Migrasjonskjeda

Migrasjonskjeda er eit av tre område der regjeringa arbeider for å oppnå gode resultat ved å styrke og effektivisere alle ledd.

Migrasjon handlar om menneske som flyttar frå éin stat til ein annan, og omfattar både inn- og utvandring. Vi skil mellom fire hovudtypar migrasjon: Arbeids-, utdannings- og familiemigrasjon og flukt. Det er ofte samansette årsaker og motiv når personar vel å søke seg til eit anna land.

Migrasjonskjeda er definert som prosessen frå ein person søker om opphaldsløyve eller vern i Noreg, til opphaldsløyve, busetjing og deltaking i arbeids- og samfunnsliv, eller til avslag og retur til heimlandet eller eit trygt tredjeland for dei som har søkt frå Noreg.

Innanfor ansvarsområdet til Justis- og beredskapsdepartementet, involverer oppgåvene i migrasjonskjeda Utlendingsdirektoratet (UDI), Utlendingsnemnda (UNE), Utlendingsforvaltningas fageining for landinformasjon (Landinfo), Politidirektoratet (POD), og under dette Politiets utlendingseining (PU), politidistrikta, Nasjonalt ID-senter og Kripos, og Politiets tryggingsteneste (PST). I tillegg er utanriksstasjonane ein del av førstlinja i utlendingsforvaltninga.

Vertskommunar for asylmottak er òg sentrale aktørar i migrasjonskjeda, medan Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har det statlege ansvaret for busetting av flyktningar.