Frivillig innsats og dialog

Gjennom deltaking i ein frivillig organisasjon kan nyankomne innvandrarar i ein kommune bli kjende med lokalsamfunnet, sine nye naboar og få høve til å praktisere norsk.

Frivillig innsats

Frivillige organisasjonar og idretten er limet i mange lokalsamfunn. Gjennom deltaking i frivillige organisasjonar kan nyankomne innvandrarar i ein kommune bli kjende med lokalsamfunnet, sine nye naboar og få høve til å praktisere norsk. Staten bidreg til at frivillig sektor skaper møteplassar og er aktør i integreringsarbeidet, blant anna gjennom ei rekke tilskotsordningar til innvandrarorganisasjonar og nettverk.

Meir informasjon om tilskotsordningane på IMDi sine nettsider