Erklæring frå EU om Burma/Myanmar

Noreg slutta seg 14. oktober til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om Burma/Myanmar.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/504/FUSP om endring av rådsavgjerd 2010/232/FUSP om vidareføring av restriktive tiltak mot Burma/Myanmar (141011)

16. august 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/504/FUSP1. Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak mot Burma/Myanmar som fastsett i vedlegg I, II og IV til avgjerd 2010/232/FUSP. 

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/504/FUSP: 

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Armenia. 

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda. 

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det. 

----------------

1 Kunngjord 18.8.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 212, s. 1.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.