Frivillig innsats og dialog

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Gjennom deltaking i ein frivillig organisasjon kan nyankomne innvandrarar i ein kommune bli kjende med lokalsamfunnet, sine nye naboar og få høve til å praktisere norsk.

Frivillig innsats

Frivillige organisasjonar og idretten er limet i mange lokalsamfunn. Gjennom deltaking i frivillige organisasjonar kan nyankomne innvandrarar i ein kommune bli kjende med lokalsamfunnet, sine nye naboar og få høve til å praktisere norsk. Regjeringa bidreg til at frivillig sektor skaper møteplassar og er aktør i integreringsarbeidet, blant anna gjennom ei rekke tilskotsordningar til innvandrarorganisasjonar og nettverk.

Meir informasjon om tilskotsordningane på IMDi sine nettsider

Nasjonal integreringskonferanse

Konferansier Raheela Chaudhry saman med "dei skamlause jentene" Nancy Herz og Sofia N. Srour på scena under Den nasjonale integreringskonferansen i 2016
Konferansier Raheela Chaudhry saman med "dei skamlause jentene" Nancy Herz og Sofia N. Srour på scena under Den nasjonale integreringskonferansen i 2016. Foto: JD

Regjeringa arrangerer årleg ein nasjonal konferanse om integrering. På konferansen får lokale innvandrarorganisasjoner og andre aktørar frå heile landet høve til å løfte fram sine synspunkt og diskutere saker med sentrale politikarar og forvaltning.

Les meir på konferansen sine nettsider.