubileum for i år.

Rørsla er samansett av Den internasjonale Røde Kors-komiteen, dei 186 Røde Kors- og Røde Halvmåne-foreiningane og Det internasjonale forbundet av Røde Kors- og Røde Halvmåne-foreiningar, og byggjer på sju hovudprinsipp. Etter å ha vore i bruk i lang tid vart dei formelt godkjende og definerte på Den internasjonale Røde Kors-konferansen i Wien i 1965, der alle statane som var part i Genève-konvensjonane, deltok. Desse prinsippa – humanitet, upartiskheit, nøytralitet, uavhengigheit, frivilligheit, einheit og universalitet – er særeigne for rørsla og er eit arbeidsverktøy for all verksemd ho driv.

EU minner om at statane har forplikta seg til alltid å respektere at alle delane i rørsla følgjer dei sju hovudprinsippa.

150 år etter det skilsetjande slaget ved Solferino arbeider EU, som sjølv er bygd på ruinane av ein forferdeleg konflikt, framleis trufast for å lindre lidingane til ofra for væpna konfliktar verda over.

EU hyller arbeidet til rørsla innanfor og utanfor unionen og er sterkt engasjert i å støtte ho.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.