Forbrukarinformasjon

Informasjon er eit av dei mest sentrale verkemidla i forbrukarpolitikken. Forbrukarane skal ha god og tilstrekkeleg informasjon om varer og tenester som blir tilbydd i marknaden, og kunnskap om rettane dei har som forbrukarar. Informasjon fremjar forbrukarmakt og gjer det mogeleg for forbrukarane å ta opplyste val.

Forbrukarrådet

Forbrukarrådet er ei viktig kjelde til offentleg forbrukarinformasjon i Noreg. Forbrukarrådet formidlar informasjon om forbrukarane sine rettar ved kjøp av varer og tenester, gir rettleiing i samband med forbruksval og meklar i forbrukartvistar.

Forbrukarrådet har omfattande kontakt med forbrukarar gjennom www.forbrukerradet.no, finansportalen, straumprisportalen, tannhelseportalen, Forbrukar Europa, og gjennom telefon og e-post. Forbrukarrådet er eit statleg forvaltingsorgan med særskilte fullmakter underlagt Barne- og likestillingsdepartementet.

Finansportalen

Finansportalen.no er eit verktøy som tilbyr forbrukarane informasjon om og samanlikning av finansielle produkt og tenester i den norske marknaden. 

Ynskjer du til dømes å investere, bytte bank eller forsikring, eller sende pengar til utlandet, er portalen eit nyttig utgangspunkt for å få oversyn over tilboda. Finansportalen blir drive av Forbrukarrådet.

Tannhelseportalen

Alle som sel tannhelsetenester, må registrere prisopplysingane sine i prisportalen for tannhelsetenester, hvakostertannlegen.no. Forbrukarane kan bruke nettsida til å samanlikne prisar på behandlingar hos tannlegar rundt om i landet.

Straumprisportalen

strompris.no har forbrukarane tilgang til fullstendig informasjon om pris- og avtalevilkåra på straummarknaden. Dersom du ynskjer å samanlikne din nåverande straumavtale med andre tilbod, eller bytte til ein billigare straumleverandør, er portalen eit nyttig utgangspunkt.

Forbrukar Europa

Er du i ein konkret klagesituasjon eller tvist om ei vare eller teneste du har kjøpt frå næringsdrivande over landegrensene i EU og Island, kan Forbrukar Europa vere til hjelp.

Forbrukar Europa gir generell informasjon om dei europeiske forbrukarrettane dine, og skal hjelpe deg til enkelt å kunne finne den klagenemnda som kan handsame saka di. Forbrukar Europa blir finansiert av Europakommisjonen og Forbrukarrådet.

Forbrukartilsynet

Forbrukartilsynet, tidlegare Forbrukerombodet, har som hovudoppgåve å føre tilsyn med at marknadsføring og avtalevilkår er i samsvar med marknadsføringslova.

På nettsidene sine tilbyr tilsynet informasjon for både forbrukarar og næringsdrivande retta mot å førebyggje ulovleg marknadsføring og bruk av ulovlege kontraktar.

Det er lagt særleg vekt på informasjon om den digitale marknadsplassen, og på nettsida finn du mellom anna informasjon om delingsøkonomi, netthandel, telefonsal og uønskt reklame, og reklame i sosiale medium.

Merkeordningar

Det finst ei rekkje ulike merkeordningar retta mot forbrukarar på den norske marknaden. Forenkla merkesystem og symbolmerking skal medverke til å gjere det enklare for forbrukarane å ta informerte val. Ei oversikt over ulike norske merke finst på nettsida til Forbrukarrådet.

Miljømerking

Stiftinga Miljømerking blei oppretta i 1990 for å forvalte det fellesnordiske miljømerket Svanen i Noreg. Sidan 1995 forvaltar stiftinga òg det europeiske miljømerket (EU Ecolabel). Miljømerka produkt og tenester gjennomgår ei objektiv miljøvurdering gjennom ordninga til stiftinga.

Dei offisielle miljømerka (Svanen og EU Ecolabel) varetek eit heilskapleg miljøperspektiv – gjennom heile livslaupet til produktet eller tenesta. Merka finst på ei rekkje produkt og tenester; mellom anna reingjeringsmiddel, elektriske produkt, maling, hotell og restaurantar. 

Nøkkelholet

Nøkkelholet blei innført som felles nordisk merke i 2009, og skal gjere det lettare for forbrukarane å velje sunn mat. Mat merka med Nøkkelholet viser at den inneheld mindre og sunnare feitt, mindre sukker og salt, og meir fiber og fullkorn enn andre produkt i same kategori.

Kriteria for kva for matvarer som kan få Nøkkelholet er fastsett gjennom eit samarbeid mellom norske, svenske og danske mat- og helsemyndigheiter. Det er Helsedirektoratet og Mattilsynet som har ansvar for merkeordninga i Noreg. Lenke til Nøkkelholdet si nettside med meir informasjon.

Forbruksforsking

Forbruksforskingsinstituttet SIFO er eit institutt under Høgskulen i Oslo og Akershus. På nettsidene sine publiserer SIFO forsking om stillinga til forbrukarane og om forbrukarpolitikk.

Til toppen